7 Rolla til det offentlege – å styrkje rolla til kommunane og gjenreise og fornye Husbanken
Kommunane har eit omfattande ansvar i bustadpolitikken. Plan- og bygningslova gir kommunane ansvar for å leggje til rette for god utforming av bygde omgivnader, gode bumiljø og gode oppvekstvilkår. Gjennom samfunns- og arealplanlegging skal kommunane leggje til rette for at det blir bygd nok bustader og bustadtypar som er tilpassa dei behova innbyggjarane og samfunnet har. Samtidig må planlegging av bustader ofte vurderast i ein regional samanheng.
Kommunane skal òg hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden, noko som er gjort tydeleg i lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet. Regjeringa vil styrkje den kommunale rolla i arbeidet med å jamne ut sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden, og er oppteken av at kommunane har tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse og gode rammevilkår for å kunne vere ein aktiv bustadpolitisk aktør.
Rolla til Husbanken har endra seg betydeleg sidan etaten blei oppretta for å byggje opp igjen landet etter krigen. Formålet til Husbanken har vore, og skal framleis vere, å setje den statlege bustadpolitikken ut i livet. Når regjeringa no foreslår nye innsatsområde og prioriteringar, må desse speglast i samfunnsoppdraget til Husbanken. Regjeringa vil gjenreise og fornye Husbanken. Regjeringa foreslår at det nye samfunnsoppdraget til Husbanken skal vere å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, bidra til at fleire kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad og støtte kommunane i deira bustadpolitiske arbeid.
7.1 Tiltaka til regjeringa
For å styrkje rolla til kommunane vil regjeringa
styrkje kunnskapsgrunnlaget kommunane treng for bustadplanlegging, og kompetansen deira på feltet
styrkje kunnskapsgrunnlaget fylkeskommunane treng for å gjennomføre regionale bustadbehovsanalysar, og leggje betre til rette for at fylkeskommunane kan støtte opp om arbeidet i kommunane
sende på høyring lovforslag som skal gi kommunane større moglegheit til å styre bustadsamansetjinga
leggje til rette for at kommunane kan styrkje det bustadsosiale arbeidet sitt
For å gjenreise og fornye Husbanken vil regjeringa
gi Husbanken eit nytt samfunnsoppdrag om å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, bidra til at fleire kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad og støtte kommunane i deira bustadpolitiske arbeid
gi Husbanken ei utvida nasjonal kunnskapsrolle
forsterke og vidareutvikle Husbanken si rolle som fagleg støttespelar gjennom å gi råd, rettleiing og opplæring til kommunane
gi Husbanken ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden
7.2 Rolla til kommunane
7.2.1 Bustad som del av planlegginga
Det er mange omsyn kommunane skal vareta og avvege i samfunnsplanlegginga si. Dei skal blant anna leggje til rette for tilstrekkeleg bustadbygging, god utforming av bygde omgivnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår i alle delar av landet. Samtidig skal kommunane sikre jordressursar, naturområde og vern av verdifulle landskap og kulturmiljø, og dei skal leggje til rette for verdiskaping og næringsutvikling. Kommunane skal motverke sosiale helseforskjellar og ta klimaomsyn gjennom løysingar for arealbruk og transport (plan- og bygningslova § 3-1). Kommunar, fylkeskommunar og statlege myndigheiter må samarbeide om planlegginga for å sikre samordning av utbyggingsmønster og transportsystem (plan- og bygningslova § 3-1 og 3-2). Planlegginga skal samtidig ikkje vere meir omfattande enn nødvendig (plan- og bygningslova § 3-1).
Det kommunale ansvaret for bustadsosial planlegging er gjort tydeleg i lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet, som tok til å gjelde 1. juli 2023. Som ein del av den bustadsosiale planlegginga må kommunen ha oversikt over behovet for bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden, og denne oversikta skal inngå i planstrategien til kommunen. Kommunen skal fastsetje overordna mål og strategiar for det bustadsosiale arbeidet, og måla og strategiane skal vere eigna til å møte dei utfordringane kommunen står overfor. Lova inneber ei skjerping av tidlegare krav til planlegginga i kommunane. Formålet er å oppnå eit betre bustadsosialt arbeid i kommunane.
7.2.2 Regionalt perspektiv på bustadplanlegging
Planlegginga i kommunane skal òg ta omsyn til regionale og nasjonale føringar.
Fylkeskommunen set rammer for bustadpolitikken gjennom regionale planar generelt og i planar for bustad, areal og transport spesielt. Som regional planmyndigheit utarbeider fylkeskommunen regionale planar i samarbeid med kommunane i det aktuelle fylket. Fleire regionale planar har som formål å styre bustadveksten i byregionane dit han skaper best mogleg grunnlag for god tettstadutvikling og minst mogleg klimagassutslepp og tap av natur eller matjord.
Fylkeskommunane har etter plan- og bygningslova òg ei rettleiarrolle overfor kommunane i planlegginga deira. Dei kan blant anna gi rettleiing om kva kunnskap som bør liggje til grunn for planane, inkludert vurderingar av demografisk utvikling og ulike scenario for bustadbehov. Nokre fylkeskommunar utarbeider òg regionale bustadbehovsanalysar som går på tvers av kommunegrensene.
Boks 7.1 Ny bustadbehovsmodul i Panda
Panda analyse er ei foreining som har ansvar for det nasjonale fagnettverket Panda+ og Pandamodellen for regional analyse. Medlemene i foreininga Panda analyse er 14 fylkeskommunar og Kommunal- og distriktsdepartementet.
Pandamodellen er eit modellsystem som blir brukt til regionale analysar og framskrivingar, særleg innanfor demografi og befolkning, næringsliv og omstillings- og konsekvensanalysar. Dagens modul for bustadmarknaden kan nyttast til å framskrive hushaldsendringar og bustadkonsum og til befolkningsframskrivingar.
I 2024 blir det utvikla ein ny bustadbehovsmodul i Pandamodellen. Det kan gi kommunar, fylkeskommunar og andre aktørar eit verktøy for gode, heilskaplege analysar av bustadbehov i åra framover. Arbeidet skal òg etablere ein standardisert metodikk som legg betre til rette for samarbeid og for å samanlikne utviklinga på tvers av kommunar og regionar.
Kjelde: Pandamodellen – Panda analyse
7.2.3 Kommunane sitt ansvar for å leggje til rette for tilstrekkeleg bustadbygging
Tilstrekkeleg bustadbygging kom inn som eit formål i plan- og bygningslova i 2021. Kommunane sitt ansvar for tilstrekkeleg bustadbygging handlar blant anna om å analysere kor mange bustader som trengst, å regulere nok tomter og å sørgje for god og effektiv saksbehandling. At det faktisk blir bygd tilstrekkeleg med bustader, avheng likevel òg av blant anna marknadssituasjonen og strategiske vurderingar om lønsemd hos utbyggjarar.
Både bykommunar og distriktskommunar ser ut til å ha ei viss oversikt over kor mange bustader som trengst, men det varierer kva kunnskapsgrunnlag dei bruker.1
Det kan vere vanskeleg å vurdere kva som er tilstrekkeleg bustadbygging. Manglande kjøpekraft for hushald på bustadmarknaden kan handle om mangel på bustader, men kan òg ha andre årsaker. Folks etterspurnad etter bustader blir forma av betalingsevna deira, men òg av bustadbehova og bustadpreferansane deira. Dei fleste må vege ulike ønske mot kvarandre når dei skal velje kvar og korleis dei skal bu. Personar med høge inntekter har gjerne mange valmoglegheiter, mens personar med låge inntekter har færre valmoglegheiter og kan ha vanskeleg for å få dekt bustadbehova sine. Det er mogleg å ha overinvestering i bustader samtidig som enkelte ikkje får dekt bustadbehova sine.
