1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjektet rv 13 Joberget i Granvin kommune gjennom utviding av Vossapakko.
Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 61 (2008–2009) slutta Stortinget seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av Vossapakko. Vossapakko omfattar prosjekta Øvre Granvin – Voss grense og Mønshaug – Palmafoss på rv 13 og omlegging av E16 utanom Voss sentrum. Prosjekta på rv 13 blei opna for trafikk i desember 2011, medan ny E16 utanom Voss sentrum blei opna for trafikk i desember 2013. I tillegg inngår ombygging av kryss på E16 ved Stanghelle som vil bli ferdigstilt i 2014. Miljømessig opprusting av eksisterande E16 i Voss sentrum er planlagt gjennomført i 2014–2015. Finansieringa av Vossapakko er basert på bompengar og statlege midlar.
Bomstasjonsopplegget omfattar ein bomstasjon på rv 13 nær kommunegrensa mellom Granvin og Voss og ein bomstasjon på E16 vest for Bolstadtunnelen i Voss kommune, jf. Prop. 1 S (2010–2011), side 99–100.
I den opphavlege reguleringsplanen for prosjektet rv 13 Øvre Granvin – Voss grense var det ved Øvre Vassenden i Granvin kommune lagt inn ein miljøtunnel på om lag 0,4 km. Kostnadene var kalkulerte til om lag 40 mill. kr. På ei strekning rett aust for den planlagde miljøtunnelen var nedfallet av stein aukande. I St.prp. nr. 61 (2008–2009) blei det lagt til grunn at dersom det etter vidare planlegging blei lokalpolitisk tilslutning til å erstatte miljøtunnelen med ein lengre tunnel som sikrar mot skred aust for Øvre Vassenden, må dette behandlast som eiga sak. Fylkeskommunen og kommunane Granvin og Voss har seinare slutta seg til at miljøtunnelen blir erstatta med eit prosjekt som m.a. omfattar ein lang tunnel ved Joberget, og det er lokalpolitisk tilslutning til delfinansiering av prosjektet med bompengar gjennom utviding av Vossapakko.
Finansieringa av prosjektet er basert på statlege midlar og bompengar. Det er lagt opp til anleggsstart hausten 2014, og prosjektet er venta opna for trafikk i 2016.
Prosjektet rv 13 Joberget er omtalt i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, side 286.