13 Endringar i meirverdiavgiftslovgivinga
13.1 Meirverdiavgift på overnattingstenester o.a.
13.1.1 Innleiing
Som ei oppfølging av Stortinget sitt vedtak om meirverdiavgift på overnattingstenester frå 1. september 2006 er det naudsynt å klargjere enkelte spørsmål. Dette gjeld mellom anna grensedragingar mot tilleggsytingar som vert tilbodne i samband med overnattingstenester, utleige av lokale til konferansar og møter o.a., utanlandske turoperatørar si formidling og/eller sal i eige namn o.a., formidling av overnatting i utlandet o.a. og yrkesmessig utleige av fritidsbustader o.a. Denne gjennomgangen vart varsla då statsbudsjettet 2006 vart lagd fram. Departementet viser til Ot.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte- og avgiftsopplegget 2006 – lovendringer avsnitt 25.2 og Ot.prp. nr. 26 (2005-2006) Om lov om endringer i skatte- og avgiftslovgivningen (endret skatte- og avgiftsopplegg 2006 mv.) kapittel 5 jf. Ot.meld. nr. 1 (2005-2006) Om tilbaketrekning av deler av Ot.prp. nr. 1 (2005-2006) Skatte- og avgiftsopplegget 2006 – lovendringer.
13.1.2 Tilleggsytingar
Mange hotell tilbyr gjestane andre ytingar i tillegg til overnatting. Dei mest vanlege tilleggsytingane er tilgang til symjebasseng, badstove, trimrom og andre treningsfasilitetar, rett til parkering, tilgang til betal-tv og internett samt vask og rens av klede. Det varierer om vederlaget for desse ytingane er innbakt i romprisen eller om vederlaget vert oppkravd særskilt. Det ser ut til at det vert meir og meir vanleg med slike tilleggsytingar, og det vil kunne endre seg over tid kva overnattingsgjester ventar å få tilsynelatande gratis.
Etter forvaltningspraksis er aktivitets- og servicetilbod som hotell yter ved sida av overnatting sjølvstendige ytingar etter meirverdiavgiftsregelverket. Dette gjeld i utgangspunktet uavhengig av om vederlaget vert oppkravd særskilt eller om vederlaget for tilleggsytinga inngår i romprisen.
Hotellet har full frådragsrett for inngåande avgift på varer og tenester som vert skaffa til verksemd med tilleggsytingar som er omfatta av meirverdiavgiftsloven. Til gjengjeld skal hotellet krevje opp 25 % meirverdiavgift av vederlaget. Er ytinga av ein art som er utanfor meirverdiavgiftsområdet, slik eksempelvis tilgang til symjebasseng er, føreligg ingen frådragsrett. Hotellet skal dermed heller ikkje krevje opp meirverdiavgift av vederlaget for denne tenesta. Varer og tenester som vert skaffa til bruk både innanfor og utanfor avgiftsområdet gjev forholdsmessig frådrag, og dette kan typisk vere aktuelt for kontor, parkeringsplassar, lobby og datautstyr.
Det er ønskjeleg å redusere vanskane med å fordele inngåande avgift. Departementet finn det difor føremålstenleg om enkelte tilleggstenester vert definerte som ein del av overnattingstenesta, under føresetnad av at det ikkje vert kravd eige vederlag for tenestene og at tenestene er eit naturleg ledd i overnattingsverksemda. Ei slik tilnærming vil innebere at for eksempel tilgang til basseng og trimrom vert rekna som ein del av overnattingstenesta. Ein kan tenkje seg at også andre ytingar vert tilbodne som eit naturleg ledd i overnattingstenesta, for eksempel biljard. Rett til å spele golf eller å nytte tilbod som inngår i eit SPA-opphald, kan etter departementet sitt syn i denne samanhengen ikkje reknast som eit naturleg ledd i overnattingstenesta. Vilkåret om at det ikkje vert kravd eige vederlag for tenestene forutset at kostnadene og eventuell forteneste vert jamt fordelt i romprisen. Dette kan skape kontrollproblem og kan gje insentiv til at hotella vel å tilby tilleggstenester inkludert i romprisen. Likevel er det grunn til å tru at hotella i stor grad vil velje å prise slike tilbod separat. Hotella har gjester med ulike prioriteringar, og ikkje alle er villige til å betale for tilbod som ikkje vert nytta.
Mange hotell let også andre enn overnattingsgjestene få tilgang til eksempelvis bassenget. Normalt vil gjester som berre nyttar bassenget, betale særskilt for dette. Dersom overnattingsgjestene sin bruk av bassenget vert rekna å inngå i romutleiga, vil bassenget i slike tilfelle vere nytta dels innanfor og dels utanfor meirverdiavgiftsområdet. Det same gjeld andre varer og tenester som hotellet har skaffa til bruk både i si avgiftspliktige verksemd og i unntatt omsetning av retten til å nytte symjebassenget. Hotellet skal likevel ikkje fordele inngåande avgift på innkjøpet dersom den unntatte omsetninga normalt ikkje overstig 5 % av den samla omsetninga.
Det oppstår ikkje vanskar med fordeling av frådragsretten for tenester som etter sin art allereie er innanfor meirverdiavgiftsområdet, eksempelvis servering, betal-tv, minibar etc. For innkjøp til slik verksemd er det full frådragsrett. Det er difor ikkje grunnlag for å rekne desse som ein del av overnattingstenesta. For slike tenester skal hotellet krevje meirverdiavgift med full sats og vederlaget for dette må spesifiserast særskilt. Likevel er det naudsynt å sjå nokre typar tenester som så underordna overnattingstenesta at ytinga må reknast som ein del av overnattingstenesta. Dette er typisk tilleggstenester som berre utgjer eit verkemiddel for at kunden kan utnytte hovudtenesta betre.
Departementet føreslår etter dette at meirverdiavgiftsplikta med redusert meirverdiavgiftssats på 8 % skal omfatte tilleggsytingar som inngår i vederlaget for utleiga og som er eit naturleg ledd i overnattingsverksemda, jf. framlegg til § 5a nytt tredje ledd.
Det følgjer av meirverdiavgiftsloven § 5a noverande tredje ledd at departementet kan gje forskrifter om avgrensing og utfylling av føresegnene i § 5a første og andre ledd. Departementet føreslår samtidig å utvide denne forskriftsheimelen slik at den også omfattar framlegget til nytt tredje ledd. Sjå framlegg til § 5a nytt fjerde ledd.
13.1.3 Utleige av lokale til konferansar og møte o.a.
Utleigarar av selskapslokale skal etter gjeldande regelverk rekne 25 % meirverdiavgift på utleige som skjer i samband med servering. I dag avheng difor avgiftsplikta av om utleigaren yter servering eller ikkje saman med utleige av slike lokale. Frå 1. september skal hotell o.a. oppkrevje 8 % meirverdiavgift når dei leiger ut lokale til konferansar og møter o.a. Utleige som skjer i samband med servering skal som i dag avgiftsleggjast med 25 %. Dette inneber både konkurransevridingseffektar som i noen grad oppstår overfor andre utleigarar av slike lokale, og kontrollproblem som følgje av skiljet mellom låg og høg sats.