Bustadmarknader strekkjer seg ofte over kommunegrensene. Press eller ledig kapasitet i éin kommune kan påverke etterspurnaden og bustadprisane i nærliggjande kommunar. Bustadtilbodet verkar inn på kva kommune tilflyttarane flyttar til, mens tilflyttinga til ein region i større grad blir styrt av til dømes arbeidstilbodet. I kommunar der mange ønskjer å busetje seg, kan ein forvente at éin ekstra bustad gir eitt ekstra hushald. I slike tilfelle kan det vere utfordrande å nytte befolkningsframskrivingar til å analysere kor mange bustader som trengst i ein enkeltkommune, mens det kan vere ein meir eigna indikator for ein samla bu- og arbeidsmarknadsregion.2
7.2.4 Handlingsrommet til kommunane for å sikre gode og varierte buområde
Som planmyndigheit kan kommunane påverke samansetjinga av bustader og buområde gjennom planførsegner om blant anna talet på bustader, type bustader og ulike bustadstorleikar i eit bustadområde. Dei kan òg stille krav til kvalitet gjennom planlegginga, blant anna når det gjeld den estetiske utforminga, uteområda og omsynet til historiske bygningar. Kommunane har dessutan høve til å stille krav om kva bustadområde som skal byggjast først, sjølv om dette er noko dei gjer i svært lita grad. Vidare kan dei påverke kvaliteten på og utforminga av bustadområda gjennom eigne investeringar. Kommunane har likevel ikkje hatt høve til å stille krav i arealplanar til eigarskap, organisering eller prissetjing av bustader. Dei kan heller ikkje påleggje utbyggjarar å setje i gang utbygging.
Mange kommunar prøver å få i gang bustadbygging gjennom ulike investeringar som kan auke attraktiviteten til områda. Føreseielege reguleringsprosessar og jamt tilfang av byggjegrunn er andre kommunale strategiar for å redusere risikoen til utbyggjarane og bidra til byggjeaktivitet. Ein del kommunar nyttar òg tomtekjøp og -sal som eit strategisk verkemiddel i bustadpolitikken, mens andre kommunar ikkje ser på dette som ønskjeleg eller realistisk.3
Det kan i praksis vere vanskeleg for kommunane å få den utviklinga dei ønskjer på bustadmarknaden. Det kan vere lite rom for kostnadskrevjande kvalitetsforbetringar utover det utbyggjaren såg for seg da tomta blei kjøpt.4 Fleire kommunar har strategiar for å oppnå ei bustadsamansetjing som er tilpassa demografiske behov, til dømes fleire eigna bustader for eldre eller barnefamiliar. Men det ser ut til at kommunane i mindre grad har tydelege strategiar for å få meir sosioøkonomisk varierte nabolag eller strategiar for at vanskelegstilte på bustadmarknaden skal kunne bu i mindre levekårsutsette område.5 Ei evaluering av plan- og bygningslova konkluderte med at omsynet til sosial berekraft var svakare vareteke i planlegginga enn økonomisk og miljømessig berekraft.6
I ein situasjon med små, usikre eller stagnerande bustadmarknader kan det vere vanskeleg for kommunane å mobilisere private utbyggjarar. Samarbeidet med private utbyggjarar blir vurdert som klart dårlegare av distriktskommunar enn av andre kommunar. Avgrensa eller fråverande bustadbygging og eit einsidig bustadtilbod kan gjere det vanskeleg for dei som ønskjer å etablere seg eller bli i ein kommune, sjølv om det finst arbeidsplassar. Her er kommunen som heilskapleg planleggjar, aktiv tilretteleggjar og koplar avgjerande for realiseringa av bustadsatsingar.7 Mange små kommunar manglar kapasitet og kompetanse til å ta ei aktiv rolle i å sikre eit tilstrekkeleg og variert bustadtilbod.
Nokre kommunar har gitt uttrykk for at dei har eit vidt handlingsrom til å påverke sosiale forhold i bustadbygginga, men at kapasitet, kompetanse og økonomi kan vere barrierar mot å ta i bruk dei verkemidla som finst.8 Det kan òg gjere det vanskeleg for kommunane å ta i bruk eventuelle nye statlege verkemiddel, som utvida juridisk handlingsrom eller støtteordningar.
Det kan til dømes vere at ei statleg støtteordning for kommunale tomtekjøp kan redusere finansieringskostnadene for kommunane og stimulere til fleire kommunale tomtekjøp der mangel på kapital er eit hinder. Samtidig kan det vere andre hinder for ein aktiv kommunal tomtepolitikk, som manglande kapasitet i kommunane. Det kan innebere at ei støtteordning ikkje gir fleire tomtekjøp, men fører heller til lågare finansieringskostnader for kjøp som uansett ville blitt gjennomførte.9
Når kommunane eig tomter sjølve, kan dei ved sal leggje ein klausul på tomtene om at bustadene som skal byggjast der, til dømes skal vere utleigebustader, eventuelt for nærare spesifiserte grupper som studentar, unge eller eldre. Det er òg mogleg å leggje inn klausular om pris eller fordeling av verdiauken ved vidaresal. Gjennom slike klausular kan kommunen påverke bustadsamansetjinga i eit område. Samtidig kan klausular påverke tomteprisen, noko som kan utgjere ein indirekte subsidie frå kommunen. Klausular på sal av kommunale tomter er eit verkemiddel som kommunane bruker i lita grad.10 Nokre kommunar, til dømes Sandnes, har likevel brukt tomteselskap aktivt for å nå bustadpolitiske mål.11 Andre kommunar ønskjer ikkje å nytte tomtekjøp som eit verkemiddel i bustadpolitikken, blant anna fordi dei ikkje ønskjer å ta risiko, manglar kapital eller kapasitet eller ikkje ser gevinsten med ein meir aktiv tomtepolitikk.12 Dersom kommunane kjøper tomter i konkurranse med andre, kan det føre til auka press og auka prisar i tomtemarknaden.13 Kjøper kommunane tomter som er mindre attraktive for andre aktørar, kan det på den andre sida gi høgare risiko og lågare avkastning samanlikna med andre investeringar.
Boks 7.2 Systemet for markanvisning i Sverige
I Noreg blir om lag 70 prosent av detaljreguleringar fremma av private aktørar. I Sverige har kommunane einerett på utarbeidinga av detaljplanar. Sjølve utbygginga er det i hovudsak private aktørar som står for. I Sverige skjer om lag 30 prosent av bustadbygginga på privat grunn og 70 prosent på kommunal grunn. I Stockholm eig kommunen 80–90 prosent av dei samla grunnareala. Svenske kommunar sel tomter til private bustadutviklarar basert på eit system kalla markanvisning. Ei markanvisning er ein overeinskomst mellom kommunen og ein utbyggjar som gir utbyggjaren ein tidsavgrensa einerett til å forhandle med kommunen om tomtekjøp. Den endelege tomteprisen blir justert basert på den endelege utnyttinga i prosjektet.
Kjelder: Kommunal- og distriktsdepartementet (2021) og Gran mfl. (2023)
7.2.5 Kapasitet til og kompetanse på bustadplanlegging
For at planlegginga skal fungere som verktøy for den ønskte samfunnsutviklinga, må planane vere oppdaterte og møte reelle utfordringar og behov. Det er derfor viktig at kommunen baserer planlegginga på eit godt kunnskapsgrunnlag og hentar inn innspel frå aktuelle aktørar og fagmiljø og frå innbyggjarane. Dette krev gode medverknadsprosessar og tilgang på nødvendig fagkompetanse.
Kommunar ser ut til å ha særlege utfordringar med å utføre oppgåver som krev spesialiserte og tverrfaglege fagmiljø. Eit døme på ei slik oppgåve er utgreiing av konsekvensar av arealplanar.14 Når kommunane manglar kompetanse på og kapasitet til planlegging generelt, går det òg ut over evna deira til å vareta bustadpolitiske omsyn i planlegginga si – både fordi det blir vanskeleg å ha tid til å lage bustadbyggjeprogram eller klargjere bustadspørsmål grundig i overordna kommunale planar, og fordi det gjer det vanskelegare å vareta bustadomsyn på ein god måte i behandlinga av private detaljreguleringsplanar.
Store og små kommunar kan ha ulike utfordringar med bustadplanlegging. I store kommunar og pressområde kan det vere meir komplisert å vurdere bustadbehovet og konsekvensar av bustadplanlegginga. For små kommunar i distriktsområde kan lågare kapasitet og kompetanse bety at det særleg er behov for verktøy som gjer planlegginga enklare.15 For å gjere kommunane betre i stand til å utføre kompetansekrevjande oppgåver, kan staten bidra aktivt med informasjon og kunnskapsgrunnlag.16
7.2.6 Det bustadsosiale ansvaret til kommunane
Bustadsosialt arbeid omfattar alt kommunane gjer for å sikre vanskelegstilte på bustadmarknaden ein trygg busituasjon. Det omfattar hjelp til å skaffe og behalde ein eigna bustad og hjelp til å meistre buforholdet. Kvar enkelt brukar kan ha utfordringar på fleire område. Det trengst òg koordinering på tvers av sektorar i kommunen, til dømes mellom sosial-, helse- eller planeininga. Ressursane kommunane bruker på bustadsosialt arbeid, består i oppfølging av vanskelegstilte i form av rådgiving, økonomisk støtte og hjelp til å finne ein eigna bustad. I tillegg bruker dei ressursar på saksbehandling, planlegging og anna strategisk arbeid på det bustadsosiale feltet.
