Ot.prp. nr. 44 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) m.m.

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar i opplæringslova på bakgrunn av St.meld. nr. 42 (1997-1998) Kompetansereformen

2.1 Grunnskoleopplæring for vaksne

2.1.1 Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

2.1.1.1 Gjeldande rett

Fram til 1. august 1999 var grunnskoleopplæring for vaksne heimla i lov 28. mai 1976 nr. 35 om voksenopplæring (voksenopplæringsloven). Frå 1. august 1999 vart føresegnene om grunnskoleopplæring for vaksne tekne inn i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Etter opplæringslova har kommunen ansvaret for å planleggje og utvikle grunnskoleopplæring for vaksne i kommunen. Vaksne har ikkje i dag nokon generell rett til grunnskoleopplæring, med unntak for dei gruppene som har rett til opplæring etter § 5-2 i opplæringslova. Dei gruppene som i dag fell innanfor § 5-2, er vaksne som på grunn av sjukdom eller skade har behov for fornya grunnskoleopplæring, vaksne som har fått mangelfullt grunnskoletilbod og vaksne som har særleg behov for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik (vedlikehaldsopplæring/ADL-trening).

Slik § 5-2 er utforma, er det ikkje skilt klart mellom vanleg undervisning og spesialundervisning, men på bakgrunn av overskrifta - Spesialundervisning for vaksne - er det naturleg å sjå det slik at nemninga »spesialundervisning» blir nytta som fellesnemning på all undervisning som blir gitt etter paragrafen, utan omsyn til det nærmare innhaldet i undervisninga. Dei saksbehandlingsreglane som gjeld spesialundervisning, til dømes kravet om sakkunnig vurdering, blir nytta i samband med all undervisning i medhald av § 5-2.

Det går fram av premissane i Ot. prp. nr. 46 (1997-98) om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, side 168, at når ein skal vurdere om nokon har fått mangelfullt grunnskoletilbod, må ein ta utgangspunkt i dei rettane som følgde av lovgivinga på det tidspunktet da den personen det gjeld, gjekk i grunnskolen.

Det går vidare fram av premissane, side 168-169, at omfanget, innhaldet og lengda på all undervisning etter § 5-2 må vere slik at undervisninga gir den vaksne sjanse til å nå dei mål det i kvart tilfelle er realistisk å setje opp.

2.1.1.2 Høringsutkast frå departementet

Under behandlinga av St.meld. nr. 42 (1997-1998) Kompetansereformen gjorde Stortinget dette vedtaket: «Stortinget ber Regjeringen fremme lovforslag om individuell rett for voksne til grunnskoleopplæring».

På denne bakgrunnen utarbeidde departementet eit høringsutkast, der det vart foreslått å lovfeste ein slik rett for alle som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskoleopplæring, så langt dei etter opplæringslova § 3-1 ikkje allereie har rett til vidaregåande opplæring. Forslaget inneber ei utviding og meir generell utforming av dei rettane som i dag følgjer av opplæringslova § 5-2. I tillegg vart det foreslått ei eiga føresegn om spesialundervisning for dei som ikkje vil få tilfredsstillande utbytte av det vanlege opplæringstilbodet for vaksne, jf. punkt 2.1.2.

Høringsutkastet la såleis opp til ei lovteknisk oppdeling i to føresegner, der den første regulerer sjølve grunnretten til opplæring for dei som treng det, den andre tilleggsretten til spesialundervisning for dei som har særlege behov. Konsekvensen av høringsutkastet blir da at dagens § 5-2 i opplæringslova blir oppheva.

Forslaget om rett til grunnskoleopplæring for vaksne byggjer i utgangspunktet på L97 og L97S, men den individuelle grunnretten til slik opplæring blir foreslått til vanleg å skulle omfatte opplæring i dei fem faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskole. Desse faga er norsk, engelsk og matematikk og i tillegg to av faga natur- og miljøfag, samfunnsfag og kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.

I særskilde høve opna forslaget for rett til opplæring i anna enn desse fem faga. Særleg vil dette gjelde dei som treng spesialundervisning, der det kan vere aktuelt å ta utgangspunkt i heile læreplanverket, utarbeide ein individuell opplæringsplan og tilpasse undervisningsopplegget slik at eleven kan få tilfredsstillande utbytte.

