Ot.prp. nr. 20 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn mv.

Til innhaldsliste

7 Innføring av eit tillegg til sjømannspensjonen - lov om pensjonstrygd for sjømenn ny § 6

7.1 Spørsmålet om å innføre eit tillegg til sjømannspensjonen - prinsipielle synspunkt

Utvalet som har greidd ut alternative ordningar for sjømannspensjon, går på kort sikt inn for å behalde den gjeldande offentlege ordninga. Sjømannspensjonsutvalet gjer framlegg om at ein innanfor denne ordninga prøver å forbetre ytingane gjennom eit tillegg til sjømannspensjonen, medan tariffesta tilleggsordningar blir bygd opp i store delar av næringa. Utvalet seier mellom anna (NOU 1999: 6 s 129):

«På kortere sikt anbefaler utvalget at man ser på hvordan man innenfor gjeldende pensjonsordning kan forbedre ytelsene, slik at sjøfolk oppnår en rimelig pensjonsinntekt. (...) Utvalget synes at det - innenfor dagens finansieringsramme - kan være fornuftig å prioritere høyere pensjoner for de sjømenn som har lang fartstid, og som står i sjømannsyrket fram til pensjonsalderen. Utvalget har skissert en løsning der det utformes en ordning med et midlertidig inntektsprøvd tillegg til sjømannspensjonene, mens tariffestede tilleggspensjoner bygger seg opp i størstedelen av næringen. Utvalget foreslår at tillegget utformes slik at disse pensjonistene kan oppnå en samlet pensjon som tilsvarer 60 prosent av arbeidsinntekten.»

Storparten av høyringsinstansane er positive til at ein søkjer å betre ytingane for desse sjøfolka dersom ein held fram med gjeldande pensjonsordning. Når det gjeld dei nærmare detaljane ved eit slikt tillegg, er det likevel enkelte ulike meiningar.

Departementet konstaterer at det er ganske stor semje - både i utvalet og blant høyringsinstansane - om å prøve å heve ytingane gjennom et tillegg til sjømannspensjonen, til personar med lang fartstid som held fram som sjømenn til dei når pensjonsalderen.

Innføring av eit mellombels tillegg til denne gruppa kan gje ei noko høgare pensjonsinntekt, medan det blir bygd opp tariffesta tilleggsordningar. Det kan òg gje incitament til at fleire sjømenn enn i dag held fram i yrket til pensjonsalderen. Departementet er på denne bakgrunn samd i dei prinsipp og vurderingar som ligg til grunn for utvalet sine forslag om å innføre eit tillegg til sjømannspensjonen. Sjå nærmare om utforminga av tillegget i punkt 7.2 til 7.4 nedanfor.

7.2 Målgruppa for eit tillegg til sjømannspensjonen

7.2.1 Utvalet og høringsinstansane si oppfatning

Når det gjeld målgruppa for eit tillegg til sjømannspensjonen, seier utvalet mellom anna (NOU 1999:6 s 128):

«Utvalget synes at det - innenfor dagens finansieringsramme - kan være fornuftig å prioritere høyere pensjoner for de sjømenn som har lang fartstid, og som står i sjømannsyrket frem til pensjonsalderen.»

Sjømannsorganisasjonane går primært inn for ein generell auke av pensjonane til 190 000 kroner for overordna og 140 000 kroner for underordna. Organisasjonane seier likevel:

«Sjømannsorganisasjonene er enig i at pensjonister med lang yrkeskarriere til sjøs, med fartstid fram til fylte 60 år bør stille i første rekke hvis statsgarantien ikke skal utvides, og prioriteringer må gjøres.»

Dei andre høyringsinstansane som har uttalt seg om dette spørsmålet, støttar i stor grad framlegget frå utvalet om å prioritere sjømenn med lang fartstid som held fram i yrket til dei når pensjonsalderen.

7.2.2 Vurdering og forslag frå departementet

Ein generell auke av pensjonsnivået, slik sjømannsorganisasjonane primært ønskjer, vil truleg auke utgiftene til pensjonstrygda med om lag 25 prosent i året. Som ved ein eventuell overgang til ei privat pensjonsordning for sjømenn, vil det vere vanskeleg å finansiere ein slik auke.

Utvalet føresett at eit slikt tillegg blir finansiert ved omfordelingar innanfor dagens finansieringsramme, sjå nærmare i punkt 9. Departementet legg òg til grunn at ein må gjere nokre prioriteringar med omsyn til kven som skal nyte godt av eit slikt tillegg.

