2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga
Rv 13 gjennom Øvre Vassenden har i dag svært dårleg standard. Breidda på vegen er mindre enn 5 m. Etter at prosjektet Øvre Granvin – Voss grense blei opna for trafikk, endar nyvegen i ei 90-graders kurve ut på den dårlege vegen. Dette fører til mange trafikkfarlege situasjonar. I tillegg er det støy og luftforureining for dei som bur i området. Mellom Øvre Vassenden og Holven har vegen to køyrefelt med vegbreidde på til saman 6,5 m. På den eine sida av vegen går fjellsida bratt opp til ei høgde på 300–400 meter. På den andre sida av vegen ligg Granvinvatnet.
Innslaga for tunnelen er ved Øvre Vassenden og like før avkøyrsla til fv 572 på Holven. Prosjektet har ei samla lengd på 4,6 km, der tunnelen utgjer om lag 2 km. Fv 572 blir lagt om i ei lengd på 290 m. Det vil bli etablert to kryss; eitt for kopling til lokalvegnettet ved Øvre Vassenden og eitt for kopling til fv 572 ved Holven. Reguleringsplanen for prosjektet blei godkjent av Granvin heradsstyre i desember 2011. Det ligg også føre planar for bruk og deponering av overskotsmassar.
Prosjektet vil føre til utbetring av flaskehalsen ved Øvre Vassenden og sikring av den skredutsette strekninga mellom Øvre Vassenden og avkøyrsla til Ulvik. Prosjektet har høg prioritet i den regionale skredsikringsplanen som var ein del av grunnlaget for prioriteringa i Nasjonal transportplan 2014–2023. Dei ti siste åra er det registrert 24 skred på den aktuelle strekninga, i all hovudsak nedfall av stein.
Kart over alle prosjekta i Vossapakko framgår av St.prp. nr. 61 (2008–2009), side 2. Kart over prosjektet rv 13 Joberget er vist på figur 2.1.
Styringsramma for rv 13 Joberget er fastsett til 349 mill. 2013-kr og kostnadsramma til 384 mill. 2013-kr. Omrekna til 2014-prisnivå er styringsramma 357 mill. kr og kostnadsramma 393 mill. kr. Styringsramma og kostnadsramma er inkl. auka meirverdiavgift som følgje av opphevinga av vegfritaket frå 1. januar 2013.
Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) er rekna til om lag –410 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til –1,4.