Av førearbeida til vedtaking av meirverdiavgift på overnattingstenester o.a., Ot.prp. nr. 1 (2005-2006) avsnitt 25.2.5, framgår det at hotell o.a. si utleige av slike lokale skal avgiftsleggjast. Dette bør gå fram av loven, jf. framlegg til lovfesting i meirverdiavgiftsloven § 5a andre ledd nr. 3.
13.1.3.1 Konkurransevridingseffektar
På grunn av frådragsretten for inngåande meirverdiavgift vil hotell o.a. få lågare driftskostnader til denne verksemda enn andre utleigarar av lokale til konferansar og møter o.a. Dette kan slå ut i lågare prisar eller høgare forteneste for hotella. Konkurransefordelen kan bli opptil 25 %, under føresetnad av at majoriteten av leigetakarane enten vil ha frådragsrett eller rett til kompensasjon. For å motverke denne konkurransevridinga bør ein vurdere å innføre generell meirverdiavgift ved utleige av lokale til møter og konferansar. Departementet vil difor vurdere om også andre utleigarar enn hotell o.a. skal oppkrevje meirverdiavgift ved utleige av lokale til konferansar og møter o.a.
13.1.3.2 Skiljet mellom låg og høg sats
Departementet legg til grunn at det kan oppstå kontrollmessige problem i tilknyting til skiljet mellom låg og høg sats. Unøyaktige kalkylar eller mangelfull registrering av omsetninga kan gjere det vanskeleg å fastslå i kva grad lokala vil verte/er utleigde med servering eller ikkje. Departementet vil i samband med vurderinga av spørsmålet om å innføre generell avgiftsplikt på utleige av lokale til møter o.a. også vurdere om ein bør oppheve skiljet mellom utleige med og utan servering.
13.1.4 Utanlandske turoperatørar og overnatting i Noreg
Det følgjer av lovvedtaket, sjå § 5a andre ledd ny nr. 2, og dei grunnleggjande prinsippa som meirverdiavgiftssystemet byggjer på at overnatting i Noreg skal skattleggjast med norsk meirverdiavgift. Dette gjeld uavhengig av kven gjesten er og uavhengig av om overnattinga for eksempel er bestilt direkte frå overnattingsstaden eller via ein turoperatør. Å skattleggje ei overnattingsteneste i den jurisdiksjonen der eit hotell ligg, vil vere i tråd med praksis i alle landa det i denne samanhengen er naturleg å samanlikne med, for eksempel EU-landa og andre OECD-land. Noreg er elles det siste landet innan OECD som innfører meirverdiavgift på overnattingstenester, med unntak av USA som ikkje har eit meirverdiavgiftssystem.
Når ein utanlandsk turoperatør formidlar reise og opphald i Noreg, vil han frå 1. september måtte vidarefakturere til sine kundar den norske meirverdiavgifta som påløper på reisa og opphaldet til kundane i Noreg. Likevel vil turoperatøren ikkje verte avgiftspliktig til Noreg for denne omsetninga sjølv om det vert rekna norsk meirverdiavgift på sjølve overnattingstenesta. Dersom den utanlandske kunden er på forretningsreise vil vedkommande elles kunne få refundert den norske meirverdiavgifta på overnattinga gjennom den generelle refusjonsordninga for utanlandske næringsdrivande som har meirverdiavgiftskostnader i Noreg, sjå meirverdiavgiftsloven § 26a. Turoperatøren vil også kunne søkje slik refusjon, men då berre for eigne og ikkje kundane sine reise- og opphaldsutgifter i Noreg. Dette vil også tilsvare refusjonsordningar som alle land innan EØS-området har.
Dersom ein utanlandsk turoperatør i realiteten gjer noko meir enn å formidle reise og overnatting i Noreg, vil han kunne verte avgiftspliktig til Noreg for denne omsetninga. Dersom ein etter ei konkret vurdering kjem til at turoperatøren i realiteten sjølv omset overnattingstenester i Noreg, vil han også bli registreringspliktig for meirverdiavgift i Noreg for denne omsetninga. Dette vil særleg vere aktuelt der operatøren også sel overnatting til norske kundar. Vedkommande vil då ha avgiftspliktig omsetning i Noreg som det skal reknast norsk meirverdiavgift av. Dette vil elles gjerne vere omsetning som ikkje er avgiftspliktig der den utanlandske turoperatøren er etablert, slik at det i desse tilfella ikkje vil oppstå dobbel avgift av same tenesta, men avgift ein stad.
Dersom den utanlandske turoperatøren vert rekna å drive avgiftspliktig verksemd i Noreg, inneber det at han må registrere seg i det norske meirverdiavgiftsmanntalet ved ein norsk avgiftsrepresentant, sjå meirverdiavgiftsloven § 10 tredje ledd og forskrift 31. mars 1977 om registrering av utenlandsk næringsdrivende ved representant m.v.
Registrering ved norsk avgiftsrepresentant er ei til dels tungvinn og kostbar løysing. Men dette problemet er generelt og gjeld ikkje berre utanlandske turoperatørar. Finansdepartementet har bede Skattedirektoratet om å vurdere forenklingar av denne ordninga, for eksempel ved at utanlandske næringsdrivande skal kunne registrere seg direkte utan bruk av representant. Departementet vil eventuelt komme tilbake til dette.
13.1.5 Formidling av romutleige o.a. i utlandet
Formidlingsteneste som vert ytt til mottakar som høyrer heime i Noreg, vert i utgangspunktet rekna som forbrukt her sjølv om formidlinga gjeld for eksempel overnatting i utlandet. Dei alminnelege prinsippa i loven tilseier då at formidlinga skal skattleggjast her. Dette kan gjere at nordmenn kjøper reiser frå reisearrangørar i utlandet – for å unngå meirverdiavgiftskostnaden – i staden for av norske reisearrangørar. Difor er det uttalt i førearbeida til vedtaking av meirverdiavgift på formidling av overnattingstenester o.a. at departementet ser det som naturleg at det inntil vidare gjeld ein nullsats for formidlingstenester av hotellopphald i utlandet slik som for hovudtenesta. Dette er i samsvar med det som gjeld ved formidling av transport til og frå utlandet. Fritaka inneber nullskattleggjing for desse tenestene. Dette kjem av at formidlingstenesta vert forbrukt her, og dermed ikkje vil skattleggjast i det landet hovudtenesta vert forbrukt og skattlagd. Dette tilsvarer situasjonen når utanlandske turoperatørar formidlar reise og opphald i Noreg. Overnattinga vert skattlagd her, men ikkje turoperatøren si formidlingsteneste. Verken OECD eller EU har funne hensiktsmessige måtar å avgiftsleggje slik verksemd. Dersom arbeid i OECD eller EU seinare gjev semje om kvar formidlingstenesta bør avgiftsleggjast, vil departementet eventuelt komme tilbake til dette.
