3 Utarbeiding og sakshandsaming

3.1 Generelt

Dette kapittelet omtaler dei aktuelle lovføresegnene som gjeld for det arbeidet kommunen gjer med arealdelen i kommuneplanen. Det omtaler korleis planprosessen kan leggjast opp, og korleis kommunen og andre aktørar kan og bør samhandle og gjennomføre planarbeidet fram til endeleg planvedtak.

Figur 3.1 Oversyn over den samla planprosessen for kommuneplan.

Hovudfasane i arbeidet med planframlegg og endeleg plan vil normalt vere som følgjer

  1. Oppstartsfasen
    • utarbeiding av framlegg til planprogram – kan ev. slåast saman med planstrategi
    • eventuell dialog med statlege og regionale styresmakter i regionalt planforum
    • varsel om planoppstart og kunngjering
    • høyring og offentleg ettersyn av framlegg til planprogram
    • vedtak om fastsetjing av planprogram
  2. Utgreiingar og planløysingar
    • kunnskapsgrunnlag
    • utvikling av planløysingar med ev. alternativ
    • samråd og medverknad
  3. Utarbeiding av planframlegg
    • plankart
    • føresegner og retningslinjer
    • planomtale
    • konsekvensutgreiing
    • ROS-analyse
  4. Høyring og offentleg ettersyn av planframlegg
  5. Handsaming av eventuell motsegn
  6. Sluthandsaming
    • endring av planframlegget på grunnlag av merknader og motsegner
    • eventuelt nytt offentleg ettersyn
    • vedtak av planen med kunngjering

Arbeidet i dei einskilde fasane og reglane for dette blir omtalt nærare nedanfor saman med ein del råd om kva som er tenleg framgangsmåte i arbeidet. Korleis kommunane legg opp prosessen i arbeidsstega, vil kunne variere, og prosessen kan tilpassast situasjonen. Omfang og metode for medverknad skal også tilpassast situasjonen i den einskilde planprosessen.

Figur 3.2 Prosesskrav for utarbeiding av planframlegg med konsekvensutgreiing.

3.2 Kommunen sitt samarbeid med statlege sektorstyresmakter og fylkeskommunen

3.2.1 Innleiing

Statlege og regionale styresmakter, Sametinget og aktuelle sektororgan skal inviterast til å gje sine innspel og standpunkt tidleg i prosessen. Dette er for at kommunen skal kunne ta omsyn til innspela når han utformar og handsamar planframlegget.

Kommunen må i den innleiande fasen av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen avklare den interne organiseringa av arbeidet, både administrativt og politisk. Etter kommunelova og plan- og bygningslova er det kommunestyret som har ansvaret for og leiinga av planarbeidet, og som har full instruksjonsrett overfor planutval og eigen administrasjon.

Kommunestyret har mynde til å vedta kommuneplanar og reguleringsplanar. Denne mynda kan ikkje delegerast. Unntaket er mindre reguleringsplanar i tråd med overordna plan, jf. plan- og bygningslova § 12-12 andre leddet, og mindre endringar i arealdelen i kommuneplanen, jf. plan- og bygningslova § 11-17. Det går fram av dei aktuelle avgjerdene der det er delegasjonssperre. Elles kan kommunestyret delegere kompetansen sin etter lova innanfor ramma av føresegnene i kommunelova.

Kommuneplanarbeidet blir organisert ulikt i ulike kommunar. Kommunen bør

  • leggje vekt på eit godt samspel mellom samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen, anten dei blir laga samstundes eller som ulike prosessar
  • på førehand lage eit opplegg for korleis kommuneplanarbeidet skal forankrast politisk, slik at kommunestyret blir sikra høve til å påverke undervegs i planarbeidet
  • vurdere om det er tenleg å etablere eit eige politisk utval for kommuneplanarbeidet som får nødvendige delegasjonsfullmakter, mandat og ressursar til å følgje opp det løpande planarbeidet

Utan omsyn til korleis arbeidet blir organisert, må det jobbast aktivt med å involvere heile kommunestyret i prosessen og i viktige avgjerder undervegs i planarbeidet.

Den innbyrdes samarbeidsplikta mellom kommunane og sektorstyremaktene er nødvendig for å kunne oppnå tidleg avklaring, raske avgjerder, betre samordning og redusert konfliktnivå. Saksførebuinga bør leggjast opp slik at kommunen er kjend med eventuelle grunnlag for motsegner når saka er klar til offentleg ettersyn.

Ein må kome med motsegn så tidleg som mogleg, og seinast innan fristen som er fastsett for høyringa av planframlegget. Motsegn skal grunngjevast.

God kontakt kan vere tidkrevjande, særleg i planarbeidet før offentleg høyring. Kommunane bør derfor setje klare og realistiske fristar for medverknad frå sektorstyresmaktene. Det er nødvendig å vedta og formidle ein framdriftsplan av omsyn til kva som er effektivt og føreseieleg for styresmakter og private. Ein slik framdriftsplan inngår som regel i planprogrammet.

Kommunen har sjølv plikt til å sørgje for at ei sak skal vere tilstrekkeleg greia ut før vedtak blir gjort. Dersom kommunen har oppfylt utgreiingsplikta si og sakshandsamingsreglane elles er følgde, kan kommunestyret gjere endeleg planvedtak, sjølv om ikkje alle høyringsorgan har gjeve fråsegn. Det vil likevel i ettertid kunne bli stilt spørsmål om vedtaket er haldbart dersom vedtaket er gjort utan at alle vesentlege opplysningar ligg føre. Kommunen har ansvar for å vurdere dette.

3.2.2 Organisering av samarbeidet med fagstyresmakter

Det bør på eit tidleg stadium etablerast samarbeidsformer og arenaer som kan nyttast gjennom heile planprosessen. Omfanget må tilpassast kor komplekst planarbeidet er. Det er fylkeskommunen og statsforvaltaren som har hovudansvaret for å hjelpe kommunane med planfagleg rettleiing.

Statlege sektorstyresmakter har rettleiing på heimesidene sine. Dei har mellom anna utarbeidd rundskriv og retningslinjer som omtaler nasjonale og viktige regionale interesser og innslagspunktet for motsegner. Intensjonen er å vise eit tydeleg og føreseieleg handlingsrom innan det aktuelle fagområdet, slik at kommunar og sektorstyremaktene får klare signal for planlegginga.

Dialogen med sektorstyremaktene kan gå føre seg skriftleg eller munnleg, eller som ein kombinasjon av desse. Skriftleg informasjonsutveksling avgrensar høvet til drøfting og forhandling, og det kan derfor vere viktig med munnleg dialog i tillegg.

Det er tilrådt at eksisterande eller om nødvendig særskilt oppretta arenaer for dialog blir nytta mellom kommunen og sektorstyremaktene, anten med kvar sektorstyresmakt for seg eller fleire samla.

Det er fleire høve for samarbeid:

Regionalt planforum

Regionalt planforum etter plan- og bygningslova § 5-3 er ein arena for å avklare og samordne statlege, regionale og kommunale interesser i konkrete plansaker. Forumet blir leia av fylkeskommunen og er etablert i alle fylke. Statlege og regionale styresmakter som den aktuelle plansaka vedkjem, skal delta på møta i planforum.

Regionalt planforum bør nyttast aktivt i arbeidet med arealdelen i kommuneplanen. Planforum bør nyttast både i oppstartsfasen (for innspel til planprogrammet og planprosessen) og undervegs i utarbeidinga av planframlegget. Framlegg til arealdelen i kommuneplanen bør alltid diskuterast i regionalt planforum minst éin gong før offentleg ettersyn. Det kan også vere aktuelt å nytte planforum i høyringsfasen før høyringsfråsegner er gjevne.

Rettleiar om regionalt planforum gjev informasjon om organisering og gjennomføring av møta.

Skriftleg informasjonsutveksling/førehandshøyring

Når det er praktisk vanskeleg å få til møter med fagstyresmaktene, kan ein nytte førehandshøyring for å avklare konfliktar på eit tidleg stadium.

Digital dialog

Fleire fagstyresmakter har etablert gode rutinar for digital dialog, og kommunen bør ved behov nytte dette høvet.

3.2.3 Tilbakemelding frå fagstyresmakter

Informasjon om kva styresmakter som har motsegnsmakt i plansaker etter plan- og bygningslova, er gjeven i vedlegg til rundskriv H-2/14 Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven.

Statsforvaltaren skal mellom anna rettleie kommunane om riktig forståing og praktisering av plan- og bygningslova, medrekna vurdere kommuneplanar med kart og føresegner opp mot regelverket.

Fylkeskommunen som regional planstyresmakt skal rettleie og hjelpe kommunane i planleggingsoppgåvene deira etter lova.

Når kommunen inviterer til tidleg samarbeid med fagstyresmaktene, er det eit hovudpoeng at det skjer ei avklaring av

  • kva som er dei viktigaste spørsmåla i planarbeidet
  • konfliktpotensial
  • ev. arealavgrensingar
  • kva utgreiingar som vil vere nødvendige for å klargjere dei viktigaste spørsmåla i planarbeidet

Det er føresett at slike avklaringar skjer i planprogramfasen. Fylkeskommunen og statlege organ medverkar i planprosessen ved å formidle nasjonale og regionale mål og retningslinjer gjennom faglege råd, merknader og rettleiing, eventuelt med varsel om motsegn. Dei kan også peike på at planen fagleg sett ikkje er tilfredsstillande, og derfor bør vurderast nærare.

3.3 Generelt om medverknad i planprosessane

Medverknad

Planstyresmakta skal gjennom heile planarbeidet sørgje for open, brei og tilgjengeleg medverknad i lokalsamfunnet og dialog med organiserte og uorganiserte interesser. Arealdelen i kommuneplanen er ein overordna arealplan. Kommunen bør tilpasse medverknaden slik at han ikkje blir for omfattande i høve til dei strategiske avgjerdene som skal takast gjennom planvedtaket.

Formelle krav

Det skal leggjast til rette for medverknad og sikrast medverknad frå grupper som ikkje er i stand til å medverke direkte (§ 5-1).

