3 Verkeområde
3.1 Gjeldande rett
Sjømannslova gjeld for den som har arbeid på norsk skip og ikkje berre arbeider om bord mens skipet ligg i hamn, jf. § 1 første ledd. Sjømannslova omfattar likevel ikkje alle personar om bord, jf. § 1 andre ledd. Etter andre ledd gjeld berre §§ 4, 18 (bortsett frå nr. 1 andre ledd), 27, kapittel II A og kapittel II B, §§ 39, 43, 45 og 49 for personar som verken er busette i Noreg eller er norske statsborgarar, og som er tilsette av ein utanlandsk arbeidsgivar for å oppvarte passasjerar på turistskip. Statsborgarar i land som er omfatta av EØS-avtalen, er likestilte med norske statsborgarar.
Sjømannslova § 2 gir Kongen fullmakt til å fastsetje bruken for dei føresegnene som bare gjeld for sjømann som er norske statsborgarar eller EØS-borgarar.
For utanlandske skip gjeld sjømannslova ikkje i dag. Paragraf 1 andre ledd bokstav b nr. 2 gir likevel Kongen makt til å gi forskrift om bruk av lova på utanlandske skip som eit norsk reiarlag disponerer.
3.2 Forslaget i høyringsbrevet
I høyringsbrevet blei det foreslått å endre sjømannslova § 1 andre ledd fordi den føresegna i dag inneber at lova ikkje gjeld for utanlandske arbeidstakarar som er tilsette av ein utanlandsk arbeidsgivar for å oppvarte passasjerar på turistskip. Denne gruppa har i dag ikkje nokon rettar og plikter utover dei som eksplisitt gjeld for dei i sjømannslova. Om denne rettstilstanden ikkje blir endra, vil det medføre at Noreg som flaggstat ikkje kan vere sikker på at alle som arbeider om bord på norske skip, får oppfylt dei rettane og pliktene som følgjer av konvensjonen. Det inneber også ei utfordring når det gjeld sertifisering av skip i samsvar med den nye konvensjonen.
Forslaget til lovendring inneber derfor at heile sjømannslova som hovudregel vil gjelde for denne gruppa sjøfolk. Det blir likevel foreslått at visse føresegner i lova kan fråvikast i tariffavtale eller individuell avtale, men eventuelle fråvik skal vere likeverdige med føresegnene i lova. På denne måten sikrar ein at alle som normalt arbeider om bord, er dekte av rettane og pliktene i konvensjonen.
For den nemnde gruppa sjømenn foreslo Sjøfartsdirektoratet i høyringsbrevet at det i tariffavtale eller individuell avtale ikkje skal vere høve til å fråvike § 3 om skriftleg tilsetjingsavtale. Bakgrunnen for dette forslaget er at konvensjonen set eit ufråvikeleg krav om at alle sjøfolk skal ha skriftleg arbeidsavtale. I høyringsbrevet blei forslaget grunngitt med at det ikkje vil vere naturleg å nedfelle eit slikt krav i ein tariffavtale eller på annan likeverdig måte, og at det er eit dokumentasjonskrav i samband med sertifiseringa av skipet i samsvar med konvensjonen, jf. vedlegg A5-I i konvensjonen.
I høyringsbrevet kom det forslag om at sjømannslova § 18 nr. 1 og 2 ikkje kan fråvikast for denne gruppa sjøfolk, med unntak av § 18 nr. 1 andre ledd om omplassering. I brev av 8. mars 2007 frå ILO blei det peikt på at ILO-konvensjon nr. 8 om erstatning for arbeidsløyse i tilfelle av skipsforlis, ikkje gir høve til å gjere unntak for nokon kategori av sjøfolk frå føresegnene i konvensjonen. ILOs ekspertkomité har bedt Noreg om å endre lovgiving på dette området slik at ho kjem i samsvar med konvensjonen. Konvensjon om sjøfolks arbeids- og levevilkår fører vidare føresegnene i ILO-konvensjon nr. 8.
