Ot.prp. nr. 28 (2004-2005)

Om lov om skogbruk (skogbrukslova)

Til innhaldsliste

2 Arbeid med lovforslaget

2.1 Utgangspunktet for lovforslaget

I St. meld. nr. 17 (1998-99) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren, foreslo regjeringa at det skulle utarbeidast ei ny lov om skogbruk til erstatning for gjeldande skogbrukslov. Ein peika på at innhaldet og språket i gjeldande skogbrukslov er forelda, og at nyare prinsipp for saksbehandling og forvaltning burde innarbeidast. I den nye lova ville ein innarbeide klarare føresegner om berekraftig skogbruk bygd på langsiktig ressursforvaltning. Ein ville leggje vekt på skogeigaren sin rett til å nytte skogen etter eigne vurderingar innafor rammene i lova. Næringskomiteen slutta seg i Innst. S. nr. 208 (1998-99) til dette.

2.2 Framdrift med lovarbeidet

2.2.1 Arbeid fram til høyring

Departementet har forma ut eit utkast til ny lov om skogbruk. I dette arbeidet har ein lagt vekt på å hente inn informasjon og innspel frå dei som til dagleg behandlar saker etter gjeldande skogbrukslov. Fylkesmennene blei våren 2000 inviterte til å gjennomføre fylkesvise prosessar med sikte på å utarbeide skriftlege forslag. Hausten 2000 blei det oppretta ei rådgjevande gruppe med representantar frå 15 organisasjonar med interesser innafor skogsektoren. Gruppa blei sett saman med representantar frå:

  • Norges Skogeierforbund

  • Norsk Skogbruksforening

  • Norges Bondelag

  • Norsk Bonde- og småbrukarlag

  • Norsk Almenningsforbund

  • Norges Naturvernforbund

  • Friluftslivets Fellesorganisasjon og Friluftsrådenes Landsforbund

  • Norges Jeger- og Fiskerforbund

  • Verdens Naturfond WWF

  • Fellesforbundet

  • Skogbrukets Landsforening

  • Treforedlingsindustriens Bransjeforening

  • Trelastindustriens Landsforening

  • Transportbrukernes Fellesorganisasjon

Formålet med gruppa var å skape god og åpen dialog mellom dei ulike interessegruppene innafor skogbruket og departementet. Gruppa har drøfta ulike spørsmål som blei lagt fram undervegs i arbeidet med å utarbeide lovutkastet, og har mellom anna vurdert ulike utkast til lovtekster. Representantar frå Miljøverndepartementet har vore til stades under møta som observatørar.

2.2.2 Høyringsnotatet

I desember 2003 sende departementet ut eit høyringsnotat der ein gjorde greie for lovforslaget. Departementet foreslo at det blir utarbeidd ei ny lov til erstatning for gjeldande lov om skogbruk og skogvern. På same måte som i gjeldande lov skal den nye lova

  • regulere skogbruk som næring,

  • stimulere til verdiskaping med grunnlag i skogressursane innan dei rammene miljøomsyna tilseier,

  • avgrensast i høve til naturvernlovgjevinga,

  • lovfeste organiseringa på kommune- og fylkesnivå,

  • omfatte tvingande reglar om å setje av deler av inntekta til langsiktige investeringar.

Nytt i høyringsutkastet var det at lova mellom anna gir

  • ein vidare heimel for meldeplikt for tiltak,

  • ei presisering av skogeigaren sitt forvaltaransvar,

  • ei føresegn om forynging etter hogst og heimel for forskrift om forynging,

  • heimel for forskrift om miljøomsyn,

  • heimel for å stille krav til skogeigaren sin internkontroll, og for at styresmaktene kan krevje tilgang til og rapportar frå desse,

  • heimel for tvangsmulkt på same vis som etter reglane i jordlova.

2.2.3 Høyringsfråsegner

Departementet har teke imot 208 fråsegner frå høyringsinstansane. Fråsegnene kom frå 12 departement, 13 fylkesmenn, 17 fylkeslandbruksstyre, 1 fylkeskommune, 122 kommunar, og 43 andre. Dei «andre» som har gjeve uttale er:

  • Det norske skogselskap

  • Direktoratet for naturforvaltning

  • Fellesforbundet

  • Friluftslivets fellesorganisasjon

  • Friluftrådenes Landsforbund

  • Glåmdal Regionråd

  • Indre Namdal Regionråd

  • Jenter i Skogbruket

  • Kontaktutvalget for skogbruk, Møre og Romsdal

  • Kontaktutvalget for skogbruket i Rogaland

  • Maskinentreprenørenes forbund

  • Nafo

  • Natur og Ungdom

  • Norges Bondelag

  • Norges Jeger- og Fiskerforbund

  • Norges Landbrukshøgskole

  • Norges Naturvernforbund

  • Norges Skogeierforbund

  • Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet

  • Norsk Almenningsforbund

  • NORSKOG

  • Norsk Pyntegrønt

  • Norsk Virkesmåling

  • Norske Reindriftsamers Landsforbund

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • PINUS AS

  • Prosessindustriens Landsforening

  • Reindriftsforvaltningen

  • Riksantikvaren

  • Sabima

  • Skogbrukets kursinstitutt

  • Skogbrukets og skogindustriens forskningsforening

  • Skogbrukets Landsforening

  • Skogforsk

  • Skogfrøverket

  • Skogoppsynslaget i Hedmark

  • Skogselskapet Bergen og Hordaland

  • Statens landbruksforvaltning

  • Statskog

  • Transportbrukernes Fellesorganisasjon

  • Verdens Naturfond VWF

  • Universitetet i Oslo Biologisk institutt

  • 4 studentar frå NLH

Hovudtyngda av høyringsinstansane har slutta seg til dei fleste forslaga. Dette gjeld mellom anna innretting av lova og forslaget til formålsparagraf. Det er også semje om avgrensinga av lova. Det er ulike meiningar om forslaget til ny føresegn om skogeigaren sitt forvaltaransvar, jf. høyringsutkastet § 4. Dei ulike syna gjeld først og fremst behovet for miljøforskrift og kva ei slik forskrift bør gå ut på. Det er også ulike syn på om det bør vere obligatorisk skogbruksplan eller ikkje, og på innhaldet i føresegna som gjeld forynging av skog.

Det konkrete innhaldet i innspela er omtala i samband med departementet si behandling av dei ulike forslaga, sjå kapittel 6.

Til forsida