Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

5 Behovet for lovendringar

Innleiing

Departementet vil i dette kapitlet gjere nærare greie for behovet for endring av jordskiftelova. Departementet meiner det særleg er behov for endringar som kan gjere jordskiftelova enklare og lettare å forstå for dei som bruker lova. Det er behov for ei klarare og meir oversiktleg lov, der ein mellom anna skil betre mellom materielle reglar, det vil seie reglane om kva jordskifteretten kan gjere for å betre eigedoms- og brukstilhøve, og reglar om saksbehandling. Det er nødvendig med ein annan systematikk og ei klargjering av terminologi og omgrep. Det er òg behov for ei forenkling av rettsmiddelordninga (anke) som i dag følgjer «to spor», med anke anten til jordskifteoverrett eller lagmannsrett, avhengig av kva det blir anka over. Det er òg eit endringsbehov når det gjeld dei materielle reglane. Når det gjeld organiseringa av domstolane, er det ikkje behov for endringar ut over dei endringane som følgjer av rettsmiddelordninga.

5.1 Høyringsforslaget

5.1.1 Behovet for endring av systematikken i lova

Arbeidsgruppa meiner at gjeldande jordskiftelov er uoversiktleg, vanskeleg tilgjengeleg og moden for revisjon. Gruppa peikar på at det er gjennomført ei rekkje enkeltståande lovendringar sidan 1979, slik at lova av mange nå blir rekna som ei uoversiktleg og etter måten gamaldags lov.

I høyringsnotatet kapittel 5.6.1 uttaler arbeidsgruppa at den nye jordskiftelova bør ha ein annan systematikk i reglane enn den ein finn i gjeldande jordskiftelov. I gjeldande jordskiftelov finn ein materielle og prosessuelle reglar om kvar andre. Det er ikkje noko grunnleggjande skilje mellom dei. Gangen i eit tradisjonelt jordskifte er det ordnande elementet i, eller logikken bak reglane. Dette kan vere greitt for dei som har innsikt i jordskifte, men er neppe lett tilgjengeleg for dei som blir part i sak for jordskifterett for første gong. Særleg må det gjelde for rettsutgreiing og grensesak. Arbeidsgruppa meiner det er eit stort behov for å skilje betre mellom materielle reglar og reglar om saksbehandling. Eit hovudgrep i forslaget til ny jordskiftelov er derfor å gi dei ulike sakstypane eigne kapittel, og å gi eit eige kapittel med reglar om saksbehandling.

Arbeidsgruppa vel ei løysing for organiseringa av reglane der dei kjem i ei meir logisk rekkjefølgje enn dei gjer i gjeldande jordskiftelov. Arbeidsgruppa meiner forslaget dermed gir ei klarare og meir oversiktleg lov. Arbeidsgruppa viser òg til at det i mandatet er lagt som ei føring at dei forskjellige sakstypane bør få eigne kapittel. Det bør òg vere eit skilje mellom materielle reglar og reglar om saksbehandling. Det bør òg vere eit eige kapittel som inneheld reglar om saksbehandling som gjeld for meir enn ein sakstype. Reglar om saksbehandling som berre gjeld for ein sakstype, bør vere i det kapittelet som omhandlar den sakstypen.

Arbeidsgruppa deler høyringsforslaget inn i kapittel etter følgjande hovudtema: I kapittel 1 foreslår arbeidsgruppa innleiande reglar om formålet med lova, geografisk og sakleg verkeområde og definisjonar, i kapittel 2 organisatoriske reglar om jordskifterettane (jordskiftesokn, oppnemning av dommarar og meddommarar, kompetansekrav, samansetjinga av retten med vidare). Arbeidsgruppa meiner desse føresegnene bør kome tidleg i lova slik at dei som les lova, raskt blir klar over kva for rettsinstans som behandlar sakene.

Kapitla 3 til 5 i høyringsforslaget inneheld dei materielle reglane, det vil seie reglar om dei ulike sakstypane. I kapittel 3 finn ein reglar om jordskifte (rettsendrande saker), i kapittel 4 reglar om grensesak og rettsutgreiing (rettsfastsetjande saker) og kapittel 5 reglar om skjønnsakene.

I kapittel 6 er det reglar om saksbehandling, i kapittel 7 reglar om sakskostnadene medan ein i kapittel 8 finn føresegnene om bruken av rettsmiddel mot avgjerdene til jordskifteretten. Til slutt foreslår departementet eit kapittel 9 med «ymse føresegner» som mellom anna overgangsreglar og reglar om ikraftsetjing og endringar i andre lover.

Når det gjeld nummereringa av paragrafane, vel arbeidsgruppa ei kapittelvis nummerering, det vil seie at paragrafane får nummerering i høve til det kapitlet i lova dei står i (§ 1-1, § 1-2 og så vidare).

5.1.2 Behovet for endringar i reglane om saksbehandling

I høyringsforslaget viser arbeidsgruppa til at reglane om saksbehandling i gjeldande jordskiftelov i det store og heile byggjer på dei same prinsippa som anna prosesslovgiving. Arbeidsgruppa meiner likevel at reglar om saksbehandling ikkje lenger tilfredsstiller dei krava ein må stille til ei moderne lov, med omsyn til klar og oversiktleg redigering og lettfatteleg språk. Bruken av omgrep er heller ikkje eintydig. Gruppa meiner det er behov for ei opprydding og forbetring av strukturen i reglane om saksbehandling, slik at vi får ei meir pedagogisk og logisk oppbygd lov. Arbeidsgruppa har som mål å lage prosessreglar som var lettare tilgjengelege enn reglane i gjeldande jordskiftelov. Reglane er meint å vere instruktive og klare språkleg sett. Arbeidsgruppa meiner det vil vere mykje å oppnå ved ei meir systematisk tilnærming til dei ulike elementa i reglane om saksbehandling. Reglane bør kome i naturleg rekkjefølgje i høve til det stadiet ein er i prosessen.

5.1.3 Behovet for endringar i materielle reglar

Forslaga frå arbeidsgruppa er i det vesentlege endringar av strukturell og lovteknisk karakter. Arbeidsgruppa foreslår endringar i dei materielle reglane (det vil seie reglane om dei verkemidla jordskifterettane rår over). Desse endringane har likevel mest karakter av å vere justeringar og tilpassingar av dei verkemidla ein allereie finn i gjeldande jordskiftelov, sjå § 2. Arbeidsgruppa foreslår for eksempel at jordskifte òg skal omfatte det å kunne skipe sameige. Arbeidsgruppa går òg inn for å ta reglane om avskiping og omskiping ut av lov um særlege råderettar over framand fast eigedom (servituttlova), og erstatte dei med avløysing og endring etter jordskiftelova.

Arbeidsgruppa viser i kapittel 5.4.1 og 5.6.4 til at verkemidla i jordskifte, etter 150 års verksemd, er basert på solid erfaring og stegvis tilpassa behova. Sjølv om dette ikkje eksplisitt går fram av lova i dag, byggjer verkemidla i gjeldande jordskiftelov på varige og klare behov for å skape klare eigedomstilhøve og rasjonelt utforma eigedommar og rettar knytt til fast eigedom. Ei rekkje verkemiddel tek sikte på å vere reiskap for eigarar og brukarar av eigedom for å oppnå dette. Arbeidsgruppa meiner at erfaringa ikkje tilseier at ein bør gjere mange endringar når det gjeld verkemiddel. Med visse tilpassingar foreslår gruppa derfor å føre vidare verkemidla ein finn i gjeldande jordskiftelov § 2.

Arbeidsgruppa meiner at sakstypane grensesak (grensegang) og rettsutgreiing bør førast vidare, men med visse justeringar, sjå kapitla 5.7 og 5.8 i høyringsforslaget. Likeeins foreslår gruppa å føre vidare heimlane for skjønn med visse justeringar. Arbeidsgruppa peikar på at reglane om skjønnskompetansen til jordskifteretten i gjeldande lover kan vere vanskelege å forstå, og at det ikkje er lett å skaffe seg oversikt over når jordskifteretten kan halde skjønn eller kva for reglar om saksbehandling skjønna skal behandlast etter. Gruppa foreslår òg at jordskifteretten skal ha kompetansen aleine til å halde visse skjønn og ta andre avgjerder etter andre lover som i gjeldande lov blir kalla skjønn, sjå kapittel 5.9 i høyringsforslaget.

5.1.4 Behovet for endringar i terminologi og omgrep

Arbeidsgruppa meiner at ein meir konsekvent og bevisst bruk av omgrep, vil gjere lova lettare å forstå. Særleg gjeld dette for omgrep knytt til saksbehandling og avgjerder når desse er spesielle for saker etter jordskiftelova. Gruppa peikar òg på at jordskiftelova over tid har endra seg frå å vere ei lov for landbrukseigedommar til å gjelde dei fleste former for eigedom og rettar. Denne lovrevisjonen inneber òg nokre slike endringar. Det er behov for å gå frå ord som er knytt til landbruksnæring, til ord som er knytt til eigedom og rettar i sin alminnelegheit.

Arbeidsgruppa meiner det er behov for å innføre fleire nye omgrep, og for å definere dei viktigaste av dei i ein eigen definisjonsparagraf. Gruppa foreslår mellom anna å endre omgrepet «skiftefeltet» til » jordskifteområdet» fordi omgrepet skal omfatte alt frå tradisjonell utforming av teigar til nye bruksreglar og at «område» er betre enn «felt» fordi det språkleg sett har ei vidare tyding. Arbeidsgruppa foreslår «jordskiftegrunnlaget» som nytt omgrep på den oversikta retten skal lage over verdien av det kvar part rår over, før endringsarbeidet tar til. Omgrepet «utkast til skifteplan» i gjeldande lov, foreslår arbeidsgruppa endra til «jordskifteløysing». Arbeidsgruppa foreslår omgrepet «jordskifteavgjerd» som namn på avgjerder berre jordskifterettane tek, mellom anna om verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskifte og den endelege jordskifteavgjerda. Arbeidsgruppa foreslår òg «semjedom» som namnet på avgjerd om grenser, eigedomsrett, bruksrett, tyngsler eller anna når det ikkje er tvist mellom partane. Ved tvist skal retten seie «dom» slik dei ordinære domstolane gjer.

Arbeidsgruppa foreslår at omgrepet «grensesak» skal erstatte «grensegang» som blir brukt i gjeldande jordskiftelov. Arbeidsgruppa uttaler at omgrepet grensesak skal femne om alle saker for jordskifteretten som berre gjeld kvar ei grense går. Grensesak er både eit kortare ord enn grensegangssak, og eit ord som språkleg umiddelbart dekkjer alle aktuelle saker.

Arbeidsgruppa viser til at omgrepet «skjønn» nå blir brukt i ulike tydingar. Normalt blir det brukt på to måtar. For det første kan det brukast for å få fram kva skjønnstema det dreier seg om. For det andre kan omgrepet skjønn brukast for å få fram at avgjerda skal gå etter ein serleg rettargangsmåte som er regulert i skjønnsprosesslova. Det at jordskifteretten etter lova kan halde skjønn, eller ta skjønnsmessige avgjerder, inneber oppgåver av ulik karakter. Arbeidsgruppa meiner at omgrepet skjønn i utgangspunktet bør brukast om tradisjonelle vurderingar som går på fastsetjing av erstatningsvederlag eller liknande. Arbeidsgruppa foreslår å ta omgrepet «fritt skjønn» ut av lova.

