Ot.prp. nr. 108 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.)

Til innhaldsliste

8 Konkursregisteret som tilknytt register til Einingsregisteret mv.

8.1 Registrering av konkursbu i Einingsregisteret og Konkursregisteret

8.1.1 Innleiing

I eit høyringsnotat utarbeidd av Brønnøysundregistra som Finansdepartementet sende på høyring 20. desember 2002, blei det føreslått endringar i reglane om Føretaksregisteret og Einingsregisteret. Dette gjaldt mellom anna endringar i reglane om registrering av konkursbu i Einingsregisteret. Ved kongeleg resolusjon 29. august 2003 blei Einingsregisteret overført frå Finansdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet. Nokre av forslaga i høyringsnotatet blei følgde opp i Ot.prp. nr. 80 (2003-2004) Om lov om endringer i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak og i enkelte andre lover. Eit framlegg i høyringsnotatet om å gjere Konkursregisteret til tilknytt register til Einingsregisteret blei utsett til proposisjonen her, av di det har samanheng med dei endringane i konkurslova som elles blir foreslått i proposisjonen her.

Konkursregisteret er i dag ikkje eit tilknytt register til Einingsregisteret, og reglane om registrering av konkursbu i Einingsregisteret og Konkursregisteret er dermed ikkje tilpassa kvarandre. Ordninga for registrering av konkursbu er difor meir tungvint enn naudsynt. Om Konkursregisteret blir gjort til eit tilknytt register, vil det ha fleire føremoner. Ein ville kunne oppnå både eintydig identifisering av konkursbua og enklare handsaming av bua.

Eit konkursbu oppstår som ein eigen juridisk person ved opninga av konkursen. Buet vil kunne pådra seg rettar og pliktar, til dømes i form av avgiftsplikt for omsetning etter opning av konkurs. Pådrar buet seg slik avgiftsplikt, må konkursbuet bli registrert med eige organisasjonsnummer i meirverdiavgiftsmanntalet. Organisasjonsnummeret blir tildelt av Einingsregisteret. Konkursbuet og konkursskyldnaren er to ulike registreringseiningar.

8.1.2 Gjeldande rett

På grunnlag av melding frå tingretten etter konkurslova § 79 første ledd blir opplysningar om konkursbuet registrert i Konkursregisteret. Heimelen for denne registreringa er konkurslova § 144. Konkursbuet er ei registreringseining etter lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret § 4 første ledd bokstav b, og har dermed registrerings rett i Einingsregisteret, jf. einingsregisterlova § 12 andre ledd og forskrift 9. februar 1995 nr. 114 om registrering av juridiske personer m.m. i Enhetsregisteret § 8. Plikt til registrering i Einingsregisteret oppstår som ei følgje av plikt til registrering i tilknytt register, jf. einingsregisterlova § 4.

Eit konkursbu er avgiftspliktig for omsetning og uttak etter opninga av konkurs, i den utstrekning avgiftsplikta ville liggje føre på skyldnarens hand, jf. lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 10 første ledd. Tilsvarande har konkursbuet rett til frådrag for inngåande avgift som oppstår ved kjøp av varer og tenester etter opning av konkurs, jf. meirverdiavgiftslova § 21. Pådrar buet seg avgiftsplikt, skal konkursbuet registrerast med eige organisasjonsnummer i Meirverdiavgiftsmanntalet. Meirverdiavgiftsmanntalet er eit tilknytt register til Einingsregisteret, jf. einingsregisterlova § 2 bokstav b nr. 4.

Konkursbuet og konkursskyldnaren er to ulike avgiftssubjekt (registreringseiningar). Konkursbuet skal difor alltid bli registrert på eit eige registreringsnummer (organisasjonsnummer) i Meirverdiavgiftsmanntalet, jf. meirverdiavgiftslova § 28. Buet sin registreringsplikt i Meirverdiavgiftsmanntalet er uavhengig av beløpsgrensa i meirverdiavgiftslova § 28 første ledd, om skyldnaren før opning av konkursen var registreringspliktig i Meirverdiavgiftsmanntalet, jf. meirverdiavgiftslova § 28 andre ledd. Etter at meirverdiavgiftsplikta er utvida til å omfatte også dei fleste tenester, vil difor dei fleste konkursbu bli registrert i Einingsregisteret på grunnlag av registreringsplikt i Meirverdiavgiftsmanntalet.