Desse fritaka bør gå fram av loven. Lovfestinga bør omfatte også formidling av overnatting på Svalbard og Jan Mayen og reise til/frå Svalbard og Jan Mayen. Også formidling av for eksempel persontransport i utlandet, Svalbard og Jan Mayen bør nullsatsast og fritaket bør vere lovheimla. Departementet føreslår samstundes eit fritak for formidling av utleige av fast eigedom til camping når denne utleiga skjer i utlandet, på Svalbard eller Jan Mayen. Vidare føreslår departementet at fritaket også skal gjelde for formidling av serveringstenester og utleige av transportmiddel når desse tenestene vert levert i utlandet, på Svalbard eller Jan Mayen. Når det gjeld formidling av teaterbillettar og liknande, er formidling av dette alt unntatt. Det er difor ikkje naudsynt å lovfeste eit fritak for formidling av slike tenester. Framlegga er i stor grad lovfesting av ein alt etablert praksis og inneber at formidling av reisetenester som vert leverte i utlandet i det alt vesentlege vil vere fritatt for avgiftsrekning (nullsats). Departementet viser til framlegg til meirverdiavgiftsloven § 16 første ledd ny nr. 10.
13.1.6 Yrkesmessig utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom
13.1.6.1 Innleiing
Da Stortinget vedtok å ta overnattingstenester inn i meirverdiavgiftssystemet vart det samstundes bestemt at også yrkesmessig utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom skulle komme innanfor meirverdiavgiftsområdet. Følgjande vart uttalt i Ot.prp. nr. 1 (2005-2006) avsnitt 25.2.5 under overskrifta «Romutleie i hotellvirksomhet mv.» 6. og 7. avsnitt:
«Ved vurderingen av om utleie av hytter også skal omfattes av merverdiavgiftsplikten, må det foretas en avveining mellom hensynet til et nøytralt system og hensynet til et system som lar seg praktisere på en grei måte. Departementet viser til at det er flere grunner som taler for å holde privat hytteutleie utenfor avgiftsområdet, selv om utleien kan anses som næringsvirksomhet i forhold til merverdiavgiftsloven. Det vil blant annet kunne medføre både avgiftstekniske og kontrollmessige problemer. Dette gjelder imidlertid etter departementets mening ikke for den utleie av hytter og ferieleiligheter som drives i regi av for eksempel hoteller, campingplasser og andre profesjonelle aktører. Dette er som regel hytter eller leiligheter som er oppført utelukkende til utleieformål. Etter departementets oppfatning er det nødvendig av nøytralitetshensyn at den profesjonelle utleievirksomheten underlegges merverdiavgiftsplikt.
Nærmere avgrensning mellom merverdiavgiftspliktig utleie av hytter eller ferieleiligheter og unntaket for utleie av fast eiendom til camping vil bli vurdert fastsatt i forskrift.»
Etter lovvedtaket skal det altså reknast meirverdiavgift også av yrkesmessig utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom frå 1. september i år.
Det framgår av førearbeida at det berre er profesjonell utleigeverksemd som vert omfatta. Finansdepartementet har i samsvar med det som vart varsla til Stortinget, føreteke ei nærare vurdering av kva slags yrkesmessig utleige av fritidseigedom og liknande som skal avgiftsleggjast. Denne vurderinga har mellom anna vist at det føreligg ei rekkje ulike variantar av slike utleigeforhold.
Vanlegvis vil det vere økonomisk gunstig å falle utanfor meirverdiavgiftssystemet. Fordi utgåande avgift på slik yrkesmessig utleige er på berre 8 % og det er fullt frådrag for inngåande avgift med 25 %, kan det oppnåase store meirverdiavgiftsfordelar for utleigarar av fritidseigendom når desse har oppføringskostnadene framfor seg. Desse fordelane aukar da utleigaren etter gjeldande regelverk kan ta bygget ut av utleigeverksemda, for eksempel for å ta det i bruk privat, alt tre år etter fullføringa, utan at dette vil få avgiftsmessige konsekvensar. Det vil seie at utleigaren ikkje har plikt til å tilbakeføre avgiftsfrådraget for oppføringskostnadene.
Fritidsbustader er typisk egna for privat bruk, og frådragsretten for oppføringskostnader på slike fritidseigedomar kan utgjere store beløp. Difor kan avgiftsføresegnene utilsikta motivere privatpersonar til å innrette seg slik at dei oppnår frådragsrett ved bygging. Departementet har ikkje funne tilfredsstillande kriterium for å avgrense profesjonell utleige mot annan utleige. Kontrollmuligheitene vil vere små. Avgrensingsvanskane og dei store muligheitene for å innrette seg etter regelverket, gjer at departementet føreslår at lovvedtaket vert endra slik at yrkesmessig utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom likevel ikkje skal meirverdiavgiftsleggjast frå 1. september i år. Framlegget gjeld likevel ikkje utleige av hytter og ferieleilegheiter utelukkande oppført til utleigeføremål når utleiga vert driven i regi av for eksempel hotell, jf. omtale i førearbeida.
Departementet føreslår at ein i staden ventar med å vurdere å innføre generell meirverdiavgift for yrkesmessig utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom til det er fastsett meir eigna føresegner som sikrar skattlegging/justert frådragsrett for utleigeobjekt som vert tekne ut til privat bruk eller til bruk utanfor loven.
Framlegget til lovendring inneber at andre utleigarar av fritidseigedom enn hotell o.a. ikkje skal rekne 8 % på utleige av fritidseigedomen eller oppfylle andre plikter som følgjer av meirverdiavgiftsregelverket. Denne gruppa vil dermed heller ikkje ha frådragsrett for inngåande meirverdiavgift.
Det er stor byggjeaktivitet i denne marknaden. Departementet har inntrykk av at det vert meir og meir vanleg å innrette seg også med tanke på å oppnå meirverdiavgiftsfordelar. Det kan difor vere ulagleg for enkelte aktørar dersom framlegget til lovendring vert vedteke. Likevel er det både fagleg og ut frå det som er rimeleg, betre å endre regelverket før endringa skal tre i kraft. Det vart elles varsla at departementet ville sjå nærare på dette før ikrafttredinga. Dersom denne typen verksemd først vert tekne inn i meirverdiavgiftsområdet, vil det vere vanskeleg å stramme inn regelverket seinare.
13.1.6.2 Nærare om bakgrunnen for framlegget
Stortinget har vedteke at yrkesmessig utleige av hytter, ferieleilegheiter og fritidseigedomar skal falle innanfor avgiftsområdet frå 1. september 2006. Dersom samla leigevederlag i løpet av ein periode på 12 månader overstig registreringsgrensa på kr 50 000, vil retten til registrering avhenge av om utleiga vert driven yrkesmessig og i næringsverksemd.