Ved lovendringa i 1991 blei namnet på overprøvinga av feil som gjeld kart, utrekningar, målearbeid med vidare, endra frå «gjennomsyn» til «anke». Namneendringa medførde ikkje realitetsendring. Arbeidsgruppa foreslår òg at omgrepet «gjennomsyn» skal takast i bruk att, ettersom dette er ein eigen overprøvingsmåte.

5.1.5 Behovet for endringar i rettsmiddelordninga

Eit av dei viktigaste endringsforslaga frå arbeidsgruppa, er forslaget om endringar i rettsmiddelordninga. Forslaget inneber at ein endrar gjeldande ordning med to spor (overprøving i anten jordskifteoverretten eller lagmannsretten) til eit system der det er ein overprøvingsinstans (lagmannsretten) for bruk av rettsmiddel mot alle typar avgjerder i jordskifteretten. Arbeidsgruppa meiner at det gjeldande tospora systemet ikkje kan førast vidare uendra. Gruppa foreslår at eksisterande jordskifteoverrettar blir fusjonert inn i lagmannsretten. Gruppa meiner at samansetjinga av dommarar i lagmannsretten i den enkelte saka må variere alt etter kva for avgjerd som er teken av jordskifteretten i første instans. Den løysinga arbeidsgruppa landa på, byggjer òg på det grunnleggjande skiljet mellom rettsfastsetjande avgjerder og rettsendrande avgjerder i jordskifteretten. Dei rettsendrande avgjerdene blir ikkje løyst i anna prosesslovgiving, noko som skaper behov for visse særskilde reglar om saksbehandling i første instans. Dette behovet er òg til stades i ankeinstansen. I tillegg til å ta avgjerd i rettsfastsetjande og rettsendrande saker, tek jordskifteretten avgjerd i skjønn. Jordskifteretten utfører dessutan merking av grenser og lagar kart som viser resultatet av saka. Føresegnene om rettsmiddel skal såleis dekkje svært ulike tema der avgjerda kan gjelde eitt tema aleine i ei sak, eller fleire tema i same sak.

Arbeidsgruppa legg fram eit alternativt forslag til ankeordning, sjå vedlegg 2 til høyringsnotatet. Arbeidsgruppa er merksam på at det blant dommarar frå både lagmannsrettane og jordskifteoverrettane blir peika på at ei løysing med to spor kan vere eit brukande alternativ i framtida. Arbeidsgruppa har derfor utarbeidd ei alternativ lovtekst der det tospora systemet blir oppretthalde.

Arbeidsgruppa uttaler at ho, med unntak av rettsmiddelordninga, ikkje kunne sjå at det er noko behov for å endre realiteten i reglane som gjeld oppbygginga av domstolane, sjølv om ein gjer ei gjennomgripande revisjon av jordskiftelova. Arbeidsgruppa meiner likevel at reglane om samansetjinga i retten ved behandling av sakene bør endrast, slik at dei blir betre tilpassa tvistelova. Særleg gjeld det saker som gjeld «små» problem, eller grenser i område med låg arealverdi, sjå drøftingane til arbeidsgruppa i høyringsnotatet kapittel 5.5.

5.2 Høyringsinstansane

5.2.1 Uttalar om behovet for endringar i systematikken i lova

Dei høyringsinstansane som uttaler seg om strukturelle og lovtekniske spørsmål meiner høyringsforslaget er meir logisk og oversiktlig oppbygd enn gjeldande jordskiftelov.

Justisdepartementet støttar arbeidsgruppa i at det i større grad bør skiljast mellom materielle og prosessuelle reglar, og at det bør vere eigne kapittel for dei ulike sakstypane. Dette lettar oversikta.

Domstoladministrasjonen (DA) peikar i si uttale på at det i saker ved jordskifterettane er mange sjølvprosederande partar. Det er bare i 1/3 av sakene at partane er representerte ved advokat. Ny jordskiftelov må derfor leggje til rette for sjølvprosederande parter. DA uttaler:

«Å ivareta hensynet til selvprosederende parter innebærer blant annet at det må stilles særlige krav til loven med hensyn til oppbygging, systematikk og at den skal være lett tilgjengelig for brukerne av jordskifteretten. Lovutkastet er langt mer oversiktlig enn dagens jordskiftelov ved at man skiller mellom materielle og prosessuelle bestemmelser, med gjennomgående gode kapitteloverskrifter, og ved at hver bestemmelse har overskrift.»

Sør-Rogaland jordskifterett meiner arbeidsgruppa har gjort eit grundig arbeid og at ho har lagt fram eit godt forslag til ny lov, sjølv om ein del detaljer kunne vore annleis. Sør-Rogaland jordskifterett uttaler:

«Den dårlige strukturen i dagens jordskiftelov er etter vårt syn det beste argumentet for ny lov. Vi mener arbeidsgruppa har funnet fram til en oversiktlig og logisk oppbygning i lovutkastet. Jordskiftedomstolene skal drive med både rettsfastsettende og rettsendrende oppgaver. For rettsfastsettende oppgaver må vanlige rettergangsregler gjelde. For rettsendrende oppgaver er det behov for egne regler, men disse må ikke bryte med de prinsippene sivilprosessen bygger på. Vi ser det som særdeles utfordrende å få til en god harmonisering av alminnelig sivilprosess og jordskifteprosess. Etter vår oppfatning har arbeidsgruppa klart dette på en god måte.»

Jordskiftedommarane i Gulating meiner òg det er nødvendig med ei ny lov. Dei meiner gjeldande lov er for dårleg på tre områder; ho har for dårleg struktur og er uoversiktleg, ho treng ei opprydding med omsyn til den kompetansen jordskifteretten har, og prosessreglane er ikkje utforma med tanke på at jordskifteretten er ein domstol. Jordskiftedommarane i Gulating meiner at arbeidsgruppa har teke fatt i hovudproblema og rydda godt når det gjeld dei to første områda, men at arbeidsgruppa ikkje har komme heilt i mål med det siste.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner høyringsnotatet vil vere eit godt utgangspunkt for å få på plass ei ny jordskiftelov. Dei uttaler:

«Notatet til arbeidsgruppa er bygd opp på en strukturert måte med forslag til ny lovtekst. Lovteksten er bygd opp logisk. Vi vil særlig fremheve betydningen av at lovteksten inneholder gode og informative overskrifter.»

Dei sentrale organa innanfor samferdselssektoren er òg nøgde med systematikken i høyringsforslaget. Samferdselsdepartementet uttaler:

«I Samferdselsdepartementets gjennomgang av lovutkastet finner vi generelt at forslaget fremstår som en grundig og gjennomtenkt fornyelse av den gjeldende loven.»

Statens vegvesen uttaler:

«Det første vi merker oss er at lovteksten er fullstendig omredigert i forhold til någjeldende lov. Hensikten har vært å få en ryddigere og mer logisk oppbygd lov som er enklere å forstå, ikke minst for de mange grunneiere som kommer i kontakt med loven. Etter vår vurdering har en lykkes bra med dette.»

Jernbaneverket uttaler:

«Av høyringsnotatet fremgår at det primære formålet med å revidere jordskifteloven er å gjøre loven mer tilgjengelig for folk flest. Gjeldende jordskiftelov oppfattes av mange som vanskelig å forstå og komplisert å forholde seg til. Spesielt volder sammenblandingen av prosessuelle og materielle regler og rettsmiddelordningen uklarheter. Med hovedformålet for øye, bærer lovutkastet preg av å være godt gjennomarbeidet. Den nye strukturen for inndeling i kapitler og paragrafbetegnelser innbyr intuitivt til en logisk fremstilling av jordskiftevirksomheten. Det er viktig at lovens formål, administrative bestemmelser og saksbehandlingsregler skilles tydelig fra de ulike sakstypene. I de fleste saker er sakstypene det mest sentrale og håndgripelige for partene. For hver sakstype er det viktig tydelig å angi hvilke virkemidler som stilles til disposisjon. Når sakstypene er gitt hvert sitt kapittel med egen overskrift, mener vi dette hensynet er tilstrekkelig ivaretatt.»

Advokatforeningen ser fram til ei jordskiftelov som i moderne språkdrakt, og med klare reglar definerer jordskifteretten sin kompetanse og saksbehandling. Advokatforeningen uttaler :

«Målet må imidlertid ikke være å utvide jordskifterettens kompetanse. Saksbehandlingsreglene bør legges så tett opp til tvistelovens regler som mulig, fordi tvisteloven sikrer en forsvarlig og korrekt kontradiktorisk behandling. Disse hensyn er i stor grad ivaretatt i lovutkastet.»

Fylkesmannen i Rogaland er positiv til at gjeldande lov blir gjennomgått og erstatta med ei ny og meir oversiktelig lov, slik høyringsforslaget legg opp til. Fylkesmannen har ingen merknader til dei enkelte lovføresegna, og uttaler:

« Me vil likevel nytte høve til å poengtere at det er naudsynt og viktig med ei lov som kan bidra til å sikre gode og tenelege eigar- og rettstilhøve, som igjen bidrar til betre drifts- og brukstilhøve i landbruket. Her spelar jordskiftelova og jordskifterettane ei viktig rolle, anten det gjeld uklare bruksrettstilhøve eller eigartilhøve, i eit utal av ulike sakstypar.»

Fylkesmannen i Hordaland meiner at lovforslaget har gode løysingar på dei viktige ankepunkta mot gjeldande jordskiftelov, og at det representerar ein oversiktleg, moderne og meir effektiv lov til løysing av uvisse og tvistar knytt til fast eigedom.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag meiner høyringsforslaget inneheld eit klart skilje mellom reglar om kompetanse og reglar om saksbehandling, og at forslaget inneber ein meir systematisk og lettare tilgjengeleg lov, blant anna ved at dei ulike sakstypane har fått eigne kapittel. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag uttaler:

«Vi støtter arbeidet med å forenkle jordskifteloven, bl.a. med det formål å gjøre den lettere tilgjengelig for grunneiere og rettighetshaver.»

Fylkesmannen i Hedmark gir uttrykk for tilsvarande synspunkt.

Statens kartverk er òg positiv til høyringsforslaget:

«Kartverket er generelt positive til det foreslåtte utkastet til ny jordskiftelov, og vil særlig fremheve at utvalget har laget et utkast med en struktur som gjør innholdet langt lettere tilgjengelig, enn hva den gamle loven var etter diverse lovrevisjoner. Det er også bra at man har tatt inn over seg begrepsbruken fra matrikkelloven, og at jordskifterettens kompetanse beskrives i forhold til matrikkelenhetstyper.»