Etter forslaget skal opplæringa tilpassast den situasjon den vaksne står i; det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Som hovudregel skal ein bruke komprimerte løp; vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.

Nærskoleprinsippet i opplæringslova § 8-1 skal ikkje gjelde for grunnskoleopplæring for vaksne. Kommunane kan til dømes organisere grunnskoleopplæringa gjennom interkommunalt samarbeid. Kommunen får såleis stor fridom til å organisere tilbodet. Sjå meir om dette under pkt. 2.5 om ansvarsføresegner m.m.

Tilpassa undervisningsopplegg vil mellom anna kunne omfatte målform, opplæring i og på teiknspråk, i punktskrift, i og på samisk og på finsk, samt tilbod for dei som treng lese- og skriveopplæring. Dette gjeld berre i den grad det er nødvendig for at den vaksne kan få forsvarleg opplæring. På denne bakgrunnen vil vaksne som hører til desse gruppene, ikkje få tilboda regulerte gjennom meir presise reglar, slik som elevar i opplæringspliktig alder.

Det er lagt opp til å føre vidare dagens ordning med opplæring i norsk med samfunnskunnskap for vaksne frå språklege minoritetar. Ordninga omfattar alle nivå, frå dei som treng alfabetiseringsundervisning til dei med høgare utdanning. For dei som treng alfabetiseringsundervisning, er det opna for å bruke morsmålet i undervisninga. Departementet går ut frå at denne ordninga i dei aller fleste tilfelle vil dekkje dei behova dei vaksne har for grunnleggjande språkopplæring, slik at deltakarane normalt ikkje vil ha ytterlegare behov for morsmålsundervisning.

Dagens ordning med opplæring i norsk med samfunnskunnskap vil kunne nyttast i kombinasjon med grunnskoleopplæring slik at det styrkjer språkopplæringa.

All opplæring og alt undervisningsmateriell skal vere gratis. Sjølv om lovformuleringa ikkje er identisk med opplæringslova § 2-1, er det ikkje meininga at det skal vere nokon forskjell i innhald. Gratisprinsippet i grunnskolen skal etter forslaget såleis gjelde også på dette området.

2.1.1.3 Høringsinstansane

Mange av høringsinstansane har ikkje kommentert forslaget om rett til grunnskole for vaksne. Av dei som har merknader, er dei fleste positive til forslaget, men dei set som føresetnad at staten betaler ekstrakostnader knytte til det.

2.1.1.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Departementet meiner det er behov for å gi fleire høve til grunnskoleopplæring, og foreslår derfor rett til slik opplæring. Retten vil gjelde dei som ikkje har fullført grunnskolen, men også dei som formelt sett har fullført, men likevel treng meir grunnskoleopplæring. Ein slik rett til grunnskoleopplæring kan medverke til større likestilling og større sjansar til å delta i arbeidslivet, også for utlendingar som oppheld seg i Noreg.

Utlendingar med busetjingsløyve, arbeids- og/eller opphaldsløyve som gir grunnlag for busetjingsløyve eller kollektivt vern, skal ha dei same rettane som norske statsborgarar. Dette følgjer av § 3 i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingars adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven). Vaksne som ikkje har fått avgjort opphaldsstatus, mellom andre asylsøkjarar, får ingen rett til grunnskoleopplæring, men dei kan få høve til å ta del i opplæringa dersom kommunen har slike opplæringstiltak i gang.

2.1.2 Spesialundervisning for vaksne i grunnskoleopplæring

2.1.2.1 Gjeldande rett

Vaksne har i dag rett til spesialundervisning etter reglane i opplæringslova § 5-2. Det er gjort greie for innhaldet i denne paragrafen i pkt. 2.1.1 ovanfor.

2.1.2.2 Høringsutkastet frå departementet

Etter det ovannemnde høringsutkastet vil vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det vanlege, tilpassa opplæringstilbodet, få rett til spesialundervisning. Desse vaksne har såleis mellom anna rett til ekstra ressursinnsats, og elles skal saksbehandlingsreglane for spesialundervisning følgjast - noko som mellom anna inneber krav om sakkunnig vurdering og individuell opplæringsplan. Som nemnt ovanfor vil det her vere rom for å gå utover dei fem faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskole.

