8 Økonomiske og administrative konsekvensar
Meldinga om ein heilskapleg bustadpolitikk gir mål og innsatsområde for åra framover. Det overordna målet er at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet. Tiltaka som er lagde fram under dei fire innsatsområda, støttar opp om dette målet. Fleire av tiltaka er nyleg vedtekne av Stortinget, mens andre peiker på kva regjeringa vil prioritere framover. Tiltak som er nye, vil følgje ordinære prosessar for budsjett og regelverksendringar. Nedanfor følgjer ein omtale av konsekvensar av nye tiltak.
Tiltak under innsatsområde 1: Fleire skal få høve til å eige eigen bustad
Etterspurnaden etter startlån vil truleg auke noko som følgje av forsøksordninga og endringar i regelverket. Låneramma til Husbanken vil bli fastsett i dei årlege budsjettprosessane. Dersom det blir gjort endringar i burettslagslova og eigarseksjonslova for å leggje til rette for bustadkjøpsmodellar, vil konsekvensane av desse endringane bli gjorde greie for i ein tilhøyrande proposisjon.
Tiltak under innsatsområde 2: Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg
Dersom det blir gjort endringar i husleigelova, vil konsekvensar av desse endringane bli gjorde greie for i ein tilhøyrande proposisjon. Endringar i forskrift om lån frå Husbanken kan innebere ein høgare etterspurnad, men nye krav kan òg dempe etterspurnaden noko. Låneramma til Husbanken vil bli fastsett i dei årlege budsjettprosessane. Informasjonsarbeid, utvikling av statistikk og forsking er tiltak som vil krevje meir ressursar, men vil bli gjennomførte innanfor gjeldande rammer og ha forholdsvis små administrative konsekvensar.
Tiltak under innsatsområde 3: Ta vare på dei bustadene vi har, og byggje dei vi treng
Nokre av tiltaka handlar om å styrkje tilskot og budsjettpostar som Stortinget nyleg har vedteke. Ein del av tiltaka handlar om moglege regelverksendringar i plan- og bygningslovgivinga og låneordningane til Husbanken, og eventuelle konsekvensar av slike endringar vil bli gjorde greie for i ordinære prosessar. Det kan vere økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane, byggjenæringa og andre aktuelle partar. Tiltaka som omhandlar kunnskapsutvikling, datatilgang, rettleiing og samarbeid, har avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar og vil bli handterte innanfor dei gjeldande økonomiske rammene. Digitalisering av plan- og byggjesaksprosessane har økonomiske konsekvensar for stat, kommune og næring. For kommunane, byggjenæringa og andre brukarar av regelverket vil digitaliseringa gi gevinstar.
Tiltak under innsatsområde 4: Forsterka innsats for dei som ikkje klarer å skaffe seg eller behalde ein eigna bustad sjølve
Tiltak som handlar om at Husbanken skal støtte opp om det bustadsosiale arbeidet i kommunane, vil krevje noko auka ressursar frå Husbanken. Auken skal i utgangspunktet dekkjast innanfor dei gjeldande økonomiske rammene. Dersom alle kommunar tek i bruk systemet for kommunale bustader og bustadsosialt arbeid (Kobo), vil det ha økonomiske og administrative konsekvensar for Husbanken. Desse konsekvensane vil bli dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene. Dei kommunane som tek i bruk Kobo, vil få gevinstar med det nye systemet og vil truleg måtte endre noko på innretninga av det bustadsosiale arbeidet sitt. Ei eventuell vidareutvikling av Kobo kan ha både økonomiske og administrative konsekvensar som må behandlast i dei ordinære budsjettprosessane.
Tiltak under Rolla til det offentlege – å styrkje rolla til kommunane og gjenreise og fornye Husbanken
Dersom det blir gjort endringar i plan- og bygningslova for å gi kommunane større moglegheit til å styre bustadsamansetjinga, vil konsekvensar av desse endringane bli gjorde greie for i ein tilhøyrande proposisjon. Husbanken har fått nye oppgåver sidan regjeringa tiltredde. Desse blir dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene. Det kan bli aktuelt å gi Husbanken enda fleire oppgåver, særleg dersom behovet i kommunane tilseier det. Regjeringa vil i så fall kome tilbake til saka i dei ordinære budsjettprosessane.
Tilbakeføring av oppgåver frå statsforvaltarane i Vestland, Rogaland og Nordland til Husbanken vil innebere overføring av tilhøyrande ressursar og tilsette. Overføringa blir gjennomført innanfor uendra samla budsjettrammer til formålet, og økonomiske konsekvensar vil bli behandla i dei ordinære budsjettprosessane. Overføringa må følgje lov og avtaleverk som gjeld for det statlege tariffområdet og innanfor gjeldande rettleiing og retningslinjer for Personalpolitikk ved omstillingsprosessar som er utarbeidd av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i samråd med hovudsamanslutningane.