Plan- og bygningslova har eit lovpålagt krav om medverknad i planprosessar i plan- og bygningslova § 5-1. Det vil seie at planstyresmakta gjennom heile planarbeidet skal sørgje for

  • open og tilgjengeleg medverknad i lokalsamfunnet
  • dialog med organiserte og uorganiserte interessegrupper

Medverknad frå dei lokale innbyggjarane, inkludert grupper som saka særleg vedkjem, politikarar og regionale og statlege fagstyresmakter, medverkar til høg legitimitet og brei forankring av planen, både politisk og i lokalsamfunnet.

Innanfor ramma av plan- og bygningslova § 5-1 kan kommunen i stor grad sjølv avgjere korleis organisasjonar og einskildpersonar skal involverast i planarbeidet for å få til ei nødvendig deltaking og ein offentleg debatt. Plan for medverknad skal omtalast nærare i planprogrammet, jf. plan- og bygningslova § 4-1 andre leddet. Opplegget for medverknad vil spegle kor omfattande ei rullering av kommuneplanen vil vere. Altså er det ikkje sikkert at ei mindre rullering vil krevje like omfattande opplegg for medverknad som ein full revisjon.

Tilrettelegging for medverknad frå ulike grupper bør vurderast tidleg, slik at desse gruppene eventuelt kan delta i utforminga av opplegget for medverknad som skal nedfellast i framlegget til planprogram. Det er ein føremon å leggje opp til at hovudtyngda i medverknaden skjer tidleg i planprosessen, ettersom det er mogleg å påverke meir i denne fasen.

Det blir nytta mange ulike metodar for medverknad, frå forholdsvis enkle metodar basert på skriftleg informasjon til meir ambisiøse opplegg som krev mykje ressursar gjennom heile planprosessen. Ambisjonsnivået for medverknad må tilpassast kompleksiteten eller det moglege konfliktnivået i planen, ressursane til kommunen og kva som er realistisk å gjennomføre.

Utan omsyn til metode for medverknad er det eit hovudpoeng at folk og organisasjonar blir gjort merksame på kva planarbeidet dreier seg om, og kva spørsmål som skal takast opp.

Nokre råd i denne samanhengen

  • Kommunen bør konkretisere planframlegg gjennom tekst og bilete, og leggje til rette for vising og medverknad på ulike digitale plattformar, slik at mottakarane får tilgang til og forstår innhaldet og konsekvensane. Kommunen bør også informere om kva høve og avgrensingar planarbeidet er underlagt.
  • Planprosessen må framstillast på ein klar og føreseieleg måte.
  • Planleggjarar må vere tilgjengelege for publikum, og politikarane bør involverast. Lokale medium som aviser og radio vil kunne vere viktige samarbeidspartar.
  • Kommunen må stille nødvendige ressursar til disposisjon etter den metoden som blir vald.

Plan- og bygningslova § 5-1 pålegg kommunen eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge og menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunen skal leggje til rette for medverknad for alle partar som saka kan få verknad for, på mest mogleg like vilkår. Det inneber at ein legg til grunn universell utforming som strategi for inkludering i prosessen når ein inviterer til medverknad. Medverknad frå barn og unge er omtalt i rettleiaren Rikspolitiske retningslinjer for barn og unge.

Ei aktuell gruppe som det også må leggjast til rette for, er dei som ikkje nyttar internett eller har e-post. Sjå meir om medverknad i rettleiaren Medvirkning i planlegging frå Kommunal- og distriktsdepartementet.

Figur 3.3 Samråd og medverknad før planframlegg blir greidd ut. Figuren viser samråd og medverknad før sjølve planframlegget blir utarbeidt. Dei mest vanlege medverknadsformene for allmenta eller interesserte er framheva. Samarbeidet med aktuelle styresmakter er definert som samråd.

3.4 Bruk av digitale verktøy

Bruk av digitale verktøy er viktig i arealplanlegging og blir nytta i fleire delar av planprosessen. Ulike digitale verktøy kan til dømes takast i bruk ved utarbeiding av konsekvensutgreiing, utarbeiding av plankartet, presentasjon av planinnhaldet i høyringar og offentleg ettersyn og ved tilgjengeleggjering i planregisteret.

I arbeidet med kommuneplanen er det mange tema som skal vurderast, og mykje av denne kunnskapen ligg føre som geografiske data. Når slike data blir tilpassa for vising i geografiske informasjonssystem (GIS), får kommunen enklare oversyn, og det blir lettare å sjå fleire tilhøve i samanheng. Dette kan medverke til å identifisere område der det må takast spesielle omsyn i arealplanen. Med tilgang til geografiske data kan også GIS-analysar gjennomførast, til dømes nettverks- og synlegheitsanalysar.

Medverknad i kommuneplanarbeidet er ein viktig føresetnad for å sikre ein god plan, og her kan bruk av digitale dialogverktøy medverke til god medverknad. Digitale verktøy for dialog i planprosessar har programvare og brukargrensesnitt som presenterer informasjon om arealplanar og dokument i plansaka. Slik kan alt avgjerdsgrunnlaget samlast på éin stad.

Digitale løysingar for dialog og medverknad gjer det mogleg for alle å følgje med på kor langt kommunen har kome i planprosessen og få oppdateringar om status undervegs. Innbyggjarar og andre aktørar kan sende inn fråsegner elektronisk, lese saksdokument og sjå på framlegg til arealplanar.

Det finst ulike typar løysingar og verktøy, og ein kan lese om nokre av dei på sida Medvirkning i planleggingpå regjeringen.no.

3.5 Kunnskapsgrunnlaget

3.5.1 Generelt

Ei viktig førebuing til planarbeidet er innsamling og systematisering av informasjon. Kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med arealdelen er tilgjengeleg i ei rekkje databasar og innsynsløysingar på internett. Planstrategien og samfunnsdelen i kommuneplanen inneheld også relevant informasjon for oppstart av arbeidet med arealdelen.

3.5.2 Det offentlege kartgrunnlaget

Geodata frå det offentlege kartgrunnlaget (DOK) er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget i arbeidet med arealdelen i kommuneplanen. Kommunane skal i samarbeid med staten organisere ajourføring og tilgang til det offentlege kartgrunnlaget. Grunnkart, matrikkeldata, kommunaltekniske geodata og ulike tematiske geodata (temakart) inngår i det offentlege kartgrunnlaget. Kriterium for utveljing av temadata er nytteverdi, dekning, fullstendigheit, teknisk kvalitet og dokumentasjon.

Gjennom prosessar i kvart fylke er kommunane med på å velje ut kva DOK-datasett som er aktuelle for oppgåver etter plan- og bygningslova i kommunen. Det er etablert verktøy i Geonorge der kvar kommune loggar inn og stadfestar dei nasjonale dataene som dei ønskjer å definere som sitt DOK. I verktøyet kan dei også definere eigne lokale DOK-tilleggsdata. Lista skal reviderast éin gong per år.

Nettportalen geonorge.no er den nasjonale nettstaden for kartdata og annan geografisk stadfesta informasjon. Her finn ein ei rekkje ulike basis- og temadatasett frå offentlege verksemder og etatar som er relevante for arbeidet med kommuneplanen. Her kan kommunen søkje etter, få informasjon om og tilgang til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.

Geonorge er ein del av Noreg digitalt. Noreg digitalt er eit samarbeid mellom offentlege verksemder med ansvar for å etablere og forvalte kartdata og annan stadfesta informasjon, eller som er store brukarar av slik informasjon. Her kan kommunen laste ned kartdata til bruk i arbeidet med arealdelen.

3.5.3 Arealrekneskap

Departementet tilrår at kommunane utarbeider eit arealrekneskap som del av kommuneplanarbeidet. Bruk av arealrekneskap er nyttig som del av kunnskapsgrunnlaget for arealdelen i kommuneplanen. Eit arealrekneskap kan gje oversyn over planlagde endringar i arealdelen, og det kan vise kva utbyggingspotensial som ligg inne i eksisterande planar.

Arealrekneskapet kan også nyttast til å framheve kvalitetane på areala som kommunen vurderer eller føreslår å omdisponere til utbyggingsføremål, og medverke til auka medvit om konsekvensane av arealendringar. Ein kan kartleggje og føre arealrekneskap over til dømes særleg karbonrike myrområde, viktige friluftsområde, skog, blågrøn struktur eller samanhengande jordbruksareal. Dette gjev kommunen eit betre kunnskapsgrunnlag for å gjere alternativvurderingar for omdisponering for å unngå tap og nedbygging av særleg verdifulle areal.

Samanstilt med folkesetnadsprognosar kan arealrekneskapet medverke i vurderingane rundt det reelle behovet for endringar i arealdelen ved rullering. I eit breiare perspektiv er bruk av arealrekneskap nyttig i samfunnsutviklinga, og ved planlegginga av arealbruk til dømes til bustad, infrastruktur og kommunale tenester som skule og helse.

Arealrekneskap kan vere eit hjelpemiddel i dialogen mellom dei ulike aktørane i planprosessen, til dømes med politikarar, utbyggjarar og regionale og statlege fagstyresmakter. Bruk av arealrekneskap er også eit verktøy for å følgje utviklinga i kommunen over tid og for å vurdere måloppnåing.

3.6 Planregisteret til kommunen

Når kommuneplanen er endeleg vedteken, er det eit krav etter forskrift om kart, stadfesta informasjon, arealføremål og kommunalt planregister at han blir ført inn i planregisteret. Han skal også gjerast tilgjengeleg i form av søkje- og visningstenester på internett. Dei fleste kommunane fører digitalt planregister, jf. § 12 i kart- og planforskrifta. Dette gjev fleire føremonar, mellom anna meir effektiv handsaming av plan- og byggjesaker, og gjer det lettare for alle å finne informasjon om arealplanar.

For informasjon om korleis digitalt planregister skal etablerast, sjå sidene om planarbeid hjå Kartverket. Nokre kommunar fører planregister med planoversyn, jf. kart- og planforskrifta § 13.