Dei som i dag har rett til opplæring for å utvikle og halde ved like grunnleggjande dugleik (vedlikehaldsopplæring/ADL-trening) etter opplæringslova § 5-2 andre leddet, skal etter høringsutkastet framleis ha rett til slik opplæring. Føresegna er teken inn som eige ledd i den nye føresegna om spesialundervisning for vaksne.

Elles byggjer høringsutkastet på at kommunen har den same fridom til å organisere tilbodet som for den vanlege opplæringa for vaksne.

2.1.2.3 Høringsinstansane

Få høringsinstansar kommenterer sjølve retten til spesialundervisning.

2.1.2.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Departementet gjer framlegg i tråd med høringsutkastet.

Retten til grunnskoleopplæring for vaksne byggjer på L97 og L97S, men slik at ein til vanleg skal gi opplæring i dei fem faga ein treng for å få vitnemål frå grunnskolen. I særskilde høve er det likevel opna for rett til opplæring i anna enn dei fem faga. Særleg vil dette gjelde dei som treng spesialundervisning, der det kan vere aktuelt å ta utgangspunkt i heile læreplanverket, utarbeide ein individuell opplæringsplan og tilpasse undervisningsopplegget slik at eleven kan få tilfredsstillande utbytte. Vaksne som på grunn av sjukdom eller skade har behov for fornya grunnskoleopplæring, vil vere omfatta av retten til grunnskoleopplæring og som oftast også av retten til spesialundervisning.

Dei som i dag har rett til opplæring for å utvikle og halde ved like grunnleggjande dugleik (ADL-trening) etter § 5-2 andre ledd, skal framleis ha rett til slik opplæring.

2.2 Vidaregåande opplæring for vaksne

2.2.1 Rett for vaksne til vidaregåande opplæring

2.2.1.1 Gjeldande rett

Vaksne har etter gjeldande reglar ikkje lovfesta rett til vidaregåande opplæring, men fylkeskommunen har plikt til å tilby vidaregåande opplæring for vaksne, jf. opplæringslova § 13-3 andre leddet. Regelen pålegg fylkeskommunane å gi tilbod om opplæring også til elevar og lærlingar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring. I medhald av forskrift 28. juni 1999 til opplæringslova § 1-7 skal det samla omfanget av tilboda om vidaregåande opplæring vere minimum 375 pst. av eit gjennomsnittleg årskull 16-19-åringar.

2.2.1.2 Høringsutkastet frå departementet

I St.meld. nr. 32 (1998-99) vart det vist til at både talet på vaksne søkjarar og talet på vaksne elevar i vidaregåande opplæring har gått ned etter at ungdom fekk rett til vidaregåande opplæring i og med innføringa av Reform 94. I meldinga vart det også vist til manglande fleksibilitet i tilboda frå fylkeskommunane som årsak til at talet på vaksne søkjarar er redusert.

I St.meld. nr. 42 (1997-1998) vart det vist til at eit av formåla med kompetansereforma var å utvikle strategiar for å gjere det mogleg for vaksne med relativt låg grunnutdanning å heve kompetansen. Eit anna formål var å styrkje brukarorienteringa, tilgjenget, fleksibiliteten, breidda og omfanget i vaksenopplæringa.

I høringsutkastet påpeikte departementet at det er viktig å sikre vaksne høve til opplæring og kompetanseheving. Dette gjeld i særleg grad dei som ikkje har hatt rett til vidaregåande opplæring etter Reform 94, dvs. vaksne fødde før 1978.

På denne bakgrunnen foreslo departementet i høringsutkastet ei lovendring som gir rett til vidaregåande opplæring for denne gruppa vaksne.

I høringsutkastet la departementet vekt på at retten skulle innebere at vaksne får tilbod om vidaregåande opplæring som kan føre fram til full kompetanse.

Mange vaksne utdanningssøkjarar ønskjer å kombinere vidaregåande opplæring med jobb og familieliv. For at retten til vidaregåande opplæring skal synast interessant for dei vaksne, er dei i større grad enn ungdom avhengige av å bli tekne inn på den studieretninga dei har som førsteønske. Det er også viktig at tilboda er smidige når det gjeld tid, stad, lengd og progresjon. Opplæringa skal byggje på den formal- og realkompetansen den enkelte vaksne har frå før, dvs. gi eit avkorta tilbod som gjer det mogleg å halde fram utdanninga frå det nivå der den vaksne står. Det er motiverande, ein sparer tid og det er billegare for både samfunnet og den enkelte. Opplæringa skal dessutan vere tilpassa behova hos den enkelte vaksne og vere slik organisert at det er mogleg med komprimerte løp. Fleksibel og praktisk tilrettelegging av opplæringa er heilt vesentleg for å kunne tilby søkjaren vidaregåande opplæring på den studieretninga den vaksne har som førsteønske.