For denne typen utleige gjeld ein låg meirverdiavgiftssats og full frådragsrett. Vidare har utleigaren høve til å ta bygget ut til eksempelvis privat bruk alt tre år etter at det er ferdig oppført utan at dette får avgiftsmessige konsekvensar. Desse forholda gjer at utleigarar som kjem innanfor meirverdiavgiftssystemet kan spare store meirverdiavgiftsbeløp. Utleigaren får frådragrett for inngåande avgift på utgifter til oppføring og drift av fritidseigedomen når han vert registrert i avgiftsmanntalet. Frådragsretten omfattar også utgifter som knyter seg til sjølve utleigeverksemda, eksempelvis pc, mobiltelefon og reiseutgifter i samband med vedlikehald etc. Dette kombinert med at fritidseigedomar er svært eigna for privat bruk, gjev grunn til å tru at viljen til å utfordre avgiftssystemet gjennom ulike tilpassingar vil vere stor. Det som vil framstå som yrkesmessig utleige av fritidseigedomar vil difor i realiteten kunne dreie seg i større eller mindre grad om privat bruk.
Når eit bygg er til bruk i verksemd kor det oppkrevjast full (25 %) utgåande meirverdiavgift, tek det vanlegvis lenger tid enn tre år før staten har tent inn verdien av det som er frådragsført i tilknyting til oppføring av bygg. Med den låge satsen på 8 % tek denne innteninga monaleg lenger tid. Føresegna slik den vart vedteken er difor svært gunstig sett frå utleigaren sin ståstad når denne har oppføringskostnader framfor seg.
13.1.6.3 Uttaksavgiftsleggjing
Ved avgiftsplikt for fritidseigedomar som dels vert nytta i utleigeverksemd og dels til privat bruk, vil det som nemnt medføre full rett til frådrag for inngåande avgift på kostnader til oppføring, vedlikehald og drift etc. Når utleigaren nyttar fritidseigedomen sjølv, skal han etter gjeldande regelverk rekne uttaksmeirverdiavgift av den private bruken. Dette gjev både praktiske og ressursmessige kontrollproblem. I tillegg til at det vil vere vanskeleg å påvise omfanget av den privat bruken, kan det også gje problem å fastsetje verdien av uttaket. Det kan vidare vere vanskeleg å skilje mellom opphald som er naudsynt for å gjennomføre vedlikehald etc. av fritidseigedomen og privat bruk.
13.1.6.4 Behov for eigna uttaks- /justeringsføresegner
Etter gjeldande føresegner vert det ikkje kravd tilbakeføring av avgift når eit bygg vert teke ut av avgiftspliktig verksemd seinare enn tre år etter fullføring av bygget. Departementet finn at det er behov for å endre desse føresegnene. Til dømes kan ein fastsetje plikt til å betale utgåande meirverdiavgift med full sats dersom fritidsbustaden vert teken ut av utleigeverksemda til føremål utanfor loven, til dømes til privat bruk. Ei slik føresegn vil vere eit unntak frå føresegna om at omsetning av fast eigedom er utanfor meirverdiavgiftsområdet. Det er ønskjeleg å utgreie eit slikt framlegg nærare.
Alternativt kan ein innføre ei føresegn om at frådragsført inngåande avgift som gjeld hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom som har vore nytta i yrkesmessig utleigeverksemd, medrekna tilknyting til hotellverksemd o.a., skal tilbakeførast dersom bygget før fullføring eller innan eit fastsett tal år etter fullføringa vert disponert til føremål utanfor loven. Dette bør likevel ikkje gjelde ved dødsfall, konkurs eller andre tilhøve der tilbakeføring av avgifta vil vere særleg urimeleg for den avgiftspliktige. Til samanlikning viser vi til føresegnene for direkte skatt der bygg til losji og liknande vert saldoavskrivne med 4 % årleg noko som tilseier at bindingstida bør vere lang. Saldoavskrivingane inneber at driftsmiddelet er nedskriven til drygt ein tredjedel etter 25 år. Men også eit slikt framlegg må utgreiast nærare.
Ei føresegn om plikt til å rekne utgåande meirverdiavgift med full sats dersom fritidsbustaden vert teken ut av avgiftsområdet, eventuelt at det vert kravd avgiftsrefusjon ved endring av bruken innan ei fastsett tid etter fullføring, vil redusere omgåingsfaren i monaleg større grad enn gjeldande 3-årsgrense. Ei slik endring vil likevel måtte utgreiast nærare og heng saman med det arbeidet som pågår i departementet med framlegg til nye, generelle meirverdiavgiftsføresegner for uttak, gratisarbeid og justeringsføresegner. Eit slikt framlegg har vore på høyring, og departementet tek sikte på å utarbeide eit lovframlegg i løpet av 2006, slik det tidlegare er varsla. Det er departementet sitt syn at yrkesmessig utleige av fritidseigedomar ikkje bør avgiftsleggjast før det er innført meir eigna uttaks-/ justeringsføresegner.
13.1.6.5 Nærare om framlegget
På grunn av vanskane med å unngå omgåing og å sikre at verknadene av regelverket kan forutseiast, føreslår departementet ei innstramming i høve til det som framgjekk av førearbeida til lovvedtaket, sjå sitatet ovanfor frå Ot.prp. nr. 1 (2005-2006). I førearbeida vart det uttalt at ein la til grunn at dei avgiftsmessige og kontrollmessige problema ikkje ville gjelde for utleige av hytter og ferieleilegheiter som vert drivne i regi av for eksempel hotell-, campingplassverksemd og andre profesjonelle aktørar, og at dette av nøytralitetsomsyn burde komme innanfor loven. Det er behov for å stramme inn verkeområdet for loven slik at berre utleige av fritidseigedomar som vert drivne i tilknyting til romutleige i hotellverksemd og liknande verksemd vert omfatta. Med liknande verksemd meiner vi eksempelvis motell-, pensjonat- og campingplassverksemder.
Framlegget gjer at mange fritidseigedomar kan leigast ut utan påslag av meirverdiavgift. Men slik verksemd vert vanlegvis driven i liten konkurranse med alminneleg overnattingsverksemd, og ei eventuell konkurransevriding vil uansett vere ubetydeleg på grunn av den låge satsen.
Meirverdiavgiftssystemet byggjer på eit prinsipp om at avgiftsplikta skal vurderast for kvart enkelt ledd i omsetningskjeden. Dette kan for eksempel innebere at eit varesal frå ein underleverandør ikkje utløyser avgiftsplikt på dette leddet, typisk sal frå ein privatperson til ein registrert vidareforhandlar, medan omsetninga frå vidareforhandlaren skal skje med avgift. Dette generelle prinsippet gjeld også ved utleige av fritidseigedomar gjennom fleire ledd. Dette medfører at om eit hotell leiger inn kapasitet frå ein ikkje-avgiftspliktig utleigar skal hotellet likevel oppkrevje utgåande meirverdiavgift av vederlaget det oppkrev frå overnattingsgjesten.
Departementet føreslår etter dette at avgiftsplikta med redusert meirverdiavgiftssats på 8 % skal omfatte utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom berre når slik verksemd vert driven i tilknyting til romutleige i hotellverksemd og liknande verksemd, jf. framlegg til § 5a andre ledd ny nr. 2 i meirverdiavgiftsloven. Framlegget inneber at orda «omsetning av» tas inn i føresegna. Endringa er av berre redaksjonell art.
