1 Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF av 19. mai 1998 om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser
EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 100 A,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen, 1
med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet, 2
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 189 B i traktaten, 3 og
ut frå desse synsmåtane:
I visse direktiv, som er oppførde i lista i vedlegget til dette direktivet, er det fastsett reglar med omsyn til vern av forbrukarinteresser.
Dei ordningane som finst i dag, både på nasjonalt plan og på fellesskapsplan, for å sikre at desse direktiva vert stetta, gjer det ikkje alltid mogleg snøgt nok å stanse brot som er skadelege på dei kollektive forbrukarinteressene. Kollektive interesser tyder interesser som ikkje er ei akkumulering av interessene til einskildpersonar som har lidd urett ved eit brot. Dette rører ikkje ved individuelle saker som vert reist av einskildpersonar som har lidd urett ved eit brot.
Når det gjeld målet om å stanse praksis som er ulovleg i medhald av gjeldande nasjonale føresegner, kan dei nasjonale tiltaka som skal innarbeide dei førnemnde direktiva, verte mindre effektive dersom slik praksis får følgjer i ein annan medlemsstat enn der han har opphavet sitt; dette gjeld òg for vernetiltak som går lenger enn det som krevst i desse direktiva, på det vilkåret at desse vernetiltaka er i samsvar med traktaten og tillatne i medhald av desse direktiva.
Desse vanskane kan vere skadelege for verkemåten til den indre marknaden, og føre til at det er tilstrekkeleg å flytte opphavsstaden til ein ulovleg praksis til ein annan stat for såleis å unngå alle former for rettshevding. Dette utgjer ei konkurransevriding.
Desse vanskane er av ei slik art at dei kan svekkje tilliten blant forbrukarane til den indre marknaden, og avgrense verkeområdet til dei organisasjonane som representerer dei kollektive forbrukarinteressene, eller til uavhengige offentlege organ som er ansvarlege for å verne dei kollektive interessene til forbrukarar som har lidd urett som følgje av ein praksis som bryt med fellesskapsretten.
Slik praksis kryssar ofte grensene mellom medlemsstatane. For å få slutt på den førnemnde ulovlege praksisen, utan omsyn til kva stat den ulovlege praksisen har fått følgjer for, er det tvingande naudsynt at det finn stad ei viss tilnærming av dei nasjonale føresegnene til medlemsstatane. Når det gjeld jurisdiksjonskompetansen, vil det planlagte tiltaket ikkje røre ved reglane i den internasjonale privatretten eller dei konvensjonane som gjeld mellom medlemsstatane, samstundes som det vert teke omsyn til dei allmenne pliktene til medlemsstatane som følgjer av traktaten, særleg dei som gjeld verkemåten til den indre marknaden.
Målet for det planlagde tiltaket kan berre nåast av Fellesskapet. Difor ligg det på Felleskapet å handle.
I artikkel 3 B tredje leddet i traktaten er det fastsett at Fellesskapet ikkje skal gå lenger enn det som er naudsynt for å nå måla i traktaten. I samsvar med denne føresegna er det viktig at det i størst mogleg grad vert teke omsyn til eigenarten til dei nasjonale rettsskipnadene ved å gje medlemsstatane høve til å velje mellom ulike løysingar med jamgode verknader. Domstolar eller forvaltingsstyresmakter med kompetanse til å ta avgjerd i dei sakene som er nemnde i artikkel 2 i dette direktivet, bør ha rett til å granske verknadene av tidlegare avgjerder.
Ei av desse løysingane bør gå ut på å leggje utøvinga av den retten til å reise sak som er nemnd i dette direktivet, til eitt eller fleire uavhengige offentlege organ med særleg ansvar for vern av kollektive forbrukarinteresser. Ei anna løysing bør gå ut på å fastsetje at denne retten skal utøvast av organ som har som mål å verne dei kollektive forbrukarinteressene, i samsvar med dei kriteria som er fastsette i nasjonal lovgjeving.
