Ot.prp. nr. 44 (1998-99)

Om lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap

Til innhaldsliste

1 Verksemda i Noregs Kommunalbank 1996, 1997 og 1998

Innleiing

Etter vedtak i Stortinget 7 juni 1985 skal melding om verksemda i Noregs Kommunalbank leggjast fram for Stortinget annakvart år. Melding om verksemda i banken i 1995 og 1996 blei lagd fram 15 november 1996. I St prp nr 1 (Kommunal- og regionaldepartementet) for 1998-99 er det gitt ein omtale av verksemda i Kommunalbanken i 1. halvår 1998. Ein generell omtale av verksemda i banken er gitt i kap 3.1 i odelstingsproposisjonen.

Generelt

Hovudverksemda til Kommunalbanken er å yte lån til ulike investeringsformål til kommunar, fylkeskommunar og interkommunnale selskap. Det blir også gitt lån til kraftverk, private helseinstitusjonar, andelsvassverk og andre selskap som yter kommunal tenesteproduksjon.

Kommunalbanken har også i 1996, 1997 og 1998 administrert tilskotordninga for kommunale avløpstiltak for Miljøverndepartementet. Tilskota kan samordnast med banken sine lån til same formål.

Kommunalbanken har ei eiga avdeling, NKB Rådgivingstenesta som på kommersiell basis i 1996-1998 har tilbode kommunane konsulenthjelp innanfor fagområda innkjøp og bank- og forsikringsavtalar. I tillegg blir det ytt gratis EØS-rådgiving overfor kommunesektoren på grunnlag av kontrakt med Nærings- og handelsdepartementet ut 1999.

Dotterselskapet Noregs Kommunalbank Fondsforvaltning AS har i perioden 1996-1998 vore ein av dei leiande kapitalforvaltarar i kommunal sektor. Kommunalbanken gjorde ved halvårsskiftet 1998 ein avtale om å selje dotterselskapet Noregs Kommunalbank Fondsforvaltning AS til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Salet gav Kommunalbanken ei ekstraordinær inntekt i 1998 på 4 mill kroner. Styret meiner at KLP, som ny eigar av fondsforvaltningsselskapet, vil gi selskapet høve til utvida kundegrunnlag og betra lønnsemd, og dermed gi rom for ei auka satsing på produktutvikling til beste for kommunal sektor. Som ein konsekvens av salet av fondsforvaltningsselskapet er det vedteke å avvikle det andre dotterselskapet, Noregs Kommunalbank Investeringstenester AS. Selskapet blei oppretta i 1996 for å tilby kommunal sektor aktiv forvaltningsservice. Dotterselskapet skulle, i nært samarbeid med fondsforvaltningsselskapet, komplettere tilbodet om fondssparing med individuell forvaltning av porteføljar.

Utlånsverksemda

Utlånsrammene i Kommunalbanken blir fastsette kvart år av Stortinget gjennom statsbankopplegget i statsbudsjettet. Jamvel med låge utlånsrammer dei siste åra, er Kommunalbanken framleis den viktigaste kredittgivaren for kommunesektoren med ein marknadsdel på om lag 26 prosent. Frå 1996 har banken hatt utlånsrammer baserte på netto utlånsvekst i staden for brutto innvilgingsramme som åra før. Både i 1996 og 1997 blei netto utlånsvekstramme sett til null. Dette inneber at utlånsporteføljen både per 31.12.1996 og per 31.12.1997 ikkje kunne overstige utlånsporteføljen ved årsslutt 1995.

For 1997 blei det vedteke at ramma for netto utlånsvekst skulle baserast på utbetalingar og ikkje på innvilgingar som i 1996. Utlånsramma for 1996 og 1997 blei begge fullt utnytta. Samla brutto utlån for 1996 var 2,593 mrd kroner og for 1997 3,647 mrd kroner. Utlånsporteføljen ved årsslutt i 1996 og 1997 var 26,4 mrd kroner. Kommunalbanken hadde i 1996 og tidlegare år utlånsavgrensingar gjennom året. Desse blei oppheva ved behandlinga av statsbudsjettet for 1997.

