8 Jordskifte og fordeling av planskapt netto verdiauke med vidare
8.1 Innleiing
Kapitlet her gjeld verkemiddel som fell inn under samleomgrepet jordskifte. I tillegg gjeld kapitlet to verkemiddel som liknar på jordskifte. Dette er den heimelen jordskifteretten har til å fordele planskapt netto verdiauke, og heimelen jordskifteretten har i samband med eit jordskifte til å gi reglar for det tilfellet at det blir naturskade. Hovudinnhaldet i kapitlet gjeld jordskifte og verkemidla som kan brukast i eit jordskifte.
Formålet med eit jordskifte er å gi eigarar og bruksrettshavarar ein reiskap for å bøte på vanskar dei har med å bruke eigedommen på tenleg måte. Eksempel på slike vanskar er samarbeidsproblem i sameige, behov for å lage felles infrastruktur som for eksempel veg, og behovet for å sjå fleire eigedommar under eitt for å få nok areal til å få løyve til felling av storvilt. Det finst òg område der teigdeling gjer at det ikkje er mogleg å bruke ein jord- eller skogteig på tenleg måte etter tid og tilhøve. Vanskane kan oppstå for alle typar eigedom, for eksempel for landbrukseigedom, fritidseigedom eller næringseigedom.
Omgrepet «jordskifte» inneheld elementa «jord» og «skifte». Elementet «jord» viser at det handlar om fast eigedom, i hovudsak grunn. Elementet «skifte» viser at noko endrar seg.
Endringa fører ofte til endringar i matrikkel og grunnbok. Som regel er alle eigedommar registrerte som eigne einingar i matrikkel og grunnbok med eintydige identifikasjonar. Sjølv om eit jordskifte i seg sjølv ikkje endrar dette, følgjer det av matrikkellova § 22 at kommunen skal registrere at det er sett fram krav om sak og registrere referansen til det saksnummeret jordskifteretten brukar. Når jordskiftet er rettskraftig, går det fram av gjeldande jordskiftelov § 24 at alle endringar og anna «som har varig verdi», skal matrikkelførast og tinglysast. I lovforslaget er høvet til matrikkelføring og tinglysing regulert i §§ 6-31 og 6-32. I dei fleste høve er areala ikkje påverka av jordskiftet. Bortsett frå at nye grensemerke kjem på plass, er det ikkje mogleg å sjå i terrenget at det går føre seg eit jordskifte, eller at jordskifte har gått føre seg.
Etter lovforslaget kan jordskifte for eksempel gå ut på ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett etter lovforslaget § 3-4 eller skiping og oppløysing av sameige etter lovforslaget §§ 3-5 og 3-6 eller etablering av fellestiltak og pålegg om investeringar etter lovforslaget § 3-9. Eit jordskifte kan òg gå ut på å gi eller endre reglane for sambruk etter lovforslaget § 3-8 eller å skipe lag og fastsetje vedtekter etter lovforslaget § 3-10.
Jordskifte kan gå ut på bruk av eitt verkemiddel, men ofte vil det bli brukt fleire verkemiddel samtidig i ei jordskiftesak. Dersom det er reist jordskiftesak, og for eksempel ein bruksrett er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing, har jordskifteretten dessutan etter gjeldande jordskiftelov og etter lovforslaget kompetanse til å omforme eller avløyse bruksretten sjølv om bruksretten elles ikkje kan vere grunnlag for eiga jordskiftesak. Sjå drøftinga av høvet mellom jordskifte og omskiping og avskiping etter servituttlova, kapittel 8.5.
Kapittel 8.2 gjer greie for strukturen i lovforslaget kapittel 3. Kapittel 8.3 gjeld ord og uttrykk som er brukte i lovforslaget. Kapittel 8.4 gjeld disposisjonsprinsippet i samband med jordskifte. Kapittel 8.5 gjeld tilhøvet mellom jordskifte og omskiping og avskiping etter servituttlova. Kapittel 8.6 gjeld jordskifte og reindrift. Dei etterfølgjande kapitla følgjer den same rekkefølgja som paragrafane i lovforslaget kapittel 3. Til sist er det eit eige kapittel om føresegner i gjeldande jordskiftelov som er foreslått oppheva.
8.2 Strukturen i lovforslaget kapittel 3
8.2.1 Høyringsforslaget
I gjeldande jordskiftelov er gangen i ei jordskiftesak det ordnande elementet. I høyringsforslaget legg arbeidsgruppa opp til ein struktur der ein skal skilje mellom reglar om saksbehandling og materielle reglar. Kapittel 3 om jordskifte er delt i 30 paragrafar fordelt på fire delar (I- IV).
Del I gjeld bruk av verkemiddel, vilkår og sperretid. Del II gjeld kva for endringar eit jordskifte kan gå ut på. I denne delen foreslår arbeidsgruppa å føre vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 2 slik at føresegna blir erstatta med ein paragraf for kvart verkemiddel. Arbeidsgruppa foreslår òg i del II at reglane om omskiping og avskiping av servituttar skal takast ut av servituttlova og innarbeidast i jordskiftelova. Del III gjeld grunnlaget for og krav til utfallet av eit jordskifte. Del IV gjeld andre oppgåver for jordskifteretten i samband med eit jordskifte.
8.2.2 Høyringsinstansane
Dei høyringsinstansane som uttaler seg, støttar i hovudsak oppbygginga av kapitlet i lova.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at oppbygginga av kapitlet er bra, og at det er greitt å gjere ei inndeling i underkapittel. Sør-Trøndelag jordskifterett meiner at verkemidla i jordskifte er samla på ein hensiktsmessig måte i kapittel 3.
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at overskrifta i høyringsforslaget kapittel 3 del I bør endrast til berre vilkår, og at òg overskrifta i høyringsforslaget kapittel 3 del III høver dårleg med innhaldet.
8.2.3 Departementets vurderingar
Det er mange sjølvprosederande partar i saker for jordskifteretten. Dette set krav til ein struktur i lova som gjer henne lett å forstå. Jordskiftelova må vere tydeleg og så enkel som råd. Departementet foreslår difor ei løysing i samsvar med forslaget i høyringsnotatet. Løysinga skil mellom reglar om saksbehandling og reglar som styrer kompetansen jordskifterettane skal ha. Reglane om saksbehandling går fram av lovforslaget kapittel 6.
I lovforslaget kapittel 3 Jordskifte foreslår departementet ei noko anna løysing enn forslaget i høyringsnotatet. Departementet foreslår å dele kapitlet inn i sju delar. Dei første fire delane gjeld det som kan kallast ordinære verkemiddel i jordskifte. Rekkefølgja i desse føresegnene byggjer på same måten som i gjeldande jordskiftelov på framdrifta i ei sak. Lovforslaget kapittel 3 del fem gjeld fordeling av planskapt netto verdiauke, medan del seks gjeld fare for naturskade. I del sju foreslår departementet å samle nokre føresegner som er aktuelle i samanheng med jordskifte, men som ikkje naturleg har ein samanheng med inndelinga i dei andre delane. Med dette utgangspunktet har underkapitla fått følgjande overskrifter:
I Utenlege eigedomstilhøve og bruk av verkemiddel i jordskifte
II Verkemiddel
III Grunnlaget for jordskifteløysinga
IV Jordskifteløysinga
V Fordeling av planskapt netto verdiauke
VI Fare for naturskade
VII Andre reglar om jordskifte.
8.3 Ord og uttrykk i lovforslaget kapittel 3
8.3.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår ei eiga føresegn med definisjonar (høyringsforslaget § 1-3). Arbeidsgruppa foreslår at ord og uttrykk som er knytt til landbrukseigedom og landbruksrelaterte rettar, skal erstattast med ord og uttrykk utan slik tilknyting. Det visast til at jordskiftelova skal vere ei lov for ulike typar eigedommar, ikkje berre landbrukseigedom. Nokre eksempel på endring i ord og uttrykk er at «kjøp av tilleggsjord» skal endrast til «handel med areal», «verdi som dyrka og udyrka» erstattast med «potensiell og aktuell verdi». Høyringsforslaget inneheld òg ei rekkje andre generelle ord og uttrykk. Ut over dette peiker arbeidsgruppa på at det er behov for betre språkleg presisjon. Dette er mellom anna grunngivinga for å bruke ord som «arealverdi», «tapsfråværsgarantien», «sperretid» og «grensejustering».
I høyringsforslaget foreslår arbeidsgruppa ut over dette at tilnærminga «Eigedomar som det er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte» i staden skal knytast til at partane har eit «problem» med å bruke eigedommen sin, jf. høyringsforslaget § 3-1.
8.3.2 Høyringsinstansane
Dei fleste høyringsinstansane som uttaler seg om ord og uttrykk, uttaler i samband med den konkrete ordbruken i forskjellige paragrafar, men Justisdepartementet uttaler til høyringsforslaget § 1-3 om definisjonar at omgrep som berre brukast éin stad i lova, bør definerast i tilknyting til reglane der. Kommentarane frå høyringsinstansane er difor i hovudsak refererte i tilknyting til paragrafane det er snakk om. Eksempel på dette er jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme som meiner at omgrepet «tyngsler» må avgrensast klarare. Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme med fleire saknar uttrykket «etter tida og tilhøva». Justisdepartementet er kritisk til bruken av ordet «påstand» i høyringsforslaget § 3-4 tredje ledd. Jordskifteoverrettane er mindre glad for uttrykket som blir brukt om vilkåret i § 3-3 i høyringsforslaget. Dei meiner at ikkje-tap er eit betre uttrykk enn «tapsfråvær» som er eit endå meir konstruert ord.
Ein del høyringsinstansar uttaler seg om bruken av omgrepet «problem» i høyringsforslaget. Omgrepet blir brukt i fleire paragrafar og fleire kapittel i høyringsforslaget. Uttalane gjeld bruken av omgrepet i samband med § 3-1 i høyringsforslaget. Justisdepartementet uttaler at formuleringa «for å løyse problema i saka» er uheldig, og at ho bør endrast. Den norske advokatforening er i stuss over formuleringa. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme foreslår å ta ut at formuleringa i høyringsforslaget § 3-1 første ledd. Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:
«Med bakgrunn i formålsparagrafen skaper ordet «problema» uklarhet.»
8.3.3 Departementets vurderingar
Det går fram av proposisjonen kapittel 6.5 at departementet foreslår å følgje tilrådinga frå Justisdepartementet om å definere omgrep som berre blir brukt ein stad i lova, i tilknyting til den konkrete bruken av omgrepet.
Det er elles vanskeleg å seie noko generelt om valet av ord og uttrykk. I lovforslaget tek ein sikte på å bruke formuleringar frå dagleg tale som kan gi ei tydeleg og dekkjande forklaring på kva føresegna gjeld. Eit eksempel på endringar som tek sikte på å gjere språket enklare å forstå, er at omgrepet «skiftegrunnlaget» som går igjen i fleire føresegner i gjeldande jordskiftelov er endra til «grunnlaget for jordskiftet», sjå for eksempel lovforslaget overskrifta i del III, og § 3-19. I staden for «skiftefeltet» blir gjennomgåande omgrepet «jordskifteområdet» brukt i lovforslaget.
På same måten som i høyringsforslaget, foreslår departementet mange stader at lovforslaget skal innehalde ord og uttrykk som er assosierte med fast eigedom generelt framfor ord og uttrykk som fører tankane mot landbruk. Departementet meiner at dette ordvalet gjer det tydeleg at verkemidla i jordskifte gjeld ulike typar eigedommar slik at ordlyden i lova blir meir dekkjande for kva lova gjeld. Ut over dette er det generelle omgrepet «skifte» i gjeldande jordskiftelov bytt med meir presise formuleringar som «leggje ut grunn og bruksrettar» sjå lovforslaget § 3-19, eller «byte grunn» i lovforslaget § 3-20.
Departementet foreslår likevel mange stader å bruke etablerte ord og uttrykk frå gjeldande jordskiftelov sjølv om det blir brukt nye ord og uttrykk i høyringsforslaget. Eit eksempel er at omgrepet «problem» som brukast i høyringsforslaget, og som høyringsinstansane uttaler seg om, er bytt ut med formuleringar frå gjeldande jordskiftelov. Sjå lovforslaget §§ 3-1 og 3-2. Starten på eit jordskifte er at minst ein eigar meiner at eigedommen er utenleg etter tid og tilhøve. Når jordskifteretten skal behandle jordskiftet, står jordskifteretten overfor det som partane har teke opp som utenleg, og som saka skal dreie seg om å råde bot på. Dette kan rett nok omtalast som «problemet i saka», men departementet er samd med dei høyringsinstansane som peiker på at ordet «problem» ikkje er så presist at det er eigna til å gi klare rammer for kva jordskifteretten kan gjere i eit jordskifte. Departementet foreslår difor ikkje å bruke ordet «problem» i lovforslaget kapittel 3. Eit anna eksempel som høyringsinstansane tek opp, er bruken av ordet «tyngsler» i høyringsforslaget. Departementet foreslår å bruke omgrepa «rett» eller «bruksrett» slik ein gjer i gjeldande jordskiftelov. Sjå drøfting av dette i kapittel 8.5.
Departementet foreslår òg å halde fast ved nokre få heilt spesielle ord og uttrykk fordi dei er vanskelege å erstatte. I lovforslaget er såleis omgrepet «standskog» brukt, sjå lovforslaget § 3-15 andre ledd.
8.4 Jordskifte og disposisjonsprinsippet
8.4.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-1 å lovfeste praksis etter gjeldande jordskiftelov som går ut på at det er opp til partane å avgjere om dei vil bringe ei sak inn for jordskifteretten, men at jordskifteretten tek stilling til kva for verkemiddel som er eigna til å løyse dei utenlege tilhøva partane har peikt på.
Ut over dette foreslår arbeidsgruppa i høyringsforslaget § 6-17 femte ledd å føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 25 fjerde ledd om at jordskifteretten kan utvide jordskiftesaka ut over jordskiftekravet og for eksempel ta med fleire eigedommar dersom jordskifteretten finn utviding nødvendig for å oppnå ei tenleg jordskifteløysing.
8.4.2 Høyringsinstansane
Høyringsinstansane foreslår ikkje endringar i forslaga til arbeidsgruppa. Jordskifteoverrettane uttaler at det er behov for ein regel som viser at det er opp til jordskifteretten å avgjere kva for verkemiddel som er eigna for å løyse kravet.
8.4.3 Departementets vurderingar
I sivile saker avgjer partane om dei vil bringe ei sak inn for retten, og retten kan innan dei fleste saksfelta ikkje gå ut over påstandar partane set fram. Denne ramma for kompetansen retten har, er ofte omtala som disposisjonsprinsippet, og ho er lovfesta i tvistelova § 11-2.
Disposisjonsprinsippet er òg utgangspunktet ved jordskifte. I gjeldande jordskiftelov følgjer det av § 97 første ledd bokstav a) at tvistelova § 11-2 gjeld tilsvarande så langt det høver. I jordskifte er det likevel slik i praksis etter gjeldande jordskiftelov at partane avgjer om dei vil bringe ei sak inn for jordskifteretten, og dei må peike på kva som er utenleg etter tid og tilhøve, jf. gjeldande jordskiftelov § 1. Partane kan ut over dette ikkje styre jordskifteløysinga gjennom ein konkret påstand om bruk av eitt bestemt verkemiddel og utelukke eit anna. Det er jordskifteretten som fastset kva for verkemiddel som er eigna til å løyse det utenlege tilhøvet.
Departementet meiner at den same løysinga må gjelde i ny jordskiftelov. Jordskifteløysinga vil ofte vere eit kompromiss mellom mange omsyn og interesser, og jordskifteretten skal sjå til at vilkåra for jordskifte er til stades. Det er særleg viktig i denne samanhengen at lova gir vern mot at ein eigedom eller bruksrett lir tap. Sjå lovforslaget § 3-18. Jordskifteretten har såleis eit ansvar for sjølve jordskifteløysinga som ikkje er knytt til tolking av lova, men til eit balansert resultat innanfor rammene som er sett for jordskiftet.
Departementet meiner det er sentralt for å kunne bruke verkemiddel i jordskifte at ansvaret jordskifteretten har for den endelege løysinga førast vidare i ny jordskiftelov. Det er jordskifteretten, ikkje partane, som må ta stilling til om ein eigedom eller bruksrett lir tap. I eit jordskifte vil jordskifteretten såleis ha ei anna rolle enn den rolla tingretten til vanleg har i tvistesaker. Resultatet av dette er at ansvaret for resultatet av saka må fordelast på ein annan måte mellom jordskifteretten og partane enn i ordinære sivile tvistesaker. Ein konsekvens av denne «ansvarsdelinga» er at partane i ei jordskiftesak ikkje bør ha like sterk styring med jordskifteløysinga som partane i ein tvist i tingretten normalt vil ha gjennom sine påstandar.
Departementet er samd med jordskifteoverrettane i at denne løysinga bør gå fram av lova. Departementet foreslår følgjande løysing: Etter lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav f) vil regelen i tvistelova § 11-2 gjelde så langt det høver. Dette er i samsvar med løysinga i gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd bokstav a). Etter lovforslaget § 3-1 første ledd første punktum kan jordskifteretten velje kva for verkemiddel som skal brukast. Etter lovforslaget § 3-2 andre ledd har jordskifteretten ikkje kompetanse til å byggje på andre høve enn dei utenlege eigedomstilhøva som partane har teke opp i jordskiftet. Samla fører forslaget vidare praksis etter gjeldande jordskiftelov.
Departementet foreslår ut over dette i lovforslaget § 6-9 fjerde ledd at jordskifteretten av eige tiltak kan gå utanom den geografiske avgrensinga av krava som partane har reist, og ta med attverande delar av eigedommane som jordskiftet gjeld. Jordskifteområdet kan i slike høve ikkje utvidast meir enn det som trengst for å få løyst saka slik ho er sakleg avgrensa etter dei krava som er reiste. Denne regelen byggjer på regelen i gjeldande jordskiftelov § 25 fjerde ledd som gjeld avgrensinga av skiftefeltet.
