Forslag til lov om endringer i lov 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a., i lov 13. juni 1997 nr. 42 om Kystvakten, og i lov om beskyttelse av design
I
I lov 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a. gjøres følgende endringer:
§ 2 nr. 5 skal lyde:
Gransking av fisk og fiskevarer, under dette om forbod mot omsetning og utførsle av fisk og fiskevarer som ikkje er granska eller har fått emballasjen merkt på føreskreven måte.
Ny § 2 nr. 10 skal lyde:
Forbod mot fangst, ilandføring, omsetjing, utførsle og bestemt handsaming av villfanga og oppdretta fisk, dersom det kan medføre fare for folkehelsa.
Ny § 3a skal lyde:
Kongen kan gje føresegner om vern og bruk av produktnemningar og varenemningar samt særskilte saksbehandlingsreglar i forhold til denne føresegna. Kongen kan gje føresegnar om at søknad om vern og bruk som nemnt kan behandlast og avgjerast av ikkje offentlege tilsynsorgan, samt gje reglar for erstatning ved urettmessig bruk av slike nemningar. Kongen kan også gje føresegner som innskrenkar adgangen til registrering i medhald av lov 3. mars 1961 nr. 4 om varemerker og lov 3. mars 1961 nr. 5 om fellesmerker, og avgrensar rettar gitt i eller i medhald av dei same lovane, dersom det ikkje har kome inn innvendingar mot at ei nemning blir verna i samsvar med føresegner gitt i medhald av denne lova.
§ 11 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:
Aktlaus bruk av ei nemning i strid med føresegner gitt i medhald av § 3a, eller freistnad på dette, straffast ikkje.
II
I lov 13. juni 1997 nr. 42 om Kystvakten gjøres følgende endringer:
Ny § 9 første ledd bokstav b skal lyde:
b.lov av 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.
Nåværende bokstav b til e blir ny bokstav c til f.
III
I lov om beskyttelse av design skal § 7 tredje ledd nr. 3 lyde:
en betegnelse som er beskyttet ved forskrift etter lov 17. juni 1932 nr. 6 om kvalitetskontroll med landbruksvarer mv. eller etter lov 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.
IV
Denne lov trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.