Det bør vidare bli lagt vekt på å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologien. Dei mest kostnadseffektive og fleksible løysingane vil truleg vere opplæringstilbod som kombinerer IKT med ulike former for studieringar og opplæringstilbod i nærmiljøet.

For å komme behova for tilrettelegging i møte, kan fylkeskommunane til dømes tilby vidaregåande opplæring som fjernundervisning, eventuelt i samarbeid med ulike studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar, som kveldskurs i regi av ressurssenter eller ved bruk av private tilbydarar. Fylkeskommunen har ansvaret for at tilboda er i samsvar med lov, forskrift og læreplanar, at dei held tilfredsstillande kvalitet og at deltakarane får dokumentert opplæringa.

Departementet foreslo dette i høringsutkastet:

Den lovfesta retten til vidaregåande opplæring for vaksne utan vidaregåande opplæring fødde før 1978 skal avgrensast til talet på vaksne i vidaregåande opplæring skoleåret 1998-99 med eit tillegg tilsvarande 5000 heilårselevar. Fylkeskommunen har oppfylt sine plikter sjølv om det totale nivået er lågare enn dette, dersom alle med rett til vidaregåande opplæring har fått plass.

Dei vaksne skal ha rett til inntak anten til eitt av tre prioriterte grunnkurs i vidaregåande skole, til det høgast prioriterte valet som fjernundervisning dersom dette er tilgjengeleg, eller førerett i forhold til andre vaksne på sitt høgast prioriterte val året etter.

Retten kan oppfyllast med meir skreddarsydde og rimelege løysingar enn vanleg skoleplass.

2.2.1.3 Høringsinstansane

Høringsinstansane er generelt positive til å lovfeste rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Dei fleste nemner at det er særleg viktig at opplæringa blir fleksibelt organisert og tilpassa dei behov den enkelte vaksne har.

Fylkeskommunane peiker på at staten må kompensere auka kostnader og at kostnadsoverslaga i høringsutkastet er for låge. Åtte fylkeskommunar presiserer at det er ein føresetnad at retten for vaksne byggjer på ei vurdering av realkompetansen og at det er nødvendig med særskilt rådgiving. LO, AOF,lærarorganisasjonane og somme opplæringsråd går imot at det blir sett grense for talet på plassar sidan dette kan avgrense retten for den enkelte.

Fleire av høringsinstansane, mellom andre fleire av fylkeskommunane, peiker på at ein må finne ein fleksibel oppstart for retten eller at ein treng lengre førebuingstid, og at retten derfor ikkje bør tre i kraft før i 2001.

Det er stilt ein del spørsmål omkring forhold som ikkje er avklarte i lovforslaget, mellom anna om presisering av kven retten skal gjelde, kva rett dei vaksne får til elevstatus, om vurdering og vitnemål og pliktene til fylkeskommunen når dei bruker studieforbund og andre.

2.2.1.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Talet på vaksne i vidaregåande opplæring har stadig gått ned frå 1. november 1994 og fram til i dag. Antall vaksne elevar i vidaregåande opplæring gikk ned frå 22.400 per 1. november 1996 til 19.500 per 1. november 1998, og ytterlegare ned med 2800 elevar til 16.700 per 1. november 1999. Blant anna på denne bakgrunn legg departementet fram eit forslag om lovfesta rett til vidaregåande opplæring for vaksne som ikkje tidlegare har vore omfatta av retten etter Reform 94. Den lovfesta retten til vidaregåande opplæring for vaksne skal vere ein individuell rett. Som eit estimat over omfanget legg departementet til grunn at talet på vaksne i vidaregåande opplæring vil auke med 5000 heilårselevar. For at retten skal bli interessant og reell for vaksne, bør dei få tilbod om opplæring som er spesielt organisert og lagd til rette. Dette hindrar ikkje at fylkeskommunen kan tilby plass i ordinær vidaregåande opplæring på same vilkår som for ungdom. Departementet foreslår å samle rettane for vaksne i eit nytt kapittel, og vil samstundes presisere at for vaksne som er tekne inn som elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, gjeld dei same reglane som for andre elevar og lærlingar.