Reglane om kontradiksjon og saksbehandling må tilpassast dette forslaget. Dette er drøfta i kapittel 12. Sjå for eksempel lovforslaget § 6-21 der departementet foreslår å lovfeste reglar om at jordskifteretten skal leggje fram skriftleg forslag til jordskifteavgjerd.
8.5 Jordskifte og omskiping og avskiping etter servituttlova
8.5.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår å oppheve §§ 5 til 8 i servituttlova. Omskiping og avskiping etter servituttlova skal erstattast av tilsvarande verkemiddel etter jordskiftelova, sjå §§ 3-9, 3-10 og 3-12 i høyringsforslaget. Omskiping og avskiping skal falle inn under samleomgrepet jordskifte. I høyringsbrevet går departementet mot dette forslaget.
8.5.2 Høyringsinstansane
Justisdepartementet støttar i uttalen sin forslaget frå departementet. Det same gjer Sør-Rogaland jordskifterett.Justisdepartementet uttaler i samband med dette:
«Justisdepartementet er enig i at avskiping og omskiping av servitutter kan være nye jordskiftevirkemidler, men departementet kan ikke se at det av den grunn er nødvendig eller tjenelig å flytte reglene fra servituttloven. Reglene utgjør en viktig del av det privatrettslige rettsforholdet mellom grunneieren og servitutthaveren, som elles er regulert i servituttloven. Reglene hører difor naturlig hjemme i servituttloven, og ikke i jordskifteloven som har mer preg av å være en prosesslov. Vi foreslår at det i stedet for å flytte reglene tas inn en henvisning til servituttlovens regler om avskiping og omskiping.»
Uttalen frå jordskifteoverrettane tek ikkje stilling til om forslaget frå arbeidsgruppa eller forslaget frå departementet bør gjennomførast. Jordskifteoverrettane uttaler:
«Vi ser det som ei klar forbetring at jordskiftedomstolane får endå sterkare verkemiddel til å handtere servituttar og bruksrettar. Dette er eit område der jordskiftedomstolane har spesialkompetanse, og kan gjere stor nytte for seg.»
Heller ikkje jordskiftedomarane i Gulating jordskiftedømme gir uttrykk for ei meining om dei to løysingane, men jordskiftedommarane peiker på behovet for krysstilvisingar. Dommarane uttaler:
«Vi ser at Landbruks- og matdepartementet i høyringsbrevet går inn for at reglane om avskiping og omskiping fortsatt skal stå i servituttlova, sjølv om ein gjer dette til jordskiftevirkemiddel slik som lovforslaget legg opp til. Dersom LMD sitt forslag om dette vert det endelege, vil vi foreslå ein tilvisningsparagraf i ny jordskiftelov, ev. krysstilvisning både i jordskiftelova og servituttlova, slik at det går tydeleg fram også av jordskiftelova at av- og omskiping er eit jordskiftevirkemiddel. Det vil vere uheldig om eit jordskiftevirkemiddel ikkje går fram av jordskiftelova, men må leitast fram i ei anna lov.»
Ei rekkje andre høyringsorgan meiner at hovudtrekka i forslaget frå arbeidsgruppa bør gjennomførast fordi forslaget vil føre til forenklingar. Dette gjeld mellom anna jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme, Sør-Trøndelag jordskifteret, Direktoratet for Naturforvaltning (DN) og Fylkesmannen i Hordaland. DN uttaler ut over dette at:
«Men det bør også være klart at vilkårene og kriteriene for omskiping og avskiping av servitutter ikke må bli lempeligere som følge av endringene.»
8.5.3 Departementets vurderingar
8.5.3.1 Kompetanse etter gjeldande reglar
Omskiping. Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b) kan jordskifteretten som eit jordskifte (eiga jordskiftesak) forme ut eigedommar på nytt ved byte av rettar. I Ot.prp. nr. 57 (1997–1998) side 118 er «rettane» dette gjeld avgrensa til positive alltidvarande realservituttar. Personlege rettar eller negative servituttar kan såleis ikkje omskipast som eiga sak etter jordskiftelova. Med heimel i gjeldande jordskiftelov § 33 første ledd andre punktum tredje alternativ kan jordskifteretten likevel, dersom det alt er reist ei jordskiftesak, flytte ein bruksrett frå ein stad til ein annan anten på eigedommen eller til ein annan eigedom. Det er lagt til grunn i Ot.prp. nr. 56 (1978–1979) side 85 at alle bruksrettar er omfatta, anten dei er tidsavgrensa, alltidvarande, reelle eller personlege. Det blir òg vist til at for dei bruksrettane som ikkje kan avløysast, er § 33 første ledd den einaste løysinga. Heller ikkje denne regelen gir heimel for å omskipe negative servituttar.
Med heimel i reglane i servituttlova §§ 5 og 6 om omskiping og servituttlova § 19, kan anten lensmannen eller jordskifteretten omskipe rettar. Forma for avgjerd etter servituttlova er skjønn. Reglane i jordskiftelova og servituttlova liknar kvarandre, men har ei rekkje forskjellar. Når det gjeld krav om sak, har servituttlova inga avgrensing i høve til personlege rettar eller negative servituttar, slik jordskiftelova har.
Bruksordning/utvising. Gjeldande jordskiftelov har mange heimlar for å gi reglar om sambruk (bruksordning). Reglane blir drøfta i kapittel 8.13. Ei liknande ordning er lovfesta i servituttlova § 13 første ledd for retten til å ta ut trevirke til hushald eller gardsbruk. Det følgjer av denne regelen at den som har ein rett til å ta ut trevirke til hushald eller gardsbruk, må ta trevirket etter utvising dersom skogeigaren krev det. Føresegna gir nærare reglar for korleis utvisinga skal skje, og for innhaldet i retten til utvising.
Avskiping/avløysing. Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav d) kan jordskifteretten som eit jordskifte (eiga jordskiftesak) avløyse dei bruksrettane som er nemnde i gjeldande jordskiftelov § 36. Dette gjeld ei konkret liste over alltidvarande bruksrettar av ulikt slag. Dersom det er reist jordskiftesak, kan jordskifteretten dessutan avløyse bruksrettar av alle slag, sjå gjeldande jordskiftelov § 39. Dette er lagt til grunn i Ot.prp. nr. 56 (1978–1979) side 87. Det er eit vilkår for slik avløysing at rettane er til hinder for eit tenleg jordskifte, at bruksordning ikkje fører fram, og at avløysing kan gjennomførast på ein formålstenleg måte utan skade for nokon part. Negative servituttar kan ikkje avløysast etter denne regelen.
Servituttlova § 7 gjeld avskiping av servitutt, det vil seie «særrettar over framand fast eigedom til einskilde slag bruk eller anna utnyttingsrådvelde eller til å forby einskilde slag verksemd, bruk eller tilstand», jf. servituttlova § 1 første ledd første punktum. Slik sak kan etter servituttlova reisast anten for lensmannen eller jordskifteretten. Forma for avgjerd etter servituttlova er skjønn. Sjå kapittel 11.6.7.3 der rolla jordskifteretten har i dette skjønnet er drøfta. Ved avløysing etter jordskiftelova og avskiping etter servituttlova er ein viktig skilnad mellom dei to lovene at det berre kan reisast sak etter jordskiftelova om avløysing av alltidvarande bruksrettar, medan ein etter servituttlova kan avskipe alle servituttar, mellom anna negative servituttar.
8.5.3.2 Behovet for endringar
Departementet meiner at det er behov for å forenkle reglane. Reglane står i to ulike lover, dei har litt ulikt innhald med omsyn til kva som kan omskipast eller avløysast, ulik prosessform for avgjerdene, og det er ulike organ som tek avgjerd i sakene. Reglane for ansvar for sakskostnader er òg ulike. Dette kan føre til at partar som krev sak for lensmannen, kan risikere andre resultat enn om saka reisast som jordskiftesak. For han eller ho som ønskjer å omskipe eller avløyse rettar, er det vanskeleg å få oversikt over reglane og finne ut korleis dei kan løyse situasjonen. Det kan føre til rettstap for enkelte. Skiljet mellom kva for rettar som kan behandlast gjennom jordskifte, og kva for rettar som berre kan behandlast gjennom sak etter servituttlova, er heller ikkje enkelt å forstå. I Meld. St. nr. 9 (2011–2012) Velkommen til bordsside 269 er det lagt til grunn at valfridommen mellom ulike instansar etter gjeldande servituttlov bør fjernast, og at sakene bør leggjast til jordskifteretten.
Departementet meiner òg at det er ønskeleg å rydde i bruken av omgrep i jordskiftelova. Departementet vil peike på at ordet rettar betyr litt av kvart i gjeldande jordskiftelov avhengig av kva for paragraf ordet står i. Sjå omtale av dette under kapittel 8.5.3.1. Ved å rydde i bruken av dette omgrepet i jordskiftelova kan reglane bli lettare å forstå enn dei er i dag.
8.5.3.3 Forslaget om å gjere omskiping og avskiping etter servituttlova til verkemiddel i jordskifte
Departementet foreslår i tråd med uttalen frå Justisdepartementet at føresegnene i servituttlova §§ 5 til 8 om omskiping og avskiping ikkje flyttast frå servituttlova til jordskiftelova. Kapittel 11.4, 11.5 og 11.6 inneheld ei drøfting av departementets forslag i samband med den kompetansen jordskifteretten bør ha til å avgjere saker etter servituttlova. Departementet er samd med jordskifteoverrettane i at jordskifterettane har slik kunnskap og erfaring at dei kan gjere stor nytte for seg ved å avgjere saker etter servituttlova. Departementet foreslår at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere det som i dag blir kalla skjønn etter servituttlova anten som eiga sak, eller i samband med sak etter jordskiftelova. Løysinga går fram av lovforslaget §§ 5-3 bokstav e, av 5-4, og av forslaget til servituttlova § 18. Forslaget byggjer mellom anna på ei tilvising frå jordskiftelova til servituttlova, slik jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme foreslår.
Når jordskifteretten blir einaste instans som kan avløyse servituttar etter jordskiftelova og avskipe servituttar etter servituttlova, opnar ein for ein kombinasjon av reglane. Løysinga opnar for at jordskifteretten i praksis kan bøte på det partane meiner er utenleg ved bruk av verkemidla i jordskifte så langt desse verkemidla rekk, før jordskifteretten tek ei avgjerd for resten etter servituttlova. Ein part vil såleis prinsipalt kunne krevje bruksordning eller avløysing etter jordskiftelova og subsidiært omskiping eller avskiping etter servituttlova. Forslaget til ny jordskiftelov legg òg på andre punkt, mellom anna i lovforslaget § 5-3, opp til at det skal vere enkelt å gå frå bruk av verkemidla i jordskifte, til å ta avgjerder etter servituttlova undervegs i saka.
Departementet har, ut over dette og med bakgrunn i høyringsnotatet og innspel frå høyringsinstansane, vurdert om det òg let seg gjere å forenkle reglane i jordskiftelova og servituttlova ved å gjere dei innhaldsmessig like, eller om ei av lovene vil kunne erstatte den andre anten fullt ut eller delvis. Departementet meiner det er lite å hente ved slike løysingar. Dei kan rett nok føre til forenkling, men om dei blir gjennomførte vil dei truleg gi dårlegare resultat for partane. I ei jordskiftesak er det berre når ei jordskifteløysing gjer det nødvendig med pengeerstatning, at reglane i servituttlova vil kunne gi tenlege resultat for partane. Når det ikkje er snakk om pengeerstatning, er det sentrale i jordskiftesaka å oppnå heilskaplege jordskifteløysingar som omfattar alle verdiar som byttast mellom partane.
Alltidvarande bruksrettar som ligg til fast eigedom, bør etter departementets syn, framleis kunne omformast som del av eit jordskifte. Slike bruksrettar er difor omfatta av lovforslaget § 3-4. Slik regelen er i dag, kan dei òg avløysast som eiga jordskiftesak. Departementet meiner dette ikkje vil vere nødvendig i alle høve, og foreslår at om ein part krev avløysing som eiga sak, skal saka følgje reglane i servituttlova. Sjå lovforslaget § 5-4. Dersom det er reist jordskiftesak, og ein alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing, for eksempel fordi det ikkje let seg gjere å omforme retten, foreslår departementet likevel at jordskifteretten skal kunne avløyse den alltidvarande bruksretten som del av jordskiftet. Sjå lovforslaget § 3-12.
Slik jordskiftelova § 36 er i dag, kan òg visse alltidvarande bruksrettar som ikkje ligg til fast eigedom, bli avløyste som eiga jordskiftesak. Andre bruksrettar, som for eksempel tidsavgrensa bruksrettar eller bruksrettar som ikkje er nemnde i gjeldande jordskiftelov § 36, kan etter gjeldande jordskiftelov § 39 berre avløysast dersom rettane er til hinder for eit tenleg skifte. Dei bruksrettane dette gjeld, kan ikkje omformast som eit sjølvstendig jordskifte. Departementet foreslår at alle desse ulike konkret nemnde bruksrettane skal behandlast likt. Dersom ein part krev omskiping eller avskiping av slik bruksrett som eiga sak, foreslår departementet at saka skal avgjerast etter reglane i servituttlova. Sjå lovforslaget § 5-4. Dersom det er reist jordskiftesak og ein slik bruksrett er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing, foreslår departementet at jordskifteretten skal kunne trekkje bruksretten inn som del av jordskiftet. Sjå lovforslaget § 3-11 som gir jordskifteretten heimel for å omskipe slik bruksrett, eller avløyse han.
Departementet foreslår ut over dette at jordskifteretten skal få kompetanse til å avløyse negative servituttar som del av eit jordskifte dersom servitutten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Sjå lovforslaget § 3-12. Når departementet meiner at det òg bør vere mogleg å avløyse negative servituttar som del av eit jordskifte, er det for å gjere verkemidla i jordskifte betre eigna til å løyse utenlege tilhøve i urbane strok der negative servituttar kan vere meir vanlege enn i rurale område.
Forslaga frå departementet fører til at reglane, med nokre justeringar, i det store og heile blir ført vidare om lag slik dei er. Forslaga fører vidare skiljet mellom alltidvarande bruksrettar på den eine sida, og andre bruksrettar på hi, henta frå systematikken i gjeldande jordskiftelov §§ 36 og 39.
Nærare grunngiving for forslaga går fram av kapittel 8.16.
8.6 Jordskifte og reindrift
8.6.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten ikkje skal kunne byte om på kvar samane sin rett til reindrift er, jf. høyringsforslaget § 3-6 andre ledd. Dette gjeld òg internt i reindrifta.
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-9 fjerde ledd å føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 36 andre ledd som avgrensar kompetansen til å avløyse retten samane har til reindrift.
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-11 første ledd bokstav e første punktum å føre vidare heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 3 første punktum. Etter føresegna kan jordskifteretten gi reglar om bruken i område i det samiske reinbeitområdet der det går føre seg reindrift. Høyringsforslaget § 3-11 andre ledd utvidar regelen til óg å gjelde festarar på grunneigarsida. Samla gir dette jordskifteretten heimel til å gi reglar om bruken med sikte på å råde bot på beitekonfliktar mellom reindrifta og andre rettshavarar utan tilknyting til reindrifta.
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-11 første ledd bokstav e siste punktum å føre vidare avgrensinga i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 3 siste punktum mot bruksordning internt i reindrifta.
Endeleg foreslår arbeidsgruppa i høyringsforslaget § 3-13 andre ledd å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 34 a andre ledd om at jordskifteretten kan skipe sams tiltak som gjeld tilhøva mellom reindrifta på den eine sida, og grunneigarar og bruksrettshavarar på den andre sida.
8.6.2 Høyringsinstansane
Høyringsinstansane uttaler seg berre om forslaget om å føre vidare forbodet i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 3 siste punktum mot bruksordning internt i reindrifta.
Norske Reindriftsamers Landsforbund, Norske Samers Riksforbund, Reinbeitedistrikt 36 Raisduottar, Samerettsgruppa ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme, jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og Den Norske Advokatforening foreslår at jordskifteretten skal få heimel til å halde slike bruksordningssaker.
Samerettsgruppa ved Universitetet i Tromsø viser til at lova fører til ei forskjellsbehandling som kan vere i strid med norsk lov og internasjonale rettsforplikting. I uttalen er det vist til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar artikkel 14 om «access to court» samanhalde med forbodet mot diskriminering i artikkel 26. Samerettsgruppa meiner at gjeldande lov kan vere i strid med reglane fordi:
«en gruppe samiske rettighetshavere er fratatt muligheten til å benytte et rettslig virkemiddel for å løse sine interne beitekonflikter, samtidig som dette er tilgjengelig for å løse beitekonflikter innen jordbruket.»
I grunngivinga for denne konklusjonen viser samerettsgruppa til drøftingar i Ot.prp. nr. 28 (1994–95) Om lov om endringer i reindriftsloven, jordskifteloven og viltloven. Gruppa viser òg til uttaler frå leiaren av samerettsutvalet, Jon Gauslaa. Det blir peika på at Gauslaa meiner at grunngivinga for unntaket i jordskiftelova har betyding for om det kan vere i strid med folkeretten. Det visast elles til at Gauslå meiner at Rt. 2001 side 769, Selbudommen, har ført til at reindriftsretten ikkje lenger kan reknast som ein kollektiv rett. Da unntaket i gjeldande regel i jordskiftelova kom inn i 1996 var reindriftsretten rekna som ein kollektiv rett. Reindriftsretten blir nå omtala som ein sjølvstendig rett med grunnlag i alders tids bruk. Dette leggjast til grunn ved erstatning for inngrep i reindriftsrettar. Erstatning kan da utbetalast til mindre einingar innanfor det reinbeitedistriktet der det er gjennomført naturinngrep. Samerettsgruppa viser ut over dette til at Gauslaa meiner at bruksordning etter jordskiftelova kan gi grunnlag for å løyse interne beitetvistar i reindrifta. Samerettsgruppa foreslår på dette grunnlaget ei endring i jordskiftelova slik at verkemidla i jordskifte kan brukast for å avklare og ordne interne bruks- og rettstilhøve i reindrifta. Gruppa peiker òg på at det er eit påtrengjande behov for løysingar som kan føre til rettsavklaringar og bruksordningar i delar av dei samiske vinterbeiteområda. Gruppa peiker på at unntaket bør fjernast, og at Landbruks- og matdepartementets forslag frå Ot.prp. nr. 25 (2006–2007) side 48 om å styrkje to jordskiftedomstolar med reindriftsfagleg kompetanse, samisk språk og kulturforståing bør følgjast opp.