Den nye lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet, som tok til å gjelde 1. juli 2023, tydeleggjer det ansvaret kommunane har for å bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden får nødvendig hjelp. Ho gir ikkje ein «rett til bustad», men presiserer at kommunane skal gi individuelt tilpassa hjelp til dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Lova skal bidra til at den bustadsosiale hjelpa blir meir likeverdig kommunane imellom. Kommunane har handlingsrom for å vurdere korleis dei skal innrette den bustadsosiale innsatsen, og fridom til å fastsetje tiltak og prioriteringar.
Husbanken bidreg, gjennom den faglege støtterolla dei har overfor kommunane, til at kommunane har gode føresetnader for å følgje opp den nye lova om det bustadsosiale ansvaret deira. Meir konkret bidreg Husbanken gjennom å informere om dei økonomiske verkemidla og gjennom å vidareutvikle verktøy og metodar for godt bustadsosialt arbeid i kommunane.
For å få fram kunnskap om verknaden av lova gjennomførte Husbanken ei spørjeundersøking om det bustadsosiale arbeidet i kommunen før lova tredde i kraft. Undersøkinga vil danne eit grunnlag for ei seinare evaluering av lova. Mange kommunar oppgir i spørjeundersøkinga å ha tilstrekkeleg kompetanse til å ta bustadsosiale omsyn i planlegginga, og at det bustadsosiale arbeidet er godt forankra i kommunen. Kommunane oppgir òg at dei har ei tydeleg rolle- og ansvarsfordeling i det bustadsosiale arbeidet. Halvparten av kommunane seier at dei har fastsett overordna mål og strategiar for det bustadsosiale arbeidet i samfunnsdelen av kommuneplanen, slik lova legg opp til. Fleirtalet av kommunane har ein aktiv bustadsosial plan.17
7.2.7 Områdesatsingar i levekårsutsette område
I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte langsiktige samarbeid gjennom områdesatsingar. Formålet er å gjere ein ekstra innsats både for betre nærmiljøkvalitetar og for tenesteutvikling i levekårsutsette område. Innhaldet i områdesatsingane varierer noko frå kommune til kommune, men dei fleste har tiltak for fysisk oppgradering av nærmiljø, betre sosiale nærmiljøkvalitetar og varig forbetring av tenester – særleg innanfor oppvekst, utdanning, kvalifisering og sysselsetjing. Ulike former for bustadtiltak er viktige i alle områdesatsingane. Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader trekkjer fram bustadpolitikken som spesielt viktig for å betre levekåra i dei levekårsutsette områda. Kommunane skal gjennom planlegginga si bidra til å sikre jambyrdig god kvalitet på by- og bustadområde. I område med levekårsutfordringar er det særleg viktig å jobbe for gode nærmiljø. Kommunen er hovudaktør i områdesatsingane og samarbeider med andre offentlege aktørar, lokalt næringsliv, andre private aktørar og sivilsamfunnet. Desse byane og tettstadene har inngått avtale med staten og får tildelt tilskot til områdesatsingar i 2024: Bergen, Drammen, Fredrikstad, Kristiansand, Oslo, Sarpsborg, Skien, Stavanger og Trondheim. I tillegg er det foreslått å inngå nye avtalar med Gjøvik, Halden, Indre Østfold, Larvik og Tromsø.
7.2.8 Ikkje-kommersielle tilbod i kommunane
Dei seinare åra har fleire kommunar prøvd ut alternative modellar for å bidra til at fleire får tilgang til ein eigna leigd eller eigd bustad. I mange kommunar har målet med desse modellane vore å utvikle bustadtilbod for ei breiare målgruppe enn dei som normalt får tilbod om ein kommunalt disponert bustad. Fleire av prosjekta handlar om å etablere bustadprosjekt som på ulike vis regulerer pris og målgrupper. Det kan omfatte både leigde og eigde bustader. Ofte blir dei ulike modellane omtalt som ikkje-kommersielle bustader.
Det finns ingen juridisk eller einskapleg definering av omgrepet ikkje-kommersielle bustader i Noreg i dag. Faglitteraturen gir heller inga avklaring av omgrepet, sjølv om temaet blir drøfta i ein del samanhengar. Ikkje-kommersiell kan forståast som at verksemda blir driven utan forteneste.
Begrepet «ideell verksemd» som òg blir brukt i ulike samanhengar, har heller ikkje ein juridisk eller einskapleg definisjon.18 Det er likevel ofte to omsyn som går igjen i omtalen av ideelle aktørar. Aktiviteten må ha eit allmennyttig eller sosialt formål, og verksemda må drivast utan forteneste.19
Det finns ei rekkje eksempel både i Noreg og i andre land på verksemder som forvaltar bustadprosjekt med allmennyttige eller sosiale formål, og som i avgrensa grad tar ut forteneste (sjå boks 7.3 og 7.4). Fleire land har lange tradisjonar for ein sosial utleigesektor med eigne finansielle og juridiske rammer. Det kan vere ulike historiske grunnar til utviklinga av slike rammeverk og utbreiinga av verksemdene innanfor desse rammene. Modellane som har fått ei viss utbreiing i andre land, har ofte følgjande føresetnader: ei solid offentleg finansiering, juridiske eller historiske vilkår som mogleggjer tilgang på rimelege tomtar og eit lovverk som styrer tildeling av bustadene og prisregulering for bruk og omsetjing.20 I Noreg peiker aktørar på at offentlege subsidiar er ein føresetnad for å drive utleigeverksemd med sosial profil.21
Om verksemdene skal drivast utan forteneste, vil det kunne setje nokre avgrensingar på inntekt frå bustadsal og -leige, eller korleis inntektene kan reinvesterast. Til dømes kan husleiga setjast ut frå eit prinsipp om sjølvkost, der leiga ikkje setjast høgare enn kostnadene til drift av bustadverksemda. Kva husleiga i så fall blir, heng saman med kostnader ved blant anna tomtekjøp, bygging og vedlikehald av bustadene. I tillegg vil offentlege subsidiar kunne påverke husleigenivået eller salsprisen, slik at dess større dei offentlege subsidiane er, dess lågare kan husleigenivået eller salsprisen setjast. Subsidierte husleiger eller salspris vil ofte òg følgjast av avgrensingar knytt til målgruppe og/eller til system for å handtere ventelister.22
Ikkje-kommersielle butilbod vil krevje offentlege subsidiar, truleg av betydeleg omfang om det skal hjelpe mange. Eit anna premiss er å tydeleg kunne definere målgruppa for slike tilbod, og ha regler for korleis prioritere innanfor målgruppa.
Boks 7.3 Døme på alternative bustadmodellar i norske kommunar
Stavanger – rimelege etablerarbustader
Stavanger kommune har etablert ei etablerarbustadordning for å hjelpe førstegongsetablerarar inn i eigen bustad. Det kommunale selskapet Stavanger utvikling KF skaffar og utviklar bustadene på eigne tomter. Bustadene forvaltast av Stavanger boligbygg gjennom burettslag. Bustadene tildelast ved loddtrekking, men søkjar må oppfylle ei rekkje vilkår for å delta i trekkinga. Dette er blant anna at dei ikkje eig bustad frå før, at inntektsnivået ikkje overstig fastsette grenser og at beteningsevna kan dokumenterast. Etablerarbustadene finansierast på ulike måtar i dei ulike prosjekta, blant anna gjennom bruk av startlån og bustadkjøpsmodellar. Aktuelle finansieringsløysingar avklarast i det enkelte prosjektet. Stavanger kommune arbeider òg med å utgreie ei eiga kommunal garantiordning knytta til bustadkjøp.