Departementet vil eventuelt komme tilbake til framlegget når det er vedteke meir eigna uttaks- /justeringsføresegner for tilfelle der hytter og liknande vert tekne ut av utleigeverksemd og eksempelvis nytta privat.
13.1.6.6 Provenyoverslag
Innstramminga vil gje eit meirproveny på om lag 15 mill. kroner på årsbasis, og på om lag 5 mill. kroner påløypt og bokført samanlikna med saldert budsjett for 2006. I provenyberekninga i samanheng med saldert budsjett ble det ikkje lagt til grunn at private hyttebyggjare og liknande tilpasser seg. Dersom hyttebyggjarane tilpasser seg, vil provenytapet bli stort. Se også omtale i St.prp. nr. 66 (2005-2006) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2006 og St.meld. nr. 2 (2005-2006) Revidert nasjonalbudsjett 2006.
13.1.7 Formidling av utleige gjennom reisebyrå, bookingselskap etc.
I dag er formidling av romutleige i hotellverksemd o.a. utanfor avgiftsområdet, sjå meirverdiavgiftsloven § 5b første ledd nr. 10. Denne føresegna er vedteken oppheva frå 1. september 2006. Det følgjer av Ot.prp. nr. 1 (2005-2006) avsnitt 25.2.5 under overskrifta «Formidling av romutleie i hotellvirksomhet» at det skal reknast avgift etter den reduserte satsen som gjeld for sjølve utleigetenesta også for formidling av romutleige i hotell etc. samt yrkesmessig utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom. Når området for kva utleigetenester som skal vere omfatta av avgiftsområdet vert innsnevra, er det naturleg at også området for formidling som skal skje etter den reduserte satsen vert snevra inn. Departementet føreslår difor at den reduserte satsen blir nytta ved formidling av romutleige i hotellverksemd og liknande verksemd, utleige av fast eigedom til camping samt utleige av hytter, ferieleilegheiter og annan fritidseigedom i tilknyting til slik verksemd. Dette vil føre til at formidling av denne type tenester for ein større del skal skje etter standardsatsen. Departementet føreslår likevel å gjeninnføre eit unntak for formidling av utleige av fritidseigedomar, sjå framlegg til meirverdiavgiftsloven § 5b første ledd nr. 10.
Endringa vil truleg ha liten verknad på provenyet.
Vi viser elles til omtale i St.prp. nr. 66 (2005-2006) og framlegg til vedtak om meirverdiavgift (kap. 5521 post 70) § 3 bokstav f.
13.2 Innføring av meirverdiavgiftsunntak for interne transaksjonar i frivillige organisasjonar
13.2.1 Innleiing
Ideelle organisasjonar er i stor grad organisert slik at dei enkelte ledd – det sentrale leddet, regionale ledd og lokale ledd – er sjølvstendige rettssubjekt. Dei ulike ledda utfører i varierande omfang fellesoppgåver som eksempelvis rekneskap, it- og administrasjonsoppgåver for kvarandre. Fellesoppgåvene vert utførte mot vederlag. Storleiken på vederlaga og oppgjørsmåtane varierer. Felles er likevel ofte at storleiken på vederlaget skal svare til kostnadene ved å yte tenesta.
Organisasjonsstrukturen og måten fellesoppgåver vert løyste på kan gje plikt til å svare meirverdiavgift, men dette avheng av ei konkret vurdering, mellom anna av om det føregår omsetning og om denne omsetninga skjer i næring.
I B.innst. S. nr. 1 (2004-2005) Innstilling fra finanskomiteen om Nasjonalbudsjettet for 2005 og forslaget til statsbudsjett medregnet folketrygden for 2005 uttalte stortingsfleirtalet:
«Stortinget er kjent med at Finansdepartementet arbeider med en sak om behandlingen av merverdiavgift på interne transaksjoner i frivillige organisasjoner. Stortinget er enig om at det bør finnes en løsning på saken slik at transaksjoner av denne typen i stor grad faller utenfor merverdiavgiftspliktig omsetning. Stortinget ber Regjeringen gi en orientering om dette i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2005.»
Etter dette legg departementet til grunn at intensjonen til Stortinget er at frivillige organisasjonar ikkje skal fakturere med meirverdiavgift på interne transaksjonar.
Med heimel i meirverdiavgiftsloven § 70 har departementet inntil vidare gjeve avgiftsunntak for interne transaksjonar i mellom anna Norges Idrettsforbund og Norges Handikapforbund. Vedtaka er nærare omtalte under avsnitt 13.2.2.4. Departementet følgjer no opp dette med eit framlegg til lovvedtak. Dersom framlegget vert vedteke, vil dette erstatte dei nemnde § 70-unntaka med verknad frå ikrafttredingsdatoen for lovvedtaket. Framlegget har vore lagd ut på høyring.
13.2.2 Gjeldande rett
13.2.2.1 Omsetningsomgrepet
Det er ein føresetnad for avgiftsplikt at varer eller tenester er omsette mellom avgiftssubjekt, jf. meirverdiavgiftsloven § 13 og § 3. Etter meirverdiavgiftsloven § 3 nr. 2 er det rekna som omsetning mellom anna ved «ytelse av tjenester mot vederlag». Dette inneber eit krav om ei gjensidig utveksling av ytingar, altså at det må vere ein direkte samanheng mellom tenesta som vert ytt og vederlaget som ein tek i mot. Om det er slik direkte samanheng, vil avhenge av ei totalvurdering av mellom anna følgjande moment:
Det er spesifisert kva resultat ein skal oppnå i oppdraget som vederlaget er knytt til.
Oppdragsgjevaren har rett til å påverke korleis tenesta vert utforma i det oppdraget som vederlaget skal dekkje, slik at transaksjonen kan reknast som gjensidig forpliktande.
Oppdragsgjevaren har rett til erstatning om tenesta er mangelfullt utført.
Oppdragsgjevaren skal nytte tenesta til eige internt føremål.
13.2.2.2 Avgiftssubjekt
For at det skal vere avgiftsplikt må også dei enkelte ledda i ein organisasjon vere sjølvstendige avgiftssubjekt etter meirverdiavgiftsloven. Det framgår ovanfor at meirverdiavgifta forutset ein transaksjon mellom ulike avgiftssubjekt. Meirverdiavgiftsloven har ingen definisjon av kva for subjekt som skal reknast som avgiftssubjekt ut over det som går fram av meirverdiavgiftloven § 12 om avgiftsplikt for fleire verksemder med same eigar o.a. Meirverdiavgiftsmanntalet er likevel eit tilknytt register til Einingsregisteret jf. lov 3. juni 1994 nr. 15 om Einingsregisteret § 2 bokstav b. Ifølgje einingsregisterloven § 1 andre ledd skal alle tilknytte register nytte organisasjonsnummer og opplysningar frå Einingsregisteret. Einingsregisteret skal eintydig identifisere registreringseiningane. Forvaltningspraksis tek difor utgangspunkt i kva som er ei registreringseining etter definisjonen i einingsregisterloven ved vurderinga av kva som er eit avgiftssubjekt. Etter einingsregisterloven § 4 første ledd bokstav b skal mellom anna foreiningar og andre juridiske personar registrerast i Einingsregisteret.