Dei andre høyringsinstansane som uttaler seg, sluttar seg til det prinsipale i denne argumentasjonen, men dei er ikkje like utfyllande. Reinbeitedistrikt 36 Raisduottar viser til alle forsøk på å løyse problema med beiting på andre sine beiteområde hittil har vore mislukka. Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) og Norske Samers Riksforbund meiner begge at jordskifteretten bør få heimel til å regulere tilhøve internt i reindrifta under føresetnad av at jordskifteretten blir tilført nødvendig kompetanse i reindriftsspørsmål.
8.6.3 Departementets vurderingar
8.6.3.1 Gjeldande rett
Det er fastsett fleire reglar i jordskiftelova og i reindriftslova som gjeld jordskifte og reindrift.
Bruksordning
Det går fram av jordskiftelova § 2 første ledd bokstav c første punktum at jordskifte kan gå ut på å gi reglar om bruken i området i det samiske reinbeiteområdet der det går føre seg reindrift. I andre punktum er det fastsett at jordskifteretten likevel ikkje kan regulere bruken mellom dei som driv slik reindrift. Bruksreglar som gjeld i reinbeitedistrikta, skal etter reindriftslova § 58 første ledd fastsetjast av distriktsstyret og godkjennast av områdestyret. I tillegg går det fram av § 58 sjette ledd at talet på rein for den enkelte siida skal leggjast fram for reindriftsstyret for endeleg stadfesting og godkjenning. Dersom reglar om beitebruk slår urimeleg ut for enkelte, eller dei er i strid med særlege rettshøve, kan dei etter reindriftslova § 59 fjerde ledd setjast til side av jordskifteretten. Krav om slik overprøving må setjast fram av leiaren av ein siidaandel innan seks månader etter at områdestyret har godkjent bruksreglane. Jordskifteretten kan ut over dette og med heimel i jordskiftelova § 34 a andre punktum skipe sams tiltak som gjeld mellom reindrifta og grunneigarar eller bruksrettshavarar.
Byte av rettar
Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b) kan jordskifteretten forme ut eigedom på nytt ved byte av grunn og rettar. Dei rettane dette gjeld, er omtala i kapittel 8.5.3.1 og er i Ot.prp. nr. 57 (1997–1998) side 118 avgrensa til «positive alltidvarande realservituttar». Reindriftsretten er ikkje ein slik rett. Jordskiftelova gir såleis i dag ingen heimel for å byte rettar mellom rettshavarar innan reindrifta.
Avløysing
Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 36 at rett til reindrift i det samiske reinbeiteområdet ikkje kan avløysast.
8.6.3.2 Omforming, byte av rettar og avløysing
Innspela frå høyringsinstansane viser ikkje innvendingar mot at reglane om omforming og byte av rettar og avløysing av rettar blir ført vidare med ny jordskiftelov. Departementet har heller ikkje registrert at det ligg føre noko behov for endring i reglar som gjeld slike saker.
Departementet foreslår difor inga endring når det gjeld unntaket frå hovudregelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b) om kva for kompetanse jordskifteretten bør ha til å byte om på reindriftsrett som samane har. Departementet meiner likevel at det ikkje er nødvendig å nemne reindriftsrettane særskilt i lovteksten slik forslaget var i høyringa. Det må vere nok å vise til at kompetansen til jordskifteretten uttrykkeleg må gå fram av lova. Unntaket går difor som etter gjeldande reglar, indirekte fram ved at lovforslaget § 3-4 første ledd andre punktum berre gjeld bruksrettar som ligg til fast eigedom. Retten samana har til å drive reindrift fell såleis utanfor.
Departementet foreslår heller ikkje noka endring når det gjeld forbodet mot avløysing av reindriftsretten til samane. Regelen om dette går fram av lovforslaget § 3-11 andre ledd andre punktum, men slik at § 3-11 gjeld både omskiping og avløysing.
8.6.3.3 Bruksordning
Det har ikkje kome inn merknader frå høyringsinstansane som gjeld forslaget arbeidsgruppa har om å føre reglane om bruksordning vidare i ny lov. Departementet foreslår etter dette å føre vidare jordskiftelova § 35 bokstav i. Forslaget går fram av lovforslaget § 3-8 fjerde ledd. Omtalen av endringar i lovforslaget § 3-8 går elles fram av kapittel 8.13.4. Desse endringane vil òg gjelde i saker som gjeld reindrifta.
Departementet har merka seg at fleire høyringsinstansar uttaler seg om heimel jordskifteretten bør ha i høve til beitesaker internt i reindrifta. Uttalane er samstemte. Slik departementet oppfattar uttalane, meiner høyringsinstansane at det vil vere tenleg for reindrifta at jordskifteretten har heimel til å gjere bruksordning internt i reindrifta, ikkje berre prøve om vedtaket som er gjort av områdestyret etter reindriftslova § 58 bør bli ståande eller ikkje. Det kjem òg fram i enkelte uttalar, sjå ovanfor, at den manglande moglegheita til å krevje bruksordning inneber ei forskjellsbehandling som kan vere i strid med norsk lov og internasjonale forpliktingar. I kapittel 2.3 foreslår departementet ein gjennomgang av spørsmålet om rettsutgreiing internt i reindrifta, bruksordning og kunnskapen jordskifteretten bør ha til å løyse slike saker.
8.7 Kva verkemiddel jordskifteretten kan bruke
8.7.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-1 ei opplisting av dei verkemidla jordskifteretten skal kunne bruke i eit jordskifte. Etter høyringsforslaget skal partane ikkje kunne styre bruken av verkemidla gjennom sine påstandar. Det er likevel eit krav at bruken av verkemidla skal kunne løyse problema i saka. Partane skal etter forslaget avgjere kva problemet er.
8.7.2 Høyringsinstansane
Justisdepartementet reiser spørsmål om ikkje høyringsforslaget § 3-1 første ledd er overflødig. Justisdepartementet meiner at det går fram av høyringsforslaget § 1-3 bokstav a at jordskifte skjer ved bruk av verkemidla i kapittel 3, og at det ikkje er behov for å lovfeste fridomen jordskifteretten har til å velje verkemiddel.
Det er fleire av høyringsuttalane frå jordskifterettane som er kritiske til bruken av ordet problem i høyringsforslaget § 3-1. Dette blir behandla i kapittel 8.4 ovanfor.
8.7.3 Departementets vurderingar
8.7.3.1 Heimel for kompetanse
Jordskifteretten må ha uttrykkeleg heimel i lov for kompetansen sin. I lovforslaget har departementet delt reglane om kompetanse i fire hovudgrupper. Den første gruppa er reglar om jordskifte der jordskifteretten kan velje eitt eller fleire verkemiddel i jordskifte for å løyse det utenlege som partane har peika på i førebuinga av saka. Verkemidla i denne gruppa går fram av lovforslaget §§ 3-4 til 3-10. Den andre gruppa er der ein bruksrett er til hinder for ei tenleg jordskiftejordskifteløysing. I slike tilfelle kan jordskifteretten ut over dei nemnde verkemidla, gi reglar for bruken av bruksretten, flytte han, endre han eller avløyse han, sjå lovforslaget §§ 3-11 og 3-12. Jordskifteretten kan òg etter lovforslaget § 3-12 avløyse ein negativ servitutt som del av jordskifte. Den tredje og fjerde typen kompetanseregel er der jordskifteretten anten fordeler planskapt netto verdiauke etter lovforslaget § 3-30, eller fastset reglar etter lovforslaget § 3-33 om korleis skade etter ein naturskade skal delast der det tidlegare har blitt gjennomført jordskifte.
8.7.3.2 Plassering av kompetanseheimlar
Departementet meiner at det av omsyn til informasjon er ønskeleg at det i innleiinga av jordskiftekapitlet bør vere ein paragraf som slår fast kva eit jordskifte kan gå ut på. Departementet foreslår såleis at første paragrafen i kapitlet listar opp dei ordinære verkemidla i jordskifte, det vil seie dei to første gruppene som er nemnde ovanfor. Løysinga departementet har valt, byggjer på løysinga i høyringsforslaget og i gjeldande jordskiftelov, og departementet har ikkje merka seg at nokon har peikt på at dette bør endrast. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 3-1 første ledd første og tredje punktum. Reglane som gjeld for slike jordskifte går fram av lovforslaget kapittel 3 del I til IV. I tillegg er det teke inn nokre samlereglar i lovforslaget kapittel 3 del VII.
Departementet er samd med Justisdepartementet i at det ikkje er nødvendig å ha både ein definisjon av omgrepet jordskifte i definisjonsparagrafen slik det var i høyringsforslaget § 1-3, og eit noko så nær gjentak av definisjonen i høyringsforslaget § 3-1. I lovforslaget § 1-3 har departementet difor ikkje innarbeidd nokon definisjon av omgrepet jordskifte.
Etter departementets syn er den tredje og fjerde gruppa kompetanseheimlar ulik jordskifte på ei rekkje punkt. Først og fremst er oppgåva jordskifteretten har i slike saker ikkje knytt til å bøte på det partane har teke opp som utenlege eigedomstilhøve. Jordskifteretten skal anten fordele ein verdiauke, eller fordele eit tap. Departementet meiner difor at det vil kunne skape forvirring om opplistinga i lovforslaget § 3-1 òg omfattar desse verkemidla. Desse kompetanseheimlane er i staden tekne inn i lovforslaget som eigne delar, del V som gjeld fordeling av planskapt netto verdiauke, og del VI som gjeld fare for naturskade. Avgjerd i slik sak skal etter lovforslaget § 6-23 fjerde ledd, reknast som ei jordskifteavgjerd. Forslaget departementet set fram er på dette punktet noko annleis enn det som blei sendt på høyring. Det er òg annleis enn løysinga i gjeldande jordskiftelov § 2 som mellom anna listar opp fordeling av planskapt netto verdiauke som eit verkemiddel i jordskifte.
8.7.3.3 Nærare om kva verkemiddel jordskifteretten kan bruke for å bøte på utenlege eigedomstilhøve – jordskifte
Praksis etter gjeldande jordskiftelov er at jordskifteretten har heimel for å halde jordskifte for å bøte på det partane har teke opp som utenlege eigedomstilhøve. Det er opp til jordskifteretten å ta stilling til kva for verkemiddel som er best eigna til å få dette til. Departementet meiner at dette må gå tydelegare fram av lova enn i dag. Sjå drøfting av dette i samband med jordskifte og disposisjonsprinsippet i kapittel 8.4. Departementet foreslår difor at det i lovforslaget § 3-1 første ledd første punktum skal gå fram at jordskifteretten kan bruke verkemidla i §§ 3-4 til 3-10 for å bøte på det partane har teke opp som utenlege eigedomstilhøve slik det går fram av § 3-2.
Departementet meiner òg at gjeldande jordskiftelov § 2 andre ledd bør førast vidare. Føresegna seier at ei jordskiftesak kan omfatte eitt eller fleire tiltak. Departementet foreslår at ordlyden førast vidare i lovforslaget § 3-1 første ledd andre punktum.
Det går fram av kapittel 8.5 og kapittel 8.16.4 at reglane om kompetansen jordskifteretten har til å omskipe eller avløyse bruksrettar i gjeldande jordskiftelov er kompliserte, og at det er grunn til å forenkle dei. Departementet meiner med dette som bakgrunn at det bør gå tydelegare fram i ny jordskiftelov at kompetansen til å avløyse, og i ein del tilfelle òg til å omskipe slike rettar ikkje kan reisast som eiga jordskiftesak. Kompetansen jordskifteretten har, bør gjelde når det alt er reist sak, og ein rett er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Dette vilkåret går fram av gjeldande jordskiftelov § 39 første punktum når det gjeld andre bruksrettar enn dei alltidvarande som er nemnde i gjeldande jordskiftelov § 36. Departementet foreslår ei forenkling av reglane slik at retten i alle tilfelle må vere til hinder for å halde eit jordskifte for at jordskifteretten skal ha slik kompetanse. Departementet meiner at regelen bør gå fram av den innleiande paragrafen i jordskiftekapitlet, og har teke han inn i lovforslaget § 3-1 første ledd tredje punktum. Det nærare innhaldet i regelen er drøfta i samband med lovforslaget §§ 3-11 og 3-12, sjå kapittel 8.16.
Det går fram av lov om bygdeallmenningar av 19. juni 1992 nr. 59 og lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningene av 19. juni 1992 at kompetansen jordskifteretten har til å halde jordskifte i slike allmenningar, er avgrensa. Departementet meiner at kompetansen framleis bør vere avgrensa, men at unntaket av informative grunnar bør gå fram gjennom ei tilvising i ny jordskiftelov. Sjølve avgrensinga av kompetansen jordskifteretten har vil etter lovforslaget følgje av lov om bygdeallmenninger av 19. juni 1992 nr. 59 § 1-4, lov om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane av 6. juni 1975 nr. 31 § 16 og lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningene av 19. juni 1992 nr. 60 § 4-2. Tilvisinga til lovene går fram av lovforslaget § 3-1 andre ledd.
8.8 Utenlege eigedomstilhøve
8.8.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår at ny jordskiftelov ikkje skal innehalde noko krav om at det må liggje føre utenlege eigedomstilhøve for å reise jordskiftesak. Forslaget er ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 1. Denne føresegna fastset at eigedommar som det er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve, kan leggjast under jordskifte. I høyringsforslaget § 3-1 heiter det at «For å løyse problema i saka, kan jordskifteretten bruke eit eller fleire av verkemidla i §§ 3-6 til 3-15.» Innhaldet i ordet «problem» kunne i praksis vere utenlege eigedomstilhøve.
Arbeidsgruppa foreslår at jordskifte skal byggje på at problema anten kan vere til stades når krav om jordskifte sendast jordskifteretten, eller at problema kan oppstå etter at kravet om jordskifte reisast. Høyringsforslaget § 3-4 andre ledd listar opp tre forskjellige påreknelege endringar som kan gi grunnlag for jordskifte. Det eine er tiltak, bygging, utbetring, vedlikehald, drift og nedlegging av anlegg. Det andre er offentleg regulering av eigarrådvelde. Det tredje er godkjent reguleringsplan eller «bebyggelsesplan» for eit byggjeområde etter plan- og bygningslova.
8.8.2 Høyringsinstansane
Domstoladministrasjonen (DA) foreslår å behalde vilkåret om at eigedommen må vere vanskeleg å nytte ut på ein tenleg måte etter tid og tilhøve. DA viser til at:
«Utnyttelsen av eiendommer endrer seg over tid. Den nyttevurdering som skal foretas i forbindelse med jordskifte må difor være dynamisk i forhold til endringen som skjer i utnyttelsen av eiendommer over tid. I gjeldende lov kommer dette til uttrykk gjennom at eiendommer som er vanskelig å utnytte etter tid og tilhøve, kan legges under jordskifte. DA er av den oppfatning at uttrykket «tid og tilhøve» må beholdes i den nye lovteksten. Dette for å synliggjøre at vurderingen skal gjøres med hensyn til at nytte av jordskifte skal relateres til rasjonell bruk av eiendommen på det aktuelle tidspunktet.»
Fylkesmannen i Rogaland viser til at det er nødvendig og viktig med ei lov som kan bidra til gode og tenlege eigar- og rettstilhøve.
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme viser til at gjeldande jordskiftelov §§ 1 og 3 a er kjende og kjære reglar for jordskiftedommarane. Dei viser til at reglane er førte vidare i ei anna språkdrakt i høyringsforslaget §§ 3-2, 3-3 og 3-4. Jordskiftedommarane uttaler om forslaget at:
«Me saknar likevel dynamikken som ligg i uttrykket «etter tida og tilhøva» i den nye lovteksten. Vidare er me ueinige i at vilkåret om at situasjonen må vera «utenleg» er teke ut. Me meiner det må vera eit vilkår at eigedomane er eller vil bli utenlege etter tida og tilhøva, før ein kan gjennomføre endring ved bruk av jordskifteretten. Me rår til at dagens lov § 1 blir ført vidare i § 3-2.»
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til at gjeldande jordskiftelov § 1 inneheld to kumulative vilkår for jordskifte. Det eine er at eigedommane må vere utenlege (vanskelege å nytte ut) slik det er i dag, eller vil kome til å bli utenlege som følgje av tiltak. Det andre inneber at dei verkemidla som kan brukast i eit jordskifte, må betre tilhøva eller løyse problema for minst ein eigedom. Jordskifterettane viser til at kravet i § 1 om å skape tenlege eigedommar òg er ein tolkingsfaktor når dei materielle reglane i lova blir brukte. Ved utforming av endeleg jordskifteløysing gir dette retten eit spelerom til å kome fram til ei kreativ, praktisk og god løysing som òg skapar ei samla nytte av jordskiftet, og som sikrar at ingen part lir tap. Jordskifterettane uttaler om dette:
«Vi har oppfatte høyringsnotatet slik at vilkåret nemnd i første avsnitt blir «erstatta» med eit krav om at det skal vere tenleg med jordskifte. Dette er omskrive til eit krav om samla positiv nytte, jf. § 3-2 i utkastet. Arbeidsgruppa meiner at dette ikkje er ei realitetsendring. Dei skriv: Når eigedomsforholda kan bli betre ved eit jordskifte, kjenner ein ikkje til at krav har blitt avvist fordi eigedomane ikkje kan bli sagt å vere vanskelege å nytte ut på tenlege måte etter tid og tilhøva (side 153 i høyringsnotatet). Vidare legg dei vekt på at ordlyden i første ledd i gjeldande § 1 er nærliggjande å knyte til næringsutøving. Når lova no gjeld heile landet, meiner dei at ordlyden ikkje er heilt god.
