Prop. 81 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av rv 13 ved Joberget i Hordaland gjennom utviding av Vossapakko

Til innhaldsliste

4 Finansieringsopplegg

Finansieringsplanen omfattar statlege midlar og bompengar.

Statlege midlar

For å kunne gjennomføre prosjektet rv 13 Joberget innanfor den opphavlege bompengeperioden på 15 år, blei det i grunnlaget til Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 lagt til grunn 276 mill. kr i statlege midlar til prosjektet, medrekna kompensasjon for auka meirverdiavgift. Dette var basert på ei styringsramme på 430 mill. kr, omrekna til 2014-prisnivå. Oppdaterte vurderingar gir ei redusert styringsramme på 357 mill. kr, og Samferdselsdepartementet legg til grunn 228 mill. kr i statlege midlar, medrekna kompensasjon for meirverdiavgift. Dette inneber eit finansieringsopplegg der den statlege delen utgjer 60 pst. ekskl. kompensasjon for auka meirverdiavgift, i tråd med det som blei lagt til grunn ved den lokalpolitiske behandlinga. Medrekna kompensasjon for auka meirverdiavgift er utbygginga ved Joberget føresett finansiert med 64 pst. statlege midlar og 36 pst. bompengar. Det er lagt opp til å løyve midlane i første fireårsperiode (2014–2017).

Bompengar og bompengeopplegg

Det er lagt opp til at prosjektet blir delfinansiert med bompengar gjennom utviding av Vossapakko. Det er lagt til grunn at dagens takst- og rabattsystem blir vidareført. Takstane blei prisregulerte frå 1. juli 2013 og er no 43 kr for lette køyretøy (tillatt totalvekt t.o.m. 3 500 kg) og 86 kr for tunge køyretøy (tillatt totalvekt over 3 500 kg). Ved forskotsbetaling er det mogleg å oppnå rabattar på 30 – 50 pst. Det er innført timesregel. Dette inneber at trafikk som passerer begge bomstasjonane i løpet av ein time, berre betaler ein gong. Regelen gjeld òg ved passering av same bomstasjon i løpet av ein time. Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.

Innkrevjinga av bompengar starta opp i desember 2010. I 2013 var årsdøgntrafikken (ÅDT) gjennom dei to bomstasjonane om lag 6 370 køyretøy. I St.prp. nr. 61 (2008–2009) var det lagt til grunn ein årsdøgntrafikk i 2008 på 5 040 køyretøy og ein årleg vekst i trafikken på 1 pst. Dette ville gje ein årsdøgntrafikk i 2013 på om lag 5 300 køyretøy. Trafikken i 2013 var dermed om lag 20 pst. høgare enn lagt til grunn i St.prp. nr. 61 (2008–2009). Trafikkveksten var 2,9 pst. frå 2011 til 2012 og 3,8 pst. frå 2012 til 2013. I denne proposisjonen er det framleis lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1 pst.

Brutto bompengeinntekter i 2012 var om lag 75 mill. Gjennomsnittleg inntekt pr. passering var 34,40 kr med takstar på 40 kr for lette køyretøy og 80 kr for tunge kjøretøy. I 2012 hadde 74 pst. av køyretøya brikke.

Forslag til utbyggings- og finansieringsplan

Det er rekna med at prosjektet vil bli finansiert innanfor bompengeperioden for Vossapakko på 15 år, dvs. at prosjektet vil vere nedbetalt i løpet av 2025. Det er då lagt til grunn at kostnadene ved den opphavlege Vossapakko aukar opp til kostnadsramma. Sidan utbygginga ikkje er ferdigstilt, ligg ikkje endeleg sluttkostnad føre.

Det er venta eit forbruk på om lag 40 mill. kr i 2014. Midlane er føresett stilt til disposisjon av bompengeselskapet.

Eventuelle kostnadsoverskridingar ut over prisstigning skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette inneber at ev. kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Eventuelle kostnadsoverskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekt med statlege midlar.

Dersom kostnadene blir lågare enn føresett, skal innsparingar på inntil 10 pst. fordelast mellom staten og bompengeselskapet etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Innsparingar på meir enn 10 pst. tilkjem staten.

Dersom økonomien til bompengeselskapet blir dårlegare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Statens vegvesen forlengje innkrevjingstida for Vossapakko med inntil 5 år og/eller auke realtakstane med inntil 20 pst.

Bompengeselskapet har bunde renta på store delar av bompengelånet. Det er derfor lagt til grunn ei vekta lånerente på 5,5 pst. i perioden 2014–2022, basert på at delar av lånet har fastrente fram til 2022. For den delen av lånet som ikkje har fastrente, er det lagt til grunn 6,5 pst. rente. Etter 2022 er det lagt til grunn 6,5 pst. rente på heile restlånet.

Elles er følgjande basisføresetnader lagt til grunn for finansieringsplanen:

  • Årleg prisstigning: 2,5 pst.

  • Innskotsrente: 2,5 pst.

  • Gjennomsnittleg inntekt pr. passering: 35 kr

  • Årlege kostnader til innkrevjing og drift av bompengeselskapet: 10 mill. kr

Det er lagt til grunn samla bompengeinntekter for den reviderte Vossapakko på om lag 1 310 mill. 2014-kr for heile bompengeperioden på 15 år. Om lag 830 mill. kr er føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 330 mill. kr til å dekkje lånerenter og om lag 150 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Det er òg rekna på eit pessimistisk alternativ med desse endra føresetnadene:

  • Utbyggingskostnadene for prosjektet Joberget aukar opp til kostnadsramma og bompengeselskapet dekkjer sin del av kostnadsaukane

  • Ingen årleg trafikkvekst

  • Innkrevjingskostnadene aukar med 20 pst.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 16,5 år.

Garantiar

Gjennom vedtak av 9. juni 2009 stilte fylkeskommunen sjølvskuldnargaranti for eit bompengelån på inntil 780 mill. kr. Garantien gjeld i inntil 20 år og vil dekkje det bompengelånet som er lagt til grunn i denne proposisjonen. Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.