Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

14 Rettsmiddelordninga

14.1 Rettsmiddelinstans for avgjerdene til jordskifteretten

14.1.1 Høyringsforslaget

Eit viktig endringsforslag frå arbeidsgruppa er forslaget om endringar i rettsmiddelordninga. Forslaget inneber i hovudsak at ein endrar gjeldande ordning med anke til anten jordskifteoverretten eller lagmannsretten, til ei ordning der det berre er ein ankeinstans for anke over alle typar avgjerder i jordskifteretten. Gjeldande rettsmiddelordning er omtalt i kapittel 3.3.7. Behovet for endringar er behandla i kapittel 5.3.5.

Gjeldande føresegner om rettsmiddel står i jordskiftelova kapittel 7. Anke over dom, rettsfastsetjande vedtak og visse skjønn går til lagmannsretten, sjå §§ 17, 17 a, og 6 b. Der det ikkje går fram av lova at ankeinstansen er lagmannsretten, skal anken gå til jordskifteoverretten, sjå gjeldande jordskiftelov § 61 siste ledd. Der anke går til lagmannsrett, følgjer ankebehandlinga reglane i tvistelova. Ved anke til jordskifteoverrett gjeld reglane i jordskiftelova, supplert av føresegner i tvistelova, og i nokre saker visse føresegner i skjønnsprosesslova.

Arbeidsgruppa viser til mandatet for lovarbeidet, der det er fastsett at tvistelova, skjønnsprosesslova eller annan prosesslovgiving skal liggje til grunn for lovforslaget, så sant det ikkje er behov for særlege løysingar i den nye jordskiftelova. Arbeidsgruppa understrekar i høyringsnotatet kapittel 5.11.5 det gruppa meiner må vere hovudformål med rettsmiddelordninga:

«Formålet med retten til å anke er i første rekkje å ta vare på rettstryggleiken for partane. Også målet i tvisteloven om å tilleggje proporsjonalitetsomsynet større vekt enn tidlegare slik at kostnadene ved behandlinga må stå i eit rimeleg forhold til det saka gjeld, er relevant ved avveginga av framtidig løysing. Valet av ny ankeinstans må derfor byggje på at ankeinstansen skal ha ei samansetting som tar vare på rettstryggleiken og omsynet til systemkontroll, anten det er juridiske eller jordskiftefaglege spørsmål som gjer seg gjeldande i saka.
Utfordringa er å finne fram til ei løysing som så langt råd er, ligg nær opp til ordinære prosessreglar i sivile saker, som er brukarvennleg og effektiv med omsyn til tidsbruk, kostnader og organisering, samtidig som behovet for å få prøvt viktige spørsmål i to instansar, blir ivaretatt. Valet av løysing er ikkje opplagt.»

Arbeidsgruppa peikar på at løysinga bør vere så enkel som mogleg, og fjerne usikkerheit om kva som er rett ankeinstans. Samstundes må ordninga vere dimensjonert etter sakstilfanget, og ikkje avvike meir enn nødvendig frå annan prosesslovgiving. Arbeidsgruppa meiner at særreglar vil vere nødvendige for prøvinga av jordskiftesaker og krav om gjennomsyn på grunn av feil ved kart, utrekningar eller målearbeid med vidare.

Arbeidsgruppa vurderer tre alternative løysingar for anke i saker etter jordskiftelova, med fleire alternative løysingar under dei tre hovudalternativa:

«Alternativ I: Anke i alle saker etter jordskiftelova går til jordskifteoverretten eller ein liknande instans. Anten slik at
  1. delar av jordskifteoverretten si avgjerd kan bli overprøvd av lagmannsretten eller,

  2. jordskifteoverretten si avgjerd kan bli overprøvd gjennom anke til Høgsterett.

Løysinga kan bli modifisert ved at ein innafor dette utgangspunktet vel ei samansetjing i rettsfastsetjande saker, og ei anna i rettsendrande saker. Eit alternativ til dette er at jordskifteoverretten blir styrkt med ein juridisk dommar.
Alternativ II: Anke i alle saker går til lagmannsretten. Jordskifteoverrettane blir nedlagde, eller omstrukturerte slik at dei kan tene lagmannsretten i arbeid med ankesakene. Retten blir sett saman:
  1. etter føresegnene i domstolloven § 12 med tre juridiske dommarar,

  2. med to juridiske dommarar og ein jordskifteoverdommar,

  3. som ein overskjønnsrett etter skjønnsprosesslova § 34 andre og tredje ledd, der ein av meddommarane er jordskiftelagdommar,

  4. med to juridiske dommarar, ein jordskifteoverdommar pluss meddommarar.

Løysinga kan bli modifisert ved at ein innafor dette utgangspunktet vel ei samansetjing i rettsfastsetjande saker, og ei anna i rettsendrande saker.
Alternativ III:Lagmannsrett og jordskifteoverrett blir behaldne, men med nokre endringar i fordelinga av sakene, og med enklare reglar for kva for spørsmål som går til kvar instans. Eventuelt kan alle ankesaker gå til ein eigen instans som har som oppgåve å sørgje for at saka kjem til rett ankedomstol.»

I drøftinga av dei ulike alternativa legg arbeidsgruppa mellom anna til grunn at faren for å velje feil instans blir borte om det berre er ein instans. Det er elles grunn til å referere nokre punkt frå vurderingane av alternativa i høyringsnotatet.

Det er vist til at alternativ I vil gi eit enkelt system. Jordskifteoverretten vil få ei auka saksmengd slik at fagmiljøet i jordskifteoverretten styrkast. Ei ulempe ved løysinga vil vere at saker som kan gå både for jordskifteretten og tingretten (rettsfastsetjande avgjerder og skjønn) får ulikt løp i ankeomgangen avhengig av om saka er reist for tingretten eller jordskifteretten. Denne ulempa kan reduserast om jordskifteoverretten blir sett saman med både jordskiftedommar og juridisk dommar henta frå lagmannsretten.

Det er òg vist til at alternativ II fører til at alle saker blir behandla av same prøvingsinstans. I høyringsnotatet er løysinga omtala som brukarvennleg, og det er peika på at ho kan redusere tidsbruk og kostnader i høve til dagens organisering. I høyringsnotatet er det vist til at løysinga likevel ikkje er eigna til å sikre tenleg overprøving av rettsendrande avgjerder, fordi lagmannsretten ikkje er sett med jordskiftekompetanse. Denne ulempa kan avbøtast ved at ein av dommarane i retten blir erstatta av ein jordskiftelagdommar. Ei anna ulempe som er påpeika er at ankeinstansen blir sett saman forskjellig avhengig av om saka er reist for tingretten eller for jordskifteretten.

I høyringsnotatet er det vist til at alternativ III vil føre til at jordskiftefaglege spørsmål kan prøvast slik dei blir det i dag. Ulempa ved å føre vidare det tospora systemet i gjeldande jordskiftelov, er likevel til stades. Dette kan reduserast ved klarare reglar og betre systematisering av dei ulike avgjerdsformene, eller ved at det blir oppretta ein eigen instans med oppgåve å fordele sakene til rett ankedomstol. I høyringsnotatet er det lagt til grunn at løysinga truleg på same måte som i gjeldande jordskiftelov, vil krevje mange særreglar i jordskiftelova for å løyse saksgangen mellom dei ulike instansane.

Arbeidsgruppa konkluderer med at det tospora systemet ikkje kan førast vidare uendra. Arbeidsgruppa viser til at eit delt system alltid vil føre til ulemper, serleg for partane saka gjeld. Arbeidsgruppa legg elles til grunn at ein ankeinstans som er sett saman likt i alle saker, heller ikkje ville vere tenleg. Arbeidsgruppa meiner at omsynet til rettstryggleiken tilseier at avgjerda bør takast av dommarar med rett kompetanse i høve til det anken gjeld. Det same omsynet taler for å setje retten saman på ein slik måte at kostnadene ved ankebehandlinga ikkje blir for store sett i høve til det anken gjeld. Samla taler dette for at det bør leggjast til rette for at samansetjinga kan veksle både i høve til ulike sakstypar og i høve til kva for avgjerd som det er anka over.

Ved å ta utgangspunkt i avgjerdstypane, foreslår arbeidsgruppa å skipe ein felles ankeinstans bygd på dei organisatoriske modellane i alternativ II. Anke bør gå til lagmannsretten, men samansetjinga av retten i den konkrete saka vil variere ut frå kva type avgjerd som skal overprøvast, jf. høyringsforslaget §§ 8-1 andre ledd og 8-2.

På bakgrunn av innspel undervegs i lovarbeidet, utarbeidde arbeidsgruppa som ein illustrasjon òg eit alternativt forslag, sjå vedlegg 2 til høyringsnotatet. Alternativet fører vidare gjeldande system med lagmannsrett og jordskifteoverrett, og er elles berre ulikt forslaget til arbeidsgruppa i den grad ei tospora ordning vil gjere det nødvendig.

Om organisatoriske spørsmål knytt til ankeløysinga uttaler arbeidsgruppa mellom anna:

«Anten gjeldande ankeløysing blir behalden, eller om ein vel arbeidsgruppa sitt forslag om at jordskifteoverretten går inn i lagmannsretten, er det knytt organisatoriske spørsmål til kor mange domstolar med ankekompetanse som skal vere fordelt over landet, eventuelt om ein skal ha ein landsdekkjande ankeinstans. Det har vore eit stort engasjement knytt til desse spørsmåla.
Arbeidsgruppa meiner at det er ønskeleg med ein nærare organisatorisk prosess som tar sikte på å løyse spørsmål av denne karakteren, ein prosess som ikkje høyrer inn under arbeidsgruppa sitt mandat. Prosessen er aktuell anten jordskifteoverretten blir ein del av lagmannsretten eller ikkje. I høyringsnotatet her har arbeidsgruppa derfor som mål at lovendringane som blir foreslått, ikkje skal stå i vegen for gjennomføringa av ein slik prosess.»

Arbeidsgruppa gir likevel eit overordna bilete av dei alternativa som ein meiner kan vere aktuelle, jf. høyringsnotatet kapittel 5.11.5.

14.1.2 Høyringsinstansane

Høgsterett uttaler til alternativ 1 b i høyringsnotatet:

«Som ett av flere alternativ har arbeidsgruppen vurdert en løsning hvor jordskifteoverrettene beholdes, og hvor deres avgjørelser kan ankes direkte til Høyesterett, jf alternativ I b), omtalt på side 112 i høyringsnotatet. Dersom jordskifteoverrettene beholdes, bør det ut fra Høyesteretts rolle som prejudikatdomstol ikke etableres en ordning med direkte anke til Høyesterett.»

Justisdepartementet uttaler følgjande:

«Justisdepartementet har ikke prinsipielle innvendinger mot at lagmannsretten blir ankeinstans for alle avgjørelser truffet av jordskifterettene, og at jordskifteoverrettene dermed avvikles og inkorporeres i lagmannsrettene. Vi støtter forslaget om at alle avgjørelsesformer nevnt i lovutkastet § 6-19 skal kunne ankes, og at ankereglene så langt det er mulig, legges nært opp til tvisteloven og skjønnsprosessloven. Dersom denne endringen gjennomføres, støtter vi forslaget om at tittelen «jordskifteoverdommer» endres til «jordskiftelagdommer»

Samferdselsdepartementet viser til brev frå Statens vegvesen som uttaler:

«Den største innholdsmessige endringen er at ordningen med overjordskifte er foreslått opphevet. I stedet går man inn for en ordning der alle ankesaker blir behandlet av lagmannsretten. I den grad det ut fra sakenes karakter er behov for særskilt sakkyndighet innenfor jordskifte under ankebehandlingen, foreslår man en ordning med at personer med jordskiftedommerkompetanse trekkes inn som dommere i lagmannsretten. Når det gjelder tiltaksjordskifte, som er de eneste saker etter jordskifteloven som jevnlig involverer Statens vegvesen, vil ankeordningen som foreslås innebære at alle sider ved jordskifterettens avgjørelse vil kunne overprøves. I forhold til nåværende ordning, der kun avgjørelsen i skjønnssaken kan bli gjenstand for overprøving, ser Vegdirektoratet dette som en klar forbedring.»

Domstoladministrasjonen uttaler:

«Arbeidsgruppa foreslår å inkorporere jordskifteoverrettene i lagmannsrettene. DA slutter seg til dette under forutsetning av at lagmannsrettene blir tilført jordskiftefaglig kompetanse, at det tilføres økte ressurser til lagmannsrettene i forbindelse med ny lov, og at lagmannsrettene ved anke på jordskifteavgjørelser settes med og ledes av en jordskiftelagdommer. Hovedbegrunnelsen for DA sitt standpunkt, er hensynet til brukerne. Arbeidsgruppas forslag innebærer at partene slipper å forholde seg til to ankeinstanser, og at man unngår å anke til feil instans. Det er videre grunn til å tro at man gjennom forslaget vil få en mer kostnadseffektiv og rasjonell ankebehandling enn ved dagens ordning.»

Agder lagmannsrett uttaler:

«Et hovedspørsmål under arbeidet med lovutkastet har vært utformingen av rettsmiddelordning, hvor ulike alternativer til dagens to-sporede system har vært grundig vurdert. Jeg har blitt stående ved at en sammenslåing av jordskifteoverretten og lagmannsretten, slik det er kommet til uttrykk i det prinsipale utkastet til § 8-1 annet ledd, er den beste løsningen. Dette standpunktet har også bred oppslutning blant dommere og saksbehandlere i Agder lagmannsrett etter å ha vært gjenstand for grundig intern behandling i høst i forbindelse med uttalelsen vi har avgitt til Domstoladministrasjonen med foreløpige synspunkter på de organisatoriske spørsmålene.
En felles rettsmiddelinstans vil være en vesentlig forenkling for brukerne av jordskifteretten og en klar forbedring i forhold til dagens ordning, hvor valget av rettsmiddelinstans undertiden kan by på tvil. Disse usikkerhetsmomentene ville riktignok kunne reduseres sterkt ved mer presist og omhyggelig utformete regler om formene for rettens avgjørelser som koblingspunkt mellom behandlingsreglene i førsteinstans og reglene om rettsmidler. Lovutkastets § 6-19 er et godt bidrag.
Lagmannsretten, forsterket med dommere med jordskiftefaglig kompetanse, vil være en robust rettsmiddelinstans, som med den fleksibilitet det er lagt opp til i reglene om rettens sammensetning og saksbehandlingsreglene for øvrig, vil kunne sikre en faglig god og rettssikker overprøving av alle avgjørelser av jordskifterettene. Det vises til arbeidsgruppens drøftelse i utredningen punkt 5.11.5.»

Borgarting lagmannsrett og Hålogaland lagmannsrett har gitt merknader til uttalen frå Agder lagmannsrett. Borgarting lagmannsrett sluttar seg fullt ut til uttalen, medan Hålogaland lagmannsrett sluttar seg i det vesentlege til henne.

Jordskifteoverrettane uttaler i felles høyringsuttale:

«Vi vil gi vår tilslutning til hovudlinjene i det prinsipale forslaget til ny rettsmiddelordning, som bygger på at lagmannsretten blir ankeinstans for alle avgjerder tatt av jordskifterettane. Det er ein føresetnad frå vår side at lagmannsrettane blir tilført jordskiftekompetanse i tråd med framlegget, og at ein derfor kan sjå på den nye rettsmiddelinstansen som ein «fusjon» mellom lagmannsrett og jordskifteoverett.»

Og vidare:

«Vi er samde i at dagens system bør forenklast med omsyn til kor mange ankeinstansar ein skal ha. Av dei tre alternativa som er skissert i høyringsnotatet på side 112, går vi inn for alternativ II der jordskifteoverretten blir fusjonert med lagmannsretten. Vi ser det som den mest realistiske løysninga. Vidare blir dette den beste løysninga for partane og det gir grunnlag for ei god og fagleg forsvarleg handsaming av anke over jordskifteretten sin ulike avgjerder. Vi trur at både den noverande lagmannsrett med juridiske dommarar og jordskifteoverrett med jordskiftkandidatar som dommarar, vil ha gjensidig nytte av den kompetanseutvidinga ein slik fusjonert domstol vil få. Vi meiner dette kan bli sett på som ein kvalitetsreform.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler følgjande:

«Vi er samd i at det blir lagt opp til ei forenkla rettsmiddelordning, der lagmannsretten er ankeinstans for alle avgjerder tatt av jordskifteretten. Vi er ikkje samd i den samansettinga av lagmannsretten som er foreslått i høyringsutkastet. Vilkåret må vere at ankedomstolen vert styrka med jordskiftekompetanse. Ved anke over jordskifteavgjerd, rettsfastsetjing og ved krav om overskjønn skal retten bli sett med ein jordskiftelagdommar.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler følgjande:

«Arbeidsgruppa har valgt å ikke videreføre det gjeldende tosporede ankesystemet, og foreslår at jordskifteoverrettene blir fusjonert inn i lagmannsrettene. Vi stiller oss bak forslaget, men har noen merknader til enkelte deler av det.»

Jordskifterettsleiarane i Frostating jordskiftedømme og dei tilsette ved Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler at «ankeinstansen må være lagmannsretten, ingen merknader».

Høgskolen i Bergen uttaler:

«Innledningsvis kan en bemerke at høyringsnotatet på enkelte områder er svært godt drøftet og argumentasjonen viser at det er gjort en balansert avveiing mellom de ulike alternativene. En vil i den sammenheng særlig trekke frem punkt 5.11.5 «Val av ankeinstans». Høgskolen i Bergen vil på dette området støtte arbeidsgruppens konklusjoner.»

Norges Bondelag uttaler:

«Norges Bondelag er tilfreds med at det er foreslått forenklinger i rettsmiddelordningen. Dagens regler er uklare og medfører ekstra kostnader når samme sak splittes mellom to ulike ankeinstanser. Norges Bondelag støtter forslaget om at anke over alle avgjørelser fra jordskifteretten bør gå til lagmannsretten. Norges Bondelag støtter videre forslaget om at lagmannsretten bør forsterkes med en jordskiftelagdommer der det er hensiktsmessig.»

Tekna, fagorganisasjon for jordskiftedommarane uttaler:

«Tekna vil også gi sin fulle støtte til den foreslåtte forenkling av ankeordningen. Dagens to-sporede ankeordning med en egen jordskifteoverrett som ankeinstans for en del av avgjørelsene som fattes av jordskifteretten, mens andre avgjørelser går til lagmannsrett, må sies å være både uoversiktlig og i mange tilfeller uhensiktsmessig og prosessøkonomisk ugunstig. Tekna anser det imidlertid som lite hensiktsmessig at det skal være opp til førstelagmannens skjønn om det skal være jordskiftelagdommer med på å behandle anke over jordskifteavgjørelser. Det bør være slik at jordskiftelagdommeren er med uansett i slike saker. Dette vil være mest betryggende sett fra en faglig og rettssikkerhetsmessig synsvinkel. Videre vil det også kunne forebygge mulige interne konfliktsituasjoner i retten. I tillegg bør det vurderes om ikke jordskiftelagdommeren kan ha en hensiktsmessig funksjon som dommer i andre tingsrettslige og ekspropriasjonsrettslige saker som kommer fra tingretten. Tekna forutsetter at det ved hver lagmannsrett tilsettes minst en jordskiftelagdommer, en utreder med formalkompetanse som kreves for jordskiftedommer, og en saksbehandler. Dette for å sikre et minimum av jordskiftefaglig miljø.»

Den norske dommerforening, Norges juristforbund, uttaler:

«Dommerforeningen er enig i arbeidsgruppens prinsipale forslag om at lagmannsretten skal være eneste rettsmiddelinstans for avgjørelser truffet av jordskifteretten. Dette innebærer at det tosporede system vil opphøre, og at jordskifteoverretten skal integreres i lagmannsretten, som dermed blir en fullfaglig ankedomstol. En slik ordning vil medføre en betydelig forenkling for brukerne. Samtidig tilføres lagmannsretten verdifull kompetanse. Forslaget legger opp til en fleksibilitet når det gjelder bruken av denne ressurs ved dommersammensetningen også utenfor de tradisjonelle jordskiftesaker. Dette er en positiv sideeffekt av omleggingen som samtidig bidrar til å lette integreringsprosessen i ankedomstolen.»

NORSKOG er det einaste uttaleorganet som uttrykkeleg er mot forslaget. NORSKOG uttaler:

«Etter vår erfaring har jordskifteretten et godt omdømme, og blir ansett for å være både grundige og kompetente i sitt arbeid. Det er vår overbevisning at jordskifteretten bidrar til bedre løsninger i jordskiftesaker enn vanlige domstoler vil være i stand til. Hovedårsakene til dette er den fagkompetansen som jordskiftedommere besitter, arbeidsmetoden tilknyttet denne særdomstolen, og muligheten til å bruke den tiden som kreves for å få til en grundig saksgjennomgang og praktiske løsninger. I tillegg er det en unik mulighet for partene både i jordskifteretten og jordskifteoverretten til å prosedere sakene sine selv. Jordskifteverket er lagt opp sånn at partene skal veiledes på en slik måte at de selv er i stand til å ta vare på sine interesser, uten pålagt bruk av advokater. Dersom jordskifteoverretten nå avvikles, vil behovet for advokatbistand påføre alle som anker jordskiftesaker inn for lagmannsretten store ekstra kostnader. I realiteten vil dette med stor sannsynlighet avskjære mange fra å søke en ankebehandling. Ut fra disse argumentene ønsker NORSKOG å beholde jordskifteoverretten som ankeinstans.»

Samerettsgruppa ved det juridiske fakultet, universitetet i Tromsø uttaler:

«På dette punktet har arbeidsgruppa gjort et solid arbeid. Vi skal derfor fatte oss i korthet. I og med at arbeidsgruppa har stilt opp to alternative rettsmiddelordninger, finner vi det likevel naturlig kort å påpeke at vi støtter alternativet hvor lagmannsrettene er foreslått som (eneste) rettsmiddelinstans for avgjørelser tatt av jordskifterettene. Dette er også arbeidsgruppas primære forslag. For å sikre en best mulig ordning hvor det tas hensyn til geografiske avstander og kulturelle forskjeller innen landet vårt, herunder samisk rettskultur, er det viktig at samtlige av landets lagmannsretter blir styrket med en jordskiftelagdommer.»

14.1.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å leggje om rettsmiddelordninga, slik at lagmannsretten blir ankeinstans for alle avgjerder tekne av jordskifteretten.

Formålet med rettsmiddelordninga er å ta vare på rettstryggleiken for partane. Det er sentralt for tilliten til rettssystemet at det er mogleg å få ei overprøving av viktige rettsavgjerder. Det tospora systemet som gjeld i dag kan føre til at det oppstår uvisse om kva for rett som er ankeinstans. Det fører dessutan til at jordskiftedelen i eit tiltaksjordskifte ikkje kan ankast. Ut over dette fører ei slik deling til at sakstilfanget for jordskifteoverretten er lågt, slik at fagmiljøa knytt til jordskifteoverretten blir sårbare. Departementet viser til proposisjonen kapittel 5.3.5 der behovet for endringar i rettsmiddelordninga er drøfta.

