4 Forslag om andre endringar i opplæringslova
4.1 Godkjenning av lærebøker. Krav om språkleg kvalitet
4.1.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova § 9-4 skal «Lærebøker som blir brukte i skolen ... vere godkjende av departementet. Departementet kan gi nærmare forskrifter». Departementet har i forskrift til opplæringslova kap. 16 gitt forskrifter om godkjenning av lærebøker. Lærebøker omfattar alle trykte læremiddel som dekkjer vesentlege delar av læreplanane i dei ulike faga. Etter forskrifta er det Nasjonalt læremiddelsenter som står for godkjenninga, etter at utkast til lærebøker har vore på ein omfattande høringsrunde der mellom andre Norsk språkråd skal uttale seg.
4.1.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet vart det fremja forslag om å oppheve godkjenningsordninga for lærebøker. Det er lagt vekt på at det er læreplanen som skal vere styrande for undervisninga, ikkje lærebøkene. Lærebøkene skal berre vere eitt av fleire hjelpemiddel til å nå måla for faga. Valet mellom forskjellige hjelpemiddel er i første rekkje ein del av det profesjonelle ansvaret den enkelte læraren har. Dette ansvaret kan det vere vanskeleg å vareta fullt ut når ei statleg kontrollordning alt har bestemt kva lærebøker som kan brukast.
Etter departementet si vurdering har godkjenningsordninga i for stor grad overlate ansvaret for kvaliteten i lærebøkene til staten. Departementet ønskjer å leggje til rette for at dette ansvaret blir lagt til dei som kjenner lærebøkene best: forlaga, forfattarane og fagmiljøa. Gjennom samarbeid mellom forlag, forfattarar og fagmiljø vil den heilskaplege kvalitetskontrollen av lærebøkene bli vareteken.
Det er vidare ønskeleg at foreldre og elevar gjennom samarbeidsutval og skoleutval skal få reell innverknad på valet av lærebøker.
Ordninga med statleg godkjenning av lærebøkene har vore diskutert i lengre tid. Mellom anna foreslo fleirtalet i opplæringslovutvalet å oppheve den statlege lærebokgodkjenninga (NOU 1995:18 s. 171). Vidare har Ytringsfridoms-kommisjonen foreslått å oppheve ordninga, jf. NOU 1999: 2 kap. 4.4.2:
«Det er blitt hevdet at systemet med sentral godkjenning av lærebøker i skolen bryter med ytringsfriheten. Ordningen kan knapt sies å være i strid med de grunnleggende prinsipper for ytringsfrihet eller med grunnloven, iallfall ikke så lenge kontrollen bare går på formelle kriterier. Det kan imidlertid hevdes at et slikt sentralt kontrollorgan lett kan bli en barriere mot det mangfold og den åpenhet for konkurrerende perspektiver som er forutsetningen for den oppøvelse av kritisk sans som er så viktig i utdannelsen. Egentlig er vi tilbake til lærerenes rolle i skoleverket. Det er lærerene som, innenfor lov og læreplan, skal bruke bøkene. Det er de som skal presentere dem for elevene og eventuelt kritisere dem. De bør også stå for utvelgelsen uten noen forhåndsgodkjennelse av de bøker de skal velge blant. Også i denne sammenheng bør man tenke mer i retning av variasjon og i tillits- og kontraktstermer snarere enn i kontroll- og styringstermer. Kommisjonen slutter seg altså til flertallet i NOU 1995: 18 Ny lovgivning om opplæring, når det foreslår at kravet om statlig godkjenning av lærebøker oppheves. ... .»
Kvaliteten i lærebøkene vil i framtida i første rekkje sikrast gjennom samarbeid mellom forlag og forfattarar, ved at forlaga nyttar nok ressursar på å tilfredsstille krava om innhald, likestilling og språkleg kvalitet.
Høg kvalitet er ein av dei viktigaste konkurranseparametrane i lærebokmarknaden. Lærebøker som ikkje har høg kvalitet i forhold til dei mål og prinsipp som ligg til grunn i læreplanverka, vil få problem med å bli selde. Det same gjeld lærebøker som ikkje held tilstrekkeleg språkleg kvalitet. I denne samanhengen kan mellom andre Norsk språkråd vere ein viktig ressurs for forlaga.
Kravet om at lærebøker i andre fag enn norsk skal liggje føre på bokmål og nynorsk til same pris og same tid før dei kan nyttast i skolen, skal etter framlegget bestå.
