3 Lokalpolitisk behandling
Bompengesøknad med forslag til finansieringsopplegg for prosjektet rv 13 Joberget er lokalpolitisk behandla. Før den lokalpolitiske behandlinga blei det avklart med Samferdselsdepartementet at det kunne leggjast til grunn eit finansieringsopplegg kor den statlege delen utgjer 60 pst. (ekskl. kompensasjon for auka meirverdiavgift). Dette opplegget var basert på at prosjektet rv 13 Joberget kunne finansierast innanfor Vossapakko utan takstauke (ut over ordinær prisstigning) og utan å auke innkrevjingsperioden ut over 15 år.
Granvin heradsstyre behandla saka i møte 12. juni 2013 og fatta følgjande vedtak:
«Granvin Herad tilrår delvis bompengefinansiering av Jobergtunnelen innanfor Vossapakko.»
Voss kommunestyre behandla saka i møte 20. juni 2013 og fatta følgjande vedtak:
«Voss kommune vil tilrå søknaden frå Voss og omland bompengeselskap AS om bompengefinansiering av Jobergtunnelen innanfor Vossapakko.»
Vaksdal kommunestyre behandla saka i møte 30. september 2013 og fatta følgjande vedtak:
«Vaksdal kommunestyre vil tilrå søknaden frå Voss og omland bompengeselskap AS om bompengefinansiering av Jobergtunnelen i Granvin, innanfor Vossapakko.»
Vik formannskap behandla saka i møte 29. august 2013 og fatta følgjande vedtak:
«Vik kommune vil tilrå søknaden frå Voss og omland bompengeselskap AS om bompengefinansiering av Jobergtunnelen innanfor Vossapakko.»
Hordaland fylkesting behandla saka 15. oktober 2013 og fatta følgjande vedtak:
«Fylkestinget sluttar seg til bompengesøknaden frå Voss og omland bompengeselskap AS om utviding av Vossapakko med prosjektet Rv 13 Jobergtunnelen, i samsvar med vedtak i kommunane Voss, Vik, Vaksdal og Granvin.»