Forslaget i høyringsnotatet er at det tospora systemet ikkje skal førast vidare i ny jordskiftelov. Gjennomgangen av ulike alternativ i høyringsnotatet kapittel 5.11.5 er omfattande, og departementet viser til denne gjennomgangen.

Gjennomgangen i høyringsnotatet viser at det er ei utfordring å finne fram til ei ankeløysing som så langt det er råd ligg nær opp til ordinære prosessreglar i sivile saker, som er brukarvennleg og effektiv med omsyn til tidsbruk, kostnader og organisering, samtidig som behovet for å få prøvt viktige spørsmål i to instansar kan takast vare på.

Valet mellom ulike løysingar er heller ikkje opplagt. Det er fordelar og ulemper ved alle. Departementet legg likevel til grunn at måla for dette valet i hovudsak må vere ei løysing som blir så enkel som mogleg, og som gjer at spørsmålet om kva som er ankeinstans ikkje lenger blir eit usikkerheitsmoment. Samansetjinga av retten må dessutan vere eigna til å løyse dei særeigne spørsmåla som vil dukke opp i saker for jordskifteretten. Samstundes bør retten ikkje vere overdimensjonert i høve til behovet for slike særordningar.

Det går fram av høyringsinnspela som er refererte at forslaget om ein ankeinstans er ei løysing som får stor oppslutning. Dei fleste, mellom dei, Agder lagmannsrett, Domstoladministrasjonen, jordskifteoverrettane og Dommerforeninga i Norges juristforbund, er opptekne av at løysinga er meir brukarvennleg enn gjeldande løysing.

Noko nær alle høyringsuttalane legg vekt på at kompetansen som i dag er i jordskifteoverrettane må vere til stades i ankeinstansen, og at den framtidige rettsmiddelordninga derfor må byggjast opp slik at jordskifteoverretten blir ein del av lagmannsretten. Departementet har merka seg uttalane frå dei juridiske miljøa som legg vekt på at dei vil tilførast verdifull kompetanse om jordskifteoverrettane blir ein del av lagmannsretten. Departementet har òg merka seg at jordskifteoverrettane omtaler denne delen av forslaget som ei «kvalitetsreform».

Departementet meiner at det kan vere mykje å hente ved å skipe ein domstol med eit breiare kompetansegrunnlag enn det gjeldande reglar byggjer på. Om jordskiftekompetansen blir ein del av lagmannsretten, opnar det for at ankeinstansen får ei samansetjing i den konkrete anken som tek vare på rettstryggleiken og omsynet til systemkontroll anten det er juridiske eller jordskiftefaglege spørsmål som gjer seg gjeldande i ankesaka.

Etter gjeldande rett er lagmannsretten overprøvingsinstans når det gjeld krav om overskjønn eller anke. Retten er sett saman på ulikt vis i dei to sakstypane, og saka følgjer ulike prosessreglar. Løysinga er vel utprøvd over nær 100 år, og synest å fungere godt innanfor lagmannsrettane slik dei er organiserte i dag. Ei liknande løysing er valt i jordskiftesaker i Sverige, i det som svarar både til tingretten og til lagmannsretten. Der er løysinga òg prøvd ut over svært lang tid, og det synest vere semje om at ho fungerer godt. Med dette som bakgrunn meiner departementet at moglegheitene for å setje saman retten på ulik måte alt etter kva for avgjerd det blir anka over synest å vere til stades.

Departementet foreslår etter dette at dei eksisterande jordskifteoverrettane blir ein del av lagmannsretten. Jordskifteoverdommarane blir jordskiftelagdommarar, og samansetjinga av lagmannsretten vil variere alt etter kva for avgjerd som er teken av jordskifteretten i første instans.

Departementet vil leggje til at det er vanskeleg, men nødvendig, å skilje mellom argument som er knytt til behova brukarane har for ei tenleg løysing, og meir organisatoriske problem som òg bør løysast på ein god måte. Brukarperspektivet må etter departementets syn vere avgjerande for valet av ankeløysing. Dei interne organisatoriske tilhøva er av ein meir underordna karakter med mindre dei kan få verknad for avgjerda i sakene. Ved å samle all behandling i lagmannsretten vil ein unngå dei ulempene som partane har ved å måtte velje mellom to ulike instansar, faren for å velje feil ankeinstans med vidare. Ein unngår likevel ikkje at lagmannsretten må skilje mellom dei ulike avgjerdene som det blir nytta rettsmiddel mot, og avgjere kva for prosessform som skal nyttast i det enkelte høvet. Det må òg leggjast til rette for at systemet blir fleksibelt, slik at lagmannsretten kan behandle heile saka sjølv om det både er anke over tvist og jordskifteavgjerd i same sak.

Den løysinga departementet har landa på byggjer på det grunnleggjande skiljet som finst mellom rettsfastsetjande avgjerder, lovforslaget kapittel 4, og rettsendrande avgjerder lovforslaget kapittel 3. Dei rettsendrande avgjerdene kan ikkje løysast i anna prosesslovgiving. Som det går fram av forslag til reglar om saksbehandling, er det behov for særlege reglar knytt til dette i første instans. Dette behovet er òg til stades i ankeinstansen. Det er såleis ein sentral del av lovforslaget å skilje dei ulike avgjerdsformene i jordskiftelova, og leggje til rette for ulike behandlingsmåtar for dei ulike avgjerdsformene, og i høve til kva ankeinstansen skal prøve. Eit system der all anke frå jordskifterettane skal behandlast likt, vil etter departementets syn ikkje vere forsvarleg. Det vil heller ikkje gi ein ressursbruk som er tenleg. Dei konkrete reglane om samansetjinga av retten kjem departementet nærare tilbake til i proposisjonen kapittel 14.4.

NORSKOG er i si høyringsuttale oppteken av å behalde jordskifteoverretten, mellom anna for å halde på eit system tilrettelagt for sjølvprosederande partar der advokatbistand ikkje er nødvendig. Departementet meiner at lovforslaget legg til rette for at den gode praksisen som NORSKOG viser til at fungerer godt ved dagens overjordskifte, kan førast vidare i lagmannsrettane.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 8-1 første ledd.

Forslaget om at lagmannsretten blir den einaste ankeinstansen fører til at ei rekkje føresegner i gjeldande jordskiftelov kapittel 7 Rettsmiddel ikkje blir ført vidare i forslaget til ny lov om jordskifte. Dette gjeld gjeldande jordskiftelov §§ 61 fjerde ledd, 63 fjerde og femte ledd, 64 første ledd andre punktum og andre ledd, 69, 70 andre til fjerde ledd og 71.

14.2 Kva for avgjerder som bør kunne prøvast ved anke

14.2.1 Høyringsforslaget

I høyringsforslaget legg arbeidsgruppa til grunn at jordskifteretten skal nytte avgjerdsformene dom, semjedom, jordskifteavgjerd, orskurd, vedtak (i tvistelova kalla beslutning) og skjønn, jf. høyringsforslaget § 6-19. Anke kan etter tvistelova § 29-2 gjelde dom, orskurd (kjennelse) eller vedtak (beslutning). Semjedom og jordskifteavgjerd er ikkje omfatta av føresegnene i tvistelova eller i anna prosesslovgiving. Etter høyringsforslaget skal det vere mogleg å prøve slike avgjerder.

Jordskifteretten avgjer ein del spørsmål som skjønn, anten som eiga sak eller i samband med jordskiftesak. Når jordskifte og ekspropriasjonsskjønn blir behandla i same sak, blir dette ofte kalla kombinerte saker eller tiltaks- eller vernejordskifte. Etter revisjonen av jordskiftelova som blei sett i kraft 1. januar 1999, blei høvet til å anke dei kombinerte sakene vesentleg innskrenka ved at berre saksbehandling og erstatningsutmåling kunne ankast til lagmannsretten. Tidlegare kunne ein òg anke over skifteplanen og dei rettsendrande avgjerdene til jordskifteoverretten. Forslaget i høyringsnotatet fører til at det vil bli full overprøving òg for dei kombinerte sakene.

Utrekningar og målearbeid med vidare som jordskifteretten gjer, blir ein del av avgjerda, anten avgjerda er ein dom, semjedom, ei jordskifteavgjerd eller eit skjønn. Sjølv om partane aksepterer premissane, tvisteløysinga eller jordskifteløysinga, kan dei meine at sjølve merkinga eller målearbeidet er feil. Etter gjeldande føresegner kan partane anke til jordskifteoverretten med påstand om retting av slike feil (gjennomsyn). I høyringsnotatet er det peika på at ordninga med gjennomsyn er godt innarbeidd. Løysinga blei derfor foreslått ført vidare, jf. høyringsforslaget § 8-2 femte ledd.

For avgjerd som jordskiftedommaren tek etter gjeldande jordskiftelov § 85, i samband med valdgift eller frivillig makeskifte, foreslår arbeidsgruppa eigne føresegner om rettsmiddelbruken. Arbeidsgruppa foreslår at reglane om kompetansen til jordskifteretten i samband med valdgift eller minneleg makeskifte, skal opphevast. Det er da heller ikkje behov for særlege reglar om anke i den nye jordskiftelova.

14.2.2 Høyringsinstansane

Det er berre eit fåtal høyringsinstansar som har merknader til spørsmålet om kva for avgjerder som bør kunne prøvast ved anke.

Jordskifteoverrettane skriv i si fellesuttale:

«Det er ein nødvendig endring av noverande lov, at det igjen blir mogleg å anke dei jordskiftemessige avgjerdene i dei kombinerte sakene.»

Statens vegvesen kommenterer dette. Uttalen er teken inn under kapittel 14.1.2.

14.2.3 Departementets vurderingar

14.2.3.1 Avgjerder som kan ankast

Dei ulike avgjerdene i jordskifterettane kan vere viktige for den enkelte grunneigaren og rettshavaren. For å ta vare på rettstryggleiken er det derfor avgjerande at den enkelte parten i jordskiftesakene kan ha rett til å få ei prøving; ei ny vurdering av dei avgjerdene som jordskifteretten fastset. Formålet med rettsmiddelordninga er nettopp å ta vare på denne rettstryggleiken. Moglegheita for ei ny prøving er òg sentral for tilliten til rettssystemet. Overprøvinga skapar dessutan presedens, noko som fremjer kvaliteten på avgjerdene i underinstansen.

Andre viktige omsyn kan tale for å avgrense retten til overprøving, først og fremst omsynet til proporsjonalitet og rask saksbehandling. Omsynet til effektivitet tilseier at saka kan avgrensast slik at det berre er snakk om ankebehandling dersom det synest nødvendig at spørsmålet blir behandla på nytt.

Dei ulike avgjerdsformene i jordskifteretten er definerte i lovforslaget § 6-23. Departementet tek som utgangspunkt at alle avgjerdsformene som er nemnde i paragrafen skal kunne ankast.

Det som i gjeldande rett er kalla rettsfastsetjande vedtak er i lovforslaget kalla dom. Sjølv om tingretten ikkje kan ta slike avgjerder, er det klart at slik dom må kunne prøvast med rettsmiddel.

Jordskifteavgjerd er ei sentral avgjerdsform i lova. Omgrepet omfattar alle avgjerder som takast om verdsetjing, bonitering, ny eigedomsutforming med vidare. Desse avgjerdene er sjølve kjernen i jordskifteverksemda, og må kunne prøvast med rettsmiddel.

Omtalen av forslaga i høyringsnotatet viser at lagmannsretten etter gjeldande jordskiftelov berre kan prøve skjønnsdelen, rettsbruken og saksbehandlinga ved tiltaks- og vernejordskifte. Dette er uheldig. Løysinga med anke til lagmannsrett som er vald i kapittel 14.1.3 og kapittel 14.4.3 gjer det mogleg å få prøvd slike avgjerder. Departementet foreslår etter dette å følgje forslaget i høyringsnotatet på dette punktet slik at alle aktuelle avgjerder fatta av jordskifteretten kan prøvast av lagmannsretten.

I lovforslaget har departementet likevel gjort nokre unntak frå retten til å anke. Dette gjeld i første rekkje avgjerda førstelagmannen tek om samansetjinga av retten, sjå lovforslaget § 8-7 og domstollova § 1 (12) nytt andre ledd. Sjå omtalen av dette under kapittel 14.4.3.3. Departementet foreslår elles at den særlege ankeforma «gjennomsyn» går ut. Sjå omtale av dette i kapittel 14.2.3.2.

14.2.3.2 Gjennomsyn

Etter gjeldande jordskiftelov § 72 kan det ankast over det tekniske arbeidet, kart, utrekningar eller målearbeid. Regelen om gjennomsyn er ofte omtala som teknisk gjennomsyn. Forslaget i høyringsnotatet er å føre ordninga vidare, med nokre mindre endringar.

Regelen blei laga med sikte på dei tradisjonelle jordskiftesakene, men gjeld òg for grensesaker. Gjennomsyn i grensesaker reiser særlege problem ved den todelte rettsmiddelordninga som gjeld i dag. Er det sagt dom i grensetvist, skal anken gå til lagmannsretten. Er det kravd gjennomsyn må likevel dei delane av bevisa som gjeld kart, utrekningar eller målearbeid takast ut av ankesaka til lagmannsretten og vurderast av jordskifteoverretten. Dette problemet vil bli borte med departementets forslag til ny rettsmiddelordning der alle ankespørsmål går til lagmannsretten, sjå drøftinga i kapittel 14.1.

Behandlinga av gjennomsynet er elles enklare enn ved annan anke til jordskifteoverretten. Det er likevel eit spørsmål om det er behov for å behalde denne særlege ankeforma. I praksis har løysinga ikkje vore mykje brukt. I perioden 2005-2009 var det til saman 560 ankepostar som blei behandla av jordskifteoverrettane. Av desse var det totalt sju ankepostar som i statistikken er førte som «teknisk gjennomsyn». Ingen av desse ankepostane førte til endring i resultatet av saka. Fire av dei sju ankepostane som gjaldt teknisk gjennomsyn kom inn til jordskifteoverretten i 2009. I siste femårsperiode var teknisk gjennomsyn brukt i om lag en prosent av ankepostane.

Departementet er etter at høyringsfristen gjekk ut, gjort merksam på at teknisk gjennomsyn i nokre høve har blitt brukt som eit slags ekstra rettsmiddel. Dette meiner departementet er uheldig. Etter at ein dom er behandla i jordskifterett, lagmannsrett og kanskje er forsøkt anka til Høgsterett, krev enkelte partar teknisk gjennomsyn for grensemerkinga. Dette liknar på ein «omkamp» på den rettskraftige dommen. Eit eksempel som viser dette er Frostating jordskifteoverrett sak 2600-2008-0008, der Sør-Trøndelag jordskifterett merkte grensene i tråd med rettskraftig dom avsagt i lagmannsretten. Her blei spørsmålet reist om dette var ei ny anke over rettsfastsetjinga, som i så fall skulle til lagmannsrett som vanleg sivil ankesak, eller om saka kunne behandlast av jordskifteoverdommaren etter reglane for teknisk gjennomsyn. Det siste blei resultatet, men saka illustrerer at ein ved å oppretthalde teknisk gjennomsyn som ei eiga ankeform opnar for at enkelte saker kan behandlast fleire gonger i ankeinstansen. Først ved anke over dom, deretter ved teknisk gjennomsyn over grensemerkinga. Dette problemet blir ikkje borte med forslaget til endring av rettsmiddelordninga. Problemet kan ein i nokon mon unngå ved å vere meir presis i domsslutninga, slik at merkjeoppdraget blir tydelegare. Likevel kan ein ikkje unngå at det er mogleg å krevje teknisk gjennomsyn som må behandlast i ei ekstra runde i lagmannsretten.

Departementet foreslår å oppheve regelen om gjennomsyn. Ut over dei ulempene som er skisserte over, er det fleire grunnar til dette, først og fremst fordi departementet i hovudsak ikkje ser behov for gjennomsynet slik regelen er utforma i dag, og dernest at reglane om rettsmiddel blir enklare dersom gjennomsynet blir borte.

Behovet for teknisk gjennomsyn er avhengig av om feil i form av utarbeiding av kart og utrekningar, merking og måling kan rettast på ein effektiv og adekvat måte innafor dei vanlege reglane lova gir. Avgjerdene i jordskifteretten kan etter lovforslaget § 6-25 omgjerast undervegs i saka om det ligg føre særlege grunnar, avgjerdene kan reassumerast etter tvistelova § 9-17. Ved feil kan dei òg rettast etter at avgjerda er teken, jf. tvistelova § 19-8, saka kan oppfriskast etter tvistelova kapittel 16 III, saka kan ankast etter lovforslaget § 8-1 eller gjenopnast innan 10 år jf. lovforslaget § 8-14. Om saka er ei jordskiftesak kan det dessutan reisast nytt krav om jordskifte etter 10 år, sjå lovforslaget § 3-37.

Ein viktig grunn for forslaga til endringar i rettsmiddelbruken er å gjere prosessane enklare for partane og redusere ressursbruken i samband med bruk av rettsmiddel. Det bør ikkje leggjast opp til løysingar som gjer det nødvendig å anke ei sak to stader eller fleire gonger før det er teken endeleg avgjerd. Problema som er påviste med teknisk gjennomsyn viser at det etter gjeldande jordskiftelov er mogleg å anke fleire gonger. Det er såleis i tråd med grunntanken i forslaga til endring å ta bort teknisk gjennomsyn som eiga ankeform. Ei slik løysing svarar med intensjonen med å lage ei robust ankeordning der alt skal samlast i lagmannsretten i ei behandling.

Etter departementets syn vil behovet for ein regel om teknisk gjennomsyn variere. Det må skiljast mellom utarbeiding av kart og utrekningar på den eine sida, og merking og måling på den andre.

Utarbeiding av kart og utrekningar i samband med skifte i ei jordskifteavgjerd skal leggjast fram for partane undervegs i saka. Det vil ofte liggje føre ei jordskifteavgjerd som kan ankast, og arbeidet er seinast gjort når det ligg føre dom i saka. Etter departementets syn er det ikkje nødvendig med eigne føresegner om teknisk gjennomsyn for slike avgjerder. Dei løysingane som er skisserte ovanfor dekkjer behovet for å rette opp tilhøvet.

Merking og måling er faktiske handlingar som kan gjennomførast før det ligg føre ein endeleg dom, men handlingane kan òg utførast etter at det ligg føre dom i saka. Til forskjell frå merking og måling som skjer ved ordinær oppmåling i kommunen, vil arbeidet jordskifteretten gjer ha rettskraftsverknad. I tettstadar med høge eigedomsverdiar, kan små feil føre til rettstap knytt til store verdiar.

Departementet meiner at løysingane som er skisserte ovanfor òg dekkjer behovet for å rette opp feil i merking og måling dersom handlingane er gjort før det er sagt dom i saka. Ligg det føre ein rettskraftig dom der merkinga og målinga skal gjerast etterpå er situasjonen ein annan. Tiltaka som er skisserte ovanfor er da ikkje aktuelle verkemiddel for å rette opp feilen sjølv om feilen kan ha mykje å seie for partane. Etter departementets syn må det vere mogleg å anke over denne faktiske handlinga. Departementet legg derfor til grunn i lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav c at utsett merking og måling skal reknast som ei jordskifteavgjerd. Etter departementets syn dekkjer denne løysinga behovet for prøving på ein tenleg måte.

14.3 Prosessform for ankebehandlinga

14.3.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget § 8-3 gjeld føresegner om prosessen. Prosessforma er nærare omtalt i høyringsnotatet kapittel 5.11.6. I hovudsak fører høyringsforslaget vidare dei prinsippa som ligg til grunn for gjeldande føresegner.

Jordskifteretten må ofte ta fleire ulike avgjerder i ei og same sak. I høyringsnotatet er det presisert at spørsmålet om prosessform ved overprøvinga, bør ta utgangspunkt i kva for type avgjerd som blir prøvd for ankeinstansen.

Arbeidsgruppa foreslår at anke over dom, semjedom, orskurd, eller vedtak bør behandlast etter reglane i tvistelova. Ved anke over jordskifteavgjerd foreslår arbeidsgruppa eigne reglar for prosessen i lagmannsretten, kombinert med at skjønnsprosesslova skal gjelde så langt ho passar. Ved anke over reine skjønn halde av jordskifteretten er forslaget at ein ved overskjønn skal følgje reglane i skjønnsprosesslova.

I nokre tilfelle er det mest praktisk at lagmannsretten nyttar teknisk hjelp frå jordskifterettane. Høyringsforslaget omfattar derfor reglar som skal gi jordskifterettane plikt til å yte slik hjelp dersom lagmannsretten ber om det.

14.3.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Vi reiser spørsmål om hvilken silingsregel som skal gjelde når anker over forskjellige avgjørelser behandles som en sak etter § 8-2 tredje ledd. Skal anke over dom hvor tvistegjenstanden er lavere enn kr 125 000 alltid fremmes for lagmannsretten dersom den ankes sammen med en jordskifteavgjørelse ? Det bør nevnes i spesialmerknadene til § 8-3 at det er tvistelovens regler om anke over dom som skal gjelde tilsvarende for anke over semjedom fra jordskifteretten»

Domstoladministrasjonen uttaler:

«DA er enig i at behandlingen av anke over judisielle avgjørelser følger alminnelig tvisteprosess, jf. første ledd, og at behandlingen av anke over jordskifteavgjørelser følger jordskifteprosessen, jf. andre ledd.
Det er i andre ledd henvist til §§ 8-4 til 8-13 og kapittel 6 i jordskifteloven. Denne lovteknikken kan gi noen uheldige utslag. Blant annet går man glipp av bestemmelsene i §§ 2-10 og 2-11 om meddommerutvalg. Ankedomstolen bør ikke være avskåret fra å velge meddommere fra «jordskiftemeddommerutvalget».»

Agder lagmannsrett uttaler:

«Det er viktig å se reglene om rettsmiddelordning i sammenheng med § 6-19 om formene for jordskifterettens avgjørelser. Etter min oppfatning gir § 6-19, som det er vist til i § 8-1 første ledd, et godt fundament for rettsmiddelordningen. Særlig viktig er sondringen mellom «dom» og «jordskifteavgjerd» i § 6-19 annet til fjerde ledd, som betegnelser på realitetsavgjørelsen i rettsfastsettende og rettsendrende saker. Det er en riktig grunntanke at realitetsavgjørelser som med bindende virkning for partene normerer et rettsforhold, treffes i form av dom. Dette stemmer med tvistelovens løsning i § 19-1 første ledd. Forslaget innebærer at begrepet «rettsfastsettende vedtak» i dagens jordskiftelov erstattes med dom. Det er en god betegnelse at avgjørelser basert på partenes enighet i utkastet § 6-19 tredje ledd kalles «semjedom». Bruken av domsformen, fremfor vedtaksformen, gjør det lettere å skille materielle avgjørelser med rettskraftvirkning fra prosessuelle avgjørelser som kalles «vedtak» i § 6-19 femte ledd. «Vedtak» brukes da i samme betydning som bokmålsordet «beslutning» i tvisteloven § 19-1 tredje ledd.»

