3 Forslag om endringar i opplæringslova på bakgrunn av St.meld. nr. 32 (1998-1999) Videregående opplæring
3.1 Rett til vidaregåande opplæring i inntil fem år etter sakkunning vurdering
3.1.1 Gjeldande rett
Elevar med rett til spesialundervisning etter kap. 5 i opplæringslova skal etter opplæringslova § 3-1 fjerde leddet så langt som mogleg få vidaregåande opplæring i to år i tillegg til dei tre lovfesta åra med slik opplæring. Elevane har ingen individuell rett til utvida opplæringstid; det er fylkeskommunen som avgjer om ein elev etter søknad skal få tilbod om det, og fylkeskommunen kan mellom anna ta omsyn til økonomiske forhold i avgjerda.
Retten til utvida opplæringstid vart innført da lov om vidaregåande opplæring vart endra ved innføringa av Reform 94, og vart ført vidare i opplæringslova. Grunngivinga for regelen var mellom anna at elevar med særlege behov ikkje sjeldan vil trenge noko lengre tid enn andre elevar, og at eit opplæringstilbod utover normert tid vil kunne gjere at eleven står betre rusta til yrkesliv eller vidare utdanning.
3.1.2 Høringsutkastet frå departementet
I St.meld. nr. 32 (1998-99) om vidaregåande opplæring blir det peikt på at fylkeskommunane praktiserer retten til spesialundervisning svært ulikt. Den ulike praksisen gjeld også vedtak om opplæringstid utover tre år. Slike forskjellar er ikkje i samsvar med prinsippet om likeverdige opplæringstilbod.
Departementet uttalte i stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring at det er viktig å sikre denne gruppa elevar høve til utvida opplæringstid dersom sakkunnig vurdering tilseier det. Evalueringa av reforma viser at dersom desse elevane får utvida opplæringstid, vil sjansane deira for å nå høgare mål i opplæringa vere atskilleg større. Det er dessutan viktig å få mest mogleg lik praksis i fylkeskommunane ved å fjerne den forskjellsbehandlinga som regelen i dag opnar for.
I høringsutkastet peikte departementet på at det er viktig å sikre denne gruppa elevar dei nødvendige rettane, og samstundes sikre mest mogleg lik praksis frå fylkeskommune til fylkeskommune. Departementet foreslo på denne bakgrunnen å lovfeste ein individuell rett til inntil to års utvida opplæringstid. Vilkåra for å få rett til utvida opplæringstid skal etter forslaget vere at eleven har rett til spesialundervisning. Det må også liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har, før vedtak om utvida opplærinstid blir fatta.
3.1.3 Høringsinstansane
Alle fylkeskommunane har uttalt seg positivt til forslaget, men presiserer også at forslaget vil føre til meirkostnader som staten må dekkje. Praksis har vore ulik i fylkeskommunane, og dei fylkeskommunane som ikkje har gitt utvida opplæring, vil få auka kostnader. KSog alle fylkeskommunane gir klart uttrykk for at vilkåra for å få den utvida retten må være klart presiserte. Dei meiner det bør vere ein føresetnad at det er fastsett ein opplæringsplan som inneheld eit klart mål for eleven eller lærekandidaten, og at opplæringa må være meiningsfull for han eller henne. Dette er viktig for å unngå at utvida opplæring blir ei erstatning for andre tilbod til ungdom det er vanskeleg å finne høvelege tilbod til. Statens utdanningskontor i Hedmark, Sør-Trøndelagog Møre og Romsdal,og Fagleg eining for PPT i Hedmark, peiker på at staten bør vere klageinstans for enkeltvedtak om utvida opplæringstid.
3.1.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Formålet med å gi utvida rett til opplæring må vere at elevar som treng meir opplæring for å nå måla sine, skal få rett til det. Det må vere ein føresetnad at eleven både treng og har utbytte av meir opplæring for å kunne oppnå kompetanse på eit høgare nivå enn det som er mogleg innanfor treårsretten. Elevar som får spesialundervisning, har i utgangspunktet rett til same undervisningstimetal som andre elevar. Føresetnaden er derfor at den utvida retten er heiltids opplæring i inntil to ekstra år. Dersom opplæringstida blir strekt ut over fleire år, men eleven ikkje får meir samla opplæring enn det som følgjer av reglane for normal opplæringstid i studieretninga, har eleven i røynda ikkje fått nokon utvida rett.
På bakgrunn av ønsket om klare vilkår for utvida rett, legg departementet inn ei slik presisering i forslaget til lovtekst.