Det er viktig at kommunen fører planregisteret fortløpande. Det inneber at dispensasjonar frå planar og endringar i planar må førast i registeret. Kartverket har også informasjon om korleis den løpande registreringa i planregisteret bør følgjast opp på sidene om arealplan og planregister.

3.7 Utarbeiding av framlegg til planprogram

3.7.1 Generelt

Kommunen skal utarbeide planprogram for kommuneplanen, jf. plan- og bygningslova § 11-13.

§ 11-13 Utarbeiding av planprogram

For kommuneplan skal det utarbeides planprogram etter reglene i § 4-1. Forslag til planprogram skal sendes på høring og legges ut til offentlig ettersyn normalt samtidig med varsel om oppstart og kunngjøring av planarbeidet, og gjøres elektronisk tilgjengelig på nett. Fristen for å gi uttalelse skal være minst seks uker.

Planprogrammet fastsettes av kommunestyret. Kommunestyret kan delegere myndigheten i henhold til kommunelovens regler. Kommuneplaner med retningslinjer eller rammer for framtidig utbygging skal inneholde en særskilt vurdering og beskrivelse av planens virkninger for miljø og samfunn, jf. § 4-2 andre ledd.

3.7.2 Kva er eit planprogram?

For arealdelen i kommuneplanen skal det utarbeidast eit planprogram etter reglane i plan- og bygningslova § 4-1.

§ 4-1 første og andre ledd: Planprogram

For alle regionale planer og kommuneplaner, og for reguleringsplaner som kan få vesentlige virkninger for miljø og samfunn, skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeides et planprogram som grunnlag for planarbeidet. Kongen kan ved forskrift gjøre unntak fra kravet om planprogram for reguleringsplaner.

Planprogrammet skal gjøre rede for formålet med planarbeidet, planprosessen med frister og deltakere, opplegget for medvirkning, spesielt i forhold til grupper som antas å bli særlig berørt, hvilke alternativer som vil bli vurdert og behovet for utredninger. Forslag til planprogram sendes på høring og legges ut til offentlig ettersyn normalt samtidig med varsling av planoppstart. Planprogrammet fastsettes ordinært av planmyndigheten.

Planprogrammet skal avklare rammer, utfordringar og mål for planarbeidet. Det skal byggje på føringar i kommunal planstrategi og sidene om planarbeid hjå Kartverket. Om kommunen legg opp til å starte kommuneplanarbeidet innan eitt år etter konstituering av kommunestyret, kan planstrategien og arbeidet med planprogrammet gjerast samla. Då må prosessreglane for planprogram følgjast, ettersom desse er noko meir omfattande enn for ein rein planstrategi.

Planprogrammet skal vere grunnlag for planarbeidet, det vil i praksis seie ein arbeids-, utgreiings- og medveknadsplan for arbeidet med arealdelen i kommuneplanen. For arealdelen i kommuneplanen er planprogrammet eit særleg viktig verktøy for å gjere planlegginga målretta og føreseieleg.

Planprogrammet skal gjere greie for planprosessen, med fristar og framdriftsplan, og opplegg for medverknad, særleg overfor grupper som kan bli særleg råka. Arbeidet med planprogrammet må altså starte tidleg i planprosessen.

Planprogrammet skal også omtale bruk for utgreiing og kva alternativ som skal vurderast. Forskrift om konsekvensutgreiingar kapittel 4 gjev utfyllande føresegner om utarbeiding, høyring og fastsetjing av framlegg til planprogram.

Eit døme på innhaldsliste for framlegg til planprogram for arealdelen kan vere

  • føremål med planarbeidet
  • premissar: eksisterande nasjonale, regionale og lokale mål og planar som er relevante for planarbeidet og korleis desse blir nytta
  • korleis framlegg til nye utbyggingsområde skal vurderast opp mot vedteken arealstrategi
  • innhald: omtale av eventuelle konkrete framlegg til endra arealbruk, medrekna eventuelt vurderte alternativ
  • planprosessen: fristar, deltakarar og medverknad
  • konsekvensutgreiing og krav til utgreiingstema
  • eksisterande kunnskap for relevante tema
    • eventuell bruk for ny kunnskap
    • korleis einskildområde skal greiast ut, m.a. alternativ
    • korleis samla arealbruksendringar skal vurderast

Krav til dokumentasjon frå framleggsstillarar.

3.7.3 Opplegg for medverknad og framdrift

Plan for medverknad skal omtalast nærare i planprogrammet, jf. plan- og bygningslova § 4-1 andre leddet.

I samband med kunngjering om oppstart av planarbeid og høyring og offentleg ettersyn av planprogram kjem det normalt inn innspel frå grunneigarar, næringsdrivande og andre interessentar med ønskjer og framlegg til ny eller endra arealbruk.

Integrert i planprosessen må kommunen leggje opp til ei tenleg gjennomføring av innspelsrunden ved å informere, setje fristar og sørgje for god medverknad frå dei saka har verknad for.

Førehandsdiskusjon

I arbeidet med planprogrammet vil ein organisert førehandsdiskusjon om prinsippløysingar, utbyggings-/arealbehov m.m. kunne vere eit verkemiddel for å sikre tidleg medverknad og samråd om konkrete planløysingar og konsekvensar, spesielt i kompliserte eller konfliktfylte område når det gjeld eksisterande arealbruk og viktige nasjonale/regionale mål og interesser. Ei tidleg forankring av prinsipp for den vidare planprosessen vil medverke til at prosessen blir føreseieleg. Diskusjonen bør byggje på arealstrategien til kommunen og ta for seg dei konkrete arealbehova som følgjer av måla i samfunnsdelen.

Føremålet med førehandsdiskusjonen er å gje

  • høve til tidlege avklaringar og konfliktløysing med motsegnsstyresmakter
  • betre innsikt og høve til å påverke i planarbeidet for allmenta
  • høve for å drøfte alternativ, kunnskapsbehov, konsekvensar og bruk for planoppfølging
  • betre avgjerdsunderlag for den politiske handsaminga av planprogrammet

Førehandsdiskusjonane kan gjevast ulik form, avhengig av behova i planarbeidet.

3.7.4 Langsiktig arealstrategi

I planprogrammet bør det gå fram korleis den langsiktige arealstrategien til kommunen skal følgjast opp i arealdelen i kommuneplanen. Arealstrategien er eit viktig styringsverktøy i arbeidet med arealdelen og skal vise dei langsiktige måla og strategiane for arealbruk i kommunen. Ved å vise til ein tydeleg arealstrategi i framlegget til planprogram, vil kommunen kunne akseptere eller avvise framlegg om utbyggingsområde på bakgrunn av om dei er i samsvar eller konflikt med denne arealstrategien før ein går vidare til konsekvensutgreiinga. Dette vil gjere det lettare for kommunen å sile ut uaktuelle utbyggingsframlegg i ein tidleg fase. Samstundes kan det vere føreseieleg for innbyggjarar, grunneigarar og utbyggjarar når det gjeld kva innspel til endra arealbruk det er realistisk å få gjennomslag for i arealdelen.

Dersom kommunen ikkje har vedteke ein arealstrategi i samfunnsdelen når arbeidet med arealdelen startar opp, blir det tilrådt at ein lagar ein arealstrategi som ein del av arbeidet med framlegget til planprogram. Denne strategien blir fastsett som ein del av det endelege planprogrammet.

Arealstrategien må vere realistisk og ha ein overordna karakter. Det vil seie at han bør byggje på eit arealrekneskap som viser eksisterande arealreservar for bustad, fritidsbustader, næring og tenesteyting og framtidig arealbehov. Arealstrategien må følgje opp nasjonal politikk og relevante regionale planar. Arealstrategien skal tilpassast behova til kommunen og bør ikkje bli for omfattande.

3.7.5 Nærare om tilhøvet til konsekvensutgreiingar

Planprogrammet skal ha ein eigen del der ein gjer greie for kva utgreiingstema som skal klarleggjast nærare i konsekvensutgreiinga, og kva alternativ som vil bli vurderte. Føremålet er å vere føreseieleg og medverke til at konsekvensutgreiinga blir konsentrert om dei temaa som er relevante for den aktuelle arealbruken. I planprogrammet skal det skiljast mellom krav til utgreiing av einskildområde og krav til utgreiing av planen som heilskap.

Forskrift om konsekvensutgreiingar § 14 seier kva planprogrammet må omtale for i tilstrekkeleg grad å avklare utgreiingsbehova, og kva konsekvensutgreiinga skal omfatte. Dette er

  • viktige tema og problemstillingar for miljø og samfunn
  • konkrete tilhøve som skal greiast ut
  • korleis alternativ skal greiast ut
  • kunnskap og metodar som skal nyttast
  • bruk for ny kunnskap
  • krav til dokumentasjon frå framleggsstillarar

Konsekvensutgreiinga skal vere ein integrert del av planarbeidet. For å sikre at ein kan ta stilling til at utgreiingskrava fastsette i planprogrammet blir overhaldne i det vidare plan- og utgreiingsarbeidet, bør det gå tydeleg fram av planprogrammet kva som skal greiast ut og klarleggjast i konsekvensutgreiinga.

Rettleiaren Konsekvensutredning av kommuneplanens arealdel gjer nærare greie for kva dei einskilde elementa i planprogrammet kan omfatte for å oppfylle krava.

3.8 Varsel om oppstart av arbeid med kommuneplan og kunngjering

Dei nærare føresegnene om handsaminga av kommuneplanen går fram av plan- og bygningslova kapittel 11, der § 11-12 handlar om varsling av oppstart av arbeid med kommuneplan.

§ 11–12 Oppstart av arbeid med kommuneplan

Kommuneplanen kan utarbeides samlet eller for samfunnsdel og kommuneplanens arealdel hver for seg, jf. §§ 11–2 og 11–5.

Når planarbeid, herunder revisjon av plan, igangsettes, skal berørte offentlige organer og andre interesserte varsles om formål og viktige problemstillinger for planarbeidet. Det skal alltid kunngjøres en melding om dette i minst én avis som er alminnelig lest på stedet, og gjennom elektroniske medier.