For 1998 blei utlånsvekstramma sett til 700 mill kroner. Utlånsporteføljen per 31.12.1998 er følgjeleg auka samanlikna med årsslutt i 1997 med 700 mill kroner, frå 26,4 mrd kroner til 27,1 mrd kroner. Den forholdsvis låge ramma, saman med auka etterspørsel etter lån, kravde at banken framleis måtte prioritere lånesøkjarane strengt. Det er utbetalt lån tilsvarande netto vekstramme på 700 mill kroner, ordinær og ekstraordinær avdragsinngang, totalt 3,324 mrd kroner. Kommunalbanken har i 1998 gitt nye lån på om lag 4,244 mrd kroner, og banken har måtta forskyve utbetalingar av lån på heile 1,4 mrd kroner til 1999.

Utlåna blir finansierte ved utlegging av statsgaranterte sertifikat- og obligasjonslån i den norske marknaden. Dette blir nærmare omtalt i eige avsnitt nedanfor.

Styret i Kommunalbanken har følgjande overordna mål for utlånsverksemda i banken:

  1. Banken skal medverke til at det til ei kvar tid kan bli gitt lån til prioriterte kommunale investeringar.

  2. Banken skal sikre at det blir skapt konkurranse om utlån til kommunane.

  3. Banken skal tilby låntakarane mest mogleg likeverdige lånevilkår.

  4. Banken skal prioritere dei små og mellomstore kommunane.

  5. Banken skal gi ei akseptabel avkastning til eigar.

Dei totale utlåna i Kommunalbanken er jamt fordelte på fylkeskommunar og kommunar i heile landet. Innanfor ei avgrensa utlånsramme har banken både i 1996, 1997 og 1998 i tråd med den overordna strategien prioritert små og mellomstore kommunar fordi desse ikkje oppnår like gode rentevilkår i marknaden som større kommunar med nokså store lånebehov.

Dei fleste kommunane tok i 1996, 1997 og 1998 opp samlelån til investeringane for året. Det største låneformålet i 1996 og 1997 var lån til skuleutbygging, jf tabell 1 nedanfor. Dei store investeringane i skulesektoren kom av Reform 97. Det største låneformålet i 1998 har vore tiltak innanfor helse- og sosialsektoren med løyvingar frå Kommunalbanken på over 1 mrd kroner. Dette kjem av at Stortinget og Regjeringa har satsa sterkt på dei eldre. Kommunane har følgt opp Regjeringa sin handlingsplan for eldreomsorga ved å gjere nokså store investeringar i nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustader. Kommunalbanken har derfor lagt særleg vekt på å prioritere dette formålet. Husbanken har innanfor sine lånerammer ikkje funne å kunne tilgodesjå kommunane med lån til omsorgssektoren. Kommunalbanken har i 1998 inngått eit nært samarbeid med Husbanken slik at kommunane likevel er sikra lånefinansiering til konkurransedyktig rente. Samarbeidet vil halde fram i 1999 til beste for kommunal sektor. Andre viktige låneformål i 1996, 1997 og 1998 har vore lån til miljøverntiltak og vassinvesteringar.

Tabell 1.1 Innvilga lån etter formål 1996, 1997 og 1998. Mill. kroner

Formål199619971998
Elverk og leidningsnett1135
Vassforsyning112197211
Hamneanlegg13121130
Tomtetekniske arbeid6341
Sjukehus, sjukeheimar, sosiale tiltak o.a.94199962
Kommunale bygg og anlegg71183276
Kjyrkjer754
Skular5751 200639
Vegar og bruer531058
Grunnlagsinvesteringar151771
Grunnerverv, kontantlån8205
Miljøverntiltak266367378
Enøk-tiltak441
Andre formål, inkl. refinansiering1 3481 3201 433
Sum2 5733 6474 244

Banken legg stor vekt på å kunne tilby konkurransedyktige utlånsrenter og rentetilknytingar som kommunane spør etter. Låntakar kan velje mellom lån med kort p.t. rente, lang p.t. rente, rente basert på 1 og 3 månaders NIBOR (:interbankrenta), 3 månaders NIBOR med rentetak og rentegolv og fastrentetilknyting.