Medlemsstatane bør kunne velje ei av desse løysingane eller nytte begge to når dei på nasjonalt plan skal peike ut dei organa og/eller institusjonane som er godkjende for føremåla med dette direktivet.
Når det gjeld kampen mot brot som vert gjorde innanfor Fellesskapet, skal prinsippet om innbyrdes godkjenning gjelde for desse organa og/eller institusjonane. Etter oppmoding frå dei nasjonale institusjonane bør medlemsstatane sende Kommisjonen namnet på og føremålet med dei nasjonale institusjonane deira som har kompetanse til å reise sak i sitt eige land i samsvar med føresegnene i dette direktivet.
Det ligg på Kommisjonen å syte for at det vert offentleggjort ei liste over desse godkjende institusjonane i Tidend for Dei europeiske fellesskapa. Ein godkjend institusjon vert rekna for å ha rett til å reise sak dersom namnet hans står i denne lista, inntil det vert offentleggjort ei fråsegn om det motsette.
Medlemsstatane bør kunne krevje at den parten som aktar å reise sak med påstand om forbod, tek initiativ til å halde samråd på førehand, slik at den innklaga får høve til å stanse det omstridde brotet. Medlemsstatane bør kunne krevje at eit uavhengig offentleg organ som dei har peika ut, tek del i eit slikt samråd på førehand.
Dersom medlemsstatane har fastsett at det bør haldast samråd på førehand, bør det fastsetjast ein frist på to veker etter at oppmodinga om å halde samråd er motteken, og dersom det ikkje er vorte slutt på brotet innan denne fristen går ut, har klagaren rett til å leggje fram saka si for den rette domstolen eller forvaltingsstyresmakta, utan fleire utsetjingar.
Kommisjonen bør leggje fram ein rapport om gjennomføringa av dette direktivet, særleg om verkeområdet til direktivet og om samrådet som er halde på førehand.
Bruken av dette direktivet bør ikkje røre ved bruken av konkurransereglane til Fellesskapet -
VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:
Artikkel 1
Verkeområde
1. Føremålet med dette direktivet er å få i stand ei tilnærming av lovene og forskriftene til medlemsstatane med omsyn til nedlegging av forbod slik det er nemnt i artikkel 2, med sikte på å verne kollektive forbrukarinteresser slik det er nemnt i dei direktiva som er oppførde i vedlegget, for å sikre at den indre marknaden verkar tilfredsstillande.
2. I dette direktivet tyder brot alle handlingar som er i strid med dei direktiva som er oppførde i vedlegget, slik dei er innarbeidde i den nasjonale rettsskipnaden til medlemsstatane, og som skadar dei kollektive interessene som er nemnde i nr. 1.
Artikkel 2
Nedlegging av forbod
Medlemsstatane skal peike ut dei domstolane eller forvaltingsstyresmaktene som har kompetanse til å ta avgjerder i saker som er reiste av godkjende institusjonar i medhald av artikkel 3, med sikte på
å stanse eller forby alle brot så snøgt som mogleg ved å nytte hastesakshandsaming der det er føremålstenleg,
å setje i verk eventuelle tiltak som offentleggjering av heile eller delar av avgjerda i ei høveleg form, og/eller offentleggjering av ei retting med sikte på å hindre at verknadene av brotet held fram,
i den grad retten i medlemsstaten tillèt det, å påleggje den innklaga, dersom han tapar saka, å betale ein fast sum for kvar dag etter at fristen har gått ut, eller ein annan sum som er fastsett i nasjonal lovgjeving, til statskassa eller til ein annan føremonshavar som er peika ut eller fastsett i den nasjonale lovgjevinga, dersom han ikkje rettar seg etter avgjerda innan den fristen som er fastsett av domstolane eller forvaltingsstyresmaktene for å sikre at avgjerdene vert etterlevde.
2. Dette direktivet skal ikkje røre ved reglane i den internasjonale privatretten med omsyn til val av lovgjeving, som vanlegvis vil innebere å nytte anten lovgjevinga i medlemsstaten der brotet fann stad, eller lovgjevinga i medlemsstaten der brotet har verknader.
