8 Yrkesgrupper innan offshore skal kunne bli unntatt frå pensjonstrygda - lov om pensjonstrygd for sjømenn § 2
8.1 Innleiing
Departementet foreslår at yrkesgrupper innan offshore etter dispensasjon kan få gå ut av pensjonstrygda med framtidig verknad. Dei som blir unntatt, kan få rekna med tenestetid i andre pensjonsordningar for å nå opp til minstekravet på 150 månader for å få alderspensjon frå pensjonstrygda.
Personkrinsen i dagens lovfesta pensjonstrygd for sjømenn er vid. Som hovudregel er norske statsborgarar, personar busett i Noreg og statsborgarar frå andre EØS-land omfatta av pensjonsordninga når dei er arbeidstakarar på skip og visse flyttbare innretningar i sjøen som er innført i norsk skipsregister (NOR eller NIS) med minst 100 bruttotonn (§ 1 nr. 2). Høva for unntak frå pensjonsordninga er avgrensa. På fiske- og fangstfartøy er visse stillingar omfatta av trygda, men ikkje fiskarar.
Sjømannspensjonsordninga har fått utvida personkrinsen opp gjennom åra. Spesialiseringa i skipsfarten har medført at nye yrkesgrupper no er omfatta av ordninga i tillegg til dei tradisjonelle sjømennene. Trygda omfattar også (sidan 1975) arbeidstakarar på visse flyttbare innretningar i boreverksemda etter undersjøiske naturførekomstar som ikkje blir definerte som skip. Omfanget er på fleire punkt vidare enn forpliktingane Noreg har tatt på seg gjennom ILO-konvensjon nr. 71 om pensjoner til sjømenn.
8.2 Bakgrunn. Høyring
Utvalet nemner i NOU 1999:6 Sjømannspensjon at det frå arbeidsgjevarsida har blitt reist spørsmål om at visse yrkesgrupper som i dag er omfatta av trygda, bør få gå ut av den gjeldande ordninga, særleg innan offshore. Det er mellom anna peikt på at dette gjeld grupper med ei avgrensa yrkeskarriere til sjøs, som ofte ikkje vil oppfylle kravet til 150 pensjonsgjevande fartsmånader for rett til pensjon. Det blir òg vist til at mange arbeidstakarar i dag skifter mellom faste installasjonar - der dei ikkje er omfatta av pensjonstrygda for sjømenn - og flytande plattformer - der dei er omfatta. Elles er det peikt på at den obligatoriske medlemskapen i pensjonstrygda for sjømenn avgrensar høva for arbeidsgjevarane til å ta desse arbeidstakarane med i pensjonsordningar som dei finn betre eigna.
På den andre sida har det frå nokre av arbeidstakarorganisasjonane blitt uttrykt ønske om å utvide personkrinsen i pensjonstrygda for sjømenn ved at alle arbeidstakarar på fiskefartøy over 100 bruttotonn (altså også fiskarane) bør vere omfatta av pensjonsordninga for sjømenn. I samband med dette er det vist til at det bør vere samme pensjonsordning for alle arbeidstakarar på samme skip, særleg i havfiskeflåten.
Sjømannspensjonsutvalet meiner at spørsmålet om personkrinsen truleg kan stille seg noko forskjellig alt ettersom kva for ei av dei tre utgreidde pensjonsordningane som blir gjennomført. Dei skriv om dette:
«Mandatet for utvalget legger imidlertid ikke opp til noen drøftelse av personkretsen i en framtidig pensjonsordning for sjømenn. Utvalget er begrenset satt sammen av organisasjoner som representerer tradisjonelle sjøfolk, og det anses derfor korrekt at eventuelle spørsmål om endringer i personkretsen tas opp av de berørte organisasjoner når utvalgets innstilling sendes på høring. Utvalget vurderer derfor ikke disse spørsmålene nærmere. Når det spesielt gjelder spørsmålet om å ta med fiskere, må det dessuten tas hensyn til at det finnes en lovfestet pensjonsordning for denne yrkesgruppen.»