Jordskifteoverrettane uttaler:

«Systemet som er valgt ved at prosessreglane i skjønnsprosesslova skal styre overjordskifte, skaper forvirring. Det ville vore eit betre system å vise til reglane i jordskiftelova, og at desse gjeld så langt dei passar, enn å trekkje inn ei tredje prosesslov slik situasjonen vert her. Dette er og nemnt i kommentaren til § 8-2, at det ved overjordskifte bør være jordskiftelova sine reglar som skal gjelde så langt det passar. Tilvisinga til skjønnsprosesslova så langt det passar kan kanskje flyttast til fjerde ledd. Den har kanskje større meining der. I andre ledd bør det derfor vere ei tilvising til saksbehandlingsreglane som gjeld for jordskifteretten, meir i tråd med det som er gjort i § 8-9.»

I uttalen frå jordskifterettsleiarane i Frostating jordskiftedømme står følgjande:

«Ved behandling av anke over jordskifteavgjerd skal §§ 8-4 til 8-13 og saksbehandlingsreglane i kapittel 6 i jordskifteloven gjelde. Så langt vi ser det må dette være tilstrekkelig henvisning. Hva som skal benyttes «så langt det passer» av skjønnsprosesslovens bestemmelser er noe uklart for oss.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

«I andre ledd, om anke over jordsskifteavgjerd, foreslår vi endring slik at kort og greit reglane i jordskifteloven gjelder fullt ut, og ikke bare deler av loven.»

14.3.3 Departementets vurderingar

14.3.3.1 Generelt

Formålet med prosessordninga er mellom anna å sikre interessene partane har i saka. Formålet er òg å leggje til rette for ein ryddig prosess slik at partane får komme til med sine synspunkt knytt til det saka eller anken gjeld på ein god måte, samstundes som framdrifta i saka blir sikra. Omsynet til partane og domstolen taler elles for at prosessreglane bør leggje til rette for enkel og fleksibel saksbehandling. Jordskifteretten må ofte i ei og same sak ta fleire ulike avgjerder. Føresegnene om kva for prosessform som skal gjelde ved overprøvinga, kan derfor ikkje byggje på kva for sakstype som er til behandling for jordskifteretten, men må ta utgangspunkt i kva for avgjerd som det er anka over.

Høyringsforslaget går i korte trekk ut på å følgje reglane i tvistelova ved anke over dom, semjedom, orskurd eller vedtak medan ein har særlege reglar ved anke over jordskifteavgjerd. Forslaget byggjer på grunnprinsippet om at prosessforma må tilpassast det saka gjeld, ei løysing som i stor grad er støtta av høyringsinstansane. Forslaget er ei naturleg følgje av at jordskifterettane fattar ulike slag avgjerder, med ulike krav til prosess òg i førsteinstans, sjå lovforslaget kapittel 6. Når anke i alle høve skal behandlast i lagmannsretten, er det på same vis nødvendig med ulike prosessreglar avhengig av kva for avgjerd det er anka over.

Departementet ønskjer i lovforslaget å byggje vidare på dette grunnprinsippet, og meiner at ryddige avgjerder basert på inndelinga i lovforslaget § 6-23 gjer dette mogleg. Utfordringa i regelverket er å leggje til rette for eit enkelt og forståeleg system som samstundes opnar for at ein kan belyse dei særeigne tilhøva som gjer seg gjeldande for dei ulike avgjerdsformene i ankeomgangen på ein eigna måte. I tillegg bør regelverket gi retten tilstrekkeleg fleksibilitet til å avvikle saka på ein effektiv måte innafor ramma av dei ressursane som finst i domstolen. Utfordringa for jordskifterettane blir å formidle tydeleg til partane kva slag avgjerd som er gjort i første instans.

Høyringsrunden viser at det mellom anna er nødvendig å sjå nærare på dei særlege reglane som skal gjelde ved behandling av anke over jordskifteavgjerder.

14.3.3.2 Ankesak som gjeld jordskifte

Etter gjeldande rett følgjer prosessen ved overjordskifte reglane i jordskiftelova så langt det høver. Jordskifteavgjerdene har mange fellestrekk med avgjerder tekne i skjønn. Prøving av skjønn kan såleis vere eit mønster for prøving av jordskifteavgjerd. Forslaget i høyringsnotatet byggjer derfor på at reglane i skjønnsprosesslova skal gjelde så langt det høver. I tillegg skal reglane om saksbehandling i jordskiftelova gjelde, jf. høyringsforslaget kapittel 6. Det same gjeld dei særlege reglane om behandling av anke etter høyringsforslaget kapittel 8.

Departementet har merka seg at fleire av høyringsuttalane er kritiske til forslaget om at skjønnsprosesslova skal gjelde så langt det høver. Både Justisdepartementet, Agder lagmannsrett og mange av jordskiftedomstolane har vore opptekne av dette. Det er mellom anna stilt spørsmål ved kva verknad forslaget får. Andre har vist til at det er uheldig at lagmannsretten i så fall må nytte skjønnsmenn og ikkje meddommarar frå utvalet av jordskiftemeddommarar.

Departementet er samd i at det kan vere grunn til å gjere reglane i jordskiftelova gjeldande ved behandling av anke over jordskifteavgjerd i lagmannsretten. Dersom jordskiftelova skal gjelde så langt det høver, vil alle dei aktuelle reglane få verknad òg ved overjordskifte halde av lagmannsretten. Det fører til at ankeinstansen får den same faktiske kompetansen til å treffe regulerande avgjerder, og dei same skrankane for slike avgjerder slik vi for eksempel finn dei i lovforslaget § 3-18 som gir vern mot tap. Departementet meiner dessutan at prosessreglane i jordskiftelova saman med spesialreglar for anke i kapittel 8 vil vere tilstrekkelege til å behandle anke over jordskifteavgjerder på ein god måte. Reglane om saksbehandling som jordskifteoverretten har nytta etter gjeldande rett har fungert godt, og departementet foreslår at nye reglar skal utarbeidast etter den same tilnærminga. At overjordskifta for framtida skal behandlast av lagmannsretten, gjer det ikkje meir komplisert å nytte reglane i jordskiftelova. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-1 tredje ledd.

Fleire høyringsinstansar har stilt spørsmål ved om visinga til skjønnsprosesslova burde knytast direkte til anke over dei kombinerte sakene, og at det i desse sakene heller kan vere bruk for ei slik tilvising til reglane i skjønnsprosesslova. Med den løysinga departementet foreslår, er det ikkje behov for å drøfte dette særskilt.

14.3.3.3 Anke over dom, orskurd eller vedtak

Etter gjeldande jordskiftelov § 61 andre og tredje ledd går ei rekkje avgjerder som ankesak til lagmannsretten etter reglane i tvistelova. Eksempel på dette er dom, rettsfastsetjande vedtak og visse orskurder og andre vedtak. Etter § 61 femte ledd skal prosessen i slike tilfelle gå etter tvistelova. Arbeidsgruppa foreslår forenklingar i høve til gjeldande lovtekst. Det har ikkje kome inn motsegner mot forslaget i høyringsrunden. Departementet foreslår i kapittel 9 at rettsfastsetjande vedtak, eller det som i høyringsnotatet blei omtala som semjedom skal vere dom. Ut over denne endringa foreslår departementet ein regel i lovforslaget § 8-1 andre ledd i tråd med forslaget frå arbeidsgruppa.

Føresegna erstattar gjeldande jordskiftelov § 61 femte ledd som direkte gjeld avgjerder som etter andre og tredje ledd kan ankast til lagmannsretten i dag. I lovforslaget er oppramsinga i gjeldande lov § 61 tredje ledd av ulike slag orskurder gjort generell. Forslaget vider såleis ut verkeområdet for tvistelova for slike orskurder som ikkje er nemnde i tredje ledd i gjeldande jordskiftelov. Forslaget erstattar òg gjeldande jordskiftelov § 63 tredje ledd der det går fram at reglane i tvistelova kapittel 29 gjeld så langt dei høver ved anke til lagmannsretten. Modifikasjonen «så langt dei høver» er teken bort i lovforslaget slik at tvistelova vil gjelde utan atterhald.

14.3.3.4 Skjønn og andre avgjerder

Etter gjeldande jordskiftelov § 6 b første ledd første punktum skal skjønn som jordskifteretten held som eiga sak med heimel i § 6 fjerde ledd andre punktum eller i anna lov følgje reglane for rettslege skjønn etter skjønnsprosesslova. Føresegna gjeld òg krav om overskjønn. Eit unntak frå denne hovudregelen er § 6 a som fastset at jordskifteretten blant anna i eiga sak kan halde skjønn etter reindriftslova. Utgangspunktet er da at saka skal behandlast etter reglane i jordskiftelova.

Departementet vil særleg vise til lovforslaget § 5-6, som gir reglar for korleis skjønn og andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5 skal behandlast av jordskifteretten. Skiljet her ligg mellom skjønn og andre avgjerder etter andre lover som skal behandlast som eiga sak, og skjønn og andre avgjerder etter andre lover halde i samband med sak for jordskifterett. Departementet meiner at det er rett å følgje opp dette i reglane om prøving av avgjerda. Skjønn og andre avgjerder jordskifteretten held som eiga sak, følgjer reglane for rettsleg skjønn i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker. Det fører til at rettsmiddel i slike saker blir «begjæring om overskjønn», jf. skjønnsprosesslova § 32 flg. Sjølv om dette går fram som ein direkte følgje av lovforslaget § 5-4, finn departementet det av pedagogiske grunnar rett å presisere dette i lovforslaget § 8-1 femte ledd. Departementet foreslår òg at skjønn og andre avgjerder etter andre lover halde i samband med sak for jordskifterett skal behandlast i lagmannsretten etter dei same reglane som jordskifteavgjerd. Dette følgjer av lovforslaget § 8-1 fjerde ledd. Rettsmiddel i slike saker blir derfor anke til lagmannsrett.

14.3.3.5 Fleire sakstypar i ei sak

Som arbeidsgruppa er inne på, kan det for eksempel vere jordskifteavgjerd og avgjerd av tvist i same sak. Jordskifteretten kan òg avgjere tvist og skjønn i same sak. Ei tredje gruppe avgjerder kan vere jordskifteavgjerd og skjønn i same sak. Ein kan sjå for seg at alt ankast samtidig, når heile saka er slutt. Etter gjeldande rett må sakene behandlast som separate ankesaker, først i lagmannsrett og etterpå i jordskifteoverrett. Alternativt som overskjønn og ordinær anke til lagmannsretten dersom det er anka over rettsfastsetjing og samtidig er kravd overskjønn.

Lovforslaget § 8-1 første ledd inneber at det nå berre blir ein ankeinstans dersom det er anka over fleire avgjerder etter lovforslaget § 6-23 samtidig. Det er lagmannsretten. I lovforslaget § 8-7 er det lagt opp til at førstelagmannen skal avgjere korleis samansetjinga i retten skal vere i slike høve. Førstelagmannen må da leggje vekt på kvar hovudvekta i ankebehandlinga vil liggje, og kva for ei behandlingsform som vil passe best for å kunne prøve heile breidda i saka på ein best mogleg måte. Løysinga opnar for ei forenkling av prosessen når det er anka over ulike avgjerder i same sak. Departementet foreslår på dette grunnlaget at slike ankar kan behandlast som ei sak for lagmannsretten. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-1 sjette ledd. Etter departementets syn kan ei slik løysing vere effektiv både for partane og for domstolen. Departementet meiner løysinga må byggje på at slik behandling er mogleg. Det bør ikkje vere ein absolutt regel, sjå ordlyden som er vald; anken «kan» behandlast som ei sak. Løysinga er såleis ikkje den same som i høyringsforslaget § 8-2 tredje ledd. Avgjerda av om saka skal behandlast som ei sak eller ikkje vil liggje til førstelagmannen som etter domstollova § 11 skal fordele sakene mellom dommarane ved domstolen. Departementet har lagt til grunn i lovforslaget § 8-1 sjette ledd at avgjerda førstelagmannen gjer ikkje kan ankast. Sjå om rolla til førstelagmannen i liknande avgjerder under kapittel 14.4.3.4.

Forslaget gjeld anke over avgjerd som nemnt i lovforslaget § 6-23. Det vil seie at skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter lovforslaget § 5-4 i hovudsak er halde utanfor. I reine skjønn har ikkje skjønnsretten kompetanse til å avgjere spørsmål ved dom. Ofte må skjønnsretten bruke prejudisielle føresetnader om rettstilstanden i slike saker. I eit slikt tilfelle er det berre aktuelt å prøve det prejudisielle spørsmålet i samband med overskjønnet. I nokre høve er skjønn og andre avgjerder halde som del av ei sak for jordskifteretten. Ei anna løysing er vald dersom skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 er halde i samband med sak for jordskifterett. Dette gjeld anten saka er ei jordskiftesak eller grensesak. Det går fram av lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav d at skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifterett er å rekne som «jordskifteavgjerd». Når dette er tilfellet, får forslaget i lovforslaget § 8-1 sjette ledd om ei samla behandling av anken verknad òg i slike høve. Forslaget vil gjelde anten det er anka over jordskifteavgjerd og dom eller orskurd.

Sjølv om ulike avgjerder er samla til ei ankebehandling, må prosessreglane for behandlinga av anken følgje den enkelte avgjerda det er anka over. Departementet ser ikkje behov for å lovfeste dette. Løysinga følgjer av formålet med prosessreglane som er omtala innleiingsvis. Dette formålet er å rydde i saka eller anken slik at partane får kome til med sine synspunkt knytt til det saka eller anken gjeld på ein god måte, samstundes som framdrifta i saka sikrast. Når ulike avgjerder er samla til ei ankebehandling, må jordskifterettane vere tydelege med omsyn til kva for avgjerdsform dei har nytta i ulike delar av saka. Det avgjerande for prosessforma vil likevel vere innhaldet i avgjerda, ikkje nødvendigvis det retten sjølv har kalla henne. Dette går fram av lovforslaget § 6-23 femte ledd.

Justisdepartementet peikar på at det er uklart korleis silingsregelen skal fungere i ei sak der fleire avgjerder er påanka samtidig. For eksempel dom og jordskifteavgjerd, der verdigrensa tvistelova har på 125 000 kroner vil gjelde for anke over dom, men ikkje for anke over jordskifteavgjerd. Etter departementets syn skal silingsregelen praktiserast sjølv i eit tilfelle der både dom og jordskifteavgjerd er anka. Det er ikkje gjort noko unntak frå hovudregelen i tvistelova i slike høve. Det betyr at dommen i seg sjølv må kvalifisere for ankebehandling. Dersom han ikkje gjer det, vil retten berre stå igjen med jordskifteavgjerda som skal prøvast.

14.4 Samansetjing av lagmannsretten

14.4.1 Høyringsforslaget

Kva for dommarar som skal avgjere den enkelte saka, er eit viktig spørsmål for den enkelte parten og ei direkte følgje av at ein har vald ulike prosessformer for ulike avgjerder i jordskifterettane. Dette spørsmålet gjeld både samansetjinga av ulike fagdommarar med ulik fagbakgrunn, og bruken av meddommarar. I høyringsnotatet er det skissert fleire ulike alternativ for samansetjing av lagmannsretten, jf. høyringsforslaget § 8-2.

Der prosessforma følgjer reglane for vanleg sivil anke i lagmannsretten (dom, semjedom, orskurd eller vedtak) skal retten setjast saman etter domstollova § 12. Retten skal da setjast med tre fagdommarar. Høyringsnotatet inneheld forslag om at førstelagmannen i slike anker kan byte ut ein juridisk dommar med ein jordskiftelagdommar. Ved å gi førstelagmannen denne oppgåva, opnar høyringsforslaget for eit fleksibelt system som både kan ta vare på omsynet til fagkunnskap og effektiv utnytting av ressursane i lagmannsretten.

Det kan vere gode grunnar for å vurdere om ei tilsvarande samansetjing der jordskiftelagdommaren deltek som ein av fagdommarane, òg bør nyttast ved anke over avgjerder tingretten tek i grensetvist og andre avgjerder som gjeld fast eigedom. Arbeidsgruppa peikar på at dette forslaget ikkje er greidd ut i høyringsnotatet i full breidde fordi det ligg utanfor mandatet.

Der det er anka over jordskifteavgjerd eller sett fram krav om overskjønn, foreslår arbeidsgruppa ei samansetjing av retten som fastsett i skjønnsprosesslova § 34. Etter reglane i skjønnsprosesslova blir da samansetjinga i retten til vanleg ein fagdommar og skjønnsmenn. Talet på skjønnsmenn vil variere frå sak til sak, men er normalt to eller fire. Etter forslaget skal det vere opp til førstelagmannen å avgjere om retten skal setjast med jordskiftelagdommar eller juridisk dommar som fagdommar. Forslaget i høyringsnotatet er at førstelagmannen skal kunne setje retten med ein juridisk dommar og ein jordskiftelagdommar, saman med tre skjønnsmenn. Det går fram av høyringsnotatet at dette først og fremst er tenkt for saker der jordskifteavgjerd og rettslege vurderingar er sentrale, og i saker der jordskifteavgjerd og skjønn er kombinerte i same sak.

Forslaget byggjer elles på ulike kombinasjonar, som skal gjere det mogleg å behandle ulike avgjerdsformer i same ankesak, for eksempel både dom og jordskifteavgjerd. Det blir da opp til førstelagmannen å fastsetje samansetjinga i retten.

Forslaget er ut over dette at førstelagmannen skal fastsetje kven som skal førebu saka. Det vil vere ein jordskiftelagdommar eller ein lagdommar. I tillegg skal påstandar om tekniske feil i saker, såkalla teknisk gjennomsyn, avgjerast av jordskiftelagdommaren som einedommar.

Arbeidsgruppa foreslår ein regel om at avgjerda førstelagmannen gjer om samansetjing av retten eller kven som skal førebu saka er unntatt frå anke.

14.4.2 Høyringsinstansane

Svært mange høyringsinstansar kommenterer spørsmålet om samansetjinga av retten, og høyringsinstansane har ulike meiningar om korleis løysinga bør vere. Det synest likevel vere stor grad av semje om hovudtrekka i forslaget i høyringsnotatet.

Justisdepartementet uttaler:

«Vi slutter oss til hovedtrekkene i utkastet til § 8-2 om lagmannsrettens sammensetning i den enkelte sak. Vi vil likevel reise spørsmål ved behovet for regelen i annet ledd annet punktum hvoretter førstelagmannen skal kunne velge å sette retten uten jordskiftedommer også ved anke over jordskifteavgjørelser. Vi antar at det svært sjelden vil være ønskelig at ankedomstolen settes uten jordskiftedommer i slike saker.
Vi antar at lagmannsretten ved anke over jordskifteavgjørelser bør gis mulighet for å oppnevne meddommere fra utvalget for jordskifterettene. Slik § 8-2 annet ledd nå er formulert, åpner den så vidt vi kan se bare for at det oppnevnes skjønnsmedlemmer fra utvalget nevnt i skjønnsprosessloven § 14. Vi foreslår derfor som nytt femte punktum i 8-2 annet ledd:
«Ved anke over jordskifteavgjerd kan det oppnemnes meddommarar frå utvalet for saker for jordskifterett, jf. § 2-7. § 2-10 gjeld tilsvarande.»
I høyringsnotatet s. 117-118 nevnes spørsmålet om lagmannsretten bør kunne settes sammen etter reglene i utkastet § 8-1 også i saker som gjelder anke over tingrettens avgjørelser i saker om grensetvister og i andre saker om rettsforhold som gjelder fast eiendom. Vi antar at det kan forekomme enkelte avgjørelser fra tingrettene der det kan være en fordel med jordskiftefaglig kompetanse blant dommerne, og som vil være egnet for ankebehandling med sammensetning etter § 8-1. Dersom det skal åpnes for også noen avgjørelser fra tingrettene skal behandles med slik sammensetning, er det viktig at det formuleres presist i loven hvilke avgjørelser som skal omfattes. Vi antar foreløpig at dette vil være mest aktuelt i de sakene hvor det i dag er «parallell kompetanse» hos tingrett og jordskifterett»

Domstoladministrasjonen uttaler:

«DA foreslår at jordskiftelagdommerne gis kompetanse til å delta i behandlingen av alle ankesaker om grenser og tinglige rettigheter i fast eiendom, enten de er behandlet i jordskifteretten eller tingretten i førsteinstans. Det bør på samme måte som ifølge utkastet § 8-2 første ledd, være opp til førstelagmannen å avgjøre om en av de tre dommerne skal erstattes med en jordskiftelagdommer. … Jordskiftelagdommerens kompetanse kan for eksempel angis som «saker om grensen mellom eiendommer eller om rettigheter til fast eiendom». Vi antar at en slik regel hører hjemme i domstolloven, ettersom anvendelsesområdet er anker fra tingretten.»

Domstoladministrasjonen uttaler òg:

«Da lovutkastet § 8-2 andre ledd angir som unntaksregel at retten kan settes med to fagdommere, antar vi at unntaksregelen i skjønnsprosessloven § 34 om at retten i særlige tilfeller kan settes med tre fagdommere ikke kommer til anvendelse. Det burde gått klarere fram at det bare er hovedregelen i skjønnsprosessloven § 34 som gjøres gjeldende.
Det følger av andre ledd andre punktum at der retten settes med en fagdommer kan førstelagmannen bestemme om det skal være en jordskiftelagdommer eller en juridisk dommer. DA mener at det ved anke over jordskifteavgjørelser ikke bør åpnes for at retten kan settes uten en dommer med jordskiftefaglig kompetanse.»
Domstoladministrasjonen støttar vidare dei synspunkta som er referert ovanfor frå Agder lagmannsrett, om at det ved overskjønn bør vere valfritt om lagmannsretten ønskjer å nytte juridisk dommar eller jordskiftelagdommar. Dette er i tråd med arbeidsgruppa sitt forslag. Det blir vidare foreslått at slik samansetjing må vere valfri for lagmannsretten i alle overskjønn der jordskifterett og tingrett har parallell kompetanse.