Departementet støttar i hovudsak signala frå utvalet og høyringsinstansane om at ein prioriterer sjømenn som held fram i yrket til dei når pensjonsalderen (om lag ein tredel av dei som er sjømenn). Korleis ein nærmare skal avgrense personkrinsen/omfanget, går verken utgreiinga eller høyringsinstansane nærmare inn på.

Ei mogleg avgrensing kan vere å sette vilkår om både fartstid av ei viss lengde og at vedkommande står i sjømannsyrket til pensjonsalderen. Ei anna løysing kan vere å nytte berre eit av desse vilkåra.

Departementet meiner at tillegget først og fremst bør gis til dei som held fram i pensjonsgjevande teneste til dei når pensjonsalderen. Dette vil truleg vere best målretta mot dei som har få inntektskjelder å leve av utover sjømannspensjonen. Dei som står i yrket fram til pensjonsalderen, vil etter departementet si erfaring i dei fleste tilfelle òg ha relativt lang fartstid. Og sjølv om fartstida etter departementet si oppfatning ikkje bør vere eit sjølvstendig vilkår for retten til tillegget, er det rimelig at fartstida får innverknad på storleiken på tillegget. Departementet foreslår derfor at tillegget byggjer på pensjonisten si fartstid.

Eit absolutt vilkår om at ein må ha stått i sjømannsyrket til pensjonsalderen, kan gi visse terskelverknader, til dømes om vedkommande har slutta i pensjonsgjevande teneste berre nokre månader før pensjonsalderen på 60 år, og derfor ikkje vil få rett til tillegget. Det kan såleis synest meir høveleg å knytte avgrensinga opp mot det faktiske uttaket av pensjon framfor pensjonsalderen.

Ved å knytte vilkåret til det faktiske uttaket av pensjonen, og ikkje til pensjonsalderen (60 år), vil òg dei som held fram i pensjonsgjevande teneste etter pensjonsalderen, kunne få tillegget når dei sluttar i arbeid.

Departementet foreslår derfor at tillegget berre blir gitt til dei som har minst 48 pensjonsgjevande fartsmånader i løpet av dei siste 60 månadene før pensjonen blir tatt ut. Eit slikt vilkår vil etter departementet si oppfatning gi ei tilstrekkeleg avgrensing av tillegget.

7.2.3 Spørsmål om ein bør gi tillegget òg til dei som allereie får sjømannspensjon

Utvalet sitt forslag til innføring av eit tillegg omfattar berre nye pensjonstilfelle, det vil seie personar som enda ikkje har tatt ut pensjon når ordninga blir sett i gang.

Sjømannsorganisasjonane krev i sin høyringsmerknad at eit tillegg òg må gis til løpande pensjonar, det vil seie til dei som allereie har sjømannspensjon når tillegget blir innført.

Departementet har ei viss forståing for dette synspunktet. Å innføre tillegget med verknad òg for dei som allereie har sjømannspensjon, vil på den andre sida auke kostnadene ved å innføre tillegget med om lag 70 mill. kroner i samla kontantverdi per 1. januar 2001. Dette er kostnader som ein i likskap med sjølve tillegget, må dekkje inn gjennom omfordelingar, sjå nærmare om dette i punkt 9 nedanfor.

Departementet skjønner sjømannsorganisasjonane slik at dei i ei slik avveging ønskjer å prioritere høgare pensjonar for dei som er «livsvarige sjømenn», og ofte har lite utover sjømannspensjonen å leve av.

Departementet meiner at det er rom for ei slik løysing ved omfordelingar.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at ein gir tillegget også til dei som allereie mottar sjømannspensjon når ordninga trer i kraft (1. januar 2001).

7.3 Tidsavgrensing og nedtrapping av tillegget

7.3.1 Innleiing

Det er no innført private supplerande pensjonsordningar i store delar av næringa med grunnlag i tariffavtalar. Rettane etter desse ordningane blir tent opp gradvis; ein må ha 30 års tenestetid for å få rett til full pensjon. Det er derfor dagens unge arbeidstakarar som primært vil få fullt utbytte av ordningane når dei er fullt utbygde.

Fordi desse tilleggsordningane vil føre til at pensjonsnivået for store grupper gradvis aukar i åra framover, kan ein spør seg om tillegget til sjømannspensjonen bør reduserast gradvis i denne perioden, eller om tillegget bør vere fast (på samme nivå) i ein viss periode.