Utvalet uttaler at det etter mandatet kan vurderast om utanlandske sjøfolk bør sikrast særskilt. Utanlandske sjøfolk på norske skip som ikkje er busette i Noreg, er i dag omfatta av pensjonstrygda for sjømenn dersom dei er borgarar i eit EØS-land, eller er busette i eit slikt land. Desse sjøfolka tener opp blant anna også ordinære pensjonsrettar i folketrygda, noko som ikkje er tilfelle for andre utanlandske sjøfolk på norske skip. Utvalet viser til dette og finn ikkje grunn til å vurdere nærmare pensjonering av utanlandske sjøfolk utanfor det som følgjer av Noregs konvensjonsforpliktingar.
I høyringsrunden meiner Rederienes Landsforening at det har lite for seg med ei utviding no når ordninga skal opp til ny vurdering om 15 år. Dei uttaler vidare:
«Dette synes å være en fornuftig løsning, også fordi problemstillingen ikke har vært utredet og man således ikke vet hva en slik endring innebærer.»
Sjømannsorganisasjonaneuttaler at dersom grupper av arbeidstakarar blir tatt ut av ordninga, vil dette kunne gjere økonomien i pensjonstrygda enda dårlegare dei nærmaste åra. Dei ønskjer derfor ikkje denne utviklinga. På den andre sida er organisasjonane positive til å ta inn nye grupper i ordninga. Dei nemner at fiskarane i dag har ei svært dårleg pensjonsordning, og at det med fordel kan vurderast å ta dei med i pensjonstrygda for sjømenn.
Oljearbeidernes Fellessammenslutning (OFS) finn det naturleg at dei gruppene som arbeider på dei flyttbare plattformene, bør bli unntatt frå pensjonsordninga for sjømenn. OFS uttaler til dette:
«...det oppfattes som særdeles urettferdig at våre medlemmer skal være tvunget til å være med å finansiere en ordning som for mange kun vil gi lite, eller ingen rettigheter i trygden i det hele tatt! Og de som ingen ting får, vil kun få refundert en brøkdel av de innbetalte midlene.
En bør ikke glemme at det finnes bedrifter som driver virksomhet både på skip og på land, og hvor arbeidstakerne kanskje ufrivillig vil måtte arbeide under forskjellige pensjonsregimer, i henhold til arbeidsgivers styringsrett, og på den måten miste muligheten til opptjening som gir uttelling på pensjonen.
Derfor må en tjenestepensjon, etter fristilling fra dagens ordning for den gruppen vi representerer, medføre at Staten og fondet tilfører denne ordningen tilstrekkelig midler som vil sikre allerede opptjente rettigheter i trygden.»
Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbund(NOPEF) meiner at offshorebransjen kan få gå ut av gjeldande pensjonstrygd for sjømenn. «Det forutsettes at opptjente rettigheter blir sikret.»
Bakgrunnen for dette er at NOPEF meiner dagens ordning ikkje er eigna for deira bransje.
Dei skriv at å
«gjøre de endringer i dagens ordning slik utvalget foreslår for å sikre verdige pensjoner til dem som har lang fartstid og står i yrket til pensjonsalderen, er i seg selv kanskje nødvendig dersom ordningen beholdes.
Slik sikkerhet har vår næring forhandlet fram lokalt slik at vi ikke vil berøres dersom dagens ordning forbedres på dette området.
I tariffoppgjøret i 1998 ble det avtalt særskilt mellom NOPEF og Norges Rederiforbund at ansatte ved hjelp av et særskilt tillegg de nærmeste år kan pensjoneres med inntil 66 % av tidligere lønn, selv om de ikke har opptjent fulle rettigheter i sjømannspensjonen eller de tilleggspensjonsordninger som tidligere er opprettet. (...)
