Ot.prp. nr. 44 (1998-99)

Om lov om omdanning av Noregs Kommunalbank til aksjeselskap

Til innhaldsliste

4 Kommunalbanken AS

4.1 Innleiing

Lovforslaget inneber ei omdanning av Kommunalbanken til eit finansieringsføretak organisert som aksjeselskap, Kommunalbanken AS. Denne institusjonen vil ha som formål å yte langsiktig kreditt til kommunesektoren og yte kommunane finansielle rådgivingstenester, dvs å føre vidare verksemda i den noverande Kommunalbanken.

Det blir lagt opp til at Kommunalbanken AS blir organisert og driven som eit ordinært finansieringsføretak og gitt same rammevilkår som andre finansieringsføretak organiserte som aksjeselskap. Dette inneber at selskapet blir underlagt dei vanlege reglane for denne typen finansinstitusjonar, og at Kredittilsynet skal føre tilsyn med verksemda. Statsgarantien blir avvikla for nye innlån i selskapet, og selskapet blir skattepliktig. Utlånsreguleringa med innvilgingsrammer blir avvikla. Garantiordninga for kommunale lån til skulebygg fell bort.

Etter dei vanlege reglane i finansieringsverksemdslova vil verksemda i Kommunalbanken AS bli avgrensa til finansieringsverksemd og verksemd som naturleg heng saman med dette. Selskapet får resultatansvar overfor eigarane på vanleg måte.

Det blir arbeidd for at banken skal verke som aksjeselskap frå og med oktober 1999.

4.2 Eigarskapen i banken

Selskapet blir skipa som eit aksjeselskap i 100 prosent statleg eige. Det blir lagt opp til at 20 prosent av aksjane i det nystarta selskapet blir selde til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Det inneber at det må gjerast lovendring i form av eit nytt unntak frå eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova, jf nærmare omtale i pkt 5.2. Vidare blir det lagt til grunn at siktemålet skal vere å overdra alle statens aksjar til kommunal sektor, slik at den statlege eigarskapen blir avvikla over tid. Statens aksjar skal overdragast til kommunesektoren til marknadsprisen som gjeld på det tidspunktet aksjane blir selde.

Dersom det på eit seinare tidspunkt skulle bli aktuelt for Regjeringa å ta opp spørsmålet om også andre enn KLP skal eige meir enn 10 prosent av aksjane i selskapet, må det i så fall gjerast ytterlegare lovendring i form av nye unntak frå eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova. På noverande tidspunkt er det ikkje klart kva for andre eigarar det i tilfelle kan vere tale om.

Etter aksjelova § 4-15 andre ledd krevst det samtykke frå selskapet for å kunne overta aksjar. Det høyrer under styret å avgjerde om samtykke skal bli gitt, med mindre vedtektene legg denne avgjerda til andre.

Etter aksjelova § 4-19 første ledd første setning har aksjeeigar rett til å overta aksje som skal avhendast eller på anna vis skifte eigar. Regelen gjer det mogeleg for dei andre aksjeeigarane å behalde selskapet for seg sjølve. Føresegna avløyser § 3-3 i den tidlegare aksjelova, der utgangspunktet var at løysingsretten måtte vere bestemt i vedtektene. Etter den nye aksjelova følgjer altså denne retten direkte av lova. Denne regelen korresponderer med § 4-20, som krev at selskapet skal varsle rettshavarane når det får melding om at det er ønske om å overdra aksjar. Etter § 4-19 første ledd andre setning kan det fastsetjast i vedtektene at ein aksjeeigar har rett til å overta aksje som har skifta eigar. Det kan derfor synest som om løysingsrett i slike tilfelle må takast inn i vedtektene. I Aarbakke, Skåre, Knudsen m.fl., «Aksjeloven og allmennaksjeloven med kommentarer» (1999) blir det gitt uttrykk for at føresegna bør tolkast slik at aksjeeigarens rett til å overta aksjen gjeld og etter eigarskifte sjølv om det ikkje er fastsett i vedtektene (s. 233). For å gjere det heilt klart kan ein eventuelt ta inn i vedtektene føresegner om at rett til å overta aksje også gjeld etter eigarskifte.