Vi har vidare oppfatta høyringsnotatet slik at det nemnde innhaldet i andre avsnitt ovanfor, er teke inn i utkastet til første ledd i § 1-1 (formålsparagrafen). Dei meiner at sentrale mål og tolkingsprinsipp slik blir meir tydeleg.
Elles forstår vi det slik at noko av realiteten i gjeldande lov § 1 er teke inn i utkastet: For å løyse problema i saka, kan …
Det er for så vidt rett at ein finn att mykje av realiteten i gjeldande lov § 1 i §§ 1-1, 3-1, 3-2 og delvis i § 3-4 i utkastet. Vi meiner likevel at fjerninga, eller erstatninga slik det er uttrykt i høyringsnotatet, av vilkåret i gjeldande § 1 er ei realitetsendring. Vilkåret i § 1 kan i enkelte saker vere eit aktuelt hinder for å fremme jordskifte. Vi kjenner til at saker har blitt nekta fremme på grunn av at § 1 ikkje var oppfylt sjølv om krava til verkemiddel, samla nytte og ikkjetapsgarantien var oppfylt. Ved å fjerne vilkåret blir det såleis ein lågare terskel for å få behandle ei jordskiftesak. Det er ein reell nyanseforskjell mellom å konstatere at det føreligg utenlege eigedomsforhold og å konstatere at samla nytte kan bli større enn kostnadene og ulempene. Ved oppstarten på ei sak kan den positive samla nytta sjå ut til å vere marginal og i tillegg vere svært usikker. Etter utkastet kan ein i slike tilfelle ikkje nekte fremme av saka. Det kan då både vere sikrare og enklare å fastslå om det faktisk føreligg utenlege eigedomsforhold. Slik sett er vilkåret i gjeldande § 1 hensiktsmessig å ha for å hindre oppstart av saker som er marginale, eller som har ein «meiningslaus» karakter.
Vi meiner at det i lova må vere eit vilkår om at det i utgangspunktet må føreligge utenlege eigedomsforhold for å få realitetsbehandla (fremma) ei sak. Retten må ha eit sjølvstendig ansvar for skjønnsmessig å vurdere om vilkåret er oppfylt i samband med avgjerd om saka skal fremmast eller ved konstatering av at realitetsbehandling tek til. Dersom fremmevedtaket fell bort, er det etter vår meining enda større grunn for at det skal vere eit vilkår om at det må føreligge utenlege eigedomsforhold.»
Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler om tilhøvet mellom forslaget til ny regel i § 3-2 om samla netto nytte av jordskiftet og regelen i høyringsforslaget § 3-3, at regelen i høyringsforslaget § 3-2 er unødvendig. Samtidig saknar dei delar av innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 1. Dei uttaler om dette:
« I staden meiner vi at den avgrensing av bruken av jordskifte som virkemiddel som ligg i gjeldande § 1, vilkåret om at eigedomen må vere utenleg etter tida og tilhøva, bør vidareførast i ny lov. Kravet om at eigedomane må vere utenlege er ei avgrensing i høve til kva for spørsmål som kan bli løyst ved jordskifte. Det er eitt av dei tre hovudvilkåra som i dag blir prøvd før saka blir fremma. Kva som er utenlege eigedomsforhold er ei skjønnsmessig vurdering. Likevel er vi av den oppfatning at kravet er viktig, at det bør stå i lova og at det ikkje bør brukast jordskifteverkemidel utan at situasjonen i ugangspunktet er utenleg.»
Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren uttaler òg om dette:
«I lovutkastet er kravet til at eigedomane skal vere vanskeleg å nytte (utenleg) tatt vekk. Rett nok brukar jordskiftelova § 3-1 uttrykket «problemet», men etter vårt syn er formuleringa i gjeldande lov ein terskel som retten skjønnsmessig må passere for å starte ein slik endringsprosess. Vi meiner difor lovgjevar i sterkare grad bør vurdere konsekvensane av å ta bort dette vilkåret, enn det som er gjort i høyringsutkastet.»
Jordskifterettane i Hålogand jordskiftedømme uttrykkjer seg litt annleis, men har same meining som jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme.
8.8.3 Departementets vurderingar
Departementet er samd med DA og uttalane frå jordskiftehald i at det bør vere eit vilkår for å bruke ressursane i jordskifteretten at ein eller fleire eigedommar eller bruksrettar må vere vanskelege å bruke på ein tenleg måte. Det bør ikkje berre vere eit formål for jordskifte at jordskifteretten skal løyse problema i saka, jf. formuleringa i høyringsforslaget § 3-1. Departementet sluttar seg òg til den grunngivinga høyringsinstansane gir for dette. Dette er eit vilkår for jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 1 første ledd, og det bør framleis vere det i ny jordskiftelov. Departementet meiner at vilkåret er så sentralt at det bør gå fram av ein eigen paragraf. Sjå lovforslaget § 3-2.
Det vil truleg ofte vere behov for å vise til denne paragrafen. Departementet foreslår difor å bruke omgrepet utenlege eigedomstilhøve som ei kortform i overskrifta til paragrafen. I første ledd første punktum foreslår departementet å føre vidare ordlyden i gjeldande jordskiftelov § 1 første ledd noko nær den ordlyden paragrafen har i dag. Departementet legg ikkje til grunn at forskjellige formuleringar i overskrift og lovtekst, byggjer på forskjellig meiningsinnhald. Omgrepet «tenleg» er brukt i ulike samanhengar i gjeldande jordskiftelov utan at det synest ha ulikt innhald, og alt er i dagleg tale omtala som tenleg eller utenleg. Gjeldande jordskiftelov § 1 bruker omgrepet om eigedommar som er «vanskeleg å nytte ut på tenleg måte». Etter gjeldande jorskiftelov § 34 første ledd kan jordskifteretten ordne bruk og sambruk «slik han finn mest tenleg», og etter gjeldande jordskiftelov § 39 kan andre bruksrettar enn dei som er nemnde i § 36 avløysast under eit jordskifte dersom rettane er til hinder for «eit tenleg jordskifte».
I gjeldande jordskiftelov § 1 går det ikkje fram at kompetansen jordskifteretten har både gjeld eigedom og rettar. Det følgjer likevel av gjeldande jordskiftelov § 2 at jordskifte òg kan gjennomførast for rettar, sjå for eksempel gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b. Vurderinga av om eigedomstilhøva er eller vil bli utenlege, er såleis aktuell anten saka gjeld eigedom, rettar eller begge delar. Departementet meiner at denne løysinga òg bør gjelde i ny lov, men at det er informativt for brukarane at det i ny lov òg går fram av ordlyden av lova at vilkåret om at det må vere vanskeleg å bruke eigedommen eller bruksretten på tenleg måte, òg gjeld for bruksrettar. Departementet foreslår ei slik løysing, sjå lovforslaget § 3-2 første ledd første punktum.
Gjeldande jordskiftelov blir praktisert slik at vilkåret gjeld dersom minst ein eigedom eller bruksrett er vanskeleg å bruke. Departementet foreslår at denne presiseringa av vilkåret skal gå fram av lova. Forslaget går fram av ordlyden i lovforslaget § 3-2 første ledd første punktum som bruker formuleringa «minst ein eigedom eller bruksrett». Forslaget opnar for at ein eller fleire eigedommar eller bruksrettar kan vere vanskeleg å bruke etter tida og tilhøva. Det er ikkje noko vilkår at alle eigedommane eller alle bruksrettane er vanskelege å bruke. I ei jordskiftesak er det likevel vanleg at fleire eigedommar er vanskelege å bruke etter tida og tilhøva. Samtidig er det ikkje uvanleg at nokre av eigedommane i jordskifteområdet er tenlege som dei er. Vilkåret for å kunne halde eit jordskifte, er da at bruken av verkemidla samla bøter på dei vanskane partane har peika på. Gjeldande jordskiftelov § 3 som stiller krav til resultatet, mellom anna at jordskifte ikkje kan fremjast dersom kostnadene og ulempene blir større enn nytten for kvar enkelt eigedom òg blir praktisert slik, sjå for eksempel Rt. 2000 side 1119.
Gjeldande jordskiftelov § 1 bruker omgrepet «nytte ut». I lovforslaget bruker departementet omgrepet «bruke». Endringa har samanheng med den språklege oppdateringa som departementet elles har følgt i forslag til ny jordskiftelov. Det er ikkje meininga å leggje ei anna forståing til grunn med det nye omgrepet.
Omgrepet «etter tid og tilhøve» som er brukt i gjeldande jordskiftelov § 1 første ledd, opnar for at det kan takast omsyn til ei utvikling. Tilhøva kan endre seg etter kvart som tida går slik at eigedomstilhøve som tidlegare var tenlege, blir utenlege. Departementet meiner, som høyringsinstansane, at det òg i ny jordskiftelov bør leggjast til rette for at vurderinga av om eigedommane eller rettane er vanskelege å bruke må ta høgde for ei slik utvikling. Departementet foreslår etter dette inga endring i formuleringa «vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tid og tilhøve». Løysinga inneber at jordskifteretten må gjere ei samla vurdering av alle relevante moment. I vurderinga må jordskifteretten sjå på det partane peiker ut som vanskeleg, og vurdere om verkemidla i lova kan bøte på dette. Ved avveginga må retten òg trekkje inn kostnadene med jordskiftet og eventuelle ulemper jordskifteløysinga kan føre med seg.
Finn jordskifteretten at ingen av eigedommane er vanskeleg å bruke på tenleg måte, må jordskifteretten etter lovforslaget § 6-23 fjerde ledd avvise saka.
Departementet foreslår ingen krav i lova om kva jordskifteretten skal byggje på ved vurderinga av om eigedommen er vanskeleg å bruke etter tid og tilhøve. Dette kan vere så mangt at det er best å overlate det til ei konkret vurdering i retten.
Lovforslaget § 3-2 første ledd første punktum gjeld dei tilfella der eigedomstilhøva er vanskelege å bruke etter tid og tilhøve på det tidspunktet krav om jordskifte kjem inn til retten. Etter gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd gjeld det same vilkåret dersom tilhøva vil bli utenlege som følgje av visse tiltak. Departementet foreslår òg at denne føresegna skal førast vidare i ny jordskiftelov. I lovforslaget § 3-2 første ledd andre og tredje punktum foreslår departementet at jordskifte òg kan gjennomførast dersom det er pårekneleg at eigedommane vil bli utenlege som følgje av eit offentleg eller privat tiltak. Som offentleg tiltak reknast òg offentleg regulering av eigarrådvelde eller vedteken reguleringsplan med tilhøyrande omsynssone.
Departementet foreslår på same måten som i høyringsforslaget ei generalisering av ordlyden i høve til gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd, slik at lovforslaget § 3-2 første ledd andre punktum vil gjelde dersom eigedommane eller rettane kan bli vanskelege å bruke på tenleg måte som følgje av eit planlagt offentleg eller privat tiltak. Ingen av høyringsinstansane går mot generaliseringa. Departementet ser det da slik at det er allminneleg tilslutning til at jordskifteretten skal kunne halde jordskifte når tiltak gjer at eksisterande eigedomstilhøve vil bli utenlege etter at tiltaket er gjort. Det vesentlege er ikkje kva for tiltak som skal gjennomførast, men kva for eigedomstilhøve som er tenlege etterpå. Opplistinga i gjeldande jordskiftelov er såleis sløyfa.
To tiltak er likevel etter departementets syn så annleis at departementet meiner dei krev eigen lovheimel. Departementet foreslår difor i lovforslaget § 3-2 første ledd tredje punktum at omgrepet «planlagt offentleg eller privat tiltak» etter andre punktum òg omfattar offentleg regulering av eigarrådvelde eller vedteken reguleringsplan med tilhøyrande omsynssone. Regelen fører vidare den kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd bokstav b og gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i til å halde jordskifte. Løysinga inneber likevel ei utviding, sjå omtalen av dette i kapittel 8.10.
Departementet meiner at vilkåret om at minst ein eigedom må vere vanskeleg å nytte ut, er grunnleggjande for å halde jordskifte. Når saka først er reist, er det etter lovforslaget § 3-1 opp til jordskifteretten å velje kva for verkemiddel som er mest eigna. Løysinga gir jordskifteretten stor fridom. Sjå omtale av jordskifte og disposisjonsprinsippet i kapittel 8.4. Departementet foreslår å lovfeste fridomen jordskifteretten skal ha i lovforslaget § 3-1. Departementet meiner at omsynet til rettstryggleik tilseier at det òg går fram av den nye jordskiftelova at dei eigedomstilhøva partane har teke opp som utenlege, er ein skranke for kva jordskifteretten kan behandle. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 3-2 andre ledd. Regelen er ny.
Lovforslaget § 3-16 fastslår at jordskifteløysinga ikkje kan gå lenger enn det som er nødvendig. Innhaldet i føresegna gjeld langt på veg det same som vilkåret i lovforslaget § 3-2 andre ledd. Lovforslaget § 3-2 andre ledd gjeld kva for verkemiddel jordskifteretten kan bruke. Lovforslaget § 3-16 gjeld korleis jordskifteretten kan bruke verkemidla. Departementet har delt dette i to ulike paragrafar for å få dette tydeleg fram.
8.9 Meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet
8.9.1 Høyringsforslaget
I høyringsforslaget § 3-2 foreslår arbeidsgruppa å innføre eit krav om at eit jordskifte skal føre til ei samla netto nytte. Forslaget går lenger enn gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a der det er fastsett at ingen skal tape.
8.9.2 Høyringsinstansane
Justisdepartementet foreslår å samle føresegnene om at ingen skal li tap og netto nytte i ein paragraf. Domstoladministrasjonen (DA) viser til at om ein oppfyller vilkåret om at ingen skal li tap, vil normalt vilkåret om netto nytte òg vere oppfylt. DA foreslår difor at forslaget om at eit jordskifte skal føre til samla netto nytte, skal strykast. Alle dei andre utsegnene frå jordskiftehald støttar òg dette synspunktet. Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og jordskifteoverdommarane uttaler for eksempel om dette:
«Regelen er overflødig, sidan vi ikkje kan sjå at det i praksis er mogleg å oppfylle regelen i § 3-3 utan samtidig og å oppfylle regelen i § 3-2. Den føreslåtte regelen peiker i retning av ei estimert, talfesta og dokumentert nytte.»
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme gir ut over dette uttrykk for at om ein ønskjer å behalde vilkåret om netto nytte, bør føresegna ikkje trekkje med kostnader ved skjønn etter §§ 5-3 og 5-4. Utgiftene til rettshjelp bør ikkje trekkjast inn fordi stor vilje til prosess vil da kunne virke inn på valet av løysing. Utgifter til meddommarar må på den andre sida kunne trekkjast inn. Det same gjeld utgifter til sjølve tiltaket.
Sør-Trøndelag jordskifterett peiker særleg på at det kan vere uklart om høyringsforslaget § 3-2 fører til at ulemper skal reknast som ein kostnadspost. Ulemper er nemnde i høyringsforslaget § 3-3. Jordskifteretten peiker på at desse paragrafene bør samordnast.
Fylkesmannen i Hordaland er nøgd med at vilkåret om netto nytte av jordskiftet skal gå klart fram av lova.
8.9.3 Departementets vurderingar
Behandlinga av ei jordskiftesak krev mykje ressursar – både domstolsressursar og ressursar frå dei involverte partane i saka. Praksis etter gjeldande jordskiftelov byggjer difor på at jordskiftet samla sett må føre til meir tenlege eigedomstilhøve i heile jordskifteområdet. I nokon mon handlar dette om korleis jordskifteretten i praksis avgrensar jordskifteområdet. Departementet meiner at det gir betre informasjon til partane i saka om dette går fram av lova som eit materielt vilkår for jordskifte. Vilkåret bør etter departementets syn, kome i tillegg til lovforslaget § 3-18 som gir eit vern mot tap for eigedom og bruksrett ved jordskifte. Vilkåret er nytt, og går fram av lovforslaget § 3-3.
Departementet meiner at vilkåret berre er aktuelt ved jordskifte etter lovforslaget §§ 3-4 til 3-10.
Departementet er samd med dei høyringsinstansane som seier at når høyringsforslaget § 3-3 er oppfylt (ingen eigedom lir tap), så vil i praksis òg høyringsforslaget § 3-2 vere oppfylt (samla netto nytte av jordskiftet). Forslaget om at jordskifte berre kan gjennomførast dersom jordskiftet samla sett fører til meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet, er likevel etter departementets vurdering noko anna enn vilkåret i gjeldande jordskiftelov om at ingen eigedom kan li tap. Formålet med vilkåret for jordskifteløysinga i lovforslaget § 3-18, er å ta vare på rettstryggleiken for blant anna partar, rettshavarar og panthavarar. I lovforslaget går vilkåra difor fram av kapittel 3 del IV Jordskifteløysinga, og krav som må stillast til denne løysinga. Vurderinga av om jordskiftet samla sett fører til meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet, byggjer på at det må føre til positiv nytte i jordskifteområdet å bruke samfunnsressursar på å bøte på dei utenlege tilhøva partane har peikt på. Dette handlar ikkje om rettstryggleik, men om at ressursbruken som følgjer av eit jordskifte berre kan setjast inn dersom jordskiftet kan føre til nytte. Sjølv om vilkåret er ein terskel for å setje i gang jordskifte, har terskelen såleis lite å seie for rettstryggleiken for partane.