13.2.2.3 Næringsverksemd
Etter meirverdiavgiftsloven § 10 er det eit vilkår for meirverdiavgiftsplikt at omsetninga skjer som ledd i næringsverksemd. Vurderinga av kva som er næringsverksemd vil i utgangspunktet vere den same som vert gjort i relasjon til skattelovgjevinga. Dette inneber mellom anna at verksemda må vere av eit visst omfang, vere egna til å gje overskot og vere driven for eigaren si rekning og risiko. I vurderinga av om verksemda er egna til å gå med økonomisk overskot vert det trekt ei grense mot ikkje-økonomisk verksemd. Så lenge ei verksemd ikkje gjev tap, vil det vere nærliggjande at verksemda objektivt sett er egna til å gå med overskot i nær framtid. Denne vurderinga tek utgangspunkt i det konkrete opplegget for inntening. Departementet meiner at ein eventuell konkurransevridingseffekt ved unnlatt registrering i avgiftsmanntalet også er relevant for vurderinga av om det føreligg næringsverksemd etter meirverdiavgiftsregelverket. Reknast dette å vere tilfellet vil næringsvilkåret kunne vere oppfylt også for verksemder som ikkje er drivne for å oppnå overskot, men berre på sjølvkostbasis. Dette vil kunne vere tilfellet for eksempel når verksemda har eit visst omfang og vert driven i konkurranse med andre.
13.2.2.4 Mellombels unntak gjeve med heimel i meirverdiavgiftsloven § 70
Med heimel i meirverdiavgiftsloven § 70 har departementet inntil vidare gjeve avgiftsunntak for interne transaksjonar i mellom anna Norges Idrettsforbund og i Norges Handikapforbund. Av konkurranseomsyn er det knytt følgjande vilkår til avgiftsunntaka:
dei aktuelle tenestene må vere direkte knytt til den ideelle verksemda i forbundet,
utrekninga av vederlaget for tenestene må byggje utelukkande på kostnadsdekning,
dei aktuelle tenestene vert ikkje tilbydde til andre einingar utanfor forbunda og
utføring av tenestene må ikkje overlatast til rettssubjekt utanfor forbunda.
Det er ikkje knytt vilkår til arten av tenester som unntaket gjeld for. Unntaket gjeld sjølv om tilsvarande tenester vert omsette av andre på den opne marknaden. Unntaka er gjevne uavhengig av om forbunda eller dei ulike einingane innanfor forbunda driv verksemd utanfor avgiftsområdet.
Når vilkåra er oppfylte skal det ikkje krevjast meirverdiavgift av vederlaget for dei interne tenestene. Tilsvarande vert det ikkje frådrag for inngåande meirverdiavgift knytt til innkjøp til denne verksemda.
Dersom forslaget vert vedteke, vil dette som nemnt tre i staden for dei gjeldande § 70-unntaka med verknad frå ikrafttredingsdatoen for lovvedtaket.
13.2.3 Svensk og dansk rett
I den svenske mervärdesskattelagen 3 kap. 23 a § er det eit unntak for omsetning av "tjänster som tillhandahålls inom fristående grupper av fysiska eller juridiska personer". Unntaket omfattar berre tenester som normalt ikkje vert tilbydde av nokon utanfor gruppa. Følgjande kumulative vilkår gjeld for unntaket:
verksemda må elles ikkje gje avgiftsplikt hos gruppa eller hos dei fysiske eller juridiske personane,
tenestene må vere direkte naudsynte for å utøve verksemda, og
vederlaget for tenestene må svare nøyaktig til den fysiske eller juridiske personen sin del av felleskostnadene for tenestene.
Det går fram av førearbeida til den svenske mervärdesskattelagen 3 kap. 23 a § (prp. 1997/98:148) at føresegna skal tolkast restriktivt. Det vert vist til mellom anna at føresegna vil gjelde eit svært lite tal tenester sidan unntaket ikkje skal gje konkurransevriding. Tenester som eksempelvis bokføring, edb-tenester, kapitalforvalting og liknande er ikkje omfatta av unntaket. I omtala av føresegna i den svenske "Handledning for mervärdesskatt" står det om ei sak som gjeld interne transaksjonar innan eit fagforbund. Berre yting av forhandlingstenester vart rekna som omfatta av unntaket i mervärdesskattelagen. Det vart lagt til grunn at slike tenester normalt ikkje vert tilbydde av andre utanfor gruppa. I tillegg til forhandlingstenestene utførte fagforbundet også vanlege administrative tenester som vart tilbydde internt. Fordi slike tenester vart tilbydde på den opne marknaden, var dei ikkje omfatta av unntaksføresegna.
Føresegna i den danske momsloven § 13 nr. 20 om interne transaksjonar svarer etter det departementet forstår til den svenske føresegna. Også det danske unntaket vert tolka restriktivt.
Den danske og den svenske føresegna har begge bakgrunn i EF sitt sjette meirverdiavgiftsdirektiv (Rdir. 77/388/ EØF) art. 13(A)(1)(f). Direktivet er ikkje ein del av EØS-avtala.
13.2.4 Høyring
På bakgrunn av utsegna i B.innst. S. nr. 1 (2004-2005) sendte departementet 7. desember 2005 ut eit høyringsbrev om framlegg til unntak for interne transaksjonar i frivillige organisasjonar.
Som dei mellombels unntaka omtalt i avsnitt 13.2.2.4 inneber framlegget at det ikkje skal krevjast opp meirverdiavgift av vederlag for interne transaksjonar i frivillige organisasjonar. Motstykket er at det ikkje vil vere rett til frådrag for inngåande meirverdiavgift på varer og tenester som vert skaffa til denne verksemda.
I høyringsbrevet vart det peikt på at det er lite heldig å lage ei ordning for frivillige organisasjonar som bryt med prinsippet om konkurransenøytralitet. Det vart vist til at meirverdiavgiftsloven byggjer på dette prinsippet, og at det i andre samanhengar er gjeve føresegner nettopp for å unngå uheldig konkurransevriding, jf. mellom anna kompensasjonsordninga for kommunar. Framlegget vart difor utforma for å oppfylle Stortinget sin intensjon med så små slike sideverknader som mogeleg.
For å redusere konkurransevridinga føreslo departementet følgjande vilkår for avgiftsunntaket:
dei aktuelle tenestene må vere direkte knytte til den ideelle verksemda i forbundet,
utrekninga av vederlaget for tenestene må vere basert på kostnadsdekning,
dei aktuelle tenestene vert ikkje tilbydde til andre einingar utanfor forbunda og
utføring av tenestene må ikkje overlatast til rettssubjekt utanfor forbunda.
