8 Merknader til dei einskilde paragrafane
8.1 Merknader til forslag om endring i sjømannslov 30. mai 1975 nr. 18
Til § 1
Første ledd fører vidare noverande første ledd.
Andre ledd første punktum slår no fast at lova som hovudregel også omfattar arbeidstakarar tilsette av ein utanlandsk arbeidsgivar for å oppvarte passasjerar på turistskip, i motsetning til tidlegare, då berre visse føresegner i lova gjaldt for denne gruppa sjøfolk. For denne gruppa sjøfolk kan likevel visse føresegner i lova fråvikast ved tariffavtale. Vilkår for at fråvik kan gjerast i tariffavtale, er at det er fastsett ordningar som er likeverdige med føresegnene i lova. Andre ledd andre punktum er ei vidareføring av noverande andre ledd andre punktum.
Tredje ledd fører vidare noverande § 2 bokstav b nr. 1.
Fjerde ledd fører vidare noverande § 2 bokstav a.
Femte ledd fører vidare noverande fjerde ledd, men det er no departementet som kan gi forskrifter.
Sjette ledd opnar for kontroll av framande skip, i samsvar med føresegnene i konvensjonen. Det geografiske verkeområde for føresegna tilsvarer skipssikkerhetsloven § 3, men med eit omvendt verkeområde, sidan sjømannslova berre gjeld utanlandske skip dersom det uttrykkjeleg går fram av ei forskrift. Det er inga plikt etter konvensjonen til å føre kontroll med utanlandske skip, men det er høve til det. Heimelen i skipssikkerhetsloven § 3 tredje ledd om å gjere lova gjeldande på det opne havet, er ikkje teken inn.
Til § 1 A
Føresegna er ny. Første ledd definerer kven som er meint med «reiarlaget». Føresegna viser til definisjonen i skipssikkerhetsloven § 4. Formålet med denne tilvisinga er at det selskapet som er å rekne som reiarlaget etter skipssikkerhetsloven, automatisk også skal reknast som reiarlaget i sjømannslova. Sjå elles Ot.prp. nr. 87 (2005-2006) om lov om skipstryggleik, s. 107-108.
Føresegna inneber at det selskapet som er ført opp på tryggleiksstyringssertifikatet, også blir ført opp på det sertifikatet som skal utferdast i samsvar med konvensjonen. For skip som ikkje har krav til tryggleiksstyringssertifikat, og der den driftsansvarlege har sendt inn opplysningar i samsvar med skipssikkerhetsloven § 5, skal vedkommande selskap reknast som reiarlag etter sjømannslova. Har den registrerte eigaren ikkje overlate drifta til nokon etter skipssikkerhetsloven, blir følgjeleg eigaren også å rekne som reiarlag etter sjømannslova. Om tryggleiksstyringssertifikatet blir trekt tilbake eller ugyldig, eller om den som er opplyst å vere driftsansvarleg selskap ikkje eksisterer, følgjer det av skipssikkerhetsloven at eigaren blir å rekne som reiarlag. Eigaren vil då bli rekna som reiarlag også etter sjømannslova, sjølv om sertifikatet som blir utferda etter konvensjonen, formelt skulle vere gyldig. Om tryggleiksstyringssertifikatet blir ugyldig eller trekt tilbake, medfører det samtidig at skipet ikkje kan segle og vil bli halde tilbake i hamna av tilsynsstyresmakta.
