Ot.prp. nr. 44 (1999-2000)

Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) m.m.

Til innhaldsliste

5 Om læremiddel for punktskriftbrukarar

5.1 Innleiing

I St.meld. nr. 23 (1997-98) Om opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov vart det peikt på at læremiddelsituasjonen for blinde og sterkt svaksynte elevar ikkje er tilfredsstillande. Det vart særleg vist til at læremiddel ikkje er tilgjengelege i punktskrift når undervisningsåret tek til, og at dette mellom anna har samanheng med at bestillingane kjem inn seint og at produksjonsprosessen tek lang tid. Utfordringane vart tekne opp med Nasjonalt læremiddelsenter, som har det overordna ansvaret for å koordinere og utvikle læremiddel for lågfrekvente grupper, og det vart utarbeidd ein straksplan. Departementet varsla i meldinga at det var viktig at arbeidet vart følgt opp.

I Innst. O. nr. 70 (1997-98) og Innst. S. nr. 228 (1997-98) vart det understreka av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen at det er viktig å få ein straksplan for å utvikle læremiddel for blinde og sterkt svaksynte elevar. På denne bakgrunnen fekk styret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet og Nasjonalt læremiddelsenter i oppdrag av departementet å greie ut læremiddelsituasjonen for punktskriftbrukarane. Rapporten låg føre 15. februar 2000.

5.2 Nærmare om hovudtrekka i rapporten

5.2.1 Brukarane og læremiddelomgrepet

Elevgruppa blinde og sterkt svaksynte som har punktskrift som skriftspråk, utgjer i alt om lag 70-80 elevar i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Elevtalet på kvart trinn i grunnskole og vidaregåande opplæring varierer mellom 1 og 10.

«Læremiddel» vil for denne gruppa seie tilrettelagde punktskriftbøker og tekstar på papir eller elektronisk, eventuelt med tilhørande lærarrettleiing, og stimulerings- og konkretiseringsmateriell som er nødvendig for at eleven skal kunne ha nytte av opplæringa.

Dei fleste vanlege lærebøker kan leggjast til rette og givast ut som papirpunktskriftbøker. Dei kan nyttast på linje med dei vanlege lærebøkene for klassen. Ei vanleg trykt lærebok for sjåande elevar vil som regel bestå av 8-14 permar når ho er tilrettelagd og produsert i punktskrift. Det krevst stor pedagogisk tilrettelegging av stoffet. Bøker med mange illustrasjonar og bøker innanfor matematikk og naturfag er det spesielt krevjande å leggje til rette for punktskrift.

Punktskriftbok i elektronisk form krev at eleven disponerer eigen PC med tilkopla leselist (punktskriftdisplay). Bilete, grafar og anna visualiserande innhald må forklarast og leggjast til rette teknisk og pedagogisk for brukaren. Ofte blir illustrasjonar produserte som taktilt vedlegg.

5.2.2 Status for lærebokproduksjonen

Ein nyproduksjon eller ei førstegongsutvikling av ei punktskriftbok i papirpunkt eller elektronisk er eit relativt omfattande utviklingsarbeid, der ein med utgangspunkt i boka i vanleg trykk vurderer og tilpassar biletstoff, grafar og tabellar. Det kan også vere nødvendig med utfyllande, beskrivande tekst på fleire område, for å gi den synshemma dei nødvendige føresetnadene for å tileigne seg lærestoffet.

For skoleåret 1999-2000 fekk Tambartun kompetansesenter 126 bestillingar på nyproduksjonar i punktskrift, av desse 15 elektroniske. Huseby kompetansesenter fekk 190 bestillingar, av desse 78 elektroniske. Det vart i alt gitt avslag på i overkant av 50 av bestillingane.

Når sentra må gi avslag på nyproduksjon, er det først og fremst på grunn av kapasitetsproblem. I samband med grunnskolereforma har problemet også vore at læreverka frå forlaga først har lege føre ved skolestart. Sentra tilbyr da læreverket i alternativ målform eller eit alternativt læreverk i rett målform som dekkjer same fag og trinn.

Det er også gitt avslag på bestillingar ut frå faglege vurderingar om at læreverket ikkje er eigna for tilrettelegging i punktskrift, eller fordi læreverket ikkje er godkjent etter skolereformene. Skolane får da tilbod om godkjende verk som dekkjer faget.

For skoleåret 1999-2000 fikk kompetansesentra inn 659 bestillingar på reproduksjonar i punktskrift og 209 elektroniske. Det er ingen avslag når det blir bestilt reproduksjonar.