Når kommunen har vedteke å revidere arealdelen i planstrategien etter plan- og bygningslova § 10-1, skal han varsle planoppstart etter § 11-12 andre leddet, slik at både allmenta, det vil seie innbyggjarane i kommunen, og næringsdrivande blir gjort merksame på planarbeidet.

Varselet skal gjere greie for

  • føremålet med planarbeidet
  • planprosessen med fristar
  • opplegget for medverknad

Reglane for varsling og kunngjering krev at det blir teke inn ein annonse i ei vanleg lesen papiravis på staden, og det skal publiserast på kommunens internettsider og/eller lokal nettavis. Annonsen og kunngjeringa skal gjere greie for hovudinnhald og dei viktigaste spørsmåla som blir tekne opp i planen.

Vidare skal alle statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter og andre interesserte som saka vedkjem, varslast.

Dersom det blir lagt opp til samstundes prosess for arealdelen i kommuneplanen og reguleringsplan, skal det etter plan- og bygningslova § 12-8 også sendast varsel til grunneigarar og andre saka direkte vedkjem innanfor området det skal utarbeidast reguleringsplan for. Det må dokumenterast at varsel er sendt.

Fleire kommunar praktiserer utvida varsling til grunneigarar og andre saka vedkjem, via sms eller liknande. Ny teknologi gjer det mogleg å informere breiare enn minstekrava i lova. Ei slik varsling erstattar likevel ikkje lovkravet om avisannonse, ettersom internett ikkje når alle grupper.

Lilleby kommune – døme på kunngjering av planarbeid

Lilleby kommune har sett i gang arbeid med ny arealdel i kommuneplanen. Arealdelen i kommuneplanen er den store planen for heile kommunen som avgjer kva areala i kommunen kan nyttast til.

Arealdelen skal skape rom for framtidig utvikling i kommunen. Han skal følgje opp måla for ønskt samfunnsutvikling og arealstrategien i samfunnsdelen i kommuneplanen. Alle kan sende inn framlegg om arealbruken i arealdelen i kommuneplanen. Gjennom planprosessen vil kommunen vurdere dei ulike framlegga. Vi kan ikkje garantere at alle framlegg og innspel kjem gjennom nålauget for å bli ein del av den vedtekne planen, men alle framlegg vil bli vurderte. Framlegg om arealbruksendringar som er i tråd med mål om ønskt samfunnsutvikling og arealstrategien i kommuneplanen, vil bli konsekvensutgreidde og vurderte. For einskilde framlegg kan det bli sett krav om reguleringsplan og fleire utgreiingar før dei kan realiserast.

Innbyggjarmøte

Våren 2021 skal Lilleby kommune gjennomføre innbyggjarmøte i kvar del av kommunen. Desse vil bli annonsert i aviser, på nettsida til kommunen og på sosiale medium. I innbyggjarmøta vil det vere presentasjonar om planarbeidet, kafédialog og høve til å kome med innspel.

Gode idear frå kafédialogane og andre innspel som er komne inn, vil saman med andre føringar for planarbeidet bli lagde til grunn for det vidare arbeidet med arealdelen.

Høyringoffentleg ettersyn

Når det er laga eit planframlegg, skal dette sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker. I den perioden blir det planlagt eit oppfølgjande innbyggjarmøte. Det vil då ikkje bli opna for at nye innspel blir tekne inn til vurdering, ettersom planen berre i liten grad kan endrast etter offentleg ettersyn fram til endeleg politisk handsaming.

Det vil bli sendt ut eit informasjonsskriv i posten. Der kan du skrive inn eventuelle innspel og levere dei på rådhuset. Dei kan også sendast per post til Lilleby kommune, postboks 23, 9898 Lilleby. Du kan også sende innspelet på e-post til post@lilleby.kommune.no. (merk det med arealdelen). Vi bed om at du oppgjev adressa og legg ved kartutsnitt som viser kvar det er ønskt at tiltaket blir etablert. Hugs å skrive kontaktinformasjon, slik at vi kan ta kontakt dersom detaljar er uklare.

Fristen er 15. september 2022.

3.9 Høyring og offentleg ettersyn av framlegg til planprogram

Framlegg til planprogram skal normalt sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn samstundes med varsel om oppstart av arbeidet med kommuneplanen.

Planprogram

Planprogrammet inngår som første fase i planarbeidet der føremål, viktige spørsmål og rammene for gjennomføringa av planarbeidet med nødvendige utgreiingar og medverknad blir fastsette. Kommunen avgjer sjølv kor omfattande planprogrammet skal vere.

Formelle krav

  • Framlegg til planprogram skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn i minst 6 veker. Planprogrammet skal gjerast tilgjengeleg gjennom elektroniske medium (§ 11-13).
  • Planprogrammet blir fastsett av kommunestyret. Kommunestyret kan delegere mynda si etter reglane i kommunelova (§ 11-13).

I samband med høyringa og offentleg ettersyn av planprogrammet skal statlege og regionale styresmakter og andre kommunar medverke og gje relevante innspel. Vedkomande statlege og regionale organ plikter å seie frå allereie under høyringa av planprogrammet, dersom dei vurderer det slik at planen kan kome i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale omsyn innanfor deira ansvarsområde.

Forskrift om konsekvensutredninger § 15 andre ledd om høring av forslag til planprogram

Hvis berørte regionale eller statlige myndigheter på grunnlag av et forslag til planprogram eller en melding med forslag til utredningsprogram, mener at planen eller tiltaket kan komme i konflikt med nasjonale eller regionale hensyn innenfor deres ansvarsområde, skal dette framgå av høringsuttalelsen.

Ved høyring av planprogrammet kan det vere nyttig å ta opp saka i regionalt planforum, særleg dersom det er prinsipielt viktige spørsmål som skal avklarast gjennom planarbeidet.

Kommunen skal i samband med høyringa vurdere behovet for eit offentleg og ope møte, jf. forskrift om konsekvensutgreiingar § 15 tredje leddet. Planprogrammet for arealdelen i kommuneplanen legg viktige føringar for vidare planarbeid som vedkjem alle innbyggjarane i kommunen. Det vil ofte vere tenleg med brei medverknad, til dømes i form av folkemøte, før planprogrammet blir fastsett.

Dersom planen kan få vesentlege verknader i eit anna land, skal styresmaktene i landet som blir påverka, bli gjorde kjende med dette og få høve til å medverke i likskap med partar saka vedkjem i Noreg. Sjå forskrift om konsekvensutgreiingar § 34. Miljødirektoratet skal i slike saker varslast så tidleg som mogleg, og stå for kontakten med utpeikt styresmakt i nabolandet. Sjå nærare omtala i rettleiaren Konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven kapittel 7.12.

Det bør leggjast opp til at innspel til ny eller endra arealbruk frå private grunneigarar, utbyggjarar og næringsdrivande blir sende inn i denne fasen av planarbeidet, altså når planprogrammet er ute på høyring. Det bør då gå fram av oppstartsvarselet og/eller framlegg til planprogram kva dokumentasjon som skal liggje ved innspela. Dette kan til dømes vere

  • tilvising til gards- og bruksnummer
  • kart over området
  • føremålet med føreslått arealbruk
  • korleis framlegget samsvarer med målet til kommunen om langsiktig arealbruk

I innspelsrundane kan det kome inn mange arealinnspel. Kommunen bør derfor ha avklart i framlegg til planprogram korleis innspela skal vurderast i neste fase.

3.10 Fastsetjing av planprogrammet

Etter høyringa og som del av arbeidet med fastsetjing av planprogrammet skal kommunen gjere greie for fråsegner som er komne inn, og korleis dei er vurderte og gjennomførte. Utgreiinga skal gå fram av saksframlegget ved fastsetjing av planprogrammet, jf. § 16 i forskrift om konsekvensutgreiingar.

Innspel frå private framleggsstillarar om ny eller endra arealbruk blir vurderte i samband med fastsetjing av planprogrammet. Har kommunen føresett at innspela skal sendast inn i samband med høyringa som omtalt i 3.9, har dei eit godt grunnlag for å sikre at det endeleg vedtekne planprogrammet blir grundig og gjennomtenkt. Basert på arealrekneskapen, arealstrategien og andre mål og rammer for framtidig arealbruk i kommunen kan kommunen vurdere om ein vil gå vidare med eit arealinnspel, eller om det i for stor grad kjem i konflikt med føringane til kommunen og bør avvisast. Ved å gjere ei slik grovsiling i samband med planprogrammet vil ein få ein meir føreseieleg prosess vidare for framleggsstillarane og for politikarane, samstundes som vurderingane er baserte på tidlegare politiske avklarte mål. Silinga vil gjere planarbeidet meir målretta. Dei framlegga som blir tekne med vidare, kan få frist for når ulik dokumentasjon skal leverast, og ein unngår at utgreiingsarbeidet blir meir omfattande enn tenkt.

Etter plan- og bygningslova § 11-13 andre leddet blir planprogrammet i utgangspunktet fastsett av kommunestyret, men kommunestyret kan delegere mynda etter reglane i kommunelova. For å sikre politisk forankring av planarbeidet er det tilrådt at kommunestyret fastset planprogrammet. Ved fastsetjinga av planprogrammet skal kommunen gje retningslinjer for planarbeidet, medrekna om korleis arealinnspel er vurderte opp mot arealstrategien, bruk for utgreiing og vurdering av alternativ.

Fastsett planprogram blir lagt til grunn for vidare planarbeid og kan jamførast med ei avtale som skal følgjast opp.

3.11 Utarbeiding av planframlegg

3.11.1 Generelt

§ 11-5. Kommuneplanens arealdel

Kommunen skal ha en arealplan for hele kommunen (kommuneplanens arealdel) som viser sammenhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Det kan utarbeides arealplaner for deler av kommunens område.