Oppgåva jordskifteretten har etter lovforslaget § 3-3, må sjåast i lys av dette. Departementet er samd med jordskifteoverdommaren og jordskifterettsleiarane i Frostating jordskiftedømme i at det ikkje er bra å ha ein regel som kan bli forstått slik at nytten i alle jordskifte lar seg estimere, talfeste og dokumentere. Det er erfaring for at det er nyttig å skipe eit lag for drift og vedlikehald av ein privat felles veg etter lovforslaget § 3-9. Det er samstundes erfaring for at nytten av veglaget er vanskeleg å talfeste. Forslaget frå departementet byggjer difor ikkje på at jordskiftet må føre til samla nytte slik høyringsforslaget la til grunn. Det må vere nok i høve til lovforslaget § 3-3 at jordskifteretten viser til at jordskiftet samla sett fører til meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet. Formuleringane i paragrafen er ikkje til hinder for talfesting der det ligg til rette for det.
8.10 Ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett
8.10.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-6 å føre vidare kompetansen jordskifteretten har i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b og § 2 første ledd bokstav i. Etter bokstavane b og i kan jordskifteretten forme ut faste eigedommar på nytt ved ombyting av grunn og rettar. I tillegg foreslår arbeidsgruppa ein heimel til å byte om på tyngsler. I høyringsnotatet blir omgrepet tyngsler knytta til det som i juridisk terminologi er kalla negative servituttar.
Arbeidsgruppa foreslår at jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i skal bli eit vanleg verkemiddel i jordskifte.
8.10.2 Høyringsinstansane
Ingen av høyringsinstansane har merknader til forslaget om å føre vidare heimelen til ombyting av grunn og rettar. Fleire høyringsinstansar har kritiske merknader til innføringa av omgrepet «tyngsler». Nokre høyringsinstansar er òg kritiske til forslaget om at kompetansen jordskifteretten har, skal utvidast til å gjelde negative servituttar.
Miljøverndepartementet peiker på at regelen om byte av grunn må sjåast i ein vidare samanheng enn berre jordskifte. Miljøverndepartepartementet uttaler:
«Også planer, spesielt reguleringsplan, kan i stor grad brukes for å utforme eiendommer – særlig i forbindelse med utbygging og anleggstiltak. Dette er ikke drøftet eller problematisert i utredningen, jf generell merknad i innledningen. Dette bør beskrives tydeligere.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme, jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, Jernbaneverket og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er kritiske til omgrepet tyngsler. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler:
«…, men vi stiller oss tvilande til at «tyngsler» er eit meir alminneleg uttrykk enn negative servituttar, og ikkje oppfattar vi uttrykka som synonyme heller. Negative servituttar har sin spesifikke definisjon, medan tyngsler har ei vidare tyding og kan inkludere t. d. grunnbyrder, gjerdeplikt, vedlikehaldsplikter m. m. Omgrepsbruken generelt i lova i forhold til særlege råderettar over framand eigedom bør avklarast, jf. uttrykk som bruksrett, tyngsler, servituttar og negative servituttar. Det er viktig med definerte og eintydige omgrep og at ein ikkje skiftar mellom omgrep når ein meiner det same.»
Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:
«Lovforslaget er relativt radikalt på dette punktet, og «forenklinga» må etter vårt syn medføre at desse sakene no kjem inn i saksmassen i større grad. Vi finn grunn til å sette spørsmålsteikn om lovforslaget er meint så radikalt som det kan lesast; at alle (grunneigarar/tiltakshavarar) kan krevje sak etter § 3-15 (alternativt «reparasjon etter §§ 3-6) med basis i godkjent reguleringsplan. Eller om desse verkemidla berre er meint i dei tilfelle kor kommunen har sett krav om fordeling av arealverdiar, jf. pbl § 12-7 nr. 13 (reguleringsbestemmelser). Generelt meiner vi det er mange overordna samfunnsomsyn som talar for ei meir effektiv gjennomføring av offentleg godkjende planar enn dagens system kor ekspropriasjon sjeldan eller aldri blir teke i bruk. Jordskifte kan for mange grunneigarar oppfattast som eit sterkt inngrep, nesten på linje med ekspropriasjon. Arbeidsgruppa har vore innom skilnadane mellom verkemidla i jordskifte kontra ekspropriasjon. Vi trur lova, partane og jordskifteretten vil vere tent med ei enda meir grundig rettspolitisk vurdering av desse forholda i forarbeida til ny lov. Konkret bør det då vurderast om ikkje saker etter § 3-15 burde ha den skranke at kommunen har satt krav om fordeling av arealverdiar, jf. pbl § 12-7 nr. 13.»
Høyringsuttalane som gjeld forslaget om å gjere gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i til verkemiddel i jordskifte behandlar i stor grad både forslaga om endringar i kravskompetansen, endringar i kompetanseheimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h og verdsetjinga saman. Uttalane blir difor refererte samla i kapittel 8.29.2.
8.10.3 Departementets vurderingar
8.10.3.1 Omforming av eigedom og bruksrett
I Meld. St. nr. 9 (2011–2012) Velkommen til bords er det på side 269 lagt til grunn at ein bør føre vidare dei tradisjonelle jordskifteoppgåvene slik at drift av landbrukseigedommar kan bli meir effektiv. Reglane bør moderniserast for å dekkje behova i dag og i framtida. Ny utforming av eigedommar er ei kjerneoppgåve som jordskifteretten er aleine om å gjere i dag. Tematisk liknar oppgåva noko på omskiping etter servituttlova. Sjå omtalen av tilhøvet mellom jordskifte og omskiping og avskiping av servituttar i kapittel 8.5.3, og forslaga til endringar som er skisserte der.
I praksis skjer ny utforming av eigedommar ved at delar av dei faste eigedommane byter eigar, eller ved at rettar blir endra. Ny utforming er byte av eigedomsrett til jord utan å vere makeskifte og utan å vere handel (kjøp og sal). Den omforminga av eigedommar som Miljøverndepartementet peiker på, og som er knytt til plan, gjeld omdanning av bruken av eigedommen, medan jordskifteomdanninga endrar eigar- eller bruksrettstilhøvet. Endring av eigar- eller bruksrettstilhøve kan igjen føre til at eigarane eller rettshavarane endrar bruken av eigedommen, men det er ikkje alltid tilfelle. Jordskifte skjer som ein samla endringsoperasjon. Endringa er ikkje suksessive makeskifte mellom to og to eigedommar. Ny utforming av eigedommar liknar såleis berre på makeskifte der jordskifteområdet berre omfattar to eigedommar.
Departementet meiner at jordskifteretten òg etter ny jordskiftelov bør ha heimel til å forme ut faste eigedommar og rettar på nytt, og foreslår ein slik regel om byte i lovforslaget § 3-4. Det går fram av første ledd første punktum at jordskifteretten kan forme ut eigedommar og alltidvarande bruksrettar på nytt ved å byte om grunn og alltidvarande bruksrettar. Det går fram av andre punktum at dei bruksrettane saka gjeld, må liggje til fast eigedom. Lovforslaget § 3-4 første ledd byggjer på ein føresetnad om at dei tre varige objekta for eigedomsrett kan bytast mot kvarandre. Grunn kan bytast mot grunn eller bruksrett. Sjå lovforslaget § 3-20 første ledd som gjer dette klart.
Lovforslaget § 3-4 første ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b og bokstav i. Paragrafen må sjåast i samanheng med lovforslaget i § 3-2 første ledd. Føresegna gir jordskifteretten kompetanse til å halde jordskifte etter lovforslaget §§ 3-4 til 3-10. Det blir kravd at minst ein eigedom eller bruksrett i jordskifteområdet er vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tid og tilhøve. Jordskifteretten har òg kompetanse til å halde jordskifte dersom det er pårekneleg at ein eigedom eller bruksrett kan bli vanskeleg å bruke som følgje av eit offentleg eller privat tiltak. Innhaldet i lovforslaget må lesast i lys av reglane som vil gjelde for jordskifte, særleg reglane om jordskifteløysinga i lovforslaget kapittel IV.
Lovforslaget § 3-4 andre ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 48 der det er fastsett at jordskifteretten kan gjere vedtak om at vassleidningar, damanlegg, kraftleidningar og liknande, og småhus som for eksempel utløer, blir overført mot pengevederlag dersom slik overføring synest tenleg for dei partane det gjeld. I lovforslaget har ein likevel ikkje knytt eksemplet til småhus. Etter departementets meining er det ikkje størrelsen på huset som er den viktige avgrensinga mot kva jordskifteretten kan gi påbod om, men jordskifteretten må sjå til av vilkåret i lovforslaget § 3-18 er oppfylt. Har huset stor verdi for eigaren, kan dette føre til at jordskifteløysinga ikkje kan vere ei overføring av huset til nokon annan. Forslaget til § 3-4 andre ledd er også omtala i kapittel 3.5.
8.10.3.2 Forslag til endringar i høve til gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b
Departementet er samd med høyringsinstansane, mellom dei jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme, i at det ikkje er noko å oppnå ved å føre inn omgrepet «rettar og tyngsler» i staden for gjeldande omgrep som er «rettar». Departementet har på bakgrunn av dei innspela som har kome inn i høyringa, gjennomgått bruken av ulike omgrep, og hovudtrekka i det valet som er gjort av omgrep, er drøfta i kapittel 8.5.
Departementet foreslår såleis av informasjonsomsyn og i tråd med systematikken som er skissert i kapittel 8.5, at omgrepet «rettar» i gjeldande jordskiftelov endrast til «bruksrett» i lovforslaget § 3-4 første ledd. Forslaget endrar ikkje realiteten i høve til gjeldande jordskiftelov. I førearbeid og praksis er omgrepet «rettar» i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b tolka slik at omgrepet gjeld varige eller alltidvarande rettar. Departementet meiner at omgrepet «alltidvarande» er dekkjande for dei bruksrettane som går inn under føresegna, og viser til at dette er eit omgrep som er godt innarbeidd i jordskiftelova frå før, sjå mellom anna i gjeldande jordskiftelov § 36. Departementet foreslår ut over dette at det i lovforslaget § 3-4 første ledd andre punktum skal gå fram at bruksretten må liggje til fast eigedom.
Omgrepet «alltidvarande bruksrett» i lovforslaget § 3-4 første ledd dekkjer som i dag, mellom anna rettar i eit jordsameige anten sameiget har blitt til ved frådeling frå eit hovudbruk, såkalla ufullstendig garddeling, eller der eigedommar frå fleire gardar på eit seinare tidspunkt har skaffa seg eigedomsrett til ein felles eigedom.
I kapittel 8.5 legg departementet til grunn at det ikkje skal vere mogleg å reise sjølvstendig jordskiftesak for å omforme ein tidsavgrensa bruksrett eller ein negativ servitutt. Lovforslaget § 3-4 omfattar difor ikkje slike rettar. Slike rettar kan likevel endrast som del av eit jordskifte dersom dei er til hinder for eit tenleg jordskifte, sjå lovforslaget §§ 3-11 og 3-12.
Dersom lova bruker omgrepet «matrikkeleining» henta frå matrikkellova § 5 første ledd, i staden for omgrepet «eigedomar» som er nytta i gjeldande jordskiftelov, vil ein kunne oppnå ei harmonisering med omgrepa i matrikkellova. Departementet meiner likevel at omgrepa eigedom og grunn er godt innarbeidde i jordskiftesamanheng, og meiner dessutan at dei er enklare å forstå for den parten som vil reise og prosedere ei sak sjølv. Departementet vil òg peike på at innhaldet i omgrepa heller ikkje er likt. Ein part kan ha fleire matrikkeleiningar som brukast som ein eigedom. I slike høve må jordskifteretten kunne behandle matrikkeleiningane som ein samla eigedom. Departementet foreslår difor inga endring av omgrepa.
8.10.3.3 Forslag til endringar i høve til gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i
Det går fram av kapittel 8.10.3.2 at lovforslaget ikkje gjer store endringar i høve til gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b. Kombinasjonen av lovforslaget §§ 3-2 og 3-4, og endring av kravskompetansen i lovforslaget § 1-5 opnar likevel for at den kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i tilsynelatande utvidast betydeleg. Forslaget om å oppheve den særlege regelen om verdsetjing i gjeldande jordskiftelov § 28 fjerde ledd, må òg trekkjast inn i dette.
Gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i blei innført ved ei lovendring i 2006. Regelen gir eigarar som har eigedom i eksisterande område for bygging og anlegg eller i eit nytt område for bygging og anlegg, og som får utenlege eigedommar som følgje av godkjent reguleringsplan etter plan- og bygningslova, moglegheit til å krevje jordskifte. Jordskifteløysinga kan reparere dei utenlege tilhøva som har oppstått. Det er gitt særlege reglar om kven som har kravskompetanse i slike saker i gjeldande jordskiftelov § 5 tredje og fjerde ledd, og det er gitt særlege reglar om verdsetjinga i gjeldande jordskiftelov § 28 fjerde ledd. Samla er den kompetansen jordskifteretten har etter denne heimelen, ikkje så omfattande som kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b. Det går likevel ikkje fram av lovforarbeida om heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i skal tolkast slik at han avgrensar den generelle kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b til å behandle sak.
I Meld. St. 9 (2011–2012) Velkommen til bords er det lagt til grunn at arbeidet jordskifterettane har i urbane område bør effektiviserast, og at krava til å setje i gang sak, bør forenklast. Departementet meiner at det er viktig å stille verkemiddel til disposisjon for eigarar som får utenlege eigedomstilhøve som følgje av ein plan. Departementet kan ikkje sjå at det er rett å ha ulike reglar avhengig av kva som har ført til at eigedomstilhøva har blitt utenlege. Departementet foreslår difor å ta bort særreglane knytt til område som er regulert til bygging og anlegg. Departementet meiner elles at det er uheldig at reglane i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b og § 2 første ledd bokstav i ikkje er samordna slik at det synest vere uklart kva jordskifteretten kan gjere for å bøte på utenlege eigedomstilhøve i eit område som er regulert til bygging og anlegg. Departementet foreslår med dette som bakgrunn, og i tråd med høyringsforslaget § 3-6 å oppheve regelen for jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i, og at lovforslaget § 3-4 første ledd skal gjelde for alle eigedommar og bruksrettar uavhengig av kva dei er regulerte til.
Ut over uttalen frå jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme er det få høyringsinstansar som har kommentert forslaget. Departementet merker seg at jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme har etterlyst ein prinsipiell gjennomgang av tilhøvet mellom jordskifte og ekspropriasjon. Departementet oppfattar likevel innspelet slik at det først og fremst siktar mot kompetansen jordskifteretten har til å fordele planskapt netto verdiauke, sjå lovforslaget § 3-30. I Ot.prp. nr. 78 (2004–2005) side 15 blei tilhøvet mellom jordskifte og ekspropriasjon drøfta på meir generelt grunnlag i samband med innføring av heimlane i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h og i. Departementet ser det ikkje som nødvendig å gjere denne drøftinga på ny i samband med lovforslaget § 3-4 første ledd. I slike saker gjeld kravet i lovforslaget § 3-3 om at eigedomstilhøva i jordskifteområdet skal bli meir tenlege. I tillegg gjeld lovforslaget §§ 3-16 til 3-29. Eit sentralt element er da at jordskifteløysinga ikkje kan føre til at kostnadene eller ulempene er større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Sjå lovforslaget § 3-18. Ut over dette er det eit krav til jordskifteløysinga at grunn og bruksrettar som ein hovudregel skal leggjast ut slik at kvar eigedom får att tilsvarande den grunnverdien som eigedommen gir frå seg, sjå lovforslaget § 3-19 andre ledd. Den omforminga jordskifteretten gjer etter lovforslaget § 3-4 første ledd kan såleis ikkje samanliknast med ekspropriasjon. Ekspropriasjon byggjer på offentlegrettslege vedtak som fører til at dei som råkast, lir eit økonomisk tap. Formålet er ikkje å gjere eigedommane eller bruksrettane meir tenlege for partane, men å erstatte det økonomiske tapet dei har.
8.10.3.4 Endringar i høve til gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav d
Gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav d gir heimel for å avløyse ei rekkje alltidvarande bruksrettar som er nemnde i gjeldande jordskiftelov § 36. Til vanleg skal avløysinga etter gjeldande jordskiftelov § 37 gjennomførast slik at det leggjast ut til bruksrettshavaren ein eigedomspart med ein verdi som svarar til bruksretten, og som gir noko så nær like laglege høve til ein bruk som fyller same behov som bruksretten. Heimelen i lovforslaget § 3-4 til å forme ut eigedom og alltidvarande bruksrett på nytt fører denne regelen vidare.
8.10.3.5 Endringar knytt til lovforslaget § 3-4 andre ledd
Gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b gjeld eigedom og rettar, sjølv om jordskifte i dei fleste tilfelle gjeld byte av grunn. Når det står ein bygning på ein av eigedommane, vil det i mange tilfelle vere vanskelegare å oppfylle vilkåret om at ingen skal tape på eit jordskifte, enn om saka berre gjeld byte av grunn. Jordskifteretten har likevel kompetanse etter gjeldande jordskiftelov til å byte bygningar. I gjeldande jordskiftelov § 48 er det òg lagt til grunn at jordskifteretten kan gjere vedtak om at vassleidningar, damanlegg, kraftleidningar og liknande, og småhus som for eksempel utløer skal overførast mot pengevederlag dersom slik overføring synest tenleg for dei partane det gjeld.
Departementet meiner at heimelen til å omforme eigedommar framleis bør gjelde eigedom, ikkje berre grunnen. Sjå ordlyden i lovforslaget § 3-4 første ledd. I tillegg meiner departementet det er eit praktisk behov for å føre vidare heimelen i gjeldande jordskiftelov § 48 i den nye lova. Da vil mellomlegget mellom verdiane kunne målast ut i pengar dersom ulike innretningar, anlegg eller småhus, for eksempel utløer eller garasjar, skiftar eigar. Departementet foreslår etter dette at jordskifteretten etter lovforslaget § 3-4 andre ledd skal ha heimel til å påby at vassleidningar, damanlegg, kraftleidningar og liknande som står på grunn som går i byte etter første ledd, overførast til ny eigar. Det same bør gjelde småhus som for eksempel utløer eller garasjar. Eksemplet garasjar er nytt. Departementet meiner det er eit praktisk eksempel.
