1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Sosial- og helsedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn.
Pensjonstrygda for sjømenn blei skipa ved lov 3. desember 1948 nr. 7. Lova er seinare endra fleire ganger på viktige punkt. Ordninga er no tilpassa folketrygda som ei førtidspensjonsordning frå 60 til 67 år.
Forslaga i denne proposisjonen bygger i hovudsak på NOU 1999:6 Sjømannspensjon og merknadene frå høyringa til denne utgreiinga.
Eit viktig spørsmål for utvalet var val av framtidig pensjonsmodell for sjømenn. Utvalet har greidd ut tre alternative former for førtidspensjon for sjømenn, ei offentleg pensjonsordning, ei privat tenestepensjonsordning og ei AFP-liknande ordning.
Framtidig pensjonsmodell
Sjømannspensjonsutvalet sin konklusjon er at næringa på lengre sikt er best tent med ei forsikringsbasert tenestepensjonsordning, men at ein på kortare sikt fører vidare gjeldande ordning. Utvalet meiner at spørsmålet om ei omlegging først bør vurderast nærmare i om lag 2015.
I høyringsrunden kom det fram at arbeidsgivarane og arbeidstakarorganisasjonane innan offshore gjerne såg ei raskare omlegging. Dei tradisjonelle sjømannsorganisasjonane, Det norske maskinistforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Norsk Sjømannsforbund, går førebels inn for å vidareføre pensjonstrygda.
Sjømannspensjonsutvalet viser til at det blir store overgangsproblem ved å gå frå dagens finansiering av pensjonsutgiftene gjennom utlikning, til ei pensjonsordning der ein skal ha kapitaldekning. Det kan vere vanskeleg å få finansiert større innbetalingar til dekning av rettar som allereie er tente opp, parallelt med premiebetaling til ei fondsbygd ordning.
Utvalet reknar med at det er opptente rettar i ordninga på om lag 10 milliardar kroner. Dette må dekkjast inn ved ei eventuell omlegging til ei privat fondsbasert tenestepensjonsordning. Overslaget er usikkert mellom anna fordi pensjonstrygda ikkje har registrert fartstid før 1975. Av beløpet på 10 milliardar kroner, skal staten dekkje 1,3 milliardar kroner i lovbestemte statstilskott i tillegg til statsgarantien på om lag 3,6 milliardar kroner. Det blir såleis att vel 5 milliardar kroner som det ikkje er dekking for, rekna i nåverdi.
Det er fleire grunnar til at det er betre å vurdere saka på nytt rundt år 2015 enn i dag. Ein reknar med at pensjonstrygda i år 2015 vil ha ein betre balanse mellom utgifter og inntekter. Dei store etterkrigskulla sjømenn frå 1950- og 60-åra vil ha gått over på alderspensjon frå folketrygda. Pensjonstrygda vil dessutan ha registrert all fartstid for sine medlemmer, noko som i dag ikkje gjeld for fartstid før 1975. I år 2015 vil mange sjømannspensjonistar ha nesten fullt utbygde private tilleggsordningar som aukar det samla pensjonsnivået, og ein vil ha vunne erfaring med korleis tilleggsordningane fungerer.
På kortare siktanbefaler utvalet at ein ser på korleis ein innanfor gjeldande pensjonsordning kan gjere ytingane betre for dei som held fram som sjømenn fram til pensjonsalderen i pensjonstrygda.
Departementet følgjer opp fleirtalet i utvalet og høyringsinstansane sin konklusjon om at gjeldande ordning held fram i alle fall til rundt 2015. Da bør ein på ny ta stilling til val av pensjonsmodell. Det blir i mellomtida her lagt fram visse forslag til forenkling og forbetring.
Forslaga i denne proposisjonen går ut på:
Auka pensjon gjennom eit tillegg til dei som er sjøfolk inntil pensjonsalderen i pensjonstrygda
Tillegget blir etter forslaget gitt til dei som held fram i yrket til pensjonsalderen, og som ofte har lite utover pensjonen å leve av. Sjømenn som har ei arbeidsinntekt etter pensjonering på under to ganger grunnbeløpet i folketrygda, vil få tillegget. Dei som mottar pensjon når endringane trer i kraft, skal òg få tillegget (punkt 7).
Yrkesgrupper innan offshore kan etter dispensasjon bli unntatt frå pensjonstrygda
Pensjonstrygda for sjømenn kan høve dårleg for grupper i offshoreverksemda. Når det er semje mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane, blir det foreslått at departementet kan gi dispensasjon til at yrkesgrupper innan offshore blir unntatt frå ordninga. Arbeidstakarane må i tilfelle ha andre pensjonsordningar som departementet finn minst like gode (punkt 8).
Finansiering av tillegget og kompensasjon for mindre inntekter som følgje av forslaget om at yrkesgrupper innan offshore kan bli unntatt frå pensjonstrygda
Innføring av tillegget vil føre til høgare utgifter for pensjonstrygda. Dersom yrkesgrupper innan offshore etter dispensasjon frå departementet blir unntatt frå pensjonsordninga for sjømenn, vil det føre til mindre inntekter dei første åra. Det må likevel takast omsyn til mindre forpliktingar for pensjonstrygda i framtida.
Departementet har desse forslaga til tiltak til finansiering/kompensasjon:
Oppheving av ordninga med å yte pensjon for tid det ikkje er betalt avgift for. Dette gjeld etter forslaget under avtening av verneplikt og for trygdepliktig fartstid mellom 1. juli 1949 og 1. juli 1993 (punkt 9.4.2).
Avvikling av overgangsordninga med å yte låge pensjonar etter fastsatte satsar for fartstid før 1. januar 1967 til den som får pensjon mv. frå folketrygda (punkt 9.4.3).
Avgrensing av høvet til å legge sammen fartstid med tenestetid i andre pensjonsordningar for å fylle minstekravet på 12 ½ år for rett til sjømannspensjon, og oppheving av ordninga med å legge sammen fartstid med tenestetid på skip som ikkje gir pensjonsrett (punkt 9.4.4).
Forslaga til finansiering som er nemnde ovanfor, vil gjere pensjonsordninga for sjømenn enklare å administrere.
Justering av reglane om tilbakekreving etter feilaktig utbetaling og reglane om plikten til å gi opplysningar
Tilsvarande reglar om tilbakekreving og om opplysningsplikt som gjeld i folketrygda, blir foreslått (punkt 11).
Lovtekniske forenklingar
Det blir foreslått enkelte mindre lovtekniske justeringar (punkt 12).