Retten til utvida tid må også gjelde for dei som får opplæring etter § 3-10 om rett til punktskrift. Grunngivinga for å gi denne gruppa rett til utvida tid utan krav om å oppfylle vilkåra for spesialundervisning, er at gruppa blinde og svaksynte vil trenge tid til å orientere seg og ta seg fram i skolesituasjonen. Departementet vil komme tilbake til fordelinga av tilleggstimane i forskrift.
Sjølv om spørsmålet om klageinstans for vedtak om inntil to ekstra opplæringsår ikkje er omtalt i høringsutkastet, blir det likevel teke opp her. Etter opplæringslova § 15-2 er det departementet som er klageinstans for vedtak om inntak til vidaregåande opplæring og vedtak om spesialundervisning. Dette myndet er delegert til statens utdanningskontor. Fylkeskommunen er etter gjeldande reglar klageinstans for vedtak om utvida opplæringstid. Sidan det er eit vilkår for å få utvida opplæringstid at eleven har rett til spesialundervisning, vil det også vere naturleg å ha same klageinstans for vedtak om spesialundervisning og vedtak om utvida opplæringstid. På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at departementet blir klageinstans, slik at statens utdanningskontor kan vere klageinstans også for vedtak om utvida opplæringstid, sjå elles pkt 2.6.
3.2 Rett til eitt ekstra opplæringsår ved omval
3.2.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova § 3-1 første leddet første punktum har ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, rett til tre års heiltids opplæring. Opplæringsretten vart innført med Reform 94 og var tidlegare heimla i lov om vidaregåande opplæring.
Elevar kan etter gjeldande rett bruke av retten sin til å velje om. Dersom dei faktisk vel om, kan dei risikere å bruke opp retten før dei har fullført eit treårig opplæringsløp.
I praksis let fylkeskommunane stort sett dei elevane som vel om, få fullføre opplæringa, men elevane har ingen formell rett til dette.
3.2.2 Høringsutkastet frå departementet
I Innst. O. nr. 70 (1997-98) til Ot.prp. nr. 46 (1997-98) om opplæringslova uttalte kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen mellom anna:
«Komiteen ber om at Regjeringen i forbindelse med evalueringen av Reform 94 tar initiativ til at skoleretten kan gjelde ut over dagens 4-års grense, slik at en oppnår større fleksibilitet for elevene med mulighet for omvalg.»
Høvet til omval vart drøfta i St.meld. nr. 32 (1998-99). Her vart det peikt på at avgrensinga av opplæringsretten til tre år mellom anna kan føre til at elevane er tilbakehaldne når det gjeld utradisjonelle val av studieretning. Det vart vist til at somme fylkeskommunar har prøvd å motverke dette ved å tilby elevar som vel utradisjonelt, eitt år ekstra, eller ved å sikre elevar formell rett til å gjennomføre allmennfagleg påbygging etter fullført fagopplæring.
I meldinga gjekk departementet inn for å endre føresegna, slik at rettselevar som gjer eitt omval, også får rett til inntil eitt opplæringsår ekstra.
I Innst. S. nr. 246 (1998-99) uttalte komiteen (s. 17) at det er av stor verdi at elevane får rett til omval og rett til å fullføre det løpet dei har starta på. Under behandlinga av meldinga 6. oktober 1999 slutta Stortinget seg til dette. På denne bakgrunnen foreslo departementet i høringsutkastet å endre opplæringslova slik at rettselevar som gjer eitt omval, får rett til å bruke inntil eitt opplæringsår ekstra. Omval skal kunne gjerast på alle trinn i opplæringsløpet der det er mogleg - både innanfor og utanfor studieretninga.
Retten vart foreslått utvida med eitt år, same kva trinn det blir valt om frå. Det vil til dømes seie at ein elev som er ferdig med VKI og som vel eit nytt VKI kurs, får fullført opplæringa innanfor ramma av retten. Føresetnaden for å få fullført opplæringa innanfor ramma av retten dersom ein vel om, er at ein vel om på same nivå. Ein elev som er ferdig med VKI og som vel eitt nytt grunnkurs, får dermed ikkje fullført opplæringa innanfor ramma av retten.
3.2.3 Høringsinstansane
13 av dei 15 fylkeskommunane som har uttalt seg om høringsutkastet, støttar forslaget.
Fleire av fylkeskommunane peiker på at det vil føre til auka kostnader, og set som krav at staten dekkjer meirutgiftene.