For å sikre at lærebøkene også i framtida held tilstrekkeleg språkleg kvalitet, vart det i høringsutkastet fremja forslag om at lærebøker til bruk i skolen skal følgje læreboknormalen. Regelen rettar seg direkte til skolane som brukarar av lærebøker og indirekte til forlaga som lærebokprodusentar. Bøker som ikkje følgjer læreboknormalen, kan ikkje nyttast som lærebøker. Følgjeleg vil forlaga ikkje få selt lærebøker til skolane med mindre læreboknormalen blir følgd.
Høringsinstansane vart oppmoda om å komme med synspunkt på ei eventuell klageordning for lærebøker.
4.1.3 Høringsinstansane
Høringsinstansane er i hovudsak positive til forslaget. Dette gjeld også kommunane, fylkeskommunane og Kommunenes Sentralforbund.
Noregs Mållagog Norsk språkrådmeiner at den språklege delen av godkjenningsordninga bør haldast ved lag.
Norsk lærarlagog Lærarforbundeter kritiske til å oppheve lærebokgodkjenninga og viser mellom anna til at ei godkjenningsordning vil vere med på å sikre kvaliteten språkleg og innhaldsmessig. Skolenes Landsforbundstøttar forslaget.
LOer imot forslaget om å oppheve godkjenningsordninga. Oppheving svekkjer standardiseringa, gir meir makt til forlaga og kan gi dårlegare og meir ujamn standard på lærebøkene. Dessutan blir likestillingsaspektet svekt.
Nasjonalt læremiddelsenterer negativt til å oppheve godkjenninga, og viser mellom anna til at det er dokumentert at godkjenningsordninga fangar opp alvorlege manglar og feil knytte til didaktikk, likestilling og språk. Det blir elles vist til at godkjennningsordninga gir lærarar og foreldre tryggleik for at læreboka er i tråd med læreplanen.
Sametingetønskjer å halde oppe ei godkjenningsordning for samiske læremiddel. Det blir vist til at å oppheve godkjenninga vil gå ut over produksjon av nye samiske lærebøker, og at dei samiske lærebøkene i denne samanhengen er i ein annan situasjon enn lærebøker elles. Også enkelte kommunar har teke eit liknande standpunkt og meiner i tillegg at dei samiske lærebøkene skal vere i samsvar med reglar om samisk rettskriving.
Enkelte høringsinstansar har teke opp problem i forhold til å bruke utanlandske lærebøker, for eksempel lærebøker på engelsk, svensk eller dansk. Slike bøker kan det vere nødvendig å bruke i enkelte fag i vidaregåande opplæring.
Mange av trussamfunna har uttalt seg om lærebokgodkjenninga og meint at det bør haldast oppe ei offentleg kvalitetssikring av lærebøkene i krl-faget i ei ordning der alle aktuelle religionar og livssyn får høve til å uttale seg.
Likestillingsombodetog Likestillingssentereter negative til å oppheve godkjenningsordninga, og viser til at ordninga varetek likestillinga.
Svært få av høringsinstansane har uttalt seg om en statleg klageinstans for lærebøker. Fleirtalet av dei som har uttalt seg, er negative til ei slik klageordning.
4.1.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Departementet fremjar forslag om at den statlege godkjenningsordninga for lærebøker blir oppheva. Departementet viser til at eit fleirtal av høringsinstansane meiner ordninga bør opphevast.
Departementet har merka seg at Noregs Mållag og Norsk Språkråd foreslår at den språklege delen av godkjenningsordninga blir halden oppe. Departementet meiner likevel at den språklege kvaliteten i lærebøkene blir tilstrekkeleg sikra gjennom forslaget om at lærebøker som blir brukte i skolen, skal følgje læreboknormalen.
Som følgje av at enkelte høringsinstansar har peikt på at det kan være nødvendig å bruke utanlandske lærebøker i enkelte fag i vidaregåande opplæring, har departementet presisert at regelen om at lærebøkene skal følgje læreboknormalen, berre gjeld norske lærebøker.
Enkelte høringsinstansar har foreslått at Sametinget skal godkjenne samiske lærebøker. Departementet viser til at det blir gitt tilskott til Sametinget over statsbudsjettet. Tilskottet skal mellom anna dekkje utgifter til utvikling, kvalitetssikring og produksjon av samiske læremiddel for grunnskolen og vidaregåande opplæring. Etter departementet si oppfatning disponerer Sametinget tilstrekkelege verkemiddel til å sikre elevane tilgang på samiske læremiddel, og Sametinget kan i den samanhengen sjølv avgjere rammene for kvalitetssikringa. Det er derfor ikkje grunn til å føre vidare eit krav om godkjenning av samiske lærebøker.
