6 Endringar i reglar om trygde- og pensjonsrettar for sjøfolk
6.1 Endringar i folketrygdlova
6.1.1 Gjeldande rett
Trygdedekning for sjøfolk busette i Noreg er i norsk rett i dag basert på flaggstatsprinsippet. Det inneber at sjøfolk som hovudregel skal vere trygdedekte i det landet som skipet fører flagg for, jf. folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav g. Etter denne føresegna er norske statsborgarar som er arbeidstakarar på norskregistrerte skip, pliktige medlemmer i folketrygda. Unntak gjeld for personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på eit turistskip registrert i norsk internasjonalt skipsregister, jf. folketrygdlova § 2-12. Den sistnemnde gruppa er likevel omfatta av ein garanti som reiarane pliktar å stille i samsvar med sjømannslova § 32.
Den pliktige medlemskapen i folketrygdlova tek straks slutt dersom ein sjømann kjem i arbeid på eit utanlandskregistrert skip. Ein sjømann som arbeider om bord på eit utanlandskregistrert skip, vil etter dagens reglar heller ikkje ha ein vilkårslaus rett til å teikne frivillig medlemskap i folketrygda.
Noreg har gjennom EØS-avtalen skyldnad til å handheve flaggstatsprinsippet i EØS-området, jf. rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 artikkel 13 nr. 2 bokstav c. Ettersom det i konvensjonen er opning for at ein innanfor EØS-området kan fastsetje andre reglar enn eit bustadprinsipp, kan flaggstatsprinsippet handhevast innanfor EØS. Signala frå EU indikerer at ein ønskjer å nytte denne utvegen.
6.1.2 Høyringsbrevets forslag
Reglane om helsevern, helsetenester, velferd og sosialtrygd i konvensjonen er samla i kapittel 4. Reglane om trygdedekning finst i regel 4.5 med tilhøyrande standard og retningslinje. Lovvalsreglane i konvensjonen er baserte på bustadprinsippet. Sjøfolk skal ha tilgjenge til trygdedekning i bustadlandet, uavhengig av kva for land skipet dei arbeider om bord på, er registrert i. Dette går fram av standard A4.5 nr. 3 første punktum, som lyder: »Hver medlemsstat skal treffe tiltak i samsvar med nasjonale forhold for å yte den utfyllende trygdedekningen som er nevnt i nr. 1 i denne standard til alle sjøfolk som til vanlig er bosatt på dens territorium.» Likevel opnar standard A4.5 nr. 4 for at ein internt i «regionale organisasjoner for økonomisk integrasjon», det vil seie blant anna innanfor EØS-området, kan fastsetje andre reglar.
I samsvar med standard A4.5 nr. 1 femner konvensjonen om alle dei ni tradisjonelle trygdesektorane som ILO-konvensjon nr. 102 omfattar, men denne ILO-konvensjonen gjeld ikkje sjøfolk, jf. artikkel 77. Før ratifikasjon må Noreg sikre at sjøfolk har tilgang til minst tre av desse, jf. A4.5 nr. 2.
Krava til trygdedekning i konvensjonen, under dette reglane om pensjonsalder, er at det ikkje skal vere mindre gunstige reglar for sjøfolk enn dei som gjeld for arbeidstakarar på land som er busette på medlemsstatens territorium, jf. standard A4.5 nr. 3 siste punktum.
For å oppfylle skyldnadene i samsvar med konvensjonen blei det i høyringsbrevet foreslått ein ny § 2-7 a folketrygdlova som gir høve til å teikne frivillig medlemskap i folketrygda for personar som er fast busette i Noreg, og som arbeider på skip registrerte utanfor EØS-området. Det blei ikkje foreslått endringar i folketrygdlova § 2-12, som ikkje gir personar tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip i norsk internasjonalt skipsregister (NIS) høve til å teikne frivillig medlemskap i folketrygda.
6.1.3 Høyringsinstansens syn
Sjømannsorganisasjonane er samde i at flaggstatsprinsippet bør gjelde innanfor EØS-området, og sluttar seg også til forslaget om å utvide den frivillige medlemskapen til å omfatte sjømenn busette i Noreg som har arbeid på skip registrert utanfor EØS-området. Sjømannsorganisasjonane uttaler vidare:
«Derimot er vi ikke enige i at det ikke foretas endringer i folketrygdloven § 2-12 for personer ansatt i hotell- og restaurantvirksomhet om bord i turistskip registrert i NIS. For sjømenn bosatt i Norge bør det ikke foretas unntak. Det er få cruiseskip igjen i NIS, om noen. I de siste år har det kun vært Hurtigrute skip som i vintersesongen har seilt på cruise mellom Chile og Antarktisk. De registreres midlertidig i NIS for den tid de seiler i de farvann. Når de seiler som hurtigrute skip langs norskekysten, er de registrert i NOR. Det er ikke rimelig at de sjømenn som er ansatt i rederiet, men medfølger skipet på disse turer, skal få begrensning i sin trygderettighet.»