NOPEF forutsetter at ansatte med tidligere yrkesbakgrunn som sjømenn vil kunne ta med seg sine oppsparte rettigheter fra sjømannspensjonsordningen og over i en eventuell ny ordning som opprettes i offshorebransjen alene. Dette må også forutsettes selv om resten av sjøfolkene fortsetter i dagens ordning fram til år 2015.»
Norges Rederiforbundmeiner at tilsette i teneste på flyttbare innretningar offshore straks bør få gå ut av pensjonstrygda. Dei seier at moglege avviklingskostnader ved å frigi denne gruppa, bør dekkjast av staten/trygda. Dette er etter deira syn rimeleg da denne gruppa truleg har betalt meir inn til trygda enn dei har fått ut.
Rederiforbundet uttaler elles at det er uheldig at grupper innanfor offshore, catering, dykkarservice og seismikk har vore
«...tvunget til å delta i Pensjonstrygden, for å sikre trygdens økonomi og uten selv å få rettigheter av betydning i trygden. Dette har dessuten hindret disse ansatte i å få andre og mer egnede pensjonsordninger, fordi det ikke har vært midler til både å betale avgifter til Pensjonstrygden og til å opprette egne ordninger for disse ansatte. ...
For andre grupper, spesielt utenriksfart, er det vår oppfatning at også disse bør gis tilbud om å fristilles fra Pensjonstrygden. For disse ansatte burde det kunne utformes en pakke der avviklingskostnadene finansieres delsved midler som frigjøres ved en omfordeling/sparing mv, dels ved bruk av trygdens grunnfond og dels ved særskatt eller særavgift for næringen i en tidsbegrenset periode. Det forutsettes at en slik avgift/skatt ikke skal belastes med avgifter til folketrygden.»
8.3 Departementets vurdering og forslag
Departementet meiner det bør vere eit visst høve gjennom dispensasjon frå departementet til at yrkesgrupper innan offshore kan bli unntatt frå pensjonstrygda med framtidig verknad.
Føresetnadene for dispensasjon er at det er semje mellom arbeidstakarane og arbeidsgivarane, og at departementet finn at desse yrkesgruppene har andre pensjonsordningar som er minst like gode.
På kort sikt vil det gjere økonomien i ordninga dårlegare, men på den andre sida blir framtidige forpliktingar mindre. Det kan heller ikkje synest rimeleg å finansiere pensjonsordninga med avgifter frå arbeidstakarar som får lite nytte av ordninga.
Når det gjeld spørsmålet om å utvide ordninga til òg å gjelde for fiskarar, vurderer departementet at det er mest høveleg at det ikkje blir tatt inn nye grupper som pliktige medlemmer. Bakgrunnen er at utvalet legg opp til at ordninga skal vurderast på nytt om 15 år. Norges Fiskarlag vurderer elles ei omlegging av pensjonstrygda for fiskarar.
Departementet foreslår at yrkesgrupper innan offshore etter dispensasjon kan få gå ut av pensjonstrygda med framtidig verknad. Dei som blir unntatt, kan få rekna med tenestetid i andre pensjonsordningar for å nå opp til minstekravet på 150 månader for å få alderspensjon frå pensjonstrygda.
Overgangsregelen blir regulert i § 4 nr. 1 andre ledd bokstav b, der det òg blir bestemt at styret kan gi nærmare reglar. Det blir vist til lovforslaget § 2 nr. 3 og § 4 nr. 1 andre ledd bokstav b.
8.4 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2001.
Dei som etter forslaget kan få gå ut av pensjonstrygda, står for om lag 10 prosent av inntektene. Det inneber at inntektene til pensjonstrygda kan bli redusert med opptil 40 mill. kroner i året. Totalt sett kan kontantverdien utgjere 800 mill. kroner i mindre inntekter. Det må likevel takast omsyn til mindre forpliktingar for pensjonstrygda i framtida. Totalt sett kan pensjonsordninga få ein svekt økonomi med om lag 400 mill. kroner i kontantverdi.
Totalt sett vil ei slik endring ikkje ha noko særlege administrative konsekvensar. På sikt blir det noko mindre arbeid.