Norges Bondelag meiner òg at dagens lov er uklar og vanskeleg tilgjengeleg. Høyringsforslaget inneber ei tydeleggjering og opprydding i reglane i gjeldande jordskiftelov. Bondelaget uttaler:

«Lovforslaget synes godt strukturert og oversiktlig, og innholdet fremstår som lett tilgjengelig sammenlignet med dagens lovtekst. Norges Bondelag anser jordskifteretten som et viktig verktøy for å forebygge og løse konflikter vedrørende fast eiendom. Flere av endringene som foreslås i «Høyringsnotat om ny jordskiftelov» (av 21. august 2009), vil bidra til en styrking av jordskifterettens stilling ved økt tilgjengelighet og økt tillit hos borgerne. Norges Bondelag støtter utkastet til ny jordskiftelov med de presiseringer som fremgår av dette brevet.»

Teknisk-naturvitenskaplig foreining (Tekna) uttaler:

«Tekna støtter hovedintensjonen med lovutkastet som er å gi jordskifteloven en ny oppbygging og struktur for å gjøre den lettere tilgjengelig, og ellers videreføre hovedinnholdet i gjeldende jordskiftelov fra 21. desember 1979, men med en del endringer for å tilpasse loven til dagens situasjon. Tekna vil imidlertid uttrykke skepsis til måten lovarbeidet er organisert på. Foreliggende lovarbeid er en «totalrenovering» av gjeldende jordskiftelov, og er etter måten blitt et svært omfattende og komplisert arbeid. Etter Teknas vurdering burde derfor lovarbeidet vært organisert på den måten som er vanlig i slike tilfelle: med et bredt sammensatt offentlig utvalg.»

Skogeigarforeiningane – Norges Skogeierforbund og NORSKOG – som representerar mange av dei største grunneigarane i Noreg, meiner høyringsutkastet er eit godt utgangspunkt for endringar: Norges Skogeierforbund uttaler:

«Jordskifteretten er et nyttig verktøy for våre medlemmer, og vi oppfatter forslaget til ny jordskiftelov som oversiktlig og tilgjengelig slik det er beskrevet i høyringsbrevet.»

NORSKOG uttaler:

«NORSKOG har gått gjennom forslaget til ny jordskiftelov, og har merket seg at det i all hovedsak ser ut til å være et godt gjennomarbeidet forslag. Arbeidsgruppa bak det nye forslaget har utarbeidet forslaget med det som mål å lage en modernisert jordskiftelov som er mer systematisk og lettere tilgjengelig, blant annet for grunneiere og bruksrettshavere som kommer i kontakt med loven. Dette har arbeidsgruppa, slik NORSKOG vurderer det, klart på en god måte. Den nye loven som er sendt ut på høyring er både mer logisk, systematisk og oversiktlig enn den gamle.»

5.2.2 Uttalar om behovet for endringar i reglane om saksbehandling

Alle høyringsinstansar som uttaler seg om spørsmålet, meiner det er behov for endringar i reglane om sakbehandling. Det er likevel mange ulike syn på korleis reglane om saksbehandling konkret bør utformast, sjå meir om dette i kapittel 12, og dei høyringsfråsegnene som det visast til der.

Domstoladministrasjonen meiner at delar av lovforslaget er noko uferdig og peikar mellom anna på at reglane om saksbehandling må bli utforma slik at omsynet til dei sjølvprosederande blir teke vare på.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner òg det er behov for lovrevisjon. Dommarane peiker mellom anna på at det er nødvendig med ein gjennomgang av prosessreglane, under dette samordninga med tvistelova.

Fylkesmannen i Hordaland meiner mellom anna at reglar som gir raskare og billegare prosesser, og som skiljer mellom materielle og prosessuelle reglar er eit gode. Fylkesmannen uttaler:

«Den nye tvistelova trådte i kraft 1.1.2008 og har som hovudformål å gi ein meir effektiv rettspleie med raskare, billegare og meir riktig tvisteløysing for partane. Dette er prinipp som også bør gjelde i jordskifteretten som særdomstol. Ein har valt å la tvistelova gjelde også i saker for jordskifteretten. Berre der det er gode grunnar for det, er det gjort avvik/unntak frå tvistelova sine reglar. Såleis vil reglane om forliksrådsbehandling og småkravprosess ikkje gjelde. Med høyringsframlegget sitt konsekvente skilje mellom materielle og prosessuelle reglar, framstår lovteksten som ei vesentleg betring i høve til gjeldande lov.»

Norges Bondelag er òg oppteken av at regelverket skal vere brukarvennleg og lett tilgjengeleg. Det bør vere så få særreglar som mogleg for jordskifteretten, òg når det gjeld prosessreglar. Norges Bondelag uttaler:

«Ved tvisteløsning som rettsutgreiing og grensegang, bør tvisteloven anvendes med mindre det er særlige forhold som taler foren annen løsning. Tilsvarende bør skjønn for jordskifteretten følge skjønnsprosesslovens regler. Det fremstår som mindre heldig at publikum skal kunne velge domstol etter hvilken prosessordning som passer best. Jordskifteretten bør i stedet velges fordi den har en særlig kompetanse som de alminnelige domstoler mangler.»

Advokatforeningen meiner reglane om saksbehandling bør leggjast så tett opp til reglane i tvistelova som mogleg:

«fordi tvisteloven sikrer en forsvarlig og korrekt kontradiktorisk behandling. Disse hensyn er i stor grad ivaretatt i lovutkastet.»

Jordskifteoverrettane meiner det er svært viktig at reglane om saksbehandling tar omsyn til at jordskifteretten òg i framtida skal kunne brukast av sjølvprosederande partar.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme viser til at skiljet mellom formelle vilkår for sak, og vilkåra for den materielle vurderinga (realitetsbehandlinga), er uklart etter gjeldande lov:

«Både jordskifteretten, prosessfullmektiger og ikke minst selvprosederende parter, har i mange tilfeller vanskelig for å trekke opp et klart skille mellom det ene kontra det andre. Fremmingsvedtaket kommer ofte for tidlig i prosessen; dvs. før det materielle er tilstrekkelig vurdert. Vi håper derfor at man i det forestående lovarbeidet trekker opp klare skillelinjer mellom formelle vilkår og det vi kaller den materielle vurderingen. I denne sammenheng vil vi peke på at vi stiller oss bak arbeidsgruppas konklusjon om at fremmingsvedtaket bør tas ut av loven; jf. eget punkt om dette.»

Jordskifteoverrettane viser til at ein i høyringsforslaget har samla reglane om saksbehandling i eit eige kapittel, og uttaler:

«Dette er ei positiv forbetring i forhold til dagens lov. Ei slik opprydning i lova gjer saksbehandlingsreglane lettare tilgjengelig».

5.2.3 Uttalar om behovet for endringar i materielle reglar

Justisdepartementet er samd i at ein bør skilje mellom materielle og prosessuelle reglar og ha eigne kapittel for dei ulike sakstypane. Justisdepartementet er òg samd i at avskiping og omskiping av særlege råderettar over framand fast eigedom (servituttar) kan bli nye verkemiddel i jordskifte. Justisdepartementet kan ikkje sjå at det er nødvendig eller tenleg å flytte reglane frå servituttlova til jordskiftelova, slik arbeidsgruppa foreslår. Reglane utgjer ein viktig del av det privatrettslege tilhøvet mellom grunneigaren og servitutthavaren, og høyrer naturleg heime i servituttlova. Justisdepartementet støttar forslaget til arbeidsgruppa om å lage eit eige kapittel omskjønn i jordskiftelova. Dette er ei god lovteknisk løysing sjølv om det er reglar om jordskifteretten og skjønn i andre lovar. Når det gjeld spørsmålet om å gjere kompetansen jordskifteretten har eksklusiv etter fleire av særlovene (servituttlova, veglova med vidare) uttaler Justisdepartementet:

«Justisdepartementet er generelt skeptisk til å utvide kompetansen til særdomstoler, særlig hvis de alminnelige domstolenes kompetanse skal reduseres tilsvarende. Utvidelse bør i så fall være begrunnet i at særdomstolen har en spesiell kompetanse som gjør den vesentlig bedre egnet enn de alminnelige domstolene til å avgjøre tvisten. I den grad jordskifteretten har en særlig kompetanse på området bør imidlertid kompetansen trolig tillegges jordskifteretten. I sær gjør dette seg gjeldende hvor det etter de gjeldende regler eksisterer en dobbeltkompetanse mellom jordskifteretten og de alminnelige domstoler. Utover de tilfeller hvor jordskifteretten innehar en særskilt kompetanse på området, bør jordskifterettens skjønnskompetanse begrenses til skjønn i forbindelse med jordskifte. Justisdepartementet peker også på at når skjønnsprosessloven skal revideres vil også jordskifterettens skjønnskompetanse måtte vurderes. Men vi kan ikke se at dette hindrer at en allerede nå kan fremme forslag om utvidelser av jordskifterettens skjønnskompetanse der hvor dette nettopp er begrunnet i rettens særlige kompetanse på området og eventuelt for å unngå en uønsket dobbeltkompetanse. Generelt sett støtter vi derfor arbeidsgruppens forslag om utvidelser i jordskifterettens skjønnskompetanse, men ber om at de retningslinjer som er antydet her hensyntas i det videre lovarbeidet.»

Miljøverndepartementet er oppteken av tilhøvet mellom jordskifteretten og verksemda i forvaltninga. Miljøverndepartementet understrekar at jordskifteretten og partane i ei jordskiftesak må følgje arealplanvedtak og løyver frå forvaltninga. Tilhøvet mellom forvalting og jordskifte endrast ikkje prinsipielt i høve til gjeldande jordskiftelov. Miljøverndepartementet meiner lovforslaget likevel inneber ei markert utviding av det saklege og geografiske verkeområdet for jordskiftelova. Implikasjonane og sum-verknaden av dette er ikkje like grundig drøfta og framstilt på alle punkter. Miljøverndepartementet uttaler:

« Det bør derfor i arbeidet med en ev proposisjon, og i presentasjonen av en ev ny lov, legges vekt på å klargjøre grenseflaten mellom jordskifterettens virksomhet og forvaltningens virksomhet, og hvordan jordskifteavgjørelser (primært/der ikke annet framgår) gjelder forhold og får virkning mellom private parter. En slik klargjøring bør også få fram hvordan jordskifteretten er bundet av gjeldende rettsregler og vedtak, og hvilken kompetansefordeling dette innebærer. Det vil bidra til bedre informasjon om når jordskifteretten eller parter i en ev skiftesak må henvende seg til forvaltningsorgan for å få vedtak som bidrar til løsning av spørsmål eller forhold i, eller av betydning for, skiftesaken. Blant annet bør det være tydelig hvordan plan- og bygningslovgivningen på flere punkter gir et system for tilsvarende regulering og gjennomføring av eiendomsendringer, opparbeidelse av tiltak, refusjon mv. Det bør kunne sies noe om når jordskifteloven bør brukes i stedet for plan- og bygningsloven eller omvendt, og det bør ev sies noe om kumulativ bruk av de to lovene. Vi viser her til noen spørsmål, som er omtalt i kap. 4.1 i «Veileder om jordskiftevirkemidler i byer, tettsteder og hytteområder», som bør vurderes nærmere med sikte på videre klargjøring.»