Andre ledd gir departementet høve til å vedta ei forskrift om innsending av opplysningar til den styresmakta som departementet fastset. Departementet har vurdert, men førebels ikkje funne det føremålstenleg, å ta inn ei føresegn tilsvarande skipssikkerhetsloven § 5 første ledd første og andre punktum. I tillegg til at skipssikkerhetsloven § 5 gjennomfører ei føresegn i ISM-koden (jf. regel 3 punkt 1) som ikkje har nokon parallell i konvensjonen, har § 5 rettsverknad for når den driftsansvarlege formelt skal reknast som reiarlag. Det går fram av motiva for føresegna, jf. Ot.prp. nr. 87 (2005-2006) om lov om skipstryggleik, s. 108-109, at den driftsansvarlige blir å rekne som reiarlag anten når det blir utferda tryggleiksstyringssertifikat, for skip der det er stilt krav til det, eller når den driftsansvarlege har motteke stadfesting frå styresmaktene på at dei innsende opplysningane er mottekne og fullstendige. Det siste gjeld skip der det ikkje er krav til tryggleiksstyringssertifikat. Systematikken i lovutkastet er at den som etter skipssikkerhetsloven § 4 er å rekne som reiarlag, automatisk blir det også etter sjømannslova. Førebels vurderer departementet det slik at det derfor ikkje er føremålstenleg å ta inn ei tilsvarande føresegn som skipssikkerhetsloven § 5 i sjømannslova. Dersom departementet ved den praktiske gjennomføringa av konvensjonen, blant anna tilpassingar i forskriftsverket, kjem til at det er nødvendig å krevje at den driftsansvarlege sender inn opplysningar til styresmaktene om at vedkommande har teke på seg ansvaret for å oppfylle skyldnadene i sjømannslova, gir andre ledd nødvendig heimel til å komme med nærmare forskrift om det.
Til § 2
Første ledd handlar om dei pliktene reiarlaget har etter lova. Føresegna inneber for det første at reiarlaget har ei sjølvstendig plikt til å gjennomføre dei reglane som er fastsette gjennom sjømannslova og tilhøyrande forskrifter. Reiarlaget må for eksempel sørgje for at det blir utarbeid ein skriftleg tilsetjingsavtale som gir sjømannen rettar minst på det nivået som er fastsett i sjømannslova. For det andre inneber føresegna i første ledd at reiarlaget må leggje til rette for at krav i lova og forskriftene skal bli oppfylte. Det vil blant anna seie at reiarlaget gjennom sine rutinar og system må leggje til rette for at sjøfolk får dei rettane dei har krav på, for eksempel at hyre skal betalast ut i tide og i samsvar med tariffen, jf. §§ 21 og 22, at det skal dragast omsorg for sjøfolk ved sjukdom eller skade, jf. § 27, at det skal leggjast til rette for at sjøfolk kan gå i land ved hamnelege, jf. § 44, osv. For det tredje inneber første ledd at reiarlaget har plikt til å kontrollere at krava i lova og forskriftene blir oppfylte. Det kan for eksempel dreie seg om å kontrollere at rutinane i reiarlaget er følgde ved inngåing av tilsetjingsavtale, å kontrollere at oppseiingsvernet som er stilt opp i sjømannslova kapittel 2 andre avsnitt, blir respektert ved avgang, eller at vedtak som er gjorde av ein norsk utanriksstasjon i tvistar mellom mannskap og skipsførar, blir følgde om bord, jf. § 50. Tilvisinga til tilsetjingsavtalen er ei presisering av at dei pliktene reiarlaget har teke på seg gjennom avtalen, også skal etterlevast. Det nærmare innhaldet i tilsetjingsavtalen er regulert av forskrift 3. februar 1986 nr. 230, som i hovudsak er i samsvar med konvensjonens regel 2.1. Sentrale forhold som skal regulerast i tilsetjingsavtalen, er kva stilling sjømannen blir tilsett i, nærmare vilkår om hyre og eventuell anna godtgjersle, rett til heimreise, kor lenge avtalen varer osv.
Andre ledd regulerer dei tilfella der reiarlaget og arbeidsgivaren ikkje er same selskap. Ved revisjonen av sjømannslova i 1985 blei lova endra slik at reiarlag og arbeidsgivar kunne vere to ulike rettssubjekt. Etter revisjonen blei systematikken i lova at reiarlaget ikkje var ansvarleg dersom arbeidsgivaren ikkje oppfylte dei rettane sjømannen hadde krav på etter lov og forskrift. Lovutkastet legg framleis opp til at reiarverksemda kan organiserast slik at arbeidsgivaren og reiarlaget er ulike selskap, men sjøfolks rettar blir sikra på ein betre måte ved ei slik reiarlagsorganisering.