I høringsutkastet var det sagt at vaksne skal ha rett til inntak til eitt av tre prioriterte grunnkurs, jf. pkt. 2.2.1.2 nest siste avsnitt. På bakgrunn av at ein har endra lovforslaget i forhold til høringsutkastet, frå å gi rett til inntak innanfor ei fastsatt ramme til individuell rett, vil departementet fastsetje nærmare regler om inntak og rangering i forskrift. Dette gjeld også søkjarar med rett etter opplæringslova § 3-1.

Departementet er klar over at dei som er fødde i eller etter 1978 og ikkje har fullført vidaregåande opplæring, ikkje vil få dei same rettane som dei som er fødde før 1. januar 1978. Departementet vurderer det likevel slik at det er særleg viktig at dei som aldri har hatt lovfesta rett til vidaregåande opplæring, no får ein slik rett.

Forslaget gir heimel for departementet til å gi nærmare reglar i forskrift om retten, mellom anna om inntak, vurdering, dokumentasjon m.m. I arbeidet med forskrifta vil ein vurdere spørsmål om elevstatus og standpunktkarakter for vaksne som får vidaregåande opplæring til dømes i regi av studieforbunda eller som fjernundervisning. Det blir i denne samanheng vist til Innst. S. nr. 12 (1999-2000) til St. prp. nr. 1, der fleirtallet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomitèen uttalte «at kursdeltakere som gjennomfører et fastlagt opplegg bør kunne få standpunktkarakter av faglærer og gå opp til eksamen på samme måte som ordinære elever med elevstatus». Ein vil i tillegg regulere spørsmål omkring vurdering av realkompetanse og om individuell rådgiving for vaksne.

Retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1 er knytt til tidspunktet for fullført grunnskole. Enkelte fullfører grunnskolen seinare enn det vanlege. Dette kan til dømes gjelde innvandrarar (flyktningar og asylsøkjarar) i alderen 16-20 år som manglar eller har mangelfull grunnskole frå heimlandet, eller som kjem til landet så seint i opplæringspliktig alder at dei ikkje kan seiast å ha fullført norsk grunnskole. Desse får i dag tilbod om eksamensretta grunnskoleopplæring finansiert av staten gjennom særtilskott.

Denne ordninga vil no bli omfatta av forslaget om rett til grunnskoleopplæring for vaksne, jf. § 4A-1.

Bakgrunnen for tilskottsordninga til eksamensretta grunnskoleopplæring var at innvandrarungdom i alderen 16-20 år skulle få eksamen på grunnskolenivå og dermed høve til å nytte retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1. Departementet gjer merksam på at denne elevgruppa, og eventuelt andre som fullfører grunnskolen seinare enn vanleg, har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.

2.2.2 Rett for vaksne til å fullføre opplæringsløpet

2.2.2.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande reglar har ikkje vaksne som blir tekne inn til vidaregåande opplæring, nokon lovfesta rett til å fullføre opplæringsløpet fram til full kompetanse. Vaksne kan derfor bli tekne inn til eit opplæringsløp det ikkje blir mogleg å fullføre.

2.2.2.2 Høringsutkastet frå departementet

I St.meld. nr. 32 (1998-99) gjekk departementet inn for at vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, skal ha lovfesta rett til å halde fram i eit treårig løp. I Innst. S. nr. 246 (1998-99) slutta Stortinget seg til dette. Det er understreka at å ha tryggleik for å kunne fullføre eit påbegynt opplæringsløp, er ein viktig motivasjonsfaktor.

På denne bakgrunnen foreslo departementet å endre opplæringslova slik at vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, får rett til å fullføre eit treårig løp.

Forslaget om lovfesta rett til å fullføre opplæringsløpet gjeld alle vaksne. Sett i forhold til forslaget i punkt 2.2.1.4 vil forslaget her ha sjølvstendig verknad for vaksne som er fødde i eller etter 1978 og som anten ikkje har fullført, eller av andre grunnar ikkje ser seg ferdige med vidaregåande opplæring, og som derfor søkjer om inntak til vidaregåande opplæring som vaksne.

