2 Bakgrunnen for lovforslaget
Forslaget har vorte til etter eit opptak frå riksadvokaten. Ved brev 7. juli 2006 til Justisdepartementet la han fram forslag om einskilde endringar i regelverket om trygging av informasjon og dokumentinnsyn i straffeprosessen.
I brevet foreslår riksadvokaten regelendringar på tre punkt: For det første foreslår han at det skal gå klart fram av straffeprosessloven § 242 a at føresegna kan verte nytta for å ta unna frå innsyn opplysningar som er gjorde gjeldande for bruk av ekstraordinære etterforskingsmetodar (såkalla «inngangsopplysningar»). For det andre foreslår han at straffeprosessloven § 242 a får ei tilføying om at innsynsretten ikkje skal gjelde dokument oppretta i tilknyting til eit kravsmål etter § 242 a. For det tredje foreslår riksadvokaten at straffeprosessloven § 52 vert endra på to punkt: Den mistenkte/sikta bør ikkje kunne gjere seg kjent med innhaldet i ein orskurd der retten avslår eit kravsmål etter §§ 242 a eller 292 a, sjølv om forfølginga ikkje vert innstilt, og han bør ikkje få varsel om at retten har nekta dokumentinnsyn eller provføring.
Riksadvokaten seier dette om bakgrunnen for forslaget på s. 1:
«Politiet og påtalemyndigheten har i løpet av de siste årene, sist ved endringer i straffeprosessloven av 17. juni 2005 (i kraft 5. august s.å.), som kjent fått tilgang til etterforskingsmetoder som innebærer at man metodemessig burde være godt rustet for å bekjempe den alvorlige kriminaliteten. Dette er en nødvendig, men ikke tilstrekkelig, forutsetning for å kunne avdekke og straffeforfølge organisert og annen alvorlig kriminalitet, som dessverre har fått et visst fotfeste også i Norge.
En annen avgjørende forutsetning for å kunne bekjempe den alvorligste kriminaliteten er at rettssamfunnet er i stand til å beskytte sensitiv informasjon som ikke skal brukes ved avgjørelsen av skyld- og straffespørsmålet. Først og fremst gjelder dette kunnskap om og fra politiets informanter og opplysninger om hvordan politiet arbeider. Også på dette området er det gjennomført viktige lovendringer, særlig ved vedtakelsen av straffeprosessloven § 242 a mv.
Høyesteretts tolking av denne bestemmelsen, og de alminnelige regler om dokumentinnsyn i straffeprosessloven §§ 242 og 264 høsten 2005 og første halvår i år, har uten tvil ført til at påtalemyndighetens mulighet til å beskytte sensitiv informasjon likevel er betydelig redusert. Dette, sammen med den usikkerhet som brer seg i politiet og påtalemyndigheten i forhold til beskyttelse av kilder og metoder, medfører etter riksadvokatens oppfatning en alvorlig risiko for at vår evne til å bekjempe den organiserte kriminaliteten allerede er svekket. Det krever neppe noen nærmere begrunnelse at riksadvokaten i dagens kriminalitets- og trusselbilde må reagere i denne situasjon, og det er behov for lovgivningsmessige tiltak, både på kort og lang sikt.»
Departementet deler synet til riksadvokaten om at det er ein klår trong til å gå gjennom regelverket. Departementet valde difor å sende forslaga frå riksadvokaten på høyring, utan samstundes å gi uttrykk for eit førebels syn. På dette området – dokumentinnsyn i strafferettspleia – er det bruk for ei grundig utgreiing, der ein tek omsyn til heilskapen i regelverket. Då ny § 242 a i straffeprosessloven vart vedteken, vart det uttala i Ot.prp. nr. 24 (2002 – 2003) side 6 at departementet vil setje ned eit utval for å etterkontrollere lovendringane. Departementet vil om kort tid setje ned eit utval som mellom anna skal etterkontrollere reglane om hemmeleg bruk av tvangsmiddel. I mandatet vil utvalet verte bede om å gjere ein generell gjennomgang av reglane om dokumentinnsyn i straffeprosessloven, medrekna dei endringane som departementet foreslår i proposisjonen her.
Riksadvokaten la òg med brevet 7. juli 2006 ei utgreiing om skjerming av identiteten til polititenestemenn som har tatt del i skarpe operasjonar o.a., utarbeidd på oppdrag frå politimeisteren i Oslo av professor II dr. juris Tor-Geir Myhrer, Institutt for offentlig rett ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo, og lagt fram i juni 2006. Utgreiinga inneheld forslag til endringar i straffeprosessloven, påtaleinstruksen o.a. for å gjere klart når identiteten til polititenestemenn kan verte skjerma. Departementet sende utgreiinga på høyring saman med forslaga frå riksadvokaten. Av omsyn til trongen til hurtige endringar i reglane om dokumentinnsyn og provavskjering, vert desse forslaga fremja først. Departementet vil kome tilbake til spørsmålet om høvet til å skjerme identiteten til polititenestemenn og oppfølginga av Myhrers utgreiing i ein seinare proposisjon.