Høyringsbrevet inneheldt forslag om at sjømannslova som hovudregel også skulle gjelde for utanlandske skip. Eit utkast til § 1 nytt andre punktum bygde på ei tilsvarande føresegn i skipssikkerhetsloven § 3. Bakgrunnen for forslaget var at det etter konvensjonen vil vere høve til å utføre hamnestatskontroll med utanlandske skip.
3.3 Høyringsinstansens syn
Arbeids- og inkluderingsdepartementet peiker på at lovforslaget i sjømannslova § 1 om kontroll av utanlandske skip avgrensar denne til visse paragrafar, men at det ikkje synest å ha blitt gjort i direktoratets forslag. Vidare peiker departementet på at det verkar lite fleksibelt å gjere føresegnene i sjømannslova direkte gjeldande på framande skip.
Norges Rederiforbund er usamde i forslaget om at verkeområdet for lova skal utvidast til å gjelde utanlandske skip. Forbundet meiner dette er uheldig fordi det etter havretten er flaggstatens ansvar å regulere lønn og sosiale forhold. Såleis er det unødvendig å bruke reglane i sjømannslova for utanlandske skip i norsk territorialfarvatn, i norsk økonomisk sone eller på norsk sokkel. Norges Rederiforbund peiker også på at det er tvilsamt om Noreg vil ha rett til å bruke reglane i sjømannslova overfor flaggstatar som har ratifisert konvensjonen. Dette vil også kunne medverke til å komplisere gjennomføringa av konvensjonens reglar og oppgåvefordeling mellom flaggstat og hamnestat. Forbundet meiner også at lovforslaget i høyringsbrevet ikkje gjer klart kva for reglar skal gjelde for utanlandske sjøfolk på turistskip.
Sjømannsorganisasjonane uttaler:
«Nåværende lovs § 1 annet ledd bør etter vårt syn fjernes. Det er således ikke behov for en endring slik som foreslått. Bestemmelsen kom i sin tid inn som bidrag til å beholde cruiseskip i Norsk register. Her var det utviklet en modell for å ansette catering personale hos et utenlandsk firma. Det finnes i dag ikke cruiseskip i NOR registeret. Om cruiseskip i fremtiden skulle bli registret i Norsk register vil det overveiende sannsynlig bli i NIS. Bestemmelsen er derfor uten betydning i forhold til sitt opprinnelige formål. Bestemmelsen er vanskelig å forholde seg til da den unntar en stor besetningsgruppe fra sine rettigheter herunder stillingsvern som gjelder for alle andre om bord i NOR registrerte fartøy. Unntaket er skjemmende for Norges posisjon som en nasjon med sterk beskyttelse av ansatte i et arbeidsforhold. Den er en diskriminering i ordets forstand selv om den rettslig sett ikke betegnes som sådan grunnet objektivitet nedfelt i regelen.
Subsidiært kan vi ikke godta unntak der unntaket er fastslått i individuell avtale. Individuell avtale vil ikke sikre den enkelte tilstrekkelig selv om vilkåret likeverdig ordninger er inntatt. Dessuten kan det lede til forskjellige ordninger blant de enkelte ansatte om bord. Skal fravik gjøres, må det sikres gjennom tariffavtale der forhandlingspartene er jevnbyrdige og hvor resultatet blir likt for alle sjømennene.»
3.4 Departementets vurdering
Forslaget om å endre sjømannslova § 1 andre ledd inneber eit styrkt vern for utanlandske arbeidstakarar som er tilsette av ein utanlandsk arbeidsgivar for å oppvarte passasjerar på turistskip. For denne gruppa sjøfolk vil lova no som hovudregel gjelde, og dei vil vere fullt ut dekte av rettane og pliktene i konvensjonen. Forslaget inneber likevel at det er høve til å fråvike visse føresegner i lova ved tariffavtale. Ei rekkje sentrale avgjerder blir det likevel ikkje høve til å fråvike. Blant anna vil no føresegna i § 3 om at partane skal inngå ein skriftleg arbeidsavtale, gjelde for denne gruppa og ikkje kunne fråvikast.