Kommuneplanens arealdel skal angi hovedtrekkene i arealdisponeringen og rammer og betingelser for hvilke nye tiltak og ny arealbruk som kan settes i verk, samt hvilke viktige hensyn som må ivaretas ved disponeringen av arealene. Kommuneplanens arealdel skal omfatte plankart, bestemmelser og planbeskrivelse hvor det framgår hvordan nasjonale mål og retningslinjer, og overordnede planer for arealbruk, er ivaretatt.

Plankartet skal i nødvendig utstrekning vise hovedformål og hensynssoner for bruk og vern av arealer.

Kommunen kan etter vurdering av eget behov detaljere kommuneplanens arealdel for hele eller deler av kommunens område med nærmere angitte underformål for arealbruk, hensynssoner og bestemmelser, jf. §§ 11-7 til 11-11.

Det formelle planframlegget som blir lagt ut på høyring, skal byggje på retningslinjene og prinsippa i fastsett planprogram, det som er kome fram gjennom utgreiingane og dei alternative planløysingane som har vore vurderte i planprosessen.

Planframlegget skal bestå av plankart, planføresegner og ei planomtale med konsekvensutgreiing.

Kapittel 4 i denne rettleiaren går nærare inn på innhaldet i arealdelen i kommuneplanen (arealføremål, omsynssoner, føresegner og plankart), og dei ulike alternativa knytt til framstilling av planframlegget. Kapittelet her går m.a. inn på planomtala og konsekvensutgreiing.

3.11.2 Utvikling av planløysingar med eventuelle alternativ

Kommunane står fritt til å vurdere korleis dei legg opp arbeidet med arealdelen i kommuneplanen. Prosessen i dei ulike arbeidsstega vil dermed kunne variere og kan tilpassast situasjonen.

Planframlegget som blir utarbeidt, skal i tillegg til plankart og føresegner omfatte planomtala, ROS-analyse og konsekvensutgreiing. I utgangspunktet skal planframlegget og arbeidsprosessen byggje på det vedtekne planprogrammet, og vere forankra i gjeldande samfunnsdel, arealstrategi og tematiske kommunedelplanar i kommunen.

Mykje av kunnskapsgrunnlaget knytt til situasjonsomtale, eksisterande arealbruk, tilhøvet til samfunnsdelen, arealstrategi og tematiske kommunedelplanar vil vere henta inn allereie ved utarbeiding og fastsetjing av planprogrammet. Arbeidet med konsekvensutgreiinga vil gje eit meir detaljert kunnskapsbilete av dei føreslåtte arealbruksendringane gjennom ulike kartleggingar og utgreiingar.

Det er viktig å leggje til rette for at ulike grupper og interessentar kan medverke aktivt i innhenting og diskusjon av kunnskapsgrunnlaget, også før ein startar arbeidet med å utvikle sjølve planløysinga og alternative løysingar. Det er mange ulike måtar å jobbe med dette på, og val av metode må tilpassast kompleksiteten i planarbeidet. Sjå meir om den generelle gjennomgangen av medverknad i planprosessane i kap. 3.3.

Avhengig av situasjonen og utfordringsbiletet i kommunen, og kor godt grunnlag samfunnsdelen og arealstrategien gjev for å vurdere arealbehov og arealprioriteringane, vil kommunane ha ulikt behov for å utarbeide alternative planløysingar.

  • Er det ulike alternative hovudgrep som kan veljast for planløysinga, kan bruk av ulike scenario vere ei god arbeidsform.
  • Er hovudløysingane nokså faste, kan alternativdiskusjonane knytte til einskildområda eventuelt gjerast som ein del av dei samla vurderingane i konsekvensutgreiinga.

Behovet for eventuelle drøftingsutkast må vurderast fortløpande. Det er ein føremon om ein allereie i arbeidet med planprogrammet har vurdert om kompleksiteten er venta å vere så stor at høyring av alternativ eller førebels utkast skal leggjast inn i framdrifts-/ prosessplanen.

Utan omsyn til om planløysinga blir utarbeidd med eller utan alternativ, bør ho diskuterast jamleg med kommunestyret og formannskapet undervegs. Ved behov bør ho diskuterast med aktuelle fag-/sektorstyresmakter i god tid før eventuell høyring og offentleg ettersyn, anten i regionalt planforum eller i direkte dialog med fagstyresmakta saka vedkjem.

I tillegg bør aktuelle grunneigarar, ulike interessentar og allmenta få jamleg innsyn i problemstillingane som blir diskuterte, og dei bør få status for planarbeidet med høve til tilbakemeldingar og innspel.

3.11.3 Utarbeiding av planomtale

§ 4-2 første ledd: Planbeskrivelse

Alle forslag til planer etter loven skal ved offentlig ettersyn ha en planbeskrivelse som beskriver planens formål, hovedinnhold og virkninger, samt planens forhold til rammer og retningslinjer som gjelder for området.

Plan- og bygningslova § 4-2 første leddet vil seie at det alltid er krav om ei planomtale som gjer greie for kva planen vil ha å seie for partane saka vedkjem, interesser og omsyn.

Planomtala skal beskrive planprosessen, hovudinnhaldet i planen og kva tilhøve planen har til overordna rammer og retningslinjer. Strukturen under er meint som eit framlegg og kan tilpassast behovet til kommunen.

Føreord – korleis skal planen lesast?

Det bør innleiingsvis gjerast greie for korleis planen er bygd opp og skal forståast. Denne delen bør vere lett å skjøne for innbyggjarar og andre som vil gjere seg kjende med innhaldet i plankartet og føresegnene, og koplinga mellom desse. Ei kort forklaring om rettsverknaden til planen og samanhengen mellom plankartet og føresegnene, pluss andre element, inkludert planomtala, konsekvensutgreiing, ROS-analyse m.m., kan vere nyttig for å gjere planen meir tilgjengeleg for allmenta. Bruk av spesialiserte faguttrykk og forkortingar bør unngåast i denne delen, eller forklarast.

Oversyn over strukturen i planframlegget

I tillegg til ei forklaring av korleis planen skal lesast, bør det vere eit oversyn (liste) over samla innhald i planframlegget og namn på dei ulike dokumenta der ein finn dei einskilde delane av planen. Det kan stå først eller sist i dokumentet. Det viktige er at ein kan finne att alle vedlegg og kunnskapsunderlag som er refererte til i føresegner og planomtala, og at det går klart fram kva planframlegget, og dermed vedtaket, omfattar og byggjer på.

Innleiing

Ei innleiing der ein gjer greie for bakgrunn og føremål med planarbeidet. Her tek ein opp trådane frå samfunnsdelen, arealstrategien og planprogrammet.

Overordna føringar

Det blir gjort greie for tilhøvet mellom planen og regionale planar, nasjonale forventningar og andre statlege føringar, planane til eigen og andre kommunar med meir. Beskriv korleis desse føringane er tekne med i planen og planarbeidet.

Planprosess og medverknad

Gangen i planarbeidet og gjennomført medverknad blir omtalt og seier noko om framdrift/milestolpar i arbeidet.

Tematisk inndeling av planframlegget

Ofte kan det vere tenleg å omtale tilhøvet mellom planframlegget og ulike tema, slik som bustad, handel, grønstruktur, landbruk, næring, sjøareal og så bortetter. I desse kategoriane kan det stå kva som er situasjonen i dag, kva mål eller behov kommunen har for utvikling, utbygging eller vern innan temaet, og kva endringar som er føreslåtte i kommuneplanen.

Arealendringar i kommuneplanen

Her omtaler ein innspel til nye utbyggingsareal eller endra arealbruk og eigne framlegg frå kommunen. Dette gjeld både arealføremål og omsynssoner, med kort omtale av kvart einskilt innspel og vurderinga til kommunen. Viktige funn frå ROS-analyse og konsekvensar som kan få verknader for miljø og samfunn, skal også oppsummerast, og omtala av desse tre delane må sjåast i samanheng. Sjå nærare omtale i 3.11.4 og 3.11.5. Sjå også nærare omtale under kapittel 4 av formelle krav til framstilling av arealføremål, omsynssoner, planføresegner og retningslinjer.

Arealrekneskap

Bruk av arealrekneskap er nyttig i kommuneplanarbeid. Departementet tilrår at ein i planomtala viser eit arealrekneskap med oversyn over planlagde endringar i arealdelen, kva utbyggingspotensial som ligg inne i eksisterande planar, og/eller kva slags areal som er føreslått omdisponerte. Arealrekneskapet kan nyttast til å framheve kvalitetane på areala som kommunen vurderer eller føreslår å omdisponere til byggjeføremål.

Bruk av utbyggingsavtaler

Skal ein nytte utbyggingsavtaler i utvalde område, bør ein ha med ein gjennomgang av korleis desse skal utformast, jf. plan- og bygningslova § 11-9 nr. 2 og kapittel 17 om utbyggingsavtaler. Dette gjer det føreseieleg å gjere og nytte utbyggingsavtaler for både kommunen sine eigne verksemder og for private utbyggjarar. Sjå nærare omtale i kapittel 4.

Konsekvensutgreiing – konsekvensar for miljø og samfunn

Konsekvensutgreiinga skal tydeleg skiljast ut som ein eigen del av planomtala. For arealdelen i kommuneplanen er det ofte praktisk at konsekvensutgreiinga inngår som eit vedlegg til planomtala, og at berre hovudfunn, samandraget og vurdering av verknadene av dei samla arealbruksendringene i planen blir tekne inn i omtalen av Konsekvensar for miljø og samfunn. Sjå nærare omtale i 3.11.4.

Anna innhald

Anna som bør vere med i planomtala, er eit oversyn over reguleringsplanar som er vedtekne sidan førre revisjon av kommuneplanen, og korleis dei er innarbeidde i plankartet. Dersom eldre reguleringsplanar skal opphevast samstundes med at ny kommuneplan blir vedteken, bør det også vere eit oversyn over desse.

Plankartet skal teiknast etter føresegnene i kart- og planforskrifta § 9 og nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister del 2. Tillatne arealføremål og omsynssoner er omtalte i plan- og bygningslova §§ 11-7 og 11-8 og i kart- og planforskrifta vedlegg I. Sjå kapittel 4 i denne rettleiaren for ein grundig gjennomgang av arealføremål og omsynssoner.