Domstoladministrasjonen (DA) viser til at spørsmål om avskiping og omskiping av servituttar kan behandlast etter både servituttlova og jordskiftelova. Høgsterett har slått fast at det vil kunne vere ulike vurderingstema, avhengig av om saka går etter jordskiftelova eller servituttlova. DA peikar på at dette er uheldig. DA ser det som ei klar forbetring om jordskiftedomstolane får sterkare verkemiddel til å handtere servituttar og bruksrettar. Dette er eit område der jordskiftedomstolane har ein særlig kompetanse både i høve til dei alminnelege domstolane og i høve til lensmennene som behandlar spørsmål knytt til omskiping og avskiping av rettar. DA sluttar seg derfor til forslaget frå arbeidsgruppa som gjeld behandling av servituttar. Skulle det likevel bli aktuelt å ha reglane om omskiping og avskiping av servituttar i servituttlova, ber DA om at kompetansen til å ta stilling til disse spørsmåla, blir lagt til jordskifteretten.

Dommerforeningen meiner at jordskifteretten ikkje utan vidare skal få ein generell skjønnskompetanse innanfor dei urbane områda fordi om retten har fått seg tilført jordskiftefaglege oppgåver innanfor slike områder. Dommerforeningen uttaler:

«Skjønn innen for byer og tettbygde strøk reiser erfaringsmessig kompliserte problemstillinger både av prosessuell og erstatningsrettslig karakter. Forslaget berører også spørsmålet om jordskifterettens kapasitet til å påta seg stadig nye oppgaver utenfor domstolens kjernevirksomhet. Saksbehandlingstiden i jordskifteretten ligger på et helt annet nivå enn i de alminnelige domstoler. Det arbeides derfor med langsiktige planer for å redusere restansene og bringe saksbehandlingstiden gradvis nedover. Dersom jordskifterettens saksfelt skal utvides ytterligere, må det derfor begrunnes i et sterkt behov for å etablere et alternativ til tingrettens skjønnskompetanse. Dommerforeningen kan ikke se at dette behov er til stede. Spørsmålet er heller ikke problematisert i høyringsnotatet. Jordskifterettens kompetanse innenfor urbane områder bør derfor begrenses til avtaleskjønn som inngår som del av et jordskifte, jf. utkastet § 5-1 første punktum.»

Dommerforeningen hadde likevel ikkje ingen spesielle merknader til utvidinga av jordskifteretten sin skjønnskompetanse i særlovgivinga.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme støttar forslaget om at reglane om avskiping og omskiping av servituttar skal bli eit verkemiddel på line med dei andre verkemidla som jordskifteretten har. Dagens situasjon med eit tospora system for avløysing og endringar av servituttar må ta slutt slik arbeidsgruppa foreslår. Konsekvensen må bli at reglane blir innarbeidd i den nye jordskiftelova.

Jordskifteoverrettane ser det òg som ei klar forbetring at jordskiftedomstolane får enda sterkare verkemiddel tilå handtere servituttar og bruksrettar. Dette er eit område der jordskiftedomstolane harspesialkompetanse, og kan gjere stor nytte for seg.

Fylkesmannen i Hedmark meiner det er viktig å føre vidare reglar som kan bidra til å sikre gode og tenlege eigar og rettshøve innanfor landbruket. Fylkesmannen uttaler:

«Jordskifteloven har spilt og vil kunne spille en sentral rolle som redskap for å kunne få bedre drifts- og bruksforhold i landbruket. I Hedmark har jordskifte ofte vært benyttet i forbindelse med kjøp og salg av eiendommer i Jordfondet for å sikre best mulig resultat for landbruket når det gjelder drifts- og arronderingmessige forhold for de involverte landbrukseiendommene. Videre har det i noe utstrekning blitt satt vilkår om å kreve jordskifte i forbindelse med behandlingen av konsesjonssaker.»

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) viser til forslaget til arbeidsgruppa om å føre vidare gjeldande ordning, der jordskifteretten ikkje har kompetanse til å regulere tilhøva mellom dei som driver reindrift i det samiske reindriftsområdet. NRL uttaler:

«Norske reindriftsamers landsforbund (NRL) beklager at arbeidsgruppa som har forberedt ny jordskiftelov ikke har fremmet forslag til lovendring som kan bidra til at en jordskiftedomstol med kompetanse i reindriftsspørsmål kan bidra til å løse de interne beiterettsproblemene i reindriftsnæringen. Disse er i dag store, og det må raskt stilles til disposisjon virkemidler for at problemene kan løses. Jordskifterettene kan, under de rette forutsetninger, være et slikt virkemiddel.»

5.2.4 Uttalar om behovet for endringar i terminologi og omgrep

Justisdepartementet sluttar seg til forslaget om ein paragraf med definisjonar, men er i tvil om det trengst så mange som i høyringsforslaget. Justisdepartementet understrekar at definisjonar berre bør takast inn dersom det er eit særleg behov for å klargjere omgrep som nyttast i lova. Ein treng ikkje definere eit omgrep berre fordi det er eit fagleg omgrep som er vanleg i bruk.

Domstoladministrasjonen meiner det er gjort ei rekke forbetringar i høyringsforslaget når det gjeld terminologien:

«DA vil innledningsvis peke på at det i lovutkastet er gjort en rekke forbedringer i forhold til dagens lov. Spesielt vil vi peke på at vesentlige deler av terminologien er gjort generell, og at den ikke ensidig er rettet mot landbrukseiendommer. Dette er en nødvendig endring i og med at loven gjelder for hele landet og for alle typer eiendommer.»

DA meiner likevel at omgrepsbruken knytt til rettar i kap. 3 er litt upresis. Slik lovutkastet er utforma inneber det rom for tvil og tolking. Dette vil kunne føre til unødvendig mykje prosess. Det same gjeld omgrepsbruken knytt til verdsetjing.

Jordskiftedommarane i Gulating meiner språkbruken treng ein gjennomgang. Dei peikar mellom anna på at ord som bruksrett, tyngsler, negativ servitutt, servitutt, rett med vidare går litt om kvarandre.

Jordskifteoverrettane meiner òg det er gjort ei rekke forbetringar i høve til gjeldande lov. Dei peiker på at terminologien er gjort generell, og ikkje berre er retta mot landbrukseigedommar.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner det er behov for ein gjennomgang av språket i lovforslaget. Konsekvent språkbruk er viktig for unngå mistydingar.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner omgrepet «grensesak» er eit hensiktsmessig omgrep for denne typen saker.

5.2.5 Uttalar om behovet for endringar i rettsmiddelordninga

Forslaget om å slå jordskifterettane og lagmannsrettane saman til ein ankeinstans for saker frå jordskifterettane får brei støtte i høyringa. Berre ein av dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, går i mot.

Justisdepartementet uttaler at ein ikkje har prinsipielle innvendingarmot at lagmannsretten blir ankeinstans for alle avgjerder som jordskifterettane tek, og at jordskifteoverrettane dermed kan avviklast og inkorporerast i lagmannsrettane.

Domstoladministrasjonen sluttar seg til forslaget om å inkorporere jordskifteoverrettane i lagmannsrettane under føresetnad av at lagmannsrettane får jordskiftefagleg kompetanse, at det blir tilført auka ressursar til lagmannsrettane i samband med ny lov, og at lagmannsretten ved anke over avgjerdene i jordskifteretten, blir sett med og leia av ein jordskiftelagdommar. DA uttaler:

«Hovedbegrunnelsen for DA sitt standpunkt, er hensynet til brukerne. Arbeidsgruppas forslag innebærer at partene slipper å forholde seg til to ankeinstanser, og at man unngår å anke til feil instans. Det er videre grunn til å tro at man gjennom forslaget vil få en mer kostnadseffektiv og rasjonell ankebehandling enn ved dagens ordning. For å sikre kvaliteten i de avgjørelsene som skal tas, bør man tilrettelegge for prosesser der man utnytter den nye fagkunnskapen som vil bli tilført lagmannsrettene. DA foreslår derfor at jordskiftelagdommerne gis kompetanse til å delta i behandlingen av alle ankesaker om grenser og tinglige rettigheter i fast eiendom, enten de er behandlet i jordskifteretten eller i tingretten i første instans. DA foreslår videre at jordskiftelagdommeren også må benyttes ved overskjønn uavhengig om saken kommer fra jordskifterett eller tingrett. »

Agder lagmannsrett meiner at ei samanslåing av jordskifteoverretten og lagmannsretten er den beste løysinga. Agder lagmannsrett uttaler:

«En felles rettsmiddelinstans vil være en vesentlig forenkling for brukerne av jordskifteretten og en klar forbedring i forhold til dagens ordning, hvor valget av rettsmiddelinstans under tiden kan by på tvil. Disse usikkerhetsmomentene ville riktignok kunne reduseres sterkt ved mer presist og omhyggelig utformete regler om formene for rettens avgjørelser som koblingspunkt mellom behandlingsreglene i førsteinstans og reglene om rettsmidler. Lovutkastets § 6-19 er et godt bidrag. Lagmannsretten, forsterket med dommere med jordskiftefaglig kompetanse, vil være en robust rettsmiddelinstans, som med den fleksibilitet det er lagt opp til i reglene om rettens sammensetning og saksbehandlingsreglene for øvrig, vil kunne sikre en faglig god og rettssikker overprøving av alle avgjørelser av jordskifterettene.»

Jordskifteoverrettane sluttar òg opp om forslaget om at lagmannsretten skal bli ankeinstans for alle avgjerder tekne av jordskifterettane. Jordskifteoverrettane seier det er ein føresetnad frå deira side at lagmannsrettane blir tilført jordskiftekompetanse i tråd med forslaget, og at ein derfor kan sjå på den nye rettsmiddelinstansen som ein «fusjon» mellom lagmannsrett og jordskifteoverrett. Jordskifteoverrettane uttaler:

«Vi ser det som den mest realistiske løysninga. Vidare blir dette den beste løysninga for partane og det gir grunnlag for ei god og fagleg forsvarleg handsaming av anke over jordskifteretten sin ulike avgjerder. Vi trur at både den noverande lagmannsrett med juridiske dommarar og jordskifteoverrett med jordskiftkandidatar som dommarar, vil ha gjensidig nytte av den kompetanseutvidinga ein slik fusjonert domstol vil få. Vi meiner dette kan bli sett på som ein kvalitetsreform. Dette byggjer på ein kar føresetnad frå vår side om at jordskiftedommaren blir ein del av lagmannsretten, og blir brukt både ved anke over jordskifteavgjerd og ved anke over tvistar frå jordskifterettane. Det at jordskiftelagdommaren blir ein integrert og naturleg del av dommarkorpset i lagmannsretten er ein viktig faktor for at denne reforma skal bli vellukka. Her er det viktig at det blir stilt ressursar til disposisjon slik at det blir tid til å delta i kollegialt arbeid i lagmannsretten i samband med tvistebehandling. Vi vil vidare peike på at det er viktig at lovarbeidet og opnar for at jordskiftelagdommaren kan delta ved behandling av ankesaker og overskjønn frå tingrettane, innanfor fagfeltet «fast eigedom».»