Departementet har merka seg at Likestillingsombodet og Likestillingssenteret er negative til å oppheve godkjenningsordninga. Etter departementets vurdering vil likestillingsomsynet i framtida bli tilstrekkeleg vareteke ved at likestillingslova § 7 pålegg skolane berre å bruke læremiddel som byggjer på likestilling mellom kjønna. Departementet viser til at læremiddel kan bringast inn for Klagenemnda for likestilling.
Mange av trus- og livssynssamfunna meiner at ei offentleg kvalitetssikring av lærebøkene i krl-faget bør haldast ved lag, ved ei ordning der alle aktuelle religionar og livssyn får høve til å uttale seg. Etter departementet si vurdering vil lærebøkene i krl-faget bli tilstrekkeleg kvalitetssikra gjennom det nødvendige samarbeid og den dialog som forlag og forfattarar vil ha med ulike fagpersonar og representantar for dei ulike trus- og livssynssamfunna. Departementet reknar med at det vil være i forlaga og forfattarane si eiga interesse at faginnhaldet i lærebøkene i krl-faget held høg kvalitet. Det er viktig at kontakt blir etablert tidleg i arbeidet med å utvikle ei ny bok.
Det blir ikkje fremja forslag om statleg klageinstans for lærebøker. Departementet viser til at svært få høringsinstansar har uttalt seg om dette spørsmålet, og at fleirtalet av dei som har uttalt seg, er negative til ei slik ordning. Departementet viser likevel til at den generelle tilsyns- og klageordninga som følgjer av opplæringslova § 14-1 og § 15-2, inneber høve til statleg overprøving av praktiseringa av opplæringslova og læreplanen. I den grad undervisninga ikkje er i tråd med forpliktande prinsipp i lov og læreplan, til dømes likestillingsaspektet, vil det kunne krevjast retta av statens utdanningskontor. I slike tilfelle vil vurderingstemaet for statens utdanningskontor ikkje vere om læreboka isolert sett er i strid med lov og læreplan, men om den undervisninga skolen gir, er i samsvar med regelverket.
Departementet vil i samarbeid med Kulturdepartementet følgje opp spørsmålet om å sikre den språklege kvaliteten i lærebøkene.
4.2 Rett til opplæring i punktskrift
4.2.1 Gjeldande rett
I grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir behova for opplæring i punktskrift for blinde og sterkt svaksynte elevar i dag varetekne gjennom retten til spesialundervisning etter kap. 5 i opplæringslova.
I grunnskolen får eleven som regel ein tilleggsressurs i form av ekstra lærar eller assistent. I tillegg til det ordinære timetalet har dei fleste elevane fått to til fem tilleggstimar per veke i kompenserande dugleik som mobilitet og ADL. Meir sjeldan blir det gitt tilleggstimar til opplæring i punktskrift og IKT.
I vidaregåande opplæring varierer talet på tilleggstimar med kor mange år vedkommande bruker på å gjennomføre opplæringa. Det vanlegaste er å ha mellom 10 og 15 tilleggstimar og å gi tilleggstimane som einetimar eller å nytte ein ekstra lærar innanfor det vanlege veketimetalet. Men få av dei svaksynte og blinde elevane får tilleggstimar utover det vanlege veketimetalet.
4.2.2 Høringsutkastet frå departementet
I tilknyting til behandlinga av Innst. O. nr. 70 (1997-98) vedtok Stortinget at Regjeringa skulle leggje fram ei «sak om lovfestet rett til opplæring i punktskrift.» Under behandlinga av Innst. O. nr. 92 (1998-99) gjorde Stortinget vidare vedtak om at Regjeringa skulle leggje fram «en melding basert på en vurdering av organiseringen og økonomien forbundet med en rettighetsfestet adgang til opplæring i punktskrift for svaksynte og blinde som tillegg til ordinær undervisning for blinde og svaksynte. Opplæringa skal foregå enten i punktskriftmiljø eller integrert i den ordinære skole etter elevenes eget ønske.»