Burettslaget Otto i Trondheim – prisregulerte bustader for førstegongsetablerarar
Burettslaget Otto blei bygd i 2003 og omfattar 20 bustader for unge førstegongsetablerarar. Bustadene er prisregulerte og formålet er at prisreduksjonen skal kome seinare bustadkjøparar til gode. Bustadkjøparane får dermed ikkje nødvendigvis den same prisveksten som i marknaden, men dei får nokre av fordelane ved å eige bustad, som frådrag på gjeldsrenter og tvungen sparing. Kommunen eigde byggjetomta, sto for utvikling av prosjektet og utforma vedtekta til burettslaget. Prisen for bustadene var vesentleg lågare enn marknadsprisen fordi kommunen bidrog med gratis tomt. Burettslaget sine vedtekter sikrar den bustadsosiale profilen i prosjektet. Berre personar under 35 år som ikkje tidlegare hadde eigd eigen bustad, kan vere andelseigarar i burettslaget. Bustaden kan ikkje seljast til ein høgare sum enn eigen kjøpesum regulert etter konsumprisindeksen. Salssummen skal ta omsyn til nedbetalt fellesgjeld i seljar si butid og justerast etter vesentleg verdiauke (påkostingar) eller vesentleg verdireduksjon (slitasje).
Boks 7.4 Døme på alternative bustadmodellar frå andre land
Allmennbustader i Danmark
Allmennbustader i Danmark utgjer om lag 20 prosent av bustadmassen. Bustadane er ikkje-kommersielle og husleiga skal berre dekkje bygging og drift av bustadene. Kommunane kan sjølv bestemme kven som skal tildelast ein bustad. Såkalla allmenne bustadorganisasjonar byggjer bustadene, og kommunen har tilsyn med at dei byggjer i tråd med lovverket. Almennbustadlova styrer bygging av bustadene. Finansiering er samansett. I 2015 blei planlova endra slik at kommunane kan stille krav om at opptil 25 prosent av bustadene i eit nytt lokalplanområde skal vere bustader omfatta av almennbustadlova.
ARA-bustader i Finland
ARA-bustader i Finland er statsfinansierte ikkje-kommersielle utleigebustader som blir leigd ut til kostnadsdekkjande leige. Mange av bustadene kan leigast av eit breitt lag av befolkninga, men modellen omfattar òg bustader for utvalde grupper som studentar, unge, personer med nedsett funksjonsevne eller utviklingshemma. Helsinki kommune har utvikla modellen Hitas som er eit eige system for pris og kvalitet i bustadbygginga. Eit avgjerande verkemiddel er at Helsinki eig stort sett all tomtegrunn sjølv og kan feste han bort med vilkår. Tildeling av bustad skjer ved loddtrekking og modellen har to eigeformer; burettslagsbustader med 15 prosent innskot og evigvarande burett og sjølveigarbustader med prisregulering. Helsinki kommune legg opp til ein sosial miks gjennom bustadbygginga. Innanfor kvart bustadkvartal skal 25 prosent av bustadene vere ARA-bustader, 30 prosent Hitas-bustader, mens dei resterande bustadene skal vere eigebustader som ikkje er regulert.
Kjelder: Almenboligloven (Danske love) og ARA Bostadsrättsbostäder
7.3 Rolla til Husbanken
7.3.1 Ei rolle i endring
Husbanken har hatt skiftande roller i norsk bustadpolitikk sidan han blei oppretta i 1946. Dei første tiåra etter andre verdskrigen var hovudoppgåva til Husbanken å byggje opp igjen landet etter krigen og å skaffe befolkninga nok og rimelege bustader.
Boks 7.5 Husbanken og gjenoppbygginga etter andre verdskrigen
Ei av dei viktigaste oppgåvene etter andre verdskrigen var å gjenreise landet og byggje opp igjen bustader. Brend-jord-taktikken til okkupasjonsmakta hadde ført til nedbrenning av store delar av Finnmark og Nord-Troms. I Finnmark var øydeleggingane om lag 100 prosent vest for ei linje frå Berlevåg til Tana. Rundt 11 000 bustader for om lag 60 000 menneske var øydelagte i tillegg til mange skular, kyrkjer og offentlege bygg. På grunn av minefare og mangel på bustader blei dei 50 000 innbyggjarane som blei evakuerte med tvang hausten 1944 nekta å reise tilbake til den utbrende og raserte landsdelen. Forbodet blei kunngjort i mai 1945, og det blei understreka at alle som prøvde å reise, straks ville bli sende tilbake og «stilte til ansvar for si handling». Om lag 40 prosent av dei tvangsevakuerte trossa forbodet og reiste heim allereie sommaren 1945. Ved utgangen av 1946 var om lag 90 prosent av dei som var blitt drivne bort, tilbake. Å byggje opp igjen ein landsdel prega av så store øydeleggingar var eit omfattande prosjekt.
Andre stader i landet var fleire større byar totaløydelagde av bombing. Til saman var rundt 20 000 bustader blitt øydelagde i løpet av krigen. Samtidig var det i krigsåra bygd minimalt med bustader. Behovet for fleire bustader blei ytterlegare forsterka i etterkrigsåra som følgje av tilflytting til byane frå landsbygda og store fødselskull. I 1946 blei det anslått eit underskot på 140 000 bustader, noko som svarte til rundt 18 prosent av bustadmassen. Husbanken blei oppretta same året for å setje fart på bustadbygginga.
Dei to bileta viser Honningsvåg før og etter oppstart av gjenoppbygginga etter andre verdskrig. I 1945 var kyrkja den einaste bygninga som sto igjen. Dei som returnerte etter evakueringa bygde fyrst opp brakkane ein ser ved sida av kyrkja på biletet, og budde i dem og kyrkja mens dei bygde opp igjen byen.
Kjelder: Nordkappmuseet Honningsvåg, Kiøsterud (2005) og Petterson (2017)
I gjenoppbygginga etter krigen og fram til tidleg i 1980-åra var Husbanken den fremste bustadforsynings- og bustadkvalitetsgarantisten i Noreg. I 1970-åra finansierte Husbanken opp mot 75 prosent av all bustadbygging i landet. Staten tok eit overordna ansvar for bustadforholda til befolkninga og for å skaffe gode og tilstrekkeleg bustader for alle til ein rimeleg pris. Bustadbygginga blei sterkt subsidiert frå staten, gjennom blant anna momskompensasjon og rimelege lån frå Husbanken.
I 1980- og 90-åra følgde eit gradvis systemskifte i bustadpolitikken. Han dreidde frå å vere orientert mot befolkninga generelt til å rette seg meir mot vanskelegstilte grupper og mot meir selektive og personretta støtteordningar.
Mens Husbanken i åra frå 1950 til 1995 finansierte to av tre nyoppførte bustader, har delen husbankfinansierte bustader dei siste åra lege på rundt ti prosent av den samla finansieringa av nye bustader. Dette er ei ønskt utvikling og eit uttrykk for at den private kredittmarknaden fungerer bra. Låneordningane til Husbanken skal korrigere og supplere marknaden for å sikre bustader til vanskelegstilte og stimulere til utvalde bustadkvalitetar.
Som ei følgje av den gradvise bustadsosiale vendinga i bustadpolitikken har kjerneoppgåvene til Husbanken endra seg betrakteleg. Samfunnsoppdraget til Husbanken er i dag å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og bidra til at vanskelegstilte kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad.
Sidan slutten av 1990-åra har hovudoppgåvene til Husbanken vore å forvalte økonomiske ordningar retta mot vanskelegstilte på bustadmarknaden og å vere ein fagleg støttespelar for kommunane, frivillig sektor og andre som støttar opp om den sosiale bustadpolitikken. Det bustadsosiale området har vore lite regulert i lov, og Husbanken har hatt ei sentral rolle i å støtte opp om arbeidet i kommunane gjennom økonomiske ordningar og nasjonale strategiar. I 2023 tok den nye lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet til å gjelde, og Husbanken skal bidra til at kommunane har gode føresetnader for å følgje lova. Det skal han gjere til dømes ved å informere om dei økonomiske verkemidla og ved å vidareutvikle verktøy og metodar for godt bustadsosialt arbeid.
Husbanken har hatt ei finansiell beredskapsrolle på lånemarknaden i nedgangstider og kriser. I bustad- og bankkriseåra (1989–1993) finansierte Husbanken nesten alle bustader som blei bygde. I finanskriseåra 2008 og 2009 blei utlåns- og tilskotsrammene til Husbanken utvida. Det bidrog til å halde oppe ei viss bustadbygging og sysselsetjing i den konjunkturutsette byggjenæringa. Også under koronapandemien blei ordningane til Husbanken styrkte slik at ein raskt kunne støtte dei som hamna i ein akutt vanskeleg økonomisk situasjon.