3.11.4 Utarbeiding av konsekvensutgreiing

§ 4-2 andre ledd: Konsekvensutredning

For regionale planer og kommuneplaner med retningslinjer eller rammer for framtidig utbygging og for reguleringsplaner som kan få vesentlige virkninger for miljø og samfunn, skal planbeskrivelsen gi en særskilt vurdering og beskrivelse – konsekvensutredning – av planens virkninger for miljø og samfunn.

Plan- og bygningslova § 4-2 andre leddet inneber eit krav til ei utvida omtale av verknadene, ei konsekvensutgreiing, som ein del av planomtala. For dei delane av arealdelen i kommuneplanen som omfattar nye område til utbyggingsformål eller vesentleg endra arealbruk, gjeld krava til konsekvensutgreiing jf. plan- og bygningslova §§ 4-2 og 11-14 andre leddet. Utfyllande krav til innhaldet i konsekvensutgreiing er gjevne i forskrift om konsekvensutgreiing kapittel 5.

I tillegg til dei generelle krava i forskrift om konsekvensvurdering kapittel 5 er det knytt tre absolutte krav til konsekvensutgreiing for arealdelen i kommuneplanen, jf. forskrifta § 18:

  • Det skal gjevast ei omtale av verknader for miljø og samfunn av kvart av dei nye utbyggingsområda planane omfattar. Utgreiingane må få fram:
    • viktige miljø- og samfunnsverdiar i dei føreslåtte utbyggingsområda
    • verknadene utbygginga kan få for desse verdiane og generelt (forureining, klimagassutslepp og så bortetter)
    • kva som kan gjerast for å unngå negative verknader
  • Konsekvensutgreiinga skal innehalde ei vurdering av dei samla arealbruksendringane i planen, det vil seie korleis miljø og samfunn blir påverka av summen av dei føreslåtte einskildområda.
  • Det skal gjerast greie for kva tilhøve som skal klarleggjast og avklarast nærare i seinare regulering av områda.

I arbeidet med konsekvensutgreiinga må ein systematisk gå gjennom og identifisere den kunnskapen om tilhøve som kan bli råka. Ho skal

  • omtale dei elementa som kan bli påverka av planframlegget, og
  • vurdere om planframlegget vil føre til vesentlege verknader for miljø og samfunn

Konsekvensutgreiinga må sjåast i samanheng med den generelle omtalen av arealendringar i kommuneplanen i planomtala, mellom anna for å sørgje for at interesseavvegingane kjem tydeleg fram i planomtala.

Arbeidet med arealdelen i kommuneplanen bør ha eit overordna langsiktig og heilskapleg perspektiv. Dette bør speglast att i konsekvensutgreiinga, der eit generelt prinsipp er at omfanget av utgreiingane må tilpassast kva som er relevant for å ta ei avgjerd om ny eller endra arealbruk. For arealdelen i kommuneplanen bør fokuset i konsekvensutgreiinga vere å svare på spørsmål knytte til lokalisering og arealbruk.

Konsekvensutgreiinga må få fram

  • viktige miljø- og samfunnsverdiar i dei føreslåtte utbyggingsområda
  • verknadene utbygginga kan få for desse verdiane
  • kva som bør gjerast for å avhjelpe negative verknader

Eit kontrollspørsmål kan vere: «Kva må vi vete for å kunne ta stilling til framlegg om ny eller endra arealbruk?» For å svare på dette bør ein gå gjennom lista over tema i forskrift om konsekvensutgreiing § 21 og vurdere kva for nokre av desse som er relevante, og kor detaljert temaet må greiast ut og omtalast.

Forskrifta krev ei omtale av verknadene, både av dei einskilde utbyggingsområda kvar for seg, og av dei samla arealbruksendringane i planen, det vil seie korleis miljø og samfunn blir påverka av summen av dei føreslåtte einskildområda. Sjå meir i rettleiaren Konsekvensutredninger av kommuneplanens arealdel.

Konsekvensutgreiinga må omfatte alle utbyggingsområde i planframlegget, slik dette ligg føre når det blir lagt ut til offentleg ettersyn. Krava til høyring i forskrift om konsekvensutgreiing vil vanlegvis vere oppfylte ved den ordinære høyringa av arealdelen i kommuneplanen. Dersom høyringa fører til at det må gjennomførast tilleggsutgreiingar, vil det seie at kommuneplanen må leggjast ut på høyring ein andre gong når desse er gjennomførte.

Sjå meir om konsekvensutgreiing til arealdelen i kommuneplanen i rettleiaren Konsekvensutredninger av arealdelen i kommuneplanen (2012) og rettleiaren Konsekvensutredninger for planer etter plan- og bygningsloven (2020).

3.11.5 Utarbeiding av ROS-analyse

§ 4-3 Samfunnssikkerhet og risiko- og sårbarhetsanalyse

Ved utarbeiding av planer for utbygging skal planmyndigheten påse at risiko- og sårbarhetsanalyse gjennomføres for planområdet, eller selv foreta slik analyse. Analysen skal vise alle risiko- og sårbarhetsforhold som har betydning for om arealet er egnet til utbyggingsformål, og eventuelle endringer i slike forhold som følge av planlagt utbygging. Område med fare, risiko eller sårbarhet avmerkes i planen som hensynssone, jf. §§ 11-8 og 12-6. Planmyndigheten skal i arealplaner vedta bestemmelser om utbyggingen i sonen, herunder forbud, som er nødvendig for å avverge skade og tap.

Kongen kan gi forskrift om risiko- og sårbarhetsanalyser.

Dersom det ikkje er krav om utarbeiding av reguleringsplan for eit område som er føreslått i kommuneplanen, må ROS-analysen vise

  • alle risiko- og sårbarheitstilhøve som er interessante for om arealet er eigna til utbyggingsføremålet
  • om utbygginga kan føre til endringar i risiko- og sårbarheitstilhøve

I arealdelen i kommuneplanen kan ROS-analysane ogsånyttast for å vurdere om aktuelle område er eigna, om lokaliseringa av utbyggingsføremålet i planområdet er tenleg, eller om det må vurderast andre område. Dersom det blir lagt fram fleire område for utbygging, kan ROS-analysane medverke til å prioritere mellom ulike område og eventuelle utbyggingsføremål.

Om det er kome fram nye opplysningar eller kartleggingar, til dømes for tilstøytande areal, som seier at eksisterande arealføremål bør revurderast eller området undersøkast nærare før nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak blir gjennomført, bør ROS-analysen i kommuneplanen også omfatte desse. På denne måten kan det vurderast om det må gjevast nye føresegner, om arealføremål må justerast, avgrensast med meir, eller om område må takast ut frå å vere byggjeområde.

Sjå elles rettleiaren Samfunnssikkerhet i kommunens arealplanlegging frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

3.12 Høyring og offentleg ettersyn av kommuneplan

§ 11-14 første ledd: Høring av planforslag

Forslag til kommuneplanens samfunnsdel og kommuneplanens arealdel sendes på høring og legges ut til offentlig ettersyn, kunngjøres i minst én avis som er alminnelig lest på stedet og gjøres tilgjengelig gjennom elektroniske medier. Fristen for å gi uttalelse og eventuelt å framme innsigelse til kommuneplanens arealdel skal være minst seks uker.

Når planframlegget er utarbeidt, tek kommunestyret stilling til om utkastet skal leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast ut på høyring til statlege, regionale og kommunale styresmakter og andre offentlege organ, organisasjonar og institusjonar som framlegget vedkjem. Sjå plan- og bygningslova § 11-14 første leddet og § 5-2 første leddet.

Planframlegget blir lagt ut til offentleg ettersyn ved at kommunen offentleggjer at framlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn. Kunngjeringa skal skje i minst éi avis som er vanleg lesen på staden. Planframlegget skal også kunngjerast gjennom elektroniske medium og bør alltid leggjast ut på heimesida til kommunen. Kunngjeringa skal eintydig oppgje kva framlegget omfattar, og gje ein rimeleg frist for merknader som ikkje må setjast kortare enn seks veker.

Offentleglova gjev alle rett til å kunne gjere seg kjende med planframlegget og dokumenta som ligg til grunn for det, med unntak av dei høva som går fram av kapittel 3 i offentleglova.

3.12.1 Når kan fristen forlengjast?

Den oppgjevne fristen er å rekne som ein minimumsfrist, og kommunen bør alltid vurdere om det er omstende som gjer at fristen skal forlengjast.

Kommunen bør til dømes forlengje høyringsfristen

  • når utlegging skjer i samband med feriar
  • når tilhøve ved planen (omfang, kompleksitet m.m.) gjer at det er venta at høyringsorgan treng meir tid

I saker som vedkjem organ med sjeldne møte, bør det også vurderast å forlengje fristen før utlegging. Spørsmål frå høyringsinstansar om forlenging av varsla frist skal vere grunngjevne, og bør takast opp med kommunen av vedkomande organ så tidleg som mogleg. Kommunen bør avtale ein lengre frist når behovet er sakleg grunngjeve.

3.12.2 Døme på kunngjering av planframlegg

Døme på kunngjering av planframlegg til offentleg ettersyn

Moss kommune – framlegg til kommuneplan 2011–2022 – offentleg ettersyn

Med tilvising til plan- og bygningslova § 11-14 blir framlegg til ny kommuneplan lagt ut til offentleg ettersyn frå 15. februar til 1. april.

Publisert av; Ansvarleg; Sist endra 11. mars 2011

Formannskapet handsama framlegget 31. januar 2011 og gjorde følgjande samrøystes vedtak

FSK-001/11 Vedtak

Framlegg til samfunnsdelen i kommuneplanen og arealdelen i kommuneplanen, med tillegg frå H, blir sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14. Høyringsfristen skal setjast til 1. april 2011.