7.3.2 Forslag frå utvalet. Høyringsmerknader

Når det gjeld spørsmålet om ein gradvis reduksjon/nedtrapping av tillegget, er det i innstillinga frå utvalet (NOU 1999:6 s 80) foreslått ein modell med tillegg for fartstid som er tent opp før 1. januar 2000 i 20 år framover. Tillegga vil da gradvis bli mindre, samstundes som det blir tent opp stadig større rettar for dei som har tariffesta tilleggsordningar. I denne modellen vil samla pensjon for denne gruppa kunne bli om lag 60 prosent av yrkesinntekta som sjømann. I utvalet si vurdering (NOU s 77 og 129) heiter det mellom anna:

«Dersom ytelsen blir den samme så lenge ordningen varer, vil det bli en brå overgang når ordningen med tillegg faller bort. Med tillegg som gradvis minker unngår man skrankeeffekter, og det gis et incitament til at det bygges opp tariffestede suppleringsordninger der dette ennå ikke har skjedd.»

Utvalsmedlemene som representerer Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund uttrykker i ein særmerknad skepsis til ei nedtrapping av tillegget. Dei seier mellom anna:

«Dersom tillegget utformes med nedtrapping, vil dette fremstå som komplisert, og gjøre informasjonsarbeidet knyttet til medlemmene unødig vanskelig. Utredningen viser også at et tillegg uten nedtrapping gir relativt begrensede merutgifter.»

Sjømannsorganisasjonane gir uttrykk for dei samme holdningane i sin høyringsmerknad. Dei uttaler mellom anna:

«Sjømannsorganisasjonene mener dette tillegget må lovfestes og indeksreguleres, og gis til pensjonister som går av med pensjon frem til år 2015. Et nedtrappet tillegg slik flertallet går inn for framstår som svært komplisert, og vil gi betydelige informasjonsproblemer. Et tillegg med varighet frem til 2015 vil dessuten i henhold til departementets høringsbrev innebære mindreutgifter i forhold til flertallets forslag om et tillegg som avtrappes år for år.»

7.3.3 Vurdering og forslag frå departementet

Departementet meiner eit tillegg til sjømannspensjonen bør trappast ned over tid.

Det er no innført tariffesta tilleggsordningar i store delar av næringa, noko som fører til at pensjonsnivået for dei fleste gradvis vil stige i åra framover. Dersom tillegget ikkje samstundes blir gradvis redusert, vil derfor samla kompensasjon kunne overstige føresetnaden om eit pensjonsnivå på 60 prosent.

Dersom tillegget blir gitt fram til 2015 utan nedtrapping slik sjømannsorganisasjonane foreslår i sin høyringsmerknad, vil det dessutan kunne oppstå terskelverknader når tillegget fell bort. Ved å redusere tillegget gradvis, unngår ein dette. Som påpeikt av utvalet vil ei nedtrapping òg skape eit større incitament til at det blir bygd opp tariffesta tilleggsordningar der dette enda ikkje har skjedd.

Sjømannsorganisasjonane innvender som nemnd at utvalet sin modell for nedtrapping vil bli komplisert, og gi informasjonsproblem. Departementet har ei viss forståing for at utvalet sine forslag kan virke noko kompliserte. Departementet har derfor utforma eit noko enklare alternativ til utvalet sitt forslag.Sjå nærmare om dei to alternative modellane nedanfor.

7.4 Nærmare om tillegget - to alternative modellar

7.4.1 Innleiing

Som det framgår av framstillinga ovanfor, er det etter departementet si oppfatning desse føresetnadene som bør være sentrale i utforminga av eit tillegg til sjømannspensjonen:

  • Tillegget blir gitt til dei som har pensjonsgjevande fartstid i minst 48 av dei siste 60 månadene før pensjonen blir tatt ut. Det blir òg gitt til allereie løpande pensjonar etter samme vilkår.

  • Tillegget blir gitt for ein tidsavgrensa periode, og det blir trappa ned samstundes med at tariffesta tilleggsordningar blir oppbygd.

  • Tillegget blir finansiert gjennom omfordelingar.

  • Tillegget blir ikkje gitt til dei som har arbeidsinntekt over to ganger grunnbeløpet i folketrygda.

Med bakgrunn i desse føresetnadene blir det nedanfor drøfta to alternative modellar for utforming av eit tillegg til sjømannspensjonen.

7.4.2 Ein 60 prosent-modell - utvalet sitt forslag

Utrekning av tillegget

Utvalet foreslår i si innstilling (NOU 1999:6 s 129) at tillegget blir utforma slik at dei som held fram i sjømannsyrket fram til pensjonsalderen, kan oppnå ein samla pensjon som utgjer om lag 60 prosent av inntektsgrunnlaget.

