0 Innleiing
Finansdepartementet legg med dette fram forslag til:
lov om endringar i lov 19. juni 1964 nr. 14 om avgift på arv og visse gaver
lov om endringar i lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift
lov om endring i lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering
lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane
lov om endring i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift
lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)
lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)
lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)
lov om endring i lov 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon
lov om endringar i lov 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)
lov om endring i lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. (forsikringsloven)
I proposisjonen inngår:
Forslag om pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande mv.
Forslag om lik handsaming av utbytte og gevinst i skjermingsmetoden for deltakarlikna selskap
Forslag om at ytingar etter lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg behandlast som pensjonsinntekter i høve til skattereglane
Forslag om endring i regelen om særfrådrag og skatteavgrensing for mottakarar av attførings- og rehabiliteseringspengar kombinert med uførepensjon
Forslag om at behovsprøvd barnetillegg til mottakarar av tidsavgrensa uførestønad påleggjast trygdeavgift med låg sats
Forslag om avgrensa skattefritak for fri kost for sokkelarbeidarar
Forslag om skattefritak for hyretillegg for sjøfolk mv.
Forslag om auking av reindriftsfrådraget
Forslag om skattefritak for Verdipapirforetakenes sikringsfond
Forslag om endringar i reglane om likningsstaden for og innrapportering frå deltakarlikna selskap
Forslag om at offentlege oppgåvegivarar pliktar å nytte elektronisk meldeform ved levering av oppgåver til folkeregisteret
Forslag om at innløysingssummen kan leggast til grunn for berekninga av dokumentavgift ved innløysing av festetomter
Forslag om at visse tilleggsytingar skal omfattast av meirverdiavgiftsplikta for overnattingstenester
Omtale av meirverdiavgiftsføresegnene ved utleige av lokalar til konferansar og møte
Omtale av føresegnene for meirverdiavgift for utanlandske turoperatørar mv.
Forslag om endring av meirverdiavgiftsføresegnene ved formidling av romutleige o.a. i utlandet
Forslag om unntak frå meirverdiavgiftsområdet for yrkesmessig utleige av hytter, ferieleilegheiter og andre fritidseigedomar
Forslag om unntak frå meirverdiavgiftsplikt ved interne transaksjonar i frivillige organisasjonar
Forslag om at virkeområdet i eigedomsskattelova utvidast til å gjelde heile kommunen og ikkje berre område som er utbygde på byvis
Forslag om oppretting av lovtekst