Husbanken er òg ein viktig reiskap i utviklinga og utbygginga av den norske velferdsstaten. Husbanken har over tid finansiert omsorgsbustader, sjukeheimar, barnehagar, studentbustader og kommunale utleigebustader. Dei siste åra har Husbanken fått ei fornya og styrkt oppgåve med å gi bustadpolitisk støtte til distriktskommunar. I 2023 skal Husbanken medverke til utvikling av nye samarbeidsformer og forsøk med nye bustadkonsept og verkemiddel som bidreg til større tilgang på eigna bustader i distriktskommunar.
Husbanken har òg frå 2023 fått i oppdrag å forvalte eit nytt tilskot som skal bidra til energioppgradering av kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar.
Boks 7.6 Om Husbanken si organisering
Husbanken har per januar 2024, 285 tilsette og eit driftsbudsjett på 382,7 millionar kroner. Husbanken har hovudkontor i Drammen.
Husbanken har nasjonale kontor som har i oppgåve å utvikle og forvalte lån og tilskot, ansvar for å utvikle Husbankens heilskaplege teneste til kommunar, samarbeidspartnarar og andre aktørar, ansvar for utvikling og drift av digitale verktøy og tenester, kunnskapsutvikling, styring og utvikling, økonomi og fellestenester og kommunikasjon. Dei nasjonale kontora held til i Drammen og i Bodø.
Regionkontora er førstelinja i Husbanken. Kontora har kunnskap om lokale og regionale forhold og bidreg til å realisere statlege målsettingar i samarbeid med kommunar, regional stat og marknadsaktørar.
7.3.2 Endringar i verkemiddelapparatet
Verkemiddelapparatet til Husbanken har endra seg dei siste ti åra. Fleire tilskot er overførte til kommunane, mens andre er avvikla.
Figur 7.6 viser at utviklinga i Husbanken si låneramme har følgt eit anna mønster. Låneramma har auka årleg sidan 2021.
Figur 7.7 viser korleis delen av låneramma som går til startlån har auka dei siste åra. Dei siste ti åra har ein større del av verkemidla til Husbanken gått til bustadsosiale formål og ein mindre del av låneramma til lån til bustadkvalitet, utleigebustader og studentbustader (sjå boks 7.8).
Boks 7.7 Dei digitale løysingane til Husbanken
Kobo – digitalt system for kommunale bustader og bustadsosialt arbeid
Den digitale løysinga Kobo gir kommunane støtte i arbeidet med å behandle og hjelpe til i søknader og med å tildele og forvalte kommunale bustader gjennom bustadregister, saksbehandling og innbyggjartenester. Kobo vil òg hjelpe kommunane å møte lovkrava i ny bustadsosial lov. (Meir informasjon om Kobo finst i kapittel 4.3.4).
Bustøttesystemet blei i 2023 nytta til å behandle 1,6 millionar søknader. Rundt 2 500 saksbehandlarar i kommunane bruker systemet dagleg. Bustøttesystemet blir utvikla løpande ut frå brukarbehov, justeringar i regelverk, moglegheiter for effektivisering og politiske føringar.
Startskot er ei digital løysing for behandling av søknader om startlån. I 2023 blei 33 300 startlånssøknader sende inn og behandla digitalt. Over 1 300 kommunalt tilsette brukte løysinga til saksbehandling og dialog med søkjarane. Husbanken utviklar løysinga slik at saksbehandlarane får eit effektivt verktøy i arbeidskvardagen sin.
Husbanken har sjølvbetenings- og søknadsløysingar for lån og tilskot. I 2023 blei Mitt kundeforhold/nettbank nytta av om lag 47 500 unike brukarar og gir tilgang til informasjon om eige lån og tilskot. I 2023 nytta 159 bransjekundar og 239 private kundar løysinga for å inngå avtale om fastrente. Mitt kundeforhold består av to digitale søknadsløysingar – éi for investeringstilskot og éi for lån til bustadkvalitet, lån til utleigebustader, tilskot til utleigebustader og tilskot til energitiltak. I 2023 fekk Husbanken totalt 1 423 digitale søknader gjennom desse løysingane.
Behovsmeldinga er ei digital teneste der kommunane melder inn behov for økonomiske verkemiddel frå Husbanken og planar på det bustadsosiale området. Kommunane nyttar òg løysinga til å søkje om startlånsmidlar. I 2023 leverte 353 av 356 kommunar behovsmeldinga. Tenesta bidreg til at Husbanken kan spisse rådgivinga mot behovet i kvar enkelt kommune.
Bustadsosial monitor er ei datadriven teneste som gir kommunevise måltal og oversikt over den bustadsosiale situasjonen for målgruppene eldre, barnefamiliar, uføre og huslause.
Statistikkbanken inneheld data og statistikk som viser korleis Husbanken forvaltar dei økonomiske ordningane. Dataa er tilgjengelege for eksterne brukarar og støttar opp under politikkutvikling og forsking.
Husbanken.no inneheld informasjon, rettleiing og fagstoff om verkemidla og det bustadsosiale arbeidet til Husbanken. Nettstaden er òg vegen inn til søknads- og sjølvbeteningsløysingar og saksbehandlingsverktøy for innbyggjarar, kommunar og bransjeaktørar. Trafikken på nettstaden har stige kraftig dei siste åra, og i 2022 hadde husbanken.no omlag 1,6 millionar besøkjande. Privatpersonar utgjer den største brukargruppa, deretter følgjer kommunane og bransjen.
Kjelde: Husbanken
Boks 7.8 Dei økonomiske verkemidla til Husbanken
I 2024 forvaltar Husbanken økonomiske verkemiddel på vegner av Energidepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Lån:
Startlån
Lån til utleigebustader til vanskelegstilte
Lån til bustadkvalitet
Lån til studentbustader
Tilskot:
Bustøtte
Investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar
Tilskot til studentbustader
Tilskot til bustadtiltak
Tilskot til energitiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar
Tilskot til bustad- og områdeutvikling i byar
I tillegg forvaltar Husbanken rentekompensasjonsordningar på vegner av Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet knytta til kyrkjebygg og skule-, symjeanlegg og investering i læringsarenaer.
7.3.3 Nye måtar å jobbe på
Sidan den første digitale søknadsløysinga blei lansert i 2014, har Husbanken gjennomført ei omfattande satsing på digitalisering av verkemiddel, tenester og saksbehandlingssystem (sjå boks 7.7). Husbanken utviklar og forvaltar sjølvbetenings- og saksbehandlingsløysingar for blant anna bustøtte, kommunale utleigebustader, startlån og tilskot for nærare 4 700 kommunale saksbehandlarar og 150 000 bustøttemottakarar og startlånskundar. Løysingane skal leggje til rette for god og effektiv oppgåveløysing og bidra til at kommunane og brukarane får eit enklare møte med Husbanken.
Utviklinga av eit nytt digitalt system for kommunale utleigebustader og bustadsosialt arbeid, Kobo, er eit døme på ei digital teneste som sparer kommunane for ressursar, og som bidreg til å oppfylle krav til personvern og sikkerheit ved at Husbanken utviklar ei felles løysing for alle kommunar. Kobo er ei systemløysing som ingen på den private marknaden tilbyr, og som få kommunar har ressursar til å utvikle sjølve. Med Kobo-prosjektet har Husbanken fått ei utvida rolle som systemutviklar for kommunane.
Det kommuneretta arbeidet Husbanken gjer, har òg endra seg dei seinaste åra. Gjennom det såkalla kommuneprogrammet (2016–2020) jobba Husbanken målretta med 70 programkommunar. I 2021 kom Husbanken med ein ny kommunestrategi, og arbeidet blir no retta mot alle kommunane i landet. Husbanken har òg jobba tematisk med grupper av kommunar, til dømes i prosjektet aldersvenlege bustader og bumiljø i distrikta i perioden 2020–2023.
Husbanken har gjennom dei siste tiåra òg utvikla ei koordineringsrolle på tvers av velferdssektorane. Husbanken hadde koordineringsansvar for den tverrsektorielle nasjonale strategien «Bolig for velferd» og har vore statens fagetat på det bustadsosiale området. Husbanken har hatt ei viktig rolle i å løfte fram viktigheita av å sjå bustader og tenester i samanheng og støtte kommunane i å jobbe på tvers av sektorar for å sikre gode og trygge buforhold for dei aller mest sårbare gruppene på bustadmarknaden.