Agder lagmannsrett uttaler:

«Regelen om sammensetning i § 8-2 første ledd må ses i sammenheng med § 8-3 første ledd om at anken skal behandles etter reglene i tvisteloven. Dette innebærer at anke over dommer som regel behandles ved en muntlig ankeforhandling etter tvisteloven § 29-16, mens anke over beslutninger (vedtak) og kjennelser (orskurd) primært behandles skriftlig etter § 29-15.
På et punkt vil forslaget etter min oppfatning kunne medføre en uhensiktsmessig løsning. Lovutkastet § 8-2 første ledd omfatter med ett unntak slike judisielle avgjørelser som i dag er gjenstand for anke til lagmannsrett. Unntaket jeg sikter til er det jordskifteloven omtaler som kjennelser om avvisning av «materielle grunner», hvor rettsmidlet er anke til jordskifteoverretten, se jordskifteloven § 61 tredje ledd bokstav a, sammenholdt med siste ledd. Motstykket er «avvisning av andre enn materielle grunnar», dvs, formelle eller prosessuelle grunner, hvor rettsmidlet i dag er anke til lagmannsrett.»

Agder lagmannsrett uttaler òg:

«Ved overjordskifte må det praktisk sett anses utelukket å bestemme at lagmannsretten skal settes bare med juridiske fagdommer. Selv om fleksibilitet kan være av det gode, bør det fremgå direkte at retten i slike saker skal settes med jordskiftelagdommer med tillegg av meddommere. Saken må også forberedes av jordskiftelagdommeren. Adgangen til å erstatte én meddommer med en juridisk dommer i en forsterket rett i annet ledd tredje og fjerde punktum, er jeg enig i.
Sammensetningen ved overskjønn bør reguleres i en egen bestemmelse i nytt tredje ledd. Her er jeg enig i regelen om at retten etter førstelagmannens bestemmelse skal kunne settes med jordskiftelagdommer eller juridisk dommer.»

Jordskifteoverrettane uttaler:

«Vår tilslutning til forslaget om ein fusjon med lagmannsretten kviler på ein føresetnad om at jordskiftefagleg kompetanse skal være representert i lagmannsretten, og overprøve jordskifteavgjerdene. Slik forslaget er utforma kan førstelagmannen bestemme om det skal vere ein jordskiftelagdommar som skal lede retten ved ei anke over jordskifteavgjerd. Dette er etter vårt syn ikkje tilfredstillande, og her må lova sitt krav være absolutt og slik at retten i slike saker skal settast med ein jordskiftelagdommar. Desse sakene har eit faglig innhald som går rett inn i jordskiftelagdommaren sin kompetanse. Det ville også vere uheldig om det skulle utvikle seg forskjellig praksis i bruken av jordskiftelagdommar i desse sakene rundt om i dei forskjellige lagmannsrettane.
Dette kravet er ikkje like sterkt når det gjeld krav om overskjønn. Her er vi i større grad open for at førstelagmannen kan bestemme samansetjinga, igjen grunngjeve med avviklingsomsyn i lagmannsretten. Sakshandsaming av anke over jordskifteavgjerd (overjordskifte) og krav om overskjønn bør etter vårt syn omtalast i to ulike ledd i denne paragrafen.
Etter forslaget skal retten ved anke over jordskifteavgjerd settast saman slik som bestemt i skjønnsprosessloven § 34. Etter vårt syn er det unødvendig å trekke inn skjønnsprosessloven for dei avgjerdene som skal handsamast som overjordskifte. Her bør reglane gå fram av jordskiftelova. Etter vårt syn bør ein i eit overjordskifte bruke meddommarar frå utvalget av jordskiftemeddommarar, og talet på meddommarar bør være regulert i jordskiftelova. Ein bør i størst muleg grad unngå å trekke inn skjønnsprosesslova i desse spørsmåla.»

Jordskifteoverrettane uttaler òg:

«Endring i domstollova: Ved behandling av tvistesaker som kjem frå tingretten, i saker der det er parallell kompetanse hos jordskifterett og tingrett, bør det gjerast endring i domstollova slik at førstelagmannen kan sette inn ein jordskiftelagdommar som ein av dei tre fagdommarane. Det er i andre samanhengar argumentert med at ankebehandlinga må vere lik enten saken har gått for tingrett eller jordskifterett. Ei slik endring som her foreslått, er ein direkte oppfølging av ein slik argumentasjon. I slike saker er det også behov for den faglige kompetansen jordskiftelagdommarane har. Ved å gjere ei slik endring i domstollova, ville jordskiftelagdommarane også bli meir integrert i lagmannsrettens kollegium. Vi viser her til det som står i høyringsskrivet på side 117-118.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverrettsleiaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Dersom meddommere, eller etter dette skjønnsmedlemmer, skal hentes fra utvalget av skjønnsmedlemmer, ved anke over jordskifteavgjerder, må det sikres at disse medlemmene har kunnskap om jordskiftefaglige tema. Alternativt kan det vurderes et felles utvalg for skjønnsmedlemmer og jordskiftemeddommere.
Fra skjønnsprosessloven § 34, 3.ledd siteres:
«Under skjønnsforretningen tiltrer skjønnsmedlemmene i samme antall som ved underskjønnet.»
Jordskifteretten er ikke satt sammen som skjønnsrett ved behandlingen av jordskifteavgjerder og har følgelig ikke skjønnsmedlemmer. Hva skal da legges til grunn ved sammensetning av lagmannsrett ved anke over jordskifteavgjerder? Jordskiftedommeren kan være enedommer, hvor mange skjønnsmedlemmer skal da lagmannsretten settes med?
Etter vårt syn er det uheldig at det er opp til førstelagmannen å avgjøre om retten skal settes med en jordskiftelagdommer eller en juridisk dommer ved anke over jordskifteavgjerder. Det må være utvilsomt at jordskiftelagdommeren har best kompetanse i slike saker. «

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

«Vi foreslår at lagmannsrettene i den enkelte sak sammensettes slik at de avgjørelser som jordskifteoverrettene i dag har kompetanse til å treffe blir satt med jordskiftelagdommer. Vi foreslår videre at lagmannsretten settes med jordskiftelagdommer i alle ankesaker fra jordskifterett. Dette innebærer at ved anke over dom, rettsfastsetting og skjønn skal lagmannsretten settes med en jordskiftelagdommer. …
Vi mener at det bør vurderes om lagmannsretten bør settes med jordskiftelagdommer også i andre saker for eksempel tingsretts- og ekspropriasjonssaker.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler:

«I § 8-2 andre ledd er det foreslått at førstelagmannen skal ta stilling til om retten skal bli satt med en jordskiftelagdommer eller en juridisk dommer. Ved overprøving av jordskifteavgjerd må retten settes med en jordskiftelagdommer. En juridisk dommer har ikke tilstrekkelig kompetanse til å erstatte en jordskiftelagdommer i sike saker. Etter vår vurdering, er dette en forrutsetning for endring av rettsmiddelordningen. Vi er også av den formening at jordskiftekompetanse bør brukes ved overskjønn der skjønnet er holdt av jordskifteretten.
Vi vil videre peke på at ved overprøving av dommer fra jordskifterett bør være en jordskiftelagdommer blant de tre fagdommerne. Dette er spesielt viktig ved overprøving av semjedom. En kan si at semjedom er bruk av jordskifteprosess på rettsfastsetting.
I tillegg mener vi det bør være mulig for førstelagmannen å bestemme at en juridisk dommer blir erstattet av en jordskiftelagdommer i andre saker som blir anket fra tingretten og som omfatter fast eiendom i ulike sammenhenger.»

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme uttaler:

«Lovteksten bør endres slik at det fremgår at lagmannsretten skal settes med jordskiftelagdommer ved alle anker fra jordskifteretten.
Dersom dette ikke får gjennomslag, mener vi at avgjørelsene nevnt i § 8-2 andre og tredje ledd skal behandles av en jordskiftelagdommer. I tillegg mener vi at jordskiftelagdommer skal delta i behandling av anke over semjedom/rettsfastsetting og anke over kjennelse der saken nektes fremmet. Semjedom/rettsfastsetting er en avgjørelsesform som er særegen for jordskifterettene og der en benytter jordskifteprosess for å fastsette gjeldende rett. Vi vil anta at anke over fremmingsvedtaket, slik lovforslaget nå er utformet, i hovedsak vil gjelde anke på hvorvidt de materielle vilkårene for fremme av saken er til stede. En jordskiftefaglig vurdering av dette forholdet bør sikres.»

14.4.3 Departementets vurderingar

Forslaget er ei nyskaping i høve til gjeldande reglar der ulike avgjerder kan ankast til ulike domstolar. Høyringsinstansane synest vere samde med arbeidsgruppa i at lagmannsretten bør setjast saman ulikt alt etter kva anken gjeld. Departementet legg dette til grunn, og foreslår ei slik tilnærming. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-7 som òg viser til domstollova § 12.

I store trekk gir høyringsinstansane likearta råd om kva som bør endrast i høve til forslaget i høyringsnotatet. Dette gjeld mellom anna rolla til jordskiftelagdommaren, bruken av meddommarar, og rolla til førstelagmannen.

14.4.3.1 Rolla til jordskiftelagdommaren

Departementet merker seg at mange av høyringsinstansane er opptekne av rolla til jordskiftelagdommaren ved behandlinga av anke over jordskifteavgjerder, og at mange går imot den valfridomen høyringsnotatet legg opp til på dette punktet. Slike synspunkt er mellom anna tekne opp av lagmannsrettane, Justisdepartementet, Domstoladministrasjonen og jordskiftedomstolane. Departementet ser at desse ankesakene er kjerneoppgåver for jordskiftelagdommaren, og at det ikkje er ønskjeleg at andre dommarar skal ha ansvaret for desse sakene. Sakene har eit fagleg innhald som går rett inn i den kompetansen jordskiftelagdommaren har. Valfridom for førstelagmannen på dette punktet opnar dessutan for ulik praksis i dei ulike lagmannsrettane. Dette meiner departementet vil vere uheldig. Departementet foreslår derfor å lovfeste at jordskiftelagdommaren skal delta ved behandling av anke over jordskifteavgjerd, sjå lovforslaget § 8-7 andre ledd. Forslaget går lenger enn forslaga frå arbeidsgruppa.

Departementet meiner at dette òg må gjelde i dei tilfella der jordskifteavgjerd skal prøvast saman med andre avgjerder som for eksempel ein dom eller eit skjønn. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-7 tredje ledd andre punktum. Gjeld ankesaka jordskifte og skjønn i kombinasjon, er skjønnet etter lovforslaget § 6-23 femte ledd bokstav d definert som ei jordskifteavgjerd. Valfridomen som er fastsett etter skjønnsprosesslova § 34 første ledd som inneber at det skal gjerast eit val mellom alle dommarane i lagmannsretten gjeld etter dette ikkje slike saker.

Mange har òg teke til orde for at jordskiftelagdommaren skal delta ved overskjønn der jordskifterettane har halde skjønnet som eiga sak. Departementet kan ikkje sjå at det er grunnlag for påbod om dette. Bortsett frå avgjerd etter reindriftslova held lagmannsretten etter gjeldande rett overskjønnet i skjønn eller anna avgjerd etter lovforslaget kapittel 5 som jordskifteretten held som eiga sak. Lagmannsretten held òg overskjønn for avgjerder i tingrettane, og har stor erfaring i prøving av skjønn. Omsynet til fleksibilitet i domstolen taler rett nok for at samansetjinga ikkje er bunden til å vere ein juridisk dommar. Departementet meiner likevel at det er tilstrekkeleg at førstelagmannen i slike høve kan velje å nytte ein jordskiftelagdommar som formannen i retten. Dette samsvarer med forslaget i høyringsnotatet. Ei slik ordning vil etter departementets syn vere forsvarleg, både fagleg og organisatorisk. Når jordskifteoverretten blir ein del av lagmannsretten følgjer denne løysinga av ordlyden i skjønnsprosesslova § 34 slik lova er utforma i dag, jf. at jordskiftelagdommaren kjem inn under omgrepet «en av rettens dommere». Førstelagmannen vil såleis kunne fordele overskjønn både frå tingretten og frå jordskifteretten til ein jordskiftelagdommar. Departementet foreslår derfor inga lovendring på dette punktet.

Forslaget i høyringsnotatet om at eit reint overskjønn skal kunne setjast med både jordskiftekompetanse og juridisk kompetanse er òg i behald med denne løysinga. Departementet viser til ordlyden i § 34 første ledd andre alternativ som fastset at førstelagmannen, om særlege grunnar gjer dette nødvendig, kan bestemme at tre dommarar skal ta del i overskjønnet.

Mange høyringsinstansar har òg foreslått at jordskiftelagdommaren skal delta ved behandling av anke over dom avsagt av jordskifteretten. Departementet er samd med dei som uttaler at det for mange av sakene som kjem frå jordskifterettane vil vere ein fordel om lagmannsretten er sett saman med jordskiftelagdommar som ein av dei tre fagdommarane. Departementet vil likevel peike på at lagmannsretten bør vere ein effektiv organisasjon, og ved å stille krav om at jordskiftelagdommaren skal delta i behandlinga av fleire slag ankesaker, kan det gjere det vanskelegare å avvikle ankesaker frå jordskifterettane enn andre saker i lagmannsretten. Departementet foreslår derfor at samansetjinga i lagmannsretten skal følgje hovudregelen i domstollova § 12 ved anke over dom, orskurd eller vedtak. Departementet foreslår samstundes eit nytt ledd i domstollova som fører til at førstelagmannen kan bestemme at ein av dei tre juridiske dommarane kan vere jordskiftelagdommar. Departementet held etter dette fast ved forslaget til arbeidsgruppa, slik at det blir opp til førstelagmannen i kvart enkelt tilfelle å avgjere om ein jordskiftelagdommar skal gå inn som ein av tre fagdommarar i slike saker. Forslaget går fram av lovforslaget §§ 8-7 fjerde ledd og 9-7 nr. 1 domstollova § 12 nytt andre ledd første punktum. Sjølve plasseringa av regelen om kompetansen til førstelagmannen – om han bør stå i jordskiftelova eller domstollova – er ei avveging av kva som er mest tenleg.

Fleire høyringsinstansar foreslår at retten skal kunne setjast med ein jordskiftelagdommar òg ved anke over tvist avgjort av tingretten når saka gjeld rettshøve knytt til fast eigedom. Domstoladministrasjonen, Justisdepartementet, lagmannsrettane sjølve og jordskiftedomstolane har alle peika på at dette hadde vore ei naturleg følgje av at jordskiftelagdommaren blir ein del av lagmannsretten. Jordskifteoverrettane har vist til at ei slik endring opnar for at anke over like saker kan behandlast likt uavhengig av om det var tingrett eller jordskifterett som avgjorde spørsmålet i førsteinstans. Departementet peikar på at det først og fremst er omsynet til fleksibilitet i domstolen som er grunngivinga for valfridomen ved samansetjinga av retten som departementet foreslår i lovforslaget § 8-7. Om det blir lagt opp til valfridom i slike høve, har lovgjevaren til ein viss grad akseptert risikoen for forskjellsbehandling som følgjer av at ankebehandlinga vil byggje på ulik kompetanse i ulike saker. Departementet kan likevel ikkje sjå at omsynet til fleksibilitet i domstolen har mindre å seie i saker som dette, og legg til grunn at lovgivinga bør leggje til rette for den same valfridomen i slike tvistesaker som ved anke over dom som er omtala ovanfor. Forslaget går fram av lovforslaget domstollova § 12 nytt andre ledd andre punktum. Det er avgrensa til saker som gjeld bruks- eller eigedomsrett til fast eigedom.

Arbeidsgruppa foreslår at rolla jordskiftelagdommaren skal ha skal regulerast av jordskiftelova § 8-2. Etter innspela som er komne i høyringsrunden, meiner departementet at det vil vere ei betre løysing å tilføye eit nytt ledd i domstollova § 12 som viser at jordskiftelagdommaren kan nyttast ved anke over bestemte sakstypar. Forslaget omfattar alle ankesaker frå jordskifterettane. I tillegg tek forslaget med seg at jordskiftelagdommaren kan brukast dersom førstelagmannen fastset dette. Sjå lovforslaget § 9-7 nr. 1 domstollova § 12 forslag til nytt andre ledd. Forslaget fører til at det er nok å vise til domstollova § 12 i lovforslaget § 8-7.

14.4.3.2 Meddommarar i lagmannsretten ved behandling av sak frå jordskifteretten

Mange av høyringsinstansane er opptekne av kva for utval meddommarane skal oppnemnast frå, sjå for eksempel uttalen frå jordskifterettsleiarane i Frostating jordskiftedømme som er referert i kapittel 14.4.2. I høyringsnotatet er forslaget at meddommarane skal hentast frå meddommarutvala etter skjønnsprosesslova.

Etter gjeldande rett skal jordskifteoverretten nytte meddommarar frå jordskifteutvalet. Meddommarane skal helst ha kunnskap i det jordskiftet gjeld, og ved overjordskifte skal meddommarar helst ha erfaring som meddommar, jf. jordskiftelova § 9 femte ledd. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som peikar på at det er viktig at det er jordskiftemeddommarar i lagmannsretten. Jordskiftemeddommarane er viktige for at jordskifteretten skal ta avgjerder som er praktiske og gode for partane. Dei har forståing for lokal kultur og rettsoppfatning. Mange har òg praktisk innsikt. Lagmannsretten har behov for slik kompetanse når retten skal behandle anke over jordskifteavgjerd. Departementet meiner derfor at det er viktig å ha meddommarar med i lagmannsretten.

Eit anna spørsmål er kva for utval meddommarane skal hentast frå. Departementet meiner at meddommarane i jordskifteutvala er valde ut nettopp for å løyse saker som kjem for jordskifteretten. Sjølv om òg medlemmene frå utvala som er nemnde opp etter skjønnsprosesslova kan ha liknande kompetanse, er det grunn til å tru at bakgrunnen for medlemmene i slike utval vil variere noko meir enn i jordskifteutvala. Når departementet dessutan no foreslår ei løysing der jordskiftelova gjeld som prosesslov i lagmannsretten ved jordskifteavgjerder, meiner departementet at ei løysing med meddommarar frå jordskifteutvala vil vere meir tenleg ut frå prosesstekniske omsyn. Departementet foreslår derfor å føre vidare ordninga etter gjeldande rett på dette området. Lagmannsretten skal såleis oppnemne meddommarar frå utvalet etter jordskiftelova for behandling av anke over jordskifteavgjerd i lagmannsretten. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-7 andre ledd første punktum som viser til lovforslaget § 2-5.

Eit anna spørsmål er talet på meddommarar ved behandling av anke over jordskifteavgjerd. Arbeidsgruppa foreslår at retten skal setjast saman etter regelen i skjønnsprosesslova § 34. Som det er gjort greie for i kapittel 14.3.4, foreslår departementet å følgje prosessreglane i jordskiftelova. Det fører til at det er nødvendig å ha eigne reglar om talet på jordskiftemeddommarar i jordskiftelova. Etter gjeldande rett blir jordskifteoverretten normalt sett med fire meddommarar. Etter departementets syn er ikkje talet på meddommarar det sentrale, men at kunnskapen dei representerer er til stades i retten. Det er såleis ikkje ønskjeleg å bruke fleire meddommarar enn det som trengst. Departementet meiner det er forsvarleg å redusere talet på meddommarar, og foreslår at lagmannsretten, ved behandling av anke over jordskifteavgjerd som hovudregel skal setjast med jordskiftelagdommar og to jordskiftemeddommarar. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-7 andre ledd første punktum.

Partane dekkjer utgifter til meddommarane, og slike utgifter kan vere ein vesentleg del av kostnadene med saka. Departementet foreslår at ein part kan krevje to ekstra meddommarar. I slike høve vil førstelagmannen treffe endeleg avgjerd om samansetjinga av retten. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 8-7 andre ledd andre punktum.

14.4.3.3 Tilhøvet mellom fagdommarar og meddommarar

Arbeidsgruppa foreslår at ein skal kunne setje saman lagmannsretten slik at ein får større innslag av fagdommarar, med både «juridiske» dommarar og jordskiftelagdommar i same rett. Dette er framheva som ei god løysing i tiltaksjordskifta der både skjønn og jordskifteavgjerd kan vere anketema, men òg der tvist og jordskifteavgjerd skal behandlast i ei og same sak for lagmannsretten slik at det er viktig med breidde i kompetansen. Høyringsinstansane gir i liten grad kommentarar til dette. Departementet ser på forslaget som ein aktuell måte å setje saman lagmannsretten på, godt tilpassa dei komplekse sakene jordskifterettane har til behandling.

Konkret foreslår arbeidsgruppa at retten skal setjast saman med to fagdommarar og tre meddommarar. Departementet meiner ei slik samansetjing krev mykje ressursar. Løysinga kan derfor vere eigna i større saker, for eksempel i store tiltaksjordskifte. Ho er òg tilpassa behandling av anke som gjeld små men komplekse jordskifteavgjerder der ein ønskjer at meddommarar er representerte i retten.

Sjølv om meddommarane normalt er i fleirtal i det norske rettssystemet, er det unntak frå dette. Eksempel på dette er finnmarkslova § 36 der tre av fem medlemmer skal oppfylle krava i domstollova til å vere høgsterettsdommar. Departementet meiner at det mest sentrale i jordskiftesamanheng er at den kunnskapen jordskiftemeddommaren har er representert. Dersom ein kan setje lagmannsretten med tre dommarar, der ein av dei er meddommar, blir retten sett saman på ein mindre kostnadskrevjande måte enn ved ei samansetjing med fem dommarar. Samtidig gir ei slik løysing ei samansetjing som er eit godt alternativ til ei rein samansetjing av fagdommarar etter domstollova § 12. For å gjere samansetjinga av retten meir anvendeleg òg i mindre saker, foreslår departementet ein regel som gjer det mogleg å setje retten med berre ein meddommar. Da får ein tre medlemmer i retten. Det er jordskiftelagdommar, juridisk dommar og meddommar. Det kan vere ein eller tre meddommarar. Forslaget er teke inn i lovforslaget § 8-7 andre ledd.

14.4.3.4 Rolla til førstelagmannen ved samansetjinga av retten

Departementets forslag til samansetjing av lagmannsretten ved ankebehandling over saker frå jordskifteretten opnar for stor grad av fleksibilitet. Fleksibiliteten er knytt til kva for avgjerd som det er anka over, kompleksiteten i den enkelte saka, og ressurssituasjonen i den domstolen saka høyrer heime. Det er i liten grad partane som kan krevje ei bestemt samansetjing av retten. Avgjerda om dette er i hovudsak lagt til førstelagmannen. Denne løysinga er vald fordi at om partane sjølv skal ha høve til å velje, kan ein risikere så mange ulike løysingar at det fort vil bli uryddig.