6.1.4 Departementets vurdering
Som nemnt legg konvensjonen bustadprinsippet til grunn som hovudregel for kvar sjøfolk skal ha tilgang til trygdedekning, mens gjeldande norsk rett er basert på flaggstatsprinsippet. Det er i norsk rett gjort unntak for skip registrerte i NIS, der bustadprinsippet gjeld, og der det elles ikkje ville vore mogleg å ha drifta under norsk jurisdiksjon. Å endre hovudregelen i folketrygdlova og leggje opp til pliktig medlemskap for sjøfolk busette i Noreg uansett om dei tenestegjer på skip som fører andre lands flagg, ville føre til store problem ved innkrevjing av arbeidsgivaravgifta. For å oppfylle skyldnadene sine etter konvensjonen må Noreg derfor endre reglane for frivillig medlemskap, slik at det blir høve til å teikne frivillig medlemskap i folketrygda for personar som er fast busette i Noreg, og som arbeider på skip registrerte utanfor EØS-området. Departementet foreslår på denne bakgrunnen ein ny § 2-7 a i folketrygdlova som opnar for dette.
For skip som er registrerte innanfor EØS-området, kan flaggstatsprinsippet handhevast i samsvar med rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 artikkel 13 nr. 2 bokstav c.
Forslaget til endring av folketrygdlova inneber inga endring av gjeldande rett for personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister. Denne gruppa er i dag unnatekne frå både pliktig og frivillig medlemskap i folketrygda. Årsaka til dette unntaket er at føresegnene om likehandsaming i EØS-regelverket elles ville medført at også borgarar frå andre EØS-land ville hatt tilsvarande høve til medlemskap i folketrygda. Ved inngåinga av EØS-avtalen valde ein derfor å halde denne gruppa utanfor medlemskap ved å tilføye eit nytt ledd i dågjeldande folketrygdlov § 1-2. Denne unntaksføresegna blei ført vidare i folketrygdlova av 1997 i § 2-12.
På grunn av EØS-regelverket er det ikkje mogleg å innføre høve til medlemskap for denne gruppa, avgrensa til sjømenn busette på norsk territorium, slik sjømannsorganisasjonane ønskjer. Denne gruppa sjøfolk vil likevel framleis vere sikra av den garantien, normalt ei forsikring, som reiarlag pliktar å sørgje for i samsvar med sjømannslova § 32, jf. forskrift 18. februar 2005 nr. 145 om garanti for trygderettar for arbeidstakarar på skip. Om denne ordninga står dette i Ot.prp. nr. 19 (1993-1994):
«Forsikringsordningen vil sikre ytelser som er likeverdige med folketrygdens medisinske stønad, sykepenger og gravferdshjelp. Den gir ikke samme dekning mht. ytelser som attføring og uførepensjon, og den gir ikke ledighetsstønad eller alderspensjon. Samlet fremstår den imidlertid som en tilfredsstillende ordning som, på de for denne gruppe ansatte mest interessante områder, ligger på et nivå som må kunne anses likeverdig med folketrygdens ytelser.»
Departementet er samd med sjømannsorganisasjonane i at dette i dag dreier seg om ei svært lita gruppe. Departementet finn likevel at dei sjømennene som framleis er tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister, er tilfredsstillande dekte gjennom den nemnde garantien. Departementet meiner derfor at det ikkje bør gjerast endringar i folketrygdlova § 2-12 i samband med norsk ratifikasjon av konvensjonen.
Departementet har vurdert reglane i konvensjonen opp mot folketrygdlova § 2-5 første ledd bokstav g om pliktig medlemskap for norske statsborgarar som arbeider om bord på norskregistrerte skip og er busette utanfor Noreg. Mens det ikkje ville vore i strid med konvensjonen å oppheve føresegna, taler likevel gode grunnar for å la føresegna stå uendra. Etter departementets oppfatning er det betre å nytte høvet til unntak frå folketrygda i lova § 2-13 i tilfelle der vedkommande er busett i eit anna konvensjonsland, slik at bustadprinsippet slår gjennom og fører til at vedkommande får dobbel trygdedekning, jf. retningslinje B4.5 nr. 3 i konvensjonen.
Som nemnt går det fram av standard A4.5 nr. 1 at konvensjonen omfattar alle dei ni tradisjonelle trygdesektorane som ILO-konvensjon nr. 102 dekkjer. Før ratifikasjon må Noreg sikre at sjøfolk har tilgang til minst tre av desse dekningsområda. Om ein endrar reglane for frivillig medlemskap som det er gjort greie for ovanfor, vil sjøfolk busette i Noreg få tilgang til alle rettar som folketrygda omfattar, men med unntak for tilsette i hotell- og restaurantverksemd om bord på turistskip registrerte i norsk internasjonalt skipsregister.
Den frivillige medlemskapen vil etter ønske frå medlemmene kunne gi anten full trygdedekning etter lova eller berre omfatte sjukestønadsdelen av folketrygda, sjå andre ledd i utkastet til ny § 2-7 a. Dette er dei same dekningsalternativa som gjeld for frivillig medlemskap for personar i Noreg, jf. folketrygdlova § 2-7 tredje ledd.