Mange fylkeskommunar kommenterer også tidspunktet for iverksetjing. Dei meiner forslaget ikkje kan setjast i verk før økonomien er på plass, og nemner 01.08.01. Kommunenes Sentralforbund støttar forslaget om eit ekstra år ved omval. Likestillingssenteret seier bl.a.:
«Norge har et svært kjønnsdelt arbeids- og utdanningsmønster. For å bryte opp dette må det etableres ordninger som stimulerer elever til å velge utdanning på tvers av tradisjonelle kjønnsskiller. Det er svært uheldig om unge gutter og jenter lar være å velge utradisjonelle utdanningsløp i frykt for å bruke opp retten til videregående opplæring, om det skulle vise seg at de angrer på dette valget.»
Somme av høringsinstansane, mellom andre tre opplæringsråd, meiner at det bør vere mogleg med to ekstra år ved omval, slik at ein skal kunne starte på eit nytt grunnkurs etter å ha gjennomgått eit VK I.
3.2.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Det har vore ei målsetjing for departementet å komme fram til ei opplæringsordning med større fleksibilitet for elevane ved å gi høve til omval.
Ordninga i dag reduserer talet på unødvendige omval og sikrar god gjennomstrøyming. Men for enkelte elevar kan omval vere nødvendig. Høvet til å velje om kan stimulere fleire unge til å velje meir utradisjonelt, på tvers av mellom anna kjønnsskilje. Forskarane meiner at ei av årsakene til kjønnsdelte val kan vere at elevane ikkje torer søkje utradisjonelt av frykt for å bruke opp retten før opplæringsløpet er fullført.
Med rett til inntil eitt ekstra opplæringsår ved omval vil elevane lettare tore å ta eit utradisjonelt val.
Dei aller fleste som har uttalt seg i høringsrunden, har støtta forslaget.
Departementet vil derfor gjere ei endring i § 3-1 nytt fjerde ledd i høringsutkastet, slik at ein rett utan vilkår til inntil eitt ekstra opplæringsår ved omval kjem klart fram.
3.3 Rett til opplæring i den tida som er nødvendig etter læreplanen
3.3.1 Gjeldande rett
Opplæringsstrukturen vart lovfesta med Reform 94, og ført vidare i opplæringslova § 3-3 andre og tredje leddet. Tredje leddet har reglar om normalstrukturen 2+2 (to år i skole pluss to år i bedrift) for fag som har opplæring i bedrift. Opplæringstida vil i desse tilfella liggje innanfor dei tre åra ein har rett til vidaregåande opplæring (to år med opplæring i skole pluss eitt år med opplæring i bedrift. Det andre året i bedrift er eit verdiskapingsår). Somme fag har likevel ein annan opplæringsstruktur. Enkelte slike fag, såkalla avviksfag, har etter læreplanen for faget tre år med opplæring i skole før læretida i bedrift. Med verdiskapingstida i tillegg er det dermed opna for at den samla opplæringstida for avviksfaga kan bli lengre enn det som følgjer av normalstrukturen, og dermed vil opplæringa vare lenger enn det som følgjer av treårsretten til vidaregåande opplæring.
For somme fag, for eksempel flyfaga, blir det stilt særskilde internasjonale krav til opplæringa. Avvik frå den normale opplæringsordninga har verka i fleire år utan noka klar lovforankring. I Ot.prp. nr. 78 (1998-99) foreslo departementet å endre opplæringslova slik at departementet kunne få heimel for å gjere avvik frå opplæringsstrukturen på grunn av høge teorikrav og/eller sertifiseringskrav som gjer at fagarbeidarkompetansen må liggje på eit høgare nivå enn det normalstrukturen etter opplæringslova § 3-3 tredje ledd kan dekkje.
I Innst. O. nr. 92 (1998-99) slutta Stortinget seg til forslaget frå departementet. Lovendringa vart sett i kraft 17. september 1999.
Etter lovendringa gir opplæringslova § 3-3 sjette leddet departementet heimel for å fastsetje opplæringsordningar som vik av frå den normale. Etter gjeldande reglar i opplæringslova har ungdom likevel ikkje rett til opplæring utover den alminnelege treårsretten sjølv om dei vel opplæring i fag som vik av frå normalmodellen.
3.3.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet påpeikte departementet at det til no ikkje har vore noko stort problem i fylkeskommunane at elevane ikkje formelt har hatt rett til å fullføre eit vidaregåande opplæringsløp som strekkjer seg utover tre år. Ungdommane har i praksis fått den tida dei treng. Sidan denne praksisen også er i samsvar med intensjonen i lova, foreslo departementet ei lovendring som inneber at elevane får rett til å fullføre vidaregåande opplæring som etter læreplanen varer lenger enn tre år.