Departementet gav 27. september 1999 Huseby kompetansesenter i oppdrag å greie ut spørsmålet om rett til opplæring i punktskrift i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. I oppdraget vart kompetansesenteret bedt om å gi informasjon om status i dag når det gjeld talet på elevar med behov for punktskriftopplæring, det nærmare innhaldet i opplæringa, organiseringa av opplæringa og dei økonomiske rammevilkåra. Kompetansesenteret vart dessutan bedt om å gjere greie for korleis punktskriftopplæringa burde leggjast opp i framtida, komme med forslag om timetal i tillegg til det vanlege timetalet og dei økonomiske konsekvensane av å gi ein slik rett.
I utgreiinga av 1. november 1999 opplyser Huseby kompetansesenter at det i kvart årskull i skolen er gjennomsnittleg 8-10 barn som er blinde eller sterkt svaksynte. Vidare er det ca. 40-50 svaksynte elevar og 70-80 multihandikappa elevar, der ulike gradar av synshemming er ein av diagnosane. Alle punktskriftelevar i grunnskolen får i dag opplæring i nærskolen, og kvar for seg er dei vanlegvis den einaste punktskrifteleven i klassen og på skolen. Dei fleste blinde og sterkt svaksynte elevane i vidaregåande opplæring vel allmennfagleg studieretning. Somme av elevane gjennomfører vidaregåande opplæring innanfor normert studietid på tre år; dei fleste bruker fire og enkelte fem år.
Nye tal i rapport 25. februar 2000 frå Nasjonalt læremiddelsenter og styret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet viser at elevgruppa blinde og sterkt svaksynte som har punktskrift som skriftspråk, utgjer om lag 70-80 elevar til saman i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
Kompetansesenteret peiker på at det gjennom dei seinare åra viser seg at sakkunnige tilrådingar om behov for tilleggstimar for elevar i grunnskolen i stadig mindre grad blir følgde av kommunale instansar med vedtaksmynde. Det blir løyvd stadig færre tilleggstimar; samtidig aukar bruken av ufaglærte assistentar. Spesielt gjeld dette fag som kroppsøving, kunst og handverk og mobilitet/ADL. Blinde og sterkt svaksynte elevar får til dels opplæring i klasserommet av eigen lærar eller assistent, men til dels blir individuell undervisning gitt i eigne grupperom. Opplæring i mobilitet/ADL blir alltid organisert som individuell undervisning.
Kompetansesenteret understrekar at grunnlaget for kva sjansar den synshemma vil ha til å delta i samfunnet på lik linje med andre, blir lagt i førskolealderen. Opplæring i ADL og mobilitet er ein viktig føresetnad for at barnet skal bli trygt og sjølvstendig og utvikle seg optimalt både personleg og sosialt. For punktskriftelevar utan tilleggshandikap er målsetjinga at dei skal følgje progresjonen i klassen i alle fag. Ein av føresetnadene for at eleven skal nå dette målet, er at ho/han har tileigna seg gode kunnskapar i kompenserande dugleikar som punktskrift, IKT og mobilitet/ADL.
På denne bakgrunnen foreslår kompetansesenteret at elevar på barnetrinnet i grunnskolen i tillegg til opplæring etter læreplanen får opplæring i emna
språk- og omgrepsutvikling
skriftspråkstimulering
punktskrift
lyttetrening
kroppsmedvit
romorientering
grunnteknikkar i mobilitet
tastaturtrening/touchsystemet
punktmatematikk/Abakus (matematikkhjelpemiddel)
På mellomtrinnet blir det forslått at elevane i tillegg til opplæring etter læreplanen skal få opplæring i emna
punktskrift
punktmatematikk/Abakus
IKT
mobilitet/ADL
notelære/punktnotar
På ungdomstrinnet blir det foreslått at elevane i tillegg til opplæring etter læreplanen skal få opplæring i emna
punktskrift
punktmatematikk
IKT
mobilitet/ADL
studieteknikk
notelære/punktnotar
I vidaregåande opplæring blir det foreslått at elevane i tillegg til opplæring etter læreplanen skal få opplæring i emna
punktmatematikk
IKT
mobilitet/ADL
studieteknikk
punktnotar
Kompetansesenteret tilrår å utvide timeramma for desse elevane til maksimum 2033 timar utover vanleg timetal i grunnskolen og maksimum 608 timar utover vanleg timetal i den vidaregåande opplæringa. Det blir understreka at tilmålinga av ekstratimar må vere individuelt basert, og det må liggje føre sakkunnig vurdering utforma i samarbeid med foreldra til eleven. Det blir peikt på at timetal utover vanleg skoletid kan by på visse pedagogiske og praktiske problem knytte til lengda på skoledagen, skoleskyssen, samværet med medelevar i skolefritidsordninga. Desse forholda må det leggjast vekt på under vurderinga av omfanget av ekstratimar.
