1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
1.1 Ei styrking av sjøfolks arbeids- og levevilkår
I samband med framlegginga av St.prp. nr. 73 om samtykke til ratifikasjon av ILO-konvensjon nr. 186 av 23. februar 2006 om sjøfolks arbeids- og levevilkår legg regjeringa med dette fram forslag til lov om endringar i
sjømannslov 30. mai 1975 nr. 18 (sjømannslova)
lov 16. februar 2007 nr. 9 om skips sikkerhet (skipssikkerhetsloven)
lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)
lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn (lov om pensjonstrygd for sjømenn)
ILO-konvensjon nr. 186 inneber ei styrking av rettane til sjøfolk. Gjeldande norsk lovgiving sikrar stort sett dei rettane som følgjer av konvensjonen. Likevel fører konvensjonen til at det må gjerast tilpassingar i norsk lovgiving, i første rekkje sjømannslova, for å sikre sjøfolk fullt ut dei rettane som konvensjonen set opp.
Tilsyn med sjøfolks arbeids- og levevilkår
Eit sentralt element i denne proposisjonen er forslaget om at det skal førast offentleg tilsyn med sjøfolks arbeids- og levevilkår. Det offentlege har i ei årrekkje ført tilsyn med skips tryggleik og vern av det ytre miljøet. Forslaga til endring av sjømannslova inneber at det offentlege i framtida vil føre tilsyn med sjøfolks arbeids- og levevilkår. I tråd med føresegnene i konvensjonen blir det lagt opp til eit tilsynsregime der skip over ein viss storleik skal ha eit sertifikat som viser at tilsyn er utført, og at arbeids- og levevilkåra om bord er funne tilfredsstillande. Regjeringa gjer framlegg om at det blir innført effektive verkemiddel i sjømannslova dersom tilsynet avdekkjer at sjøfolk ikkje får dei rettane som er fastsette i lova.
Reiarlaget får ei plikt til å sikre sjøfolks rettar
Etter reglane i sjømannslova i dag kan arbeidsgivaren vere ein annan enn det reiarlaget som driv skipet der ein sjømann har arbeidsplassen sin, og arbeidsgivaren er ansvarleg for å oppfylle dei rettane som er nedfelte i lova. Konvensjonen søkjer å komme til livs den situasjonen at sjømannen ikkje får rettane sine dersom arbeidsgivaren ikkje maktar å følgje opp skyldnadene sine. Departementet foreslår derfor å endre sjømannslova slik at reiarlaget får eit ansvar for å sikre sjøfolks rettar om ikkje arbeidsgivaren oppfyller skyldnadene sine. For å oppfylle kravet i konvensjonen om at det skal vere eitt selskap som står for drifta av skipet, og som skal oppfylle pliktene i konvensjonen, blir det foreslått ei harmonisering av reiarlagomgrepet i skipssikkerhetsloven og sjømannslova.
Sjøfolks rett til å setje fram klage
I tråd med konvensjonen foreslår regjeringa ein lovfesta rett for sjøfolk til å setje fram klage dersom han eller ho meiner at dei ikkje få oppfylt dei rettane som følgjer av lov eller forskrift. Klaga blir framsett for reiarlaget, men departementet foreslår også ein lovfesta rett for sjømannen til å klage til tilsynsstyresmakta. For at klagehandsaminga skal vere reell, foreslår departementet å lovfeste ei plikt for reiarlaget til undersøke klagar og etablere prosedyrar som skal sørgje for effektiv og rettferdig handsaming av klager.
Regjeringa tek sikte på at dei framlagde forslaga til lovendringar tek til å gjelde i samband med at sjølve konvensjonen blir sett i verk. Dette vil skje 12 månader etter at 30 statar med til saman 33 % av verdsflåten i tonnasje har ratifisert konvensjonen.
1.2 Samandrag
Kapittel 2 Bakgrunn for lovforslaget og høyringa
Kapittelet inneheld ei utgreiing om kvifor det er nødvendig å endre lovgivinga. Det går fram av kapittelet at skyldnadene som følgjer av ILO-konvensjon nr. 186 om arbeids- og levevilkåra til sjøfolk, gjer det nødvendig å endre norsk lovgiving.
Kapittel 3 Verkeområde
I kapittel 3 er det gjort greie for forslag om endring av verkeområde for sjømannslova. Departementet foreslår eit styrkt vern for utanlandske arbeidarar som er tilsette av ein utanlandsk arbeidsgivar for å oppvarte passasjerar på turistskip, ved at hovudregelen blir at sjømannslova skal gjelde for denne gruppa sjøfolk. Departementet foreslår at visse føresegner i lova skal kunne fråvikast ved tariffavtale. For å kunne føre tilsyn med utanlandske skip i norske hamner, som konvensjonen gir høve til, foreslår departementet at lova kan gjelde på slike skip.
