2 Bakgrunn for lovforslaget og høyringa
2.1 Bakgrunn for lovforslaget
Bakgrunnen for lovforslaget er gjennomføringa av ILO-konvensjon nr. 186 om sjøfolks arbeids- og levevilkår (Maritime Labour Convention, 2006). Konvensjonen vil tematisk sett falle inn under sjømannslova, skipssikkerhetsloven, folketrygdlova og lov om pensjonstrygd for sjømenn. Dei aller fleste av skyldnadene i konvensjonen fell likevel inn under sjømannslova og skipssikkerhetsloven. Mens norsk lovgiving i all hovudsak er i samsvar med konvensjonen, er det på visse område nødvendig å endre norsk lovgiving. Først og fremst gjeld det sjømannslova, som ikkje inneheld føresegner om tilsyn med sjøfolks arbeids- og levevilkår, noko som er ei viktig nyskaping i konvensjonen. Sjømannslova inneheld heller ikkje det viktige elementet som følgjer av konvensjonen, nemleg at reiarlaget har eit ansvar for å sikre at sjøfolk får oppfylt rettane sine etter konvensjonen, også om arbeidsgivaren ikkje oppfyller dei skyldnadene som følgjer av tilsetjingsavtalen.
Konvensjonen er forhandla fram i ILO mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet og vil etablere eit nytt globalt bindande regelverk. Departementet legg stor vekt på at sjøfolk skal ha gode arbeids- og levevilkår, noko som også er ein viktig faktor for å utvikle og halde oppe ei sikker og levedyktig skipsfartsnæring. Konvensjonen vil i tillegg vere eit viktig ledd i arbeidet med å avgrense sosial dumping internasjonalt. Departementet ser derfor ein rask ratifikasjon frå norsk side som eit viktig bidrag til at sjøfolk får ei global reform av arbeids- og levevilkåra sine.
Konvensjonen vil venteleg bli ratifisert av dei fleste EU-landa. EUs ministerråd har vedteke at medlemsstatane får lov til å ratifisere konvensjonen, basert på at fellesskapskompetanse gjeld for delar av innhaldet i konvensjonen. I tillegg forhandlar partane i arbeidslivet på EU-nivå om ein avtale om gjennomføring av innhaldet i konvensjonen, med sikte på at denne avtalen blir eit pålegg til medlemsstatane gjennom eit EU-direktiv. Avklaringa vil likevel ta litt tid, og regjeringa ønskjer ikkje å vente på dette. Departementet vurderer det slik at Noreg så raskt som mogleg bør gjere dei nødvendige lovendringane og ratifisere konvensjonen.
Ein nærmare omtale av konvensjonen finst i St.prp. nr. 73 om samtykke til ratifikasjon av ILO-konvensjon nr. 186 av 23. februar 2006 om sjøfolks arbeids- og levevilkår.
2.2 Høyring
Lovforslaga blei sende på høyring frå Sjøfartsdirektoratet 20. juni 2007. Høyringsbrevet blei sendt til desse instansane:
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og politidepartementet
Kunnskapsdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Utenriksdepartementet
Forsvarsstaben/sjøforsvaret
Høgskolen i Tromsø
Høgskolen i Vestfold
Høgskolen i Ålesund
Høgskolen Stord/Haugesund
Norsk senter for maritim medisin
Opplæringskontoret for maritime fag
Pensjonstrygden for sjømenn
Sjøfartsinspektøren i Bergen
Sjøfartsinspektøren i Bodø
Sjøfartsinspektøren i Kristiansand
Sjøfartsinspektøren i Oslo
Sjøfartsinspektøren i Tromsø
Sjøfartsinspektøren i Trondheim
Tromsø Maritime Skole
Ålesund Maritime Skole
American Bureau of Shipping
Assuranceforeningen Gard
Assuranceforeningen Skuld
Bureau Veritas
Det norske maskinistforbund
Det Norske Veritas
Fraktefartøyenes Rederiforening / Fraktefartøyenes Arbeidsgiverforening
Germanischer Lloyd
Hurtigbåtenes Rederiforening
Lloyds Register of Shipping
Norges Rederiforbund
Norsk Forening for Sjøfartsmedisin
Norsk Losforbund
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
Rederienes Landsforening
Redningsselskapet
Sjøassurandørernes Centralforening
11 høyringsinstansar hadde kommentarar til høyringsbrevet, og av desse hadde følgjande fem høyringsinstansar kommentarar av materielle karakter:
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Fraktefartøyenes Rederiforening
Rederienes Landsforening
Norges Rederiforbund
Sjømannsorganisasjonane
Sjømannsorganisasjonane Det norske maskinistforbund, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund har komme med ei felles høyringsfråsegn.
Nærings- og handelsdepartementet sende den 14. mars 2008 eit revidert utkast til lovføresegner til partane i arbeidslivet, Sjøfartsdirektoratet og Det Norske Veritas. På eit høyringsmøte med partane den 7. april 2008 blei det gitt høve til å komme med synspunkt på det reviderte lovutkastet frå departementet. Norges Rederiforbund, sjømannsorganisasjonane, Sjøfartsdirektoratet og Det Norske Veritas har gitt skriftlege kommentarar til desse lovforslaga.