3.3.3 Høringsinstansane
Dei høringsinstansane som har uttalt seg støttar forslaget om rett til vidaregåande opplæring i den tid som er nødvendig etter læreplanen. Fleire peiker på at denne retten også må gjelde for vaksne.
3.3.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Departementet er einig i at retten til opplæring i den tid som er nødvendig etter læreplanen, også bør gjelde for vaksne.
Departementet vil på denne bakgrunnen fremje forslag til endring i lova slik at alle som har rett til vidaregåande opplæring, får rett til opplæring i den tida som er nødvendig etter læreplanen.
3.4 Utvida uttaksramme
3.4.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova § 3-1 tredje leddet første punktum må heile opplæringsretten normalt takast ut innan fire år etter at grunnskolen er fullført, og innan fem år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift. Føresegna om uttak av retten vart innført med Reform 94 og var tidlegare heimla i lov om vidaregåande opplæring.
Etter opplæringslova § 3-1 tredje leddet andre punktum kan fylkeskommunen «etter søknad gi eleven eller lærlingen løyve til utsetjing eller avbrot i opplæringa utan at retten tek slutt». Denne føresegna slår fast det som indirekte følgde av den tidlegare lov om vidaregåande opplæring § 8 første leddet andre punktum om at retten normalt måtte takast ut innan fire eller fem år.
3.4.2 Høringsutkastet frå departementet
Lengda på uttaksramma vart teken opp i St.meld. nr. 32 (1998-1999). Her blir det vist til at det i høringsrunden i samband med evalueringa av Reform 94 vart hevda at fleire ville greie å oppnå full studie- eller yrkeskompetanse ved å utvide uttaksramma. Denne tanken fekk støtte frå både forskarane, oppfølgingsgruppa og høringsinstansane.
I meldinga vurderte departementet ulike løysingsalternativ, og konkluderte med eit forslag om å utvide uttaksramma med eitt år, dvs. til fem (seks) år. Departementet la i si vurdering vekt på høvet til å utvikle modnad og motivasjon og dermed høvet til å nå fram til studie- eller yrkeskompetanse i løpet av rimeleg tid. Samtidig innebar forslaget at det framleis ville vere eit visst press på ungdommen til å begynne på og fullføre vidaregåande opplæring.
Komiteen sa seg i Innst. S. nr. 246 (1998-99) (s. 17) samd i at uttaksramma for retten blir utvida frå fire (fem) til fem (seks) år og viste til at det er behov for større fleksibilitet. Under behandlinga av stortingsmeldinga 6. oktober 1999 slutta Stortinget seg til dette. På denne bakgrunnen foreslo departementet i høringsutkastet å endre opplæringslova slik at uttaksramma blir utvida med eitt år. Det skal gjelde elevar på alle nivå, dvs. grunnkurs, vidaregåande kurs I og vidaregåande kurs II.
3.4.3 Høringsinstansane
Nesten alle høringsinstansane som har uttalt seg, er positive til forslaget. Alle dei 12 fylkeskommunane som har kommentert forslaget, støttar det, men fleire viser til auka kostnader. Elevorganisasjonen foreslår utviding til to år. Elevane bør få eit slingringsmonn når det gjeld tid, slik at dei ikkje opplever tidspress frå uttaksramma.
Dei opplæringsråda som har uttalt seg om forslaget, støttar det.
3.4.4 Vurdering og framlegg frå departementet
I samband med evalueringa av Reform 94 kom det fram at med utvida uttaksramme ville fleire greie å oppnå full studie- eller yrkeskompetanse. Om uttaksramma blir utvida med eitt år, vil det framleis vere eit visst press for å begynne på og fullføre vidaregåande opplæring, samstundes som det vil vere større sjansar for å nå fram til studie- eller yrkeskompetanse.
På dette grunnlaget held departementet fast ved framlegget i høringsnotatet om at uttaksramma for retten blir utvida med eitt år.
3.5 Rett til å teikne opplæringskontrakt i fag som har læretid i bedrift, med sikte mot kompetanse på lågare nivå
3.5.1 Gjeldande rett
Etter opplæringslova § 4-1 må ein ungdom som vil ha lærekontrakt, ha fagprøve eller sveineprøve som mål. Etter dagens regelverk kan såleis ein ungdom ikkje teikne lærekontrakt innanfor fagopplæringa om han eller ho ikkje siktar mot full kompetanse.
Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det vanlege opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven (§ 5-1). Kap. 5 i opplæringslova gjeld elevar, ikkje lærlingar.
Opplæringslova § 3-3 sjette leddet gir heimel for avvik frå opplæringsordninga for særleg lite skolemotiverte lærlingar og for lærlingar med særskilde behov. Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett avvik frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av fysiske og/eller psykiske funksjonshemmingar. Læreplanmåla kan likevel ikkje reduserast. Lærlingar som teiknar lærekontrakt med heimel i desse reglane, skal vurderast på same måte og få same dokumentasjon som andre lærlingar.
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i forskrift til opplæringslova gitt reglar om unntak frå kravet om at teorien må vere bestått før den praktiske prøva kan haldast. Etter forskrifta kan ein elev eller lærling som ikkje har bestått inntil to av dei felles allmenne faga, på visse vilkår likevel få fag- eller sveinebrev.
Prosjekt delkompetanse
Departementet oppnemnde i januar 1994 eit utval for å greie ut omgrepet delkompetanse i høve til vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Utgreiingsarbeidet skulle først og fremst gjelde yrkesfaga. Utvalet, der partane i arbeidslivet var representerte, leverte utgreiinga i september 1994.
Med bakgrunn i utgreiinga sette departementet hausten 1995 i gang eit treårig prosjekt, Prosjekt delkompetanse, i fire, seinare fem, fylkeskommunar. Prosjektet gjaldt elevar, ikkje lærlingar, i vidaregåande opplæring. Intensjonen var å vinne erfaring med modellar for organisatorisk og pedagogisk tilrettelegging av opplæringa for elevar som arbeider med delkompetanse som mål.
Innanfor dette prosjekt utvikla Akershus ein modell der dei elevane som sikta mot delkompetanse, fekk ein opplæringskontrakt. Dei fekk den avsluttande opplæringa i bedrift med status som elevar. Fylkeskommunen gav tilskott til bedrifta slik som for lærlingar. Ei undersøking viste at det var stor evne og vilje i bedriftene til å gi desse elevane opplæring. Bedriftene ønskte også å tilsetje elevane etter avslutta opplæring.
Prosjektet vart avslutta hausten 1998 og har synleggjort fleire problemstillingar, mellom anna spørsmålet om delkompetanse i forhold til krava i den dågjeldande fagopplæringslova. I evalueringsrapporten frå Møreforsking går det fram at det er nødvendig å avklare den formelle statusen elevane skal ha i forhold til reglane om fagopplæring i arbeidslivet.
3.5.2 Høringsutkastet frå departementet
I St.meld. nr. 32 (1998-99) Videregående opplæring peiker departementet på at flest mogleg må stimulerast til å komme så langt som mogleg, helst heilt fram til full studie- eller yrkeskompetanse. For enkelte kan det likevel vere aktuelt å ha kompetanse på lågare nivå som mål for opplæringa, eit nivå som er individuelt tilpassa. Slik kompetanse kan ein oppnå gjennom eit planlagt opplæringsløp frå starten på vidaregåande opplæring, eller ved å endre ambisjonsnivået undervegs i opplæringsløpet. Det er viktig at opplæringa på eit seinare tidspunkt kan byggjast ut til opplæring med full kompetanse, og at kontrakten kan endrast til lærekontrakt.
På denne bakgrunnen la departementet fram forslag om å endre opplæringslova slik at det skal vere mogleg å gjennomføre eit planlagt opplæringsløp i bedrift med dokumentert lågare kompetanse som mål.
I høringsutkastet gjorde departementet framlegg om at kontrakten med bedrifta skulle kallast opplæringskontrakt, og at nemninga på ein ungdom i slik opplæring skulle være lærekandidat.
Forslaget fører til at lova må endrast ved at nemninga blir teken inn i teksten fleire stader der departementet foreslår at lærekandidatane skal ha dei same rettane som lærlingane.
Når ein ungdom siktar mot delkompetanse i eit fag, vil målet for opplæringa ikkje omfatte alle måla i læreplanen for faget. Utvalet av mål må ta utgangspunkt i læreplanen, i lærekandidaten sitt ønske om kva opplæringa skal føre fram til og i lærekandidaten sitt faglege nivå. Progresjonen i opplæringa må tilpassast lærekandidaten sine føresetnader. Det må bli arbeidd mot det høgste sluttnivået lærekandidaten kan meistre. På dette grunnlaget må fylkeskommunen fastsetje ein plan for opplæringa for kvar enkelt. Planen skal også utgjere grunnlaget for vurderinga av det lærekandidaten kan. Ein slik plan for opplæringa treng ikkje vere ein individuell opplæringsplan etter reglane om spesialundervisning i opplæringslova kapittel 5.
