5 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet viser til at prosjektet rv 13 Joberget er prioritert i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Prosjektet er eit skredsikringsprosjekt som òg gir trafikksikring og betre miljø ved Øvre Vassenden. Det er lokalpolitisk tilslutning til finansieringsopplegget som inneber at prosjektet Joberget kan delfinansierast innanfor Vossapakko. Finansieringsopplegget er robust ved endringar i føresetnadene. Samferdselsdepartementet tilrår opplegget.