Andre ledd første punktum slår fast at reiarlaget framleis har plikt til å sikre at lov og forskrift blir oppfylte, sjølv om tilsetjingsavtalen er gjord med ein annan arbeidsgivar enn reiarlaget. Reiarlaget vil såleis framleis ha ei sjølvstendig plikt til å rette seg etter reglane og forskriftene i sjømannslova, noko som kan innebere eit økonomisk ansvar overfor sjømannen. Vidare medfører systematikken i lova at reiarlaget også må leggje til rette for og føre ein viss kontroll med at arbeidsgivaren sørgjer for at sjømannen får oppfylt dei lov- og forskriftsbestemte rettane sine. For eksempel bør reiarlaget kontrollere at arbeidsgivaren har inngått ein skriftleg tilsetjingsavtale i tråd med føresegnene i sjømannslova. Reiarlaget har dessutan eigeninteresse av å føre ein viss kontroll med at arbeidsgivaren følgjer lova: Gjennom flagg- eller hamnestatskontroll vil styresmaktene føre tilsyn med sjøfolks arbeids- og levevilkår, noko som i ytste konsekvens kan medføre at skipet blir halde tilbake ved alvorlege brot på sjømannslova. Konvensjonen og systematikken i lova er at tilsynsstyresmakta fastset eventuelle tvangstiltak overfor reiarlaget. Ein må elles sjå føresegna i samanheng med lovutkastet § 50 A, som gir sjømannen rett til å setje fram klage til reiarlaget ved moglege brot på lova.
Andre ledd andre punktum slår først fast at dersom reiarlaget og arbeidsgivaren er ulike selskap, er arbeidsgivaren likevel ansvarleg overfor sjømannen. Tilsetjingsavtalen er gjord mellom arbeidsgivaren og sjømannen, og det sjølvstendige ansvaret arbeidsgivaren har for å oppfylle kontraktskyldnadene sine overfor sjømannen, blir ikkje redusert sjølv om reiarlaget etter første ledd har fått plikt til å sikre at lova blir etterlevd. Føresegna set ikkje opp noka prioriteringsrekkjefølgje når det gjeld kven sjømannen skal gå til om kontrakten eller lovbestemte rettar ikkje blir oppfylte. Departementet legg til grunn at normalsituasjonen vil vere at sjømannen i første omgang tek kontakt med arbeidsgivaren, for eksempel dersom hyra ikkje blir utbetalt til riktig tid, men lovutkastet er ikkje til hinder for at sjømannen går direkte til reiarlaget. Siste del av andre punktum - at det ansvaret arbeidsgivaren har overfor sjømannen, ikkje har følgjer for reiarlagets plikter etter første ledd - er strengt teke overflødig saman med andre ledd første punktum. Departementet har likevel funne det klargjerande å ta inn ei slik presisering for å unngå at det skal oppstå tvil om kva for plikter reiarlaget har når tilsetjingsavtalen er gjord med ein annan arbeidsgivar enn reiarlaget.
Dersom reiarlaget gjennom det lovpålagde solidaritetsansvaret med arbeidsgivaren i andre ledd har måtta innfri økonomiske skyldnader overfor sjømannen som etter tilsetjingsavtalen fell på arbeidsgivaren, følgjer det av alminneleg kontraktrett at reiarlaget vil kunne søkje regress hos arbeidsgivaren. Departementet legg likevel til grunn at det normalt vil vere eit kontraktforhold mellom reiarlaget og arbeidsgivaren som også vil regulere regress nærmare. Sjå elles merknadene til § 54 A om at reiarlaget kan tre inn i sjømannens rettar.
Tredje ledd gir departementet heimel til å gi forskrifter til første og andre ledd.
Til § 3
Føresegna i første ledd tredje punktum gir sjømannen rett til hjelp ved inngåing eller endring av tilsetjingsavtale. Sjømannen står fritt til å velje kven han eller ho ønskjer hjelp frå. Føresegna tilsvarer lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. 17. juni 2005 nr. 62 § 14-5 første ledd andre punktum.
Lovutkastet § 2 inneber at det ikkje er nødvendig å føre vidare noverande tredje punktum. Det følgjer av pliktføresegna i § 2 at reiarlaget skal sikre at føresegnene i lova blir oppfylte, blant anna at det blir inngått ein skriftleg tilsetjingsavtale. Dersom arbeidsgivaren er ein annan enn reiarlaget, er det også reiarlagets plikt å sjå til at arbeidsgivaren har sytt for å inngå ein skriftleg tilsetjingsavtale.