Når departementet i lovforslaget § 8-1 foreslår at alle avgjerder skal kunne ankast til lagmannsretten, må «ryddinga» av ankebehandlinga i større grad enn tidlegare liggje til domstolen sjølv. Dette krev administrative og organisatoriske verktøy for domstolen. Departementet foreslår som eit slikt verktøy at førstelagmannen får ei sentral rolle ved samansetjinga av retten. Eit liknande verktøy er utarbeidd i lovforslaget § 8-1 sjette ledd der det er fastsett at anke over ulike sakstypar kan samlast i ei ankesak. Òg i dette tilfellet foreslår departementet at avgjerda skal leggjast til førstelagmannen. Sjå omtale av dette i kapittel 14.3.3.5.

Førstelagmannen har etter gjeldande lovverk heimel for å fastsetje kva for dommarkompetanse som skal takast i bruk ved avgjerd av ei enkelt sak. Etter domstollova § 11 første ledd skal førstelagmannen fordele saker mellom dommarane ved domstolen. Om lagmannsretten er delt i avdelingar, kan førstelagmannen etter fjerde ledd fordele sakene mellom avdelingane. Han kan bestemme kva for oppgåver dommarane skal gjere. Førstelagmannen kan etter domstollova § 12 andre ledd òg fastsetje at det skal vere med ein dommar som varamedlem i saker som er særs omfattande. Han kan dessutan etter § 10 andre ledd tilkalle dommarar frå tingrettane, eller frå eit anna lagdømme. Etter skjønnsprosesslova § 34 første ledd andre alternativ kan førstelagmannen òg fastsetje samansetjinga av fagdommarar i overskjønnet.

Rolla til førstelagmannen om å leggje til rette for ei tenleg ankebehandling ut ifrå det saka gjeld og dei ressursane som finst i domstolen, er såleis ikkje ny. Det er mange ulike avgjerdsformer i jordskifteretten. Det er òg eit mangfald av saker, frå dei heilt enkle sakene til omfattande og vanskelege saker gjerne med mange involverte partar. Lovforslaget gjer rolla til førstelagmannen meir synleg enn gjennom dei løysingane som eksisterer i dag. Slik departementet foreslår ny jordskiftelov, vil førstelagmannen få følgjande oppgåver ved avgjerder som er anka frå jordskifterett:

Etter lovforslaget § 8-7 fjerde ledd fastset førstelagmannen kven som skal førebu saka i lagmannsretten. I slike høve er den kompetansen førstelagmannen har avgrensa slik at ei jordskifteavgjerd alltid skal førebuast av ein jordskiftelagdommar. Dette følgjer av hovudregelen i lovforslaget § 8-7 andre ledd første punktum der det er lagt til grunn at lagmannsretten skal setjast med ein jordskiftelagdommar og to oppnemnde jordskiftemeddommarar.

I lovforslaget § 8-7 fjerde ledd er det lagt til grunn at førstelagmannen kan fastsetje kven som skal vere leiar av retten.

Lovforslaget § 8-7 første ledd fastset at samansetjinga av retten skal følgje domstollova § 12 i saker som gjeld dom, orskurd eller vedtak. Etter domstollova § 12 første ledd skal retten setjast med tre dommarar. Rolla førstelagmannen har følgjer i slike høve av domstollova § 11 første ledd der det er fastsett at førstelagmannen fordeler sakene mellom dommarane ved domstolen. I lovforslaget domstollova § 12 nytt andre ledd første punktum er det lagt til grunn at førstelagmannen kan fastsetje at ein av dei tre dommarane skal vere jordskiftelagdommar.

Etter lovforslaget § 8-7 andre ledd som gjeld jordskifteavgjerd kan førstelagmannen, om ein part krev det, fastsetje at lagmannsretten skal setjast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar. Førstelagmannen kan òg fastsetje at lagmannsretten skal setjast med både jordskiftelagdommar og juridisk dommar. I slike tilfelle skal retten setjast med ein eller tre jordskiftemeddommarar. Som jordskifteavgjerd blir òg rekna anke over skjønn og andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5 i samband med sak for jordskifteretten, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav d.

Er avgjerda i jordskifteretten eit reint skjønn gjeld skjønnsprosesslova § 34 andre ledd. I slike høve blir retten sett med ein dommar frå lagmannsretten, men førstelagmannen kan i unntakstilfelle fastsetje at det skal vere tre dommarar.

Lovforslaget § 8-7 tredje ledd gjeld der det er anka over ulike avgjerder i same sak og avgjerdene er samla i ei ankesak etter lovforslaget § 8-1 sjette ledd. I slike høve fastset førstelagmannen samansetjinga av retten. Det er berre lagt inn ei avgrensing av kompetansen til førstelagmannen. Dersom jordskifteavgjerd er ei av avgjerdene, skal jordskiftelagdommaren alltid delta ved behandlinga. I avgjerder som er anka frå tingretten er òg oppgåva til førstelagmannen med å setje saman retten styrkt. Sjå lovforslaget domstollova § 12 nytt andre ledd andre punktum.

Det er lagt til grunn i lovforslaget § 8-7 femte ledd og domstollova § 12 nytt andre ledd tredje punktum at avgjerdene førstelagmannen tek i spørsmål som gjeld å samle fleire avgjerder i ei ankesak og samansetjinga av retten ikkje kan ankast.

Departementet meiner at den organisatoriske førande rolla førstelagmannen er gitt i lovforslaget er nødvendig for å sikre forsvarleg behandling av dei ulike avgjerdene i lagmannsretten. Forslaga som er omtala i lista over er såleis ei nødvendig følgje av forslaget om at anke skal gå til lagmannsretten. Forslaga er nokså like dei forslaga som blei sende på høyring. Departementet har i samband med dette merkt seg at høyringsinstansane i liten grad kommenterer den rolla førstelagmannen er gitt i høyringsforslaget. I den grad det er gitt kommentarar, er det merknader om at førstelagmannen ikkje skal kunne bestemme at jordskiftelagdommaren ikkje deltek i retten der det er anka over avgjerd som krev jordskiftefagleg kompetanse.

14.5 Tidspunkt for når ein anke skal kunne fremjast

14.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 8-4 første ledd å føre vidare hovudregelen om når det kan ankast over ei avgjerd. I høyringsnotatet visast det samstundes til at det òg i den nye lova må leggjast til rette for at dei rettsfastsetjande avgjerdene kan bli rettskraftig avgjorte før jordskifteretten tek til med behandlinga av dei rettsendrande avgjerdene. Omsynet til proporsjonalitet og prosessøkonomi talar for at dommaren kan ta stilling til førehands påanke i kvart enkelt tilfelle, og at kompetansen dommaren skal ha til å avgjere dette bør utvidast. Forslaget byggjer derfor på at det i større grad må vere opp til jordskiftedommaren å avgjere om eit spørsmål skal stillast til førehands påanke, enn i gjeldande jordskiftelov. Dette fører til at trinnvis behandling i praksis kan la seg gjere i større kompliserte saker. I høyringsnotatet foreslår arbeidsgruppa at føresegnene om avgjerd som gjeld nabo til skiftefeltet, og kompetansen jordskifteretten har til å setje avgjerder til førehands påanke, skal oppretthaldast i ny lov. Forslaga går fram av høyringsforslaget § 8-4.

Høyringsnotatet byggjer elles på at det må vere mogleg å anke eit vedtak om å setje ei avgjerd til førehands påanke etter reglane i tvistelova § 29-3 tredje ledd, jf. høyringsforslaget § 8-4 tredje ledd.

Er det anka, må slutting eller iverksetjing av jordskiftet utsetjast. Ei slik føresegn finst i jordskiftelova § 64, og blei òg teken inn i høyringsforslaget § 8-4 fjerde ledd.

14.5.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Vi ser at det er behov for å videreføre en adgang til forhåndspåanke av noen av jordskifterettens avgjørelser. Etter det vi forstår er det meningen at utkastet § 8-4 annet ledd skal videreføre retten til forhåndsanke for den som er nabo til skiftefeltet, jf. gjeldende jordskiftelov § 62 annet ledd. Vi antar at «granne» da fortsatt bør nevnes i annet ledd.»

Elles har Justisdepartementet merknader til teksten i høyringsforslaget. Mellom anna ein kommentar til at ordet «rettsmiddel» i jordskiftelova bør erstattast av ordet «anke».

Domstoladministrasjonen uttaler:

«DA slutter seg til innholdet i denne bestemmelsen. Vi mener imidlertid at det i andre ledd kan gjøres språklige forbedringer som vil gjøre bestemmelsen lettere tilgjengelig. Vi foreslår at andre ledd får slik ordlyd:
Anke over dom eller semjedom frå ein som ikkje er godkjent som eigar eller bruksrettshaver i jordskifteområdet, kan bli fremma straks.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme har forslag til språklege endringar til forslaget til § 8-4 slik at uttrykket avgjort heile saka blir endra til at saka blir slutta. I tillegg foreslår dei å fjerne tredje ledd siste punktum.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler følgjande:

«I § 8-4 tredje ledd heter det at «jordskifteretten kan gjere vedtak om at rettsmiddel kan bli brukt før heile saka er avgjort». Av merknadene til paragrafen går det fram at tredje ledd bygger på § 62 femte ledd og at avgjørelsen om når anken kan bli fremma, må som etter gjeldende lov, tas inn i vedtaket. Det står videre at retten ikke senere vil kunne gjøre vedtak om å sette en avgjørelse til forhånds påanke.
Vi mener det ikke er tilstrekkelig at det kun i merknadene til denne bestemmelsen står at vedtak om påanking straks må tas inn i den avgjørelsen dette gjelder. Slik tredje ledd nå er utformet, kan det synes som om jordskifteretten vil kunne gjøre vedtak om dette når som helst under saksgangen. Ut fra praktiske erfaringer mener vi det i visse tilfeller kan være prosessøkonomiske fordeler med å avvente tidspunktet for når det kan brukes rettsmiddel mot en avgjørelse. Et eksempel er der jordskifteretten avsier flere dommer i en og same sak. I et slikt tilfelle kan det være fordelaktig at alle dommene settes til påanking samtidig. Vi mener at dette bør være mulig eventuelt ved at det i avgjørelsen tas inn bestemmelse om at rettsmiddel kan benyttes når spesielle vilkår er oppfylt, for eksempel alle rettsforhold er avklart og jordskifteorådet klart for verdsetting»

14.5.3 Departementets vurderingar

Sjølv om det er lagt til grunn i lovforslaget § 8-1 at dei ulike avgjerdene kan ankast, er det ikkje sjølvsagt at dei skal kunne angripast før det er gjort ei realitetsavgjerd i saka, eller før heile saka er avslutta. Ein anke kan for eksempel gjelde eit vedtak om å nekte å oppnemne ein sakkyndig. Slik anke er aktuell under saksførebuinga, og rett etter at vedtaket er gjort. Men vedtaket kan ankast som ledd i ein anke over realiteten i saka når ho er avgjort av retten, og da som eit angrep på saksbehandlinga som låg til grunn for realiteten.

Gjeldande jordskiftelov § 62 andre ledd og tvistelova har ulike reglar som regulerer dette. I tvistelova er utgangspunktet at det ikkje er nokon regel om at heile saka skal vere avslutta. Det er samstundes gjort ei rekkje unntak frå utgangspunktet. I gjeldande jordskiftelov er utgangspunktet motsett. Saka må vere avgjort og avslutta før det er mogleg å anke. Gjeldande jordskiftelov har òg ei rekkje unntak frå utgangspunktet. Dei ulike utgangspunkta og unntaka i lovene speglar såleis behovet for konkrete løysingar tilpassa innhaldet i sakene som dei to lovene gjeld.

Unntaka i gjeldande jordskiftelov fører til at partane kan få høve til å anke straks avgjerda er teken, sjølv om ikkje heile saka er avslutta. Unntaka trengst fordi det i jordskiftesaker ofte blir teke avgjerder som legg premissar for sjølve jordskifteløysinga. Det kan for eksempel takast stilling til gjeldande grenser ved ein dom. Deretter blir det teke jordskifteavgjerder, om for eksempel verdsetjing og midlertidig bruksordning, og til sist ei avsluttande jordskifteavgjerd og avgjerd om kostnadene i samband med saka.

Det er viktig å sikre at feil kan rettast opp undervegs slik at dei ikkje får innverknad på den avsluttande avgjerda. På den andre sida har òg tids- og forsinkingsaspektet vekt. Bruk av særskilte rettsmiddel mot avgjerder undervegs i saka kan forseinke framdrifta i saka. For nokre avgjerder kan det dessutan vere lettare i ettertid, når saka er avgjort og avslutta, å ta stilling til om avgjerda var forsvarleg. Eit eksempel på dette er avgjerd førstelagmannen gjer om samansetjinga av retten, sjå lovforslaget § 8-7. Det kan for eksempel òg gjelde for avgjerder som isolert sett ikkje er så viktige at det vil vere enklare å overprøve dei når dei blir sett i samanheng med behandlinga elles.

Ein ryddig måte å kanalisere bruken av rettsmiddel på i slike høve kan vere at ein dom som gjeld grenser eller eigedomstilhøve blir rettskraftig før retten byrjar arbeidet med dei rettsendrande avgjerdene. Dette kjem til uttrykk ved at i dei tilfella der dom gjeld grense mot ein naboeigedom til skiftefeltet, har eigar av naboeigedommen ein lovfesta rett til å anke dommen straks, jf. gjeldande jordskiftelov § 62 andre ledd. Gjeld dommen mellom partane i jordskiftet, kan jordskifteretten avgjere at dommen kan setjast til førehands påanke. Retten må da ta eiga avgjerd om førehands påanke samtidig med, og som ein del av, dommen. I nokre andre høve kan retten stille andre avgjerder enn dom til førehands påanke, sjå gjeldande jordskiftelov § 62 fjerde og femte ledd. Dette gjeld vedtaket om å fremje jordskifte, og tiltak som det hastar med å setje i verk. Dei avgjerdene som er nemnde i jordskiftelova § 61 tredje ledd, må òg ankast straks om ein vil prøve ei slik avgjerd. Dette er den type avgjerder som ein etter tvistemålslova måtte nytte kjæremål mot. Ut over dette må partane etter gjeldande jordskiftelov vente med å bruke rettsmiddel til etter at jordskiftesaka er avslutta. Tanken med dette er at partane skal sjå den totale løysinga på saka, før dei eventuelt kan nytte rettsmiddel mot avgjerda.

Høyringsrunden viser at det er få merknader til høyringsforslaget, som i store trekk fører vidare gjeldande ordning.

Departementet meiner at hovudregelen i saker frå jordskifteretten bør byggje på gjeldande ordning. Dette gir moglegheit for at partane kan sjå heile løysinga før dei tek stilling til om dei ønskjer å anke avgjerda. Det er sluttresultatet som må prøvast mot situasjonen slik han var før jordskiftet starta. Det er for eksempel vanskeleg å ta stilling til verdsetjing eller bonitering aleine. Først når resultatet viser seg i form av ny eigedomsutforming er det rimeleg å vente at ein part kan ta stilling til spørsmålet om anke. Hovudregelen bør såleis vere som i gjeldande rett at anke berre kan brukast når jordskifteretten har avgjort heile saka. Hovudregelen går fram av lovforslaget § 8-2 første ledd.

Gjeldande jordskiftelov § 62 første ledd gjeld etter sin ordlyd berre ved jordskifte, jf. formuleringa «før jordskiftet er slutt». I praksis er regelen tolka slik at alle avgjerdsformene er omfatta. Formuleringa i lovforslaget § 8-2 første ledd byggjer vidare på dette, og gjeld generelt for alle avgjerder.

Departementet finn ikkje at den språklege endringa som er foreslått av jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme bør innarbeidast. Ein viser til at omgrepet har «avgjort heile saka» er lett å forstå òg for sjølvprosederande partar.

Etter gjeldande jordskiftelov § 61 tredje ledd bokstav a til h, kan partane anke for nokre avgrensa prosessuelle tilhøve. Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 62 tredje ledd at slike avgjerder kan ankast straks, det vil seie før heile saka er avgjort. Det går fram av lovforslaget § 8-1 andre ledd at ved anke over orskurd eller vedtak gjeld reglane i tvistlova fullt ut. Fristen for å anke slike avgjerder vil såleis som eit utgangspunkt vere fastsett i tvistelova § 29-5 første ledd til ein månad etter at saka for jordskifteretten er avgjort. Karakteren av avgjerdene gjer det nødvendig å kunne prøve dei før saka for jordskifteretten er avgjort, om ei overprøving skal ha noko å seie. Departementet foreslår derfor ein regel om at ei orskurd kan ankast når ho er avsagt. Regelen går fram av lovforslaget § 8-2 andre ledd. Etter lovforslaget er regelen generell, og gjeld alle orskurder. Dette er ei utviding av regelen i høve til gjeldande jordskiftelov. Saksbehandlingsregelen i gjeldande jordskiftelov § 61 tredje ledd andre punktum som inneber at opplysing om dette, om frist etter § 63 første ledd og at avgjerda ikkje kan ankast seinare skal vere teken inn i avgjerda, blir ikkje ført vidare i lovforslaget.

Sjølv om lovteknikken i tvistelova og jordskiftelova er ulik med omsyn til tidspunktet for når det kan ankast, fører forslaget til eit resultat som liknar resultatet etter tvistelova § 29-2 andre til femte ledd.

Departementet foreslår ingen tilsvarande regel om når det kan ankast over vedtak (beslutningar). Slike avgjerder kan i svært avgrensa omfang overprøvast etter tvistelova § 29-3 tredje ledd. I ein jordskifteprosess som går over lang tid og med mange møter, er det eit mål i seg sjølv å avgrense tilhøve som kan stoppe eller seinke prosessen. Anke over vedtak vil såleis følgje hovudregelen i lovforslaget § 8-2 første ledd, med mindre jordskifteretten etter lovforslaget § 8-2 tredje ledd første punktum har fastsett at anke kan brukast før heile saka er avgjort.

Etter gjeldande praksis er det særleg ved dom at avgjerdene kan ankast straks. Etter gjeldande jordskiftelov § 62 andre ledd andre punktum kan jordskifteretten avgjere at ein dom eller ei rettsfastsetjande avgjerd etter gjeldande jordskiftelov § 17 kan ankast straks. Jordskifteretten kan òg fastsetje at anke kan brukast før heile saka er avgjort ved avgjerd om fremje av jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 14, og avgjerd som opnar for å setje i verk tiltak før jordskifte er slutt, sjå gjeldande jordskiftelov § 62 fjerde og femte ledd. Ein kan derfor vurdere å innføre ein regel om at dom kan ankast når avgjerda blir avsagt, medan andre avgjerder ikkje kan ankast før heile saka er slutt. Det er likevel eit særleg tilhøve for jordskifterettane, at det etterfølgjande jordskiftet eller skjønnet langt på veg kan fjerne dei ulempene ein part har av ein tapt dom. Med den store variasjonen som finst i sakstypar og problemstillingar for jordskifterettane, meiner departementet at den mest tenlege løysinga er at jordskifterettane vurderer spørsmålet om førehandsanke konkret i kvart enkelt høve. Departementet meiner derfor at løysinga må byggje på at jordskifteretten i kvart enkelt tilfelle vurderer om ein dom eller eit vedtak skal kunne ankast straks, eller om ein må vente til sluttresultatet av heile saka ligg føre. Løysinga går fram av lovforslaget § 8-2 tredje ledd første punktum.

Høyringsforslaget frå arbeidsgruppa opnar for at jordskifteretten i større grad enn før kan gjere vedtak om at anke kan brukast før heile saka er avgjort. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at denne løysinga bør utvidast, men meiner samtidig at slik anke òg i ny lov bør vere ein unntaksregel. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-2 tredje ledd første punktum.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme har vist til at eit vedtak om når ei avgjerd skal kunne angripast ved anke, både må kunne gjerast som ein del av sjølve avgjerda og som eit sjølvstendig vedtak. Dei meiner at dersom regelen blir slik at vedtak om at avgjerda skal kunne ankast før heile saka er avgjort berre kan takast samtidig med sjølve avgjerda, vil det hindre at jordskifteretten for eksempel samlar opp fleire avgjerder og set desse til anke på eit seinare trinn i saka utan at saka er slutta. Merknaden har samanheng med lovforslaget § 8-2 tredje ledd første punktum. Som følgje av lovforslaget § 8-1 sjette ledd om at anke over fleire avgjerder kan samlast til felles ankebehandling, ser departementet dette som ei særs praktisk problemstilling, og departementet er samd i at føresegna bør opne for å stille tidlegare avgjerder samla til anke. Slik lovforslaget § 8-2 tredje ledd første punktum er utforma er det ikkje stilt krav til når slikt vedtak skal gjerast. Dette opnar for den valfridomen som jordskifterettane i Agder jordskiftedømme etterlyser. Det vil likevel alltid vere eit krav at den aktuelle avgjerda skal forkynnast når ho kan ankast. Det mest rasjonelle vil truleg i mange høve vere å fastsetje i sjølve avgjerda at ho kan ankast før heile saka er avgjort.

I høyringsforslaget § 8-4 andre ledd foreslår arbeidsgruppa at om dom eller semjedom gjeld eigedom eller bruksrett for ein som ikkje er godkjent som eigar eller bruksrettshavar i jordskifteområdet, kan anken fremjast straks. Det vil seie sjølv om jordskifteretten ikkje har avgjort heile saka. Domstoladministrasjonen (DA) foreslår å endre ordlyden i denne føresegna. Andre høyringsinstansar peikar òg på at formuleringane er vanskelege. Departementet er samd i at teksten bør forenklast, men har valt ein annan ordlyd enn forslaget frå DA. Formålet med regelen er å få fastslått rettskraftig tilhøvet til den som ikkje skal delta vidare i det rettsendrande arbeidet. Avgjerd om grensene mellom eigedommar i skiftefeltet og eigedommar utanfor skiftefeltet vil etter forslaget til DA kunne ankast før saka er avgjort. Grunnen er at anken gjeld partar som ikkje skal delta i det vidare jordskiftet. Etter departementets syn bør ikkje ankeretten knytast til parten, men til avgjerda slik at alle med rettsleg interesse i avgjerda kan anke innan same frist. Rettskraftverknaden vil da oppstå samtidig for partane. Regelen må vise at dei som ikkje blir partar i det vidare jordskiftet får denne retten til å anke sjølv om ikkje jordskifteretten har avgjort heile saka. Partane i jordskifteområdet kan òg anke i høve til naboen. Departementet nyttar i lovforslaget § 6-23 første ledd omgrepet dom slik at det både omfattar dom og rettsutgreiing, det vil seie dei avgjerdene som i høyringsnotatet kallast semjedom. Departementet foreslår at om dom gjeld eigedom eller bruksrett for ein som ikkje er godkjent som eigar eller bruksrettshavar i jordskifteområdet, skal slik avgjerd kunne ankast sjølv om ikkje jordskifteretten har avgjort heile saka etter lovforslaget § 8-2 første ledd. Formuleringa går fram av lovforslaget § 8-2 tredje ledd andre punktum. I dette ligg det at jordskifteretten må sørgje for å forkynne dommen for alle partar som har interesse i avgjerda, med frist for å anke avgjerda til lagmannsretten. Sjå lovforslaget § 6-25 andre ledd om forkynning.