Departementet viser til at medan elevar med opplæring i teiknspråk har stort fagleg utbytte av å få opplæringa i eit teiknspråkleg miljø, vil elevar med punktskrift som skriftspråk ikkje ha det same faglege utbyttet av å få opplæring i eit «punktskriftleg» miljø. Alle elevar med opplæring i teiknspråk får i dag derfor opplæring ved heimstadskolen, medan elevane for 30 år sidan gjekk på statlege blindeskolar. For å betre integreringa og den sosiale inkluderinga av elevar med punktskrift som skriftspråk, og for å sikre retten til likeverdig opplæring, vart det i høringsutkastet foreslått rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i å bruke nødvendige hjelpemiddel. Elevane skal også ha rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet.
I høringsutkastet vart det foreslått å forskriftsfeste at retten skal oppfyllast innanfor ei ramme på 2 033 timar i tillegg til den alminnelege timeramma i grunnskolen og 608 timar i tillegg til den alminnelege timeramma i vidaregåande opplæring.
Nødvendigkriteriet i lova gjeld berre innhaldet i opplæringa og går ikkje på omfanget/timerammene. Elevar i grunnskolen har etter forslaget rett til 2033 timar, og elevar i vidaregåande opplæring har rett til 608 timar. Den enkelte eleven treng likevel ikkje nytte timeressursen fullt ut.
I høringsutkastet vart det vurdert om det skal utarbeidast sentrale læreplanar for opplæring i punktskrift, mobilitet m.m., eller om innhaldet i opplæringa skal fastsetjast i meir individuelt tilpassa opplegg i individuelle opplæringsplanar.
Plasseringa av føresegna i opplæringslova vil vere avhengig av kven av desse to modellane som blir vald. Dersom ein vel den sistnemnde modellen, der innhaldet i opplæringa blir nedfelt i individuelle opplæringsplanar, vil det vere naturleg å plassere føresegna i kap. 5 om spesialundervisning. Føresegnene i kap. 5 vil da gjelde fullt ut. Eleven skal likevel ha rett til 2 033 ekstratimar i grunnskolen og 608 ekstratimar i vidaregåande opplæring.
Dersom ein vel modellen med sentrale læreplanar, vil det vere naturlegare å plassere føresegna i kapitla om rett til opplæring, dvs. kap. 2 for grunnskolen og kap. 3 for vidaregåande opplæring. Legg ein denne modellen til grunn, vil det vere naturleg å avgrense retten til opplæring i punktskrift, mobilitet osv. mot retten til spesialundervisning. Opplæring i punktskrift, mobilitet osv. vil da vere «normalopplæringa» for desse elevane. Elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte at denne «normalopplæringa,» vil i tillegg kunne ha rett til spesialundervisning etter kap. 5 i lova. Til samanlikning kan nemnast at retten til opplæring i og på teiknspråk er lagd til kap. 2 for grunnskolen og kap. 3 for vidaregåande opplæring. På same måten som for opplæringa i teiknspråk må det her liggje føre sakkunnig vurdering når innhaldet i opplæringa skal fastsetjast.
Modellen med sentrale læreplanar vil kunne få konsekvensar for iverksetjinga av retten, og det framgår av høringsutkastet at det truleg ikkje vil la seg gjere å ha sentrale læreplanar klar til 1. august 2000.
I høringsutkastet vart høringsinstansane bedne om å vurdere om det skal utarbeidast sentrale læreplanar for opplæring i punktskrift, mobilitet m.m., eller om innhaldet i opplæringa skal fastsetjast i meir individuelt tilpassa opplegg.
4.2.3 Høringsinstansane
Med unntak av Kommunenes Sentralforbunder ingen av høringsinstansane negative til forslaget. Kommunenes Sentralforbundviser i hovudsak til at særskilde rettar vil vere ei urimeleg forskjellsbehandling i forhold til andre grupper med særskilde opplæringsbehov.