Til § 50 A
Føresegna er ny. Første ledd første punktum set opp ein rett for sjømannen til å klage til reiarlaget på forhold som gjeld avrekninga, skipstenesta eller tilsetjingsforholdet elles. Dei nemnde punkta omfattar i realiteten dei fleste forhold som kjem inn under sjømannslova. Det er også foreslått ei tilsvarande føresegn i skipssikkerhetsloven § 72 for dei områda av konvensjonen som er gjennomførte der.
Første ledd andre punktum set først opp ei plikt for reiarlaget til å syte for at klager over brot på lova blir tilstrekkeleg undersøkte. Første punktum pålegg samtidig reiarlaget å etablere prosedyrar som skal sikre ei rettferdig, effektiv og rask klagehandsaming om bord. Slike prosedyrar kan gjerne etablerast som ein del av tryggleiksstyringssystemet. Gjennom prosedyrane må reiarlaget sikre at påstandar om brot på lova blir undersøkte, med omsyn til faktiske så vel som juridiske forhold.
Klager bør samordnast med avviksbehandlingssystemet som omfattast av tryggleiksstyringssystemet. Etter ISM-koden regel 9 skal avvik behandlast, analyserast og nødvendige korrigerande tiltak setjast i verk.
Klagehandsaminga må skje raskt. I dette ligg at slike saker må få prioritet og så snart nødvendige undersøkingar er gjorde, må det komme ei avgjerd om korleis klaga skal følgjast opp. Prosedyrane i reiarlaget bør også innehalde høve til å fremme klaga til reiarlagsadministrasjonen dersom handsaminga av klaga om bord ikkje har ført fram. Prosedyrane i reiarlaget skal ikkje vere til hinder for at sjømannen kan få hjelp i prosessen, for eksempel av ein tillitsvald. Vidare er det ein viktig føresetnad at sjøfolk som set fram klager, ikkje blir utsette for represaliar, og at det blir brukt mot vedkommande i andre samanhengar.
Retten til å setje fram klage gjeld overfor reiarlaget. Dersom arbeidsgivaren ikkje er reiarlaget, vil arbeidsgivaren såleis ikkje vere adressat for klaga, men det er ein føresetnad at reiarlaget i slike tilfelle i nødvendig grad konsulterer arbeidsgivaren. Føresegna er likevel ikkje til hinder for at sjømannen i spørsmål om hyre og godtgjersle først tek opp saka med arbeidsgivaren.
Sjømannen har også rett til å setje fram klage til tilsynsstyresmakta etter første ledd tredje punktum. Utfyllande føresegner om klage vil bli gitt i forskrift, og det kan blant anna fastsetjast reglar om at klaga først skal vere handsama om bord eller av reiarlagsadministrasjonen før det kan fremmast klage for tilsynsstyresmakta. Forskrifta må også ta stilling til om klage skal setjast fram for Sjøfartsdirektoratet i alle tilfelle, også dersom tilsynet for det aktuelle skipet er delegert til klassifikasjonsselskapa.
Andre ledd fastset at retten til å klage ikkje hindrar sjømannen i å søkje oppreising etter norsk lovgiving.
Til § 54 A
Etter sjølova § 51 første ledd nr. 1 har ein sjømann som ikkje får utbetalt hyre eller anna godtgjersle, sjøpanterett i skipet. Utkastet § 2 inneber at reiarlaget (det ISM-ansvarlege selskapet) kan komme i den situasjonen at selskapet må gjere opp skyldnader overfor sjømannen som arbeidsgivaren etter tilsetjingsavtalen har ansvaret for. Mens reiarlaget kan krevje slike utlegg refunderte av arbeidsgivaren, gir fråsegna i § 54 A reiarlaget rett til å tre inn i sjømannens rettar, under dette sjøpanteretten, jf. sjølova § 51 første ledd nr. 1. Departementet legg elles til grunn at det vil vere avtalar mellom skipseigande selskap / ISM-ansvarleg selskap / arbeidsgivar som regulerer forholda mellom dei.
Det understrekast at føresegna ikkje tek frå sjømannen den retten han har etter sjølova § 51 første ledd nr. 1. Sjømannen kan altså velje å gjere gjeldande sjøpantekravet i staden for å krevje at reiarlaget, som definert i utkastet § 1 A, oppfyller dei skyldnadene som i utgangspunktet fell på arbeidsgivaren.
