5 Førebels finansieringsopplegg for E6 Helgeland (samla utbygging)
I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn at utbygginga av prosjektet E6 Helgeland skal starte i første fireårsperiode, med vidareføring i siste seksårsperiode. Utbygginga er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Det er førebels lagt til grunn eit samla kostnadsoverslag på 5 190 mill. 2014-kr, jf. kapittel 2.1.
5.1 Statlege midlar
I Meld. St. 26 (2012–2013) er det lagt til grunn 2 880 mill. 2014-kr i statlege midlar frå ramma til store prosjekt, fordelt med 1 380 mill. kr i perioden 2014–2017 og 1 500 mill. kr i perioden 2018–2023. Samferdselsdepartementet vil auke dei statlege midlane til E6 Helgeland nord med 300 mill. kr, av dette 200 mill. kr i perioden 2014-2017. Samferdselsdepartementet føreset at det i tillegg blir sett av om lag 260 mill. kr innafor ramma til programområda, av dette om lag 70 mill. kr i perioden 2014–2017. Vidare føreset departementet at det blir sett av om lag 940 mill. kr innafor ramma til fornying, av dette omlag 320 mill. kr i perioden 2014–2017. Dette gir ei samla statleg ramme til E6 Helgeland på 4 380 mill. kr, fordelt med 1 970 mill. kr i perioden 2014–2017 og 2 410 mill. kr i perioden 2018–2023.
5.2 Bompengeopplegg
Finansieringsopplegget bygger på tovegs, parallell- og etterskotsinnkrevjing i 5 automatiske bomstasjonar mellom Nord-Trøndelag grense og Bolna, jf. figur 2.1. Innkrevjinga i bomstasjonane på strekninga Korgen – Bolna er planlagt starta i 2015. Innkrevjinga i dei tre bomstasjonane på strekninga Nord-Trøndelag grense – Korgen er førebels planlagt starta i 2016, etter at finansieringsopplegget for E6 Helgeland sør er handsama av Stortinget. Bompengebidraget til prosjektet E6 Brattås – Lien er også føresett å komme frå desse stasjonane.
Det er lagt til grunn at tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg) skal betale tredobbel takst. Tabell 5.1 viser forventa takstnivå i dei ulike stasjonane basert på ein samla utbyggingskostnad på 5 190 mill. kr. Samla takst er rekna til 97 kr for lette køyretøy og 291 kr for tunge køyretøy som køyrer heile strekninga.
Tabell 5.1 Forventa takstnivå for lette/tunge køyretøy utan rabatt
Bompengetakstar | ||
---|---|---|
Bomstasjonssnitt | lette køyretøy | tunge køyretøy |
Svenningvatnet | 25 kr | 75 kr |
Kommunegrense Grane/Vefsn | 25 kr | 75 kr |
Fusta | 20 kr | 60 kr |
Skamdal | 11 kr | 33 kr |
Reinforshei | 16 kr | 48 kr |
Sum | 97 kr | 291 kr |
I dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn ein rabatt på 20 pst. ved bruk av brikke. I Meld. St. 26 (2012–2013) meiner regjeringa at det for nye bompengeprosjekt berre skal vere 10 pst. rabatt for alle køyretøy. I Innst. 450 S (2012–2013) sluttar eit fleirtal seg mellom anna til at samordning av takst- og rabattsystem er eit viktig tiltak for å effektivisere bompengedriften. Det er følgjeleg Stortinget si avgjerd som ligg til grunn for rabattsystemet i denne saka. Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn ein rabatt på 10 pst. ved bruk av brikke, både for lette og tunge køyretøy.
Det er føresett at takstane blir regulerte i samsvar med prisutviklinga. Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, er det lagt til grunn at bompengeselskapet kan auke takstane med inntil 20 pst. og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.
Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 1 540 mill. kr, fordelt med 810 mill. kr til investeringar, 530 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og 200 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.
5.3 Førebels forslag til finansieringsplan
Ein førebels finansieringsplan for samla utbygging av E6 på Helgeland, basert på ein samla utbyggingskostnad på 5 190 mill. kr, er vist i tabell 5.2. Medrekna kompensasjon for auka meirverdiavgift er utbygginga av E6 på Helgeland føresett finansiert med 84 pst. statlege midlar og 16 pst. bompengar.
Tabell 5.2 Førebels finansieringsplan for den samla utbygginga
Mill. 2014-kr | |||
---|---|---|---|
2014–2017 | 2018–2023 | Sum | |
Statlege midlar | 1 970 | 2 410 | 4 380 |
– Store prosjekt | 1 580 | 1 600 | 3 180 |
– Programområda | 70 | 190 | 260 |
– Fornying | 320 | 620 | 940 |
Bompengar | 660 | 150 | 810 |
Sum | 2 630 | 2 560 | 5 190 |
Trafikkføresetnadene går fram av kapittel 4. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:
Lånerente: 6,5 pst.
Årleg prisstigning: 2,5 pst.
Årlege innkrevjingskostnader: 15 mill. kr
Bruk av brikke: 80 pst.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år. Det er rekna på eit pessimistisk alternativ med desse endra føresetnadene:
Kostnadsauke på 10 pst.
10 pst. lågare ÅDT i samanlikningsåret 2015
Ingen årleg trafikkvekst
Lånerenta aukar til 8 pst. frå 2020
Takstauke på 20 pst. eitt år etter at utbygginga er fullført.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 20 år. Prosjektet E6 Helgeland omfattar mange delprosjekt. Prosjektet er derfor meir fleksibelt enn eit enkeltprosjekt, slik at omfanget av utbygginga kan tilpassast dei økonomiske rammene. I kontrakten som skal prøvast ut på dette prosjektet, jf. nærare omtale i kapittel 7, er det dessutan lagt opp til at prosjektet kan styrast mot ein fastsett sluttsum ved å bruke opsjonsvilkår i kontrakten. Det er derfor høve til å endre omfanget av arbeida også etter at kontrakten er inngått. Dette inneber at dersom kostnadene på nokre av delstrekningane aukar, kan det innebere at andre delstrekningar ikkje blir bygde.
Det er også rekna på eit optimistisk alternativ med:
Lånerente: 5 pst.
5 pst. høgare ÅDT i samanlikningsåret 2015
Med desse føresetnadene vil innkrevjingsperioden bli redusert frå 15 år til om lag 13 år.