Prop. 55 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Statens vegvesen har gjennomført vurderingar av korleis bompengeinnkrevjinga vil påverke trafikken gjennom dei planlagde bomstasjonane. Trafikkanalysen er basert på bruk av Regional transportmodell (RTM) med tilleggsvurderingar basert på trafikkteljingar på dagens veg. Det er nytta elastisitetsmodell til vurdering av korleis ulike takstar vil påverke trafikkutviklinga.

I dei lokalpolitiske vedtaka er det føresett seks bomstasjonar på strekninga. Den foreslåtte bomstasjonen ved Krokstrand ligg i prosjektet si yttergrense og ÅDT er svært låg (rekna til 750 køyretøy i 2015). Samferdselsdepartementet legg derfor opp til at det likevel ikkje blir bompengeinnkrevjing ved Krokstrand.

Med dei takstane som det er gjort framlegg om, er det rekna med ein samla ÅDT på i overkant av 11 000 køyretøy gjennom fem bomstasjonssnitt i samanlikningsåret 2015. Utan bompengar er ÅDT rekna til om lag 12 430 køyretøy. Bompengeinnkrevjinga er følgjeleg rekna til å gi ein reduksjon i trafikken på om lag 9 pst. Det er ikkje lagt til grunn trafikkoverføring til andre vegruter. Tabell 4.1 viser venta ÅDT gjennom bomstasjonssnitta i 2015, samanlikna med forventa ÅDT utan bompengeinnkrevjing.

I trafikkprognosane som er utarbeidde for Nordland i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden 2014–2023, er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg årleg vekst på 0,9 pst. i perioden 2010–2014, 0,5 pst. i perioden 2014–2023, 0,7 pst. i perioden 2023–2030 og 0,5 pst. etter 2030. På bakgrunn av dette er det lagt til grunn ein generell trafikkvekst i bompengeperioden på i gjennomsnitt 0,5 pst. per år. Tabell 4.1 viser forventa ÅDT gjennom bomstasjonssnitta i samanlikningsåret 2015. Antall passeringar er noko høgre for bomstasjonssnitta Skamdal og Reinforshei enn lagt til grunn i Prop. 201 S (2012–2013), som følgje av lågare takstar.

Tabell 4.1 Forventa ÅDT gjennom bomstasjonssnitta i samanlikningsåret 2015.

Bomstasjonssnitt

Utan bompengeinnkrevjing

Med bompengeinnkrevjing

Svenningvatnet

1 480

1 340

Kommunegrense Grane/Vefsn

2 100

1 910

Fusta

1 850

1 680

Skamdal

3 200

2 960

Reinforshei

3 800

3 470

Sum

12 430

11 360