5 Behovsprøvd barnetillegg til mottakarar av tidsavgrensa uførestønad
5.1 Innleiing
Mottakarar av tidsavgrensa uførestønad har hatt rett til eit standardisert barnetillegg på linje med mottakarar av attførings- og rehabiliteringspengar. Tillegget blir skattemessig handsama som hovudytinga, det vil seie at det blir ilagt trygdeavgift med mellomsats. Tillegget blir også rekna som pensjonsgivande inntekt etter folketrygdlova § 3-15.
Det behovsprøvde barnetillegget har fram til no berre blitt gitt til alders- og uførepensjonistar og har derfor ikkje vore pensjonsgivande. Det behovsprøvde barnetillegget har på same vis som hovudytinga desse pensjonistane mottek, berre blitt ilagt trygdeavgift med låg sats.
Frå og med 1. juni 2006 har mottakarar av tidsavgrensa uførestønad rett til behovsprøvd barnetillegg etter dei same reglane som alders- og uførepensjonistar, jf. endringslov til folketrygdlova av 16. desember 2005 nr. 119. Barnetillegget blir ikkje rekna som pensjonsgivande inntekt etter folketrygdlova § 3-15. Det har ikkje tidlegare blitt teke stilling til kva sats det skal svarast trygdeavgift etter. Finansdepartementet fremmar her forslag om at det behovsprøvde barnetillegget skal ileggjast trygdeavgift med låg sats.
5.2 Departementet sine vurderingar og forslag
Ved den skattemessige handsaminga av trygdeytingar som skal kompensere for bortfallen arbeidsinntekt, kan det skiljast mellom ytingar som dekker midlertidige og varig bortfalne inntekter. Ytingar ved midlertidig bortfall blir likestilte med den arbeidsinntekta dei erstattar. Dette kunne trekke i retning av at også barnetillegget blir ilagt trygdeavgift med mellomsats på same vis som den tidsavgrensa uførestønaden.
Det behovsprøvde barnetillegget er ikkje pensjonsgivande inntekt. Tradisjonelt har ikkje slik inntekt blitt ilagt trygdeavgift utover låg sats. Dei høgare trygdeavgiftssatsane har blitt ilagt inntekter som klassifiserast som pensjonsgivande, og den høgare avgiftsatsen reflekterer då dei rettane som blir opptente. Etter departementet si vurdering talar dette for at ytinga berre skal ileggjast trygdeavgift med låg sats. Ei slik løysing vil også leie til at det behovsprøvde barnetillegget er gjenstand for same skattlegging uavhengig av om det blir gjeve til pensjonistar eller mottakarar av tidsavgrensa uførestønad. Dette er formålstenleg sidan vilkåra for, og utmålinga av ytinga, er like for dei to gruppene.
Løysinga vil innebere ei skattemessig lempelegare handsaming enn kva som gjeld for det standardiserte barnetillegget til mottakarar av rehabiliterings- og attføringspengar. Departementet legg til grunn at dette ikkje vil vere problematisk sidan tillegget for desse er pensjonsgivande. Mottakarar av tidsavgrensa uførestønad som framleis skal motta standardisert barnetillegg, skal som tidlegare svara trygdeavgift med mellomsats for tillegget.
Departementet viser til forslag til ny bokstav e) i folketrygdlova § 23-3 nr. 1.
Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks og med verknad frå og med 1. juni 2006.
5.3 Økonomiske konsekvensar
Låg trygdeavgiftssats på det behovsprøvde barnetillegget for mottakarar av tidsavgrensa uførestønad gjer eit provenytap på knapt 4 mill. kroner påløpt i 2006, og knapt 3 mill. kroner bokført.