4.3 Særleg om forholdet til staten

Statsgarantien blir avvikla for nye innlån, men halden opp for eksisterande innlån i Kommunalbanken. For eksisterande innlån med statsgaranti skal det framleis betalast garantiprovisjon.

Den ansvarlege kapitalen i Kommunalbanken består av grunnfond (statens innskotskapital), reservefond og risikofond. Av grunnfondet på 2 350 mill kroner har staten betalt inn 20 mill kroner kontant. For den ikkje innbetalte delen på 2 330 mill kroner av grunnfondet, har staten skrive ut evigvarande gjeldsbevis (grunnfondsobligasjonar) på Kommunalbanken. Banken sin disponible eigenkapital (reservefond og risikofond) var ved utgangen av 1998 på omlag 255 mill kroner.

Kommunalbanken vil bli omdanna til aksjeselskap ved at banken overfører den disponible eigenkapitalen ved omdanningstidspunktet til staten, og betaler tilbake til staten den innbetalte delen på 20 mill kroner av grunnfondet. Staten skyt inn eigenkapital i den nye banken i storleiksorden 660 mill kroner.

Tabellen nedanfor viser korleis omdanninga skjer i budsjettsamanheng. Den disponible eigenkapitalen er sett til 250 mill kroner.

Tabell 4.1 Omdanninga av Kommunalbanken i budsjettsamanheng. Mill. kroner

TransaksjonBeløp.70-post90-poster (balanse)
Oppgjer grunnfond+2 350+2 350
-2 330-2 330
Netto oppgjer grunnfond/ tilbakebetaling+20+20
Innbetaling reservefond og risikofond+250+250
Staten skyt inn eigenkapital-660-660
Sum+250-640

Stortinget har alt innarbeidd dei budsjettmessige konsekvensane av omdanninga til heileigd statleg aksjeselskap i statsbudsjettet for 1999 i samband med behandlinga av Budsjett-innst S nr 6 (1998-99), jf kap 2. Eventuelle forslag til endringar i beløpet for aksjekapital i det nye selskapet (kap 2427.90) vil bli fremma i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1999. Eventuelle endringar på basis av rekneskapsresultat for den disponible eigenkapitalen ved omdanningstidspunktet (jf kap 5330.70) vil bli fremma til hausten i nysalderingsproposisjonen om statsbudsjettet for 1999.

Kommunaldepartementet vil i samråd med Finansdepartementet komme tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane av sal av aksjar i det nye selskapet.

Det blir arbeidd for at banken skal verke som aksjeselskap frå og med 1 oktober 1999.

Ordninga med garantiar for lån til skulebygg

Eit særleg spørsmål er om ordninga med garantiar for lån til skulebygg skal førast vidare. Etter kommunalbanklova § 10 heftar staten for Kommunalbankens garantiansvar for lån som kommunar tek opp i andre finansinstitusjonar for å finansiere skulebygg. Ved utgangen av 1998 kom dette garantiansvaret opp i 16,7 mill kroner. Det har ikkje vore gitt nye garantiar sidan 1990. Finansdepartementet sende i august 1996 på høyring eit forslag om å oppheve garantiordninga. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet hadde som merknad at ein eventuelt ikkje burde oppheve garantiordninga før kommunane hadde gjennomført investeringar i lokale i samband med grunnskulereforma. Saka blei omtalt i St prp nr 1 (1996-97) for Finansdepartementet.

Departementet går ut frå at det ikkje lenger er behov for garantiordninga. Ein viser bl.a. til at det ikkje er stilt nye garantiar dei siste åtte åra. Kommunane har i dag ikkje problem med å finansiere byggjeprosjekta. Finansieringa av investeringar i samband med grunnskulereforma er i hovudsak fullført. Departementet foreslår på denne bakgrunnen at garantiordninga blir oppheva. Det blir lagt til grunn at staten framleis skal hefte for det garantiansvaret Kommunalbanken i dag har for lån som kommunane alt har teke opp i andre finansinstitusjonar for å finansiere skulebygg.