Dommerforeningen meiner forslaget vilinnebere ei klar forenkling for brukarane. Samtidig blir lagmannsretten tilført verdifull kompetanse. Dommerforeningen uttaler:

«Forslaget legger opp til en fleksibilitet når det gjelder bruken av denne ressurs ved dommersammensetningen også utenfor de tradisjonelle jordskiftesaker. Dette er en positiv sideeffekt av omleggingen som samtidig bidrar til å lette integreringsprosessen i ankedomstolen.»

Alle dei jordskifterettane som har uttalt seg, støttar forslaget frå arbeidsgruppa. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner det er nokre absolutte vilkår for reforma:

«Ved å legge overrettene inn i lagmannsretten tilføres lagmannsretten jordskiftefaglig kompetanse. Når det gjelder anke over jordskifteavgjerd, skjønn og kombinerte saker, må lagmannsretten settes med jordskiftelagdommer. At førstelagmannen skal stå fritt til å bestemme at retten i slike saker kan settes uten jordskiftelagdommer er ikke akseptabelt. Partenes rettssikkerhet er truet om det ikke er tilstede jordskiftefaglig kompetanse ved ankebehandlingen av slike saker. Jordskiftelagdommerens kompetanse bør også benyttes i tingsrettslige og ekspropriasjonsrettslige saker Vi forutsetter at hver enkelt lagmannsrett bemannes med minste en jordskiftelagdommer, en utreder og en saksbehandler. Vi er bekymret for rekrutteringen til stillingene. Dette vil bli en utfordring.»

Sør Trøndelag jordskifterett, Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme støttar forslaget, men har nokre merknader til dei konkrete reglane.

Jordskifterettene i Hålogaland meiner høyringsforslaget bøter på det som er den største innvendinga mot den gjeldande ordninga – det tospora ankesystemet. Lovforslaget gjer at partane ikkje treng å velje ankeinstans. Dette sikrar rettstryggleiken. Forslaget inneber òg ein meir effektiv og rimelegare saksbehandling, samtidig som det blir mogleg å påanke jordskiftedelen i dei kombinerte sakene. Jordskifterettene i Hålogaland framhever òg kompetansen som viktig, og uttaler:

«Selv om selve rettsmiddelordningen er viktig er det også særdeles viktig å sikre at ankeinstansen innehar og benytter den jordskiftefaglige kompetansen. Det er avgjørende for å kunne få en faglig forsvarlig behandling av ankesakene. Dette må sikres både gjennom loven og ved at det avsettes tilstrekkelige ressurser. Ankedomstolen må organiseres på en måte som gir en hensiktsmessig utnyttelse av kompetansen samtidig som det skal være attraktive arbeidsplasser som det er mulig å rekruttere til. Vi foreslår at det ved hver lagmannsrett tilsettes minimum en jordskiftelagdommer, en utreder og en saksbehandler. Jordskiftelagdommerne må lønnsmessig likestilles med lagdommerne. For å sikre tilstrekkelig fleksibilitet må lagmannsretten kunne benytte en tilkalt dommer fra jordskifteretten. Dersom det ikke fastsettes lovmessig at anke på jordskifteavgjørelsene skal overprøves av en jordskiftelagdommer, vil vi tilrå at dagens jordskifteoverrett opprettholdes i henhold til lovforslaget. Endringene av prosessreglene gjør at vi kan leve med alternativ 2 i forslaget der jordskifteoverretten opprettholdes som ankeinstans.»

Jordskiftedommarane i Gulating er òg samde i at det blir lagt opp til ei forenkla ankeordning. Dei er likevel ikkje samde i den samansetjinga lagmannsretten får i høyringsforslaget, og framhever behovet for kompetanse. Dei uttaler:

«Vilkåret må vere at ankedomstolen vert styrka med jordskiftekompetanse. Ved anke over jordskifteavgjerd, rettsfastsetjing og ved krav om overskjønn skal retten bli sett med ein jordskiftelagdommar. Me ser det som positivt at utkastet legg opp til at jordskiftelagdommaren også kan nyttast i andre saker der jordskiftekompetansen er nyttig, til dømes grensetvistar som i 1. instans har vore handsama i tingretten. Med dei endringane vi har foreslått her, meiner vi at den nye rettsmiddelordninga vil fungere betre enn ordninga med ei to-spora rettsmiddelordning som i dag. Vårt forslag byggjer også på at utvalet for jordskiftemeddommarar og skjønsmenn vert slege saman til eit utval. Ei slik samanslåing vil forenkle systemet og føre til færre feil ved samansetjing av retten i saker som inneheld både jordskifte og skjøn.»

Jernbaneverket framhever òg behovet for forenkling:

«Etter vårt syn er rettsmiddelordningen en av de viktigste foreslåtte endringene. Forslaget har tatt flere skritt i riktig retning, men bærer likevel preg av å ikke være tilstrekkelig modnet. Videre: Det er utvilsomt at gjeldene rettsmiddelordning har forenklingsbehov. En kan stille spørsmål ved om rettssikkerheten er godt nok ivaretatt i de tilfeller partene har forsøkt å anvende rettsmiddel, men ved feil instans.»

Statens vegvesen ser det som ei forbetring at alle sider ved avgjerdene i jordskifteretten skal kunne overprøvast:

«Når det gjelder tiltaksjordskifte, som er de eneste saker etter jordskifteloven som jevnlig involverer Statens vegvesen, vil ankeordningen som foreslås innebære at alle sider ved jordskifterettens avgjørelse vil kunne overprøves. I forhold til nåværende ordning, der kun avgjørelsen i skjønnssaken kan bli gjenstand for overprøving, ser Vegdirektoratet dette som en klar forbedring.»

Fylkesmannen i Hordland peikar på kompleksiteten i rettsmiddelordninga og vanskane med å få ei fullgod løysing anten ein vel det eine eller andre av alternativa som er drøfta i høyringsframlegget. Fylkesmannen uttaler:

«Fylkesmannen legg likevel avgjerande vekt på at partane får ei overprøving av viktige rettsavgjerder også i jordskifteretten og at reglane for dette ikkje er så kompliserte at dei vert eit hinder for overprøving. På denne bakgrunn synest framlegget frå arbeidsgruppa om overføring av alle sakene til lagmannsretten å vere å føretrekkje.»

Norges Bondelag er tilfreds med forslaget om forenklingar i rettsmiddelordninga.

Bondelaget meiner at gjeldande reglar ikkje er klare og medfører ekstra kostnader når same sak blir delt mellom to ulike ankeinstansar. Norges Bondelag støtter derfor forslaget om at anke over alle avgjerder frå jordskifteretten bør gå til lagmannsretten. Norges Bondelag støttar vidare forslaget om at lagmannsretten blir forsterka med ein jordskiftelagdommar der det er hensiktsmessig.

Teknisk-naturvitenskaplig foreining (Tekna) gir full støtte til forenkling av ankeordninga. Dagens to-spora ankeordning, med ein eigen jordskifteoverrett som ankeinstans for ein del av dei avgjerdene som blir tekne av jordskifteretten, mens andre avgjerder går til lagmannsrett, er både uoversiktleg og i mange tilfelle lite tenleg og prosessøkonomisk uheldig.

NORSKOG tek, som den einaste av høyringsinstansane, til orde for å oppretthalde jordskifteoverrettane som ankeinstans. NORSKOG uttaler:

«Jordskifteverket er lagt opp sånn at partene skal veiledes på en slik måte at de selv er i stand til å ta vare på sine interesser, uten pålagt bruk av advokater. Dersom jordskifteoverretten nå avvikles, vil behovet for advokatbistand påføre alle som anker jordskiftesaker inn for lagmannsretten store ekstra kostnader. I realiteten vil dette med stor sannsynlighet avskjære mange fra å søke en ankebehandling. NORSKOG mener at det er viktig å ikke svekke jordskifteretten ved å avvikle jordskifteoverretten, og støtter derfor alternativ 2 til kapittel 8 om rettsmidler, hvor ordningen med jordskifteoverrett opprettholdes på omtrent samme måte som i dag.»

5.3 Departementets vurderingar

5.3.1 Behovet for endringar i systematikken i lova

Det har i mange år vore eit vanleg synspunkt at jordskiftelova av 1979 er moden for revisjon. Spørsmålet om behovet for ein brei gjennomgang av lova blei mellom anna teke opp i NOU 2002: 9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner. Hovudspørsmålet for utgreiinga var organiseringa av jordskifterettane, det vil seie om dei skulle vere domstolar eller ikkje. Konklusjonen til fleirtalet i utvalet, og resultatet i den seinare lovbehandlinga, var at jordskifterettane framleis skal vere domstolar. Utvalet foreslo ei rekkje lovendringar og drøfta òg spørsmålet om ein meir gjennomgripande revisjon av lova. Utvalet uttalte mellom anna i utgreiinga kapittel 9.2:

«Utvalget har flere steder pekt på behovet for endringer av enkeltbestemmelser i jordskifteloven. Det har vært gjennomført en rekke enkeltstående lovendringer etter 1979. Jordskifteloven er nå blitt så uoversiktlig at utvalget mener det må foretas en bred gjennomgang av loven.»

I Ot.prp. nr. 106 (2002–2003) Om lov om endringer i domstolloven og jordskifteloven (jordskifterettenes stilling og funksjoner) kapittel 7.9 slutta departementet seg til merknadene til utvalet om endringsbehovet. Departementet la til grunn at arbeidet med å vurdere forslaga til endring mest hensiktsmessig kunne skje ved ein total gjennomgang av jordskiftelova.

På bakgrunn av dette sette Landbruks- og matdepartementet i 2006 ned ei arbeidsgruppe, med mandat å foreta ein brei gjennomgang av lova. Mandatet går fram av kapittel 2.2.1 ovanfor. I mandatet pkt. 1 heiter det mellom anna:

«Det utvalet som behandla jordskifterettane si stilling og funksjonane deira – NOU 2002: 9 – peika m.a. på at etter den siste store lovrevisjonen i 1979, er det gjennomførd ei rekkje enkeltståande lovendringar slik at lova no er så uoversiktleg at det er nødvendig med ein brei gjennomgang, jf. òg landbruksministeren sin uttale i Stortinget i samband med behandlinga av Ot.prp. nr. 106 (2002–2003). Det ser og ut til å vere semje i fagmiljøa om ein slik gjennomgang.»

Departementet understrekar i mandatet at alle delar av lova skal vurderast. Det skulle skapast ei ny lov som høver med tida og tilhøva. Mandatet legg òg vekt på at den nye lova må få ein meir oversiktleg struktur og bli lettare tilgjengeleg både for profesjonelle aktørar og for folk flest. Dette tilseier òg ei klargjering av kva som er oppgåvene til jordskifteretten, og ei betre redigering av dei materielle reglane i den nye lova (det vil seie reglane om kva for verkemiddel jordskifteretten kan gjere bruk av).