7.3.4 Forsøk med å overføre oppgåver frå Husbanken til statsforvaltarane
I 2021 blei det starta eit forsøk med å overføre rettleiingsoppgåver frå to av regionkontora i Husbanken til tre statsforvaltarembete. Formålet med forsøket er å sikre at den statlege rådgivinga og rettleiinga som blir gitt til kommunane innanfor det bustadsosiale området på regionnivå, skal vere heilskapleg og koordinert. Forsøket har tre delmål:
Eit samla og styrkt fagmiljø, ved at bustad i større grad blir sett i samanheng med fagområda helse, sosial, rus, barnevern og arbeidsliv.
Ein meir samordna stat – ein aktør som samlar regional stat innanfor relevante sektorar for det bustadsosiale området, som skal bidra til at kommunane ser bustad og tenester meir i samanheng.
Ei meir effektiv oppgåveløysing – med regionkontora i Husbanken og statsforvaltarembeta er det i realiteten to statlege regionale ledd innanfor det bustadsosiale feltet.
Forsøket er treårig og varer ut august 2024. Totalt blei 14 stillingar frå Husbanken-kontora i Bergen og Bodø overførte til statsforvaltarembeta i høvesvis Vestland (seks stillingar), Rogaland (tre stillingar) og Nordland (fem stillingar).
Menon Economics har evaluert forsøket med utgangspunkt i dei tre delmåla for forsøket, og den bustadsosiale måloppnåinga for innbyggjarane.23 Hovudkjelde for informasjon er spørjeundersøkingar til, og intervju med, tilsette i Husbanken, statsforvaltarembeta og kommunar i og utanfor forsøksområdet.
7.4 Vurderingane til regjeringa
«Mu ruoktu lea mu váimmus ja dat johtá mu mielde»
«Heimen min er i hjertet mitt Og den flytter med meg»
Nils-Aslak Valkeapää
7.4.1 Kommunane skal leggje til rette for gode og varierte bustadområde
Regjeringa er oppteken av at kommunane legg til rette for at det blir bygd nok bustader, og at bustadene har gode kvalitetar. Det er viktig at barn og unge har gode buforhold, at unge kan etablere seg på bustadmarknaden, at tilflyttande arbeidstakarar har ein stad å bu, og at eldre og personar med nedsett funksjonsevne har tilgang på eigna bustader med universell utforming. Mange stader er det nødvendig å planleggje for fleire bustader og større fart i bustadbygginga for å møte den forventa veksten i talet på husstandar og for å dekkje bustadbehova som følgjer av at ein større del av befolkninga blir eldre, av vekst i næringsetableringar og av utvikling av distrikta.
God byplanlegging, trygge nærmiljø og gode nabolag er sentrale vilkår for at folk kan leve eit godt liv, og for å motverke at økonomiske forskjellar gir segregering. Samfunns- og arealplanlegging er eit viktig verktøy for å sikre sosial berekraft i byar og lokalsamfunn, på linje med økonomisk og miljømessig berekraft. Bustadtilbodet må vere variert nok til å dekkje ulike behov i befolkninga og bidra til mangfaldige nabolag, og samtidig bør det vere jambyrdig kvalitet på bustadområda. Jambyrdig kvalitet mellom bustadområde, og ei variert bustadsamansetjing internt i områda, kan bidra til å dempe pris- og levekårsforskjellar og på den måten bidra til at folk i større grad kan velje kvar dei vil bu. Dessutan er det viktig for å sikre gode og inkluderande bumiljø for alle. Eit godt og variert bustadtilbod kan òg førebyggje at fleire blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og motverke opphoping av levekårsforskjellar. Ved å integrere bustadsosiale omsyn i samfunns- og arealplanlegginga kan kommunane bidra til gode butilbod for vanskelegstilte og til at fleire kan eige sin eigen bustad.
Kommunane bør planleggje for gode bumiljø med eit variert utval av grøntområde, uteareal og byrom. Trivelege omgivnader rundt bustaden, med ulike stader å opphalde seg, gir moglegheit for å bli kjend med naboar, for å treffe vener og for at barn kan leike. Grøne område, parkar og uterom er ei kjelde til rekreasjon, avslapping og fine opplevingar. Kommunane bør òg planleggje med utgangspunkt i det stadene har av særpreg, kulturhistoriske element og viktige landskapsstrekk, som elveløp. Bruk, ombruk og transformasjon av eksisterande bygningar og areal kan bidra til at kulturhistoriske verdiar blir tekne vare på, at kulturmiljø blir vitaliserte gjennom bruk, og at område blir oppfatta som attraktive bumiljø. Endring i næringsstruktur gir nye moglegheiter for ombruk og ombygging av tidlegare industrilokale.
Skal det kunne byggjast attraktive lokalsamfunn med jambyrdig kvalitet og eit tilstrekkeleg og variert bustadtilbod, må gode bustadprosjekt kunne realiserast. Kommunane skal setje rammene for god bustadutvikling, og bustadbyggjarane må halde seg innanfor desse rammene. Bustadbyggjarane melder at dei er avhengige av at kommunane er både føreseielege og effektive, det vil seie at kommunane har gode overordna planar, forstår bustadmarknaden og sikrar dialog og koordinering med utbyggjarar og relevante offentlege aktørar.
Kommunane bør vere medvitne sitt ansvar for gode prosessar. Effektiv planlegging blir sikra ved at avgjerdene blir tekne på det mest formålstenlege plannivået og med ei detaljeringsgrad som er tilpassa behovet. Kommunale planføresegner bør balansere godt mellom å vere føreseielege og samtidig ikkje for detaljerte i overordna planar. Det krev god kompetanse. Eit aktivt samarbeid mellom kommunen og private forslagsstillarar bidreg til betre kvalitet på private planforslag og meir effektiv saksgang. Føresetnadene for planarbeidet må avklarast reelt og tidleg. Effektive og føreseielege prosessar må likevel ikkje gå ut over at kommunane skal kunne forvalte samfunnsansvaret sitt og kunne avvege ulike omsyn i arealbruk og stadutvikling.
Regjeringa har tydeleggjort dei bustadpolitiske forventningane sine til kommunane blant anna gjennom den nye lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet og gjennom nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging.
7.4.2 Kommunane skal ta ei aktiv bustadpolitisk rolle
Regjeringa vil sørgje for at kommunane får betre føresetnader for å ta ei aktiv bustadpolitisk rolle og jamne ut sosiale og geografiske forskjellar på bustadmarknaden. Det er kommunane som vurderer kor mange bustader som trengst, kvar desse bør byggjast, og kva krav som bør stillast til bustadområda for å styrkje den bustadpolitiske måloppnåinga. Kommunane må òg vege bustadpolitiske mål mot andre omsyn i arealbruken. Bustadbyggjarar kjenner bustadmarknaden og veit mykje om kva slags bustader folk ønskjer seg. Samtidig påverkar bustadbygginga langt fleire enn dei som kjøper bustadene. I mange tilfelle er det samanfallande interesser i bustadbygginga, men i andre tilfelle blir det interessekonfliktar. Det er kommunane som skal avvege dei ulike omsyna og målkonfliktane i arealbruken, og dei må òg sørgje for at prosessane sikrar god medverknad frå involverte partar i lokalsamfunna. Samla sett er ei rekkje omsyn og aktørar involverte i bustadbygging, og prosessane kan bli kompliserte. Dette krev høg kompetanse.
Kommunane er dessutan avhengige av å ha eit godt kunnskapsgrunnlag for å analysere bustadbehovet og moglege effektar på blant anna bustadprisar og etableringsmoglegheiter av ulike utbyggingsmønster. I Noreg har vi gode data på utviklinga i bustadmarknaden, men det kan likevel vere vanskeleg å talfeste kor mange bustader og kva bustadtypar det er behov for.
Kompetanse og kunnskap om bustadmarknad, bustadplanlegging og bustadpolitiske verkemiddel er viktige føresetnader for at kommunane kan ta ei aktiv bustadpolitisk rolle. Regjeringa vil styrkje kunnskapsgrunnlaget for bustadplanlegging. Det kan gjere det lettare for kommunane å lage gode og gjennomførlege bustadplanar, leggje til rette for effektive planprosessar, vurdere effektane av ulike planforslag og avvege målkonfliktar. Ein kan forbetre kunnskapsgrunnlaget blant anna gjennom å utvikle betre analysemodellar for bustadbehov, tilgjengeleggjere data, samle og formidle gode døme mellom kommunane, og gjennomføre effektevalueringar. Regjeringa vil vurdere å gi Husbanken ei større rolle i å styrkje kunnskapsgrunnlaget for bustadplanlegging.