4.4 Særleg om forholdet til kommunesektoren

Etter kommunalbanklova § 3 skal det leggjast opp eit reservefond av banken sitt overskot. Overskotet kjem fram som eit driftsoverskot minus renter av grunnfondet. Etter § 4 kan det leggjast opp risiko- og kursrisikofond ved eit prosentvis frådrag i kvart lån. Det er lovfesta i §§ 3 og 4 at desse fonda, dersom banken blir oppheva og grunnfondet og andre forpliktingar er dekte, skal nyttast til beste for kommunane etter vedtak av Stortinget. Etter § 3 tredje ledd kan delar av fondet etter stortingsvedtak overførast til statskassa. Denne føresegna kom inn ved lovendring 4 desember 1992 nr 122. I samband med endringa viste Finansdepartementet til at overføring av midlar frå reservefondet ikkje inneber inngripen i oppnådde rettar, jf Ot prp nr 7 for 1992-93 s 5. Departementet viste vidare til at tilsvarande spørsmål tidlegare hadde vore lagt fram for Justisdepartementet og at Justisdepartementet har same syn som Finansdepartementet. Tilsvarande vurdering er lagd til grunn når det gjeld overføring av midlar i form av utbytebetaling.

Som følgje av omdanninga blir banken sin kapital ført til inntekt for staten over statsbudsjettet, slik det alt er gjort vedtak om, jf omtale under pkt 4.3 ovanfor. Ved at Stortinget i lovs form opphevar kommunalbanklova, inkludert reglane om korleis fonda skal brukast, vil det ikkje liggje føre rettslege skrankar for at staten disponerer fonda.

4.5 Styrande organ

Kommunalbanken blir no leia av eit styre på 5 medlemmer, jf kommunalbanklova § 6. Stortinget vel formann og varaformann med vararepresentantar. Dei tre andre styremedlemmene med vararepresentantar blir oppnemnde av Kongen. Stortinget vel ein kontrollkomité på tre medlemmer. Riksrevisjonen fører kontroll med verksemda. Administrerande direktør blir tilsett av Kongen.

Etter finansieringsverksemdslova § 3-10 skal finansieringsføretak som hovudregel ha eit representantskap med minst 12 medlemmer. Kongen kan gjere unntak frå krav om representantskap når føretaket er organisert som aksjeselskap. Føretaket skal ha eit styre med minst 4 medlemmer, dersom ikkje Kongen samtykkjer i eit lågare tal, jf § 3-9. Administrerande direktør skal også vere medlem av styret. Føretaket skal vidare ha ein kontrollkomité med minst tre medlemmer som blir valde av generalforsamlinga, jf § 3-11. Minst ein av medlemmene skal tilfredsstille krava til å vere dommar. Denne medlemmen skal godkjennast av Kredittilsynet. Revisor blir vald av representantskapet, jf § 3-13. Dersom føretaket ikkje har representantskap, skal revisor veljast av kontrollkomitéen.

Omdanninga til aksjeselskap inneber at selskapet får styrande organ i samsvar med føresegnene i aksjelova og finansieringsverksemdslova.

Det kan vere aktuelt å ta opp spørsmålet om dispensasjon frå kravet om representantskap. Unntak frå kravet om representantskap krev samtykke frå Kongen etter finansieringsverksemdslova § 3-10 første ledd. Myndigheita er delegert til Kredittilsynet. Det vil i så fall bli fremma søknad om dispensasjon til Kredittilsynet på vanleg måte.

Dersom ein person som eventuelt skal ha styreverv i Kommunalbanken AS samstundes er medlem av styrande organ eller har leiande stilling i KLP, vil dette krevje dispensasjon frå finansieringsverksemdslova § 2-8. Sjå nærmare om dette under pkt 5.2. Det vil - dersom det skulle bli aktuelt - bli fremma ein søknad til Kredittilsynet om dispensasjon frå forbodet mot gjensidig styrerepresentasjon.

4.6 Eigenkapitalen i Kommunalbanken

Kommunalbanken er i dag ikkje underlagd dei generelle krava til kapitaldekning i finansieringsverksemdslova. Den noverande kapitalstrukturen i Kommunalbanken som statsbank er spesiell, fordi den må vurderast i samanheng med statsgarantien på innlåna. Kapitalstrukturen i ein omdanna kommunalbank må derfor vurderast uavhengig av kapitalstrukturen i dag.