Det blir berre rekna med ein tredel av inntekt mellom 6 G og 12 G, slik som i folketrygda, og ikkje med inntekt over dette nivået. Det vil seie at når inntekta overstig 6 G (281 700 kroner per 1. mai 1999), vil kompensasjonsnivået i høve til inntekta bli lågare enn 60 prosent. Tillegget får dermed ein sosialt utjamnande profil. I dei tilfella pensjonen etter dagens ordning blir over 60 prosent av inntektsgrunnlaget, får ein ikkje tillegget.

Utrekninga av tillegget etter utvalet sin modell bygger på registrerte sjømannsinntekter.

For arbeidstakarar på fiske- og fangstfartøy blir det betalt pensjonsavgift med faste beløp per månad, og det blir ikkje innrapportert inntekter til Pensjonstrygda for sjømenn. Utvalet har ikkje vurdert nærmare korleis ein skal fastsette inntektsgrunnlaget for denne gruppa, men nemner som mogleg at ein fastsett tillegget ut frå normerte inntekter, eller ved at ein reknar ut eit inntektsgrunnlag i høve til innbetalt avgift. Departementet meiner at dette eventuelt bør regulerast nærmare i forskrifter.

Utrekningar frå utvalet av kva tillegget ville blitt for pensjonistar fødd i 1935, viser at pensjonistar som segla fram til pensjonering, ville fått tillegg av varierande storleik (før inntektsprøving). Gjennomsnittleg tillegg er berekna til om lag 22 000 kroner per år (om lag 1 800 kroner per månad).

Utvalet sitt forslag til nedtrapping blir omtalt slik i utgreiinga (NOU s 129):

«Utvalget foreslår at tillegget gis for fartstid som er opptjent før år 2000. Økt pensjon for senere fartstid må i tilfelle opptjenes gjennom tariffestede tilleggspensjonsordninger. Det foreslås at det beregnes fullt tillegg for denne gruppen pensjonister når det ytes pensjon for 360 fartsmåneder opptjent før 1. januar 2000. Er det opptjent mindre fartstid før denne datoen reduseres tillegget forholdsmessig. Har pensjonisten opptjent mer enn 360 pensjonsgivende fartsmåneder i alt, regnes differansen mellom 360 måneder og fartstiden opptjent etter 31. januar 1999 å være opptjent før 1. januar 2000. Det foreslås at det gis tillegg for nye pensjonister i en periode på 20 år. Det siste året det innvilges tillegg til sjømannspensjonene vil da bli 2019. Det vil si at siste utbetaling blir i år 2026.»

Inntektsprøving

I utvalet sine vurderingar blir det forutsett at eit slikt mellombels tillegg til sjømannspensjonen blir inntektsprøva. Det blir sagt mellom anna (NOU s 77 flg):

«Tillegget bør komme reelle pensjonister til gode, og ikke dem som fortsetter i arbeidslivet, i et annet yrke eller som sjømenn etter 62 år. (...) Det forutsettes at det skal foretas inntektsprøving etter samme regler som for AFP-pensjonene, dvs at pensjonistene kan ha en årlig arbeidsinntekt (pensjonsgivende inntekt) som svarer til G uten at tillegget reduseres. Tillegget reduseres med 50 prosent av inntekten over G. Dessuten må summen av pensjon og inntekt ikke overstige den tidligere inntekten. Også den ordinære sjømannspensjonen tas med i denne summen.

Ved en inntekt på 100 000 kroner per år blir således fradragsbeløpet: kr (100 000 - 45 370) x 50 % = kr 27 315. (...) Det er foretatt en undersøkelse om sjømannspensjonisters pensjonsgivende inntekter i 1996. Resultatene av undersøkelsen er gjengitt i vedlegg 2 til utredningen. Det framgår at en betydelig del av pensjonistene hadde inntekter, også personer som seilte til de tok ut sjømannspensjonen. For ca 45 prosent av disse pensjonistene var inntekten større enn G. Det må antas at muligheten til å få økt pensjonen gjennom et inntektsprøvd tillegg vil kunne påvirke pensjonistenes atferd i noen grad, men det er ikke mulig å ha noen sikker formening om hvordan dette vil slå ut.

For å danne seg et bilde av hvordan inntektsprøving vil kunne virke, har utvalget lagt til grunn resultatene fra den nevnte undersøkelsen om sjømannspensjonisters inntektsforhold i 1996. På dette grunnlag kan det gjennomsnittlige fradragsbeløpet (på 1998-nivå) anslås til ca 67 000 kroner. Dette innebærer at for dem som har inntekter over G, vil tillegget stort sett falle bort etter begge beregningsmodellene. (...) Ved 60 prosent-modellen vil anslagsvis ca 55 prosent av dem som seiler til de tar ut sjømannspensjonen få tillegget (dvs ca 18 prosent av alle sjømannspensjonister mellom 60 og 67 år).»