Regjeringa jobbar òg med å styrkje den generelle plankompetansen i kommunane. Planfagleg utdanning er tilgjengeleg som heiltidsstudium og som vidareutdanning, og utdanninga kan òg gjennomførast på deltid. Til å heve den generelle plankompetansen finst det tilbod om fagsamlingar, kurs og etter- og vidareutdanning som blir gitt i samarbeid mellom statsforvaltarane, fylkeskommunane og utdanningsinstitusjonane. Det er i gang ein kampanje på nettstaden planutdanning.no som skal gjere fleire kjende med det breie spekteret av yrkesval planfaga opnar for. Regjeringa vil òg leggje til rette for at ordinær utdanning innanfor planfag og meir praksisnær og fleksibel etter- og vidareutdanning kan møte oppgåvene kommunen har som samfunnsutviklar.
Regjeringa bidreg med enkel tilgang på oppdatert informasjon gjennom systemrettleiarar via nettstaden planlegging.no. På nettstaden finst det rettleiingsmateriell for kommunane. Materiellet tek for seg problemstillingar kommunane møter i planlegginga. Regjeringa vil vidareutvikle rettleiingsmateriellet for å styrkje kompetansen om bustadplanlegging og om planlegging generelt. Det er òg viktig at kommunane er klar over det ansvaret dei har for å sikre gode prosessar, og regjeringa vil styrkje rettleiinga om dette ansvaret.
Regjeringa vil styrkje arbeidet med å digitalisere plan- og byggjesaksprosessen. Det vil kunne spare kommunane for mykje tid og kostnader som i dag blir brukt til å rette opp feil og innhente fakta. Det kan frigjere ressursar til å leggje til rette for god bustadutvikling, gjennom blant anna oppdaterte og kunnskapsbaserte planar og dialog med aktuelle aktørar.
Regjeringa meiner dessutan at kommunane bør få auka rom til å påverke bustadsamansetninga. Regjeringa vil sende på høyring eit forslag til ei endring i plan- og bygningslova som vil gi kommunane fleire verktøy for å leggje til rette for ei variert bustadsamansetjing. Regjeringa meiner at ei slik lovendring kan bidra til større sosial berekraft. Aktuelle tiltak er at kommunen får heimel til å gi planføresegner som pålegg utbyggjaren å nytte burettslag som organisasjonsform, at kommunen fastset at ein viss del bustader i nye bustadprosjekt skal vere utleigebustader eller at kommunen stiller krav om at ein viss del bustader skal tilbydast med nye bustadkjøpsmodellar med marknadsbaserte vilkår som leige-til-eige eller deleige.
Den nye lova om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet tydeleggjer dei bustadsosiale pliktene og oppgåvene kommunane har. Regjeringa vil evaluere lova etter at ho har verka nokre år, og vurdere om ho bidreg til å leggje til rette for å styrkje det bustadsosiale arbeidet i kommunane, og om det eventuelt bør gjerast enkelte justeringar. Før lova tok til å gjelde, gjennomførte Husbanken ei spørjeundersøking om det bustadsosiale arbeidet i kommunane. Undersøkinga vil danne eit grunnlag for evalueringa. Statsforvaltarane si rolle som klageinstans for lova og samordningsrolla deira på det bustadsosiale området kan vere relevante i evalueringa.
7.4.3 Behov for regionale analysar og samarbeid
Bustadforsyning er eit planspørsmål som vedkjem forhold ut over kvar enkelt kommune, og bustadplanlegging bør ofte sjåast i eit regionalt perspektiv og på tvers av kommunegrenser. Utviklinga på bustadmarknaden og den bustadpolitiske måloppnåinga i éin kommune heng saman med utviklinga i andre kommunar i bu- og arbeidsmarknadsregionen. Kommunane er derfor òg avhengige av gode regionale bustadmarknadsanalysar og godt regionalt samarbeid om utbyggingsmønsteret for å kunne analysere utviklingsscenario og leggje til rette for eit godt, variert og tilstrekkeleg bustadtilbod. Regional planlegging er eit viktig verktøy for å sjå utviklinga i ein region i samanheng og sikre tilstrekkeleg bustadbygging og gode transportsamband, både i byar, tettstader og grisgrendte område. Den kommunale planlegginga skal følgje opp dei regionale planane. Samarbeid og dialog mellom kommunar kan gjere det lettare å vurdere korleis dei kan bidra til at regionen samla sett legg til rette for tilstrekkeleg og variert bustadbygging. Regionale bustadbehovsanalysar kan òg vere til hjelp for kommunar som manglar kapasitet eller kompetanse i planlegginga.
Regjeringa vil sørgje for at fylkeskommunane får eit betre kunnskapsgrunnlag for å gjennomføre regionale bustadbehovsanalysar, og leggje betre til rette for at fylkeskommunane kan støtte opp om arbeidet i kommunane. Det kan danne eit betre kunnskapsgrunnlag for bustadbehovsanalysane til kommunane. Regjeringa har gjort tydeleg i dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging at fylkeskommunen skal rettleie og hjelpe kommunane i samfunns- og arealplanlegginga. Regjeringa forventar vidare at fylkeskommunane og statsforvaltarane skal hjelpe kommunar som manglar tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet i planlegginga, slik at dei får løyst planoppgåvene på ein formålstenleg måte. Regionale plannettverk er eit viktig tiltak for kompetanseutvikling i kommunane. Regjeringa vil òg ta initiativ til et samarbeid med fylkeskommunane i Oslo og Akershus der ein ser på det samla behovet for bustadbygging i kommunane i regionen.
7.4.4 Gjenreise og fornye Husbanken
Rolla til Husbanken har endra seg betydeleg sidan 1946, då Husbanken blei oppretta for å byggje opp landet etter krigen. Formålet til Husbanken har vore, og skal framleis vere, å setje den statlege bustadpolitikken ut i livet. Når regjeringa no foreslår nye innsatsområde og prioriteringar for bustadpolitikken, må desse speglast i samfunnsoppdraget til Husbanken. Samfunnsoppdraget er i dag å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, og bidra til at vanskelegstilte kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Skal kommunane lukkast med ein heilskapleg bustadpolitikk, treng dei støtte, råd og rettleiing utover det bustadsosiale området.
På nokre område har Husbanken dei siste åra fått ei forsterka rolle i å gi bustadpolitisk støtte til kommunane som går breiare enn det bustadsosiale arbeidet og rettar seg mot fleire målgrupper enn vanskelegstilte eller sårbare grupper på bustadmarknaden. Dette gjeld innanfor bustader i distrikta, bustader til eldre og energieffektivisering av kommunalt eigde bustader.
Regjeringa vil gi Husbanken eit utvida og fornya samfunnsoppdrag. Husbanken vil frå 2025 få somsamfunnsoppdrag å førebyggje at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden, bidra til at fleire kan skaffe seg og behalde ein eigna bustad og støtte kommunane i deira bustadpolitiske arbeid.
Sjølv om Husbanken med dette nye samfunnsoppdraget får eit utvida ansvarsområde, skal vanskelegstilte på bustadmarknaden framleis ha førsteprioritet. Husbanken har til oppgåve å
forvalte økonomiske ordningar. Dette inneber å vere ein sikker og effektiv forvaltar av økonomiske ordningar, blant anna gjennom å ha sikre og effektive system for saksbehandling og gjennom å evaluere ordningane og foreslå forbetringar;
støtte kommunane fagleg i det bustadpolitiske arbeidet deira. Dette inneber blant anna å gi råd og rettleiing om dei økonomiske verkemidla i bustadpolitikken og å vidareutvikle verktøy og metodar for bustadpolitiske tiltak. Husbanken skal òg spreie gode erfaringar og kunnskap mellom kommunar;
utvikle og formidle kunnskap om bustadpolitikk. Dette inneber blant anna å bidra til kunnskap om lokale bustadmarknader, både i distrikt og i pressområde, kunnskap om korleis leigemarknaden fungerer, og om utviklinga i omfanget av, samansetjinga av og kjenneteikna ved vanskelegstilte på bustadmarknaden både på nasjonalt og på lokalt nivå, kunnskap om kva utfordringar vanskelegstilte møter, og kva faktorar som bidreg til at folk blir vanskelegstilte på bustadmarknaden (førebyggingsperspektivet), og kunnskap om kva ein god busituasjon har å seie for andre velferdsområde;
gi faglege råd og analyser til departementet som grunnlag for politikkutvikling;
vere ein digital pådrivar for nye brukarretta løysingar og arbeide aktivt for at digitale løysingar skal leggje til rette for god og effektiv oppgåveløysing og bidra til at brukarane får eit enklare møte med Husbanken.