Justisdepartementet peikar på at ordlyden i høyringsforslaget ikkje dekkjer nabo til jordskifteområdet. Førehands anke i slike saker er praktisk i dag, sjå gjeldande jordskiftelov § 62 andre ledd første punktum. Departementet ser at formuleringa ikkje har omfatta dette, og foreslår derfor eit eige punktum for grannar til jordskifteområdet. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-2 tredje ledd tredje punktum.

I gjeldande jordskiftelov § 63 tredje ledd går det fram at tvistelova kapittel 29 gjeld så langt det høver. Ved anke over dom som lagmannsretten behandlar etter gjeldande jordskiftelov må det såleis leggjast til grunn at avgrensinga som følgjer av tvistelova § 29-3 tredje ledd gjeld. Departementet meiner likevel at omsynet til rettstryggleiken tilseier at dette bør gå direkte fram av ordlyden i lova. Sjå lovforslaget § 8-2 tredje ledd fjerde punktum.

Etter jordskiftelova § 64 første ledd må slutting eller iverksetjing av jordskifte utsetjast om det er anka til lagmannsretten eller jordskifteoverretten over visse tilhøve, eller kravd overskjønn. Det er gjort unntak frå dette ved anke etter § 61 tredje ledd i samband med ei rekkje tilhøve der anke etter gjeldande jordskiftelov går til lagmannsretten. Dette gjeld anke etter gjeldande jordskiftelov § 61 tredje ledd over avgjerd om avvising av andre enn materielle grunnar. Det gjeld òg avgjerd i samband med retting av dom og avgjerd om godtgjersle til vitne og sakkunnige med meir som etter særleg lovregel kan ankast til høgare domstol. Unntak gjeld òg for avgjerd om gebyr og sideutgifter etter gjeldande jordskiftelov § 74, om spørsmål om oppfrisking mot fristforsøming og avgjerd om gjenopning etter gjeldande jordskiftelov § 73 første ledd. Det gjeld òg unntak for avgjerd i ekspropriasjonsskjønn etter gjeldande jordskiftelov § 6 som er nemnde i gjeldande jordskiftelov § 48 første ledd i skjønnsprosesslova og andre avgjerder om saksbehandlinga eller rettsbruken som jordskifteretten i særlege høve fastset.

Arbeidsgruppa foreslår at slik utsetjing av jordskiftet skal gjelde dom, semjedom og når jordskifteretten gjer vedtak om at rettsmiddel skal kunne brukast før heile saka er avgjort. Departementet er samd i dette, og foreslår ei forenkling av reglane som gjer denne regelen generell. Jordskiftesaka skal da utsetjast òg når det etter lovforslaget § 8-2 andre eller tredje ledd er anka over orskurd eller vedtak. Sjå lovforslaget § 8-2 fjerde ledd.

14.6 Ankefrist, ankefråsegn, fråfall av anke

14.6.1 Høyringsforslaget

Høyringsnotatet byggjer på at det er viktig for brukarane at føresegner som gjeld frist for anke, er like. Notatet tek elles sikte på å lage ei informativ lov, slik at dersom ein for eksempel ønskjer å finne fram til reglane om ankefrist eller ankefråsegn, så skal reglane i størst mogleg grad kunne lesast ut av lova direkte.

I høyringsforslaget § 8-5 er det sett fram forslag om at fristen for bruk av rettsmiddel etter jordskiftelova skal vere på ein månad, og følgje tvistelova § 29-5.

Forslaget byggjer på at krava til ankefråsegna skal følgje tvistelova § 29-9 dersom det er anka over dom, semjedom, orskurd eller vedtak. Er det kravd overskjønn, skal lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 33 gjelde, jf. høyringsforslaget § 8-6 første og andre ledd.

Arbeidsgruppa foreslår òg at ved anke over jordskifteavgjerd skal ankefråsegna ta utgangspunkt i tvistelova. I slike høve er det i høyringsnotatet lagt vekt på at føresegna bør sikre dei særlege omstenda som gjer seg gjeldande ved jordskifteavgjerder. Forslaget går fram av høyringsforslaget § 8-6 tredje ledd. Dei formuleringane som arbeidsgruppa foreslår skal dekkje føresegna i gjeldande jordskiftelov § 67 første ledd som inneber at ankepostane skal gå fram av ankefråsegna i saker der anke går til jordskifteoverretten.

I høyringsforslaget § 8-4 fjerde ledd er det sett fram forslag om ein regel som gjeld gjennomsyn. Forslaget er at ankefråsegna skal sendast til den jordskifteretten som har teke avgjerda slik regelen òg er i dag, jf. høyringsforslaget § 8-6 femte ledd.

Når det gjeld fråfall av anke, er forslaget i høyringsnotatet at den nye jordskiftelova bør byggje på tvistelova, jf. høyringsforslaget § 8-7 første ledd. Gjeld anken ei jordskifteavgjerd, finst det i gjeldande jordskiftelov ein særregel i § 68. Tvistelova § 29-19 har ein tilsvarande regel som vil gjelde etter høyringsforslaget. Arbeidsgruppa meiner at det likevel ville vere behov for ei føresegn om konsekvensen som fråfall av anke vil ha for iverksetjing og fristar fastsette i jordskifteavgjerda.

14.6.2 Høyringsinstansane

Ingen av dei høyringsinstansane som uttaler seg, har hatt merknader til at ankefristen skal vere ein månad. Høyringsinstansane har ikkje prinsipielle merknader til forslaget frå arbeidsgruppa, men dei peikar på fleire lovtekniske spørsmål som det er viktig å ta stilling til.

Justisdepartementet meiner mellom anna at særreglane i jordskiftelova må rette seg mot jordskifteavgjerd, slik at for eksempel regelen om ankefrist og ankefråsegn skal rette seg mot jordskifteavgjerder, ikkje mot dei andre avgjerdsformene som er regulerte i andre lover. Til høyringsforslaget § 8-6 uttaler Justisdepartementet:

«Utkastet § 8-6 tredje ledd annet punktum gjentar flere av bokstavene i tvisteloven § 29-9 tredje ledd i tillegg til å kreve at ankeerklæringen skal opplyse hvilke eiendommer avgjørelsen gjelder. Samtidig følger det av tredje ledd første punktum at tvisteloven § 29-9 skal gjelde så langt den passer. Det er uklart for oss hvordan man med dette sikrer at «dei særlege omstenda som gjer seg gjeldande ved jordskifteavgjerder, blir fanga opp» (høyringsnotatet side 122). Dersom hensikten er å stille færre krav til innholdet i en anke over jordskifteavgjørelser, bør det ikke samtidig henvises til tvisteloven § 29-9 annet ledd. …»

Domstoladministrasjonen (DA) meiner at det ikkje er nødvendig å vise til reglane i tvistelova for ankefråsegn over dom med vidare eller skjønnsprosesslov for overskjønn, så lenge desse reglane er gjort gjeldande frå før andre stader i lovteksten. Ved å ta bort tilvisingane om dette vil reglane om jordskifteavgjerd bli klarare.

Jordskifteoverrettane har nokså samanfallande merknader med det DA peikar på.

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og fleire andre peikar på at det ikkje er nødvendig å gi ein eigen regel om ankefråsegn i jordskiftelova for dei avgjerdsformene som etter forslaget skal følgje tvistelova eller skjønsprosesslova. Dei meiner òg at overskrifta i forslaget til høyringsforslaget § 8-6 må endrast fordi regelen òg omfattar gjennomsyn.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner òg at det berre er nødvendig å gi særlege reglar for ankefråsegn som gjeld jordskifteavgjerder. I tillegg uttaler dei seg til høyringsforslaget til ny § 8-6 om ankefråsegn:

«Vi foreslår å ta bort bokstav c. Begrunnelsen er at det kan være vanskelig å fastslå på dette stadium i saken hvilke eiendommer det gjelder. Hele jordskiftet er under behandling når saken er anket. De som ikke anker er å betrakte som motparter.
Fjerde ledd bør også tas bort, da den virker unødvendig.
Vi foreslår videre å snu på rekkefølgen, slik at hovedregelen kommer først. Videre er det nødvendig å presisere at det bare er første, andre og fjerde ledd i tvisteloven § 29-9 som gjelder så langt det passer.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme har òg lovtekniske merknader. Dei peikar på at når det blir fastsett at ankefristen er ein månad, samtidig som det er vist til tvistelova § 29-5, kan dette føre til mistydingar. Den same merknaden har dei til reglane om ankefråsegna i høyringsforslaget § 8-6. Det kan bli uklart kva som gjeld når det er gitt særreglar samtidig som det blir vist til at reglane i tvistelova om ankefråsegn skal gjelde. Dei foreslår òg ei korrigering i høyringsforslaget § 8-7, der dei foreslår gjennomsyn sløyfa i første ledd.

14.6.3 Departementets vurderingar

14.6.3.1 Generelt

Løysingar knytt til ankefrist, ankefråsegn og fråfall av anke er i stor grad eit spørsmål om kor informativ lova bør vere. Departementet peikar på at det er vanskeleg å finne ein god balanse mellom kva som bør gå fram av jordskiftelova, og kvar det er like tenleg å vise til reglane i tvistelova. Departementet vil føye til at omsynet til sjølvprosederande partar nok har noko mindre vekt ved anke enn i saker for jordskifteretten. Når temaet er ankefrist og ankefråsegn, er det likevel grunn til å leggje stor vekt på slike informasjonsomsyn.

14.6.3.2 Ankefrist

Slik jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler, vil det vere tilstrekkeleg og meir presist om føresegna om ankefrist berre viser til reglane i tvistelova § 29-5. Der går det fram av første ledd at ankefristen er ein månad med mindre anna er fastsett ved lov. Departementet meiner likevel at det gir betre informasjon om ankefristen går direkte fram av jordskiftelova.

Tvistelova § 29-5 inneheld fleire unntak frå regelen om at ankefristen er ein månad. Unntaka må gjelde òg i saker etter jordskiftelova. Departementet meiner at den beste løysinga er at jordskiftelova opplyser om hovudregelen om at ankefristen «til vanleg» er på ein månad, og samtidig viser til tvistelova § 29-5 for meir detaljerte reglar. Ved denne formuleringa vil ein oppnå ein presis regel. Samtidig vil dei som les jordskiftelova få informasjon om det som er den mest vanlege fristen. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-3.

Nokre avgrensingar i ankefristen kan tenkjast som følgje av regelen i tvistelova § 29-2 andre til fjerde ledd som mellom anna seier at avgjerder om saksbehandlinga ikkje kan ankast etter at saka er avgjort. Dette er avgrensingar som etter departementets syn vil gjelde som følgjer av lovforslaget § 8-1 andre ledd. Departementet meiner at omsynet til informasjon til partane ikkje gjer seg gjeldande med slik tyngde at det er nødvendig å nemne desse avgrensingane særskilt i jordskiftelova. Departementet legg til grunn at jordskifteretten vil gi partane orientering om dette i samband med avgjerda. Dette er særleg viktig i høve til sjølvprosederande partar.

Lovforslaget § 8-3 svarar til gjeldande jordskiftelov § 63 med følgjande unntak. Det er § 63 første ledd som fastset at ankefristen som hovudregel skal reknast frå forkynninga av jordskiftet. Er det høve til å anke straks, skal fristen likevel reknast frå det tidspunktet vedkomande part har fått avgjerda forkynt. Denne regelen gjeld framleis på grunn av tilvisinga til tvistelova, men går ikkje eksplisitt fram av ordlyden i kapitlet om anke. Det følgjer likevel av lovforslaget § 6-25 som gjeld seiing av avgjerd og forkynning. Det går òg fram i gjeldande jordskiftelov § 63 første ledd at fristen for rettsfastsetjande vedtak, som er behandla etter gjeldande jordskiftelov § 17 a femte ledd, skal reknast frå vedkomande rettsmøte. Denne regelen er ikkje ført vidare i lovforslaget.

14.6.3.3 Ankefråsegna

Justisdepartementet uttaler at særreglane i jordskiftelova må rette seg mot jordskifteavgjerd. I høyringsforslaget § 8-6 som gjeld ankefråsegna i dei to første ledd er det lagt til grunn at ankefråsegna skal følgje tvistelova § 29-9 for dom, og skjønnsprosesslova § 33 for skjønn. Departementet er samd i at det ikkje er nødvendig med eigne reglar om dette. Det følgjer alt av andre reglar at for slike avgjerder gjeld desse lovene, sjå mellom anna lovforslaget § 8-1 andre og femte ledd.

Dette er likevel eit spørsmål om kor informativ lova skal vere. Departementet meiner at det er ein fordel for partane med ein lovtekst som viser kva ankefråsegna skal innehalde. Departementet vil derfor halde fast ved at anke over dom, orskurd og vedtak bør nemnast særskilt med vising til tvistelova § 29-9. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-5 første ledd. Ein tilsvarande regel gjeld òg i dag, sjå jordskiftelova § 63 tredje ledd som fastset at ved anke til lagmannsrett, gjeld tvistelova så langt reglane høver. Dom, rettsfastsetjande vedtak, ordskurd og dei fleste vedtaka (beslutninger) skal etter § 61 andre og tredje ledd behandlast av lagmannsretten.

Departementet foreslår inga tilsvarande løysing i saker som gjeld reine skjønn halde av jordskifteretten. Ei særleg tilvising om innhaldet i kravet om overskjønn kan lett bli forvirrande i høve til skjønn eller andre avgjerder halde samtidig eller i samband med jordskifte. Der er regelen at anke skal følgje reglane for jordskifteavgjerd. Dersom for eksempel eit reint skjønn ankast, følgjer prosessen etter lovforslaget § 8-1 femte ledd reglane i skjønnsprosesslova fullt ut. Reglane om anke vil dermed følgje skjønnsprosesslova, som for rettslege skjønn blir likt med reglane i sjette del av tvistelova. Det er derfor ikkje nødvendig å gi reglar eller ytterlegare informasjon om korleis ein skal krevje overskjønn i jordskiftelova.

Departementet meiner samstundes at det ikkje er nødvendig at regelen i jordskiftelova uttrykkeleg fastset innhaldet i ei ankefråsegn som gjeld anke over dom, orskurd eller vedtak. Årsaka er at alle reglar om anke ved desse avgjerdsformene følgjer reglane i tvistelova. Det er såleis tilstrekkeleg å vise til reglane i tvistelova. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-5 første ledd.

Der det er anka over jordskifteavgjerd er det eit behov for særlege reglar om innhaldet i anken. Departementet meiner at det er gode grunnar for å ha andre krav til innhald i ei anke som gjeld jordskifteavgjerd, enn ved anke over tvist. Arbeidsgruppa legg i høyringsnotatet til grunn at reglane i tvistelova skal gjelde så langt dei passar òg for jordskiftesak. Departementet har valt ei anna løysing. For å unngå å få dobbelt regelsett og fare for uklare reglar, slik jordskifterettane i Agder jordskiftedømme peikar på, foreslår departementet at reglane om innhaldet i ei ankefråsegn som gjeld jordskifteavgjerd ikkje skal supplerast med reglane i tvistelova. Departementet meiner at det i slike høve er betre om lova gir direkte uttrykk for kva fråsegna skal innehalde, enn ei uklar tilvising til tvistelova. Løysinga går fram av lovforslaget § 8-5 andre ledd.

Anken skal som etter gjeldande jordskiftelov § 63 andre ledd første punktum, givast inn til den jordskifteretten som har teke den avgjerda anken gjeld.

I lovforslaget er det fastsett at ankedomstolen skal nemnast. Det går òg fram at saksnummeret på saka og kva for avgjerd anken gjeld skal nemnast. Ut over dette skal det i anken opplysast om anken gjeld heile avgjerda eller bestemte deler av henne. Det skal òg opplysast om ankegrunnane som skal opplyse kvifor det er anka og kva ein vil oppnå med anken. Reglane er utforma med det for auge at anken vil gå til lagmannsretten, og at førstelagmannen kan fastsetje at samansetjinga av retten kan variere alt etter kva det er anka over. Det er da behov for noko meir detaljerte opplysningar i anken enn regelen i gjeldande jordskiftelov § 67 første ledd. Denne føresegna seier at ankepostane bør gå fram av anken og at jordskifteretten skal sørgje for å få klarlagt kva anken gjeld før han blir gjort kjend for dei andre partane.

Arbeidsgruppa foreslår at ankefråsegna skal vise kven som er partar i ankesaka. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme foreslår å ta bort dette kravet. Departementet er samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme i dette. Det kan vere vanskeleg å sjå kven som kan omfattast av ein anke som gjeld ei jordskifteavgjerd. Etter gjeldande rett vil reglane om utvida gransking i gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd føre til at ei anke som frå starten berre omfattar to partar kan utvikle seg til å omfatte alle partane i jordskiftesaka. Sjølv om ein ikkje fører direkte vidare reglane om «utvida gransking», sjå kapittel 14.9.3 , blir systemet framleis slik at ein må ta høgde for at alle partane i ei jordskifteavgjerd kan gjerast til part i ankesaka. Departementet meiner at det i mange høve ikkje vil vere mogleg å peike ut kven som skal vere motpartar ved anke over jordskifteavgjerd. Det bør såleis ikkje stillast krav om dette i lova. I lovforslaget § 8-5 tredje ledd foreslår departementet derfor som hovudregel og utgangspunkt at alle er partar i ankesaka.

Det vil gå fram av jordskifteavgjerda kven som er partar. Det er derfor ikkje nødvendig at ankande part skal opplyse om ankemotpartane i ankefråsegna. For å gjere det klart for partane i saka kven som blir partar i ankesaka, foreslår departementet etter dette ein ny regel om at alle som var partar i jordskiftesaka skal reknast som partar i ei ankesak som gjeld jordskifte. Dette kan likevel ikkje gjelde utan unntak. Departementet foreslår derfor ein opning for at ankande part etter særleg grunngjeving berre kan anke mot nokre av partane i saka. I så fall må den ankande parten ta med opplysningar om kva for særlege grunnar som gjer seg gjeldande i ankeerklæringa. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-5 tredje ledd.

14.6.3.4 Avkall på rett til å anke

Etter gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd bokstav a gjeld tvistelova § 29-6 om retten til å seie frå seg retten til å anke òg avgjerd som er gjort av jordskifteretten. Ein følgje av lovforslaget § 8-1 andre ledd er at regelen vil gjelde ved avgjerdsformene dom, orskurd og vedtak. Departementet meiner at det som i gjeldande jordskiftelov bør vere mogleg å gi avkall på ankerett òg ved jordskifteavgjerd. Dette gjer det nødvendig med ein regel om avkall på anke i ny jordskiftelov. Departementet foreslår ein slik regel i lovforslaget § 8-4. Av pedagogiske grunnar er regelen derfor utforma slik at ho gjeld alle avgjerder. Løysinga vil da vere lik for alle avgjerder jordskifteretten gjer.

14.6.3.5 Tilbakekall av anke

I nokre tilfelle vil ein part som har anka ei avgjerd finne ut at han eller ho ønskjer å trekkje anken tilbake. Er partane samde om at saka skal trekkjast, er det rimeleg å leggje til rette for at ressursbruken som ligg i ei full ankebehandling blir spart. I andre tilfelle kan det òg vere grunnlag for at ein part kan tilbakekalle ein anke, for eksempel der ankesaka ikkje er komen i gang fullt ut. Både gjeldande jordskiftelov og tvistelova har reglar som gjer fråfall av anke mogleg i slike høve, sjå gjeldande jordskiftelov § 68 som gjeld jordskifteavgjerd og tvistelova § 29-19. Dei to føresegnene er ulike med omsyn til kva tidspunkt fråfall kan skje. Etter jordskiftelova kan anke kallast tilbake utan semje fram til ein ankepost er avgjort. Er ankeposten avgjort, kan anken berre tilbakekallast om alle som saka gjeld er samde i det. Etter tvistelova kan anken kallast tilbake fram til ankeforhandlinga er begynt. Har forhandlinga begynt, kan anken berre kallast tilbake fram til saka er avgjort, og berre om partane er samde om det. Eit tilbakekall får konsekvensar for kva som er rettskraftig avgjort. Det får òg konsekvensar for fordelinga av kostnadane i ankesaka. Ut over dette kan tilbakekall av anke i jordskiftesak få verknad for iverksetjing og fristar som er fastsett i samband med jordskifteløysinga. Gjeldande jordskiftelov § 68 andre ledd har ein eigen regel om dette.

I høyringsnotatet er det lagt opp til at moglegheita til å gi avkall på anke bør følgje tvistelova i alle saker for jordskifteretten. Departementet har registrert at høyringsinstansane ikkje har kome med motsegner til denne løysinga. Departementet foreslår derfor ei slik endring. Forslaget er ei forenkling som gjer at regelen om tilbakekall blir lik i alle saker som er anka frå jordskifteretten. Tidsrommet for når det er mogleg å kalle anke over jordskifteavgjerd tilbake blir noko kortare enn etter gjeldande jordskiftelov. Departementet finn dette rimeleg. Har ein part fremja anke, bør parten finne seg i at denne anken skal behandlast ferdig dersom anken er teken til behandling i eit rettsmøte for lagmannsretten. Forslaget fører elles til at det ikkje lenger vil vere ein regel om tilbakekall av anke etter at anken er avgjort sjølv om partane er samde om det. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for ein slik regel.

Slik lovforslaget § 8-1 andre og tredje ledd er utforma, er det behov for ein eigen regel om tilbakekall av anke som gjeld jordskifteavgjerd i ny jordskiftelov. Når regelen, slik departementet har lagt til grunn over, blir lik i alle avgjerder som er anka frå jordskifterett, meiner departementet det er pedagogisk å utforme regelen i jordskiftelova på ein generell måte. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 8-9 første ledd. Det er ulikt forslaget i høyringsforslaget § 8-7 på dette punktet.

Gjeldande jordskiftelov § 68 andre ledd som gjeld fristar og iverksetjing foreslår departementet ført vidare med noko nær same ordlyd som i høyringsforslaget § 8-7. Departementet er samd i at det trengst ein regel som gjer at lagmannsretten kan forlenge fristar om iverksetjing i slike høve. Etter departementets syn kan likevel regelen utformast noko enklare enn i gjeldande jordskiftelov. Det er tilstrekkeleg med ein regel om at om anken kallast tilbake, skal lagmannsretten endre fristar om iverksetjing etter lovforslaget § 3-36 om det trengst. Lagmannsretten vil etter lovforslaget § 8-10 prøve alle sider av jordskifteavgjerda. Dette inneber at lagmannsretten óg kan endre avgjerder om iverksetjing. Forslaget som gjeld frist, går fram av lovforslaget § 8-9 andre ledd.