Den vurderingsforma som skal nyttast for lærekandidatane, må så langt råd er, vere lik vurderingsformene for lærlingar som tek sikte på full kompetanse. Vurderinga må vere systematisk, slik at ho kan medverke til å kvalitetssikre opplæringa, og dessutan fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og progresjon, slik at ho tek omsyn til dei individuelle behova lærekandidaten har. Vurderinga av lærekandidaten og den tilhørande dokumentasjonen skal gjere det mogleg å byggje ut delkompetanse til full yrkeskompetanse.
Lærekandidatane skal bli vurderte på grunnlag av dei læreplanmåla som er fastsette for dei. Vurdering undervegs er viktig for å fremje motivasjonen og korrigere opplæringa, slik at lærekandidaten kan nå dei fastsette måla.
Kap. 5 om spesialundervisning i opplæringslova gjeld i dag berre for elevar, ikkje for lærlingar. I medhald av regelen i opplæringslova § 4-2 skal lærlingen ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole. Mange av lærekandidatane vil vere ungdommar med rett til spesialundervisning om dei hadde vore elevar. I høringsutkastet foreslo departementet derfor at lærekandidatane skulle vere omfatta av reglane om spesialundervisning i kap. 5 i opplæringslova så langt desse passar.
I høringsutkastet gjorde departementet ikkje framlegg om at dei særlege reglane som gjeld for klage over ikkje bestått fag- eller sveineprøve, også skal gjelde for prøva for lærekandidatane. Reglar for prøve og klage over ikkje bestått prøve vil bli fastsette i forskrift.
Lærlingar kjem ikkje inn under gjeldande reglar når det gjeld skyss, mellom anna fordi dei er arbeidstakarar i bedrift og får lønn. Det ville og bli ein vesentleg meirkostnad for fylkeskommunane om lærlingane fekk same rett som elevar når det gjeld skyss. Det er derimot rimeleg at lærekandidatane kjem inn under dei same reglane som lærlingar når det gjeld skyss.
3.5.3 Høringsinstansane
Høringsinstansane er generelt positive til forslaget om rett til å teikne lærekontrakt i fag som har læretid i bedrift, med sikte på delkompetanse. Nord-Trøndelag fylkeskommune støttar ikkje forslaget og uttaler mellom anna:
«Målgruppen for forslaget anses for å få et bedre pedagogisk tilpasset tilbud ved de muligheter som ligger i eksisterende opplæringslov. Dette bør gjøres ved at individuell opplæringsplan (IOP) utarbeides av videregående skole i samarbeid med bedrift. IOP vil da kunne danne grunnlag for opplæringskontrakt der personen under opplæringskontrakt har elevstatus.»
NHO er også i tvil om tidspunktet og om endringa er nødvendig, men uttaler likevel
«... at det på generelt plan kan være ønskelig med et opplæringssystem som formaliserer opplæringen også for dem som gis opplæring som ikke fører frem til fullt fag- eller svennebrev.»
Fleire opplæringsråd, mellom desse opplæringsrådet for naturbruksfag, opplæringsrådet for berg-, bygg- og anleggsfagog opplæringsrådet for tekniske byggfag, meiner at reglane om delkompetanse bør ha eit eige kapittel i opplæringslova, og at dei ikkje bør blandast saman med reglane for vanleg fagopplæring fram til fag- og sveineprøve.
Innvendingane mot framlegget går i all hovudsak på det språklege. Fleire høringsinstansar uttaler at nemninga «delkompetanse» ikkje kan brukast. Lærarforbundet uttaler at «den foreslåtte definisjon av omgrepet er uklar og opnar for fleire moglege tolkningar», og foreslår ei formulering som »... oppnådd kompetanse i ein eller fleire modular av eit fag etter nasjonale læreplanar, men ikkje alle modulane i faget». LO, NHO, YS og fleire opplæringsråd foreslår «modulbasert opplæring». Aust-Agder fylkeskommune, Akershus fylkeskommune og KSpeiker på at elevar med opplæring i bedrift bør få status som lærlingar også når målet er delkompetanse.
Mange, mellom andre fleire opplæringsråd, uttaler at det er viktig at ein ikkje bruker dei same nemningane som dei etablerte nemningane innan fagopplæringa om dei som skal få opplæring til lågare nivå .
