5 Tilhøvet til menneskerettane
Den europeiske menneskerettskonvensjon 4. november 1950 (EMK) med protokollar legg rammer for forslag om å avgrense innsynsretten og høvet til provføring. Det same gjer FN-konvensjonen 16. desember 1966 om sivile og politiske rettar, jf. særleg artikkel 14 om likskap andsynes domstolane og retten til ein upartisk og offentleg rettargang. I det følgjande legg departementet til grunn at FN-konvensjonen ikkje går lenger enn EMK i å verne om innsynsretten og retten til provføring, og drøftinga i det følgjande er knytt til EMK.
EMK har ikkje noka føresegn som regulerer beinveges den mistenkte og forsvararen sin rett til innsyn i opplysningar påtalemakta har. Spørsmålet vert regulert av den generelle regelen i artikkel 6 nr. 1 om retten til ein rettferdig rettargang og av artikkel 6 nr. 3 bokstav b, som krev at kvar ein som vert sikta for ei straffbar handling, skal få tilstrekkeleg tid og høve til å førebu forsvaret sitt. Av desse føresegnene kan ein utleie ein rett til dokumentinnsyn. Artikkel 6 nr. 1 – om at kvar ein har rett til ein rettvis rettargang – må ein sjå som ei rettesnor for tolkinga av nr. 3 bokstav b. Av samanhengen med nr. 3 bokstav c går det fram at innsynsretten må gjelde like godt for forsvararen til den sikta. Retten til innsyn må ein også sjå i samanheng med prinsippet om at forsvararen prosessuelt sett i visse høve skal verte stilt likt med påtalemakta («equality of arms»), som Den europeiske menneskerettsdomstol (EMD) har utvikla med utgangspunkt i artikkel 6.
EMK artikkel 6 vernar den som er «charged with a criminal offence». Dette omgrepet svarer til omgrepet «sikta» i norsk straffeprosess, men det vert tolka autonomt, så det er ikkje avgjerande når ein får status som sikta etter straffeprosessloven § 82. Ein person vert rekna som sikta i konvensjonen sin forstand når mistanka påverkar situasjonen til vedkomande. I EMD sin dom 21. februar 1984 Öztürk mot Tyskland uttala domstolen (premiss 55):
«[Whilst] «charge» may in general be defined as «the official notification given to an individual by the competent authority of an allegation that he has committed a criminal offence», it may in some instances take the form of other measures which carry the implication of such an allegation and which likewise substantially affect the situation of the suspect…»
Praksis frå EMD klargjer i kva grad det er råd å avgrense retten til innsyn i opplysningar som påtalemakta har, utan å krenke artikkel 6. Denne praksisen vil òg vere relevant for høvet til å nekte provføring.
Praksis etterlèt eit klart inntrykk av at det er ein grunnleggjande rett for den sikta og forsvararen å få innsyn i opplysningar som påtalemakta vil gjere gjeldande som prov i saka.
Retten til innsyn i opplysningar som påtalemakta har, men ikkje vil gjere gjeldande som prov i saka, kan etter omstenda vere like viktige for forsvaret som innsyn i opplysningar som vil verte brukt som prov. Til dømes kan ein tenke seg at opplysningane, gjerne i kombinasjon med annan informasjon som forsvararen har tilgjenge til, kan avdekkje moglege straffridomsgrunnar eller omstende som kan ha noko å seie for straffutmålinga. Praksis frå EMD syner at retten til ein rettvis rettargang etter artikkel 6 også inneheld eit krav på innsyn i slike opplysningar, jf. Rowe og Davis mot Storbritannia (Reports of Judgments and Decisions 2000-II.) Her uttalte domstolen:
«It is a fundamental aspect of the right to a fair trial that criminal proceedings, including the elements of such proceedings which relate to procedure, should be adversarial and that there should be equality of arms between the prosecution and defence. The right to an adversarial trial means, in a criminal case, that both prosecution and defence must be given the opportunity to have knowledge of and comment on the observations filed and the evidence adduced by the other party (see the Brandstetter v. Austria judgment of 28 August 1991, Series a no. 211, pp. 27 – 28, §§ 66 – 67). In addition Article 6 § 1 requires ... that the prosecution authorities disclose to the defence all material evidence in their possession for or against the accused (see the Edwards judgment cited above, p. 35, § 36).»