I samband med ei avvikling av Kommunalbanken som statsbank, vil statsgarantien for nye innlån som nemnt bli avvikla, og den nye Kommunalbanken vil bli underlagd krav til ansvarleg kapital som andre finansinstitusjonar. Krav til ansvarleg kapital for finansieringsføretak blir fastsette med heimel i finansieringsverksemdslova. Etter § 3-17 skal den ansvarlege kapitalen utgjere minst 8 prosent av samla aktiva i finansinstitusjonen og forpliktingar utanfor balansen, berekna etter prinsipp for risikovekting.

Ein føresetnad for at Kommunalbanken skal føre vidare rolla si som kredittgivar til kommunane i landet, er at innlånskostnadene ikkje blir endra for mykje. Det vil seie at innlånskostnaden i Kommunalbanken utan statsgaranti ikkje bør bli vesentleg høgare enn kostnaden ved statsgaranterte innlån, med tillegg av dagens garantiprovisjon på 0,10 prosent. Storleiken på eigenkapitalen vil ha mykje å seie for innlånskostnadene.

Det er viktig at kapitaliseringa reflekterer den typen verksemd som institusjonen skal drive. Eigenkapitalen må vere stor nok til at den ikkje verkar negativt inn på utsikta til å oppnå fordelaktig kredittvurdering (rating) frå dei store internasjonale byråa, som til dømes Moody's og Standard & Poor's. Med utgangspunkt i at Kommunalbanken skal føre vidare den gjeldande utlånsverksemda si, kan institusjonen kapitaliserast relativt sett noko lågare enn dei fleste andre bankar og finansieringsføretak. Dette fordi det knyter seg ein lågare risiko til utlån til kommunar og fylkeskommunar.

På denne bakgrunnen vil ei forsvarleg kapitalisering av ein omdanna Kommunalbank kunne byggje på ei kapitaldekning på 10 prosent av ein balanse der det er lagt inn ein viss vekst i utlåna samanlikna med utlånsporteføljen i dag.

Departementet meiner på denne bakgrunnen at behovet for kjernekapital i ein omdanna Kommunalbank vil vere på om lag 660 mill kroner. Vidare blir det lagt til grunn at Kommunalbanken tek opp ansvarlege lån i marknaden for 160 mill kroner. Dette gir ein ansvarleg kapital i den omdanna banken på 820 mill kroner.

4.7 Verdifastsetjing av Kommunalbanken

Arthur Andersen & Co har utført ei verdivurdering av Noregs Kommunalbank på oppdrag frå Kommunaldepartementet. Verdivurderinga er presentert i ein rapport frå august 1998. Arthur Andersen & Co reknar med at banken har ein verdi på 700 mill kroner, av dette 40 mill kroner som er verdien ut over bokført eigenkapital.

Verdien på 700 mill kroner er kommen fram som den neddiskonterte verdien av utbyte over ein tidsperiode på 10 år pluss ein sluttverdi for bokført eigenkapital ved utløpet av berekningsperioden. Beløpet på 40 mill kroner vil vere den neddiskonterte meirverdien som ligg i framtidig inntening ut over avkastningskravet, og består av meirverdiar i balansen i forhold til bokførte verdiar, verdien av merkenamnet «Noregs Kommunalbank» og gode kunderelasjonar.

Vurderinga til Arthur Andersen & Co er bl a basert på desse føresetnadene:

  • Verksemda i banken retta mot kommunesektoren blir ført vidare som sjølvstendig kredittføretak.

  • Ein eigenkapital på 660 mill kroner som gir ei risikovekta kjernekapitaldekning på 8 prosent, som vil gi ei innlånsrente ned mot statsrenta.

  • Ein rentemargin på 0,21 prosent mellom banken sine innlån og utlån.

  • Eit avkastningskrav til eigenkapitalen på 7,5 prosent etter skatt.

  • Ein nokså stor likviditetsreserve og omstrukturert balanse i retning av innlån med lengre løpetid for å redusere refinansieringsrisikoen.

Ein reknar med at uvissa i verditakseringa er +/- 10 prosent. At den reelle verdien av banken skulle vere lågare enn bokført eigenkapital, blir vurdert som lite sannsynleg.

Verdivurderinga er svært følsam for synsmåtar om rentemarginen mellom banken sine innlån og utlån. Ei endring på 0,01 prosentpoeng i denne føresetnaden endrar verdien av banken med 15 mill kroner.