Departementet ser likevel ikkje noko behov for å oppheve § 1 andre ledd, slik sjømannsorganisasjonane har teke til orde for. Med den løysinga som departementet foreslår, blir rettane til denne gruppa sjøfolk sikra etter konvensjonen. Samtidig gir forslaget ein viss fleksibilitet ved at visse av reglane i sjømannslova kan fråvikast. For eksempel kan det i tariffavtale avtalast andre løysingar enn dei som går fram av § 32, under føresetnad at ordninga er likeverdig.
Departementet er samd med sjømannsorganisasjonane i at det ikkje vil gi fullgodt vern dersom reglane kan fråvikast i individuelle tilsetjingsavtalar. Departementet foreslår derfor som vilkår for fråvik at likeverdige ordningar er etablerte gjennom tariffavtale.
Konvensjonen innfører meir utdjupande standardar for kontroll med utanlandske skip som kjem til norske hamner enn ILO-konvensjon nr. 147 om minstestandardar for handelsskip. Bakgrunnen for det er at ein vil sikre ei betre oppfølging av internasjonale standardar for sjøfolks arbeids- og levevilkår på framande skip. Dette medfører eit behov for at lova også kan gjerast gjeldande på utanlandske skip i nødvendig utstrekning. Det er eit flaggstatsansvar å sørgje for at skyldnadene i konvensjonen blir oppfylte, og kyststatens oppgåve i så måte er å hjelpe flaggstaten ved å utføre tilsyn av utanlandske skip som kjem til hamn i denne staten. Dei interessene Noreg har som kyststat, og som var bakgrunnen for at skipssikkerhetsloven som hovudregel tok til å gjelde for utanlandske skip, ligg ikkje føre på same måte når det gjeld sjømannslova. Departementet er samd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Norges Rederiforbund i at lova bør reflektere denne ansvarsfordelinga og desse interessene på ein betre måte. Departementet foreslår derfor at lova kan gjerast gjeldande på utanlandske skip i den utstrekning folkeretten gir høve til det. Det er i første rekkje føresegnene i §§ 3, 21, 22, 27 og 28 som vil vere aktuelt å handheve overfor utanlandske skip.
Etter departementets syn er det ikkje føremålstenleg å ta inn utkastet til § 1 andre ledd, som blei foreslått i høyringsbrevet, om at lova kan gjerast gjeldande for utanlandske skip ved forhold som har skjedd på ope hav, slik skipssikkerhetsloven § 3 tredje ledd gir høve til. Bakgrunnen for føresegna i skipssikkerhetsloven var primært å ha heimel for å reagere overfor utslepp som har skjedd på ope hav. Eit tilsvarande behov er ikkje til stades i sjømannslova.
Forslaget gjer det samtidig overflødig å halde på noverande § 2 bokstav b nr. 2 om at lova kan gjelde for utanlandske skip som eit norsk reiarlag disponerer. Det nye forslaget til ny § 1 inneheld fullmakt til å gi forskrift også for denne typen skip.
Dei justeringane som er foreslått i § 1 og § 2 gjer det etter departementets syn føremålstenleg å slå saman dei to føresegnene.
Noverande § 1 femte ledd i sjømannslova set opp ei plikt til å utføre arbeid som skipsføraren finn nødvendig for å sikre tryggleiken til personar om bord eller skipet, utan omsyn til det som er fastsett i andre, tredje og fjerde ledd. Departementet meiner føresegna er overflødig etter vedtaket av medverknadspliktene i skipssikkerhetsloven §§ 20 og 30 og forskrifter gitt i medhald av føresegnene. Blant anna følgjer det av § 6 i forskrift 26. juni 2008 nr. 705 om arbeids- og kviletid på norske passasjer- og lasteskip at skipsføraren kan krevje at sjøfolk skal arbeide så mange timar som det er nødvendig for å sikre skipstryggleiken, personar om bord eller last, eller for å hjelpe andre i havsnød. Føresegna blei innført ved ILO-konvensjon nr. 180 og er ført vidare i konvensjonens standard A2.3 nr. 14.