3 Høyringa
Høyringsbrevet 15. november 2006 vart sendt til desse høyringsinstansane:
Departementa
Høgsterett
Lagmannsrettane
Asker og Bærum tingrett
Oslo tingrett
Bergen tingrett
Stavanger tingrett
Trondheim tingrett
Salten tingrett
Nord-Troms tingrett
Domstoladministrasjonen
Riksadvokaten
Statsadvokatembeta
Politidirektoratet (POD)
Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
ØKOKRIM
Den Norske Advokatforening
Forsvarergruppen av 1977
Den norske Dommerforening
Norges Juristforbund
Politiembetsmennenes landsforbund
Politiets fellesforbund
Det juridiske fakultet i Bergen
Det juridiske fakultet i Oslo
Det juridiske fakultet i Tromsø
Norsk forening for kriminalreform (KROM)
Rettspolitisk forening
Statsadvokatenes forening
Amnesty International Norge
Norsk senter for menneskerettigheter
Etter førespurnad fekk Den Norske Advokatforening 12. april 2007 sendt over brev frå riksadvokaten 7. juni 2006 til samtlege statsadvokatembeter og politimeistrar m.fl., sladda i medhald av offentlighetsloven § 5 a, jf. politiloven § 24 andre ledd.
Høyringsfristen var 19. februar 2007. Følgjande høyringsinstansar har gitt realitetsmerknader til høyringsnotatet:
Forsvarsdepartementet
Nedre Vestfold tingrett
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Det nasjonale statsadvokatembetet
Nordland statsadvokatembeter
Oslo statsadvokatembeter
Politidirektoratet
Politiembetsmennenes landsforening
Statsadvokatene i Møre og Romsdal
Den Norske Advokatforening
Forsvarergruppen av 1977
Norsk forening for kriminalreform (KROM)
Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
Politiets fellesforbund
Politidirektoratet har sendt høyringsbrevet vidare til alle politimeistrane og sjefane for Kripos, ØKOKRIM og Politihøgskulen. Politimeistrane i Vestfold, Rogaland, Oslo, Gudbrandsdal, Asker og Bærum, Midtre Hålogaland, Salten, Romerike og Hordaland og Kripos har kome med merknadar.
Hovudinntrykket frå høyringa er at fleirtalet av høyringsinstansane stør forslaget om å avgrense retten til dokumentinnsyn.
Utanriksdepartementet og Norsk senter for menneskerettigheter har peikt på at det er naudsynt å sjå på tilhøvet til menneskerettane. Dei har ikkje merknader til dei konkrete forslaga.
Følgjande høyringsinstansar har gitt uttrykk for at dei ikkje har realitetsmerknader:
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Finansdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Høgsterett
Domstoladministrasjonen