14.7 Saksførebuing i jordskifteretten

14.7.1 Høyringsforslaget

I høyringsnotatet § 8-3 er det lagt til grunn at føresegnene i tvistelova skal gjelde ved behandlinga av anke over dom, semjedom, orskurd, eller vedtak. Forslaget fører blant anna til at jordskifteretten, som etter gjeldande jordskiftelov § 63 tredje ledd, får som oppgåve å førebu behandlinga av anken etter tvistelova § 29-10. Oppgåva inneber at jordskifteretten skal forkynne avgjerda, ta imot anken og sende han vidare til ankeinstansen.

I høyringsnotatet § 8-6 femte ledd andre punktum er det lagt til grunn at kravet om overprøving av avgjerda frå jordskifteretten skal sendast til den jordskifteretten som har teke avgjerda, og at kravet snarast råd skal forkynnast for dei partane avgjerda gjeld.

14.7.2 Høyringsinstansane

Forslaga er ikkje kommentert av høyringsinstansane.

14.7.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at reglane om saksførebuinga i jordskifteretten bør samlast i ein paragraf. Løysingane som er lagde til grunn i gjeldande jordskiftelov §§ 63 andre og tredje ledd og 67 første ledd andre og tredje punktum er godt etablerte, og bør i hovudtrekk førast vidare i ny lov. Dei svarar òg i store trekk til den løysinga som er vald i tvistelova. Departementet meiner såleis at jordskifteretten, som i dag, bør ha ei rolle ved å gjere det som trengst for å førebu anke og deretter sende han vidare til lagmannsretten. Løysinga bør gjelde alle saker som er behandla i jordskifteretten. Sjå lovforslaget § 8-6 første ledd som viser til tvistelova § 29-10.

Ved anke over jordskifteavgjerd bør jordskifteretten, om retten ser at det er manglar ved anken gi den ankande parten høve til å rette feila slik dette er fastsett i tvistelova §§ 16-5 og 16-6. Jordskifteretten bør òg ha ansvaret for å forkynne for dei partane saka gjeld at det er anka over ei jordskifteavgjerd. Løysinga går fram av lovforslaget § 8-6 tredje ledd. Regelen er formulert litt annleis enn gjeldande jordskiftelov § 67 første ledd andre og tredje punktum, men dekkjer det same innhaldet.

Departementet foreslår ut over dette ein ny regel som gjer det tydeleg at avgjerd om avvising eller oppfrisking skal treffast av lagmannsretten etter tvistelova § 29-10, ikkje av jordskifteretten. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-6 andre ledd.

Departementet foreslår dessutan som ei forenkling og ut frå informasjonsomsyn ein regel i tredje ledd slik at anke over jordskifteavgjerd snarast råd skal forkynnast for dei partane det gjeld, med frist til å uttale seg til anken. Regelen gjeld uavhengig av avgjerdsform, og byggjer dels på gjeldande jordskiftelov § 97 a som gjer tvistelova § 29-10 gjeldande. For jordskifteavgjerdene byggjer regelen på gjeldande jordskiftelov § 63 andre ledd andre punktum.

14.8 Ankesum og silingsmekanismer

14.8.1 Høyringsforslaget

I høyringsnotatet er det framheva at føresegnene om anke bør leggje til rette for at saker av liten betyding kan silast bort (proporsjonalitet). Det er likevel strekt under at siling ikkje er noko mål i seg sjølv. Den økonomiske verdien av ankegjenstanden kan i nokre tilfelle vere eit kriterium for avgrensinga mot saker av bagatellmessig karakter. I andre tilfelle er verdien ingen god illustrasjon på kva ei avgjerd i saka betyr.

I høyringsnotatet er det òg peika på at reglane ikkje bør vere ulike alt etter om saka er reist for ein tingrett eller ein jordskifterett. Gjeld saka eit spørsmål som kan avgjerast av tingretten, bør føresegnene i tvistelova gjelde.

Forslaget i høyringsforslaget § 8-3 første ledd er at avgjerd etter høyringsforslaget § 6-19 andre og tredje ledd skal følgje tvistelova som i dag. Dette inneber mellom anna at verdigrensa i tvistelova § 29-13 på kr 125 000 skal vurderast av lagmannsretten ved anke over dom frå jordskifteretten.

Forslaget er utforma slik at føresegnene om verdien av tvistegjenstanden ikkje skal gjelde for jordskifteavgjerdene (høyringsforslaget § 6-19 fjerde ledd). Det er vist til at omsynet til dei samfunnsinteressene jordskiftet tek sikte på å løyse, i slike tilfelle talar for at partane bør ha rett til å anke slik at avgjerdene kan vurderast på nytt. Dette må gjelde sjølv om verdien for den enkelte parten ikkje er over verdigrensa i tvistelova. Partane vil dermed kunne anke, for eksempel i saker som gjeld landbruksareal, der verdien av arealet ofte er låg, men der endringa som følgje av jordskiftet kan ha mykje å seie for drifta av eigedommen, jf. høyringsforslaget § 8-8.

14.8.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Lovutkastet § 8-8 synes å være overflødig slik det nå er formulert. Når det gjelder anke over jordskifteavgjerd og krav om gjennomsyn, følger det av lovutkastet § 8-3 annet ledd jf. § 6-1 tredje ledd bokstav j at tvistelova § 29-13 ikke gjelder. Utkastet § 6-19 femte ledd bokstav a og b gjelder kjennelser, som ikke omfattes av tvistelova § 29-13.
Vi mener Landbruks- og matdepartementet bør vurdere å gi en hjemmel for en viss adgang til også å nekte anke over jordskifteavgjørelser fremmet. En anke bør i hvert fall kunne nektes fremmet dersom det er klart at anken ikke vil føre frem, jf. prinsippet i tvistelova § 29-13 annet ledd. Etter vårt syn bør det også vurderes å videreføre regelen i jordskifteloven § 67 annet ledd annet punktum annet alternativ.
Vi foreslår også at Landbruks- og matdepartementet vurderer om det er mulig å innføre en silingsordning basert på tvistegjenstandens verdi for avgjørelser om verdsetting etter § 6-19 fjerde ledd bokstav a.»

Domstoladministrasjonen uttaler:

«Utkastet forstås slik at det ikke er meningen å innføre noen form for siling av ankesaker over jordskifteavgjørelser ut fra ankegjenstandens verdi. Overskriften kan derfor virke misvisende. DA mener det bør formuleres en skreddersydd silingsbestemmelse for anke over jordskifteavgjørelser. Det kan for eksempel tas utgangspunkt i jordskifteloven § 67 andre ledd, som inneholder elementer av tvisteloven § 29-13 første og andre ledd. Det bør føyes til et krav om at grunnen til å nekte anken fremmet er at det er åpenbart at anken ikke kan gis medhold eller lignende.»

Agder lagmannsrett viser først til at det ikkje er nødvendig å gjere unntak for orskurd om avvising eller heving av saka frå verdigrensa, slik arbeidsgruppa foreslår. Verdigrensa gjeld berre ved anke over dom, ikkje ved andre anker. Om verdigrense ved jordskifteavgjerd uttaler førstelagmannen:

«Lovteknisk går jeg ut fra at behovet for en unntaksregel i utkastet er en følge av at det ellers ville følge av henvisningen fra § 8-3 annet ledd annet punktum til skjønnsprosessloven at ankesumbegrensningen i skjønnsprosessloven § 32 tredje ledd ville gjelde. Behovet for unntaket faller bort dersom man unngår å basere saksbehandlingsreglene for «overjordskifte» på skjønnsprosessloven, men i stedet viser til behandlingsreglene for jordskiftesaker i første instans.
Et mer substansielt spørsmål er likevel om det bør gjelde en ankesumsbegrensning eller annen begrensning ved anke over jordskifteavgjerd. Slike saker behandles i dag av jordskifteoverretten, og jeg har ikke tilstrekkelig erfaring med sakstypen til å kunne vurdere begrunnelsen arbeidsutvalget har gitt i utredningen på side 123 inngående. Jeg reiser imidlertid spørsmål ved om ikke de motargumenter arbeidsgruppen her har trukket frem mot en ankesumsbegrensning ville kunne ivaretas ved praktiseringen av en samtykkeregel der det i samsvar med tvisteloven § 29-13 første ledd beror på en bred avveining hvorvidt samtykke skal gis. Om man likevel blir stående ved at en bestemt verdigrense ikke er et egnet kriterium i denne sakstypen, bør man imidlertid overveie en annen form for begrensning basert på en forholdsmessighetsvurdering. Det er uheldig om partene skal ha en ubetinget adgang til å fremme saker hvor kostnadene ved behandlingen står i klart misforhold med hva man vil kunne oppnå. Jeg viser til regelen i dagens jordskiftelov § 67 annet ledd, som synes å ivareta dette hensynet.
En mulig løsning kan være å gi en bestemmelse om at lagmannsretten kan nekte anken fremmet dersom det er klart at overjordskiftet ikke vil kunne lede til en endring som står i rimelig forhold til kostnadene ved saksbehandlingen. Eventuelt kunne man kvalifisere nektingsgrunnlaget ytterligere ved et krieterium som «åpenbart uforholdsmessig», «monaleg mishøve» eller lignende. Avgjørelsen bør treffes ved beslutning etter at partene har fått anledning til å uttale seg.»

Jordskifteoverrettane uttaler:

«I noverande jskl. § 67 andre ledd har vi ein regel som seier at jordskiftet skal stadfestes dersom ei endring «berre kan føre til endring det etter måten ikkje kan leggjast nemnande vekt på». Dette er ein regel som gjelder først etter at full ankebehandling er satt i gang. I ein omskriven § 8-8 bør det vere ein spesialregel for jordskifteavgjerd som gir retten anledning til å nekte ankebehandling, kanskje med utgangspunkt i formuleringa i noverande § 67 eller tvl. § 29-13 andre ledd.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme peikar på at det er dårleg samsvar mellom overskrift og innhald i paragrafen, slik den er foreslått av arbeidsgruppa. Det må òg kome tydeleg fram at det er behandlinga av anken som ikkje er avhengig av tvistegjenstandens verdi.

14.8.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at det av informasjonsomsyn bør gå fram av ordlyden i jordskiftelova kva lagmannsretten kan gjere under saksførebuinga der det er anka. Sjølv om det ikkje går fram av høyringsforslaget, foreslår departementet derfor ein regel som viser at anken kan avvisast, hevast eller opphevast under saksførebuinga slik dette går fram av reglane i tvistelova § 29-12. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-8 første ledd. Regelen er ny i høve til jordskifteavgjerd. Departementet meiner det er ei forenkling at hovudregelen er lik uavhengig av kva for avgjerdsform det dreier seg om. Departementet kan ikkje sjå at det er andre grunnar som taler for ulike reglar på dette punktet.

Det følgjer av lovforslaget § 8-1 andre ledd at reglane i tvistelova gjeld fullt ut ved anke over dom. For å få det tydeleg fram at mellom anna silingsregelen i tvistelova gjeld i slike saker, meiner departementet at det òg bør vere ein tilvisingsregel til tvistelova § 29-13. Forslaget går fram av lovforslaget § 8-8 andre ledd.

Departementet foreslår i kapittel 14.3.3.2 at reglane for behandling av anke over jordskifteavgjerd skal følgje reglane i jordskiftelova så langt dei høver. Forslaget i høyringsnotatet er at reglane i skjønnsprosesslova skal gjelde. Slik førstelagmannen i Agder peikar på, fører endringa til at silingsreglane i tvistelova § 29-13 ikkje vil gjelde jordskifteavgjerder, fordi desse reglane berre gjeld ved avgjerdsforma «dom». Heller ikkje silingsreglane i skjønnsprosesslova § 32 tredje ledd vil gjelde ved jordskifteavgjerd. Dette gjer det aktuelt å vurdere om det bør innførast reglar som gjer at lagmannsretten i visse tilfelle kan nekte å ta ein anke over jordskifteavgjerd til behandling.

Departementet meiner at jordskifteavgjerdene må kunne ankast utan at ei bestemt verdigrense blir eit vilkår for å få anken fremja. Jordskifteavgjerdene gjeld omforming og endring av eigedommar, bruksordningsreglar for framtidig bruk med vidare. Sjølv om verdigrensa etter tvistelova kan praktiserast meir eller mindre strengt, ser ein dette likevel slik at ved ei jordskifteavgjerd er det vanskeleg å ha noko oppfatning av verdien av det som er «omtvista». Verdiforskjellen på ei løysing kontra ei anna løysing som ankande part heller vil føretrekke, kan vere vanskeleg å talfeste. Verdiforskjellen mellom eit jordskifteplanforslag og eit anna er derfor eit dårleg kriterium for å skilje ut dei ankane som skal behandlast i lagmannsretten. Eit slikt kriterium ville òg truleg kunne utløyse mange prosessar. Det er ein føresetnad for verkemidla i jordskiftelova at ingen part blir påført større kostnader og ulempe enn nytte. Sjølv eit mindre brot på denne føresetnaden har etter gjeldande rett vore prøvd ved overjordskifte. Slik meiner departementet at det framleis bør vere.

Om det viser seg at anken er grunnlaus eller berre kan føre til endringar det etter måten ikkje kan leggjast nemnande vekt på, skal jordskifteoverretten etter gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd stadfeste jordskiftet. Regelen praktiserast som ein saksbehandlingsregel som fastlegg eit utfall av ankebehandlinga. Som silingsregel har han i praksis lite å seie, fordi saka er fullt opplyst når jordskifteoverretten treff avgjerda om stadfesting.

Mange høyringsinstansar peikar på at det er behov for ein meir skjønnsprega silingsregel, slik at lagmannsretten kan avvise ein anke når kostnadene med å behandle henne ikkje står i rimeleg høve til kva partane kan oppnå ved å få anken behandla. Departementet er samd i at ein bør ha ein silingsregel som gjeld jordskifteavgjerd. Proporsjonalitetsprinsippet bør gjelde òg ved anke over jordskifteavgjerd. Formålet med regelen vil vere å hindre anke når den moglege vinninga for den ankande parten ikkje står i rimeleg høve til kostnadene med behandlinga av anken. For å gi lagmannsretten ein god reiskap, må ei slik «siling» skje tidleg. Jordskiftelagdommaren må få fullmakt til å treffe ei slik avgjerd som saksførebuande dommar.

Departementet har vurdert ein regel for eksempel om at anken ikkje kan fremjast dersom det er klart at han ikkje vil kunne føre til ei endring som står i rimeleg høve til kostnadene med saksbehandlinga. Som departementet har peika på ovanfor i samband med omtalen av reglane i tvistelova, kan det vere vanskeleg å definere kva for kostnader ein skal leggje til grunn. Ein regel der kostnadene er sentrale vil kunne bli ei ny grense for ankesum på eit anna nivå enn det ein finn i tvistelova § 29-12 første ledd. Departementet meiner derfor at dette ikkje er ei tenleg løysing.

Departementet foreslår i staden ein ny regel for jordskifteavgjerd etter mønster av tvistelova § 29-12 andre ledd, der vilkåret for siling blir at «anken ikkje vil føre fram». Forslaget går fram av lovforslaget § 8-8 tredje ledd første punktum. Ein må leggje til grunn at dette er ein regel som i praksis sjeldan blir aktuell. Den representerer likevel ein moglegheit for retten til å nekte å behandle anken.

Skal lovforslaget § 8-8 fungere som silingsregel, må avgjerda kunne treffast av jordskiftelagdommaren som saksførebuande dommar, etter at partane har fått høve til å uttale seg. Prosedyrene for dette må gå fram av lova. Dei er tekne inn i lovforslaget § 8-8 fjerde ledd.

14.9 Plikt for ankeinstansen til å prøve avgjerd frå jordskifteretten

14.9.1 Høyringsforslaget

Anke til lagmannsrett over ein dom og rettsfastsetjande vedtak (semjedom) i jordskifteretten følgjer i dag føresegnene i tvistelova. Arbeidsgruppa foreslår ikkje endringar i denne løysinga. Det visast til at det ikkje bør vere ulike reglar for prøving i ankeinstansen av elles like saker, alt etter om førsteinstansen er tingrett eller jordskifterett. Forslaget til regel går fram av høyringsforslaget § 8-3 første ledd og høyringsforslaget § 8-9.

Arbeidsgruppa peikar på at det er uheldig med ulike reglar om prøvinga i ankeinstansen alt etter om det er tvist mellom partane eller ikkje. Arbeidsgruppa foreslår derfor ikkje særlege føresegner om anke over semjedom (rettsfastsetjande vedtak).

Arbeidsgruppa foreslår likevel eigne reglar for jordskifteavgjerdene. Forslaget byggjer på gjeldande reglar om prøvinga. Det går fram av høyringsforslaget § 8-9.

Ved avgjerd i saker som gjeld skjønn, foreslår arbeidsgruppa at prøvinga bør vere den same anten saka er reist for jordskifteretten eller for tingretten. I slike tilfelle følgjer det av skjønnsprosesslova § 37 at underskjønnet fell bort i den mon det avseiast overskjønn. Forslaget går fram av høyringsforslaget § 8-3.

Saksbehandlingsregelen i gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd, om melding om endringar i jordskiftet, og om frist for å krevje jordskiftet utvida, foreslår arbeidsgruppa ført vidare i høyringsforslaget § 8-9 andre ledd.

Arbeidgsruppa foreslår òg i høyringsforslaget § 8-13 å gi lagmannsrtten heimel for å fastsetje nye fristar for iverksetjing av jordskiftet, i den mon det er nødvendig. Heimelen er i samsvar med gjeldande jordskiftelov § 72 andre ledd.

14.9.2 Høyringsinstansane

Høyringsinstansane er i sine merknader først og fremst opptekne av språk og lovteknikk.

Justisdepartementet uttaler:

«Vi reiser spørsmål om bestemmelsen i annet ledd annet punktum kan formuleres slik at den som mener endringen volder tap for seg, må fremsette krav om utvidelse av ankesaken innen en uke (i stedet for å kreve en frist på en uke osv.).»

Justisdepartementet peikar elles på at overskrifta må vise klart at regelen i § 8-11 gjeld prøving av jordskifteavgjerd, og kjem med eit forslag til ei klarare formulering av første ledd. Dei uttaler:

«Ved behandling av anke over jordskifteavgjerd kan ankeinstansen prøve alle sider av saka.»

Justisdepartementet peikar òg på at ein bør nytte uttrykket «treffe ny avgjerd» i staden for «endre avgjerda», slik det var foreslått i andre ledd.

Domstoladministrasjonen uttaler om språket:

«Andre setning i andre ledd kan virke uklar. Poenget er at den som får anke mot seg skal ha adgang til å ta opp andre ting i samme sak. Her bør det gjøres språklige forbedringer.»

Jordskifteoverrettane har i si uttale merknader både til lovteknikken og språket:

«Første ledd: Vi finn grunn til igjen å minne om at det er betre med ein direkte regel i jordskiftelova, enn å vise til skjønnsprosesslova slik det er gjort her. Det er like enkelt å gi ein regel om at ved overjordskifte fell jordskifteretten si avgjerd bort så langt lagmannsretten har avgjort saka.
Andre ledd: Vi er samde i realiteten i dette leddet som er ein vidareføring av dagens lovtekst. Vi meiner likevel formuleringa er noko uklar, og bør skrivast om. Særleg bør det gå fram at «tap» skal målast i forhold til situasjonen slik den var for kvar enkelt part då saka vart anka.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner det er overflødig å vise til skjønnsprosesslova § 37 og 38 i høyringsforslaget § 8-9.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til at fristen for å krevje utviding av ankesaka blir lengre enn i gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd fjerde punktum. Dei foreslår:

«at dette endres slik at alle som får anke mot seg får frist på tre uker for å krevje utvidelse av ankesaken. En uke er urimelig kort frist for å ta stilling til et så viktig spørsmål. (Det bør i alle fall vurderes spesielt om ei veke er tilstrekkelig). Det virker unødvendig tungvint at den som får anke mot seg først må krevje å få en frist.»

Domstoladministrasjonen uttaler til høyringsforslaget til § 8-11 tredje ledd, som gjeld behandling av tvistar om grenser med vidare som oppstår i samband med behandling av ankesak:

«Tredje ledd framstår som uklar. Dersom det her åpnes for at lagmannsretten kan treffe avgjørelsen direkte, framgår ikke dette tydelig nok av bestemmelsen. En slik mulighet bør framgå uttrykkelig.»

14.9.3 Departementets vurderingar

Grunnlaget for prøvinga i ankeinstansen er det partane i ankesaka har anka over. Gjeldande løysing der nokre spørsmål skal ankast til jordskifteoverretten medan andre spørsmål går til lagmannsretten, gjer at det dessutan er avgrensingar i prøvinga fordi ankeinstansane ikkje har full kompetanse i saka. Når alle ankesaker skal gå for lagmannsretten, er det ikkje lenger slike avkortingar i kompetansen. Innanfor det det er anka over må lagmannsretten såleis etter lovforslaget kunne bruke alle verkemidla i jordskiftelova. Departementet meiner dette er utgangspunktet, og foreslår heller ikkje reglar som avgrensar den kompetansen lagmannsretten skal ha. I lovforslaget § 8-10 første ledd foreslår departementet såleis at det skal gå fram at lagmannsretten kan prøve alle sider av jordskifteavgjerda.

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at det berre er nødvendig med eigne reglar om prøving av jordskifteavgjerd. Dette er òg løysinga i gjeldande jordskiftelov. Forslaget til regel om prøving av jordskifteavgjerd står i lovforslaget § 8-10. Der det ikkje er behov for eigne løysingar på grunn av jordskifte, har departementet av omsyn til regelforenkling vald å bruke løysingane i tvistelova. Departementet foreslår dessutan å sløyfe nokre detaljerte vilkår i gjeldande jordskiftelov for behandling av ankesaka, sjå omtalen av «utvida gransking» nedanfor.

Det går fram av andre ledd at om anke ikkje fører til endring, skal anken forkastast etter tvistelova § 29-23 andre ledd. Dette er ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd andre punktum. Etter gjeldande regel skal jordskiftet stadfestast dersom anken berre kan føre til endring som det etter måten ikkje kan leggjast nemnande vekt på. Departementet meiner at forslaget til ny løysing legg opp til ei meir effektiv behandling i lagmannsretten enn gjeldande ordning. I tillegg fører endringa til at løysinga svarar betre til systemet i tvistelova.