Samstundes følgjer det av systemet i EMK og av praksis frå EMD at det kan gjerast unnatak frå retten til innsyn i opplysningar. For å fastsetje om unnatak frå innsynsretten er i samsvar med EMK artikkel 6, må ein vege omsynet til den sikta sitt forsvar mot dei omsyna som talar for å avgrense innsynsretten. I Rowe og Davis-saka uttala EMD (premiss 61):
«However … the entitlement to disclosure of relevant evidence is not an absolute right. In any criminal proceedings there may be competing interests, such as national security or the need to protect witnesses at risk of reprisals or keep secret police methods of investigation of crime, which must be weighed against the rights of the accused (see, for example, the Doorson v. the Netherlands judgment of 26 March 1996, Reports of Judgments and Decisions 1996-II, p. 470, § 70). In some cases it may be necessary to withhold certain evidence from the defence so as to preserve the fundamental rights of another individual or to safeguard an important public interest. ...»
EMD understreker at unntak må vere strengt naudsynt. Praksis frå EMD gir lita rettleiing om kva som ligg i dette vilkåret. Det heng saman med at det som hovudregel er overlate til dei nasjonale domstolane å vurdere prova i ei sak.
Ved vurderinga av om nekta innsyn er i samsvar med EMK artikkel 6, er det særleg framgangsmåten for avgjerda EMD vurderer. Domstolen har slått fast at ulempene ved å nekte den sikta og forsvararen tilgjenge til informasjon som påtalemakta har, må verte vegne opp av dei prosessuelle reglane for slike avgjerder, jf. Rowe og Davis (premiss 61):
«[I]n order to ensure that the accused receive a fair trial, any difficulties caused to the defence by a limitation on its rights must be sufficiently counterbalanced by the procedures followed by the judicial authorities (see the Doorson judgment cited above, p. 471, § 72, and the Van Mechelen and Others judgment cited above, p. 712, § 54).»
EMD fann at framgangsmåten ved handsaminga av spørsmålet om påtalemakta hadde høve til å halde visse dokument attende, ikkje oppfylte krava til ein rettvis rettargang. Domstolen peikte på at ein prosedyre der påtalemakta sjølv avgjer spørsmålet om å gi informasjon til forsvararen til den sikta, som det skjedde i første instans, ikkje er i samsvar med krava i EMK art. 6 nr. 1 (sjå avgjerda premiss 63). Domstolen meinte at feilen ikkje var reparert ved at retten avgjorde spørsmålet under ankesaka.
I vurderinga av om den sikta har fått ein rettvis rettargang, verker det å vere eit moment av vekt om det vert opna for argumentasjon mot kravsmålet frå påtalemakta, til dømes gjennom ein advokat som er særskilt oppnemnd, jf. særleg Kommisjonen sine synspunkt slik dei er refererte i EMD si avgjerd i Rowe og Davis-saka (premiss 58):
«The Commission expressed the view that the trial judge was in the best position to weigh the public interest in non-disclosure against the question of fairness to the defence, and that the review by the Court of Appeal of the undisclosed material could not remedy the absence of any such examination by the trial judge. In addition, the Commission noted that at no stage did any court dealing with the applicants’ case have the benefit of hearing submissions on behalf of the defence by a specially appointed counsel.»
Same dagen som dom vart gitt i Rowe og Davis-saken, 16. februar 2000, gav storkammeret dom i to andre saker, høvesvis Jasper mot Storbritannia og Fitt mot Storbritannia (Reports of Judgments and Decisions 2000-II). Både i Jasper-saka og i Fitt-saka hadde den engelske retten i første instans, etter kravsmål frå påtalemakta, nekta den sikta og forsvararen innsyn i opplysningar som påtalemakta hadde, utan at forsvararen eller den sikta fekk vere til stades då retten handsama kravsmålet. Men så langt det var råd utan å røpe dei aktuelle opplysningane, fekk forsvararen og den sikta informasjon om kva påtalemakta kravde. Vidare fekk dei høve til å skissere korleis det kunne vere aktuelt å leggje opp saka frå deira side. I båe sakene fann eit fleirtal på ni dommarar at nektinga ikkje var i strid med kravet om ein rettvis rettargang i EMK artikkel 6 nr. 1. Argumentasjonen frå fleirtalet er i båe sakene langt på veg den same som i Rowe og Davis-saka. Fleirtalet fann at det ikkje var naudsynt å nemne opp ein særskilt advokat for å ta hand om interessene til den sikta under handsaminga av innsynssaka. Det følgjer likevel av argumentasjonen i dommane at det inneber ein ekstra rettstryggleiksgaranti å nemne opp ein særskild advokat.
