12 Lovtekniske justeringar
Det er ei rad paragrafar i lova om pensjonstrygd for sjømenn som er ledige etter tidlegare revisjonar av lova. Mellom anna er alle paragrafane i kapitla V og VI om barnepensjon og uførestønad oppheva.
Dei endringane som departementet no foreslår, vil lede til at enda fleire paragrafar blir oppheva. Departementet har derfor funne det høveleg med justeringar i lova slik at paragrafane kjem fortløpande, og nokre paragrafar som ikkje lenger blir nytta, blir oppheva. Reglar som framleis er nødvendige, fordi det i ein del år vil løpe pensjonar etter tidlegare reglar, kan takast med i eit kapitel med overgangsreglar (kapitel IX i lovforslaget). Dette gjeld mellom anna reglar om kapitalutløysing av små, fastlåste pensjonar (sjå forslaget til § 28 nr. 4).
Departementet foreslår såleis at dei gjeldande kapitla IV Enkepensjon, V Barnepensjon, VI Uførestønad, VII Nedsetting og tap av pensjon og XI Ankeblir oppheva ved at andre kapitel i lova tar deira plass (t.o.m. kapitel X). Det blir vist til lovforslaget.
Etter § 38 kan Kongen gi reglar om at prøving av vedtak skal kunne avgrensast, og etter § 46 kan Kongen gi nærmare forskrifter til å gjennomføre lova. Det er i dag ikkje aktuelt å gi reglar etter § 38. Etter departementet sitt syn er det heller ikkje nødvendig med forskrifter til å gjennomføre lova. Der det trengst forskrifter, er det særskild heimel for dette. Departementet forslår at §§ 38 og 46 blir oppheva, og viser til lovforslaget.
Det blir foreslått at endringane tek til å gjelde frå 1. januar 2001.
Endringane har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.