Gjennom både 1996 og 1997 har lån med kort rentebinding vore gunstigare enn lån med lengre rentebinding. Rentebiletet i 1998 har vore prega av store svingingar. I første delen av året var dei korte rentene vesentleg lågare enn dei lange rentene. Frå hausten 1998 og ut året har dei lange rentene lege godt under dei korte rentene.

Kommunalbanken tilbyr lån med rentebinding opp til 10 år for alle lånebeløp over 2 mill kroner. Rentetilboda varierer frå dag til dag avhengig av utviklinga i obligasjonsrentene. Låntakarane kan dermed velje rente basert på eigne rentestrategiar og sine behov for forutseieleg lånerente.

Banken si korte p.t. rente er basert på kostnadene ved innlån med kort rentebinding. Kort p.t. rente reagerer raskt på svingingane i dei korte marknadsrentene. Dette har resultert i at kort p.t. rente er blitt justert ei rad gonger i perioden 1996-1998. Kort p.t. rente var i januar 1996 på 5,90 og blei suksessivt sett ned i løpet av 1996 og 1997. Renta nådde ein botn sommaren 1997 med ei rente på 3,45 prosent. Som følgje av auken i renta i den korte pengemarknaden sette banken renta opp til 4,05 i september 1997. Frå september 1997 klarte banken å halde kort p.t. rente stabil på dette nivået fram til april 1998. Totalt har banken gjort 10 renteendringar på lån med kort p.t. rente i 1998. Frå å liggje på 4,05 prosent tidleg på året låg renta på 7,95ved slutten av året.

Når Kommunalbanken endrar utlånsrentene sine, følgjer dei andre finansinstitusjonane gjerne raskt etter. Kommunane viser også til banken sine renter når dei er i forhandlingar med andre långivarar. Dette fører til vesentlege renteinnsparingar for kommunal sektor.

Kommunalbankens lange p.t. rente og gamle p.t. rente (lån utbetalte før 01.03.1993) er bestemte av banken sine innlånskostnader for låneopptak med gjennomsnittleg attverande løpetid på 3-7 månader. Dette har gitt ein større stabilitet i rentene i løpet av 1996-1998 enn det tilfellet er for banken si korte p.t. rente. Begge desse rentene er også gradvis sette ned i 1996 og 1997. Banken si lange p.t. rente var ved inngangen til 1996 6,00 prosent. Denne renta blei sett ned fleire gonger og var på sitt lågaste nivå i siste halvdelen av 1997 med 4,10 prosent. Den gamle p.t renta var ved inngangen til 1996 6,25 prosent og nådde ein botn sommaren 1997 der ho blei fastsett til 4,25 prosent. Desse rentene er endra totalt seks gonger i løpet av 1998. Ved årsslutt 1998 låg lang p.t. rente på 7,00 prosent og gammal p.t. rente på 7,10 prosent.

Kommunalbanken tilbyr også flytande rente knytt til NIBOR. Med NIBOR-baserte lån supplerer banken tilboda sine i den korte enden av rentekurva. Frå hausten 1997 har banken tilbode 3 månaders NIBOR med rentetak. Tilbodet skil seg frå banken sitt ordinære NIBOR-produkt ved at kundane sikrar seg mot at lånerenta i bindingsperioden overstig eit nivå som er fastsett på førehand. I tillegg til eit rentetak kan det avtalast eit rentegolv for NIBOR, og kommunane oppnår dermed eit lågare margintillegg ved fastsetjing av rentetaket.

Etterspørselen etter banken sine renteprodukt er naturleg nok påverka av endringane i rentebiletet. I 1996 og første halvdelen av 1997 var dei korte rentene gunstige og blei stadig reduserte slik at størsteparten av lånekundane valde flytande rente på låna sine. Dei som valde å binde renta, valde helst bindingsperiodar frå 3 til 5 år.