I tillegg til framlegget frå rådmannen ønskjer vi å inkludere følgjande innspel i høyringa

  • Innspelfrå Prosjekt AS – Parsellhager på Fuglevik
  • Innspelfrå Bygg – Dillingøy

I medhald av formannskapsvedtak blir framlegg til kommuneplan for Moss 2011–2022 sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 15. februar – 1. april 2011.

Plandokumenta følgjer som lenkjer nedst i denne artikkelen og er også lagde ut i ekspedisjonen i rådhuset.

Utfyllande kommentarar

Framlegget til kommuneplan er justert etter formannskapsvedtak av 31. januar 2011 ved at dei to nemnde innspela er innarbeidde i arealplankartet. Det er i tillegg utarbeidt ei enkel konsekvensutgreiing (KU) for desse to tiltaka.

I planomtala i kommuneplanen er tre område omtalte som arealreservar som først skal vurderast for eventuell utbygging etter at kommuneplanperioden er over. Dette gjeld to næringsområde i næringsaksen mellom Nore og Moss Pukkverk og tidlegare avsette bustadsområde på Mosseskogen vest. Områda er merkte #1, #2 og #3 og oppgjevne som fastsetjingsområde i arealplankartet.

Det vil kunne vere aktuelt å ta inn eit punkt i føresegnene i kommuneplanen som klargjer at dette er areal som først kan vurderast for eventuell utbygging etter at kommuneplanperioden er over.

Det blir vidare gjort merksam på at kommunedelplan for Moss austre (næringsaksen) vil bli lagd fram for formannskapet ultimo februar og føreslått lagd ut til offentleg ettersyn for tredje gong samstundes med høyringa av kommuneplanen. Kommunedelplanen utfyller dei overordna rammene og føringane i kommuneplanen med m.a. eiga planomtale og konsekvensutgreiing.

Høyringsdokumenta

Plandokumenta er samansette av

  • Saksframlegg med vedtak frå handsaming i formannskapet 31.01.2011. Høyringsframlegg: Kommuneplan Moss kommune 2011–2022
  • Plankart
  • Konsekvensutgreiingar for Kambo, Dillingøy og Fuglevik. Høyringsinnspel med administrative vurderingar

Dei sentrale plandokumenta er lagde ut i resepsjonen på rådhuset i kommunen. Ta kontakt dersom det er ønske om ytterlegare opplysningar.

Referansedokument ligg på heimesida til Regionrådet: Konsekvensutgreiingar for Kambo, Dillingøy og Fuglevik.

Plankartet for Moss ligg tilgjengeleg på kartinnsynsløysinga til kommunen (merkt Kommuneplan høringsforslag).

Samanstilt kart med kommuneplanane for heile Mosseregionen er tilgjengeleg for innsyn. (Dersom kartdata ikkje kjem opp, kan du sjå denne rettleiinga.)

Høyringsmøte blir haldne på skular i utvalde bydelar 9., 10. og 16. mars. Eventuelle spørsmål til høyringsdokumenta kan rettast til kommuneplanleggjar.

Eventuelle merknader til planen skal sendast til kommunen som ordinær post eller som e-post innan 1. april 2011. Post: Kirkegata 15, Postboks 175, 1501 Moss. Telefon: (sentralbord). E-post: @kommune.no

3.13 Etter høyring og offentleg ettersyn av kommuneplan

Etter høyring og offentleg ettersyn av planframlegget skal kommunen oppsummere høyringsfråsegner, vurdere om kunnskapsgrunnlaget er godt nok, og ta stilling til om det er bruk for endringar av planframlegget.

Dersom det under høyringa har kome inn nye framlegg til område for utbyggingsføremål som kommunen ønskjer å ta inn i planen, må desse områda konsekvensutgreiast. I tillegg må planendringa med konsekvensutgreiing sendast på ny høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn. Dette er også påkravd dersom det blir gjort andre vesentlege endringar i planframlegget. I slike høve må det gjerast greie for kva konsekvensar endringa vil ha for miljø og samfunn.

§ 11-14 andre ledd

Av saksframlegget skal det framgå hvordan virkningene av planen og innkomne uttalelser til planforslaget har vært vurdert, og hvilken betydning disse er tillagt ved vedtaket. Det skal også framgå hvordan planen ivaretar nasjonale og regionale hensyn.

Føresegna i plan- og bygningslova § 11-14 har overskrifta Høring av planforslag, men inneheld i andre leddet også ei føresegn om saksframlegget etter høyring og offentleg ettersyn som skal følgje planframlegget ved handsaming i kommunestyret. Det skal stå korleis verknadene av planen og fråsegner som er komne inn til planframlegget, har vore vurderte, og kva vekt desse er gjevne ved vedtaket. Det skal òg stå korleis planen sikrar nasjonale og regionale omsyn.

3.14 Oppfølging av konsekvensutgreiinga

Forskrift om konsekvensutgreiingar § 29 om slutthandsaming av saka er sentral for bruken av ei konsekvensutgreiing. Føresegna understrekar at kommunen skal ta tilstrekkeleg omsyn til konsekvensutgreiinga og fråsegner som er komne inn. Dette vil seie at kommunen må sørgje for at saksframlegget omtaler eigenskapane ved planframlegget og kva vesentlege verknader det vil føre til for miljø og samfunn.

Ved slutthandsaming av planframlegget skal ulempene, i form av negative verknader for miljø eller samfunn, synleggjerast og vurderast opp mot nytta av framlegg om endra og ny arealbruk.

Konsekvensutgreiinga for arealdelen i kommuneplanen skal også gjere greie for tilhøve som skal klarleggjast og avklarast nærare i seinare planarbeid, jf. forskrift om konsekvensutgreiingar § 18. Heimelen for denne føresegna er plan- og bygningslova § 11-9 nr. 8, som også gjev grunnlag for å gje føresegner om miljøoppfølging og -overvaking. Det kan også gjevast føresegner om nærare undersøkingar, kartlegging eller avhjelpande tiltak som skal handterast i reguleringsplan med mål om å redusere negative konsekvensar av ei utbygging.

Dersom det går lang tid frå gjennomført høyring til tidspunkt for endeleg vedtak, har kommunen også eit ansvar for å sjekke at oppdatert kunnskap blir lagd til grunn for slutthandsaminga av saka, jf. forskrift om konsekvensutgreiingar § 28.

Etter forskrift om konsekvensutgreiingar § 29 skal kommunen

  • sørgje for at det i planføresegnene blir stilt nødvendige «stille krav om overvåking av vesentlige negative virkninger av planen eller tiltaket for miljø og samfunn»
  • sjå til at avgjerdene blir følgde ved gjennomføring av eit tiltak

3.15 Motsegn til planframlegg

3.15.1 Generelt

§ 11-16 Innsigelse og vedtak av departementet

For innsigelse til kommuneplanens arealdel gjelder §§ 5-4 til 5-6. Dersom innsigelsen knytter seg til klart avgrensede deler av planen, kan kommunestyret likevel vedta at de øvrige delene av kommuneplanens arealdel skal ha rettsvirkning.

Departementet avgjør om innsigelsen skal tas til følge og kan i den forbindelse gjøre de endringer i kommuneplanens arealdel som finnes påkrevd.

Departementet kan, selv om det ikke er reist innsigelse, oppheve hele eller deler av planen eller gjøre de endringer som finnes påkrevd, dersom den strider mot nasjonale interesser eller regional plan. Kommunen skal ha fått mulighet til å uttale seg før departementet treffer vedtak. Kommunen må innen tre måneder etter at departementet har mottatt den være underrettet om at planen kan bli endret.

Departementets vedtak kan ikke påklages.

Motsegn vil seie at kommunen ikkje har mynde til å vedta arealplanen med rettsleg bindande verknad. Dersom det ikkje blir semje mellom kommunen og motsegnsstyresmakta, avgjer Kommunal- og distriktsdepartementet saka.

Når planframlegget er sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, kan statlege fagstyresmakter, fylkeskommunen, Sametinget og andre kommunar kome med motsegn til framlegget. Det kan dei gjere dersom det er nødvendig for å sikre nasjonale og vesentlege regionale interesser og andre vesentlege interesser innanfor ansvarsområdet deira.

Fristen for å kome med motsegn er innan utløpet av høyringsfristen, jf. plan- og bygningslova § 11-14 første leddet andre punktumet. Kommunen og motsegnsstyresmakta kan bli samde om å forlengje høyringsfristen.

Den generelle føresegna om motsegn er plan- og bygningslova § 5-4, som omhandlar styresmakt til å kome med motsegn til planframlegg. Sjå også rundskriv H-2/14 Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven.

Motsegn kan rette seg mot

  • innhaldet i planen
    • arealføremål etter plan- og bygningslova § 11-7
    • omsynssone som det etter § 11-8 er knytt rettsverknad til
    • planføresegner etter plan- og bygningslova §§ 11-9 til 11-11
  • formelle tilhøve, til dømes
    • om planføresegner er lovlege
    • om eit omtalt arealføremål er lovleg
    • at planen ikkje er framstilt i tråd med gjeldande kartforskrift/teiknereglar
    • sjølve sakshandsaminga når eit spørsmål ikkje er ferdig greia ut og avgjerda derfor bør utsetjast, jf. forvaltningslova § 17
    • at det manglar konsekvensutgreiing, eller at ho er mangelfull. Les meir i rettleiaren Veileder om konsekvensutredning for planer etter plan- og bygningsloven.
    • at saka ikkje er greia ut og vurdert i tråd med naturmangfaldlova eller andre relevante sektorlover
    • når planutkastet kjem i konflikt med regional vassforvaltningsplan eller andre regionale planar
    • når planutkastet kjem i konflikt med pågåande planarbeid på fylkesnivå, eller regionalt arbeid etter andre lover

Motsegna skal vere forankra i, og grunngjeven ut frå, vedtekne nasjonale eller viktige regionale mål, rammer og retningslinjer. Andre kommunar kan kome med motsegn i spørsmål som er svært viktige for innbyggjarane i kommunen. Sametinget kan kome med motsegn i spørsmål som er svært viktige for samisk kultur eller næringsutøving.

