7 Økonomiske og administrative konsekvensar av forslag til endringar i biobanklova
Reaksjonane som har komme frå forskingsmiljøa på dagens restriktive regulering av forsking på personar utan samtykkekompetanse, gir indikasjonar på at slik forsking kjem til å bli gjennomført etter lovendringa. Departementet går ut frå at meir forsking omkring årsaker til sjukdom hos, og behandling av, personar utan samtykkekompetanse gir auka helse- og samfunnsmessig gevinst. Dei andre økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget er truleg ikkje store.