I dom 22. juli 2003 Edwards og Lewis mot Storbritannia fann EMD ei krenking av artikkel 6. Her hadde den nasjonale domstolen gitt orskurd om at påtalemakta kunne halde tilbake informasjon om politietterforsking som var avgjerande for skuldspørsmålet, fordi informasjonen kunne danne grunnlag for ei utsegn om at dei sikta var utsett for ulovleg provokasjon. EMD la avgjerande vekt på at påtalemakta hadde gjort dei aktuelle opplysningane til ein del av saka jf. premiss 56 flg.:
«The Court considered it material, in finding no violation in Jasper v. the United Kingdom, that the material which was withheld from the defence and which was found by the trial judge to be subject to public interest immunity formed no part of the prosecution case whatever, and as never put to the jury (…) In the present case, however, it appears that the undisclosed evidence related, or may have related, to an issue of fact decided by the trial judge. … Had the defence been able to persuade the judge that the police had acted improperly, the prosecution would, in effect, have had to be discontinued. The application in question were, therefore, of determinative importance to the applicants’ trials, and the public interest immunity evidence may have related to facts connected with those applications.»
Storkammeret heldt oppe avgjerda 27. oktober 2004 og slutta seg til grunngjevinga ovanfor.
Når det gjeld forslaget i proposisjonen her om at inngangsmateriale skal kunne takast unna innsyn etter § 242 a, meiner departementet at det klart ligg innanfor dei grensene som er trekte opp i EMK artikkel 6. Det er ikkje tale om opplysningar som påtalemakta bruker i straffesaka. Omsyna som kan gi grunn til unntak etter føresegna, er godkjende av EMD, og omsynet til den sikta sitt forsvar kjem med i vurderinga av om nekting av innsyn er «strengt nødvendig og (…) ikke medfører vesentlige betenkeligheter av hensyn til den siktedes forsvar.», jf. § 242 a andre ledd. I Ot.prp. nr. 24 (2002 – 2003) side 72 heiter det om vilkåret «strengt nødvendig» at det ligg eit krav om at unntak frå innsynsretten er naudsynt for å sikre dei verdiane som ligg bak unntaka i bokstav a til d.
Departementet meiner at forslaget om å rekne innsynssaka og provavskjeringssaka som eigne saker, uavhengig av den opphavlege straffesaka, og å avskjere innsynsrett og andre prosessuelle rettar i desse, også ligg innanfor det rommet nasjonale styresmakter har til å handle etter artikkel 6. EMD har, som omtala ovanfor, slått fast at ulempene ved å nekte den sikta tilgang til informasjon påtalemakta har, må vegast opp av prosessuelle regler ved avgjerda om å nekte innsyn. Det skal etter straffeprosessloven § 100 a verte oppnemnd ein særskild advokat for å ta hand om interessene til den mistenkte/sikta i saka. Dette er eit moment som EMD har lagt stor vekt på. Når det vert oppnemnd ein særskild advokat, er det ikkje avgjerande at den mistenkte/sikta ikkje vert trekt inn i saka og gitt høve til å uttale seg.
Departementet meiner at jamvel framlegget om ikkje å varsle om avslag på kravsmål om å nekte innsyn eller å avskjere prov, er i samsvar med EMK artikkel 6. Når påtalemakta har kravd innsynsnekt etter § 242 a eller provavskjering etter § 292 a, men fått avslag, vert ikkje rettsstoda til den mistenkte/sikta påverka på noko vis. Ein kan difor ikkje seie at den mistenkte/sikta er fråteken retten til ein rettvis rettargang, jf. artikkel 6(1).