8.11 Skiping av sameige
8.11.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-7 at jordskifteretten skal få heimel til å skipe sameige mellom eigedommar. Sameige skal kunne skipast for grunn, rettar og tyngsler, men ikkje bygningar.
8.11.2 Høyringsinstansane
Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, har ulike syn på om jordskifteretten bør få kompetanse til å skipe sameige.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømmme er positive til at jordskifterettane får heimel til å skipe realsameige. Dei peiker ut over dette på at det i kommentaren til lova bør nemnast andre eksempel der det vil vere aktuelt å skipe realsameiger, for eksempel i vegar, parkeringsareal, leikeplassar og andre fellesområde.
Jordskifteoverrettane og jordskifteoverdommaren og jordskifterettsleiarane i Frostating jordskiftedømme er òg positive til forslaget, men meiner det er uheldig dersom heimelen blir brukt til å få utmarksstrekningar tilbake til sameige. Dei uttaler om dette at det vil vere:
«langt meir naturleg i slike høve å bruke reglane om bruksording, for å bøte på dei ulemper som er skapt ved for sterk individualisering av t.d. beite og jaktrettar. Vi vil understreke at dette verkemiddelet i første rekke må nyttast for infrastrukturtiltak, mindre fellesområde for bustader m. v. Ei tilbakeføring av utmarksstrekningar til sameige har vi vanskelege for å sjå skal gje meir tenelege eigedomsforhold.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er òg positive til ein heimel for å skipe sameiger, men meiner heimelen bør avgrensast til særlege føremål. Dommarane peiker på at å endre eigedomsforma frå eineeige til sameige må reknast som eit stort inngrep i den private eigedomsretten. Dei meiner at ikkje-tapsgarantien i høyringsforslaget ikkje er tilstrekkeleg til å ivareta interessa for ein part som risikerer å avstå areal til ei sameige. Dommarane uttaler òg om dette:
«Den rettslege standarden «særlege grunnar» er kjent i jordskiftesamanheng i dagens § 2 bokstav c nr. 2. Me ser ikkje for oss at oppretting av sameiger vil bli ein hyppig saktype for jordskifteretten. I summe tilfelle vil det likevel vera nyttig. Som døme kan nemnast, restareal ved utbygging og der fleire bønder i fellesskap har kjøpt ein utmarkseigedom og ynskjer denne formalisert som realsameige.»
Fylkesmannen i Hordaland stør framlegget, medan NORSKOG er av dei høyringsinstansane som går mot at jordskifteretten skal kunne skipe sameige. NORSKOG uttaler om dette:
«Det har vært myndighetenes politikk i mange år at denne eieformen er noe man ønsker å unngå, og at det er positivt å få oppløst gamle sameier. NORSKOG stiller seg difor undrende til at dette forslaget i det hele tatt kommer opp i utkastet til den nye jordskifteloven. Ved å opprette sameier utsetter man i beste fall en konflikt – i verste fall skaper man fremtidige konflikter.»
Norges Skogeierforbund meiner òg det er grunn til å vere varsam med å skipe sameiger:
«Skogeierforbundet mener at sameie kan være en hensiktsmessig eierform for veier, vanningsanlegg osv. og for arealer som utelukkende brukes til jakt, fiske og beite. For andre arealer mener Skogeierforbundet at jordskifterettens anledning til å opprette sameier bør begrenses.»
Statens kartverk peiker på at regelen må vere meir presis. Kartverket uttaler:
«Det er viktig at man har en felles forståelse for og bruk av de forskjellige matrikkelenhetstypene etter de to lovene. Hvordan dette skal løses ønsker Kartverket å diskutere nærmere. Matrikkelloven har sin helt klare definisjon på hva som matrikuleres med matrikkelenhetstypen jordsameie etter matrikkellovens § 14. Andre typer realsameier matrikuleres som grunneiendom. Når det i merknadene til utkast til jordskiftelov trekkes inn det som i matrikkelforskriftsammenheng er kalt moderne realsameier, er det uklart om man mener realsameie matrikulert som grunneiendom eller jordsameie etter matrikkelforskriftens § 28. Når det gjelder bruksrettigheter, må det avklares om disse skal matrikuleres som egne enheter etter matrikkelforskriften § 30 med utfyllende informasjon om disse sondringene.»
8.11.3 Departementets vurderingar
Departementet er samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifteoverrettane og jordskifteoverdommaren og jordskifterettane i Frostating jordskiftedømme i at det i mange høve er behov for å skipe sameiger for infrastruktur. Vegar, parkeringsareal, vass- og kloakkleidningar, el- og IT-leidningar, leikeplassar og andre fellesområde er aktuelle eksempel. I slike tilfelle er det viktig at retten til å bruke infrastrukturen er tett knytt til dei eigedommane som har nytte av infrastrukturen. Årsaka til dette er at infrastrukturen skal avhjelpe ein varig mangel ved eigedommen. Difor er personlege og tidsavgrensa løysingar lite aktuelle.
Departementet meiner at like eigartilhøve for infrastruktur kan vere eit gode for dei som brukar infrastrukturen. Dersom nokre eigedommar berre har bruksrett til ein felles privat veg, og andre har bruksrett som grunneigar til vegen, oppstår det frå tid til annan strid mellom grunneigar og bruksrettshavar. Om denne forskjellen i rettsgrunnlaget for bruken av infrastrukturen blir fjerna, forenklar det tilhøva mellom partane, og det kan ta bort grunnlaget for slik strid. Dette gjeld truleg særleg felles infrastruktur der bruksrett gjer at det reelle innhaldet i eigedomsretten har liten verdi samanlikna med verdien av bruksretten. Veg er eit typisk eksempel. Departementet meiner på grunn av dette at jordskifteretten bør ha heimel til å skipe sameige mellom eigedommar som eiga jordskiftesak. Forslaget til heimel går fram av lovforslaget § 3-5.
Departementet ser ikkje behov for å ta inn i lova ei avgrensing av kva for type eigedom som skal kunne bli sameige. Det vesentlege er å bøte på det utenlege med eit adekvat verkemiddel – ikkje om det er ein eigedom som berre brukast til jakt, fiske eller beite – eller at det er eit restareal ved utbygging eller ein innkjøpt utmarkseigedom som kjøparane vil ha i realsameige. Heimelen er difor generelt utforma.
Departementet er samd med Statens kartverk i at jordskifteavgjerda om å skipe sameige må vise klart kva for type realsameige dette skal vere, slik at matrikkelføringa i etterkant av jordskiftet går greitt. Departementet meiner likevel at nytt sameige som jordskifteretten opprettar, ikkje alltid kan vere eit jordsameige slik dette er definert i matrikkellova § 5 første ledd bokstav d. Etter denne føresegna kan grunn matrikulerast som eit jordsameige dersom grunnareal ligg i sameige mellom fleire grunneigedommar og der sameigepartane inngår i grunneigedommane. Jordsameige er såleis ei form for realsameige, men dekkjer ikkje alle typar realsameiger. Forskjellane mellom ulike former for realsameige er omtala slik i NOU 1999: 1 kapittel 25.2 i samband med drøftinga av kva eit jordsameige er:
«Også «realsameie» brukes til å betegne denne typen sameie. Det er viktig å presisere at utvalget bruker begrepet jordsameie som en spesiell type realsameie. Det finnes flere typer realsameier, dvs. sameier der sameieandelene ligger til andre eiendommer. Jordsameier finner en mest typisk i utmarksområder. I de senere år har det kommet til en variant av «moderne» realsameier; som fellesarealer i urbane strøk. Det kan være parkeringsplasser, lekeplasser og lignende, som er etablert som sameie med boligeiendommer i området som andelshavere, jf. plan- og bygningsloven § 25 nr. 7. Slike realsameier er ofte matrikulert som særskilt grunneiendom, og hvor tilknytningen til de eiendommer som har andel i sameiet er sikret gjennom tinglyst hefte på sameiets grunnboksblad.
De særskilt matrikulerte realsameiene kan i prinsippet pantsettes og omsettes uten at det holdes delingsforretning. Ofte vil det imidlertid være tinglyste avtaler som begrenser adgangen til særskilt pantsetting og omsetning. Slike realsameier faller utenfor definisjonen av jordsameie, og hører etter dette lovforslaget inn under de ordinære grunneiendommene.
Det er viktig å presisere at utvalget bruker begrepet jordsameie, når det er grunnen som er i felleseie. Både sameieloven og jordskifteloven åpner for at også bruksretter kan ligge i sameie mellom bruk. Slike sameier faller imidlertid utenfor diskusjonen i dette kapitlet og omfattes ikke av lovforslaget.»
Drøftinga av behovet for å skipe sameige mellom eigedommar viser at behovet særleg er til stades i dei tilfella som NOU 1999: 1 omtalar som moderne realsameiger – og som i matrikkelsamanheng er haldne utanfor omgrepet jordsameige. Departementet meiner såleis at heimelen for å skipe sameige ikkje kan avgrensast til berre å gjelde slike sameige som fell inn under omgrepet jordsameige etter matrikkellova. Jordskifteretten må for eksempel òg kunne skipe realsameige som grunneigedom. For å leggje til rette for at matrikkelen betre kan vise eigarforholda, bør jordskifteretten skipe realsameiget som grunneigedom der jordskifteretten skipar nye realsameiger med heimel i lovforslaget § 3-5.
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at nye sameiger berre bør kunne skipast dersom det ligg føre «særlege grunnar». Departementet er samd i at det bør vere vilkår for å skipe nye sameiger. Departementet meiner likevel ikkje at det er nødvendig å knytte kompetansen til særlege grunnar. Verkemiddelbruken i eit jordskifte skal bøte på utenlege eigedomstilhøve. Jordskifteretten kan i mange tilfelle gjere dette ved å skipe sambruk mellom eigedommar etter lovforslaget § 3-9 (bruksordning). Slik sambruk vil ofte vere eit alternativ til å skipe jordsameige. Bruksordning er eit mindre inngrep i den private eigedomsretten enn å skipe sameige. Departementet foreslår difor at jordskifteretten i slike høve først bør ha prøvd å bøte det utenlege gjennom bruksordning. Dersom det gir ei dårlegare løysing enn å skipe sameige, bør jordskifteretten kunne skipe sameige. Departementet ser at dette forslaget både har trekk av å vere krav til saksbehandlinga (rekkefølgje), og av å stille kvalitetskrav til jordskifteløysinga. Trass i dette meiner departementet at vilkåret bør innarbeidast i kompetanseheimelen. Sjå lovforslaget § 3-5.
Departementet foreslår etter dette ein heimel i lovforslaget § 3-5 for jordskifteretten til å skipe sameige mellom eigedommar dersom dette bøter på dei utenlege eigedomstilhøva på ein betre måte enn ved å gi reglar om sambruk mellom eigedommar.
8.12 Oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar. Deling av eigedom
8.12.1 Høyringsforslaget
Gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a gjeld kompetansen jordskifteretten har til å løyse opp sameigetilstanden når grunn eller rettar ligg i sameige mellom bruk. Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare denne kompetansen i høyringsforslaget § 3-7. I tillegg fekk jordskifteretten ein uttrykkeleg heimel til å løyse opp sameiget heilt eller delvis, og til å løyse opp slik sameigetilstand for tyngsler.
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-8 første ledd å føre vidare heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav g til å dele ein eigedom med tilhøyrande rettar etter eit bestemt høvetal.
I hovudtrekk foreslår arbeidsgruppa i høyringsforslaget § 3-18 andre ledd å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 27. Hovudregelen i høyringsforslaget er at sameige skal delast etter partshøvet. Ut over dette legg arbeidsgruppa til grunn at om ikkje særskilt høvetal er kjent, eller nokon eigedom har særrettar i sameiga, skal sameiget delast etter den skatteskylda kvar eigedom hadde da sameigetilhøvet mellom dei kom opp. Dersom skatteskylda er ukjent, skal delingshøvet byggje på den skylda som galdt fram til lov frå 17. desember 1836. Det skal ikkje takast omsyn til avtak i skatteskylda.
Arbeidsgruppa foreslår dessutan i høyringsforslaget § 3-8 andre ledd å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav f. Forslaget inneber at når minst to kjøper tilleggsjord til landbrukseigedommane sine, skal jordskifteretten kunne dele og forme ut eigedommane. Forslaget omfattar òg frådeling av tun kombinert med sal av tilleggsjord. I slike høve er det nok at det er ein kjøpar til tilleggsjorda.
8.12.2 Høyringsinstansane
Departementet har ikkje motteke uttaler som gjeld høyringsforslaget § 3-7 så langt det gjeld oppløysing av sameige.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler at ordet bestemt i høyringsforslaget § 3-8 første ledd bør erstattast med ordet innbyrdes. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme går mot at jordskifteretten skal få heimel til tvangsoppløysing av personlege sameiger etter sameigelova § 15. Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler i samband med forslaget om å behalde innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav g, at:
«Dette er et godt forslag da vi antar at det vil kunne bli mange slike saker etter hvert. I kommentaren til forslaget vises det til at det er tilstrekkelig at en part i personlige sameier, krever saka, noe som anses som videreføring av dagens lovbestemmelse. Det anses som hensiktsmessig, men burde gå tydeligere fram av lovteksten.»
Nokre uttalar gjeld høyringsforslaget § 3-8 andre ledd om å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav f om å dele og nyutforme tilleggsjord til landbrukseigedommar.
Fylkesmannen i Hedmark ved Landbruksavdelinga uttaler:
«Selv om Jordfondet nå er avviklet mener vi at behovet for å kunne gjennomføre tiltak som bedrer forholdene for landbruket fortsatt vil være av stor betydning. Fylkesmannen vil understreke betydningen av at loven legger opp til å videreføre bruken av jordskifte for å legge til rette for gode løsninger for landbruket. Vi antar at det fortsatt vil kunne tenkes tilfelle hvor det i forbindelse med konsesjonsbehandling vil kunne være aktuelt å sette som vilkår at det kreves jordskifte for å kunne bedre eiendomsstrukturen i området der eiendommen ligger. Videre antar vi at bruken av jordskifte som redskap for å bedre eiendomsforholdene vil være en naturlig del av jord- og konsesjonsmyndighetenes veiledningsoppgaver.»
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner det er viktig å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav f i ny jordskiftelov. Jordskifterettane viser til at det er viktig å ha ein stad å vende seg til for dei partane som ønskjer eigedomsmessige endringar i samsvar med formålet i jordlova og som ønskjer å halde transaksjonskostnadene nede. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner òg at dette vil kunne vere ein aktuell sakstype.
8.12.3 Departementets vurderingar
8.12.3.1 Gjeldande reglar
Med heimel i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a kan jordskifte gå ut på å løyse opp sameigetilstanden når grunn eller rettar ligg i sameige mellom bruk. Heimelen gjeld «mellom bruk», og gjeld slik sameigepart som ikkje kan avhendast, utløysast, delast eller oppløysast etter sameigelova §§ 10 andre ledd, 13 andre ledd, 14 tredje ledd eller 15 femte ledd. Gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a gjeld oppløysing av sameigetilstanden. Sambruk mellom eigedommar der fleire har felles bruksrettar, kan òg oppløysast etter denne heimelen, sjå gjeldande jordskiftelov § 27 som fastset at sameiget i slike høve skal delast etter partshøve. I sak etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a skjer det ei omforming av eksisterande matrikkeleiningar. Det opprettast ikkje nye matrikkeleiningar eller eigedommar. Spørsmål om delingsløyve er ikkje aktuelt.
Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav g kan jordskifte gå ut på å dele ein eigedom med tilhøyrande rettar etter eit bestemt høvetal. Heimelen gjeld utan omsyn til om eigedommen ligg i sameige eller ikkje. I praksis har regelen noko å seie for personlege sameiger. I sak etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav g skjer ei deling av eigedom. Det blir etablert ein ny matrikkeleining, eller nye matrikkeleiningar.
Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav f kan jordskifte gå ut på å forme ut og dele eigedommar når grunn og rettar skal avhendast i samsvar med formålet i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova). Sak etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav f kan resultere i færre, like mange eller fleire matrikkeleiningar enn dei som eksisterer før saka tek til.
Ved sak etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav g og f, må tilhøvet til reglar som set forbod mot deling avklarast. Etter jordlova § 12 femte ledd er samtykke til deling ikkje nødvendig dersom det i samband med offentleg jordskifte er nødvendig å dele eigedom. Det går fram av Veileder om jordskiftevirkemidler i byer, tettsteder og hytteområder at det er uklart om det er nødvendig med delingsløyve frå kommunen ved deling som skjer i samsvar med offentleg godkjent plan etter plan- og bygningslova (nå § 20-1 bokstav m), men at løyve truleg ikkje trengst i ein slik situasjon. Føresetnaden for dette er at «omformingen er i samsvar med den arealbruk som er vist i planen, og i de tilfellene tomtedeling er vist, ikke i strid med denne.»
8.12.3.2 Oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar
I gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a går det fram at jordskifte kan gå ut på å løyse opp sameigetilstanden når grunn eller rettar ligg i sameige mellom bruk. Departementet meiner at det er behov for ein slik heimel i ny jordskiftelov. Sameige eller sambruk «mellom eigedom» kan ikkje oppløysast etter sameigelova. Det kan likevel oppstå behov for slik oppløysing, anten som del av ei større jordskifteløysing, eller som eiga sak.
Heimelen gjeld i dag «sameige mellom bruk», og er i praksis tolka slik at han gjeld alle typar eigedommar. Departementet meiner at formuleringa i gjeldande jordskiftelov bør endrast slik at ho blir meir generell i den nye jordskiftelova. Oppløysing av realsameige er aktuelt anten sameiget gjeld landbrukseigedom eller andre typar eigedommar. Det sentrale er om sameiget hindrar ei tenleg utnytting av eigedommen. Departementet foreslår difor ein ordlyd som viser at heimelen jordskifteretten har til å løyse opp sameige og sambruk «mellom eigedommar» (realsameige, eller felles bruksrettar som ligg til eigedom) førast vidare. Forslaget går fram av lovforslaget § 3-6 første punktum.