Artikkel 3
Institusjonar som kan reise sak
I dette direktivet tyder «godkjend institusjon» alle organ eller organisasjonar som er tilbørleg skipa i samsvar med lovgjevinga i ein medlemsstat, og som har ei rettkomen interesse av å sikre at dei føresegnene som er nemnde i artikkel 1, vert stetta, og omfattar særleg
eitt eller fleire uavhengige offentlege organ som har fått eit særskilt ansvar for å verne dei interessene som er nemnde i artikkel 1, i dei medlemsstatane det finst slike organ, og/eller
organisasjonar som har som mål å verne dei interessene som er nemnde i artikkel 1, i samsvar med dei kriteria som er fastsette i nasjonal lovgjeving.
Artikkel 4
Brot innanfor Fellesskapet
1. Kvar medlemsstat skal gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at ein godkjend institusjon i denne medlemsstaten, ved å leggje fram den lista som er fastsett i nr. 3, kan bringe inn for den domstolen eller forvaltingsstyresmakta som er nemnd i artikkel 2, eit brot som er gjort i ein annan medlemsstat der dei interessene som er verna av denne godkjende institusjonen, har lidd skade som følgje av brotet. Domstolane eller forvaltingsstyresmaktene skal godta denne lista som prov på den retten som den godkjende institusjonen har til å reise sak, utan at det rører ved retten deira til å granske om det ut i frå føremålet med den godkjende institusjonen er rimeleg at han reiser sak i eit særskilt tilfelle.
2. Når det gjeld brot innanfor Fellesskapet, skal medlemsstatane, etter oppmoding frå dei godkjende institusjonane sine og utan at det rører ved dei rettane som andre institusjonar har i samsvar med den nasjonale lovgjevinga, melde frå til Kommisjonen at desse institusjonane har kompetanse til å reise sak i medhald av artikkel 2. Medlemsstatane skal gje Kommisjonen melding om namnet på og føremålet med desse godkjende institusjonane.
3. Kommisjonen skal utarbeide ei liste over dei godkjende institusjonane som er nemnde i nr. 2, der òg føremålet deira er oppført. Denne lista skal offentleggjerast i Tidend for Dei europeiske fellesskapa; eventuelle endringar i lista skal offentleggjerast straks, og ei ajourførd liste skal offentleggjerast kvar sjette månad.
Artikkel 5
Samråd på førehand
1. Medlemsstatane kan innføre eller halde ved lag føresegner om at den parten som har sett seg føre å leggje ned forbod, ikkje kan gjere dette før han har prøvd å få slutt på brotet, i samråd anten med den innklaga eller med både den innklaga og ein godkjend institusjon slik det er definert i artikkel 3 bokstav a), i den medlemsstaten der det vert reist sak om nedlegging av forbod. Medlemsstaten skal sjølv avgjere om den parten som har sett seg føre å reise sak med påstand om forbod, må rådføre seg med den godkjende institusjonen. Dersom det ikkje vert slutt på brotet innan to veker etter at oppmodinga om å halde samråd er motteken, kan den parten som det gjeld, reise sak med påstand om forbod utan fleire utsetjingar.
2. Kommisjonen skal få melding om dei reglane om samråd på førehand som medlemsstatane vedtek, og reglane skal offentleggjerast i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Artikkel 6
Rapportar
1. Kvart tredje år, og første gongen seinast fem år etter at dette direktivet har teke til å gjelde, skal Kommisjonen leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein rapport om gjennomføringa av dette direktivet.
2. I den første rapporten skal Kommisjonen særleg granske
verkeområdet til dette direktivet med omsyn til vern av dei kollektive interessene til personar som driv verksemd innan handel, industri, handverk eller i frie yrke,
verkeområdet til dette direktivet slik det er fastsett i dei direktiva som er oppførde i vedlegget,
om spørsmålet om samråd på førehand, som er fastsett i artikkel 5, har medverka til eit meir effektivt forbrukarvern.