For konkursbu vil det også kunne oppstå registreringsplikt i Einingsregisteret på grunnlag av plikt til registrering i arbeidsgivardelen av Arbeidsgivar-/ Arbeidstakarregisteret. Arbeidsgivardelen er tilknytt register til Einingsregisteret, jf. einingsregisterlova § 2 bokstav b nr. 1. Buet vil kunne trenge registrering som arbeidsgivar både i dei tilfella der konkursbuet fortsetter verksemda til skyldnaren etter konkursopninga, og i dei tilfella der konkursskyldnaren hadde tilsette, og desse har lønnskrav som skal bli dekt av buet.

Dei konkursbua som ikkje er registreringspliktige i Meirverdiavgiftsmanntalet eller som arbeidsgivarar, vil i dag i ikkje bli registrerte i Einingsregisteret, utan etter eige ønskje.

Registrering av konkursbu i Einingsregisteret må gjerast av bustyraren, ved at denne sender melding til Einingsregisteret. Ved førstegongsregistrering av konkursbuet må det vere vedlagt dokumentasjon som viser at eininga er oppretta eller stifta, jf. einingsregisterlova § 8, jf. einingsregisterforskrifta § 16.

8.1.3 Framlegget i høyringsnotatet

Det heiter i Brønnøysundregistras høyringsnotat på s. 19-21 mellom anna:

«Entydig identifisering

I en situasjon der Konkursregisteret er tilknyttet register vil alle konkursbo bli entydig identifisert, ved tildeling av organisasjonsnummer, jf. enhetsregisterloven § 9. En viktig forutsetning i arbeidet for å oppnå effektiv utnyttelse og samordning av opplysninger som innhentes og registreres av statlige etater, er at registreringsenhetene i de ulike registrene blir identifisert på en måte som er unik og felles for registrene. I tillegg vil det være en stor fordel for registreringsenhetene selv å ha ett identifikasjonsnummer å forholde seg til. Utbredelsen av organisasjonsnummeret som identifikator anses som et viktig element i arbeidet med å legge til rette for elektronisk innrapportering til forvaltningen.

Det presiseres at konkursdebitor ikke anses som en egen registreringssenhet i Konkursregisteret (...) Dette innebærer at åpning av konkursen ikke medfører registreringsplikt for disse enhetene i Enhetsregisteret.

Utvidelse av registreringsplikten

Konkursregisteret som et tilknyttet register vil innebære at alle konkurs- og tvangsavviklingsbo blir registrert i Enhetsregisteret, jf. enhetsregisterloven § 4 første ledd bokstav b. I tillegg må Konkursregisteret melde fra til Enhetsregisteret om endringer som omfattes av enhetsregisterloven §§ 5 andre ledd og 6, for eksempel endring av bostyrer. En ulempe ved en slik ordning vil være at det vil oppstå en noe mer omfattende registreringsplikt for konkurs- og tvangsavviklingsbo, samt at bostyrer må melde endringer i de registrerte opplysninger til Enhetsregisteret eller til Konkursregisteret.

Dersom debitor før konkursåpningen var registreringspliktig i merverdiavgiftsmanntallet, vil også boet være registreringspliktig, uavhengig av beløpsgrensen i mval § 28 første ledd, jf. mval § 28 annet ledd. De fleste konkursbo vil følgelig også i dag ha registreringsplikt i Enhetsregisteret (...) Den reelle utvidelse av registreringsplikten ved at Konkursregisteret blir et tilknyttet register, vil derfor kun gjelde for bo der debitor før konkursen ikke hadde registreringsplikt i merverdiavgiftsmanntallet.

(...)

Forenkling av bobehandlingen

Etter enhetsregisterloven § 13 er det (...) enheten selv som har meldeplikt ved førstegangsregistrering i Enhetsregisteret. Enhetsregisteret har per i dag strengt tatt ikke hjemmel til å registrere opplysninger om enheter på grunnlag av melding fra skifteretten eller fra Konkursregisteret. Konkursregisteret som tilknyttet register vil medføre forenkling og rasjonalisering av bostyrers rutiner ved bobehandlingen, i det bostyreren da vil slippe å sende melding om nyregistrering av konkursbo til Enhetsregisteret.»

8.1.4 Høyringsfråsegnene

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, er positive til at Konkursregisteret blir gjort til eit tilknytt register. Dette gjeld: Nærings- og handelsdepartementet, Forbrukarrådet, Skattedirektoratet, Statistisk Sentralbyrå, Noregs Bank, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Landslaget for Regnskapskonsulenter og Næringslivets Hovedorganisasjon . Datatilsynet peiker på at ein må ta omsyn til personvernrelaterte spørsmål når ein vurderer kven som skal ha tilgang til opplysningane. Forbrukarrådet uttaler:

«Lovforslaget vil styrke informasjonsflyten mellom registrene, noe som vil bidra til en mer effektiv utnyttelse av registrene og bedre kvalitet på de data som finnes i Enhetsregisteret.»