Økonomiske og administrative konsekvensar

Den samla kontantverdien (nåverdien) per 1. januar 2001 av meirutgifter ved å innføre eit tidsavgrensa (20 år) og inntektsprøva tillegg for fartstid før 1. januar 2001, kan reknast til om lag 195 mill. kroner. Som nemnd i punkt 7.2 ovanfor, foreslår departementet at tillegget også kan gis til allereie løpande pensjonar, noko som vil auke utgiftene med om lag 55 mill. kroner. Dei samla kostnadene kan da reknast til om lag 250 mill kroner i kontantverdi for desse 26 åra.

Utgiftene det første året kan truleg utgjere om lag 19 mill. kroner. Utgiftene vil auke noko dei første sju åra. Tillegget vil for seinare årskull gradvis bli redusert, for så å falle heilt bort etter 26 år.

7.4.3 Eit tillegg som ein viss prosentdel av pensjonen

Bakgrunn. Høyringsinstansane sitt synspunkt

Til skilnad frå den omtalte 60-prosent-modellen, krev sjømannsorganisasjonane eit mellombels tillegg som aukar pensjonen til 190 000 kroner for overordna og 140 000 kroner for underordna. Sjømannsorganisasjonane meiner tillegget må bli lovfesta og indeksregulert, og gitt til pensjonistar som går av med pensjon fram til 2015. Organisasjonane ønskjer som nemnd ikkje at tillegget skal reduserast gradvis.

Også pensjonstrygda sin administrasjon har enkelte merknader til den «60-prosent-modellen» som er foreslått. Dei seier i sin merknad mellom anna:

«Administrasjonen vil for øvrig peke på at «60 prosent-modellen» - selv om den ikke vil omfatte så mange personer - vil måtte kreve nye rutiner for utveksling av pensjons- og inntektsopplysninger. Det vil også være en viss fare for at PTS ikke får korrekte opplysninger om andre inntekter til rett tid, slik at pensjon kan bli utbetalt for meget. Dette vil i tilfelle nødvendiggjøre hjemler for etterfølgende krav om tilbakebetaling av for meget utbetalt pensjon, for eksempel ved trekk i løpende pensjon.»

Departementet har ei viss forståing for at ein finn «60-prosent-modellen» noko detaljert, og er derfor innstilt på å vurdere andre moglege modellar for eit tillegg som kan vere enklare å administrere, informere om mv. Departementet legg derfor fram eit alternativ nedanfor, der tillegget utgjer ein prosentdel av pensjonen.

Utrekning og nivå

Departementet er samd med sjømannsorganisasjonane i at eit beløpsmessig tillegg som skal auke pensjonsnivået, bør indeksregulerast. Dette kan ein til dømes gjere ved at tillegget blir fastsett som ein del av grunnbeløpet i folketrygda, eller som ein del av pensjonen (som følgjer utviklinga i folketrygda sitt grunnbeløp).

Eit eventuelt tillegg i prosent av grunnbeløpet vil gi eit likt kronebeløp for både under- og overordna. Det vil seie at tillegget gir ein større prosentvis auke av lågare pensjonar (underordna) enn ved høgare pensjonar (overordna). Dersom tillegget i staden blir gitt som ein del av pensjonen, vil den prosentvise auken av pensjonen bli like stor for både under- og overordna. Ein annan skilnad er at eit tillegg i prosent av grunnbeløpet må reduserast høvesvis dersom vedkommande ikkje har tent opp full fartstid, medan eit tillegg som utgjer ein del av den utbetalte pensjonen, automatisk vil vise at vedkommande har redusert pensjon på grunn av manglande fartstid. Departementet meiner på denne bakgrunn at eit tillegg i prosent av pensjonen vil vere det beste av dei to alternativa.

Når det gjeld nivået for eit slikt tillegg, synes forslaget frå sjømannsorganisasjonane - om å gi ein auka pensjon på 140 000 kroner til underordna og 190 000 kroner til overordna - å ligge noko høgt i høve til utvalet sin omtale av «60 prosent-modellen». Departementet viser til at utvalet har berekna gjennomsnittleg «60-prosent-tillegg» for 1935-årgangen til å utgjere om lag 22 000 kroner før inntektsprøving. Det bør i denne samanhengen seiast at «60 prosent-modellen» baserer seg på at berre ein tredel av inntekter mellom seks og tolv ganger folketrygda sitt grunnbeløp blir medrekna ved utmålinga av tillegget, noko som gir eit lågare kompensasjonsnivå for inntekter over dette nivået.