Det er liten oppslutnad om dei alternative forslaga i høringsutkastet (spesialarbeidarkandidat, opplæringskandidat, fagassistent).
Mange høringsinstansar meiner at heller ikkje nemninga «lærekandidat» er dekkjande, men har ikkje alternative forslag. Det blir peikt på at det er for likt nemningane i den vanlege fagopplæringa. Enkelte, som NHO, peiker på at «kandidat» er ei feilaktig nemning idet ho fører tanken til andre nivå enn det her er tale om. NHO foreslår «bedriftselev», men er open for andre forslag. Opplæringsrådet for tekstil- og konfeksjonsfag foreslår «bedriftselev» eller «fagelev». Opplæringsrådet for kjemi- og prosessfag foreslår «opplæringsavtale.»
3.5.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Departementet viser til at dei fleste høringsinstansane i hovudsak og innhald støttar departementet sitt forslag til lovendring. Forslaget inneber at det blir oppretta kontrakt med ei bedrift som ansvarleg.
Fleire av høringsinstansane har komme med innvendingar mot nemninga delkompetanse. Departementet er samd i at omgrepet «delkompetanse» er uklart, og foreslår på denne bakgrunnen å endre formuleringa til «kompetanse på lågare nivå».
Departementet er også klar over at det er komme innvendingar mot nemninga «lærekandidat». For å synleggjere at kontraktparten er ein bedrift, og inntil ein eventuelt kan finne eit betre alternativ, foreslår departementet likevel at «lærekandidat» blir brukt. Departementet foreslår på same bakgrunnen at kontrakten skal heite «opplæringskontrakt» og at kandidaten går opp til ei «kompetanseprøve».
Departementet føreset at retten til å teikne opplæringskontrakt ikkje berre skal gjelde for ungdom med rett til vidaregåande opplæring. Det skal ikkje vere formelle hindringar for at også vaksne kan teikne opplæringskontrakt med sikte på kompetanseprøve på lågare nivå enn full kompetanse. Ein skal likevel ikkje kunne ta denne forma for kompetanseprøve som praksiskandidat.
Departementet forslår at reglane om spesialundervisning i opplæringslova kap. 5 skal gjerast tilsvarande gjeldande for lærekandidatar Om ein lærekandidat ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det vanlege opplæringstilbodet, har han eller ho rett til spesialundervisning. Lærekandidaten vil da ha krav på individuell opplæringsplan. Om ein lærekandidat ikkje fyller krava for spesialundervisning, skal han likevel ha ein plan for opplæringa, og tilpassa opplæring, men fell ikkje inn under reglane om spesialundervisning. Departementet vil derfor ta inn eit nytt fjerde ledd i § 4-2: «Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. For slik opplæring gjeld § 5-1, bortsett frå andre leddet siste setning, og §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.» Etter opplæringslova § 13-3 har fylkeskommunen plikt til å oppfylle retten til spesialundervisning for lærekandidatar. Lærebedrifter har plikt til å medverke.
3.6 Innføringskurs for minoritetsspråklege søkjarar
3.6.1 Gjeldande rett
Mange fylkeskommunar tilbyr innføringskurs for minoritetsspråklege søkjarar før dei startar den vanlege vidaregåande opplæringa. Det blir gitt tilskott til kurset gjennom tilskottsordninga til ekstra språkopplæring over statsbudsjettet kap. 0231 post 65. Nærmare retningslinjer for dette tilskottet blir gitt i årlege rundskriv frå departementet.
Det er ikkje fastsett sentrale retningslinjer for innføringskurset. Fylkeskommunane avgjer sjølve om kurset skal gjennomførast og bestemmer innhaldet. Dette fører naturleg nok til ulik praksis frå fylkeskommune til fylkeskommune.
Departementet har tidlegare gjort merksam på at innføringskurs som forkurs til grunnkurs ikkje skal inngå som del av retten til vidaregåande opplæring, jf. rundskriv F-103-94. Det viser seg likevel at praksis varierer. I somme tilfelle blir dette året rekna som forbruk av venteåret. I andre tilfelle blir innføringskurset rekna som ein del av retten til vidaregåande opplæring, med tilrettelagd opplæring utover tre år. Det rår såleis uklare forhold omkring innføringskursa; det gjeld både innhaldet og forholdet til retten til vidaregåande opplæring. Dette er også påpeikt gjennom evalueringa av den vidaregåande opplæringa.
I St.meld. nr. 32 (1998-99) gjekk departementet inn for å presisere lovforståinga slik at innføringskurset normalt ikkje skulle definerast som ein del av retten.