Det er ei nokså samstemt oppfatning blant høyringsinstansane at gjeldande jordskiftelov bør reviderast, og at høyringsforslaget har ein god struktur og systematikk, og er eit godt utgangspunkt for eit lovforslag for Stortinget. Mange av instansane har likevel hatt innspel og synspunkt på ulike delar av høyringsforslaget, slik det går fram av proposisjonen her.

Systematikken og strukturen i lovforslaget byggjer i det alt vesentlege på høyringsforslaget frå arbeidsgruppa, men med nokre justeringar som følgje av høyringsuttalane. Departementet meiner lovforslaget inneber ein systematikk som er vesentleg lettare tilgjengeleg enn gjeldande jordskiftelov. I lovforslaget er materielle og prosessuelle reglar gitt eigne kapittel og ein har ikkje minst fått ei mykje enklare ankeordning. Det blir dermed klarare for alle kva jordskifteretten kan gjere, kva for vilkår som gjeld for at ei sak kan behandlast, korleis saksgangen er i jordskifterettane som første instans, og ikkje minst korleis ei anke skal behandlast i ankeinstansen. Departementet meiner derfor at ein gjennom det lovforslaget som er lagt fram, vil oppnå dei måla ein har satt seg for lovrevisjonsarbeidet.

Konkret er lova organisert slik at det er eit innleiande kapittel med reglar om formål, verkeområde definisjonar, kva det kan reisast sak om og så vidare (kapittel 1). Departementet ser på dette som ein god introduksjon til lova og kva ho gjeld. I kapittel 2 er det gitt reglar om organiseringa av jordskifteretten, og korleis retten skal setjast saman i den enkelte saka. Den som les lova, vil da raskt sjå kva for instans som behandlar saker etter den nye lova. Det er òg gitt eigne kapittel for dei ulike sakstypane; jordskifte (kapittel 3), rettsutgreiing og grensefastsetjing (kapittel 4), og skjønn og andre avgjerder etter andre lover (kapittel 5). Det blir da lettare å skaffe seg oversikt over dei verkemidla jordskifteretten rår over, og kva som er vilkåra for å bruke dei i ei konkret sak. Reglane om saksbehandling er i det store og heile samla i eit eige kapittel (kapittel 6). På den måten blir det lettare å få oversikt over korleis prosessen går føre seg. Dernest følgjer reglar om fordelinga av sakskostnader (kapittel 7), om anke (kapittel 8) og eit avsluttande kapittel med «ymse reglar» som mellom anna omhandlar ikraftsetjing og endringar i andre lovar (kapittel 9).

Av lovtekniske «nyvinningar» kan nemnast at den nye jordskiftelova er gitt ei kapittelvis paragrafnummerering, og at fleire kapitel har fått underkapittel. Departementet meiner dette er med på å gjere den nye jordskiftelova vesentleg meir lesarvennleg enn gjeldande jordskiftelov.

5.3.2 Behovet for endringar i reglane om saksbehandling

Departementet er samd med arbeidsgruppa i at det er behov for endringar av sakebehandlingsreglane. Det er gjort mange enkeltståande endringar i gjeldande jordskiftelov over lang tid, og lova har blitt uoversiktleg og vanskeleg tilgjengeleg. Departementet meiner det er eit stort behov for meir oversiktlege og lettare tilgjengelege reglar. Det er mellom anna behov for å rydde opp i og betre strukturen på reglane. Høyringsinstansane sluttar opp om dette synspunktet.

Hovudmålet for arbeidet med reglane om saksbehandling i ny jordskiftelov har vore den same som for utarbeidinga av tvistelova. Reglane om saksbehandling i jordskiftelova må oppfylle dei krav ein i dag må kunne stille til ein effektiv, rimeleg og samtidig trygg prosess for partane. Lova må passe med tida og tilhøva og møte dei behov eigarar, rettshavarar og samfunnet elles har for å få løyst konkrete problem og uklare faktiske og rettslege tilhøve knytt til fast eigedom. Likeeins må lova leggje til rette for at tvistar blir løyst på ein tillitvekkande måte, ved at dei allminnelege prinsippa frå sivilprosessen gjeld; behandling der alle partar kjem til orde, uavhengige domstolar, lik tilgang til bruk av domstolane, rett til å anke sakene til ein høgare instans og så vidare.

For departementet har det vore særleg viktig å gjere lova meir oversiktleg og lettare tilgjengeleg for vanlege folk, som ofte opptrer som sjølvprosederande for jordskifteretten. Lova er redigert slik at det blir eit tydeleg skilje mellom prosessuelle reglar og materielle reglar, det vil seie mellom reglar om kva retten kan gjere og på kva vilkår, og reglar om korleis retten behandlar sakene og kva partane kan og må gjere undervegs i prosessen. I kvart kapittel er det òg lagt vekt å ordne reglane på ein logisk måte. Desse grepa meiner departementet vil gjere det mykje lettare, særleg for dei sjølvprosederande partane, å skaffe seg oversikt og innsikt i reglane. Omsynet til dei sjølvprosederande er i det heile tillagt stor vekt under arbeidet, ikkje minst med reglane om saksbehandling.

Den lovtekniske løysinga i gjeldande jordskiftelov, som i det store og heile er bygd opp omkring reglane om jordskifte, skaper uvisse med omsyn til kva for reglar om saksbehandling for jordskifte som gjeld «tilsvarande så langt dei høver» for grensefastsetjing og rettsutgreiing. Når ein skil ut dei reglane om saksbehandling som er felles, og plasserer dei i eit eige kapittel, bør det bli enklare å orientere seg om saksbehandlinga for jordskifteretten. Departementet meiner at dette vil ha klare fordeler for saksavviklinga og for rettstryggleiken for partane.

5.3.3 Behovet for endringar i materielle reglar (kompetansen jordskifteretten har)

Departementet legg til grunn at dei verkemidla jordskifterettane rår over i dag i det alt vesentlege bør førast vidare. Departementet foreslår fleire endringar i høve til gjeldande jordskiftelov. Endringsforslaga vil likevel ikkje føre til grunnleggjande endringar i kva jordskifteretten skal drive med i framtida. I stort er lovforslaget i samsvar med høyringsforslaget.

Forslaga vil heller ikkje gi nokon vesentleg annan «sum-verknad», enn det som er tilfelle etter gjeldande jordskiftelov, slik Miljøverndepartementet reiser spørsmål om. Det blir fremja forslag om nye verkemiddel, og departementet foreslår nokre fjerna, men i sum blir det ikkje noko vesentleg endring av verksemda i jordskifterettane.

5.3.3.1 Behovet for endringar – Jordskifte

Departementet foreslår at reglane om kva jordskifteretten kan gjere i eit jordskifte, i hovudsak skal førast vidare. Innhaldet i kva retten kan gjere i eit jordskifte, er over meir enn 150 år stegvis tilpassa til tida og tilhøva.

Etter gjeldande jordskiftelov § 2 kan eit jordskifte gå ut på å:

  • løyse opp sameigetilstand når grunn og rettar ligg i sameige mellom bruk

  • forme ut eigedommar på nytt ved å byte om grunn og rettar

  • gi reglar om bruk i fire nærare spesifiserte, men vidfemnande tilfelle

  • avløyse konkret opprekna bruksrettar

  • skipe konkret omtalte sams tiltak

  • forme ut og dele eigedommar når grunn og rettar skal avhendast i samsvar med formålet i jordlova

  • dele ein eigedom med tilhørande rettar etter eit bestemt verdiforhold

  • fordele arealverdiar og fordele kostnader ved ulike sams tiltak i og for område for bygging og anlegg etter § 1-7 nr. 1 og § 12-5 nr. 1 i plan- og bygningslova og

  • omforme eigedommar og rettar på grunnlag av utenlege eigedomstilhøve som følgje av godkjent reguleringsplan etter plan- og bygningslova i område som gjeld eksisterande og nytt område for bygging og anlegg.

I eit jordskifte gjer jordskifteretten bruk av minst eitt av desse verkemidla. Det er vanleg at retten bruker fleire enn eitt verkemiddel. Under eit jordskifte kan retten òg gi reglar for eller avløyse rettar som er til hinder for eit tenleg jordskifte. Dette gjeld tidsavgrensa og personlege rettar som ikkje kan danne grunnlag for eit sjølvstendig jordskifte.

Alle verkemidla så nær som «jordlovsjordskifte» etter § 2 bokstav f, blir ført vidare. Felles for dei verkemidla som blir ført vidare, er at det kjem inn ein etter måten jamn strøm av krav om saker som må føre til bruk av verkemidla. Departementet meiner det må vere rett å oppretthalde tilbodet om bruk av verkemiddel som bøter på eigedomstilhøve som er utenlege etter tid og tilhøve innafor dei vilkår som gjeld for verkemiddelbruken. Bruk av verkemidla fører til netto nytte for partane. Betre bruk av eigedommane er òg eit samfunnsmessig gode.

Departementet foreslår å innføre eitt nytt verkemiddel, og å utvide bruken av eitt verkemiddel til å omfatte ei ny form for bruksrett. Det nye verkemiddelet er å kunne skipe nytt sameige. Dette er aktuelt for sams privat infrastruktur som veg, parkeringsplass, vassforsyning, kloakkleidningar og liknande. Departementet meiner det er eit gode at alle som er avhengige av slik infrastruktur kan ha same type rett til det. Alternativet er at nokon eig infrastrukturen og andre har bruksrett til han. Da kan det oppstå tvil om kva eigedomsrett og bruksrett betyr for drift og vedlikehald.

Grunnlaget for å halde «jordlovsjordskifte» er borte etter endring i jordlova med tilhørande avvikling av Jordfondet. Staten har ikkje lenger særskilt avsette middel for å overta landbrukseigedom som skal seljast vidare til eigarar av landbrukseigedom med behov for tilleggsjord.

Departementet foreslår òg å oppheve heimlane om utflytting av hus ved jordskifte. Heimlane blei brukte for å løyse opp utenlege og brannfarlege klyngetun. Det finnst få slike klyngetun i dag, og praksis frå jordskifterettane viser at heimlane ikkje lenger er aktuelle å bruke. Det er brei tilslutning i høyringa for å oppheve heimlane.

Departementet foreslår at kapitlet om minneleg jordskifte ikkje skal førast vidare i ny jordskiftelov. Minneleg jordskifte er lite brukt. Etter gjeldande jordskiftelov kan jordskifteretten gi attest for at ei avtale om minneleg jordskifte fyller krava til eit offentleg jordskifte. Departementet meiner at arbeidet med ei «nødvendig gransking» av avtalen om minneleg jordskifte ofte kan vere like arbeidskrevjande for jordskifteretten som å halde eit jordskifte med jordskiftedommaren som einedommar. I slike saker er partane i utgangspunktet så samde om jordskifteløysing at retten til vanleg snøgt vil avgjere saka. Departementet viser òg til at det er få partar som har nødvendig kompetanse på heile breidda av nødvendig kompetanse frå jus til landmåling.