For 2008 ville full trygdedekning for personar som er skattepliktige til Noreg, føresetje ei avgiftsinnbetaling på 21,9 prosent av inntekta, tilsvarande summen av ordinær trygdeavgift på 7,8 prosent og ordinær arbeidsgivaravgift på 14,1 prosent. Den meir avgrensa dekninga som berre omfattar sjukestønadsdelen av folketrygda, ville føresetje ei avgiftsinnbetaling på 10 prosent av inntekta. Dette er dei same avgiftssatsane som i dag gjeld for frivillig medlemskap etter folketrygdlova § 2-7. Avgifta vil bli fastsett i den årlege forskrifta om fastsetjing av avgiftsgrunnlag og avgiftssatsar i folketrygda for visse grupper medlemmer.
Totalt dreier det seg om rundt rekna 5000 sjøfolk som er busette i Noreg, men som er i teneste på skip registrerte utanfor EØS-området. Men er det grunn til å tru at ikkje alle vil ønskje å nytte høvet til å teikne frivillig medlemskap i folketrygda.
6.2 Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn
6.2.1 Gjeldande rett
Pensjonstrygda for sjømenn er ei eiga lovbestemt offentleg tenestepensjonsordning som er tilpassa folketrygda, og som er nedfelt i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjøfolk. Ordninga har som hovudformål å yte sjømannspensjon (alderspensjon) til sjøfolk mellom 60 og 67 år som fyller visse vilkår. Pensjonstrygda omfattar, med dei unntak som følgjer av lova, alle norske statsborgarar eller personar med fast bustad i Noreg som er tilsette som arbeidstakar om bord på skip. Dette gjeld også, på nærmare vilkår, arbeidstakarar på skip som er registrerte i utanlandsk skipsregister, såframt vedkommande er pliktig medlem av folketrygda som busett i Noreg etter folketrygdlova § 2-1. Personar på utanlandske skip som er frivillige medlemmer etter folketrygdlova § 2-8, kan takast opp i pensjonstrygda når det finst grunn til det, for eksempel for å sikre kontinuitet i trygdedekninga, jf. lov om pensjonstrygd for sjømenn § 1 nr. 2 første ledd bokstav d siste punktum. Også personar som etter folketrygdlova § 2-2 er medlem av trygda under arbeid på kontinentalsokkelen, er i praksis tekne opp i pensjonstrygda etter ei slik særskilt vurdering av spørsmålet.
6.2.2 Forslaga i høyringsbrevet
Konvensjonens krav til trygdedekning, under dette reglane om pensjonsalder, er at det ikkje skal vere mindre gunstige reglar enn det som gjeld for arbeidstakarar på land som er busette på medlemsstatens territorium, jf. standard A4.5 nr. 3 siste punktum. Sidan aldersgrensa for norske arbeidstakarar på land er 67 år, vil ikkje norsk ratifikasjon av konvensjonen medføre krav til endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn. Det er viktig å merke seg at konvensjonen ikkje stiller noko krav om likebehandling av norske statsborgarar som er busette i Noreg og arbeider på norskregistrerte skip, og norske statsborgarar som er busette i Noreg og arbeider på utanlandsregistrerte skip.
Pensjonstrygda for sjømenn har overfor Arbeids- og inkluderingsdepartementet peikt på at det er ønskjeleg at personar som blir tekne opp i folketrygda etter forslaget til ny § 2-7 a, skal kunne omfattast av pensjonstrygda på same måte som frivillige medlemmer etter § 2-8. På denne bakgrunnen blei det i høyringsbrevet foreslått ei endring i lov om pensjonstrygd for sjømenn § 1 nr. 2 første ledd d andre punktum.
6.2.3 Høyringsinstansens syn
Sjømannsorganisasjonane gir tilslutning til høyringsbrevets forslag. Det kom ingen fleire kommentarar til denne delen av lovforslaget i høyringa.
6.2.4 Departementets vurdering
Departementet meiner det er riktig at personar som blir tekne opp i folketrygda etter forslaget til ny § 2-7 a, skal kunne omfattast av pensjonstrygda på same måte som frivillige medlemmer etter § 2-8. Ei slik lovendring er ikkje nødvendig for norsk ratifikasjon av konvensjonen, men departementet fremmar henne fordi det verkar som ein naturleg konsekvens av forslaget til endring i folketrygdlova.
Opptak i pensjonstrygda, etter ei nyttevurdering i samsvar med lov om pensjonstrygd for sjømenn § 1 nr. 2 første ledd bokstav d andre punktum, vil kunne vere aktuelt for alle medlemmer i folketrygda som arbeider på utanlandske skip, same kva som er grunnlaget for medlemskap i folketrygda. Departementet foreslår derfor at den nemnde føresegna i pensjonstrygdlova opnar for opptak etter nærmare fastsetjing når vedkommande er medlem i folketrygda etter «andre bestemmelser i folketrygdloven», i staden for ei opprekning av dei mest aktuelle medlemskapsgrunnlaga. Ordet «andre» viser her tilbake til første punktum i føresegna, som handlar om dei som er medlem etter folketrygdlova § 2-1 som busette i Noreg.