Mange av høringsinstansane har uttalt seg om plasseringa av retten til opplæring i punktskrift i opplæringslova. Fleirtalet ønskjer at retten blir plassert i dei alminnelege kapitla for grunnskole og vidaregåande opplæring, kap. 2 og 3. Fleirtalet av høringsinstansane meiner også at det bør utarbeidast sentrale læreplanar. Svært få går inn for plassering i spesialundervisningskapitlet.
4.2.4 Vurdering og framlegg frå departementet
I tråd med det eit fleirtal av høringsinstansane gir uttrykk for, blir det fremja forslag om at sterkt svaksynte elevar og blinde elevar skal ha rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i å bruke nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane skal også ha rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet. Departementet tek sikte på å forskriftsfeste at retten skal oppfyllast innanfor 2 033 ekstratimar i grunnskolen og 608 ekstratimar i den vidaregåande opplæringa.
Eit fleirtal av høringsinstansane ønskjer at retten til opplæring i punktskrift blir plassert i dei alminnelege kapitla for grunnskole og vidaregåande opplæring, kap. 2 og 3 i opplæringslova. Departementet fremjar forslag i tråd med fleirtalet av høringsinstansane. Vidare er departementet samd med høringsinstansane i at det bør utarbeidast sentrale læreplanar i punktskrift.
Departementet vil ikkje kunne ha sentrale læreplanar klar til skolestart hausten 2000, men vil sende på høring forslag til slike planar med sikte på at dei kan takast i bruk frå skolestart hausten 2001. Retten til nødvendig opplæring i punktskrift blir likevel sett i verk 1. august 2000. Skolane vil i overgangsperioden måtte tilpasse innhaldet i opplæringa til den enkelte eleven i form av individuelle opplegg.
Somme høringsinstansar har peikt på at det er vanskeleg å skaffe kvalifisert personale. Departementet viser til at det er eit kommunalt og fylkeskommunalt ansvar å sørgje for at innhaldet i opplæringa blir realisert, og kommunar og fylkeskommunar må derfor knyte til seg tilstrekkeleg med personale som har synspedagogisk og spesialpedagogisk kompetanse. Vidare må det leggjast til rette for at lærarkreftene er stabile.
Det er dessutan viktig at kommunane og fylkeskommunane legg til rette for at personalet kan delta på kurs arrangerte av kompetansesentra. Departementet viser også til målsetjinga under pkt. 5.3.2 om betre samordning og kommunikasjon mellom dei statlege kompetansesentra og skolar som har punktskriftelevar.
4.3 Retten til å gå på nærskolen. Høve til å flytte elevar i særskilde tilfelle.
4.3.1 Gjeldande rett
Etter ordlyden i opplæringslova § 8-1 har alle elevar vilkårslaus rett til å gå på nærskolen. Eleven kan ikkje flyttast frå nærskolen mot hans eller hennar eigen vilje.
I den tidlegare grunnskolelova med forskrifter var det ope for at elevar i grunnskolen kunne flyttast til annan skole utan samtykke frå foreldra. Før det vart gjort enkeltvedtak om overføring til annan skole, hadde foreldra rett til å uttale seg, og det skulle liggje føre fråsegn frå læraren til eleven og pedagogisk-psykologisk teneste. Dette gjekk fram av forskrift til grunnskolelova § 2-1 nr. 3. Dersom formålet med overføringa primært var å oppfylle retten til spesialundervisning for på denne måten å hjelpe eleven sjølv, var det krav om samtykke frå foreldra, jf. same forskrift § 1-4 nr. 4. Omsyna bak regelen som gav høve til å overføre elevar uten samtykke frå foreldra, var mellom anna læringssituasjonen i klassen og behovet for å verne dei andre elevane. Det var i alvorlege tilfelle, og normalt først etter at andre tiltak var prøvde ut ved nærskolen utan resultat, at det kunne komme på tale å nytte dette verkemidlet.
4.3.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet vart det fremja forslag om at når åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over læringssituasjonen for dei andre elevane i klassen og det dermed ikkje er forsvarleg å gi eleven opplæringstilbodet på nærskolen, må det i heilt spesielle tilfelle vere mogleg å vise eleven til for eksempel ein særskilt bemanna og utstyrt skole i kommunen for å oppfylle retten og plikta til grunnskoleopplæring. I mange tilfelle vil det truleg vere tilstrekkeleg å flytte eleven til ein vanleg naboskole, for eksempel for å bryte opp elevgrupper. På denne måten får den aktuelle eleven/dei aktuelle elevane sjansen til ein «ny start» ved naboskolen; kanskje kan dette også skje utan at det er behov for å tilføre ekstra ressursar.