I første delen av 1998 valde også hovudtyngda av kundane flytande rente på låneopptaka sine. Etter kvart som rentesituasjonen blei meir usikker og dei korte rentene steig atskilleg, blei det fokusert meir på dei lange fastrentene. Med ei fallande rentekurve og med 10 års fastrenter på under 6 prosent, valde mange av bankkundane å gjere renteutgiftene meir stabile og forutseielege ved å binde renta. Nivået på dei lengre rentene er tidleg på nyåret 1999 framleis lågt, og det har ført til at endå fleire kommunar vurderer å rentesikre delar av porteføljane sine. I tillegg til fastrentelån til nyinvesteringar har også ein del kommunar valt å konvertere løpande lån med flytande rente til fastrentevilkår. Av banken sin totale portefølje ved årsskiftet på om lag 27,1 mrd kroner, utgjer lån med rentebinding om lag 9 mrd kroner.

Innlånsverksemda og økonomisk resultat i 1996-98

Som i åra før har innlånsverksemda i 1996, 1997 og 1998 gått føre seg i den norske obligasjons- og sertifikatmarknaden. Banken legg framleis vekt på marknadspleie av emitterte papir. Sertifikat og obligasjonar tilbyr ein for det meste ved etterspørsel frå marknaden, slik at banken på denne måten skaper likevekt mellom tilbod og etterspørsel etter eigne papir. Kommunalbanken har god likviditet i papira sine. I 1996 og 1997 har banken betalt ein garantiprovisjon på 0,15 prosent til staten. Med verknad frå 1 januar 1998 blei garantiprovisjonen redusert frå 0,15 prosent til 0,10 prosent for betre å reflektere marknadsverdien av garantiprovisjonen.

Kommunalbanken oppnådde i 1996 og 1997 innlånsmarginar på obligasjonar som har lege 0-10 rentepunkt over stat, med eit gjennomsnitt på rundt 4-5 rentepunkt. I 1996 og 1997 lånte Kommunalbanken inn midlar i sertifikatmarknaden i praksis til same rentekostnad som staten.

I andre halvdelen av 1998 har innlånsmarginane stige. Banken har likevel oppnådd tilfredsstillande marginar i siste halvdelen av 1998 ved bl a bruk av rentebyteavtalar, der banken sine fastrenteinnlån er blitt bytte mot innlån med flytande renter.

Kommunalbanken har i 1998 sett den same tendensen til marginauke i sertifikatmarknaden, om enn i mindre grad. Lånekostnaden mot stat har auka med om lag 2-3 rentepunkt i løpet av siste halvåret 1998.

Kommunalbanken har i 1998 skrive ut om lag 1,4 mrd kroner i strukturerte innlån. For strukturerte innlån har banken kunna låne inn til vilkår 10-15 rentepunkt lågare enn ved utforming av ordinære obligasjonslån. Banken har ikkje generelt høve til å nytte dette finansieringsalternativet. (Strukturerte lån: Obligasjonslån der kupongen gjerne er knytt til andre marknadselement, slik som aksjeindeksar, valutakursar og råvareprisar.)

Banken hadde ved årsskiftet 1996 uteståande 15,8 mrd kroner i sertifikat og 10,3 mrd kroner i obligasjonslån. Tilsvarande tal for 1997 var 16,2 mrd kroner i sertifikat og 13,2 mrd kroner i obligasjonar. Ved årsskiftet 1998 hadde banken uteståande 14,8 mrd kroner i sertifikat og 16,7 mrd kroner i obligasjonslån.

Kommunalbanken ønskjer ikkje å ta risiko på andre område enn basisverksemda, det vil seie utlån til kommunane. Det fører til at annan risiko som til dømes rente- og valutarisiko, vert søkt avgrensa mest mogleg. Banken tek også opp lån der strukturen i størst mogleg grad korresponderar med banken sine utlån til kommunane. Totalomsetninga i banken, inkl. gjenkjøpsavtalar i eigne papir og i statspapir, utgjorde til saman 207,1 mrd kroner i 1996, 201 mrd kroner i 1997 og 190 mrd kroner i 1998.

Rekneskapen for 1996 viste eit overskot på 171,7 mill kroner, jf tabell 2. Bankverksemda gav ei avkastning på den gjennomsnittlege uteståande disponible delen av eigenkapitalen på 9 prosent. Dette representerte ein margin på 4,3 prosent over risikofri rente i 1996. I statsbudsjettet for 1997 blei det lagt til grunn at banken skulle betale eit utbyte til staten på 100 mill kroner for rekneskapsåret 1996. Forvaltningskapitalen til banken per 31.12.1996 var 33,3 mrd kroner. Driftskostnadene i prosent av forvaltningskapitalen utgjorde 0,08 prosent.