3.6.2 Høringsutkastet frå departementet
I høringsutkastet presiserte departementet at ungdom som får tilbod om innføringskurs, er fylkeskommunen sitt ansvar etter opplæringslova § 13-3. Dette er ungdom som fyller vilkåra for inntak til vidaregåande opplæring ved å ha fullført grunnskole eller tilsvarande, og som etter søknad har rett til vidaregåande opplæring.
Departementet la til grunn at innføringskurset framleis bør vere eit kurs som førebur søkjarane til inntak til ordinære grunnkurs, slik at søkjarane får ein reell sjanse til å gjennomføre eit yrkesfagleg eller allmennfagleg opplæringsløp etter at kurset er gjennomført.
Det vart opplyst at departementet var i gang med å utarbeide ein rammeplan for innføringskurs som vil gi retningslinjer for struktur, innhald og mål for desse kursa. Det er føresetnaden at rammene for innføringskursa er så fleksible at dei gir rom for nødvendige lokale tilpassingar.
Fylkeskommunen har ansvaret for den vidaregåande opplæringa etter inntak, og fylkeskommunen må sjølv avgjere tilretteleggingsforma. Innføringskurset er ein av fleire måtar å tilretteleggje opplæringa på for minoritetsspråklege elevar. Men når fylkeskommunen vel å tilby innføringskurs, meiner departementet at den sentralt gitte rammeplanen for kurset skal følgjast. Det vil sikre mest mogleg lik praksis.
I høringsutkastet la departementet til grunn at innføringskurset ikkje skal inngå som del av den opplæringa som er omfatta av den treårige retten til vidaregåande opplæring. Elevar på innføringskurs bruker heller ikkje av «venteåra». Det vil seie at ein elev som har fullført innføringskurset, framleis vil ha dei same rettane til vidaregåande opplæring som alle andre som søkjer inntak til grunnkurs.
Departementet viste til rundskriv F-39-98, som gjeld tilskott til eksamensretta grunnskoleopplæring for innvandrarar i alderen 16-20 år. Denne tilskottsordninga skal medverke til at innvandrarar i alderen 16-20 år som har liten eller ingen skolegang frå heimlandet eller som kjem til landet så seint i opplæringspliktig alder at dei ikkje kan seiast å ha gjennomført grunnskolen, kan få eksamen på grunnskolenivå og dermed høve til å nytte retten til vidaregåande opplæring. I rundskrivet heiter det mellom anna: «Departementet vil presisere at eksamensretta grunnskoleopplæring for innvandrere i alderen 16-20 år ikke kommer istedenfor innføringskurs. Innføringskurs forutsetter gjennomført norsk grunnskole eller tilsvarende.»
I høringsutkastet vart det vist til at opplæringslova § 3-1 tredje leddet tredje punktum gir departementet heimel for å gi forskrift om kva forhold som skal gi rett til utsetjing eller avbrot utan at opplæringsrett går tapt. Det vart lagt til grunn at når rammeplanen for innføringskurset er klar, vil departementet fastsetje i forskrift at søkjarar som får tilbod om innføringskurs, skal få utsett opplæringsrett. Departementet meiner derfor at det ikkje er nødvendig at denne presiseringa av lovforståinga skal gå fram av opplæringslova, og vil ikkje foreslå endring i opplæringslova på dette punktet.
På denne bakgrunnen gjorde departementet framlegg om å forskriftsfeste at minoritetsspråklege som får tilbod om innføringskurs, ikkje bruker av opplæringsretten.
3.6.3 Høringsinstansane
24 høringsinstansar har uttalt seg om forslaget. Av desse støttar 16 instansar forslaget, mellom desse seks fylkeskommunar, Kommunenes Sentralforbund, Norsk Lærarlagog Lærarforbundet.Sju instansar uttaler seg utan å ta stilling til forslaget, men har andre merknader. Norsk Vaksenpedagogisk forskingsinstitutt foreslår å gi innføringskursa betre lovfesting. Universitetet i Oslo uttaler seg i same retning. Rogaland fylkeskommune meiner departementet bør vurdere ei lovendring slik at all førebuande opplæring for minoritetsspråklege i aldersgruppa for vidaregåande opplæring blir eit fylkeskommunalt ansvar.
3.6.4 Vurdering og framlegg frå departementet
Eit fleirtal av høringsinstansane støttar forslaget i høringsnotatet. På denne bakgrunnen vil departementet forskriftsfeste at minoritetsspråklege som får tilbod om innføringskurs, ikkje skal bruke av opplæringsretten sin.