Departementet foreslår eit tillegg på 20 prosent av pensjonen. For ein overordna med full fartstid vil dette gje ein auke i samla pensjon frå 153 808 kroner til 184 570 kroner med dagens grunnbeløp i folketrygda. Ein underordna med full fartstid vil kunne få ein auke i samla pensjon frå om lag 115 000 kroner til om lag 140 000 kroner.

Nedtrapping

Departementet legg til grunn (jf. punkt 7.3 ovanfor) at eit tillegg til sjømannspensjonen bør nedtrappast, fordi store delar av dagens sjømenn gradvis vil få auka pensjonsrettar etter tariffbaserte tilleggsordningar. Det samla kompensasjonsnivået for denne gruppa sjømenn vil derfor ikkje bli redusert i særleg grad i åra framover.

Nedtrappinga kan skje ved at prosentdelen av pensjonen gradvis blir redusert som vist i tabell 7.1 nedanfor. Tabellen viser også kva dette vil gje i årleg tillegg for overordna/underordna. 1 Departementet foreslår som nemnd (punkt 7.2) at tillegget også blir gitt til dei som allereie mottar pensjon ved iverksetjinga (personar fødd i åra 1934-40).

Tabell 7.1 Årleg tillegg

FødselsårÅrleg tillegg
1934-4220% (kr 30 762 / 22 922)
1943-4517% (kr 26 147 / 19 484)
1946-4814% (kr 21 533 / 16 045)
1949-5111% (kr 16 919 / 13 607)
1952-548% (kr 12 305 / 9 169)
1955-595% (kr 7 690 / 5 731)

Inntektsprøving

I utvalet sine vurderingar blir det føresett at eit mellombels «60 prosent-tillegg» til sjømannspensjonen blir inntektsprøva. Det blir sagt mellom anna (NOU 1999:6 s 77):

«Tillegget bør komme reelle pensjonister til gode, og ikke dem som fortsetter i arbeidslivet, i et annet yrke eller som sjømenn etter 62 år.»

Utvalet foreslår ei inntektsprøving der tillegget blir redusert med 50 prosent av inntekt over grunnbeløpet i folketrygda. Dessutan må ikkje samla pensjon og inntekt overstige den tidlegare inntekta. Sjå nærmare ovanfor i punkt 7.4.2.

Til skilnad frå 60 prosent-tillegget, som vil variere i storleik frå om lag 0 - 65 000 kroner, vil eit tillegg på 20 prosent av ein full pensjon som over-/underordna utgjere mellom om lag 22 000 og 30 000 kroner dei første åra. Tillegget vil som omtalt ovanfor, gradvis bli mindre. Til dømes vil ein person fødd i 1950 med full pensjon kunne få eit tillegg på mellom om lag 13 000 og 17 000 kroner.

Ei inntektsprøving som nemnd ovanfor, vil ved ei inntekt på til dømes 100 000 kroner gje eit frådragsbeløp på (100 000 - 46 950) x 50% = kr 26 525. Det vil seie at eit tillegg i prosent av pensjonen i dei aller fleste tilfella fell bort eller blir svært lite. Ved ei inntekt på 70 000 kroner blir frådragsbeløpet (70 000 - 46 950) x 50% = 11 525 kroner. Ved ei slik inntekt vil det bli ganske lite igjen av tillegget for dei seinare «årgangane».

Departementet er av den oppfatning at eit tillegg i prosent av pensjonen òg bør vere inntektsavhengig, slik at tillegget blir gitt til dei som i hovudsak berre har sjømannspensjonen å leve av, og som derfor treng det mest. Dette gjeld særleg når finansieringa av tillegget skjer gjennom omfordelingar i dagens ordning. Slike omfordelingar bør etter departementet sitt syn ikkje vere med på å finansiere tillegg for personar som opprettheld ei høg inntekt etter pensjonering. Departementet meiner likevel at det kan vere grunn til å ha ei noko enklare avgrensing enn den omtalte inntektsprøvinga.