Når det gjeld høyringsfråsegna frå Norske Reindriftssamers Landsforbund, om den kompetansen jordskifteretten bør ha i høve til interne beiterettsproblem i reindrifta, viser departementet til kapittel 2.3 og 8.6.

5.3.3.2 Behovet for endringar – Grensefastsetjing

Gjeldande jordskiftelov og matrikkellova er ikkje harmonisert. Matrikkellova gjeld for dei mest vanlege formene for skiping av ny eigedom med tilhøyrande grenser. I ei sak om grensefastsetjing fastlegg jordskifteretten eksisterande grenser. Når begge lovene gjeld grenser, bør ein harmonisere føresegnene så langt det ikkje er gode grunnar til noko anna. Departementet meiner ein vil få betre harmoniserte reglar om ein knyt kompetansen jordskifteretten har til å halde grensefastsetjing til typane av fast eigedom i matrikkellova. Denne harmoniseringa fører til at arbeidsgruppa foreslår å utvide kompetansen når det gjeld grensesak. Nytt er at jordskifteretten kan halde grensesak for anleggseigedom og for uteareal som inngår i eigarseksjonar.

Jordskifterett og lokal matrikkelstyresmakt har ikkje same moglgheit til såkalla grensejustering. Departementet meiner dei bør ha same moglegheit til dette. Ei harmonisering i høve til matrikkellova vil gi enklare reglar.

Dersom jordskifteretten ikkje får utvida sin lovpositive heimel til å halde grensesak, vil tvist om grenser bli avgjort av tingretten. Jordskifteretten har minst like god kompetanse på grenser som dei som skipar slike nye grenser med heimel i matrikkellova. Saker om grenser hamnar nesten alltid i jordskifteretten når valet står mellom denne og tingretten. Departementet meiner det er eit behov for å endre reglane slik at det ikkje kan vere tvil om at partane òg på desse nye områda kan velje jordskifteretten for å få fastsett ei eksisterande grense.

Gjeldande jordskiftelov § 89 inneheld to vilkår for å kunne avgrense eller avvise grensegangssak. Departementet meiner at begge vilkåra harmonerer dårleg med prinsippet om at partane har hand om kva ein sak for ein domstol skal omfatte. Det er òg ein fordel om jordskifteretten kan sleppe å vurdere om det er så stort behov for eit jordskifte som fører til endring i grenser, at vilkåret er oppfylt. Grenselengdegebyret siktar dessutan mot same mål som det andre vilkåret. Departementet meiner at desse momenta tilseier at vilkåra bør takast ut av lova.

Det kan vere gjerde der minst ein av partane meiner at ei eksisterande grense går. Dersom avgjerda i grensesaka blir at grensa går ein annan stad enn gjerdet, kan det oppstå eit behov for å tilpasse gjerdet til grensa. Da er det prosessøkonomisk og praktisk at jordskifteretten kan ta avgjerd om gjerdehald i grensesaka. Departementet meiner det er behov for reglar som gjer det mogleg for jordskifteretten å kunne behandle slike gjerdespørsmål. Jordskifteretten bør kunne gjere det når minst ein av partane krev at jordskifteretten tar seg av gjerdespørsmålet.

Gjeldande jordskiftelov § 89 a gjeld særlege grensesaker i Nordland og Troms. Heimelen er avgrensa til saker som gjeld rettskraftige dommar frå utmarkskommisjonen for Nordland og Troms. Paragrafen tar for seg både materielle og prosessuelle sider ved slike saker. For Finnmark er det ein ny heimel med same innhald som ein finn i finnmarkslova § 45. I Nordland og Troms går arbeidet mot slutten, men det står fortsett noko arbeid att for jordskifteretten. Departementet meiner likevel det ikkje er behov for å ha reglar om særlege grensesaker i Nordland og Troms i den nye jordskiftelova. Departementet nøyer seg med å foreslå nokre endringar i finnmarkslova § 45.

5.3.3.3 Behovet for endringar – Rettsutgreiing

Departementet meiner ein bør føre vidare ordninga med rettsutgreiing da erfaring viser at det er behov for desse reglane.

I gjeldande jordskiftelov er reglane om rettsutgreiing plasserte i § 88 a. Tilvisingane i gjeldande jordskiftelov § 88 a andre ledd inneber at ein òg finn reglar i gjeldande jordskiftelov § 88 andre, fjerde og femte ledd og § 89 andre ledd. Departementet meiner dette ikkje gir ein god systematikk. Departementet foreslår èin paragraf om rettsutgreiing i kapittel 4, men etter forslaget skal den ikkje seie meir enn kva jordskifteretten kan gjere.

Heimelen for rettsutgreiing ber i nokon grad preg av at den i starten var knytt til jordskiftedelen av jordskiftelova. Vilkåret om «rasjonell bruk av området», er eit eksempel på dette. Departementet meiner at vilkåret bør takast bort. Det må vere nok at dei som har eigedomsinteresse i eit område, treng å få ei avklaring av eigedomstilhøva.

Etter jordskiftelova er det nå berre grunneigar som tvillaust kan krevje rettsutgreiing. Departementet meiner at denne forskjellen harmonerer dårleg med allminnelege krav til like vilkår for å kunne få løyst eit felles problem i ein domstol. Departementet meiner det er grunnlag for å ha reglar som likestiller grunneigar og den som meiner å ha bruksrett, når det gjeld å kunne krevje sak om rettsutgreiing.

Departementet meiner det er behov for ein heimel til å avgjere korleis eigedoms- og servitutttilhøva er i område der det er sambruk mellom uteareal som inngår i eigarseksjon. Dette er rettsspørsmål av same art som det som elles ligg til jordskifteretten å ta avgjerd om i sak om rettsutgreiing. Departementet meiner jordskifteretten bør ha slik kompetanse, og fremjer derfor forslag om dette. På vanleg måte vil da partane kunne velje mellom jordskifterett og tingrett i dei tilfella det er tvist.

5.3.3.4 Behovet for endringar – Skjønn

Jordskifteretten har kompetanse til å halde skjønn i ulike samanhenger. Det er likevel ikkje så lett å skaffe seg oversikt over for eksempel jordskifteretten sin kompetanse til å halde skjønn etter gjeldande jordskiftelov og andre lover, kva reglar om saksbehandling skjønna skal behandlast etter, og korleis den som vil angripe skjønn skal gå fram.

Gjeldande reglar om skjønn har ikkje ein oversiktleg struktur og er ikkje tilgjengeleg på eit vis som samsvarar med krava til ei moderne lov. Omgrepet skjønn blir dessutan brukt om vurderingar av svært ulik karakter. Reglane om skjønn og jordskifte kan vere vanskelege å setje seg inn i for så vel profesjonelle aktørar, som folk flest. Typisk òg for saker om skjønn for jordskifterett, er at det for dei sakene er relativt mange sjølvprosederande partar. Det inneber at reglane bør vere så enkle og oversiktlege som mogleg.

Kompetansen til å halde skjønn er i fleire tilfelle òg lagt til andre enn jordskifteretten. Det at jordskifteretten deler kompetansen med tingrett og såkalla «lensmannsskjønn», bidrar til at erfaring og kunnskap om dei ulike sakstypane blir delt på ulike aktørar. Ved å samle erfaring og kunnskap èin stad, vil truleg behandlinga av sakene kunne bli betre enn den er i dag.

Det er òg eksempel på at det er reglar om kompetanse og reglar om saksbehandling i same paragraf. Departementet meiner det blir lettare å finne fram i den nye jordskiftelova dersom ein skil mellom desse reglane. Reglane om saksbehandling for skjønna jordskifteretten held, går dessutan fram av fleire lover, jordskiftelova, skjønnsprosesslova og særlov.

Det er òg slik at kompetansen jordskifteretten har i nokre tilfelle er stadleg avgrensa, ei avgrensing som ikkje gir klare grenser for kompetansen jordskifteretten har. Departementet ser eit behov for å ta bort denne avgrensinga.

I gjeldande jordskiftelov § 6 andre ledd finst òg ei anna avgrensing av kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn. Dersom offentleg styresmakt ikkje sjølv legg til grunn at det skal ytast erstatning for råderettsavgrensinga, kan jordskifteretten berre halde skjønnet i dei tilfella erstatningsspørsmålet er rettskraftig avgjort av dei ordinære domstolane. Departementet meiner ein kan få ei meir effektiv ordning om ein og same domstol avgjer erstatningsspørsmålet og skjønnet. Jordskifteretten har på grunn av sine nye oppgåver stadig fått betre erfaring og kunnskap. Det inneber at ein kan ta bort dette vilkåret, noko som gir eit enklare regelverk.

5.3.4 Behovet for endringar i terminologi og omgrep

Konsekvent og bevisst bruk av omgrep vil gjere lova lettare å forstå. Særleg gjeld dette for omgrep knytt til saksbehandling og avgjerder som er spesielle for saker etter jordskiftelova. Departementet meiner, på same måten som arbeidsgruppa, at det er behov for å innføre enkelte nye omgrep, og å definere nokre av dei i lova. Definisjonane er tekne inn i lovforslaget § 1-3. Innhaldet i enkelte andre omgrep som er nye, vil gå fram av samanhangen i lova.

5.3.4.1 Jordskifteområdet

Omgrepet «jordskifteområdet» er definert i lovforslaget § 1-3. Det kjem i staden for omgrepet «skiftefeltet» i gjeldande jordskiftelov. Departementet meiner at «skiftefeltet» kan gi noko sterkare assosiasjonar til areal og tradisjonelle jordskifte, som byte av grunn eller oppløysing av sameige, enn det som er ønskeleg. Sjølv om jordskifte alltid er knytt til visse faste eigedommar, kan saka for eksempel vere avgrensa til nye reglar for jakt eller for vedlikehald av ein privat veg. I slike saker er merksemda vel så sterkt knytt til innhaldet i reglane som til avgrensinga av området. Departementet har vore på leiting etter eit ord som på ein god måte kan representere både det geografiske området saka gjeld, og det materielle innhaldet i dei endringane jordskiftet fører med seg for eigedommane og rettane i dette området. Under noko tvil har departementet kome til at jordskifteområdet er betre enn skiftefeltet fordi skiftefeltet er ei kortform som fokuserer meir på skifte, enn på mangfaldet som er meint å liggje i jordskifte.

5.3.4.2 Jordskifteavgjerd

«Jordskifteavgjerd» er namnet på den avgjerdsforma retten skal bruke når han tek ulike typar avgjerder i jordskiftesakene, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd. Dette er ei ny avgjerdsform, som understrekar at det er snakk om avgjerder retten tek som del av jordskifteprosessen. Jordskifteavgjerd er for eksempel forma for avgjerd om korleis jordskiftesaka skal avgrensast sakleg og geografisk, verdsetjinga av det som skal gi byte ved jordskifte, den endelege jordskifteløysinga med meir. Departementet ser det ikkje som nødvendig med ein legaldefinisjon av dette omgrepet fordi det går klart nok fram av § 6-23 kva slags avgjerder det er snakk om. Departementet meiner at skjønn og andre avgjerder etter andre lover retten tek i samband med jordskifte, og som derfor skal følgje reglane om saksbehandling i jordskiftelova, òg bør ha forma jordskifteavgjerd. Skiljet mellom dei ulike formene er òg viktig som grunnlag for rettsmiddelordninga, sjå nærare om dette i kapittel 14.