Fordi marknaden har endra seg sidan Arthur Andersen & Co si utgreiing blei laga, legg departementet til grunn at ei oppdatering av rapporten må finne stad i samband med salet av 20 prosent av aksjane i det omdanna selskapet.

4.8 Stillinga for dei tilsette i samband med omdanninga

Dei tilsette i Kommunalbanken er statstenestemenn, og deira rettsstilling blir i dag regulert av tenestemannslova og tenestetvistlova, og likeins hovudavtalen i staten og anna statleg avtaleverk. Dette vil endre seg når Kommunalbanken blir omdanna til aksjeselskap. Rettsstillinga for dei tilsette vil etter ei omdanning i staden bl a bli regulert av arbeidsmiljølova og arbeidstvistlova. Dette reiser enkelte overgangsspørsmål, bl a spørsmålet om å føre vidare reglane i tenestemannslova om fortrinnsrett til anna statsstilling og ventelønn for ein avgrensa periode.

Ved omdanning til aksjeselskap blir det lagt opp til at alle dei som i dag er tilsette i Kommunalbanken, får tilbod om å halde fram i banken. For desse blir det foreslått at reglane i tenestemannslova § 13 nr 2 til 6 om førerett til ny stilling i staten og rett til ventelønn, framleis skal gjelde for dei arbeidstakarane som er tilsette i Kommunalbanken ved omdanningstidspunktet for ein periode på tre år frå dette tidspunktet. Dette vil vere i samsvar med dei overgangsordningane som tidlegare er fastsette ved omdanning av forvaltningsorgan og forvaltningsbedrifter til selskap (jf bl a lov 24 juni nr 45 1994 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap).

Vi legg til grunn at omdanninga av Kommunalbanken vil vere omfatta av reglane i arbeidsmiljølova om verksemdsoverdraging (arbeidsmiljølova kap XII A). Dei tilsette vil i samsvar med reglane om verksemdsoverdraging ha krav på å halde fram med arbeidsforholdet sitt i den omorganiserte verksemda. Dei arbeidstakarar som ikkje ønskjer å ta imot tilbod om arbeid i det nye selskapet, vil ha vanleg oppseiing og vil behalde førerett til ny statsstilling i inntil eitt år etter omdanninga.

Etter reglane om verksemdsoverdraging vil alle rettane og pliktene til arbeidstakar i samsvar med arbeidsavtale eller arbeidsforhold som gjeld overføringstidspunktet, følgje med i det nye tilsetjingsforholdet, jf arbeidsmiljølova § 73 B nr 1. Det same vil gjelde for dei individuelle arbeidsvilkåra som følgjer av tariffavtale, jf § 73 B nr 2.

Etter den praksis som gjeld i dag, vil eit statsaksjeselskap bli medlem av Norges arbeidsgiverforening for virksomheter med offentlig tilknytning (NAVO), og vil utforme personal- og tariffpolitikken sin i nært samarbeid med andre fristilte statlege verksemder. Det vil bli teke stilling til spørsmålet om organisasjonstilknyting i samband med etablering av selskapet Kommunalbanken AS.

Utforming av personal- og tariffpolitikk for ei verksemd med kommunal eigarskap vil vere avhengig av den organisasjonstilknytinga eigaren (eigarane) vel. Det vil ikkje vere til hinder for medlemskap i NAVO at selskapet kjem heilt eller delvis i kommunalt eige.

Fristilte statlege verksemder kan halde fram som medlem av Statens pensjonskasse. Dersom selskapet blir overdrege til kommunal sektor, går ein ut frå at det blir avklart mellom eigaren av selskapet og dei tilsette kva for pensjonsordning som skal gjelde i selskapet. Dersom staten sel seg ned til under 50 prosent eigardel, vil det vere naturleg at ei anna tilknyting enn Statens pensjonskasse blir vurdert. Med kommunal eigarskap vil i praksis KLP vere eit aktuelt alternativ. Ein overføringsavtale mellom Statens pensjonskasse og KLP sikrar dei tilsette full opptening endå om tilsetjingsforholdet har vart under 30 år i ein av sektorane, dersom det til saman har vart i 30 år.