Departementet foreslår på denne bakgrunn at det i staden for ei inntektsprøving slik utvalet foreslår, blir nytta ei inntektsgrense. Det vil seie at tillegget fell bort dersom ein har inntekt over denne grensa. Departementet synest det kan vere naturleg å sette ei slik inntektsgrense til to ganger grunnbeløpet i folketrygda (93 900 kroner per 1. mai 1999). Det blir såleis høve til at ein kan tene noko meir enn grunnbeløpet i folketrygda før det får verknad for tillegget. Som vist ovanfor vil tillegget bli ganske lite ved inntekt over dette nivået òg etter utvalet sitt forslag til inntektsprøving. Undersøkingar frå utvalet viser at om lag halvparten av sjømannspensjonistane - som var i yrket fram til fylte 60 år - har inntekt over dette nivået.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Kontantverdien (nåverdien) av meirutgiftene for dei aktuelle 26 åra med eit behovsprøva tillegg i prosent av pensjonen - som omtalt ovanfor - kan reknast til om lag 190 mill. kroner per 1. januar 2001. Departementet foreslår i punkt 7.2.3 ovanfor at tillegget også kan gis til løpande pensjonar, noko som vil auke utgiftene med om lag 70 mill. kroner i kontantverdi. Dei samla kostnadene blir da om lag 260 mill. kroner i kontantverdi (nåverdi). Utgiftene det første året kan da truleg bli om lag 25 mill. kroner. Utgiftene vil auke noko dei første åra, for deretter å bli gradvis redusert.

7.4.4 Ei samanlikning av modellane. Vurdering frå departementet

Utrekning av tillegget mv.

Som framstillinga ovanfor viser, er eit tillegg som utgjer ein viss prosentdel av pensjonen, enklare å berekne enn eit tillegg som tek sikte på å gje ein kompensasjon på 60 prosent av inntekta. For det første er ein ved eit slikt tillegg ikkje avhengig av å måtte skaffe inntektsopplysningar, slik som ved «60-prosent-modellen». Pensjonstrygda for sjømenn har registrert sjømannsinntekter frå og med 1994, men dei har ikkje registrerte inntekter for arbeidstakarar på fiske- og fangstfartøy. Departementet meiner at eit slikt tillegg vil vere lettare både å administrere og praktisere for Pensjonstrygda.

Departementet meiner at eit tillegg i prosent av pensjonen truleg òg vil vere enklare å informere om og forstå for dei aktuelle pensjonistane, slik arbeidstakarane peikar på.Mellom anna kjem storleiken på tillegget direkte fram som ein del av pensjonen, ein treng ikkje gjere omfattande utrekningar for å finne ut kva tillegget blir. Ved eit slikt tillegg er det òg lettare å seie på førehand kva samla pensjon vil utgjere, fordi det ikkje er knytt til inntekta som sjømann dei siste åra før pensjonering. Dette vil særleg vise seg i tilfelle der vedkommande har hatt ei varierande inntekt som sjømann dei siste åra før pensjonering.

Kompensasjonsnivå og fordelingsverknader

Kompensasjonsnivået som dei to alternative tillegga vil gi, er noko forskjellig. Tabell 7.2 viser storleiken ved ulike inntektsnivå, medan diagrammet i figur 7.1 viser pensjonen i prosent av inntekta. Det blir forutsett at det er tent opp full fartstid 2. Storleiken på tillegget er vist for dei første årskulla. For dei seinare årskulla vil tillegget bli gradvis mindre, samstundes som rettane etter tariffesta ordningar aukar for eit fleirtal. Det samla kompensasjonsnivået for denne gruppa sjømenn vil derfor ikkje vil bli vesentleg redusert, sjølv om tillegget blir mindre.

Tabell 7.2 Samla pensjon og tillegg i dei ulike alternativa

InntektDagens ordning underordna/overordnaPensjon med eit «60%- tillegg»Pensjon med eit tillegg på 20% av pensjonen
200 000114 612 / 153 808120 000 / 153 808137 534 / 184 570
250 000114 612 / 153 808150 000 / 153 808137 534 / 184 570
300 000114 612 / 153 808172 680137 534 / 184 570
350 000114 612 / 153 808182 680137 534 / 184 570
400 000114 612 / 153 808192 680137 534 / 184 570
450 000114 612 / 153 808202 680137 534 / 184 570
500 000114 612 / 153 808212 680137 534 / 184 570
Figur 7.1 Samla pensjon og tillegg i prosent av inntekta

Figur 7.1 Samla pensjon og tillegg i prosent av inntekta

Den ordinære sjømannspensjonen har ein skilnad i kompensasjonsnivået mellom over- og underordna. Pensjonen blir målt ut berre etter talet på fartsmånader som over- eller underordna. Fordi pensjonen er heilt uavhengig av tidlegare inntekt, har han ein stor utjamningseffekt.

Døma viser at 60 prosent-modellen vil gje det samme kompensasjonsnivået for både over- og underordna ved inntekt over eit visst nivå (ved om lag 250 000 kroner). Kompensasjonsnivået blir det samme, fordi pensjonen utgjer ein prosentsats av inntekta for både over- og underordna. Å innføre eit 60 prosent-tillegg vil såleis innebere at ein i stor grad går over til eit anna utreknings- og utmålingssystem enn i dag, fordi pensjonen blir relatert til tidlegare inntekt.