Kostnadene for rekneskapsåret 1999 er i alt 15 300 000 kroner. Av dette er 2 100 000 kroner dekte med tilskott frå Nasjonalt læremiddelsenter. Dette omfattar alt frå enkle reproduksjonar til kompliserte nyproduksjonar, og talet er såleis ikkje eigna til å berekne gjennomsnittskostnader per bok. Ca. 80 prosent av ressursane går med til nyproduksjonar, i alt 259 titlar, medan ca. 20 prosent går med til reproduksjonar og utlån, i alt 868 titlar. Utlåna utgjer ein svært liten del.

5.2.3 Endra rammevilkår for lærebokproduksjonen

Rapporten viser mellom anna til at det dei seinare åra er gjennomført reformer og innført nye læreplanar i både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Tidlegare produksjonar i punktskrift kan ikkje brukast med dagens læreplanar. Vidare er dei nye læreverka ofte meir omfattande enn tidlegare lærebøker, med fleire komponentar og meir bruk av bilete og illustrasjonar. Med skolereformene er det også lagt vekt på andre arbeidsformer i opplæringa.

I tillegg til at reformene har medført ein auke i talet på nye bøker som må leggjast til rette for punktskrift, har det også vore eit aukande behov for tilrettelegging i punktskrift av andre tekstar på papir eller elektronisk. Dette medfører store pedagogiske utfordringar og lengre produksjonstid.

Det at punktskriftbrukarane har tilgang til datautstyr, har mellom anna ført til at lærebøker i punktskrift no også er etterspurde som elektroniske bøker. Eleven kan lese teksten på ei leselist kopla til datamaskinen.

5.2.4 Framtidige behov med forslag til tiltak

5.2.4.1 Auka ressursar

Rapporten viser til at ei ekstra årleg ressurstildeling til sentra på 4 000 000 kroner er tilstrekkeleg til at alle elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring får dekt behovet for lærebøker. Med ei slik tildeling vil sentra kunne halde fram produksjonen som i dag (jf. pkt. 5.2.2) og byggje opp og sikre stabil kompetanse til bruk i læremiddelarbeidet.

5.2.4.2 Avgrensing i læremiddelproduksjonen

Rapporten tek opp spørsmålet om innskrenkingar i valmoglegheitene for punktskriftbrukarane som følgjer av å fråvike kravet om språkversjonar av lærebøkene på nynorsk, samisk og bokmål. Dersom ein forlet kravet om språkversjonering, kan det medføre at punktskriftbrukarane får tilbod om læreverk i eit anna mål enn det dei primært ønskjer.

Å veksle mellom målformer vil vere ei ekstra belastning for denne elevgruppa, som både har større vanskar med omgrepsinnlæring og større vanskar med å få opp lesefarten enn sjåande elever. Ettersom det er dyrare å nyprodusere bøker enn å reprodusere, kan produksjonsmiljøa, dersom ein forlet kravet om språkversjonering, bruke økonomiske og personalmessige ressursar til nyproduksjonar dei elles måtte avslå. Fordelinga av bokmåls- og nynorskelevar det inneverande skoleåret er 57 - 7.

Rapporten tek opp spørsmålet om fridom til å velje læreverk. Det kan vedtakast at det berre skal utviklast eit bestemt tal læreverk i kvart fag og for kvart trinn. Skolen må da ta stilling til om heile klassen skal nytte det verket som er tilrettelagt på punktskrift. Dersom det ikkje skjer, vil punktskriftbrukaren måtte bruke eit anna læreverk enn klassen elles, noko som vanskeleggjer sosial og fagleg inkludering. For punktskriftbrukarane kan avgrensa produksjon derfor innebere at dei ikkje får dei same høve til likeverdig opplæring som sjåande. For produksjonsmiljøa fører avgrensing av talet på læreverk for kvart trinn til at det i større grad kan sikrast nyproduksjonar for alle fag på kvart trinn.

Produksjonsmiljøet kan dessutan styre kva medium dei ulike læreverka skal leggjast til rette for, til dømes papirpunkt eller elektronisk. Faktorar som lesedugleik, datakunnskap og arbeidsmåtar varierer og er avgjerande for korleis elevane vil vere i stand til å utnytte og orientere seg i læreverket. Tilbakemeldingar frå vidaregåande opplæring viser at ein del elevar ønskjer papirutgåve parallelt med elektronisk tekst. Pedagogisk sett vil det derfor vere uheldig å leggje føringar på valet av medium. Den pedagogiske tilrettelegginga og produksjonen av illustrasjonar vil dessutan langt på veg vere den same, uavhengig av kva medium punktskriftboka blir tilrettelagd for. Ressursinnsparinga ved å tilby eit læreverk i berre eitt medium vil berre vere tida til å endre layout og eventuelt til trykking og innbinding når det gjeld punktskriftutgåva.