Rekneskapen for 1997 viste eit overskot på 42,7 mill kroner. gav ei Avkastninga på gjennomsnittleg disponibel eigenkapital i bankverksemda var på 7,8 prosent. Dette representerte ein margin på 4,1 prosent over risikofri rente i 1997. Det blei i statsbudsjettet for 1998 sagt at banken skulle betale 16 mill kroner i utbyte til staten på for rekneskapsåret 1997. Forvaltningskapitalen til banken per 31.12.1997 var 34,7 mrd kroner. Driftskostnadene i prosent av forvaltningskapitalen utgjorde 0,08 prosent.

For 1998 viste Rekneskapen eit overskot på 52,2 mill kroner. Bankverksemda gav ei avkastning på disponibel eigenkapital på 23,3 prosent. Dette representerer ein margin på 17,7 prosent over risikofri rente i 1998. I statsbudsjettet for 1999 blei det lagt til grunn at banken skulle betale eit utbyte til staten på 18 mill kroner for rekneskapsåret 1998. Forvaltningskapitalen til banken per 31.12.1998 var 35,5 mrd kroner. Driftskostnadene i prosent av forvaltningskapitalen utgjorde 0,07 prosent. Ved utgangen av 1998 hadde banken ein disponibel eigenkapital på 255,2 mill kroner.

I samband med salderinga av statsbudsjettet for 1996 vedtok Stortinget at 1,1 mrd kroner av reservefondet skulle overførast til statskassa. I salderingsproposisjonen for 1997 vedtok Stortinget at ytterlegare 700 mill kroner av reservefondet til banken skulle overførast til statskassa.

Tabell 1.2 Nøkkeltal for Kommunalbanken i 1996, 1997 og 1998 i mill kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK).

199619971998
Mill krProsentMill krProsentMill krProsent
Renteinntekter mv1889,35,851559,04,581700,04,85
Netto kursgevinstar1,70,010,20,00,90,0
Andre driftsinntekter4,70,022,60,011,40,0
Inntekter i alt1895,75,881561,84,591702,34,85
Rente- og innlånskostnader1663,45,161457,34,281602,04,56
Garantiprovisjon34,20,1136,50,1125,80,07
Personalkostnader14,00,0413,70,0412,40,04
Andre driftskostnader12,40,0411,60,0313,70,04
Kostnader i alt1724,05,351519,14,461653,94,71
Driftsresultat171,70,5342,70,1352,20,15
Disponert slik:
Etableringskostn. AS30,01
Utbyte100,00,3116,00,05180,05
Tilført eigenkapital71,70,2226,70,0831,20,09

Administrative og organisatoriske spørsmål

Ved utgangen av 1998 hadde banken 28 tilsette. I løpet av året blei bemanninga redusert med tre personar. Medarbeidarstaben på basisområdet skal styrkjast i løpet av 1999.

Banken har i dei seinare åra gitt tilsette høve til å byggje opp kompetanse, både ved å delta på kurs/konferansar og ved økonomisk støtte til etterutdanning. Banken har som mål å sørgje for at medarbeidarane står godt fagleg rusta overfor dei daglege arbeidsoppgåvene, og at dei også kan takle framtidige endringar på ein tilfredsstillande måte.

I planen for verksemda og i driftsbudsjettet for 1999 har ein teke omsyn til ei eventuell omdanning av banken.

År 2000-prosjektet har hatt høg prioritet i banken i lengre tid. Verdikjeda i Kommunalbanken, kritiske verksemdsområde og IT-system er gjennomgått. Det er ikkje avdekt store år 2000-problem. Nødvendige utskiftingar og opprettingar blir gjennomførte etter kvart, og forretningssystema i banken skal vere klare for år 2000 i god tid. I samanheng med år 2000 har Kommunalbanken gjort innrapporteringar i samsvar med krav frå overordna styresmakt. Banken førebur ein beredskapsplan for å handtere eventuelle uønskte hendingar på område som til dømes svikt i straumforsyning eller telekommunikasjon.