Motsegna må vere knytt til konkrete areal eller føresegner i planframlegget og vere tydeleg avgrensa. Det må skiljast tydeleg mellom formelle motsegner og andre merknader eller kommentarar til planframlegget. Det er ein føresetnad at motsegna ikkje gjeld tilhøve som er avgjorde etter motsegn, eller som det kunne vore gjeve motsegn til, i tidlegare plan som er mindre enn ti år gammal, jf. plan- og bygningslova § 5-5.

3.15.2 Sakshandsaming av planframlegg med motsegn

Kommunen kan ikkje sjå bort frå ei motsegn og bør i alle høve drøfte saka med vedkomande organ som har kome med motsegn for å sjå om det er mogleg å bli samde.

Statsforvaltaren samordnar motsegner frå statlege etatar og skal medverke til å løyse usemje mellom kommunane og motsegnsstyresmakta. Fylkeskommunen kan også hjelpe i arbeidet med å løyse motsegner, til dømes gjennom diskusjonar i regionalt planforum.

3.15.3 Mekling

Dersom det etter avslutta høyring ligg føre motsegn frå ei statleg fagstyresmakt, nabokommune, fylkeskommunen eller Sametinget, som kommunen ikkje vil ta til følgje, skal det etter plan- og bygningslova § 5-6 meklast mellom partane. Statsforvaltaren gjennomfører meklinga, eventuelt med nødvendig planfagleg hjelp frå fylkeskommunen.

Mekling bør skje på grunnlag av at motsegna er handsama i eit politisk organ, men før kommunestyret gjer sluttvedtak i kommunen.

Mekling

Dersom kommunen ikkje tek omsyn til ei motsegn, skal det som hovudregel gjennomførast ei mekling mellom kommunen og motsegnsstyresmakta for å søkje å oppnå ei felles løysing. Statsforvaltaren er meklar. Meklinga bør skje etter at motsegna er handsama av politisk organ i kommunen, men før kommunestyret gjer endeleg vedtak. Dersom meklinga ikkje fører fram, blir motsegnssaka sendt til departementet for endeleg avgjerd.

Formelle krav

  • § 5-6: Dersom kommunen ikkje tek omsyn til motsegna, skal det ordinært gjennomførast mekling hjå statsforvaltaren.
  • Blir ein ikkje samd, skal planen med tilråding frå meklaren sendast til Kommunal- og distriktsdepartementet.
  • § 11-16: Kommunestyret kan, dersom motsegna knyter seg til klart avgrensa delar av planen, vedta at dei andre delane av planen har rettsverknad.

3.15.4 Oversending til departementet

Dersom kommunen og den styresmakta som har kome med motsegn, ikkje blir samde, skal kommunen sende saka til statsforvaltaren innan to veker etter vedtak i kommunestyret. Kopi av brevet skal sendast til fylkeskommunen og den fagstyresmakta som har kome med motsegn. Statsforvaltaren sender så saka til Kommunal- og distriktsdepartementet med ei tilråding. Dette bør skje innan fire veker etter at saka er motteken frå kommunen.

Fristen for statsforvaltaren kan forlengjast med ytterlegare seks veker dersom det er nødvendig i store og kompliserte saker, og der det er bruk for ytterlegare avklaring. Prosedyrane for dette er omtalte i rundskriv H-2/14 Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven.

3.15.4.1 Teikning av plankartet ved motsegn og oversending til departementet

I plankartet vedteke av kommunestyret skal område med uløyst motsegn ikkje ha arealføremål, men vere kvite. Område det er kome motsegn mot, skal ikkje visast på plankartet før motsegna er avklart. Området blir vist kvitt utan skravur. Basiskartet kan visast.

Det vil i praksis seie at

  • området blir avgrensa med ei indre plangrense
  • alt planinnhald blir fjerna for området
  • det blir laga ei påskrift innan området som seier at området er «Utan rettsverknad på grunn av motsegn»

Plankartet som blir oversendt til departementet, skal ikkje ha kvite areal, men vise det arealføremålet og eventuelle omsynssoner som kommunen har vedteke. Bakgrunnen for dette er at departementet eventuelt skal kunne stadfeste planen slik kommunen har vedteke han.

3.15.5 Handsaming i departementet

Kommunal- og distriktsdepartementet kan gjere følgjande vedtak ved handsaming av arealdelen i kommuneplanen etter § 11-16

  • Kommunestyrevedtaket blir godkjent.
  • Motsegna blir teken til følgje i sin heilskap. Det vil ikkje seie at kommunestyrevedtaket blir oppheva, men at planvedtaket blir endra for dei delane av planen som motsegna gjeld, og at planen blir endra i tråd med dette.
  • Motsegna blir delvis teken til følgje. Det vil seie at kommunestyrevedtaket blir endra for dei delane av planen der motsegna er tekne til følgje, og at planen blir endra på desse punkta.

Først ved vedtak i Kommunal- og distriktsdepartementet blir arealdelen bindande og får rettsverknad. Kommunen kan likevel, etter plan- og bygningslova § 11-16, vedta at dei delane av planen som det ikkje knyter seg motsegn til, skal ha rettsverknad. Det føreset at motsegna knyter seg til klart avgrensa delar av planen.

Heile planen kan først kunngjerast av kommunen når vedtak frå departementet ligg føre.

3.16 Endeleg planvedtak i kommunen og kunngjering

§ 11-15 Vedtak av kommuneplan

Kommunestyret selv vedtar kommuneplanen. Dersom kommunestyret vil treffe vedtak om kommuneplanens arealdel som medfører en bruk av arealer som ikke har vært gjenstand for høring under planbehandlingen, må de deler av planen som ønskes endret tas opp til ny behandling.

Planen skal kunngjøres og gjøres tilgjengelig gjennom elektroniske medier. Et eksemplar av planen skal sendes til departementet, statsforvalteren, regional planmyndighet og berørte statlige myndigheter.

Kommunestyrets vedtak om kommuneplan kan ikke påklages.

Vedtak og kunngjering

Etter at kommunestyret har gjort sitt endelege planvedtak, eventuelt etter at departementet har godkjent planen der det har vore motsegn, skal vedtaket kunngjerast og sendast til andre organ som saka vedkjem. Planen skal førast i planregisteret.

Formelle krav

  • § 11-15: Kommunestyret sjølv vedtek kommuneplanen.
  • Dersom kommunestyret går inn for endringar, må desse delane takast opp til ny handsaming i ein ny planprosess.
  • Planen skal kunngjerast og gjerast tilgjengeleg gjennom elektroniske medium.
  • Planen blir sendt til Kommunal- og distriktsdepartementet, statsforvaltaren, fylkeskommunen og statlege styresmakter som saka vedkjem.
  • Planen skal førast i planregisteret, jf. kart- og planforskrifta. Det er åtte dagars frist frå vedtak til registrering i planregisteret, jf. Veiledning til forskrift om kart, stedfestet informasjon, arealformål og digitalt planregister.
  • Vedtaket kan ikkje påklagast.

Kommunen kan gjere endeleg planvedtak med rettsverknad dersom

  • det ikkje ligg føre motsegn til planen etter høyring
  • eventuell motsegn er trekt tilbake av det organet som har kome med henne
  • kommunen etter mekling har teke eventuell motsegn til følgje, og gjort mindre endring i planframlegget som ikkje krev ny utlegging til offentleg ettersyn og høyring
  • kommunen etter mekling har teke motsegna til følgje, endra planframlegget vesentleg og gjort ny utlegging til offentleg ettersyn og høyring
  • motsegna knyter seg til klart avgrensa område, og desse er skilde ut for vidare handsaming. Den andre delen av planen kan vedtakast med rettsverknad etter avklaring med dei aktuelle fagstyresmaktene, jf. føresegnene i plan- og bygningslova § 11-16

Kommunen kan ikkje gjere endeleg planvedtak dersom det ligg føre motsegn til planen og kommunen ikkje vil ta henne til følgje.

Dersom det er uklart om det ligg føre motsegn, må dette avklarast med motsegnsstyresmakta før kommunen gjer endeleg planvedtak.

Etter at administrasjonen har utforma endeleg planframlegg på bakgrunn av høyringsinnspela, blir framlegget handsama av eit kommuneplanutval som gjev si innstilling til kommunestyret. Dersom det ikkje ligg føre motsegn til dette framlegget, kan kommunestyret gjere endeleg vedtak.

Plan som er vedteken av kommunestyret med endeleg verknad, skal sendast til orientering til departementet, fylkeskommunen, statsforvaltaren og statlege styresmakter som saka vedkjem, jf. plan- og bygningslova § 11-15 andre leddet. Planen bør også sendast til andre offentlege organ og organisasjonar som har særskilde interesser i planarbeidet. Oversendinga skal gje eit bilete av sakshandsaminga og kva eventuelle nasjonale interesser som har vore vurderte.

Materialet må derfor omfatte

  • plankart
  • planføresegner
  • planomtale
  • dokumentliste
  • vedtak
  • saksframstilling

Eventuelle fråsegner frå fylkeskommunen og statlege faginstansar som gjeld nasjonale interesser, skal leggjast ved, dersom det ikkje er gjort greie for dette i saksframstillinga eller oversendingsbrevet.

Forskrift om konsekvensutgreiing § 30 har ei eiga føresegn om kunngjering av endeleg planvedtak som svarer til reglane som gjeld for arealdelen elles. Det skal stå i kunngjeringa at det er utarbeidt ei konsekvensutgreiing.

Rettsverknadene er knytte til kommuneplanen når han blir vedteken av kommunestyret, eventuelt ved departementsvedtak, dersom det ligg føre motsegn. Planen bør derfor kunngjerast snarast mogleg etter at han er vedteken. Dersom det er motsegn til klart avgrensa delar av planen og kommunen har gjeve andre delar av planen rettsverknad, bør planen kunngjerast etter vedtak i både kommunestyret og departementet.

Vedtak om kommuneplan kan ikkje påklagast, jf. plan- og bygningslova §§ 11-15 og 11-16.

Til forsida