Rapporten tek opp spørsmålet om utlån av lærebøker kan vere eit alternativ til reproduksjon. Ved å etablere ei utlånsordning kan talet på reproduksjonar avgrensast. Utlånte bøker kan krevjast i retur etter at skoleåret er slutt, slik at dei er klar til utlån ved skolestart. Dei årlege utgiftene for sentra til reproduksjonar utgjer 20 pst. av totalinnsatsen på ca. 15 300 000 kroner. Rapporten peiker på at dette krev auka lagerkapasitet ved sentra, fordi det kan ta fleire år før eit læreverk blir bestilt på ny. For dei eksemplara som skal lånast ut det etterfølgjande året, vil ein vere avhengig av at returen kjem tidsnok til ny utsending. Det vil krevje auka personalressursar til mottak, kvalitetskontroll og reparasjon. Det blir vidare vist til at punktbøker trykte på papir er mindre eigna til nytt utlån, fordi punkta lettare blir klemde flate under transport og er meir utsette for slitasje og tilsmussing under lesing.

5.2.4.3 Betre samordning

Rapporten peiker på behovet for betre samordning mellom dei involverte instansane, og det blir mellom anna vist til at det er sett i gang arbeid med å utvikle ein overordna samarbeidsavtale mellom Nasjonalt læremiddelsenter og styret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet om felles informasjonstiltak, koordinering av plandokument og rapportering.

Når det gjeld samarbeidet mellom statlege og kommunale og fylkeskommunale instansar, blir det i rapporten vist til behovet for informasjonsutveksling. Til dømes er søknadsfristen for særskilt inntak til vidaregåande opplæring 1. februar. Dei enkelte skolane får melding om elevar dei kjem til å få i april - mai. Kva for lærarar som skal ha eleven, er ofte ikkje klart før i perioden mai - juli. I vidaregåande skole er det læraren som bestemmer kva læreverk klassen skal bruke, og det medfører i enkelte tilfelle at bestillinga ikkje kjem før i juli - august. Sidan det dreier seg om få elevar, som er kjende for hjelpeapparatet, er det ønskeleg med betre rutinar på skolenivå, slik at kompetansesenteret får informasjon om kva skole eleven har fått plass ved på eit tidlegare tidspunkt enn i dag.

Når det gjeld samarbeidet mellom statlege og private trykkjeri og forlag, blir det i rapporten vist til behov for tettare samarbeid. Det blir vist til at ein stor del av arbeidet med å framstille ei punktskriftbok er å skaffe fram tekstgrunnlaget digitalt. Innskanning av teksten med tilhørande redigering vil leggje beslag på verdifulle ressursar. Dei seinare åra er det derfor i stigande grad blitt brukt digitale manuskript direkte frå trykkjeria. Det er forlaga som bestemmer om sentra skal få tilgang til dei digitale manuskripta. Dei fleste større forlag godtek slik bruk. Dei prisane trykkjeria fastset for slike tenester, inneber at dette i dag ikkje gir nokon økonomisk gevinst framfor skanning, men sentra sparer tid. I somme tilfelle kan det ta lang tid å få levert manuskriptet frå trykkjeriet. Det er derfor ønskeleg å få samordna praksis på området.

Det er også ønskeleg å komme i samarbeid med forlaga tidleg i prosessen når det skal givast ut ei ny lærebok. Gjennom slikt samarbeid vil ein kunne medverke til at læreboka blir slik utforma at ho lettare kan tilpassast ulike elevgrupper.

Det blir vidare vist til at ein uavhengig instans bør gjennomgå alle aspekta ved læremiddelarbeidet for punktskriftbrukarar, med vekt på mellom anna faglege og økonomiske sider, organisering, bemanning og kompetanse. Ei slik utgreiing bør så langt som mogleg skaffe prognosar for korleis behovet vil utvikle seg vidare, og komme med forslag til tiltak.

5.3 Vurderingar og tiltak frå departementet

Nye læreplanar og med dei nye lærebøker, har komme ca. kvart tiande år. Det er viktig å etablere eit system som tek omsyn til dette, slik at ein unngår problem for den enkelte eleven i reformtider. Rett til opplæring i punktskrift for blinde og sterkt svaksynte elevar er viktig for å realisere retten til likeverdig opplæring. Skal rettane vere reelle, er det viktig å leggje til rette for at læremidla for gruppa er tilgjengelege når undervisningsåret tek til. Manglande tilgjenge har mellom anna samanheng med at bestillingane kjem seint inn, og at produksjonsprosessen tek lang tid.

