6 Endringar i privatskulelova
6.1 Krav om politiattest og yrkesforbod i private skolar
6.1.1 Gjeldande rett
I dag er det etter opplæringslova § 10-9 krav om politiattest og yrkesforbod ved tilsetjing i offentleg grunnskole og privat grunnskole utan godkjenning etter privatskulelova (opplæringslova § 2-12). Kravet gjeld også for kommunale og private skolefritidsordningar, jf. opplæringslova § 13-7. Attesten skal vise om vedkommande søkjar er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn. Etter privatskulelova er det ikkje krav om politiattest eller yrkesforbod ved tilsetjing i private grunnskolar.
6.1.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet vart det fremja forslag om krav om politiattest og yrkesforbod ved tilsetjing i private grunnskolar godkjende etter privatskulelova.
Dei same omsyna som grunngir kravet om politiattest ved tilsetjing i grunnskolen og skolefritidsordninga, gjer seg gjeldande ved tilsetjing i private grunnskolar godkjende etter privatskulelova. Departementet viser til vurderingane på side 111 i Ot. prp. nr. 46 (1997-98) og på side 19 i Innst. O. nr. 70 (1997-98).
6.1.3 Høringsinstansane
Dei få høringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, er positive til dei foreslådde endringane. Dette gjeld også Steinerskolene i Norgeog Kristne friskolers forbund.
6.1.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Departementet fremjar forslag i tråd med høringsutkastet.
6.2 Klage på spesialundervisning i private skolar
6.2.1 Gjeldande rett
Det er kommunen/fylkeskommunen som avgjer om elevar i private skolar skal få spesialundervisning. Tidlegare kunne elevar i private grunnskolar klage på slike vedtak til departementet (delegert til statens utdanningskontor). Elevar i vidaregåande skolar kunne klage til fylkestinget.
6.2.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet vart det fremja forslag om å gjeninnføre statleg klageinstans på enkeltvedtak om spesialundervisning i private grunnskolar godkjende etter privatskulelova. Det vart vidare fremja forslag om å innføre statleg klageinstans på enkeltvedtak om spesialundervisning i private vidaregåande skolar godkjende etter privatskulelova.
Det var ein utilsikta verknad av opplæringslova at den statlege klagen på spesialundervisning i private grunnskolar godkjende etter privatskulelova vart oppheva. For vidaregåande opplæring medfører forslaget overgang frå fylkeskommunal klageinstans til statleg klageinstans.
Dei same omsyna som grunngir kravet om statleg klage på enkeltvedtak om spesialundervisning i offentlege skolar gjer seg gjeldande for klage på enkeltvedtak om spesialundervisning i private skolar godkjende etter privatskulelova. Departementet viser til vurderingane på side 146 f. i Ot. prp. nr. 46 (1997-98).
6.2.3 Høringsinstansane
Dei få høringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, er positive til dei foreslådde endringane. Dette gjeld også Steinerskolene i Norgeog Kristne friskolers forbund.
6.2.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Departementet fremjar forslag i tråd med høringsutkastet.
6.3 Klage på enkeltvedtak om skoleskyss for elevar i private grunnskolar
6.3.1 Gjeldande rett
Etter innføringa av opplæringslova er det ikkje lenger høve til å klage på kommunale enkeltvedtak om skoleskyss for elevar i private grunnskolar godkjende etter privatskulelova.
6.3.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet vart det fremja forslag om at det skal vere ein statleg klageinstans for klagar på kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om skoleskyss for elevar i private grunnskolar godkjende etter privatskulelova.
Det var ein utilsikta verknad av opplæringslova at høvet til å klage til staten over vedtak om skoleskyss for elevar i private grunnskolar godkjende etter privatskulelova vart oppheva.
6.3.3 Høringsinstansane
Dei få høringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, er positive til dei foreslådde endringane. Dette gjeld også Steinerskolene i Norgeog Kristne friskolers forbund.
6.3.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Departementet fremjar forslag i tråd med høringsutkastet.
6.4 Tekniske endringar
Privatskulelova har vore endra ved to ulike lovvedtak som vart sette i verk til ulik tid. Ved iverksetjinga av opplæringslova vart det gjort utilsikta endringar i privatskulelova. Departementet foreslår nødvendige endringar i privatskulelova slik at denne blir i samsvar med dei lovvedtak Stortinget har gjort tidlegare.