Gjeldande regel er tolka slik at oppløysing av realsameige kan skje fullt ut, eller delvis. Dette går ikkje fram av lovteksten i dag. Departementet meiner at det av omsyn til partar som prosederer sjølve er ønskeleg at dette går klart fram av ordlyden i lova, og foreslår ei formulering som dekkjer dette i lovforslaget § 3-6 andre punktum.
8.12.3.3 Deling av eigedom
Departementet meiner òg at det er behov for ein regel som gir heimel for å dele eigedom med tilhøyrande bruksrettar etter eit bestemt høvetal. Regelen går fram av lovforslaget § 3-7 som dekkjer både deling etter gjeldande jordskiftelov § 2 bokstavane g og f. Lovforslaget § 3-7 tek ikkje sikte på å gi jordskifteretten ein generell kompetanse til å dele eigedom. Forslaget byggjer på gjeldande heimlar. Dette betyr at jordskifteretten vil kunne dele ein eigedom i to ulike situasjonar. Den eine situasjonen gjeld eigedom som er i personlege sameiger. Den andre situasjonen er der nokon kjøper tilleggsjord.
Om eigarar i eit personleg sameige ønskjer å dele eigedommen mellom seg, må dei søkje delingssamtykke anten etter plan- og bygningslova, etter jordlova eller begge dei to lovene. Er eigarane ikkje samde om å søke delingsløyve, kan eigedommen ikkje delast, men ein eigar kan krevje at sameiget oppløysast med heimel i sameigelova § 15. Heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav g til å dele ein eigedom dersom sameiget er til hinder for ei tenleg utnytting av eigedommen er eit alternativ til oppløysing etter sameigelova § 15. Departementet meiner at det er behov for ei slik løysing. For nokre eigedommar vil deling vere det mest naturlege. Eit eksempel kan vere der det er bygd fleire bustader eller fritidshus på same matrikkeleining, og bygningane er i eineeige medan grunnen er felles. Departementet meiner samstundes at løysinga må ta høgde for at nødvendige delingsløyve må liggje føre. Departementet foreslår difor ei endring i jordlova slik at unntaket frå delingsforbodet i jordlova § 12 femte ledd ikkje skal gjelde dersom jordskifteretten fastset at ein eigedom skal delast etter lovforslaget § 3-7. Endringa går fram av lovforslaget § 9-7 nr. 15.
Departementet meiner at jordskifteretten bør kunne dele og nyutforme landbrukseigedom i samband med sal av tilleggsjord slik løysinga er i dag etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav f. Landbruksareal har låg verdi, og transaksjonskostnadene i samband med frådeling og registrering i matrikkelen kan fort bli så store at det ikkje blir lønsamt for partane å kjøpe tilleggsjord. Nokre høyringsinstansar, til dei jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, viser til at jordskifteretten alt før salet av tilleggsjord er gjennomført, bør kunne leggje til rette for å dele og forme ut eigedommar i samband med overdraging av tilleggsjorda. Departementet er samd i det. Dette er ei løysing i gjeldande jordskiftelov som er effektiv, og som fører til låge kostnader for partane. Alternativet er å overføre i fleire trinn. Først ved ei formell frådeling av tilleggsjorda med skiping av ein eller fleire nye matrikkeleiningar. Deretter ved overskøyting av den frådelte eininga. Til sist kan kjøparen eller kjøparane av tilleggsjord krevje jordskifte for å få utforma eigedommen på nytt med heimel i lovforslaget § 3-4. Departementet meiner at behovet for ein regel om deling i samband med kjøp av tilleggsjord er dekka i lovforslaget § 3-7.
8.12.3.4 Gjeldande jordskiftelov § 27 og sameigelova § 2
Oppløysing av sameige skjer ved at jordskifteretten skiftar sameiget etter partshøvet i sameiga. Det går fram av lovforslaget § 3-13 første ledd at jordskifteretten skal fastsetje eigedomsrettstilhøva slik dei er. Departementet kan ikkje sjå at det ut over dette er nødvendig å føre vidare reglane i gjeldande jordskiftelov § 27 andre til fjerde punktum om at sameiget skal delast etter skatteskyld. Ein nokonlunde lik regel finst i sameigelova § 2 andre ledd, og departementet meiner at regelen der er tilstrekkeleg.
8.12.3.5 Tilhøvet til forboda mot deling i jordlova og plan- og bygningslova
I kapittel 8.12.3.1 visast det til at jordskifteretten etter gjeldande jordskiftelov ikkje treng hente inn delingsløyve etter jordlova eller plan- og bygningslova når eigedommen delast etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a. Anten partane eller jordskifteretten må likevel hente inn delingsløyve dersom det skjer ei deling etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav g eller f.
Departementet er samd med Miljøverndepartementet i at jordskifteretten ikkje bør ta seg av alminnelege frådelingar av fast eigedom. Ei slik løysing kan føre til uklar rollefordeling mellom forvalting og domstolar. I samband med jordskiftesaka bør jordskifteretten her, som i andre saker der forvaltinga er tillagt særlege oppgåver, innhente nødvendige løyver, sjå lovforslaget § 3-17. Departementet meiner at ei slik tolking ligg innanfor den ordlyden jordskiftelova har i dag, og foreslår som eit utgangspunkt ikkje særskilde reglar i lovforslaget §§ 3-6 eller 3-7 på grunn av dette.
Departementet meiner samstundes at det er forskjell på kva jordskifteretten gjer etter lovforslaget §§ 3-6 og 3-7. Det er berre jordskifteretten som har kompetanse til å oppløyse sameige etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a og lovforslaget § 3-6. Partane har sjølv ikkje heimel for å gå utanom dei tvingande reglane i sameigelova, og den eigedommen som blir delt skal leggjast til den same eigedommen som allereie er eigar av den aktuelle parten. Oppgåva jordskifteretten har i slike høve har såleis meir karakter av å vere ei omformingsoppgåve enn ei deling. Departementet meiner difor at det, som etter gjeldande jordlov, ikkje vil vere behov for å søkje kommunen om delingsløyve i slike høve. Den oppgåva jordskifteretten vil få etter lovforslaget § 3-7 er på den andre sida ei ordinær deling. Departementet foreslår med dette som bakgrunn eit nytt punktum i jordlova § 12 femte ledd som gjer det klart at delingsforbodet i jordlova vil gjelde ved deling etter lovforslaget § 3-7. Sjå lovforslaget § 9-7 nr. 15 jordlova § 12. Departementet ser det ikkje som nødvendig med ei tilsvarande endring av ordlyden i plan- og bygningslova.
8.12.3.6 Negative servituttar
Med den løysinga departementet foreslår når det gjeld omskiping og avskiping av servituttar, sjå kapittel 8.5, foreslår departementet ikkje nokon heimel til å oppløyse «tyngsler» (negative servituttar) som er i ein situasjon som liknar på sameige slik forslaget var i høyringsnotatet. Departementet meiner at servituttlova § 7 om avskiping er eit adekvat verkemiddel for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som kan ha rot i negative servituttar.
8.12.3.7 «Blanda» sameiger
Departementet er kjent med at nokre eigedommar er eigd i ei form for blanda sameige der nokre eigardelar kan liggje til eigedommar (realsameige), medan andre eigarandelar er personlege sameigeandelar. Dei eigardelane som ligg til eigedom, er da eit realsameige som jordskifteretten kan løyse opp etter lovforslaget § 3-6. Dei andre eigardelane er eit personleg sameige som retten kan løyse opp etter lovforslaget § 3-7.
8.13 Reglar om sambruk (bruksordning)
8.13.1 Innleiing
Gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 1 gir jordskifteretten heimel for å gi reglar om bruken der det er sambruk mellom eigedommar. Når det er sambruk mellom eigedommar, har to eller fleire eigedommar for eksempel rett til å bruke ein veg over annan fast eigedom, ei avkjørsle eller rett til å sleppe dyr på beite på ein annan eigedom. Det er òg sambruk der fleire eigedommar har ulike typar bruksrettar på same eigedom. Når sambruk gjeld mellom eigedommar, må bruksretten liggje til eigedommen. I nokre høve er det ikkje snakk om sambruk mellom eigedomman men felles bruk for fleire personar, eller det skjer ein faktisk sambruk mellom eigedommane utan at nokon har ein klart etablert bruksrett. I desse tilfella går den kompetansen jordskifteretten har, fram av gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 2. Jordskifteretten kan såleis gi reglar om bruken i område der det ikkje er sambruk mellom eigedommar frå før, når jordskifteretten finn at det ligg føre særlege grunnar.
Gjeldande jordskiftelov inneheld ei rekkje andre reglar om å gi reglar for bruken av eigedommar. Departementet meiner at kompetansen jordskifteretten har til å gi reglar om bruken, bør førast vidare i ny jordskiftelov. Det er likevel behov for å rydde i heimlane.
Departementet deler inn drøftinga av dei ulike spørsmåla som er aktuelle i denne samanhengen, i ei rekkje underkapittel. I kapittel 8.13.2 drøftast spørsmålet om jordskifteretten bør ha ein generell heimel for som eiga sak å gi reglar om bruk der det er sambruk mellom eigedommar. Kapittel 8.13.3 gjeld spørsmål om jordskifteretten bør kunne fastsetje reglar for bruken der det ikkje er sambruk frå før. I kapittel 8.13.4 blir det drøfta om jordskifteretten skal kunne fastsetje reglar for sambruk av uteareala til eigarseksjonar. Kapittel 8.13.5 gjeld reglar for beite i allmenningar. I kapittel 8.13.6 er spørsmål om kva reglar om bruk ved sambruk mellom eigedom kan gå ut på, drøfta. Kapittel 8.13.7 gjeld spørsmålet om jordskifteretten skal ha heimel for å gi reglar om bruk for visse personlege sameiger. Kapittel 8.13.8 gjeld den kompetansen jordskifteretten har etter jordlova § 10 til å gjere bruksordning og avløyse retten til å ta ut torv.
8.13.2 Generell heimel for å gi eller endre reglar om bruk ved sambruk mellom eigedommar
8.13.2.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår å behalde heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 1 for jordskifteretten til å gi reglar om bruken i område der det er sambruk mellom eigedommar. Innhaldet blei innarbeidd i høyringsforslaget § 3-11. I høyringsforslaget foreslår arbeidsgruppa ut over dette å føre vidare heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 2, 3 og 4. Jordskifteretten skal såleis ha kompetanse til å gi reglar om bruken i eit område der det ikkje er sambruk mellom eigedommar, gi reglar om bruken i personlege sameige i skogeigedom, og i eigedom som for storparten ligg over barskoggrensa, samt for område i det samiske reinbeiteområdet der det går føre seg reindrift.
Forslaget inneber elles ei generalisering av reglane om kva som kan vere grunnlag for ei sjølvstendig sak om bruksordning. Det følgjer av at arbeidsgruppa foreslår at opprekninga i gjeldande jordskiftelov § 35 av kva bruksordning kan omfatte, skal falle bort, slik at heimelen for bruksordning blir § 3-11. Det blir ikkje skilt mellom saker der det er sambruk mellom eigedommar frå før, og der saka gjeld det å skipe sambruk.
Høyringsforslaget § 3-28 fører vidare føresegna i gjeldande jordskiftelov § 52 om at jordskifteretten kan gi reglar om gjerdeplikt og gjerdehald. Dette kan vere grunnlag for sjølvstendig sak.
8.13.2.2 Høyringsinstansane
Høyringsinstansane går ikkje imot forslaget i høyringsnotatet om å føre vidare føresegner om å kunne gi reglar om sambruk mellom eigedommar der det ikkje er slik sambruk frå før.
Jordskifterettane i jordskiftedømma i Agder og i Hålogaland, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme, Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap og Domstoladministrasjonen (DA) tilrår at føresegnene om å gi reglar for sambruk, blir slått saman slik at det blir ei føresegn uavhengig av om det er slik sambruk frå før eller ikkje. Med litt forskjellige ord gir dei uttrykk for at gjeldande føresegner dekkjer alle område i landet. Når summen av to føresegner gir likt resultat, meiner dei at det bør vurderast å skrive dei saman til ei føresegn.
Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme støttar ikkje dette synet. Dei uttaler om bortfallet av gjeldande jordskiftelov § 35 at dei færraste veit kva ei bruksordning kan gå ut på. For sjølvprosederande partar og for advokatar er det difor behov for å vere meir konkret og vise kva for tilhøve som kan løysast som bruksordning. Jordskifterettane meiner at opprekninga i gjeldande jordskiftelov bør behaldast. Ho bør ikkje vere uttømmande, og ho bør kunne oppdaterast og kompletterast. Jordskifterettane viser til at ei slik løysing skipar ei forståing for kva bruksordning er, og viser elles til at det ved søking på internett for eksempel etter ordet jakt, vil ein få tilslag på jordskiftelova. Dette vil gjere synleg kva jordskifteretten kan gjere.
DA viser til at det bør vere samsvar mellom reglane om skiping av sameige etter høyringsforslaget § 3-7, og den generelle moglegheita til å skipe bruksordning mellom eigedommar.
Det er fleire høyringsinstansar som gjeld høyringsforslaget § 3-28 om gjerdehald.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme reiser spørsmål ved om gjerdeføresegner er bruksordning eller sams tiltak, eller om det ikkje er nokon av delane. Dei meiner at føresegna i høyringsforslaget § 3-28 i hovudsak anten er bruksordning eller sams tiltak. Dei viser til at ei eventuell sperre eller eit sikringsgjerde som står på ein eigedom og berre er til nytte for ein annan eigedom, fell utanom dette. Slik sperre eller slikt sikringsgjerde kan etablerast ved jordskifte som omfattar meir enn slikt gjerde, men ikkje som eiga sak. Skal slikt gjerde etablerast utan andre verkemiddel i jordskifte, må det skje ved skjønn.
Sør-Trøndelag jordskifterett meiner at føresegna om gjerde fell inn under bruksordning og sams tiltak. Jordskifteretten meiner difor at regelen kan strykast eller flyttast til kapittel 3 II.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap meiner at andre ledd fell inn under dei generelle føresegnene om oppgjer, og at leddet kan takast ut. Instituttet peikerpeiker elles på at føresegna er avgrensa til å gjelde dei som gir frå seg eit gjerde, og stiller spørsmål ved om ikkje den same føresegna bør gjelde for dei som får gjerdeplikt.
DA reiser spørsmål ved om det er nødvendig med ei eiga føresegn som gjeld gjerde. DA uttaler:
«Faller ikke bestemmelsen inn under de generelle reglene under § 3-11 eller § 3-13? Dersom departementet er av den oppfatning at det er behov for å ha gjerdehold som en egen sak, så bør bestemmelsen flyttes inn under romertall II i kapittel 3.»
8.13.2.3 Departementets vurderingar
Departementet foreslår, i tråd med forslaget i høyringsnotatet og innspel frå høyringsinstansane, at heimelen i jordskiftelova til å gi reglar om bruken der det er sambruk mellom eigedommar, bør førast vidare i ny jordskiftelov. Føresegna om dette er innarbeidd i lovforslaget § 3-8. Departementet viser til at det å fastsetje reglar om sambruk (bruksordning) mellom eigedommar er ei kjerneoppgåve for jordskifterettane i dag, og at saksporteføljen i dag viser at det er eit behov for at retten kan fastsetje bruksordningar òg i framtida. I ordlyden i lovforslaget § 3-8 første punktum foreslår ein ei presisering som viser at jordskifteretten anten kan gi eller endre reglar for sambruk. Endringa lovfestar praksis etter gjeldande jordskiftelov.
Departementet meiner på same måten som arbeidsgruppa, at ein bør kunne generalisere reglane om kva som kan vere grunnlag for ei sjølvstendig sak om bruksordning. I gjeldande jordskiftelov er det etter måten forskjellig felles bruk som kan ordnast. Etter gjeldande jordskiftelov § 35 kan bruksordning omfatte grensefastsetjing for hamnelag (§ 35 bokstav a), avløysing av beiterett (§ 35 bokstav b), ny utforming av eigedommar gjennom flytting av seter (§ 35 bokstav c), oppløysing av fellesskap gjennom å gjere slutt på sambeite mellom hamnelag (§ 35 bokstav b) og skiping av nytt fellesskap gjennom skiping av nye (hamne)lag (§ 35 bokstav a). Opprekninga i denne paragrafen av ulike former for felles bruk er ikkje er uttømmande. Lovteknisk overlappar dessutan heimlane i gjeldande jordskiftelov § 35 og § 2 første ledd bokstav c og til dels òg § 2 første ledd bokstav h kvarandre. Overlappinga kan etterlate tvil om kva heimlane eigentleg gjeld.
Departementet kan ikkje sjå at det er nemnande å hente ved å halde fast ved gjeldande regelteknikk som byggjer på ei tilsynelatande tilfeldig opprekning i lova av tiltak som jordskifteretten kan behandle. Ei konkret opprekning vil ikkje kunne vere uttømmande, og ho kan fort bli lang og uoversiktleg. Fordelen jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme peiker på, med at det blir lettare å søkje på ulike tema på internett, må kunne løysast på annan måte. Tiltaka kan for eksempel nemnast i proposisjonen her i samband med reglane om felles bruk. Departementet foreslår såleis å samle kompetansen jordskifteretten skal ha til å fastsetje reglar for sambruk, i ein generell heimel. Lovforslaget gir heimel for å gi reglar for sambruk mellom eigedommar. Løysinga gjer innhaldet i regelen eintydig, og ho er i samsvar med målet om å forenkle jordskiftelova. Forslaget går fram av lovforslaget § 3-8 første ledd første punktum. Det er ikkje meininga at forenklinga skal føre til at verkemiddel forsvinn.
