Forslag til lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap
§ 1 Føremål
Føremålet med denne lova er å regulere forholdet til aksjelovgivinga og visse overgangsspørsmål i samband med omdanning av forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank til aksjeselskap.
§ 2 Forholdet til aksjelovgivinga
Når denne lova trer i kraft, blir Noregs Kommunalbank omdanna til aksjeselskap.
§ 3 Om retten til å bruke ordet «bank» i namn (firma)
Aksjeselskapet Kommunalbanken kan utan hinder av lov 24 mai 1961 nr 2 om forretningsbanker § 2 bruke ordet «bank», med eller utan tillegg, i sitt namn (firma) og ved omtale av si verksemd.
§ 4 Overføring av offentlege rettar m v
Ved omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap blir eigedelar, rettar, under det offentlege løyve osv., og skyldnader overførte til aksjeselskapet.
Omregistrering i grunnbok og andre offentlege register i samband med omdanninga skjer ved namneendring.
§ 5 Overføring av skyldnader
Overføring til aksjeselskapet av skyldnader knytt til forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank har frigjerande verknad for staten.
Kravshavarar og andre rettshavarar kan ikkje setje seg i mot overføringa eller gjere gjeldande at den er ein bortfallsgrunn for rettsforholdet.
§ 6 Førerett til anna statsstilling og venteløn
Lov 4 mars 1983 nr 3 om statens tenestemenn m.m. § 13 nr 2 til 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal framleis gjelde for tidlegare arbeidstakarar i forvaltningsbedrifta Noregs Kommunalbank som blir sagde opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr 1 bokstavene a, b og c, og som var omfatta av desse reglane før omdanninga. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer 3 år etter at lova her tek til å gjelde. Føresegna her gjer inga innskrenking i arbeidstakars rettar etter lov 4 februar 1977 nr 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø m.v. §§ 60 nr 2 og 67.
§ 7 Overgangsreglar
Kongen kan gi overgangsreglar.
§ 8 Iverksetting
Lova her tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.
§ 9 Endring av andre lover
Frå den tid lova tek til å gjelde, skal desse føresegnene i andre lover endrast slik:
1. Lov 15 juli 1949 nr 1 om Norges Kommunalbank blir oppheva.
2. I lov 5 juni 1981 nr 45 om representasjon av tilsatte i styrende organer i offentlige virksomheter blir § 8 nr 5 oppheva.
3. I lov 10 juni 1988 nr 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner skal § 2-2 andre ledd nytt nr 8 lyde:
8.staten og Kommunal Landspensjonskasse (KLP) hver for seg eier mer enn 10 prosent av aksjekapitalen i Kommunalbanken AS.
Noverande nr 8 og 9 bli nye nr 9 og 10.