2 Bakgrunnen for lovframlegget og høyringa
2.1 Bakgrunnen for framlegget
Konkursrådet utarbeidde i 2002 eit høyringsnotat med ulike framlegg om rasjonalisering av konkurshandsaminga ved auka bruk av elektronisk kommunikasjon og redusert bruk av brev og aviskunngjeringar. Konkursrådet hadde erfart at særleg i bu med lite midlar står kostnadene til å dekkje porto og annonsering i mishøve til dei samla midlane i buet. Det er fleire opplysningar som etter konkurslova skal kunngjerast i Norsk Lysingsblad og i ei avis som er alminneleg lesen på staden. Ved bruk av elektronisk kunngjering kan kostnadene reduserast. Bustyraren skal sende ei rekkje meldingar til fordringshavarane som ledd i handsaminga av buet. Med stadig aukande portotakstar krev dette mykje ressursar, særleg i bu med mange fordringshavarar.
Den 20. desember 2002 sende Finans- og tolldepartementet ut eit høyringsnotat med framlegg om mellom anna å gjere Konkursregisteret til tilknytt register til Einingsregisteret. Ved kgl. res. 29. august 2003 blei Einingsregisteret ført over frå Finans- og tolldepartementet til Nærings- og handelsdepartementet. Det blei difor Nærings- og handelsdepartementet sitt ansvar å følgje opp framlegga i høyringsnotatet frå Finans- og tolldepartementet. Framlegget er omtalt i Ot.prp. nr. 80 (2003-2004) Om lov om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover punkt 3.3. Her blir det mellom anna peikt på at løysinga i dag der Einingsregisteret berre har informasjon om konkursar i dei einingane som er registrerte i Føretaksregisteret, og ikkje andre einingar, er uheldig.
2.2 Høyringa av framlegget om rasjonalisering av buhandsaminga ved auka bruk av elektronisk kommunikasjon
Konkursrådets høyringsnotat blei sendt på høyring av Justisdepartementet 13. november 2002. Høyringsfristen var 14. februar 2003. Departementet tok ikkje sjølv stilling til realitetane i framlegget før det blei sendt på høyring. Høyringsnotatet blei sendt til følgjande instansar:
Departementa
Datatilsynet
Brønnøysundregistra
Det kriminalitetsforebyggende råd
Konkursrådet
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Skattedirektoratet
ØKOKRIM
Høgsterett
Lagmannsrettane
Bergen byfogdembete
Stavanger byfogdembete
Trondheim byfogdembete
Oslo skifterett og byskriverembete
Haugesund tingrett
Inderøy tingrett
Larvik tingrett
Nord-Østerdal tingrett
Salten tingrett
Sandefjord tingrett
Sandnes tingrett
Sarpsborg tingrett
Søre Sunnmøre tingrett
Tinn og Heddal tingrett
Vardø tingrett
Voss tingrett
Ytre Follo tingrett
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Den norske Revisorforening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Gjeldsoffer-Alliansen
Handelshøyskolen BI
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
Norges kemner- og kommunekassererforbund
Leieboerforeningen
Norges Rederiforbund
Norges Kommunerevisorforbund
Norske Inkassobyråers Forening
Norske Sivilingeniørers Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Skattefogdenes Landsforening
Sparebankforeningen i Norge
Stiftelsen Norsk Konkursfond
Styreakademiet - Norsk Forening for Styrearbeid
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø
Følgjande instansar har kome med merknader til høyringsnotatet:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Finansdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Arbeidsdirektoratet
Arbeidstilsynet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Domstoladministrasjonen
Skattedirektoratet
Sandefjord tingrett
Trondheim tingrett
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Den norske Revisorforening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Norske Inkassobyråers Forening
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Norges Rederiforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Sparebankforeningen i Norge
Finansnæringens Hovedorganisasjon og Sparebankforeningen i Norge har utarbeidd ei sams høyringsfråsegn.
Fleirtalet av høyringsinstansane stilte seg positive til hovudtanken om rasjonalisering av konkurshandsaminga ved bruk av elektronisk kommunikasjon. Men somme sider ved framlegga møtte kritikk. Nokre høyringsinstansar meinte at forslaget i høyringsnotatet ikkje tok nok omsyn til personvernet. Fleire høyringsinstansar gjekk òg imot at det ikkje lenger var foreslått nokon ufråvikeleg plikt til å rykkje kunngjeringsannonsar inn i ei avis som er alminneleg lesen på staden.
Departementet har etter høyringa drøfta med Brønnøysundregistra, Datatilsynet, Domstoladministrasjonen og Konkursrådet kva for løysingar ein kan finne på desse spørsmåla.
2.3 Høyringa av framlegget om endringar i føretaksregisterlova og einingsregisterlova
Finans- og tolldepartementet sende 20. desember 2002 ut eit høyringsbrev med framlegg til endringar i føretaksregisterlova og einingsregisterlova.
Høyringsnotatet blei sendt til følgjande instansar:
Departementa
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Konkurransetilsynet
Konkursrådet
Kredittilsynet
Noregs Bank
Riksrevisjonen
Skattedirektoratet
Statistisk Sentralbyrå
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
ØKOKRIM
Det juridiske fakultet, Universitet i Bergen
Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø
Aksjonærforeningen i Norge
Den norske Revisorforening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Gjeldsoffer-Alliansen
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Handelshøyskolen BI
Landslaget for Regnskapskonsulenter
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening
Norges Kemner- og Kommunekassererforbund
Norges Kommunerevisorforening
Norsk Bedriftsforbund
Norske Inkassobyråers Forening
Norske Kredittopplysningsbyråers Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oslo Børs
Skattefogdenes Landsforening
Skatterevisorenes Forening
Sparebankforeningen i Norge
Stiftelsen Norsk Konkursfond
Av desse høyringsinstansane har 26 instansar svart. Følgjande instansar hadde ingen merknader:
Barne- og familiedepartementet
Fiskeridepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og sosialdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Landbruksdepartementet
Miljøverndepartementet
Utdannings- og forskingsdepartementet
Kredittilsynet
Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring
Den norske Revisorforening
Følgjande instansar hadde merknader til framlegget:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Justisdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Datatilsynet
Forbrukarrådet
Konkurransetilsynet
Noregs Bank
Rikstrygdeverket
Skattedirektoratet
Statistisk Sentralbyrå
Finansnæringens Hovedorganisasjon og Sparebankforeningen i Norge
Landslaget for Regnskapskonsulenter
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening
Næringslivets Hovedorganisasjon.