Husbanken si rolle i å samordne det bustadsosiale arbeidet på tvers av sektorar vil framleis vere viktig. Det tverrsektorielle arbeidet for å redusere bustadløyse og å sjå bustad og tenester meir i samanheng har gitt gode resultat over tid. Erfaringane og kunnskapen frå tidlegare nasjonale strategiar og innsatsar blir viktige å ta med seg i ein vidare forsterka innsats.
7.4.5 Husbanken får nye oppgåver for å støtte kommunane i det bustadpolitiske arbeidet deira
I dei seinare åra har ei sentral oppgåve for Husbanken vore å hjelpe kommunane i arbeidet med vanskelegstilte på bustadmarknaden. Vanskelegstilte på bustadmarknaden skal framleis vere førsteprioriteten til Husbanken, men i tillegg vil regjeringa at Husbanken skal støtte opp om det heilskaplege bustadpolitiske arbeidet i kommunane. Med eit utvida samfunnsoppdrag skal Husbanken støtte kommunane med analysar og rettleiing av dei samla utfordringane kommunane står overfor på bustadmarknaden, korleis kommunane mest effektivt kan møte utfordringane, og korleis staten eventuelt skal bidra.
Regjeringa er oppteken av at kommunane har dei føresetnadene og rammevilkåra dei treng for å kunne ta ei aktiv bustadpolitisk rolle ut frå lokale forhold, prioriteringar og nasjonale mål. Kommunane må føre ein heilskapleg bustadpolitikk som tek omsyn til heile befolkninga. Dei treng ein stat som støttar dei i arbeidet.
Regjeringa vil gi Husbanken ei utvida nasjonal kunnskapsrolle. Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for vidare utvikling av bustadpolitikken, få eit betre kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle dei bustadpolitiske verkemidla og styrkje opplæringa, rettleiinga og rådgivinga for kommunane.
Regjeringa vil forsterke og vidareutvikle Husbankens rolle som fagleg støttespelar gjennom å gi råd, rettleiing og opplæring til kommunane. Regjeringa vil blant anna vurdere om Husbanken skal få ei større rolle i å støtte kommunane i deira bustadplanlegging.
Fleire kommunar har den siste tida sett i gang prosjekt kor dei prøver ut alternative bustadmodellar og «ikkje-kommersielle» løysingar. Det er behov for meir kunnskap om slike løysingar. Husbanken skal vurdere korleis dei kan støtte opp om alternative bustadmodellar som kommunar og andre aktørar etablerer, blant anna gjennom tilskot til bustadtiltak.
Husbanken har dei siste åra styrkt det distriktretta arbeidet. Med nytt samfunnsoppdrag blir dette arbeidet forsterka ytterlegare. Husbanken skal støtte distriktskommunar i det bustadpolitiske arbeidet deira. Husbanken skal fremje nye samarbeidsformer og gjere forsøk med nye verkemiddel for å auke tilgangen på eigna bustader. Tilskot til bustadtiltak og arbeidet med bygdevekstpilotar er sentrale verkemiddel for å fremje forsøk. Husbanken skal dokumentere kva som verkar, og i samarbeid med Distriktssenteret sikre at kunnskap og erfaringar blir delte på tvers av kommunar.
7.4.6 Husbanken får ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden
Leigemarknaden har fått for lita merksemd gjennom mange år, og regjeringa vil fornye leigemarknadspolitikken. Det er nødvendig å jobbe systematisk med å styrkje kunnskapsgrunnlaget, og regjeringa vil gi Husbanken ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden. Fagrolla handlar om å sørgje for solid, relevant og heilskapleg kunnskap om leigemarknaden, der dei juridiske og økonomiske verkemidla blir sett i samanheng. Husbanken skal ha kunnskap om aktørane på leigemarknaden og støtte kommunane i å utøve dei ulike funksjonane dei har på leigemarknaden.
Fagrolla vil innebere å sørgje for eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om korleis leigemarknaden fungerer, blant anna når det gjeld buforhold og bumiljø, mekanismar for prisdanning, kvar det er marknadssvikt, og korleis funksjonsmåten i leigemarknaden påverkar og blir påverka av ulikskap i inntekt og formue. Det er òg behov for systematisert kunnskap om regionale variasjonar, distriktutfordringar og utfordringar i pressområde. Husbanken skal sørgje for kunnskap om aktørane på leigemarknaden og korleis leigemarknaden fungerer for leigarar og utleigarar.
7.4.7 Husbanken treng eit sterkt regionalt ledd for å gi kommunane heilskapleg bustadpolitisk støtte
Ei sentral oppgåve for Husbanken er å støtte kommunane i deira heilskaplege bustadpolitiske arbeid. Husbanken kjenner lokale bustadmarknader, og har lang erfaring med å støtte opp om kommunane sitt arbeid. Særleg gjennom låneforvalting har Husbanken verdifull kunnskap i korleis kommunane kan samarbeide med utbyggjarar og utleigarar. For å gi kommunane best mogleg støtte, treng Husbanken ei regional førstelinje som er tett på kommunane og har god bustadpolitisk kompetanse.
I 2021 blei det iverksett eit forsøk med overføring av oppgåver frå Husbanken til statsforvaltarane. Forsøket blir avslutta 1. september 2024, og har gitt nyttige erfaringar med ulike måtar å organisere staten på for å oppnå ulike synergieffektar i bustadpolitikken. Menon Economics har evaluert forsøket.24 Hovudkjelda for informasjon er spørjeundersøkingar til, og intervju med, tilsette i Husbanken, statsforvaltarembeta og kommunar i og utanfor forsøksområdet. Statsforvaltarembeta i forsøket melder om at dei gjennom forsøket styrkte sitt tverrsektorielle arbeid med bustadsosiale spørsmål. Samtidig opplevde Husbanken eit svekt fagmiljø, blant anna som følgje av mindre dialog med kommunar. Evalueringa av forsøket kan ikkje dokumentere gevinstar i tråd med måla om samordning og effektivitet.
Regjeringa vil tilbakeføre oppgåvene til Husbanken frå statsforvaltarane når forsøket er ferdig. Med tilbakeføring vil Husbanken ha sine oppgåver samla i sitt regionale ledd, og kan i større grad sjå rettleiing og låne- og tilskotsforvaltinga i samanheng. Dette rustar Husbanken slik at dei kan gjere ein god jobb ut mot kommunane, utbyggjarar, utleigarar og andre aktørar som bidreg til bustadpolitisk måloppnåing, og som passar med Husbankens nye samfunnsoppdrag. Regjeringa er òg oppteken av å sikre ei desentralisert organisering av Husbanken.
Statsforvaltarane vil framleis ha ei viktig rolle i den bustadsosiale politikken. Frå og med juli 2023 tredde ei ny lov om kommunane sitt bustadsosiale ansvar i kraft, der statsforvaltarane er klageinstans. Statsforvaltarane har fleire velferdspolitiske oppgåver som heng saman med det bustadsosiale arbeidet, og må derfor framleis bidra til at staten opptrer samordna overfor kommunane på feltet. Husbanken og statsforvaltarane skal halde fram med god dialog og samarbeid, og skal bruke dei nyttige erfaringane frå forsøket til å vidareutvikle dette viktige samarbeidet.
Fotnotar
Ludvigsen mfl. (2023)
Ludvigsen mfl. (2023)
Barlindhaug mfl. (2014b)
Benedictow mfl. (2022b)
Gran mfl. (2023)
Hanssen (2018)
NOU 2020: 15 Det handler om Norge – Bærekraft i hele landet – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene
Gran mfl. (2023)
Gran mfl. (2023)
Bing Hodneland (2017)
Gran mfl. (2023)
Barlindhaug mfl. (2014b)
Gran mfl. (2023)
Pedersen mfl. (2022a)
Ludvigsen mfl. (2023)
Pedersen mfl. (2022a)
Osnes (2023)
NOU 2016: 12 Ideell opprydding – Statlig dekning av ideelle organisasjoners historiske pensjonskostnader
NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører
Trondheim kommune (2023)
Medby mfl. (2012)
Medby mfl. (2012)
Westberg mfl. (2024)
Westberg mfl. (2024)