Til § 55
Første ledd slår fast at skip over ein viss storleik skal ha sertifikat for arbeids- og levevilkår. Sertifikat vil bli ferda ut til dei skipa konvensjonen krev sertifikat for, det vil seie skip med ein bruttotonnasje på over 500 i utanriksfart. For andre skip er det tenkt at arbeids- og levevilkåra er omfatta av fartssertifikatet. Ordlyden i føresegna utelukkar likevel ikkje at det på eit seinare tidspunkt blir ferda ut eit arbeids- og levevilkårssertifikat for andre grupper skip enn dei som er omfatta av konvensjonskravet. Det går fram av første ledd at sertifikatet er dokumentasjon på at skipet på «tidspunktet for utstedelsen» oppfylte krav som er fastsette i eller i medhald av lova. Omgrepet vil også omfatte påteikningar som er gjorde på sertifikatet i samband med mellomliggjande synfaring. Sertifikatet er ikkje å rekne som dokumentasjon på at alt til kvar tid er i orden. Det kan ha skjedd endringar etter utferdinga av sertifikatet som vil medfører at forhold som var kontrollerte, ikkje lenger er i orden.
Andre ledd første punktumslår fast at sertifikata skal ferdast ut av «tilsynsmyndigheten eller den departementet bestemmer». Departementet har altså høve til å vedta at for eksempel klassifikasjonsselskapa skal ferde ut sertifikata. Dette vil vere regulert gjennom avtale. Føresegna må sjåast i samanheng med skipssikkerhetsloven § 25 første ledd, som også inneheld ein heimel til å gi nærmare reglar om sertifikat for arbeids- og levevilkår. Det er likevel berre eitt sertifikat som skal ferdast ut etter konvensjonen, men det vil altså bli heimla i to lover. Vidare følgjer det av føresegna at sertifikatet skal vere tilgjengelig om bord, noko som er eit alminneleg krav for alle typar sertifikat.
Andre ledd andre punktumfastset at sertifikatet kan setje særlege vilkår for at sertifikatet skal vere gyldig, for eksempel at mellomliggjande synfaring er utført slik konvensjonen krev.
Tredje ledd gir departementet heimel til å gi forskrifter om sertifikat. Føresegna i bokstav c gir heimel for å setje opp nærmare reglar om den erklæringa som konvensjonen krev skal vere vedlagd sertifikatet, og som er ein føresetnad for at sertifikatet er gyldig. Erklæringa er samansett av éin del som styresmaktene fyller ut, og éin del som inneheld vedtak om tiltak reiarlaget har gjort for å oppfylle konvensjonen.
Til § 56
Føresegna er ny. Ho er identisk med skipssikkerhetsloven § 41 og skal forståast på same måte.
Til § 57
Føresegna er ny. Ho er lik skipssikkerhetsloven § 43 i innhald, men tematisk avgrensa til å gjelde tilsyn med arbeids- og levevilkår. Føresegna skal forståast på same måte som skipssikkerhetsloven § 43.
Til § 58
Føresegna er ny. Ho tilsvarer skipssikkerhetsloven §§ 45 og 46 og skal forståast på same måte. Første ledd tilsvarer skipssikkerhetsloven § 45 første ledd, med unntak av bokstav b, som det ikkje er naturleg å ta inn i sjømannslova. Andre ledd tilsvarer skipssikkerhetsloven § 45 andre ledd. Medverknadsplikta i andre ledd omfattar mellom anna arbeidsgivaren, der det er ein annan enn reiarlaget.
Tredje ledd tilsvarer skipssikkerhetsloven § 45 tredje ledd.
Fjerde ledd tilsvarer skipssikkerhetsloven § 46. Mens første til tredje ledd gjeld medverknadsplikt overfor tilsynet, og gjeld både ved flaggstatskontroll og ved hamnestatskontroll som blir utført i Noreg, dreier fjerde ledd seg om norske skips bistandsplikt overfor utanlandsk og internasjonal styresmakt. Fjerde ledd er særleg aktuelt når norske skip blir gjenstand for hamnestatskontroll i utlandet.
Femte ledd gir heimel for departementet til å gi utfyllande forskrifter.