5.3.4.3 Jordskifteløysing

Omgrepet «jordskifteløysing» erstattar ordet «skifteplan» i gjeldande jordskiftelov. Jordskifteløysinga er det faktiske og praktiske resultatet av jordskifteretten sitt arbeid med å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva i saka. Departementet meiner at ordet «skifteplan» ikkje er godt. Dels meiner departementet at skifteplan ikkje dekkjer det å gi nye reglar eller å skipe lag med vedtekter på ein god måte. Dels meiner departementet at skifteplan kan knyttast til deling av bu ved eit arveskifte. Departementet meiner at «løysing» er nøytralt i høve til kva for verkemiddel i jordskifte som er aktuelt. Departementet meiner at bruk av «jordskifte» førebyggjer mistydingar i retning av arveskifte. Alt i alt meiner departementet at «jordskifteløysing» er eit godt ord for det som kjem ut av ei jordskiftesak.

5.3.4.4 Grensefastsetjing

I gjeldande reglar brukast både omgrepet «grensegang» og «grensegangssaker». Grensesgang kallast det når jordskifteretten klarlegg, merkjer og beskriv grenser for mellom anna grunneigedom, anleggseigedom, uteareal til eigarseksjon og jordsameige, grenser for alltidvarande bruksrett eller grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde. Omgrepet grensegangssaker er eit samleomgrep for sakene som gjeld grensegang.

Departementet foreslår å erstatte omgrepet grensegang med «grensefastsetjing». Departementet meiner det er meir dekkjande for kva slags reglar det handlar om. Det er ikkje dekkjande å ha fokus på det reint fysiske – det at ein går opp grensa. Det sentrale er at ein med bindande verknad tek stilling til eit grensespørsmål.

5.3.4.5 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover

Omgrepet «skjønn» blir brukt i nokre tilfelle for å få fram kva som er skjønnstema. Omgrepet blir brukt om vurderingar der lova seier lite eller ingen ting om kva ein skal trekkje inn i vurderinga, eller korleis ein skal leggje vekt på dei ulike omsyna. Omgrepet blir òg brukt for å få fram at avgjerda skal gå etter den særlege rettargangsmåten som er regulert i skjønnsprosesslova. Omgrepet skjønn blir dessutan brukt for å få fram at det er ein skjønnsrett som skal avgjere eit spørsmål.

Nokre avgjerder som er kalla skjønn i dag, er av ein karakter som ikkje gjer det naturleg å omtale sjølve vurderinga som skjønn i tradisjonell meining. Eitt eksempel på det finn ein i reindriftslova § 63. I tredje ledd står det at «Spørsmål om tiltak kommer i strid med første ledd, kan avgjøres på forhånd ved skjønn ved jordskifteretten. Skjønnet kan også…»

I departementets forslag, blir berre omgrepet skjønn brukt som karakteristikk av ei avgjerd, når det handlar om avgjerder til fastsetjing av pengebeløp.

For å få fram at jordskifteretten i tillegg til det ein kallar skjønn, òg skal kunne ta andre avgjerder som i dag blir kalla skjønn, opererer ein i lovforslaget med omgrepet «skjønn og andre avgjerder». Dei fleste avgjerdene jordskifteretten skal kunne ta etter særlovene er «andre avgjerder».

Jordskifteretten kan behandle skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med eit jordskifte, eller som sak utan samband med jordskifte. Skilnaden er viktig mellom anna for kva reglar om saksbehandling saka skal behandlast etter. Lovforslaget bruker to uttrykksmåtar for å markere skilnaden. Det er «skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett», og «skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak».

Ulike uttrykksmåtar er i dag brukte for å få fram at avgjerda skal takast av ein skjønnsrett og etter reglane om saksbehandling i skjønnsprosesslova. Departementet foreslår endringar i omgrepsbruken i dei tilfelle ein foreslår at jordskifteretten skal ha eksplisitt kompetanse. Ein foreslår endringar som gjer det lett å sjå at jordskifteretten skal ta dei aktuelle avgjerdene etter grannegjerdelova, beitelova, veglova kapittel VII, servituttlova og nokre føresegner i reindriftslova.

Oppryddinga er ikkje ei fullgod og endeleg rydding når det gjeld bruken av omgrepet skjønn. Ei ytterlegare rydding kan for eksempel gjerast i samband med ein eventuell revisjon av skjønsprosesslova.

5.3.4.6 Omgrepsbruk i andre lover

I lov av 22. april 1927 nr. 3 om vergemål for umyndige § 50 andre ledd nr. 4 og 5, er brukt omgrepa «utskiftning» og «grenseregulering», om tiltak som ei verje må ha løyve frå fylkesmannen for å kunne setje i verk på vegne av den umyndige. I vergemålslova av 26. mars 2010 nr. 9 § 39 bokstav e, er det òg brukt omgrepa «utskifting» og «grenseregulering». Departementet foreslår at 2010-lova, som skal erstatte 1927-lova, får formuleringa «å kreve sak etter jordskiftelova,» i § 39 bokstav e. Departementet meiner det ikkje skulle vere grunnlag for skilje mellom ulike sakstypar etter jordskiftelova, i høve til det som skal trenge løyve frå fylkesmannen.

5.3.5 Behovet for endringar i rettsmiddelordninga

Formålet med rettsmiddelordninga er å ta vare på rettstryggleiken for partane. Rettsmiddelordninga bør vere enkel slik at partar og andre kan få oversikt over kvar ein anke skal gå, det bør vere mogleg å få prøvd avgjerder som har nemnande å seie for resultatet i saka, og avgjerda i ankeinstansen skal byggje på kvalitet. Dette er tilhøve som er sentrale for tilliten til rettssystemet. Behandlinga i ankeinstansen bør ut over dette stå i eit rimeleg høve til det saka gjeld. Departementet meiner at rettsmiddelordninga i jordskiftelova kan betrast på fleire av desse områda. Departementet vil ut over dette peike på at det er vanskeleg, men nødvendig å skilje mellom argument som er knytt til brukarane sine behov for ei tenleg ankeløysing, og meir organisatoriske problem som òg bør løysast på ein god måte.

Ut frå behova brukarane har, meiner departementet at det er behov for å forenkle reglane om rettsmiddel. Reglane i gjeldande lov byggjer på at det kan ankast anten til jordskifteoverretten eller til lagmannsretten. Denne ordninga har i praksis vist seg å vere komplisert. I ein del saker er det vanskeleg å forstå kven som er rett adressat for ein anke. For å unngå rettstap blir det i slike høve ofte anka til både jordskifteoverretten og lagmannsretten i same sak, i nokre høve òg over den same avgjerda. Det er behov for ei enklare rettsmiddelordning der risikoen for rettstap, og ressursbruken knytt til bruk av rettsmiddel blir redusert. Departementet meiner at dette kan gjerast ved å fastsetje reglar med så få «spor» som mogleg – i alle fall slik at det ikkje er partane sjølve, men domstolen som må avgjere korleis ankesaka skal behandlast. Forslaget til løysing går fram av kapittel 14.1.

Brukarane av lova vil òg vere tent med ei forenkling der det blir rydda i prosessreglane som gjeld for behandlinga i ankeinstansen. Reglane bør liggje nærare opp til ordinære prosessreglar i sivile saker. Reglane kan da bli meir brukarvennlege i høve til tidsbruk, kostnader og organisering.

I tiltaks- og vernejordskifte som blir gjennomført saman med skjønn, er det etter gjeldande lov ikkje mogleg å få ei prøving av jordskiftedelen av saka. Jordskiftedelen kan i mange slike saker vere svært viktig for partane. Omsynet til rettstryggleiken for partane taler for ei endring av gjeldande reglar slik at det blir mogleg å anke òg over denne delen av avgjerda.

I kompliserte saker talar omsynet til partane for å tryggje kvaliteten i avgjerda betre enn i dag. Gjeldande løysing byggjer på at avgjerder blir tekne av to ulike rettsmiddelinstansar med ulik fagkompetanse. Departementet meiner at kvaliteten, særleg i kompliserte saker, kan styrkast dersom både jordskiftefagleg kompetanse og juridisk kompetanse avgjer saker i eit samarbeid. Lova bør leggje til rette for ei slik organisatorisk løysing.

Sakstilfanget for jordskifteoverretten er lågt. Det er få tilsette i jordskifteoverrettane, og avgjerdene blir tekne i domstolar med små fagmiljø og få tilsette. Departementet meiner at dette gjer jordskifteoverretten som ankeinstans sårbar. Dette kan vere uheldig for brukarane fordi ein risikerer at ein eller fleire jordskifteoverrettar tidvis kan vere ute av funksjon. Det er òg behov for eit styrka fagmiljø som kan bidra til god kvalitet på avgjerdene.

Den løysinga som departementet foreslår i kapittel 14.1, er at dei eksisterande jordskifteoverrettane blir fusjonert inn i lagmannsretten. Jordskifteoverdommarane blir jordskiftelagdommarar, og samansetjinga av lagmannsretten i den enkelte saka frå jordskifterettane kan variere alt etter kva for avgjerd som er teken av jordskifteretten i første instans, sjå lovforslaget § 8-7. Løysinga er brukarvennleg og kan redusere tidsbruk og kostnader i høve til dagens organisering. Prøvinga vil finne stad i eit sterkare fagmiljø , samstundes som reglane sikrar at jordskiftekompetansen kan trekkjast inn. Dette er særleg viktig i behandlinga av anke over rettsendrande avgjerder (jordskifte). Løysinga i Sverige viser at det i praksis er mykje å hente på å skipe ein domstol med eit breiare kompetansegrunnlag, jf. høyringsnotatet vedlegg 4, der arbeidsgruppa gjer greie for den svenske ordninga.

Løysinga får brei støtte under høyringa, òg frå jordskifterettane og jordskifteoverrettane. Mange høyringsinstansar understrekar kor viktig det er for rettstryggleiken til partane.

Departementet er elles samd med arbeidsgruppa i at det ikkje er nødvendig med endringar i organiseringa av domstolane, ut over dei endringane som følgjer av forslaget om endringar i rettsmiddelordninga. Organiseringa av jordskifterettane blei behandla for relativt kort tid sidan, sjå NOU 2002:9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner, og Ot.prp. nr. 106 (2002–2003) Om lov om endringer i domstolloven og jordskifteloven (jordskifterettenes stilling og funksjoner).

5.3.6 Andre endringar

Den nye lova medfører òg behov for endringar av meir teknisk karakter i ei rekkje lovar. Dette gjeld mellom anna føresegner som viser til gjeldande jordskiftelov eller som bruker omgrep som blir endra eller tekne bort i den nye lova. Eksempel på dette er omgrepa «jordskifteoverretten» og «jordskifteoverdommer» som er brukt fleire stader i domstollova. Departementet gjer greie for endringane i kapittel 17 Spesialmerknader til lovforslaget.

Til forsida