Ot.prp. nr. 44 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) m.m.

Til innhaldsliste

8 Merknader til paragrafane

8.1 Merknader til endringar i opplæringslova

Til § 1-1 tredje leddet:

Tredje leddet i § 1-1 skal endrast til «For opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for, gjeld kapittel 4A.»Rettane og pliktene til vaksne som søkjer eller er tekne inn til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring som er spesielt organisert for vaksne, er meint å vere regulerte uttømmande i kapittel 4A. For vaksne som er tekne inn til vanleg vidaregåande opplæring, gjeld dei same reglane som for andre elevar og lærlingar.

Til § 1-2 andre leddet:

Orda «elevane og lærlingane» i første punktum blir erstatta med «elevane, lærlingane og lærekandidatane».

Til § 1-2 femte leddet:

Orda «eleven og lærlingen» blir erstatta med «eleven, lærlingen og lærekandidaten».

Til § 1-2 sjette leddet:

Orda «mellom lærlingar og bedrifter» i første punktum blir erstatta med «mellom lærlingar, lærekandidatar og bedrifter».Orda «elevar og lærlingar» i siste punktum blir erstatta med «elevar, lærlingar eller lærekandidatar».

Endringane inneber at desse reglane blir gjorde gjeldande også for dei som får opplæring i bedrift som lærekandidatar.

Til § 2-14:

Paragrafen er ny. Sjå merknader om dette i kapittel 4.2.

Til § 3-1 første leddet:

Tillegget «I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har ungdommen rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.»blir føydd til som nytt andre punktum i lovteksten. Endringa gir ungdom rett til å fullføre eit løp i vidaregåande opplæring som etter læreplanen strekkjer seg utover dei tre åra dei har lovfesta rett til vidaregåande opplæring etter reglane i første punktum. Sjå også vurderingane frå departementet i pkt. 3.3.4.

Til § 3-1 andre leddet:

Orda «Elevar og lærlingar» blir erstatta med «Elevar, lærlingar og lærekandidatar».Endringa inneber at lærekandidatar har rett til opplæring i samsvar med opplæringslova og tilhørande forskrifter.

Til § 3-1 tredje leddet:

Orda «fire» og «fem» blir erstatta av «fem»og «seks»i første punktum i lovteksten. Endringane inneber at uttaksramma for retten til vidaregåande opplæring blir utvida med eitt år. Sjå også vurderingane frå departementet i punkt 3.4.4.

I andre punktum blir orda «eleven eller lærlingen» erstatta med «eleven, lærlingen eller lærekandidaten».Endringa inneber at ein lærekandidat etter søknad til fylkeskommunen kan få løyve til utsetjing eller avbrot i opplæringa utan at retten tek slutt.

Til § 3-1 fjerde leddet:

Føresegna er ny. Det nye fjerde leddet slår fast at elevar med rett til vidaregåande opplæring som gjer eit omval, også får rett til å bruke inntil eitt ekstra opplæringsår. Omval skal kunne gjerast på alle trinn i opplæringsløpet der det er mogleg, både innanfor og utanfor studieretninga. Sjå også vurderingane frå departementet i pkt. 3.2.4.

Til § 3-1 femte leddet (tidlegare fjerde leddet):

§ 3-1 femte leddet blir endra til: «Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til spesialundervisning, har rett tilvidaregåande opplæring i inntil to år ekstranår eleven treng det i forhold til opplæringsmåla for den enkelte. Før fylkeskommunen gjer vedtak, skal det liggje føre sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har. Retten gjeld også for blinde og svaksynte som har rett til opplæring på punktskrift etter § 3-10.»

Ordlyden er her endra slik at elevar på nærmare vilkår får rett til vidaregåande opplæring i inntil to år i tillegg til dei tre åra eleven har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 første leddet. Vilkåra er for det første at eleven har rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5, for det andre at den sakkunnige vurderinga konkluderer med at eleven vil ha utbytte av å få utvida tid til vidaregåande opplæring. I andre punktum er det presisert at den sakkunnige vurderinga er rådgivande, og at det er fylkeskommunen som gjer vedtak om rett til utvida opplæringstid.

