1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justisdepartementet gjer i proposisjonen hovudsakleg framlegg om endringar i lov 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer (foreldingslova) og lov 25. juni 1999 nr. 46 om finansavtaler og finansoppdrag (finansavtalelova).
I foreldingslova foreslår departementetet tre materielle endringar. Det blir for det første foreslått at foreldingsfristen skal bli avbroten når krav mot forvaltninga blir fremja for Stortingets ombodsmann for forvaltninga (Sivilombodsmannen). I dag stansar ikkje foreldingsfristen ved at saka blir brakt inn for Sivilombodsmannen. Dette inneber at ein kan risikere at kravet mot forvaltninga blir forelda før ombodsmannen kjem med si fråsegn.
For det andre foreslår departementet at ein skal kunne avbryte foreldingsfristen ved å setje fram krav om tvangsfullbyrding mot rette styresmakt i framand stat. Ein føresetnad for dette er at Noreg har ein avtale med denne staten om godkjenning og fullbyrding av slike krav. I dag må ein gå til særskilt søksmål i staten der kravet skal fullbyrdast, for å avbryte foreldingsfristen. For tilfelle der Noreg ikkje har avtale om inndriving i den staten der skyldnaren oppheld seg, foreslår departementet ein regel om tilleggsfrist som eit alternativ til å måtte gå til søksmål i vedkomande stat.
Det tredje endringsforslaget gjeld regelen om forelding av krav på skadebot (erstatning) for personskade. Departementet foreslår her at den absolutte foreldingsfristen på 20 år ikkje skal gjelde for personskadar som er valda medan skadelidne var mindreårig. Formålet er å hindre at slike krav er forelda når skadelidne blir klar over skaden og høve til å fremje erstatningskrav. Dette gjeld likevel berre dersom skadevaldaren eller nokon han svarar for, kjende eller burde kjenne til at dette kunne føre til fare for liv eller alvorleg helseskade. Forslaget vil truleg i første rekke ha noko å seie for krav som grunnar seg på seinskadar.
Justisdepartementet foreslår samstundes at ein innfører «foreldelsesloven» som offisiell korttittel på lova.
Forslaget til endring av finansavtalelova går ut på at kapittel 3 om låneavtalar og kapittel 4 om kausjon skal gjelde fullt ut når ein kommune eller ein fylkeskommune er långivar eller kausjonskreditor. I dag er utgangspunktet at desse kapitla ikkje gjeld ved kommunal utlånsverksemd. Enkelte av føresegnene i kapittel 3 gjeld likevel dersom ein kommune driv med ervervsmessig låneverksemd overfor forbrukarar, eller dersom ei kommunal pensjonskasse yter lån.