9 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget om endringar i kunngjeringsreglane er venta å føre til ei innsparing for det offentlege på 8 millionar kr årleg. Det er venta ei innsparing på 3,5 millionar kr årleg ved avviklinga av annonseringa i Norsk Lysingsblad. Å gå over til aviskunngjering i forkorta form, er venta å gi ei innsparing på 4,5 millionar kr årlig.
Endringane vil gjere det naudsynt med tekniske investeringar og programutvikling og tilpassingar av datasystema til Brønnøysundregistra. Dette vil føre til auka utgifter for staten. Eingongskostnadene er av Brønnøysundregistra rekna til 3,66 millionar kr for å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register til Einingsregisteret, og 1,5 millionar kr for å utvikle og leggje til rette for eit system med eigne busider for konkursbua. Ein ventar difor ein samla utviklingskostnad på 5,16 millionar kr. Brønnøysundregistra legg til grunn at systema teknisk sett kan vere gjennomførte i løpet av 2007. Utviklingskostnadene på ca. 5,16 millionar kr vil delvis kome i 2006 og delvis i 2007. Brønnøysundregistra vil i tillegg utvikle abonnementsordningar i tråd med framlegget innanfor den ordinære budsjettramma mot at registra kan ta betalt til sjølvkost for abonnementa.
I tillegg vil det bli årlege driftskostnader knytt til bruk av den elektroniske løysinga hos Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra har berekna at dei årlege driftskostnadene vil bli på 1,5 millionar kr.
Endringane vil gje innsparingar for konkursbua. Konkursrådet rekna i 2002 med at bu med mange fordringshavarar ville kunne spare 10 000 til 30 000 kr berre i reduserte portoutgifter ved bruk av elektronisk kommunikasjon. Dei sparte midlane kan i staden gå til å dekkje øvrig handsaming av konkursbuet, eller til auka dividende til fordringshavarane. I tillegg til reduksjon av portoutgifter vil framlegget venteleg føre til at bustyrarane får færre og enklare administrative oppgåver i buhandsaminga samanlikna med i dag.
Næringslivet eller private aktørar får elles ikkje nye kostnader eller administrative byrder som følgje av framlegget.