2.2.2.3 Høringsinstansane

Ingen av høringsinstansane har uttalt seg negativt til forslaget. Høringsinstansane er generelt positive til å lovfeste at vaksne skal ha rett til å fullføre eit treårig opplæringsløp når dei først er tekne inn til vidaregåande opplæring. Fleire av arbeidstakarorganisasjonane støttar forslaget, mellom andre Norsk Lærarlag, YS og NHO.

Vidare er Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt og Norsk forbund for fjernundervisning positive til forslaget. Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstituttpeiker på at vaksne fødde i eller etter 1978 vil falle utanfor retten til vidaregåande opplæring for vaksne, og at det derfor er viktig å sikre denne gruppa rett til å fullføre eit opplæringsløp.

2.2.2.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Forslaget om at vaksne skal ha rett til å fullføre eit treårig opplæringsløp når dei først er tekne inn til vidaregåande opplæring, vil få sjølvstendig verknad for vaksne som er fødde i eller etter 1978 og som ikkje har fullført opplæringsløpet. Departementet ser det som særleg viktig å sikre denne gruppa vaksne rett til å fullføre eit opplæringsløp, sidan dei ikkje er omfatta av forslaget om rett for vaksne til vidaregåande opplæring i pkt. 2.2.1.4. For å få rett til å fullføre eit utdanningsløp som vaksen, er det ein føresetnad at ein også har søkt inntak som vaksen. Ein viser til at ramma for ungdomsretten er avgrensa til seks år etter forslaget i denne proposisjonen.

På denne bakgrunnen vil departementet gjere framlegg om lovfesta rett for vaksne til å fullføre eit opplæringsløp når dei først er tekne inn til vidaregåande opplæring. Ordlyden er endra i forhold til høringsutkastet. For å presisere at vaksne også skal ha rett til å fullføre opplæringa i fag med opplæring som strekkjer seg utover tre år, foreslår departementet å lovfeste dette.

2.2.3 Spesialundervisning for vaksne i vidaregåande opplæring

2.2.3.1 Gjeldande rett

I dag har vaksne som blir tekne inn til vanleg vidaregåande opplæring, rett til spesialundervisning etter kap. 5 i opplæringslova. Denne retten omfattar ikkje vaksne som går i løp spesielt organiserte for vaksne, jf. opplæringslova § 1-1 tredje leddet.

2.2.3.2 Høringsutkastet frå departementet

I høringsutkastet foreslo departementet å føre denne regelen vidare. Det vil seie at vaksne som tek ut retten gjennom tilbod spesielt organiserte for vaksne, jf. pkt. 2.2.1, ikkje skal ha rett til spesialundervisning etter føresegnene i opplæringslova kap. 5.

2.2.3.3 Høringsinstansane

Fleire, deriblant Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt, Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter og Universitetet i Oslo,meiner at vaksne bør ha rett til spesialundervisning også innanfor tilbod som er særskilt organiserte for vaksne.

2.2.3.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Departementet er samd i at også vaksne som går på kurs som er særskilt tilrettelagde for denne gruppa, kan ha behov for spesialundervisning. Når departementet ikkje går inn for å lovfeste dette, er det grunngitt ut frå både praktiske og økonomiske forhold. Departementet viser også til at opplæringa skal vere tilpassa dei behov den enkelte vaksne har.

På denne bakgrunnen held departementet fast ved framlegget i høringsutkastet.

2.2.4 Omfangsforskrifta

Med heimel i opplæringslova har departementet fastsett reglar med krav til omfanget av den fylkeskommunale vidaregåande opplæringa. Desse reglane stod tidlegare i ei eiga forskrift som vart kalla omfangsforskrifta. Siktemålet med reglane var å sikre at fylkeskommunane også gav tilbod om vidaregåande opplæring utover den lovfesta retten. Dei med rett skulle få høve til å gjere omval, og dei med sakkunnig erklæring som har behov for opplæring i meir enn tre år, skulle kunne få inntil fem år. Reglane skulle også syte for at vaksne skulle kunne få tilbod om vidaregåande opplæring. I praksis har fylkeskommunane ikkje oppfylt kravet til omfang. Da reglane vart sette i kraft, var omfanget samla sett over kravet på minimum 375 prosent av eit gjennomsnittleg årskull 16- til 18- åringar.

Lovforslaget her har eigne reglar om rett til omval, rett til opplæring i inntil fem år etter sakkunnig erklæring og rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter nærmare reglar. Lovforslaget vil derfor sikre dei omsyna som låg til grunn for dei nogjeldande reglane om omfang. Behovet for desse reglane vil derfor i hovudsak falle bort når lovendringane trer i kraft. Departementet vil oppheve dagens reglar om omfang frå same tidspunkt.

2.3 Skyss for vaksne

2.3.1 Gjeldande rett

Vaksne som i dag har rett til grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 5-2, har rett til skyss, innlosjering, reisefølgje og tilsyn på same vilkår som elevar i opplæringspliktig alder.

Vaksne som er tekne inn til vanleg vidaregåande opplæring, har rett til gratis skyss på linje med andre elevar, medan vaksne som er tatt inn til vidaregåande opplæring særskilt tilrettelagd for vaksne, ikkje har rett til skyss.

2.3.2 Høringsutkastet frå departementet

Etter høringsutkastet har vaksne som ikkje har fullført grunnskolen, og som bur meir enn fire kilometer frå skolen, rett til gratis skyss når dei får grunnskoleopplæring. Vidare har vaksne som har behov for det på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade, rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda når dei får grunnskoleopplæring. Når dagleg skyss ikkje er forsvarleg, skal kommunen sørgje for innlosjering, og dersom det er nødvendig, skal kommunen også sørgje for tilsyn m.m. i slike tilfelle. I det vesentlege inneber forslaget at rettane til skyss m.m. for vaksne blir førte vidare, men den nye og utvida gruppa som fell inn under retten til grunnskoleopplæring for vaksne, vil ikkje få rett til skyss m.m. etter forslaget. For den nye og utvida gruppa vil behovet for skyss ikkje gjere seg gjeldande med same styrke som for vaksne med særlege behov for skyss på grunn av mellom anna funksjonshemmingar.

Når det gjeld vidaregåande opplæring for vaksne, legg ikkje høringsutkastet opp til endringar i forhold til det som følgjer av dagens regelverk.

2.3.3 Høringsinstansane

Få høringsinstansar har uttalt seg om spørsmålet. Dei som har uttalt seg, er i hovudsak positive. Enkelte kommunar er negative til forslaget.

Somme høringsinstansar foreslår at den noverande skyssgrensa for vaksne blir endra frå fire til seks kilometer.

2.3.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Departementet fremjar forslag i tråd med høringsutkastet.

2.4 Krav til kompetanse for undervisningspersonale i kurs som er særskilt tilrettelagde for vaksne

2.4.1 Gjeldande rett

Fram til opplæringslova vart sett i verk, var det lov om voksenopplæring som regulerte krava til kompetanse. Etter § 8 kunne «ansvarlige myndigheter for offentlige utdanningsinstitusjoner vedta at godkjente organisasjoner skal kunne organisere studietilbud som ellers etter denne lov er tillagt vedkommende utdanningsinstitusjon». Dette gav kommunar og fylkeskommunar høve til å be studieforbund arrangere grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne. § 9 i same lova regulerte krava til kompetanse og gav departementet heimel til å gi forskrift. Dette er gjort i forskrift av 24. august 1981 nr. 4942.

Etter denne forskrifta skulle dei krava som tidlegare var fastsette i lov 8. juni 1973 nr. 49 om lærarutdanning, til vanleg gjelde for opplæring arrangert etter lov om voksenopplæring § 8. Dei som kunne dokumentere særskilde kvalifikasjonar for vaksenopplæring i eitt eller fleire emne, kunne få godkjenning som kvalifisert lærar innanfor eit nærmare fastsett fagområde.

Nogjeldande reglar finn ein i opplæringslova § 10-1 om kompetansekrav for undervisningspersonell. Her er det fastsett at den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Nærmare reglar er fastsette i kap. 14 i forskrifta til opplæringslova.

2.4.2 Høringsutkastet frå departementet

Departementet foreslo i høringsutkastet om kompetansekrav for undervisningspersonell at også personar utan formell fagleg og pedagogisk kompetanse, men med tilsvarande realkompetanse, skulle kunne tilsetjast.