Retten til enkelteleven må i slike heilt spesielle tilfelle vike for retten til andre elevar i klassen. Dette vil for eksempel kunne gjelde situasjonar der ein står overfor vedvarande og alvorleg mobbing eller anna åtferd som verkar øydeleggjande på læringssituasjonen.
Etter forslaget skal eleven likevel først kunne flyttast til annan skole etter at andre tiltak ved nærskolen er prøvde. Dette gjeld også tiltak der ekstra ressursar blir sette inn i klassen for å avhjelpe situasjonen. Foreldra til eleven bør takast med i desse vurderingane.
Vedtak om overflytting til annan skole bør gjerast i kommunen sentralt, ikkje ved den enkelte skolen. Før det blir gjort vedtak om overflytting, skal det liggje føre sakkunnig vurdering.
Den beste løysinga vil vere å forme ut eit opplæringstilbod der skole og foreldre saman finn ut kva som er det beste for eleven i slike situasjonar, utan at det må gjerast vedtak om flytting til annan skole mot eleven og foreldra sin vilje.
4.3.3 Høringsinstansane
Dei aller fleste av dei kommunane som har uttalt seg, er positive til lovforslaget. Også Kommunenes Sentralforbunder einig.
Lærarforbundeter positiv, men foreslår presiseringar når det gjeld krava til dokumentasjon på at andre tiltak enn flytting av elevar er vurderte.
Funksjonshemmedes fellesorganisasjoner usamd i forslaget, og meiner mellom anna at forslaget set klassen sine behov framfor den enkelte eleven sitt behov. Det same standpunktet har Norges forbund for utviklingshemmede.
Enkelte utdanningskontor er imot forslaget, og viser til at barnevernlova gir tilstrekkeleg heimel for å flytte elevar.
Enkelte høringsinstansar meiner at overføring av ein elev berre kan skje etter sakkunnig vurdering, og at dette må takast inn i lova. Det er også enkelte høringsinstansar som meiner at omsynet til den eleven som skal flyttast, bør synleggjerast i lovteksten.
Elles er forslaget i hovudsak blitt positivt motteke av høringsinstansane.
4.3.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Departementet fremjar forslag om at ein elev i særlege tilfelle kan flyttast til ein annan skole når omsynet til dei andre elevane tilseier det. Andre tiltak skal ha vore prøvde ut før det blir gjort vedtak om å flytte eleven.
Departementet vil understreke at føresegna berre kan brukast i heilt spesielle unntakstilfelle, når åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over skole- og læringssituasjonen for dei andre elevane og det dermed ikkje er forsvarleg å gi eleven opplæringstilbodet på nærskolen.
Enkelte høringsinstansar har teke opp forholdet til funksjonshemma elevar. Departementet vil halde fast ved at funksjonshemma elevar framleis skal ha rett til et fullverdig skoletilbod ved nærskolen. Funksjonshemma elevar skal såleis ikkje kunne flyttast med det formål å hjelpe eleven sjølv, utan samtykke frå føresette. Skolebygga må tilpassast behova hos funksjonshemma, og opplæring og tilsynsfunksjonar må vere lagde slik opp at funksjonshemma elevar blir integrerte i nærskolen. Dette gjeld også når funksjonshemminga medfører ekstraordinære kostnader eller vanskar for kommunen.
I premissane til høringsutkastet vart det uttalt at det skulle liggje føre sakkunnig vurdering før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev. Etter departementet si vurdering er det ikkje grunn til å krevje at det i alle tilfelle skal liggje føre sakkunnig vurdering. Det er tilstrekkeleg at vedtaket er forsvarleg og er underkasta reglane i forvaltningslova om krav til enkeltvedtak. Departementet viser mellom anna til kravet om at saka skal vere tilstrekkeleg opplyst før vedtak blir gjort. Det må derfor vurderast i den enkelte saka om krava til forsvarleg saksbehandling krev sakkunnig vurdering.
Departementet understrekar at kommunale enkeltvedtak om å flytte ein elev, som andre enkeltvedtak i grunnskolen, kan klagast til statens utdanningskontor, jf. opplæringslova § 15-2.
Departementet foreslår også at lova presiserer høvet til å flytte eleven ut av kommunen. Ei slik flytting må likevel ikkje føre til at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang.