2 Skjermingsmetoden for deltakarlikna selskap – fritak frå skattlegging av deltakarar for den del av overskott i selskap som kjem av gevinst på aksjar
2.1 Bakgrunn
Med verknad frå og med inntektsåret 2006 er det gitt nye reglar for skattlegging av deltakarar i deltakarlikna selskap, jf. skjermingsmetoden for deltakarar i deltakarlikna selskap. Reglane inneber mellom anna at aksjeutbytte som blir delt ut til eit deltakerlikna selskap skal haldast utafor ved utrekninga av den alminnelege inntekta til deltakarane frå selskapet, jf. skattelova § 10-41 andre ledd.
Deltakarlika selskap (mellom anna ansvarleg selskap og kommandittselskap) er ikkje eigne skattesubjekt. Overskotet blir skattlagt på eigaranes hand, gjennom ei skattlegging av deltakarane etter kvart som overskotet blir tent opp, kombinert med ei ny skattlegging med skjerming viss overskotet blir delt ut til ein deltakar som er ein fysisk person.
Skattelova § 10-41 andre ledd inneber at aksjeutbytte som deltakerlikna selskap mottek, ikkje blir skattlagt når det deltakerlikna selskapet mottek utbyttet, men først ved utdeling til personlege deltakarar. Med denne føresegna unngår ein at utbytte, som blir delt ut av overskott som allereie er skattlagt i aksjeselskapet, også blir skattlagt både når det blir delt ut til det deltakerlikna selskapet og ved utdeling frå det deltakarlikna selskapet til ein personleg deltakar. Føresegna i skatteloven § 10-41 andre ledd sikrar at maksimal samla skattlegging av utbyttet blir 48,16 pst., når aksjeselskap og personleg deltakar blir sett under eitt.
Eit tilsvarande unntak er ikkje fastsett for gevinstar ved realisasjon av aksjar. Gevinsten blir skattlagt både når det deltakerlikna selskapet realiserer aksjane, og når gevinsten blir delt ut frå det deltakerlikna selskapet til ein personleg deltakar. Skatteplikta ved realisasjon motsvaras av ein tilsvarande rett til frådrag for tap på aksjar.
2.2 Departementet sine vurderingar og forslag
Omsynet til symmetri tilseier at også overskott i form av gevinstar på det deltakerlikna selskapet si hand bør bli unnateke frå skattlegging når dei opptenast av det deltakerlikna selskapet, og først skattleggast når inntekta blir delt ut til ein personleg deltakar, på same måte som aksjeutbytte. Det var likevel ønskjeleg med ei noko breiare vurdering av om ein utviding til gevinst kunne medføre særskilt fare for tilpassingar, særleg i internasjonale forhold, enn det var høve til før framlegginga av Ot.prp. nr. 92 (2004-2005).
Departementet har vurdert denne problemstillinga nærmare, og kome til at også gevinstar ved realisasjon av aksjar først bør skattleggast når gevinsten blir delt ut til personlege deltakarar i det deltakarlikna selskapet. Departementet viser til at det objektive verkeområdet til fritaksmetoden omfattar både gevinstar av aksjar og aksjeutbytte, og at omsynet til samanheng i regelverket tilseier ei tilsvarande løysing på dette punkt. Etter departementet si vurdering er det ikkje nokon særskilt fare for omgåing som bør stenge for ein slik lik handsaming av gevinstar og utbytte.
Departementet legg elles vekt på at den ulike handsaminga av gevinstar og utbytter i seg sjølv gir høve til tilpassingar. Eit deltakerlikna selskap vil kunne ta imot overskott som aksjeutbytte utan skattlegging, samstundes som dei personlege deltakarane kan oppnå frådrag for underskott ved å realisere aksjar med tap. Ein slik asymmetri er uheldig, og strir med grunnleggande prinsipp for eit godt skattesystem.
Departementet foreslår derfor å utvide unntaket for skattlegging av aksjeutbytte til å omfatte også gevinstar og tap ved realisasjon av aksjar. Departementet viser til forslag til endring av skattelova § 10-41 andre ledd.
Ovannemnde unntak skal gjelde likt for utbytte, gevinstar og tap på aksjar i selskap heimehørande både i og utanfor Noreg, med dei same grensane som gjelder for verkeområdet til fritaksmetoden. For fritaksmetoden sin del er det objektive verkeområdet regulert i skatteloven § 2-38 andre til fjerde ledd. Det er hensiktsmessig at heimelen for unntak i § 10-41 andre ledd viser direkte til disse føresegnene.
Av omsyn til at det etter framlegginga av dette forslaget ikkje skal vere mogleg å utnytte asymmetrien til uønskte tilpassingar for framtida, foreslår departementet at endringa skal gjelde frå og med den dagen endringa blir lagt fram av Regjeringa (12. mai 2006).
Departementet legg til grunn at endringane vil få svært avgrensa økonomiske og administrative følgjer.