Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

5 Den finansielle stoda i pensjonstrygda og utviklinga framover

Pensjonstrygda for sjømenn har som nemnd eit grunnfond på 186 mill. kroner, og eit reguleringsfond. I 1998 hadde trygda eit underskott i rekneskapen på 106,8 mill. kroner som blei belasta reguleringsfondet. Reguleringsfondet er bygd opp gjennom overskott tidlegare år, men blir no svekt på grunn av at pensjonsordninga går med underskott. Per 31. desember 1998 utgjorde reguleringsfondet 635 mill. kroner. I utgreiinga til sjømannspensjonsutvalet er det gjort overslag over den økonomiske utviklinga framover under varierande føresetnader.

Vesentlege faktorar for korleis økonomien i pensjonstrygda for sjømenn vil utvikle seg, er kva for rettar som vil bli tent opp framover, og kva for inntekter pensjonstrygda vil få, med andre ord talet på medlemmer. Også rentenivået og utviklinga av grunnbeløpet i folketrygda vil vere viktig. Både pensjonssatsane og arbeidstakarane sine avgifter er knytt til grunnbeløpet.

Sjømannspensjonsutvalet uttaler at det er vanskeleg å spå om kor mange personar som vil vere omfatta av Pensjonstrygda for sjømenn i framtida. Omfanget av rettar som allereie er tent opp, og dermed kor mange som vil få ytingar framover, kan heller ikkje sikkert bli slått fast. Pensjonstrygda tok over innkrevjinga av pensjonsavgiftene frå 1. januar 1989, og det er oppretta eit edb-basert medlemsregister på grunnlag av reiarlaga sine oppgåver i samband med avgiftsbetalinga. Ein har utvikla metodar for å sjå om lag kva for rettar som er tent opp tidlegare, men utvalet understrekar at overslaga er usikre.

Utvalet har fått gjort utrekningar over framtidige årsrekneskap for pensjonstrygda med uendra regelverk. Utrekningane er gjort for åra 2000-2017. Ein legg da til grunn at talet på nye pensjonistar i åra 2000-2008 vil ligge på gjennomsnittleg om lag 1700 personar. Seinare er talet lågare, noko som både kjem av at det er færre sjømenn og, ikkje minst, at regelen om høgare (glidande) pensjonsalder slår inn. I åra 2013-2017 er det lagt til grunn at talet på nye pensjonistar kvart år blir gjennomsnittleg 700 personar. Elles er utrekningane gjort under varierande føresetnader.

Det er lagt til grunn at kapitalen av grunnfondet (186 mill. kroner) ikkje skal rørast eller bli nytta til å dekkje underskott, medan reguleringsfondet går til å dekkje dei årlege underskotta til dette fondet er brukt opp. Deretter er det lagt til grunn at underskotta blir dekte år for år av staten etter garantiansvaret.

I utrekningane er det lagt til grunn at det er 27 000 betalande medlemmer framover, at den årlege auken i grunnbeløpet er tre prosent, og at realrenta (renta på fondsutbytte minus auken av pensjonane) er tre prosent.

Etter desse utrekningane vil reguleringsfondet vere brukt opp i år 2000, og det vil vere underskott som må bli dekt ved at staten tilfører midlar til og med år 2015, sjå rad 1 i tabell 5.1 nedanfor. Kontantverdien (nåverdien) per 1. januar 2000 av statens samla garantiansvar for denne perioden, er rekna til om lag 3,6 milliardar kroner, og av statens tilskott til krigsfartstillegg mv., om lag 1,3 milliardar kroner.

Utvalet har også gjort overslag over framtidige årsrekneskap under føresetnad av at talet på betalande medlemmer aukar eller minkar med 5000 personar årleg. Rad 2 og 3 i tabell 5.1 syner kva for beløp utvalet reknar med vil vere udekt etter at reguleringsfondet er brukt opp og fram til år 2017. Det er også her nytta føresetnader om tre prosent årleg auke i grunnbeløpet og tre prosent realrente. Kontantverdien av dei akkumulerte underskotta i rad 3 utgjer om lag 2,7 milliardar kroner og i rad 2 om lag 4,6 milliardar kroner.

Tabell 5.1 Utvalets anslag over staten sitt garantiansvar 2000-2017 i mill. kroner

År200020012002200320042005200620072008200920102011201220132014201520162017
127 000 medlemmer213203613884344765025135174904443742902011143600
222 000 medlemmer983994434735205655946086155915474814003152311569647
332 000 medlemmer0181279304347386410418419390340267180880000

Kjelde: Kjelde: Pensjonstrygda for sjømenn/NOU 1999:6

Det er elles gjort utrekningar med varierande føresetnader for ein auke av grunnbeløpet (2, 3 og 4 prosent) og realrenta (0, 2, 3 og 4 prosent). I tillegg er det gjort utrekningar som legg til grunn at tilgangen på nye alderspensjonistar blir redusert eller aukar med 10 prosent.

Alle utrekningane som utvalet har fått gjort, viser at reguleringsfondet vil vere brukt opp innan få år, og at pensjonsordninga vil gå med stort underskott i ei årrekkje. Kontantverdiane av dei akkumulerte underskotta, som er rekna til mellom om lag 2,6 og 5,5 mrd. kroner, varierer alt etter føresetnadene som er nytta.

Pensjonstrygda for sjømenn har opplyst at nye utrekningar kan tyde på at reguleringsfondet først vil vere brukt opp i 2004/2005 dersom regelverket er uendra. Grunnen er mellom anna at talet på medlemmer har auka dei siste åra.

Det er såleis usikkert kor store underskotta blir i framtida dersom dagens regelverk skal halde fram. Det er derimot sikkert at trygda uansett vil trenge store beløp for å dekkje sine forpliktingar i om lag dei nærmaste 20 åra.

Til forsida