Kapittel 4 Plikter og rettar
Kapittel 4 handlar om definisjonar og plikter. Skipssikkerhetsloven har ein definisjon av reiarlag som er knytt opp til det ISM-ansvarlege selskapet, men sjømannslova manglar ein slik definisjon. Sjømannslova føreset i dag at det kan vere eit skilje mellom reiarlaget og arbeidsgivaren. Dersom arbeidsgivaren trer inn i staden for reiarlaget, har reiarlaget i utgangspunktet ikkje skyldnader overfor sjømannen. Departementet gjer framlegg om å ta inn ei føresegn som definerer reiarlaget i sjømannslova slik at det blir det same selskapet som i skipssikkerhetsloven. Som det er gjort greie for i kapittelet, meiner departementet at det ikkje vil vere føremålstenleg dersom nokon andre enn det ISM-ansvarlege selskapet skal sikre sjømannens rettar etter konvensjonen. For å oppfylle skyldnadene i konvensjonen foreslår departementet også ei føresegn som fastset at reiarlaget har ei plikt til å sikre at lova blir følgd. Departementet foreslår vidare at dersom arbeidsgivaren og reiarlaget er ulike selskap, er arbeidsgivaren ansvarleg for at dei forholda som tilsetjingsavtalen omfattar, blir oppfylte. Men reiarlaget får ein utvida skyldnad overfor sjømannen, og departementet foreslår at dersom reiarlaget har måtta dekkje utgifter som etter tilsetjingsavtalen fell på arbeidsgivaren, kan reiarlaget tre inn i sjøpanteretten som sjømannen har etter sjølova § 51 første ledd nr. 1.
I kapittel 4 foreslår departementet også å ta inn ei føresegn som gir sjømannen rett til hjelp ved inngåing eller endring av tilsetjingsavtale. Føresegna er utforma etter mønster av ei tilsvarande føresegn i arbeidsmiljølova. Etter gjeldande rett er det ein offentleg mønstringskontroll av sjøfolk som er basert på skyldnadene i ILO-konvensjon nr. 22. Denne ordninga blir ikkje ført vidare i ILO-konvensjon nr. 186.
Kapittel 4 inneheld også eit forslag som gir sjøfolk rett til å setje fram klage om bord for det dei meiner er brot på sjøfolks rettar. Lovforslaget inneheld samtidig ei plikt for reiarlaget til å syte for at klagar over brot på lova blir undersøkte, samt å etablere rutinar som skal sikre ei rettferdig og effektiv handsaming av klaga. Sjølv om det ikkje er ein uttrykkjeleg skyldnad etter konvensjonen, foreslår departementet at sjøfolk også får rett til å setje fram klage overfor tilsynsstyresmakta. Lovforslaget vil på den eine sida innebere ei ytterlegare styrking av sjøfolks rettar, samtidig som departementet trur føresegna vil stimulere til at tvistar om sjøfolks rettar kan løysast på ein meir effektiv måte om bord eller av reiarlaget.
Kapittel 5 Tilsyn, sertifisering og forvaltningstiltak
Ei viktig nyskaping ved konvensjonen er at det skal etablerast eit tilsyn med sjøfolks arbeids- og levevilkår. Mens skipssikkerhetsloven har føresegner om dette som dekkjer dei forholda lova regulerer, manglar sjømannslova tilsvarande føresegner. I kapittel 5 er det gjort greie for dei forslaga departementet set fram i den samanheng. Departementet foreslår for det første at det blir teke inn ei føresegn om at skip over ein viss storleik skal ha eit eige sertifikat for arbeids- og levevilkår. Sertifikatet vil bli ferda ut etter at det har vore eit tilsyn. Vidare foreslår departementet at det blir teke inn nærmare føresegner om tilsyn i sjømannslova. Desse er utforma etter mønster frå skipssikkerhetsloven. For at tilsynet skal kunne handheve sjøfolks rettar på ein effektiv måte, foreslår departementet føresegner om forvaltningstiltak. Også desse er baserte på tilsvarande føresegner i skipssikkerhetsloven.
Kapittel 6 Endringar i reglar for trygde- og pensjonsrettar for sjøfolk
Kapittel 6 gjer greie for dei endringane departementet foreslår i trygde- og pensjonslovgivinga. Som det går fram av kapittelet, inneber ikkje konvensjonen at det er nødvendig med større endringar i denne delen av lovgivinga. Departementet ønskjer å halde på flaggstatsprinsippet i folketrygdlova, men foreslår å endre reglane for frivillig medlemskap i folketrygda for å tilfredsstille krava i konvensjonen. Forslaget inneber høve til frivillig medlemskap i folketrygda for personar som er fast busette i Noreg, og som arbeider på skip registrerte utanfor EØS-området. Vidare foreslår departementet at personar som blir tekne opp i folketrygda etter det nemnde lovforslaget i folketrygdlova, også skal kunne omfattast av lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjøfolk.
Kapittel 7 Økonomiske og administrative konsekvensar
Kapittel 7 gjer greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane, som vil vere små både for styresmaktene og for næringa.