7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget om at kommunar kan overføre burettslagsandelane og bustadseksjonane sine til leigaren utan å utløyse forkjøpsrett, kan bidra til at bustadmassen til kommunen blir utnytta på ein smidigare måte. Kommunen kan sikre at bustadene kjem leigarane til gode. Bebuarane kan dermed bli verande i det same bumiljøet utan å måtte flytte. Kommunen kan på si side bruke kjøpesummen til å kjøpe ein annan kommunal bustad med sikte på å vareta dei bustadsosiale pliktene sine overfor andre.
Andre forslag vil verke klargjerande og kan dermed truleg bidra til færre konfliktar. Ein reknar elles ikkje med at forslaga får vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.