Høyringsfristen var 7. mars 2006. Følgjande høyringsinstansar har hatt merknadar til framlegget:
Den norske advokatforening
Arbeiderpartiet (Ap)
Den norske lægeforening
Finansieringsselskapenes Forening
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Frivillighet Norge (FRINOR)
Handels- og servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH)
Huseiernes Landsforbund
Høyres Hovedorganisasjon
Konkurransetilsynet
Kreftforeningen
Kristelig folkeparti
Kristen-Norges Innkjøpsfellesskap
Kultur- og kirkedepartementet
Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)
Norges Blindeforbund
Norges Handikapforbund
Norges Røde Kors
Næringslivets hovedorganisasjon
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet
Sosialistisk Venstreparti
Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo
Stiftelsen Norsk Luftambulanse
Økonomiforbundet
I hovudsak har høyringsinstansane støtta departementet sitt framlegg. Mellom anna Konkurransetilsynet, Skattebetalerforeningen, Økonomiforbundet, NARF, HSH og Skattedirektoratet meiner likevel at det foreslåtte unntaket vil skape ei uheldig konkurransevriding. Skattebetalerforeningen meiner også at unntaket vil bidra til ulik behandling av store og mindre organisasjonar fordi det ikkje vil vere aktuelt for mindre organisasjonar å kjøpe tenester internt. Kristelig folkeparti og Arbeiderpartiet framhevar på si side at forvaltninga i urimeleg grad ser konkurransevridingsproblematikk i samarbeidsformer der heilt andre og reelle grunnar gjer det mest naturleg og fornuftig å utføre arbeidsoppgåver internt i organisasjonane.
Andre vesentlege merknadar til høyringsbrevet vert omtalte i tilknyting til det emnet som merknaden gjeld.
13.2.5 Departementet si vurdering og framlegg
13.2.5.1 Omfanget av tenester
Det er ikkje knytt vilkår til arten av tenester som er omfatta av framlegget. Dette inneber at avgiftsunntaket skal gjelde sjølv om tilsvarande tenester vert omsette av andre i den frie marknaden. I den grad forbunda ønskjer å få utført for eksempel it- og administrative tenester internt til sjølvkost framfor å kjøpe dei til marknadspris frå eksterne aktørar, vil unntaket gje konkurransevriding. Framlegget er på desse områda dermed meir liberalt enn det som gjeld for interne transaksjonar i Sverige og Danmark.
Fleire av høyringsinstansane, mellom anna Høyre og Advokatforeningen, sluttar seg til at det ikkje vert knytt vilkår til arten av tenester. Økonomiforbundet meiner likevel av omsyn til konkurransevridinga at unntaket berre bør omfatte tenester innan den enkelte organisasjonen sitt kjerneområde, og ikkje andre tenester som er tilgjengelege i ein fri marknad.
Departementet trur det ikkje vil vere i tråd med Stortinget sin intensjon å redusere unntaket til denne type tenester. Departementet føreslår difor ikkje å knytte vilkår til arten av tenester som er omfatta.
13.2.5.2 Utrekninga av vederlaget for tenestene må vere basert på kostnadsdekning
Kultur- og kirkedepartementet meiner at avgiftsunntaket også må gjelde i dei tilfella der vederlaget er lågare enn kostpris, det vil seie at tenesta er subsidiert frå det sentrale leddet. Departementet er einig i dette sjølv om det i slike tilfelle ofte uansett ikkje vil vere næringsverksemd. Departementet føreslår difor å presisere ordlyden i framlegget slik at vederlaget må vere basert på «hel eller delvis» kostnadsdekning.
13.2.5.3 Dei aktuelle tenestene må ikkje ytast til andre einingar utanfor forbunda
Fleire av høyringsinstansane, mellom anna Arbeiderpartiet, LO og Advokatforeningen argumenterer for å akseptere at organisasjonane beheld unntaket for interne transaksjonar sjølv om tenestene også vert omsette på den opne marknaden. Den eksterne omsetninga må då ikkje utgjere meir enn 20 % av den samla omsetninga. Tilsvarande har departementet gjort vedtak med heimel i meirverdiavgiftsloven § 70 om at det på generelt grunnlag ikkje skal reknast meirverdiavgift ved uttak av tenester til ein ikkje avgiftspliktig del av verksemda når den eksterne avgiftslagde omsetninga ikkje overstig 20 % av samla omsetning.
Departementet vil ikkje føreslå ei slik lemping av kravet grunna den konkurransevridingseffekten som unntaket har. Dersom ein tillet inntil 20 % ekstern omsetning, vert denne effekten monaleg forsterka. Konkurransetilsynet uttalar:
«På generelt grunnlag mener Konkurransetilsynet at det vil gi billigere og bedre tjenester dersom det legges til rette for konkurranseutsetting av den aktuelle tjenesten. Det er flere årsaker til dette. Den som spesialiserer seg på å tilby en type tjeneste oppnår stordriftsfordeler. Blant annet innen rådgivningsvirksomhet, slik som advokat-, revisjons- og konsulenttjenester, er det særlige læringseffekter ved å drive i stor skala. Den som må konkurrere med andre vil ha større fokus på å tilby tjenester av god kvalitet og til konkurransedyktig pris for å beholde kundene. I tillegg skaper konkurranseutsetting trolig større fleksibilitet, slik at man unngår ineffektivitet i perioder med lav aktivitet. Forslaget medfører begrensning i konkurransen mellom tilbyderne av de aktuelle tjenester, som etter Konkurransetilsynets oppfatning kan føre til et samfunnsøkonomisk tap.»
Mellom anna Arbeiderpartiet og LO meiner at ein uansett bør akseptere 5 % ekstern omsetning, då dette følgjer av meirverdiavgiftsloven sitt system ved at det vert praktisert ein ubetydelegheitsregel, jf. meirverdiavgiftsloven § 26 første ledd. Etter forskrift 20. desember 1969 om forholdsmessig fradrag for inngående avgift etter merverdiavgiftsloven (forskrift nr. 18) § 4 siste ledd er omsetninga ubetydeleg når den normalt ikkje overstig 5 %. Det vert hevda at det er urimeleg om all omsetning eksternt skal ha som konsekvens at ingen ledd i organisasjonsstrukturen kjem inn under avgiftsunntaket.
Departementet ser praktiske grunnar for å innføre ei i føresegn om at slik ubetydeleg ekstern omsetning ikkje skal verke diskvalifiserande. Eit eksempel kan vere fellestenester i bygg med leigetakarar som ikkje inngår i sjølve organisasjonen. Dette kan vere heileigde aksjeselskap som mottek tenester som felles sentralbord, it- og vaktmesterordning. Eit alternativ kunne her vere at ein ubetydeleg ekstern omsetning, sett i høve til dei aktuelle tenesteytingane elles, ikkje skulle medføre at unntaket falt vekk. Konkret ville dette gjelde omsetning til andre som i tilfelle ikkje overstig 5 % av totale tenesteytingar. Ei slik lemping av kravet vil etter departementet sin oppfatning likevel kunne skape fleire vanskelege avgrensingsspørsmål. Det er behov for klåre avgrensingar av unntaket. Det er heller ingen prinsipiell forskjell på om den eksterne omsetninga er 20 % eller 5 % av samla tenesteproduksjon. Departementet foreslår difor heller ikkje at det vert opna for eit slikt unntak frå unntaket.