Etter departementet si oppfatning kan det vere ein viss fordel å bygge vidare på dagens pensjonssystem ved utforminga av tillegget, i og med at tillegget gjeld mellombels og vil miste si tyding etter kvart.

Døma viser at eit tillegg på 20 prosent av pensjonen vil auke kompensasjonsnivået forholdsvis likt for både over- og underordna, og at ein beheld den samme fordelingsprofilen som i dag. For personar med gjennomsnittlege inntekter vil kompensasjonsnivået auke fra om lag 45% til mellom 50-60% med eit tillegg.

For ein underordna viser døma at dei to alternativa vil gje tilnærma likt kompensasjonsnivå ved ei gjennomsnittleg inntekt på om lag 250 000 kroner. Ved inntekter over dette nivået, vil 60-prosent-modellen gi noko betre kompensasjonsnivå, medan eit tillegg på 20 prosent av pensjonen gir best kompensasjon ved inntekter under dette nivået. På samme måte vil modellane gi omtrent samme pensjonsnivå for ein overordna ved ei gjennomsnittleg inntekt på om lag 375 000 kroner. For inntekter over dette nivået vil 60-prosent-modellen gi høgast kompensasjon. Eit tillegg på 20 prosent av pensjonen vil gi best kompensasjon for inntekter under dette nivået, og har såleis ein betre sosial profil.

Dei to modellane har ein noko ulik utjamningseffekt. Med eit tillegg på 20 prosent av pensjonen beheld ein dagens utjamning, fordi pensjonen blir den samme uavhengig av inntekta. Ved å innføre eit tillegg etter 60 prosent-modellen, oppnår ein at inntekta får større vekt og at tillegget derfor fører til ein noko svekt omfordelingsprofil i dagens sjømannspensjon. Som figur 7.1 viser, vil det likevel ikkje bli så stor skilnad mellom dei to alternativa når det gjeld utjamning. Dette kjem først og fremst av at berre ein tredel av inntekter mellom 6 og 12 ganger grunnbeløpet i folketrygda blir medrekna ved utmålinga av 60-prosent-tillegget, noko som gjer at storleiken på tillegget blir mindre ved desse inntektsnivåa.

7.5 Forslag frå departementet

Departementet foreslår å gi eit tillegg til pensjonen for sjømenn som har minst 48 pensjonsgjevande fartsmånader i løpet av dei siste 60 månadene før uttak av pensjon. Tillegget blir inntektsavhengig, slik at det ikkje blir gitt dersom vedkommande har ei pensjonsgjevande inntekt over to ganger grunnbeløpet i folketrygda (93 900 kroner per 1. mai 1999). Det blir foreslått at tillegget også blir gitt til løpande pensjonar ved iverksetjinga. Tillegget vil utgjere ein del av pensjonen etter desse satsane:

Personar fødd i åra

1934-4220%
1943-4517%
1946-4814%
1949-5111%
1952-548%
1955-595%

Det blir vist til lovforslaget ny § 6 der det òg blir bestemt at styret kan gi nærmare reglar om gjennomføringa.

7.6 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at tillegget blir innført med verknad frå 1. januar 2001. Det blir foreslått at tillegget òg kan gis til dei som per denne datoen allereie får pensjon, forutsett at dei tente opp minst 48 pensjonsgjevande fartsmånader dei siste 60 månadene før uttak av pensjon.

Dei samla kostnadene blir da på om lag 260 mill. kroner i kontantverdi. Utgiftene til tillegget det første året vil bli om lag 25 mill. kroner. Dei årlege utgiftene vil auke noko dei første åra - opp til om lag 28 mill. kroner i 2008 - for deretter å gradvis bli mindre.

Føresetnadene for overslaga er noko usikre, mellom anna er det vanskeleg å seie på førehand kor mange som i framtida vil halde fram i sjømannsyrket til dei når pensjonsalderen.

Fotnotar

1.

I dagens ordning gjeld det ein sats som underordna for fartstid før 1.5.93 og ein (høgare) sats for fartstid etter dette tidspunktet. I eksempla er det forutsatt at vedkommande har 92 månaders fartstid (fra 1.5.93 til 1.1.2001) etter høgaste sats som underordna.

2.

I dagens ordning gjeld det ein sats som underordna for fartstid før 1.5.93 og ein (høgare) sats for fartstid etter dette tidspunktet. I eksempla er det forutsatt at vedkommande har 92 måneders fartstid (fra 1.5.93 til 1.1.2001) etter høgaste sats som underordna. Eksempla viser pensjonssatsar og grunnbeløp per 1.mai 99.

Til forsida