5.3.1 Avgrensing av omfanget av produksjonen

Etter departementet si vurdering er det ikkje i første rekkje ressurssituasjonen som må endrast; det må derimot mellom anna vurderast endringar i produksjonsprosessen.

Departementet vil vurdere nærmare om det er mogleg å avgrense omfanget av produksjonen. I dag kan skolane tilnærma fritt velje kva lærebok som skal versjonerast til punktskrift, og sentra følgjer opp bestillingane innanfor dei økonomiske ressursane som til kvar tid er stilte til rådvelde. Den rolla det statlege støttesystemet med sin synspedagogiske spisskompetanse skal ha, skal i stor monn vere å gi råd og rettleiing om kva som under synspedagogisk og ressurseffektiv synsvinkel, er det mest eigna læreverket, med det mål å gi eigna læreverk til synshemma elevar til rett tidspunkt.

Ved i større monn å leggje føringar på skolane når det gjeld valet av lærebøker, kan omfanget av produksjonen reduserast. Ein vil da i langt større grad sikre seg at alle elevane får lærebøker til skolestart, og dermed også sikre retten til likeverdig opplæring og eigna læremiddel. Departementet viser til at det er etablert ei parallell ordning for hørselshemma elevar, der staten har tilrettelagt eitt læreverk med teiknspråkversjonering, tilleggsvideoar og/eller rettleiingar for kvart klassetrinn.

Det vil vere viktig for skolen, i god tid før skolestart, å ha klarlagt med kompetansesentra kva lærebok eller lærebøker som er tilgjengeleg(e) og mest eigna for punktskriftbrukaren for det aktuelle årstrinnet, med tanke på valet av lærebok for resten av klassen. Det vil vere mest aktuelt å vurdere tiltaket i grunnskolen.

Etter departementet si vurdering vil retten til likeverdig opplæring ikkje bli påverka av at høvet til å velje mellom lærebøker blir innskrenka. Departementet viser mellom anna til at alle lærebøker som blir valde ut til punktskriftproduksjon, skal ha høg kvalitet og dekkje vesentlege delar av måla og hovudmomenta for det enkelte klassetrinnet.

Departementet er samd i at det må vere eit mål at punktskriftbrukarar som hovudregel får tilbod om læreverk i den målforma dei primært ønskjer, og at det i utgangspunktet ikkje skal setjast grenser når det gjeld valet av medium. Det bør likevel vurderast om det innanfor enkelte fag, til dømes matematikk, er mogleg å versjonere berre den reine teksten til papirpunktskrift, medan grafiske illustrasjonar og liknande kan lesast elektronisk på leselist. I enkelte tilfelle kan lydbok i rett målform også vere eit supplement.

Når hovudutfordringa på feltet er at produksjonsprosessen tek lang tid, er det etter departementet si vurdering interessant å få greidd nærmare ut om det er mogleg å etablere ei utlånsordning for lærebøker i papirpunktskrift. Ei utlånsordning vil redusere behovet for reproduksjon sterkt. I dag er det inga slik utlånsordning. Etter departementet si vurdering må det vere mogleg å etablere eit system der skolane ved slutten av skoleåret returnerer papirpunktskriftbøker til kompetansesentra. Departementet vil sjå nærmare på om det er mogleg å etablere ei utlånsordning innanfor den ressursen som no blir brukt til reproduksjonar.

5.3.2 Betre samordning

I rapporten er det peikt på at den andre hovudutfordringa for å sikre at punktskriftbøkene er klar til skolestart, er betre bestillingsprosedyrar. Det at bestillingane kjem seint inn, kan betrast gjennom mellom anna betre samordning mellom aktørane. Det er derfor positivt at Nasjonalt læremiddelsenter og styret for det statlege spesialpedagogiske støttesystemet har teke initiativ til ein overordna samarbeidsavtale. Dessutan må skolar med elever som er punktskriftbrukarar stå i nær kontakt med kompetansesentra, slik at mellom anna valet av lærebøker kan avklarast så tidleg som mogleg av omsyn til produksjonsprosessen.

Det vil vidare vere eit mål å forbetre samarbeidet med forlaga, slik at ein kan få avtalar om levering av digital tekst. Dette tiltaket vil forenkle produksjonsprosessen.

Som følgje av dei tiltaka det er gjort greie for, ligg det som ein klar intensjon at det statlege støttesystemet i stor monn skal medverke med faglege vurderingar når det gjeld val av lærebøker, og at alle lærebøker som er bestilte til punktskriftbrukarar for skoleåret 2001-2002 skal vere tilgjengelege ved skolestart.

Til forsida