Retten til utvida opplæringstid gjeld tilsvarande for blinde og svaksynte som har rett til opplæring på punktskrift etter § 3-10, sjølv om dei ikkje fyller vilkåra for spesialundervisning.

Retten til utvida opplæringstid inneber heiltids opplæring i inntil to år ekstra. Det er ein føresetnad at eleven kan ha utbytte av den utvida tida. Departementet er etter reglane i § 15-2 i forslaget her klageinstans for vedtak om utvida opplæringstid etter denne paragrafen.

Sjå også vurderingane frå departementet i pkt. 3.1.4.

Til § 3-1 sjuande leddet (tidlegare sjette leddet):

Orda «ein elev eller ein lærling» blir erstatta med «ein elev, ein lærling eller ein lærekandidat».Leddet omhandlar plikt for fylkeskommunen til å tilby eit anna grunnkurs eller vidaregåande kurs. Plikta omfattar ikkje annan læreplass. Endringa inneber at regelen gjeld tilsvarande for lærekandidatar.

Til § 3-1 niande leddet (tidlegare åttande leddet):

Orda «elevane og lærlingane» i andre punktum i lovteksten blir erstatta med «elevane, lærlingane og lærekandidatane».Endringa inneber at reglane i paragrafen også gjeld for dei som får opplæring i bedrift som lærekandidatar.

Til § 3-2 første leddet:

Orda «og lærekandidatar»blir føydde til i lovteksten. Endringa inneber at heimelen for departementet til å gi forskrifter også omfattar lærekandidatar.

Til § 3-3 første leddet:

Nemninga «delkompetanse» blir erstatta med «kompetanse på lågare nivå»i lovteksten. Dette inneber inga endring i innhaldet, men er ei presisering av at opplæringa kan føre fram til kompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse.

Til 3-3 femte leddet:

Orda «og lærekandidatar»blir føydde til i lovteksten. Endringa inneber at vidaregåande skolar skal gi tilbod om teoriopplæring også for lærekandidatar. Dette synleggjer at opplæringa også for lærekandidatar skal vere ei veksling mellom opplæring i skole og opplæring i bedrift.

Til § 3-3 sjette leddet:

Orda «og lærekandidatar»blir føydde til i første punktum i lovteksten. Endringa inneber at heimelen for departementet til å gi forskrifter også omfattar lærekandidatar.

Til § 3-4 første leddet:

Orda «elevar, lærlingar og privatistar» i andre punktum i lovteksten blir erstatta med «elevar, lærlingar, lærekandidatar og privatistar».Endringa inneber at heimelen for departementet til å gi forskrifter også omfattar lærekandidatar. Departementet kan mellom anna gi reglar om kompetanseprøve for lærekandidatar.

Til § 3-4 andre leddet:

Orda «Elevane og lærlingane» i første punktum i lovteksten blir erstatta med «Elevane, lærlingane og lærekandidatane».Endringa inneber plikt for lærekandidatane til å vere aktivt med i opplæringa.

Til § 3-10:

Paragrafen er ny. Sjå vurderingane frå departementet i kap. 4.2.

Til § 4-1:

Tillegget «Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve.»blir nytt andre punktum i lovteksten. Regelen gjer greie for kva som ligg i omgrepet «lærekandidat». Det er ein føresetnad at ein som skal ha opplæring i bedrift som lærekandidat, har inngått skriftleg kontrakt. Målet for opplæringa er sett lågare enn yrkeskompetanse, og den avsluttande prøva skal også vere mindre omfattande enn fag- eller sveineprøva. Sjå også vurderingane frå departementet i pkt. 3.5.4.

Til § 4-2 første leddet:

Orda «Lærlingen er arbeidstakar» i lovteksten blir erstatta med «Lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar».Endringa inneber at lærekandidaten, på same vis som lærlingen, skal vere arbeidstakar i lærebedrifta.

Til § 4-2 andre leddet:

Orda «etter kontrakten»blir føydde til i første punktum, og orda «eller lærekandidaten»blir føydde til i andre punktum i lovteksten. Endringane klargjer at regelen gjeld både lærlingar og lærekandidatar.

Til § 4-2 tredje leddet:

Orda «og lærekandidatar» blir føydde til for å synliggjere at lærekandidatar skal ha tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste på same måte som lærlingar.

Til § 4-2 fjerde leddet:

Føresegna er ny. Regelen inneber rett til spesialundervisning for lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det vanlege opplæringstilbodet. Andre punktum presiserer dei reglane i kap. 5 som gjeld for lærekandidatar.

Til § 4-3 første leddet:

Orda «eller lærekandidatar»blir føydde til i lovteksten. Endringa inneber at bedrifter som tek på seg opplæring av lærekandidatar, må vere godkjende på same måten som for lærlingar.

Til § 4-4 første leddet:

I første punktum blir orda «av lærlingen og lærekandidaten»føydde til i lovteksten. Endringa presiserer at første punktum gjeld både for lærlingar og lærekandidatar.

Som nytt andre punktum blir «Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet.»føydd til i lovteksten. Endringa synleggjer at for ein lærekandidat som har krav på spesialundervisning etter kap. 5, skal det liggje ein individuell opplæringsplan til grunn for opplæringa. Opplæringa skal vere i samsvar med den individuelle opplæringsplanen. Sjå også vurderingane frå departementet i pkt. 3.5.4.

I tredje punktum blir orda «og lærekandidaten»føydde til i lovteksten. Endringa inneber at lærekandidaten, på same vis som lærlingen, skal få fri for å gjennomføre teoriopplæringa utanfor lærebedrifta.

Til § 4-4 andre leddet:

Orda «og lærekandidaten»blir føydde til i andre punktum i lovteksten. Endringa inneber at dei reglane om arbeids- og skoletid som gjeld for lærlingar, også skal gjelde for lærekandidatar.

Til § 4-4 tredje leddet:

Som nytt andre punktum blir «Lærekandidaten skal ved slutten av kontrakttida få høve til å gå opp til ei kompetanseprøve som viser det nivå opplæringa har ført fram til.»føydd til i lovteksten. Endringa opnar for at lærekandidaten ved slutten av kontrakttida skal kunne ta ei kompetanseprøve. Prøva skal vise det nivået opplæringa har ført fram til.

Orda «fagprøva eller sveineprøva» i siste punktum blir erstatta med «fagprøva, sveineprøva eller kompetanseprøva»,og viser at skolen får eigedomsretten til produktet av prøva dersom skolen dekkjer materialutgiftene.

Til § 4-4 fjerde leddet:

Orda «eller lærekandidaten»er føydde til. Endringa inneber at lærebedrifta også har plikt til å melde frå dersom ho ikkje kan gi lærekandidaten tilfredsstillande opplæring.

Til § 4-5 første leddet:

Nytt andre punktum: «Det skal opprettast skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og lærekandidaten når læreforholdet tek til.»

Dette er gjort for å lovfeste kravet om skriftleg kontrakt og å synleggjere nemninga «opplæringskontrakt» om denne avtalen.

Til § 4-6 første leddet:

Føresegna er ny. Regelen inneber at opplæringskontrakten mellom lærekandidaten og lærebedrifta kan endrast med samtykke frå yrkesopplæringsnemnda. Det er eit mål for all vidaregåande opplæring at flest mogleg skal stimulerast til å komme så langt som mogleg. Det kan undervegs i opplæringsløpet vise seg at lærekandidaten kan nå høgare mål enn dei opphavleg fastsette i den individuelle opplæringsplanen. Mellom anna vil det i slike tilfelle vere nødvendig å kunne endre opplæringskontrakten til ein vanleg lærekontrakt, der målet er fagbrev eller sveinebrev.

Til § 4-6 andre leddet (tidlegare første leddet):

Orda «eller opplæringskontrakten»blir føydde til i lovteksten. Endringa gjer reglane om heving av lærekontrakt gjeldande også for opplæringskontrakt.

Til § 4-6 tredje leddet (tidlegare andre leddet):

Orda «eller lærekandidaten»blir føydde til i første punktum. Endringane inneber at dei reglane som gjeld for lærlingar om heving av kontrakt, også skal gjelde lærekandidatane.

Ordet «lærlingen» er erstatta med « lærlingen, lærekandidaten»i pkt. b og med «lærlingen eller lærekandidaten»i pkt. c. Føresegnene gjeld dermed både lærlingar og lærekandidatar.

Til § 4-6 femte leddet (tidlegare fjerde leddet):

Orda «eller lærekandidaten»blir føydde til i både første og andre punktum i lovteksten. Ordet «lærekontrakten» i første punktum blir erstatta med «kontrakten»,og ordet «lærekontrakt» i andre punktum blir erstatta med «kontrakt».Endringane gjer reglane i leddet gjeldande for lærekandidatane.

Til § 4-6 sjette leddet (tidlegare femte leddet):

Orda «eller lærekandidaten»blir føydde til i lovteksten. Endringa gjer regelen om å forklare seg munnleg gjeldande for lærekandidatane.

Til § 4-6 åttande leddet (tidlegare sjuande leddet):

I første punktum blir orda «eller lærekandidatane»føydde til, og ordet «læretida» blir erstatta med «kontrakttida».I andre punktum blir ordet «lærekontrakten» erstatta med «kontrakten».I tredje punktum blir ordet «læretida» erstatta med «kontrakttida»,og orda «lærlingen har fått mangelfull opplæring» erstatta med «opplæringa har vore mangelfull».Endringane inneber at dei reglane som no gjeld for lærlingar, skal gjelde på same måten for lærekandidatar.

Til § 4-6 niande leddet (tidlegare åttande leddet):

Ordet «Læreforholdet» i første punktum blir erstatta med «Lærekontrakten eller opplæringskontrakten».Endringa inneber at den regelen som no gjeld for lærlingar, skal gjelde på same måten for lærekandidatar.

Til § 4-7:

I andre strekpunkt blir orda «og opplæringskontraktar»føydde til. I tredje strekpunkt blir orda «for lærlingane og dei individuelle opplæringsplanane for lærekandidatane»føydde til. Tilsvarande blir orda «og lærekandidatane»føydde til i fjerde strekpunkt. Endringa inneber at den regelen som no gjeld for lærlingar, skal gjelde på same måten for lærekandidatar.

Nytt kapittel 4A blir sett inn etter kap. 4 i lova.

Til § 4A-1:

Uttrykket «treng grunnskoleopplæring»i lovteksten inneber at det må vurderast om den enkelte søkjaren treng grunnskoleopplæring. I denne vurderinga må det leggjast vekt på dei uttalte behov for grunnskoleopplæring søkjaren har. Søkjaren si eiga vurdering av opplæringsbehovet kan likevel ikkje utan vidare vere avgjerande for om vedkommande har krav på opplæring.

Lovformuleringa inneber at det er behovet for opplæring i seg sjølv som er avgjerande for retten. Årsaka til behovet er såleis ikkje avgjerande. Ein kan ha behov for fornya grunnskoleopplæring på grunn av sjukdom eller skade, på grunn av at grunnskoleopplæringa har vore mangelfull, eller ein kan ha behov for meir opplæring på grunn av andre omstende.

Personar som har fått eit likeverdig opplæringstilbod, vil i mange tilfelle ikkje ha behov for ytterlegare grunnskoleopplæring. Somme vil likevel kunne ha eit slikt behov, og dermed rett til grunnskoleopplæring. Dersom den tidlegare opplæringa ikkje inkluderte dei fag ein i dag treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne, vil ein kunne ha behov for, og dermed rett til, opplæring så langt behovet rekk. Personar med utanlandsk opphav og/eller utdanningsbakgrunn vil måtte bedømmast ut frå dei behov for opplæring dei måtte ha etter norske forhold. Når det gjeld retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1, er denne knytt til tidspunktet for fullført grunnskole. Retten etter § 3-1 omfattar også dei som fullfører grunnskolen seinare enn vanleg, til dømes innvandrarar (asylsøkjarar og flyktningar). Sjå også vurderingane frå departementet i pkt. 2.2.1.4.

Lengda på og omfanget av tilbodet skal tilpassast dei behov den enkelte har, og må derfor fastsetjast skjønnsmessig i det enkelte tilfellet. I denne vurderinga kan det vere naturleg å nytte den rettleiinga om grunnskoleopplæring for vaksne som departementet gav ut i 1999. Denne rettleiinga viser nokre normalordningar for grunnskoleopplæring for vaksne og vil kunne passe i mange tilfelle. Opplæringa må ha eit omfang og ei lengd som gjer at den vaksne har sjanse til å nå dei mål det i kvart tilfelle er realistisk å setje opp. I somme tilfelle vil det vere nødvendig å leggje opplæringa til kveldstid for at den vaksne skal kunne delta.

Sjølv om det eksisterer ein individuell rett til grunnskoleopplæring, må det offentlege ha rimeleg tid til å planleggje, leggje til rette og iverksetje tilbodet. Dette inneber at søkjarar, etter omstenda, må akseptere at det kan ta ei viss tid før eit tilbod blir etablert.

All opplæring og alt undervisningsmateriell skal vere gratis. Sjølv om lovformuleringa ikkje er identisk med opplæringslova § 2-1 sjette leddet, er det ikkje meininga at det skal vere nokon forskjell i innhald. Det ordinære gratisprinsippet i grunnskolen skal såleis etter forslaget også gjelde på dette området.

Sjå elles premissane i pkt. 2.1.

Til § 4A-2:

Når ein skal ta stilling til om ein vaksen har rett til spesialundervisning etter første leddeti denne paragrafen, må ein på mange måtar gjere den same vurderinga som for elevar i opplæringspliktig alder som blir vurderte etter opplæringslova § 5-1 første leddet. Ein må likevel ta omsyn til at undervisningsopplegget for vaksne i utgangspunktet vil vere meir tilpassa til behov den enkelte har enn det som er tilfellet etter normalordninga i vanleg grunnskole.

Opplæringa skal normalt ta utgangspunkt i dei faga som er nemnde i § 4A-1. Dersom eleven ikkje vil ha forsvarleg utbytte av eit undervisningsopplegg basert på desse faga, kan ein gå utover denne ramma. Vaksne som på grunn av sjukdom, skade eller ulykke har behov for fornya grunnskoleopplæring, vil oftast falle inn under retten til spesialundervisning. Føresegna opnar også for re-læring av grunnleggjande kommunikasjonsdugleik og grunnleggjande lese- og skrivedugleik. Føresegna fangar såleis også opp grupper som tidlegare fall inn under opplæringslova § 5-2 første leddet første punktum.

Opplæringa skal ha eit omfang, eit innhald og ei lengd som gir den vaksne sjanse til å nå dei måla det i kvart tilfelle er realistisk å setje opp.

Andre leddetinneber vidareføring av den tidlegare § 5-2 i opplæringslova.

Til § 4A-3:

Første leddetgir vaksne som har fullført grunnskole eller tilsvarande, rett til vidaregåande opplæring. Andre punktum klargjer nærmare kven som har rett til vidaregåande opplæring. Andre punktum presiserer at opplæringa skal tilpassast dei behov den enkelte har. I tredje punktum har departementet heimel for å gi forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.

Andre leddetgjeld vaksne som ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet. Dersom vaksne utan rett til vidaregåande opplæring er tekne inn til slik opplæring, gir regelen i andre leddet dei ein sjølvstendig rett til å fullføre opplæringsløpet.

Nytt tredje leddgir rett til opplæring i den tid læreplanen føreset, jf. § 3-1 første leddet nytt andre punktum.

Fjerde leddethar same innhaldet som § 3-1 niande leddet.

Til § 4A-4:

Første leddetpresiserer at reglane i §§ 13-1 til 13-3 også gjeld for vaksne som får opplæring etter dette kapitlet.

Andre leddetpresiserer at kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at opplæringstilboda til vaksne er i samsvar med lov og forskrift. Andre punktum opnar for at kommunen og fylkeskommunen kan oppfylle pliktene sine etter reglane i dette kapitlet ved å nytte fjernundervisningsinstitusjonar og andre tilbydarar av grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring.

Tredje leddetpresiserer det ansvaret kommunen og fylkeskommunen har for at vaksne som har fått opplæring etter reglane i dette kapitlet, får dokumentert opplæringa.

Fjerde leddetlegg plikt på kommunen og fylkeskommunen til å leggje til rette for at dei vaksne får høve til å ta aktivt del i arbeidet med å fremje eit godt læringsmiljø og opplæringstilbod.

Femte leddetgir departementet heimel for å gi forskrifter om vurdering, om klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon.

Til § 4A-5:

Sjå merknadene i kap. 2.4.

Til § 4A-6:

Regelen presiserer at reglane om læreplanar i §§ 1-3, 2-3, 3-4 og 6-4 gjeld med dei presiseringane som følgjer av dette kapitlet.

Til § 4A-7:

Sjå merknadene i kap. 2.3.

Til § 4A-8:

Sjå merknadene til § 4A-1 fjerde avsnitt.

Til § 4A-9:

Regelen er i samsvar med § 3-8 andre leddet og følgjande ledd.

Til § 4A-10:

Regelen presiserer at regelen i § 14-1 om statleg tilsyn og kontroll, § 15-1 om bruk av forvaltningslova og § 15-2 om særlege reglar om klageinstans også gjeld opplæring etter dette kapitlet.

Til § 4A-11:

Regelen inneber at regelen om forsøk i § 1-4 også gjeld opplæring etter dette kapitlet.

Til § 5-2:

§ 5-2 blir oppheva

Til § 7-5:

§ 7-5 blir oppheva.

Til § 8-1 tredje leddet:

Føresegna er ny. Sjå vurderingane frå departementet i kap. 4.3.

Til § 9-4:

§ 9-4 første leddetblir oppheva. Andre leddetblir nytt første ledd. Fjerde leddetblir nytt tredje ledd. Tredje leddetblir nytt fjerde ledd, der orda «andre leddet» blir erstatta med «første leddet».

Sjå vurderingane frå departementet i kap. 4.1.

Til § 12-1 andre leddet andre strekpunkt:

Orda «og kompetanseprøve på eit lågare nivå for lærekandidatar»er føydde til for å synleggjere at regelen også skal gjelde for lærekandidatar som går opp til kompetanseprøve.

Til § 12-2 fjerde leddet tredje strekpunkt:

Orda «eller lærekandidaten»er føydde til for å vise at regelen gjeld tilsvarande for lærekandidatar.

Til § 12-3 andre leddet tredje punktum:

Ordet «lærlingrepresentant»blir erstatta med «lærling- eller lærekandidatrepresentant»for å vise at også lærekandidatar skal kunne nemnast opp som representantar i yrkesopplæringsnemnda.

Til § 12-4 fjerde leddet:

Orda «og dokumentasjon for kompetanse for lærekandidatar»blir føydde til i lovteksten. Endringa inneber at regelen, som no gjeld lærlingar, blir gjort gjeldande også for lærekandidatar.

Til § 13-3 andre leddet:

Orda «eller § 4 A-3»blir føydde til. Tilvisinga til § 4A-3 blir gjord for å synleggjere den nye, lovfesta plikta til fylkeskommunen.

Til § 13-5:

Føresegna blir oppheva. På bakgrunn av dei nye rettane til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne i det nye kapittel 4A i lova er føresegna overflødig.

Til § 15-2, andre leddet:

Orda «og for enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte leddet»er føydde til for å vise at departementet er klageinstans for vedtak etter § 3-1 femte leddet.

8.2 Merknader til endringar i privatskulelova

Til § 15 tredje leddet:

Føresegna er ny. Sjå merknadene under kap. 6.1.

Til § 9 fjerde leddet:

Føresegna er ny. Sjå merknad under kap. 6.2.

Til § 10 fjerde leddet:

Føresegna er ny. Sjå merknad under kap. 6.3.

Til § 26 Tilskotsregel nr. 1 bokstav b:

Orda «teknisk utstyr og maskinelt utstyr» blir erstatta med «investeringsutgifter».

Sjå merknad under kap. 6.4.

Til § 26 Tilskotsregel nr. 4:

Ordet «Skular» i innleiinga blir erstatta med «Vidaregåande skular».

Sjå merknad under kap. 6.4.

Til § 26 Tilskotsregel nr. 11

Føresegna blir oppheva.

Sjå merknad under kap. 6.4.

Til forsida