Dette forslaget er langt på veg ei gjeninnføring av ordninga frå før opplæringslova vart sett i verk.

2.4.3 Høringsinstansane

Dei fleste høringsinstansane er positive til forslaget om å lovfeste høve til å tilsetje lærarar med realkompetanse i kurs som er særskilt tilrettelagde for vaksne. Dei som uttaler seg negativt til lovforslaget, er lærarorganisasjonane, høgskolane og somme fylkeskommunar. Studieforbunda er svært positive.

2.4.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Det er i dag mange utan formell kompetanse som har lang røynsle med å undervise vaksne. Slik røynsle kan i mange tilfelle gi fullgod kompetanse. Departementet meiner at det er viktig å kunne behalde desse ressursane i kurs som er tilrettelagde for vaksne. På denne bakgrunnen går departementet inn for at forslaget blir ståande.

2.5 Ansvarsføresegner

2.5.1 Gjeldande rett

Etter kap. 13 i opplæringslova har kommunen ansvaret for grunnskoleopplæringa og fylkeskommunen for den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen har også ansvaret for grunnskoleopplæring i fylkeskommunale sosiale og medisinske institusjonar. Dette gjeld også opplæring for vaksne. Etter opplæringslova § 13-5 andre leddet har kommunen eller fylkeskommunen høve til å overlate gjennomføringa av opplæringa til godkjende studieforbund.

2.5.2 Høringsutkastet frå departementet

Det er lagt opp til at dei alminnelege reglane om ansvarsplassering etter kap. 13 i opplæringslova framleis skal gjelde. Departementet ønskjer likevel å opne for at kommunen og fylkeskommunen kan bruke den tilbydaren dei måtte ønskje så langt det gjeld opplæring for vaksne, men samtidig la kommunane og fylkeskommunane ha ansvaret for kvaliteten på tilbodet. Forslaget inneber såleis ei utviding i forhold til den ordninga som gjeld i dag, der berre godkjende studieforbund i tillegg til det kommunale og fylkeskommunale skoleverket kan drive grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Etter forslaget skal kommunen og fylkeskommunen ha ansvaret for at vaksne som har gjennomgått opplæring, får dokumentert opplæringa. Kommunen og fylkeskommunen skal dessutan leggje til rette for at vaksne som får opplæring, får høve til å ta aktivt del i arbeidet med å fremje eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod.

2.5.3 Høringsinstansane

Problemstillinga er i liten grad omtalt av høringsinstansane. Nokre få er usamde i at kommunar og fylkeskommunar kan bruke andre tilbydarar enn dei som er regulerte av opplæringslova og vaksenopplæringslova.

2.5.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Departementet fremjar forslag i tråd med høringsutkastet.

2.6 Klage og tilsyn

2.6.1 Gjeldande rett

Alle enkeltvedtak om grunnskoleopplæring for vaksne etter § 5-2 i opplæringslova kan klagast til departementet (delegert til statens utdanningskontor). Når det gjeld vidaregåande opplæring for vaksne, kan det klagast til departementet på enkeltvedtak om inntak, spesialundervisning og tap av rett til vidaregåande opplæring.

Etter opplæringslova § 14-1 fører departementet (delegert til statens utdanningskontor) tilsyn med kommunane og fylkeskommunane, og kan mellom anna gi pålegg om å rette på forhold som er i strid med opplæringslova med forskrift.

2.6.2 Høringsutkastet frå departementet

I høringsutkastet blir det lagt opp til å føre vidare dagens klage- og tilsynsordning når det gjeld grunnskole og vidaregåande opplæring for vaksne, og da slik at ordninga omfattar opplæring etter det nye kapitlet det er foreslått å ta inn i lova. I og med at ein har opna for større fleksibilitet når det gjeld å overlate til andre instansar å stå for opplæringa i praksis, vil ein ha behov for tilsyn og kontroll for å sikre at opplæringa er i samsvar med regelverket.

2.6.3 Høringsinstansane

Problemstillinga er i liten grad omtalt av høringsinstansane.

2.6.4 Vurdering og framlegg frå departementet

Departementet fremjar forslag i tråd med høringsutkastet. Ein visar også til pkt. 3.1.4 siste avsnitt, der klage over avgjerd etter § 3-1 femte leddet foreslås lagt til departementet.

Til forsida