LO, Arbeiderpartiet og Kristelig folkeparti ønskjer at enkeltståande ledd i ein organisasjon skal kunne haldast utanfor ved vurderinga av om resten av organisasjonen fyller krava til å oppnå avgiftsunntak. Departementet kan ikkje sjå tungtvegande omsyn mot dette, og vi føreslår difor å ta dette inn i lovteksten. Av kontrollomsyn føreslår likevel departementet eit krav om søknad. Organisasjonar som skal nytte unntaksordninga, og som ønskjer å halde organisasjonsledd eller enkelte einingar utanfor, må difor først sende søknad til fylkesskattekontoret. Denne unntaksordninga vil innebere at det organisasjonsleddet eller den eininga som vert halde utanfor, vert likestilt med andre eksterne verksemder. Organisasjonar som ønskjer å nytte ordninga kan dermed ikkje yte tenester innanfor avgiftsområdet til organisasjonsledd utanfor organisasjonsstrukturen.
13.2.5.4 Ytinga av tenestene må ikkje overførast til rettssubjekt utanfor forbunda - avgrensing av subjektkrinsen
Avgiftsunntaket vil gjelde frivillige og ideelle organisasjonar i betydinga
veldedige og allmennyttige institusjonar og organisasjonar som er omhandla i meirverdiavgiftsloven § 5 første ledd nr. 1 bokstav d og e samt
ideelle organisasjonar og foreiningar som er omhandla i meirverdiavgiftsloven § 5 første ledd bokstav f.
Departementet har lagt til grunn at Stortinget sitt oppmodingsvedtak gjeld denne typen organisasjonar, institusjonar og foreiningar. I tillegg til idrettsorganisasjonar gjeld dette mellom anna humanitære og religiøse organisasjonar. For at ein organisasjon skal vere allmennyttig, er det i praksis lagt til grunn at den arbeider for å ivareta meir allmenne samfunnsinteresser på tvers av særinteresser, og at den er tilgjengeleg for eit bredt spekter av menneske.
Ut frå ordlyden i Stortinget si budsjettinnstilling reknar departementet med at andre organisasjonar som går inn under omgrepet "ideelle organisasjoner og foreninger" i meirverdiavgiftsloven § 5 første ledd nr. 1 bokstav f, skal vere omfatta. Dette gjeld nærings-, yrkes- og arbeidslivsorganisasjonar, fagforeiningar, politiske parti og andre organisasjonar og foreiningar som ivaretek medlemmene sine økonomiske og faglege fellesinteresser (interesseorganisasjonar). Det same gjeld for yrkesorganisasjonar og student- og elevorganisasjonar som utfører same type oppgåver som ein yrkesorganisasjon.
Avgrensing av subjektkrinsen er kommentert i høyringa. Konkurransetilsynet støttar departementet sitt syn om at ein bør avgrense konkurransevridingane mest mogeleg, eksempelvis gjennom å avgrense subjektkrinsen til organisasjonar som går inn under meirverdiavgiftsloven § 5 første ledd nr. 1 bokstav d. Konkurransetilsynet viser til at gruppa av organisasjonar i meirverdiavgiftsloven § 5 første ledd nr. 1 bokstav f truleg er større, og at dei uheldige vridingane av unntaket vil bli mindre dersom denne gruppa ikkje vert omfatta. Fleire av høyringsinstansane, mellom anna Høyre, Arbeiderpartiet og NHO, meiner likevel at unntaket også bør omfatte organisasjonane etter § 5 første ledd nr. 1 bokstav f. Departementet legg vekt på intensjonen bak Stortinget si oppmoding, og finn difor at unntaket også bør gjelde organisasjonane i § 5 første ledd nr. 1 bokstav f, inkludert politiske parti.
Den norske lægeforening, Norges Røde Kors, LO, Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo, Norges Handikapforbund og Stiftelsen Norsk Luftambulanse har teke opp andre sider av spørsmålet om kva for subjekt unntaket skal gjelde. Synspunkta går i hovudsak ut på at også stiftelser og aksjeselskap bør kunne reknast som ein del av organisasjonen. LO meiner at også tilknytte internasjonale organisasjonar bør vere omfatta av avgiftsunntaket.
Når det gjeld aksjeselskap, så vil selskapsdeltakarane eige ein del av selskapet si formue, og styre selskapet i kraft av sine eigarposisjonar, sjå lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskap (aksjeloven) § 3-1(2) og § 5-1(1). Departementet viser til at når ei verksemd er skilt ut som eige aksjeselskap, vil det i utgangspunktet vere prinsipielt uheldig å gje avgiftsunntak for selskapet sin omsetning til eigaren. Alle selskap som vert skilt ut frå eit anna selskap og som yter tenester til det opphavlege selskapet må forhalde seg til avgiftsregelverket. Departementet viser også til at når ei verksemd vert skilt ut som eit eige aksjeselskap, får verksemda både økonomisk og juridisk sjølvstende. Som regel vil utskiljinga innebere at det nye selskapet skal opptre på marknadsmessige vilkår i konkurranse med andre. Ei innlemming av slike selskap vil i tillegg medføre kontrollproblem. Departementet føreslår difor at unntaket ikkje skal omfatte utskilte aksjeselskap.
Ein stiftelse er ein formuesverdi som ved ein rettslig disposisjon sjølvstendig er stilt til rådvelde for eit bestemt føremål, sjå lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven) § 2. Ved opprettinga av stiftelsen oppgjev opprettaren eigedomsretten til formuesverdien, og denne vert overteken av stiftelsen, sjå stiftelsesloven § 3. Stiftelsar er sjølvstendige rettssubjekt og sjølveigande institusjonar.
Etter departementet sitt syn kan stiftelsar gå inn under omgrepet "veldedige, allmennyttige og ideelle institusjoner og organisasjoner". Departementet reknar difor med at stiftelsar kan vere omfatta av unntaket dersom den enkelte stiftelse organisatorisk høyrer innanfor institusjonen eller organisasjonen o.a. Om ein stiftelse kan reknast for å høyre til ein organisasjon o.a., må avgjerast etter ei konkret vurdering. Ei viss tilknyting må kunne dokumenterast, til dømes ved felles vedtekter. Departementet føreslår likevel at næringsdrivande stiftelsar etter stiftelsesloven § 4 fell utanfor unntaket. Etter departementet sitt syn kan desse samanliknast i nokon grad med aksjeselskap, sjå over.
Når det gjeld tenester som kan fjerneleverast, vil slike kjøp frå tilknytt eining eller organisasjonsledd i utlandet ikkje gje innførselsavgift dersom tenestene er til bruk i den ideelle delen av ei verksemd. Dette gjeld uavhengig av om leverandøren er ein del av organisasjonen eller ikkje. Det skal reknast avgift berre dersom tenestene er til bruk i næringsverksemd som organisasjonane o.a. driv.
Framlegget har etter måten små provenykonsekvensar.
Departementet viser til framlegg til endring av § 5 første ledd nr. 1 bokstav g i meirverdiavgiftsloven, og føreslår at endringane trer i kraft 1. juli 2006.