8.1.5 Departementets vurderingar

Justisdepartementet foreslår å følgje opp framlegget i høyringsnotatet 20. desember 2002, ved at Konkursregisteret blir føyd til på lista over tilknytte register i einingsregisterlova § 2 bokstav b.

8.2 Endringar i konkurslova som følgje av framlegget om å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register

8.2.1 Innleiing

Regelverket er i dag noko uklart når det gjeld definisjonen av registreringseininga i Konkursregisteret. Konkurslova § 144 fastset at «[p]ersoner, foretak, stiftelser og andre sammenslutninger som slås konkurs, samt aksjeselskaper og allmennaksjeselskaper som tvangsavvikles etter konkurslovens regler, kan registreres i et sentralt register».

Konkurslova § 144 er formulert slik at konkursskyldnaren skal vere registreringseining. Ut frå konkursregisterforskrifta kan det like gjerne vere konkursbuet som skal vere registreringseining. Dersom Konkursregisteret skal bli tilknytt register til Einingsregisteret, er det viktig at det er eintydig kva for ei eining som skal registrerast i Einingsregisteret. Sjølve grunnlaget for registrering i Konkursregisteret er konkursopninga. Den nye eininga som oppstår i denne samanhengen, er konkursbuet. Det er opprettinga av konkursbuet som fører med seg registreringsplikt i Konkursregisteret, og også i Einingsregisteret.

Eit sentralt moment i grunngivinga for framlegget om å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register, er behovet for eintydig identifikasjon av alle konkursbu. Dersom alle konkursbu skal tildelast organisasjonsnummer, må alle konkursbu ha registreringsplikt i Einingsregisteret. Dersom konkursbuet blir registreringseining i Konkursregisteret, medfører det slik registreringsplikt dersom Konkursregisteret blir tilknytt register.

Motsett inneber ei ordning der konkursskyldnaren blir registreringseining i Konkursregisteret at alle konkursskyldnarar blir registreringspliktige i Einingsregisteret, jf. einingsregisterlova § 4. Det ville bety at ein måtte tildele organisasjonsnummer til – og registrere i Einingsregisteret – til dømes alle privatpersonar som går konkurs. Slik registrering fell utanfor formålet til Einingsregisteret.

8.2.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet blei det foreslått enkelte endringar i konkurslova i samband med framlegget om å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register. Det blei foreslått ei endring i konkurslova § 144 for å slå fast at det er konkursbuet som er registreringseining i Konkursregisteret. Det blei òg foreslått å ta inn ein eigen heimel for å kunne registrere sentrale opplysningar om konkursskyldnaren.

Konkurslova § 144 inneheld jamvel føresegner om registrering av opplysningar om konkurskarantene i Konkursregisteret. For å unngå misforståingar om personar som har konkurskarantene, skal registrerast i Einingsregisteret, jf. einingsregisterlova § 4 andre ledd, blei det føreslått å ta inn ei føresegn i konkursregisterforskrifta om at slike personar uttrykkeleg blir unntatt frå registrering i Einingsregisteret.

I høyringsnotatet blei det presisert at dei foreslåtte endringane ikkje ville påverke nemnande kva for opplysningar som blir registrerte i Konkursregisteret, eller korleis dei blir nytta. Det skal framleis vere mogeleg å søkje etter opplysningar i Konkursregisteret ved å bruke organisasjons- eller fødselsnummeret til konkursskyldnaren.

8.2.3 Høyringsfråsegnene

Ingen av høyringsinstansane har hatt innhaldsmessige merknader til framlegga.

8.2.4 Departementets vurderingar

Justisdepartementet foreslår å følgje opp framlegget om at det er konkursbuet som skal vere registereining i Konkursregisteret. Men departementet ser ikkje noko behov for å ta inn ein heimel til å registrere sentrale opplysningar om skyldnaren, fordi slik heimel alt finst i konkurslova § 144 første ledd andre til fjerde punktum.

Departementet foreslår i proposisjonen her endringar i konkurslova § 144 første ledd, slik at kvart konkursbu og tvangsavviklingsbu skal bli registrert i Konkursregisteret på sitt eige organisasjonsnummer.

Endringane vil gjere det naudsynt med nokre tilpassingar i konkursregisterforskrifta.