Til § 59
Føresegna er ny. I innhald er ho lik skipssikkerhetsloven § 44, men tematisk er ho avgrensa til å gjelde tilsyn med arbeids- og levevilkår. Føresegna skal forståast på same måte som skipssikkerhetsloven § 44. Føresegna tek særleg sikte på hamnestatskontroll. Konvensjonen set opp ein rett, men inga plikt, til å utføre hamnestatskontroll med framande skip i hamn. Paragraf 59 er tilsvarande formulert med sikte på å gi høve, men ikkje plikt, til å føre tilsyn med utanlandske skip. Med uttrykket «innenfor grensene av folkeretten» er det i første rekkje sikta til konvensjonen. Vedlegg A5.III til konvensjonen set opp ei liste på 14 punkt som hamnestatskontrollen kan omfatte. Velferdstiltak og trygderettar er område som vedlegget ikkje omfattar, og såleis forhold som det ikkje kan førast kontroll med overfor framande skip. Det er berre forhold i A-koden (bindande standarder) som kan kontrollerast.
Til § 60
Føresegna er ny. Ho viser til skipssikkerhetsloven § 48 og fastset at ho gjeld tilsvarande.
Til § 61
Føresegna er ny. Ho tilsvarer skipssikkerhetsloven § 49 og skal forståast på same måte.
Til § 62
Føresegna er ny. Ho tilsvarer skipssikkerhetsloven § 50 og skal forståast på same måte.
Til § 63
Føresegna er ny. Ho tilsvarer skipssikkerhetsloven § 51 og skal forståast på same måte. Departementet presiserer likevel at tilbaketrekking av sertifikatet for arbeids- og levevilkår først og fremst bør vere aktuelt i dei tilfella skipet blir halde tilbake etter § 64.
Til § 64
Føresegna er ny. Med unntak av første ledd bokstav a, tilsvarer ho skipssikkerhetsloven § 52. I bokstav a er det presisert at skipet kan haldast tilbake dersom tilsynsstyresmakta meiner at det ligg føre alvorlege brot på føresegner i lova eller forskrifter gitt i medhald av den. Det vil vere ei skjønnsmessig vurdering kva som ligg i omgrepet «alvorlege brot». Det vil likevel omfatte både einskildbrot på konvensjonen som er så vesentlege at sjøfolks arbeids- og levevilkår på ein vesentleg måte er tilsidesette, og gjentekne brot på lova eller forskrifter gitt i medhald av lova, noko som også går uttrykkjeleg fram av konvensjonen. Dersom vilkåret i bokstav a er oppfylt, treng ikkje tilsynsstyresmakta å ha gitt eit pålegg etter § 61 tidlegare. Elles skal føresegna forståast på same måte som skipssikkerhetsloven § 52.
Til § 65
Føresegna er ny og fører videre noverande § 55.
8.2 Merknader til forslag om endring i lov 16. februar 2007 nr. 9 om skips sikkerhet
Til § 72
Føresegna tilsvarer utkast til sjømannslov § 50 A, men gir sjømannen rett til å setje fram klage etter dei føresegnene i skipssikkerhetsloven som er omfatta av konvensjonen. Føresegna har ikkje ein tilsvarande plikt som sjømannslova § 50 A til å erklære prosedyrar. Det følgjer imidlertid av skipssikkerhetslovens og ISM-kodens systematikk at slike prosedyrar skal utarbeides. Føresegna skal elles forståast på same måte som sjømannslova § 50 A.
8.3 Merknader til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
Til § 2-7 a
Føresegna er ny. Siktemålet med føresegna er å gi personar som er fast busette i Noreg, og som arbeider på skip registrerte utanfor EØS-området, høve til å teikne frivillig medlemskap i folketrygda.
8.4 Merknader til endringar lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn
Til § 1 nr. 2 første ledd d andre punktum
Føresegna er foreslått utforma slik at ho opnar for å godkjenne medlemskap i pensjonstrygda for sjømenn for alle som er medlemmer i folketrygda, men som arbeider på skip registrerte i utlandet. Dette vil først og fremst vere aktuelt for personar som er pliktig medlem i folketrygda etter folketrygdlova § 2-2 på grunn av arbeid på sokkelen, eller som er frivillige medlemmer etter folketrygdlova § 2-8 eller forslaget til ny § 2-7 a i lova.