Forslag
til vedtak om utbygging og finansiering av rv 13 ved Joberget i Hordaland gjennom utviding av Vossapakko

I

Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av rv 13 ved Joberget i Hordaland. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

II

Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.