Dersom det er føremålstenleg, skal framlegg om endringar til dette direktivet leggjast ved denne rapporten.
Artikkel 7
Føresegner som sikrar større handlefridom
Dette direktivet skal ikkje hindre medlemsstatane i å vedta eller halde ved lag føresegner som på nasjonalt plan tek sikte på å sikre større handlefridom for godkjende institusjonar og for alle andre personar som dette kjem ved.
Artikkel 8
Gjennomføring
1. Medlemsstatane skal setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, innan tretti månadar etter at det er sett i kraft. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette. Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.
2. Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.
Artikkel 9
Iverksetjing
Dette direktivet tek til å gjelde tjuande dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.
Artikkel 10
Mottakarar
Dette direktivet er retta til medlemsstatane.
Utferda i Brussel, 19. mai 1998.
For Europaparlamentet
J.M. GIL-ROBLES N
President
For Rådet
G. Brow
Formann
Vedlegg
Liste over dei direktiva som er nemnde i artikkel 1 4
Rådsdirektiv 84/450/EØF av 10. september 1984 om tilnærming av medlemsstatenes lover og forskrifter om villedende reklame (TEF L 250 av 19.9.1984, s. 17).
Rådsdirektiv 85/577/EØF av 20. desember 1985 om forbrukervern ved avtaler som inngås et annet sted enn på den næringsdrivendes faste forretningssted (TEF L 372 av 31.12.1985, s. 31).
Rådsdirektiv 87/102/EØF av 22. desember 1986 om tilnærming av medlemsstatenes lover og forskrifter om forbrukerkreditt (TEF L 42 av 12.2.1987, s. 48), sist endra ved europaparlaments- og rådsdirektiv 98/7/EF (TEF L 101 av 1.4.1998, s. 17).
Rådsdirektiv 89/552/EØF av 3. oktober 1989 om samordning av visse bestemmelser om utøvelse av fjernsynsvirksomhet, fastsatt ved lov eller forskrift i medlemsstatene: artikkel 10-21 (TEF L 298 av 17.10.1989, s. 23), endra ved europaparlaments- og rådsdirektiv 97/36/EF (TEF L 202 av 30.7.1997, s. 60).
Rådsdirektiv 90/314/EØF av 13. juni 1990 om pakkereiser, herunder pakkeferier og pakketurer (TEF L 158 av 23.6.1990, s. 59).
Rådsdirektiv 92/28/EØF av 31. mars 1992 om reklame for legemidler til mennesker (TEF L 113 av 30.4.1992, s. 13).
Rådsdirektiv 93/13/EØF av 5. april 1993 om urimelige vilkår i forbrukeravtaler (TEF L 195 av 21.4.1993, s. 29).
Europaparlaments- og rådsdirektiv 94/47/EF av 26. oktober 1994 om beskyttelse av kjøperen i forbindelse med visse aspekter ved avtaler om deltidsbruksrett til fast eiendom (timeshare-avtaler) (TEF L 280 av 29.10.1994, s. 83).
Europaparlaments- og rådsdirektiv 97/7/EF av 20. mai 1997 om forbrukervern ved fjernsalgsavtaler (TEF L 144 av 4.6.1997, s. 19).
Fotnoter
TEF C 107 av 13.4.1996, s. 3.TEF C 80 av 13.3.1997, s. 10.
TEF C 30 av 30.1.1997, s. 112.
Europaparlamentsfråsegn av 14. november 1996 (TEF C 362 av 2.12.1996, s. 236), felles haldning frå Rådet av 30. oktober 1997 (TEF C 389 av 22.12 1997, s. 51) og europaparlamentsavgjerd av 12. mars 1998 (TEF C 104 av 6.4.1998). Rådsavgjerd av 23. april 1998.
Dei direktiva som er nemnde i nr. 1, 6, 7 og 9, inneheld særlege føresegner om søksmål med påstand om forbod.