Fører anke til endring, skal lagmannsretten etter lovforslaget § 8-8 andre ledd treffe ny jordskifteavgjerd eller oppheve avgjerda etter tvistelova §§ 29-23 og 29-24. Når lagmannsretten kan treffe ny jordskifteavgjerd, kan retten prøve alle sider ved saka uavhengig av kva det er anka over. Den ordlyden som er vald dekkjer etter departementets syn òg dei innvendingane Justisdepartementet kjem med i si høyringsuttale. Innhaldet i forslaget er på dette punktet i samsvar med gjeldande jordskiftelov. Det er likevel nytt i lovforslaget at avgjerda kan opphevast. Denne løysinga er aktuell der lagmannsretten finn at det ligg føre ein saksbehandlingsfeil ved avgjerda i jordskifteretten, sjå tvistelova § 29-23 (3). I slike høve bør lagmannsretten òg i jordskiftesaker kunne vise saka tilbake til ny behandling i jordskifteretten. Det er nytt at reglane i tvistelova vil gjelde, men den nye regelen har likevel ein viss innhaldsmessig likskap med gjeldande jordskiftelov § 65 første ledd.

Regelen om «utvida gransking» i gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd krev særleg omtale. Regelen gir ein part, når endringar i jordskiftet vil valde tap for han, rett til å krevje ein frist på opptil ei veke for å setje fram krav om å få granskinga utvida så langt det trengst for å avgjere om ikkje jordskiftet på andre punkt bør endrast til fordel for han. Regelen aukar rettstryggleiken for dei partane som ikkje har anka saka. Behandlinga av anken kan for enkelte partar føre til eit dårlegare resultat enn situasjonen var etter avgjerda i jordskifteretten. Regelen om «utvida gransking» gir i så fall partane dette går ut over rett til å krevje at ankeinstansen òg skal vurdere andre tilhøve ved avgjerda i jordskifteretten. Regelen kan gjere det vanskeleg å planleggje behandlinga av saka. Det kan vere vanskeleg å vere førebudd på arbeidsomfanget med ei sak. For partane kan det såleis bli usikkert kor omfattande og kostbar ei ankebehandling vil bli. Etter reglane om «utvida gransking» kan ei enkel anke som berre gjeld ein del av saka både geografisk og sakleg, teoretisk utvikle seg slik at alle spørsmål i saka må prøvast på nytt. I praksis har regelen likevel mest funksjon som eit «sikkerheitsnett», og han brukast heller sjeldan.

Fleire høyringsinstansar etterlyser ein klarare regel. Departementet er samd i at det er grunn til å sjå nærare både på formuleringar og funksjon. Departementet foreslår å forenkle regelen vesentleg, og gjere innhaldet tydelegare.

Departementet meiner at dette kompliserte regelsettet som ikkje seier anna enn det sjølvsagte at ein part kan krevje, bør erstattast med ei langt enklare ordning. Det at ein part kan krevje at retten utvidar saka, slik den gamle regelen lydde, er opplagt. Det er likevel sentralt at lagmannsretten ikkje kan imøtekomme ein anke og utføre endringar om det fører til tap hos ein av ankemotpartane. Det sentrale må etter dette vere at retten må kunne gå ut over det den ankande parten har anka over. I slike høve må retten ha moglegheit til å trekkje inn delar av jordskifteavgjerda som det ikkje er anka over, og gå så langt som nødvendig for å fylle vilkåret om at ingen skal li tap jf. lovforslaget § 3-18. Forslaget er teke inn i lovforslaget § 8-10 fjerde ledd.

Domstoladministrasjonen peikar på at det i høyringsforslaget § 8-11 ikkje går klart fram om lagmannsretten skal kunne behandle tvistar som først oppstår under ankebehandlinga og som det er nødvendig å ta stilling til på grunn av jordskiftet. Slik gjer jordskifteoverretten det etter gjeldande rett, sjå gjeldande jordskiftelov § 70 første ledd. Departementet er samd i at lagmannsretten må ha ein slik heimel, og at heimelen til å avgjere slike tvistar, må kome klarare fram i lova. Dersom ankeinstansen ikkje har kompetanse til å behandle slike tvistar, ville ankebehandlinga kunne ta lang tid fordi prosessen stadig ville stoppe opp i påvente av behandling i første instans. Regelen går fram av lovforslaget § 8-10 femte ledd. Departementet meiner at lagmannsretten her må få eit val. Anten skal retten avgjere tvisten, eller vise heile jordskiftesaka tilbake til jordskifteretten. Valet må byggje på kva retten finn tenleg.

Departementet foreslår ut over dette ein ny regel i lovforslaget § 8-10 sjette ledd slik at tvistelova § 29-3 gjeld for avgjerda om å vise ei sak tilbake til jordskifteretten. Regelen er teken inn av informasjonsomsyn slik at sjølvprosederande partar skal kunne forstå gangen i ei slik sak.

14.10 Hjelp til teknisk arbeid

14.10.1 Høyringsforslaget

Arbeidgsruppa meiner at det i nokre tilfelle kan vere mest praktisk at lagmannsretten nyttar teknisk hjelp frå jordskifterettane. I høyringsforslaget er det derfor teken inn ein heimel i § 8-3 siste ledd som gir jordskifterettane plikt til å yte slik hjelp dersom lagmannsretten ber om det.

14.10.2 Høyringsinstansane

Forslaget kommenterast i liten grad av høyringsinnstansane, men jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme viser til at det blir ei samanblanding av roller om jordskifteretten skal gi slik teknisk hjelp som lagmannsretten ber om.

14.10.3 Departementets vurderingar

Departementet legg til grunn at forslaget i kapittel 14.1 om at jordskifteoverretten blir ein del av lagmannsretten vil føre med seg at det vil bli jordskifteteknisk personale i lagmannsrettane, sjå lovforslaget § 9-7 nr. 1 domstollova ny § 62 a. I praksis vil lagmannsretten såleis i dei fleste høve ikkje ha behov for teknisk hjelp frå jordskifterettane. Det kan likevel oppstå unntakstilfelle der det er behov for slik hjelp, for eksempel dersom ankebehandlinga kan gjennomførast utan synfaring. Departementet meiner derfor at det bør vere mogleg å innhente slik hjelp frå jordskifteretten. Departementet foreslår i lovforslaget § 8-11 første ledd ein regel om dette.

Lagmannsretten bør òg ha heimel til å fastsetje at jordskifteretten skal merkje av nye grenser som følgjer av ankebehandlinga. Forslaga går fram av lovforslaget § 8-11andre ledd. Etter departementets syn er det liten grunn til å tru at ein slik unntaksheimel vil føre til rolleblanding slik jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er inne på.

I gjeldande jordskiftelov § 69 har elles den jordskiftedommaren som har styrt jordskiftet plikt til å møte fram til overjordskiftet etter innkalling frå jordskifteoverretten. Han skal stå til teneste med opplysningar så lenge jordskifteoverretten finn det nødvendig. I høyringsforslaget førast denne regelen ikkje vidare. Departementet ser heller ikkje at det er behov for ein eigen regel om dette. Føresegna førast såleis ikkje vidare i lovforslaget.

14.11 Ny behandling i jordskifteretten

14.11.1 Høyringsforslaget

I høyringsnotatet er det vist til at det ved jordskifteavgjerder ofte er mange partar, og at avgjerda ikkje blir rettskraftig for nokon av dei før heile saka er avslutta. Arbeidsgruppa peikar på at det er uheldig om ankeinstansen i slike saker kan vise saka tilbake til ny behandling i første instans dersom anken fører fram. Dette gjeld i høve til feil både i den materielle avgjerda, og feil ved saksbehandlinga. Oppheving og heimvising kan resultere i ein runddans mellom instansane som er kostbar, og som fører til unødig tidsspille.

Det er vist til at heimvising til ny behandling i jordskifteretten i nokre tilfelle likevel vil vere tenleg, eller nødvendig. Gjeldande jordskiftelov har derfor reglar om dette i for eksempel §§ 72 siste ledd (om feil i det tekniske grunnlaget – gjennomsyn), 70 andre ledd (der krav om jordskifte feilaktig er avvist av materielle grunnar), 70 tredje ledd (feil etter kapittel 3 som gjer at skiftet heilt eller delvis bør bli gjort om). I høyringsnotatet er det framheva som ønskjeleg at desse føresegnene blir ført vidare, jf. høyringsforslaget § 8-11.

Etter gjeldande jordskiftelov § 70 første ledd, kan jordskifteoverretten ta avgjerd i saker som gjeld tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna som ikkje er blitt avgjort i jordskifteretten om det trengst av omsyn til jordskiftet. Føresegna let seg ikkje passe inn i ein modell der lagmannsretten tek over for jordskifteoverretten. Det vil ikkje gi moglegheit for ei totrinns behandling av spørsmålet, fordi ein eventuell anke ville måtte gå til Høgsterett. Sjølv om arbeidsgruppa foreslår at lagmannsretten skal overta for jordskifteoverretten, var arbeidsgruppa klar over at slike situasjonar vil kunne oppstå. I høyringsnotatet blei det derfor sett fram forslag om at føresegna skal omarbeidast til ein regel om heimvising til ny behandling, jf. høyringsforslaget § 8-11 tredje ledd.

Med den løysinga arbeidsgruppa foreslår for ankebehandlinga, er det lagt til grunn i høyringsnotatet at det kan bli noko færre saker enn i dag som reint faktisk vil bli behandla på nytt i jordskifteretten. Ein såg likevel behov for ei føresegn om at jordskifteretten skal fortsetje eller gjenopne jordskiftet i den mon det følgjer av avgjerda i ankeinstansen, jf. høyringsforslaget § 8-12, som fører gjeldande jordskiftelov § 65 vidare.

14.11.2 Høyringsinstansane

Departementet kan ikkje sjå at høyringsinstansane har gitt særlege kommentarar til spørsmålstillingane.

14.11.3 Departementets vurderingar

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at både tidsbruken og kostnadene med ei ny behandling i jordskifteretten etter behandlinga i lagmannsretten (heimvising) er store, og at det ut frå proporsjonalitetsprinsippet må vere unntaket at ei jordskifteavgjerd bør visast tilbake til ny behandling i jordskifterett. Dette er òg i tråd med gjeldande praksis. Departementet meiner at bruken av heimvising bør reserverast til situasjonar der det er spørsmål som betyr mykje for partane, og der avgjerda i ankeinstansen fører til at ein må starte på nytt igjen. Dette sikrar partane at jordskifteløysinga kan prøvast i ei ny anke. Departementet foreslår ein slik regel i lovforslaget § 8-10 andre ledd der det er vist den moglegheita lagmannsretten blant anna har etter tvistelova § 29-23 til å oppheve avgjerda og sende saka tilbake for ny behandling i tingretten. I tvistelova § 29-23 fjerde ledd er det lagt til grunn at om ein anke over innhaldet i avgjerda fører fram, skal lagmannsretten treffe ny avgjerd om han har grunnlag for det. Tvistelova § 29-24 gir reglar om vidare behandling av saka etter oppheving.

Lovforslaget § 8-10 fører til at jordskifteretten kan få saka tilbake i tre tilfelle. Det eine er dersom lagmannsretten opphever jordskifteavgjerda på grunn av saksbehandlingsfeil etter andre ledd. Det andre tilfellet er når lagmannsretten finn det tenleg å vise ei sak tilbake med heimel i fjerde ledd når det kjem opp tvist om grenser, eigedomsrett med vidare og lagmannsretten finn at det er ønskjeleg med ny behandling i jordskifteretten. Det tredje tilfellet er dersom lagmannsretten finn at anken fører fram, men at lagmannsretten ikkje gjer ny realitetsavgjerd fordi retten meiner han ikkje har grunnlag for slik avgjerd. Departementet legg såleis til grunn at det berre unntaksvis vil vere aktuelt at ei sak vil behandlast på nytt i jordskifteretten.

Blir avgjerda oppheva og sendt tilbake til jordskifteretten, følgjer det av tvistelova § 29-24 at jordskifteretten av eige tiltak skal sørgje for å behandle saka vidare. I slike høve skal jordskifteretten følgje den rettsoppfatninga som låg til grunn for opphevinga i lagmannsretten. Departementet ser ingen grunn til å fastsetje andre reglar om den vidare behandlinga i jordskifteretten. Tilvisinga til tvistelova § 29-24 går fram av lovforslaget § 8-10 andre ledd.

14.12 Frist for å setje i verk jordskiftet

14.12.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget § 8-13 inneber at lagmannsretten, i den mon det vil vere nødvendig, kan fastsetje nye fristar for iverksetjing av jordskiftet. Om ikkje anna er fastsett i avgjerda om å stadfeste jordskiftet, skal fristane som er fastsette i jordskifteavgjerda reknast frå første årsdagen for slutting av jordskiftet etter at avgjerda er forkynt.

14.12.2 Høyringsinstansane

Jordskifteoverrettane viser til at forslaget fører vidare gjeldande jordskiftelov, og at det trengst ein regel om dette. Det er òg peika på at formuleringa ikkje er god. I uttalen heiter det:

«Vi gjer merksame på at årsdagen i den siste kommentarutgåva er forklart slik at ein kan tru dette er årsskiftet. Det som er meint med årsdagen er nok at ikraftsetjinga skal setjast til same dagen, men i nytt år. I alle fall kunne ein omtalt dette klårare.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme kommenterer òg dette.

14.12.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at regelen i gjeldande jordskiftelov § 66 er noko innfløkt, og er samd med høyringsinstansane i at ho bør gjerast enklare. Med heimel i lovforslaget § 8-1 tredje ledd, jf. § 6-27, kan lagmannsretten fastsetje nye fristar som skal gjelde iverksetjinga av jordskifteløysinga. Departementet meiner at det av omsyn til informasjon er ønskeleg at dette går særskilt fram av kapitlet om rettsmiddel, og foreslår ein slik regel i lovforslaget § 8-12.

Etter departementets syn er det tilstrekkeleg med ein regel om at lagmannsretten skal ta stilling til fristane for å setje jordskiftet i verk. Forslaget til slik hovudregel er teke inn i lovforslaget § 8-12 første punktum. For det tilfellet at fristspørsmålet ikkje har blitt fastsett av lagmannsretten, foreslår departementet i andre punktum ein regel om at ein part kan krevje at førstelagmannen fastset nye fristar. Departementet legg til grunn at førstelagmannen i slike høve må innhente synet til partane på saka før avgjerda skal takast.

14.13 Anke til Høgsterett

14.13.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa meiner at Høgsterett, som i dag, skal vere ankeinstans i saker lagmannsretten har avgjort etter jordskiftelova. Det er vist til at det vil vere ei tenleg løysing om tvistelova kapittel 30 gjeld ved behandlinga av saka. Skjønnsprosesslova § 38 bør likevel gjelde ved overskjønn og for jordskifteavgjerd som lagmannsretten behandlar. Ei føresegn om dette er innarbeidd i høyringsforslaget § 8-14.

14.13.2 Høyringsinstansane

Jordskifteoverrettane, jordskifterettane i Agder og jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme meiner at paragrafen er unødvendig. Løysinga følgjer av det som er gjort gjeldande i tvistelova.

14.13.3 Departementets vurderingar

Departementet legg til grunn at ankeinstansen blir lagmannsretten. Når jordskiftelova styrer alle avgjerdsformer som blir anka til lagmannsrett, avgjerast òg ein anke over jordskifteavgjerd i lagmannsretten.

Tvistelova § 30-1 gjer Høgsterett til ankeinstans for avgjerder frå lagmannsrettane. Etter den nye ordninga vil lagmannsretten treffe avgjerder, òg for dei reine jordskifteavgjerdene. Departementet er derfor samd i at det strengt tatt ikkje er behov for ein eigen regel i jordskiftelova som seier at Høgsterett skal vere ankeinstans for avgjerder i lagmannsretten, sjølv om anken er avgjort etter reglane i jordskiftelova. Departementet har elles i dette lovforslaget lagt til grunn at sjølv om det ikkje er strengt nødvendig å ha reglar i jordskiftelova, har ein likevel teke dette med i lovteksten for å gi brukarane av lova god informasjon om reglane. Derfor vil ein òg her ha med ei konstatering av at Høgsterett er ankeinstans.

Etter gjeldande rett er det berre saksbehandling og rettsbruk som kan ankast frå jordskifteoverrett til lagmannsrett. Forslaget til arbeidsgruppa går ut på ei tilsvarande avgrensing ved anke frå lagmannsrett til Høgsterett, ved at det for slike avgjerder visast til skjønnsprosesslova § 38. Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til dette. Skjønnsprosess og jordskifte liknar på einannan, og det at reglane på desse områda er nokså parallelle er rimeleg sett i lys av kva avgjerdene gjeld. Departementet har fleire andre stader i lovforslaget vald å formulere regelen direkte inn i jordskiftelova, i staden for å vise til andre lover. Det vil ein òg gjere her. Sidan det uansett er behov for ein spesialregel for vidare anke av slike spørsmål til Høgsterett, kan ein for ordens skuld og etter mønster av skjønnsprosesslova ta med opplysningar om ankeinstans og at tvistelova kapittel 30 gjeld ved behandling av anken. Den nye regelen går fram av lovforslaget § 8-13.

14.14 Gjenopning

14.14.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ei eiga føresegn om gjenopning slik regelen er i dag. Forslaget går fram av høyringsforslaget § 8-15. Føresegna byggjer på gjeldande jordskiftelov § 73 og på tvistelova § 31-1 (3). Arbeidsgruppa foreslår at avgjerd teken av jordskifteretten eller lagmannsretten kan gjenopnast etter reglane i tvistelova kapittel 31. Kravet om gjenopning må rettast til ein rett med rettskrets som grenser til den retten som har teke avgjerda. Ut over gjenopningsgrunnane som er rekna opp i tvistelova, er det i høyringsforslaget lagt til grunn at jordskifteavgjerd kan gjenopnast dersom føresetnadene for avgjerda er endra på ein slik måte at avgjerande tiltak i jordskifteløysinga ikkje kan gjennomførast. Det er lagt til grunn at gjenopningsdomstolen skal kunne gjere dei endringane som trengst for å rette opp mishøvet.

14.14.2 Høyringsinstansane

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme peikar i sin høyringsuttale på at andre ledd i forslaget til § 8-15 ikkje er nødvendig, sidan regelen alt står i tvistelova. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler følgjande til § 8-15, gjenopning: «2.ledd er ikkje naudsynt gjentaking av det som står i tvisteloven kap. 31»

14.14.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at det er nødvendig med ein heimel for gjenopning som byggjer på reglane i tvistelova slik regelen òg er i dag, sjå gjeldande jordskiftelov § 73. Det går fram av lovforslaget § 8-1 sjuande ledd at gjenopning skal følgje lovforslaget § 8-14. Det går òg fram av lovforslaget § 6-1 andre ledd punkt q at tvistelova kapittel 31 om gjenopning gjeld slik dei går fram av lova her eller. så langt reglane høver. Heimelen for gjenopning i den nye jordskiftelova må såleis gjere synleg koplinga mellom jordskiftelova og tvistelova. I tillegg må reglane løyse tilhøve som er særlege for jordskifteretten. Lovforslaget § 8-14 gir heimel for gjenopning og viser at vilkåra for slik gjenopning og reglane om saksbehandling for retten skal følgje reglane i tvistelova kapittel 31. Regelen tilsvarar gjeldande jordskiftelov § 73 første ledd og høyringsforslaget § 8-15 første ledd.

Departementet er samd med høyringsinstansane i at det berre er nødvendig å ta med eigne reglar om gjenopning ved jordskifteavgjerd.

I lovforslaget § 8-16 står det at krav om gjenopning av sak avgjort av jordskifteretten skal rettast til ein jordskifterett med jordskiftesokn som grensar til den domstolen som har teke avgjerda. Løysinga samsvarer med gjeldande jordskiftelov, og med den løysinga som er vald i tvistelova.

Gjenopning av jordskifteavgjerd må vurderast i lys av at det ikkje kan krevjast nytt jordskifte før det har gått 10 år, sjå gjeldande jordskiftelov § 4. Lova har òg unntak frå sperrefristen i visse høve. Reglane om sperrefrist er ført vidare i lovforslaget § 3-37. Gjeldande jordskiftelov § 73 andre ledd har ein regel om gjenopning i den tida sperrefristen for nytt jordskifte gjeld. Behandlinga ved gjenopning er noko enklare enn eit nytt jordskifte, fordi kompetansen til gjenopningsdomstolen er avgrensa til å gjere nødvendige endringar for å rette opp mishøvet, sjå gjeldande jordskiftelov § 73 tredje ledd. Behovet for reglar om gjenopning har òg samanheng med reglane om gjennomsyn i gjeldande jordskiftelov § 72, og dei reglane som gjeld for retting. Sjå omtale av dette i kapittel 14.2.3.2.

Departementet meiner at det er behov for ein særleg regel om gjenopning av jordskifteavgjerd i sperrefrist-tida. Fullt nytt jordskifte kan i nokre tilfelle vere aktuelt, men dersom føresetnadene for jordskiftet er endra slik at avgjerande tiltak for iverksetjing av skifteplanen ikkje let seg gjere bør partane i noko større grad kunne avgrense behandlinga til dei tilhøva som er problematiske. Gjenopning gjer det mogleg å redusere kostnadene ved prøvinga, både for partane og for retten. I spørsmål som gjeld arealbruk kan føresetnadene endre seg over tid, og for eksempel nye forvaltingsvedtak kan gjere iverksetjinga vanskeleg. Da er det viktig at det finst ei effektiv sikringsordning. Gjenopning kan etter dette òg gjelde jordskifteavgjerd. Vilkåra for slik gjenopning går fram av lovforslaget § 8-15. Forslaget svarar til løysinga i gjeldande jordskiftelov § 73 andre ledd.

Det går fram av tvistelova § 31-8 (3) at om kravet om gjenopning fører fram, skal saka behandlast «etter de alminnelige regler for sakstypen». Dette vil vere hovudregelen òg i sak avgjort etter jordskiftelova. Departementet meiner likevel det ved gjenopning av jordskifteavgjerd er grunn til å føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 73 tredje ledd som fastset at gjenopningsdomstolen berre skal gjere dei endringane som trengst for å rette opp mishøvet. Dersom endringa gjeld grenser eller liknande der kostnadene ikkje vil stå i rimeleg høve til det ein kan oppnå med gjenopninga, bør det dessutan vere mogleg å gjere opp endringane heilt eller delvis i pengar, skog eller andre verdiar. Forslaget byggjer fullt ut på reglane i dag, og dei går fram av lovforslaget § 8-16 andre ledd.

Departementet meiner at det er lettare å lese ei lovtekst der innhaldet er delt opp i tre paragrafar; ein som gir heimel for gjenopning (lovforslaget § 8-14), ein som fastset særlege vilkår for gjenopning av jordskifteavgjerd (lovforslaget § 8-15), og ein som fastset reglar om saksbehandlinga (lovforslaget § 8-16).

Til forsida