8.3 Sletting av konkursbu i Einingsregisteret

Ved avslutning av konkurs skal retten som hovudregel sørgje for at avslutninga blir registrert i Konkursregisteret, jf. konkurslova § 138 første ledd første punktum. Konkurslova § 138 første ledd andre punktum fastset at om konkurs er endeleg avslutta ved sluttutlodding etter konkurslova § 128, er det bustyraren som skal syte for å gjere merknad om dette i Konkursregisteret. Føraren av Konkursregisteret skal syte for at avslutta buhandsaming blir meldt til Lausøyreregisteret, Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret, jf. konkurslova § 138 andre ledd. Ved avslutning av konkurs etter stadfesting av tvangsakkord, jf. konkurslova § 125, og ved tilbakelevering av buet til skyldnaren, jf. konkurslova § 136, er det opp til skyldnaren om verksemda skal drivast vidare eller ikkje. Dersom konkursbuet eller tvangsavviklingsbuet er registrert i Einingsregisteret, må buet slettast av bustyraren. Bustyraren må sende inn slettemelding, med dokumentasjon for at eininga ikkje lenger eksisterer. Kopi av rettsbok er tilstrekkeleg dokumentasjon.

Blir konkursen avslutta etter innstilling av buhandsaminga, jf. konkurslova § 135, eller etter sluttutlodding og avslutning av buet, jf. konkurslova § 128, må det leverast inn slettemelding for både skyldnaren og for konkursbuet. Meldingane må leverast høvesvis av skyldnaren og av bustyraren.

Det har vist seg i praksis at plikta til å melde slik sletting sjeldan blir følgd. Ved avslutta buhandsaming er det naudsynt å slette både konkursbuet og i visse tilfelle også konkursskyldnaren frå Einingsregisteret. Reglane i konkurslova og i einingsregisterlova bør vere slik at dei sikrar dette.

Einingsregisterlova § 26 inneheld heimel for å slette avslutta einingar. Ei tilsvarande føresegn er gitt i føretaksregisterlova § 7-3. Forholdet mellom føresegnene er regulert i einingsregisterlova § 26 andre ledd. I dei tilfella der tilknytte register i samsvar med særlovgivinga har ansvaret for å slette avslutta einingar, er det det tilknytte registeret, og ikkje Einingsregisteret, som skal slette opplysningane.

Det er viktig at kvaliteten på alle opplysningane Einingsregisteret inneheld, blir sikra. Mellom anna bør einingar som ikkje lenger finst, slettast frå registeret. Ved avslutta buhandsaming er det difor eit behov for å slette konkursbuet i Einingsregisteret.

Dersom Konkursregisteret blir tilknytt register, vil kontrollansvaret for registreringseininga konkursbu liggje hos Konkursregisteret, jf. einingsregisterlova § 15. Føresegna i einingsregisterlova § 26 andre ledd inneber at i dei tilfella der tilknytte register i særlovgivinga har ansvaret for sletting av avslutta einingar, skal ikkje Einingsregisteret utføre slik sletting.

Regelen i einingsregisterlova § 26 byggjer på den føresetnaden at sletting i tilknytte register automatisk medfører sletting også i Einingsregisteret. Slik sett kjem Konkursregisteret til å stå i ei særstilling samanlikna med til dei andre tilknytte registra. Melding til Konkursregisteret om avslutning av buhandsaminga inneber ikkje faktisk sletting frå Konkursregisteret, men må reknast som ei statusopplysning. Slik melding kan difor ikkje danne grunnlag for sletting i Einingsregisteret.

Ut frå systematikken i lovverket blei det i høyringsnotatet uttalt at det er naturleg at sjølve heimelen til å utføre sletting i Einingsregisteret finst i einingsregisterlova. Det blei difor foreslått at einingsregisterlova § 26 skulle få eit nytt tredje ledd om sletting av konkursbu etter melding frå Konkursregisteret om avslutta buhandsaming.

Datatilsynet peiker i høyringa på at når det gjeld spørsmålet om sletting i Einingsregisteret etter avslutning av konkurs, er det frå ein personvernrettsleg ståstad positivt at rutinar for sletting frå dei ulike registra etter avslutning av konkurs blir tydeleg regulerte gjennom endringsframlegget.

Ingen av dei andre høyringsinstansane har hatt merknader til framlegget.

Departementet foreslår at einingsregisterlova § 26 fjerde ledd blir endra slik at ho heimlar sletting av konkursbuet etter avslutning av konkursen. Endringa føreset at endringa i lov 18. februar 2005 nr. 10 vert sett i kraft før endringa her.

Til forsida