Gjeldande jordskiftelov § 52 gir jordskifteretten heimel til å gi reglar om gjerdeplikt og deling av gjerdehald innanfor jordskifteområdet og mot naboeigedom. Høyringsforslaget § 3-28 fører dette vidare. Fleire høyringsinstansar har peikt på at den generelle regelen og regelen om gjerde overlappar einannan. Departementet foreslår ingen særlege reglar om kompetanse om bruksordning for gjerde. Slik bruksordning kan da gjerast som ein del av den generelle føresegna om bruksordning, sjå lovforslaget § 3-8. Departementet viser til grannegjerdelova § 14 andre ledd uttrykkeleg seier at jordskifteretten avgjer spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling der det er kravt mellom anna bruksordning etter jordskiftelova. Departementet går imot ei opplisting av ulike formål bruksreglar kan fastsetjast for. Dette fører til at departementet meiner at gjerdehald ikkje må nemnast særskilt i paragrafen. Departementet er elles samd med dei høyringsinstansane som peiker på at spørsmål om gjerdehald både kan ha karakter av å vere bruksordning, og av å vere felles tiltak, jf. lovforslaget § 3-9. I denne samanheng tek ein opp det som har med bruksordning å gjere.
Lovforslaget § 3-8 gjeld «sambruk mellom eigedommar». Heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c punkt 3 første punktum til å gi reglar om bruken mellom reindrifta og grunneigarar i det samiske reinbeiteområdet der det blir drive reindrift, blir ført vidare i lovforslaget § 3-8 tredje ledd første punktum. Gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c punkt 3 andre punktum blir òg ført vidare. Det inneber at jordskifteretten ikkje kan regulere tilhøva mellom dei som driv slik reindrift.
8.13.2.4 Særleg om oppheving av gjeldande jordskiftelov § 35
Departementet foreslår å oppheve gjeldande jordskiftelov § 35. Sjå grunngivinga i kapittel 8.13.2.3 der ein foreslår ein generell heimel for at jordskifteretten kan fastsetje reglar om bruken der det er sambruk mellom eigedommar. Innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 35 gir likevel jordskifteretten kompetanse til å gjere meir enn berre å fastsetje reglar om bruken. Heimelen omfattar for eksempel fastsetjing av grenser a) og e) til j), oppløysing av fellesskap a) og b), etablering av fellesskap a), utmåling av vederlag b), flytting c), ny utforming av bruksrettar d), og så vidare. Sjølv om departementet foreslår å oppheve gjeldande jordskiftelov § 35, meiner departementet at dette ikkje fører til at verkemiddel som er nemnde i føresegna, blir borte. Formålet med gjennomgangen nedanfor er å vise dette.
I ei jordskiftesak kan jordskifteretten på same måten som i gjeldande jordskiftelov, ta i bruk dei ulike verkemidla i jordskiftekapitlet for å oppnå ei tenleg løysing sett i lys av krava partane har sett fram. Dette går fram av lovforslaget § 3-1 første ledd. Retten kan såleis forme ut eigedommar og rettar (lovforslaget § 3-4), skipe sameige (lovforslaget § 3-5), oppløyse sameige og bruksrettar (lovforslaget § 3-6), oppløyse sameige og dele eigedom som ikkje er sameige (lovforslaget § 3-7), gi reglar om sambruk (lovforslaget § 3-8), skipe felles tiltak og påleggje felles investeringar (lovforslaget § 3-9) og skipe lag og fastsetje vedtekter (lovforslaget § 3-10). I tillegg kan retten i samband med jordskiftet fastsetje eigedomsgrenser og grenser for rettar etter lovforslaget kapittel 4, og halde skjønn og ta andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5. Departementet meiner at kombinasjonen av heimlane i ny lov, på ein betre måte enn opprekninga i gjeldande jordskiftelov § 35 langt på veg gir jordskifteretten nødvendig kompetanse til å gjere dei tiltaka som er nemnde i lova i dag. Årsaka er at opprekninga i gjeldande jordskiftelov kan etterlate tvil om kva jordskifteretten eigentleg har heimel til.
Gjeldande jordskiftelov § 35 bokstav a gir jordskifteretten kompetanse til å gi reglar om bruk og sambruk mellom anna ved å fastsetje nye grenser mellom hamnelag, gjere slutt på sambeite mellom hamnelag og skipe nye hamnelag. Det kan gjerast vedtak om kva slag og kor mange husdyr kvar part kan sleppe på beite i eit område eller nokon del av området, og om beitetida. Etter lovforslaget kan jordskifteretten slå fast kvar gjeldande grenser går, med heimel i lovforslaget § 3-8 fjerde punktum. Skal det fastsetjast nye grenser, gir lovforslaget § 3-8 om å avgrense felt for utøving av bruksretten nødvendig heimel. Å gjere slutt på sambeite mellom hamnelag vil kunne falle inn under heimelen til oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar i lovforslaget § 3-6 dersom deltakarane i hamnelaget eig beitestrekninga i sameige. Oppløysinga kan vere delvis eller fullstendig. Skal det skipast nye hamnelag, gir lovforslaget § 3-8 heimel for dette. Er det reist sak etter § 3-8 skal jordskifteretten etter lovforslaget § 3-13 ta stilling til bruksrettstilhøva slik dei er. Det vil seie at jordskifteretten fastset omfanget av eksisterande beiterettar. Med heimel i § 3-8 kan jordskifteretten gi nye reglar om kva slag og kor mange husdyr partane kan sleppe på beite, eller om beitetida etter lovforslaget § 3-8.
Gjeldande jordskiftelov § 35 bokstav b gir jordskifteretten kompetanse til å gi reglar om å leggje ut felt til kulturbeite eller fôrdyrking med tilhøyrande anlegg til bruk for ein eller fleire mot avkorting i beitebruken i resten av området, eller mot vederlag i pengar eller anna. Reglane om kven som skal vere med i beiteordninga, og kvar kulturbeitet eller fordyrkingsarealet skal vere, kan løysast etter lovforslaget § 3-8. I slike høve har jordskifteretten heimel til å avløyse alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom etter lovforslaget § 3-12 om slik rett er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Er det snakk om å reise sjølvstendig sak, følgjer det av lovforslaget at partane må krevje avskiping etter § 7 i servituttlova. Sjå løysinga i kapittel 8.5. Etter lovforslaget § 9-7 nr. 7 ny § 7 a er dette ei avgjerd som går for jordskifteretten, sjå omtale i kapittel 11.
Gjeldande jordskiftelov § 35 bokstav c gir jordskifteretten kompetanse til å leggje ned seter som det ikkje blir bruk for etter ordninga, og til å flytte seter. Slåtteng kan òg avløysast eller flyttast om det trengs for å få til ei tenleg ordning, og fordelane er store samanlikna med dei ulempene slåtteigaren får av det. Nedlegging av seter kan vere aktuelt fordi eigedommen setra høyrer til, kan dyrke nødvendig fôr på annan måte. Lovforslaget § 3-4 gir i slike tilfelle jordskifteretten kompetanse til å forme ut eigedommen på nytt, og lovforslaget § 3-12, gir heimel for å avløyse retten til seter, eller avløyse rett til slåtteng dersom slik rett er til hinder for eit tenleg jordskifte. Lovforslaget § 3-4 gir heimel for å flytte seter, seterrett eller slåtteng.
Gjeldande jordskiftelov § 35 bokstav d gir jordskifteretten kompetanse til å avgrense eller setje heilt forbod mot beiting i visse område av omsyn til skogen. Lovforslaget § 3-8 gir jordskifteretten ein tilsvarande kompetanse.
Gjeldande jordskiftelov § 35 bokstavane e til j gjeld kompetansen jordskifteretten har til å fastsetje reglar om felles bruk mellom eigedommar. Etter lovforslaget kan jordskifteretten ta slike avgjerder etter § 3-8. For å fastsetje reglane må jordskifteretten òg i mange tilfelle ta stilling til eigedoms- eller rettshøve, sjå lovforslaget § 3-13. Opplistinga i bokstavane i til j gjeld kompetanse til å regulere drifta av skog og torvmyr (e), å fastsetje fisketider, fangstmåtar, reiskapar og anna som har med fisket å gjere, og å gi reglar om bruken av strandrettar (f), å gi reglar om utøvinga av jakt, fangst og viltstell (g), å fastsetje reglar for sams bruk av sand- og grustak, vassrettar, og sams bruk i samband med rekreasjons- og turistformål (h), å ordne tilhøva mellom reindrifta og grunneigarar og andre rettshavarar i område i det samiske reinbeiteområdet der det går føre seg reindrift, når det gjeld beite, flyttlei og liknande (i), og å fastsetje reglar for sams bruk i samband med drift og vedlikehald av vegar, parkeringsområde, leikeplassar, grøntområde med vidare (j).
8.13.3 Fastsetjing av reglar om sambruk der det ikkje er sambruk frå før
8.13.3.1 Høyringsforslaget
Høyringsnotatet inneheld eit forslag om å utvide kompetansen til å skipe felles bruk etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 2. Det inneber at vilkåret i gjeldande rett om at det skal liggje føre særlege grunnar, fell bort. Kompetansen jordskifteretten har til å gi reglar om felles bruk vil da bli lik anten det er etablert felles bruk frå før, eller ikkje er etablert slik felles bruk.
8.13.3.2 Høyringsinstansane
Det er delte meiningar om forslaget om å fjerna vilkåret «særlege grunnar». Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme vil føre dette vilkåret vidare, og viser til at det bør vere meir enn alminnelege grunnar til å tvinge eineeigde eigedommar inn i eit bruksfellesskap med andre.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er positive til at vilkåret i gjeldande jordskiftelov § 2 bokstav c nr. 2 om at det skal liggje føre særlege grunnar er teke bort i høyringsforslaget. Jordskifterettane viser til at i utmark der for eksempel jakt ligg i eineeige, kan det vere umogleg å utnytte jaktressursane utan ei organisering av bruken på tvers av eigedomsgrensene.
Norges Bondelag ser fordelar og ulemper med at jordskifteretten skal ha kompetanse til å skipe sameiger (høyringsforslaget § 3-7), skipe bruksordning (høyringsforslaget § 3-11 og skipe fellestiltak (høyringsforslaget § 3-13). Bondelaget viser til at det ut frå eit grunneigarperspektiv kan vere uheldig å diktere ei felles ordning for tidlegare uavhengige eigedommar, særleg når det er høgt konfliktnivå mellom partane. Bondelaget uttaler vidare:
«Adgangen til å etablere sameie, servitutter, bruksordning og fellestiltak, bør difor anvendes med forsiktighet. Landbruks- og matdepartementet anmodes å vurdere om det kan lovfestes krav om kvalifisert interesseovervekt som vilkår for slike tiltak, i alle fall når en gitt andel av eierinteressene motsetter seg tiltaket. Slike vilkår finnes blant annet i servituttloven §§ 5-7 (nå foreslått opphevet).»
8.13.3.3 Departementets vurderingar
I gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd punkt c er det eit skilje slik at jordskifteretten har generell kompetanse til å gi reglar om sambruk der det allereie er sambruk mellom eigedommar, men at retten til å gi reglar om sambruk er avgrensa når det ikkje er etablert sambruk. I det siste tilfellet må det liggje føre «særlege grunnar» for at jordskifteretten kan skipe sambruk og fastsetje reglar for denne bruken. I praksis er det lagt til grunn at særlege grunnar kan vere at eigedoms- eller rettstilhøve er slik at dei hindrar andre i ei tenleg utnytting, eller tvinger alle til urasjonell og ikkje optimal drift. Det er ikkje snakk om å føre eineeigde eigedommar inn i eit sameige. Meininga er å gi jordskifteretten heimel for å gi reglar om at ein ressurs som ligg til ein eigedom, skal brukast saman med eller i samspel med andre eigedommar på nærare fastlagde måtar og vilkår.
Departementet meiner at det vil vere ei forenkling å ta bort vilkåret om «særlege grunnar» slik at kompetansen blir lik uavhengig av om det er sambruk frå før eller ikkje. Departementet er likevel samd med jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme som peiker på at det bør vere meir enn alminnelege grunnar til å tvinge eineeigde eigedommar inn i eit bruksfellesskap med andre. I område der det ikkje er rettsleg grunna sambruk frå før, må vurderinga av nye reglar gå i to steg. Først må retten ta stilling til om det er behov for reglar om sambruk. Dersom svaret er ja, kan retten utforme desse reglane. Departementet meiner såleis at vilkåret om «særlege grunnar» framleis bør gjelde der det ikkje allereie eksisterer sambruk.
Departementet har merka seg at jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til at det kan vere nødvendig å organisere jakt på tvers av grensene for eineeigde eigedommar.
Det kan ikkje vere tvil om at jordskifteretten etter gjeldande reglar kan skipe sambruk for jakt, og gi reglar om det i område der det ikkje er sambruk i jakta frå før. Når dette er nødvendig for å skipe tenlege jaktvald, og fråvær av slike jaktvald anten øydelegg for nokon av eigarane, eller tvingar alle til urasjonell organisering av jakta, er dette eit eksempel på kva som vil falle inn under vilkåret «særlege grunnar».
Ved å samle heimlane i eitt ledd med kvart sitt punktum meiner departementet at alle omsyn er tekne vare på. Dette går fram av lovforslaget § 3-8 første ledd, første og andre punktum.
Departementet er elles samd med DA i at kompetansen jordskifteretten har til å gi reglar om sambruk mellom eigedommar, er eit meir avgrensa inngrep i eigedomsretten enn kompetansen til å skipe sameige mellom eigedommar. Departementet viser i denne samanheng til at lovforslaget på dette området har ei form for rekkefølgjeføresegner, sjå lovforslaget § 3-5 første ledd.
8.13.4 Reglar for beite i allmenningar, bruksordning i reindrift
8.13.4.1 Høyringsforslaget
I høyringsforslaget § 3-11 tredje ledd blir gjeldande jordskiftelov § 33 andre ledd ført ordrett vidare i forslag til ny jordskiftelov. Jordskifteretten skal framleis kunne halde beiteordning i stats- eller bygdeallmenningar. Særvilkåra er at styret for allmenningen først har gjennomført beiteordning der, og at nokon som denne beiteordninga vedkjem, har kravt beiteordninga inn for jordskifteretten innan seks månader.
8.13.4.2 Høyringsinstansane
Det har ikkje kome inn uttalar til reglar for beite i allmenningar. Når det gjeld bruksordning for interne tilhøve i reindrifta, er høyringsuttalane refererte i kapittel 8.6.2.
8.13.4.3 Departementets vurderingar
Departementet ser ingen grunn til ein annan regel enn den som gjeld i dag, og foreslår at regelen blir ført vidare. Ut frå regeltekniske grunnar meiner departementet at regelen bør stå i allmenningslovene, sjå lovforslaget § 9-7 nr. 9 endring i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsalmenningane § 16 nytt andre ledd og lovforslaget § 9-7 nr. 13 endring i lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenningar § 1-4 nytt andre ledd.
Forslaga til endringar i høve til reindrifta er drøfta i kapittel 8.6.3.
8.13.5 Kva reglar om sambruk kan gå ut på
8.13.5.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal kunne gi reglar om bruksmåte, til å avgrense feltet for utøving av bruksrett og til å flytte bruksrett frå ein stad til ein annan eller frå ein eigedom til ein annan. Føresegna om dette finn ein i høyringsforslaget § 3-11 andre ledd andre punktum. Føresegnene byggjer på gjeldande jordskiftelov § 33 første ledd andre punktum.
Arbeidsgruppa foreslår at reglane skal kunne gjelde for tilhøva mellom eigar og bruksrettshavar og mellom bruksrettshavarane innbyrdes, jf. høyringsforslaget § 3-11 andre ledd første punktum. Forslaget fører vidare gjeldande jordskiftelov § 33 første ledd første punktum.
Arbeidsgruppa foreslår ikkje å føre heimelen i gjeldande jordskiftelov § 34 første ledd vidare. Arbeidsgruppa viser til at heimlane i høyringsforslaget samla sett langt på veg gir dekning for å kunne gjere det same etter høyringsforslaget som etter gjeldande jordskiftelov.
Forslaga er elles prega av forslaget arbeidsgruppa har om at reglane om omskiping i servituttlova skal arbeidast inn i jordskiftelova.
8.13.5.2 Høyringsinstansane
Justisdepartementet kommenterer tilhøvet mellom jordskiftelova og grannegjerdelova slik:
«Selv om det er selvsagt, mener vi det er en fordel om det i ordlyden presiseres at reglene skal gis i samsvar med grannegjerdelova. Det bør i spesialmerknadene vises til de aktuelle bestemmelsene i grannegjerdelova.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler seg òg om dette:
«Første ledd bør vise til reglane om gjerdeplikt og gjerdedeling i gjerdelova, slik at det går tydeleg fram av lovteksten at jordskifteretten ikkje kan utøve «fritt skjønn», sjå t.d. dagens lov § 52 tredje ledd første punktum.»
8.13.5.3 Departementets vurderingar
Departementet foreslår slik det går fram av kapittel 8.13.2.3, at det skal vere ein paragraf i lova om kompetansen jordskifteretten skal ha til å fastsetje reglar for sambruk (bruksordning). Sjå lovforslaget § 3-8. Paragrafen bør vise kva reglar om sambruk kan gå ut på, og kven reglane skal kunne gjelde for.
Departementet foreslår å lovfeste at jordskifteretten kan gi reglar om sambruk ved utøving av forskjellige former for bruksrettar. Sjå lovforslaget § 3-8 første ledd tredje punktum der det går fram at jordskifteretten kan ordne tilhøva mellom eigarar og bruksrettshavarar og mellom bruksrettshavarane innbyrdes. Gjeldande jordskiftelov § 35 bokstav d gir konkret eksempel på at dette òg gjeld i dag. Der heiter det at reglar om bruk og felles bruk kan gå ut på å avgrense eller setje heilt forbod mot beiting i visse område av omsyn til skogen. Det går òg fram av lovforslaget § 3-8 første ledd tredje punktum at ei sak kan gjelde sambruk mellom ein eigar og ein bruksrettshavar, for eksempel der begge gjer seg nytte av beite på den same eigedommen.
Departementet foreslår i lovforslaget § 3-8 fjerde punktum at reglar om sambruk mellom anna kan gå på å avgrense feltet for utøving av bruksrett, gi reglar om bruksmåte. Forslaget er ei generalisering av opplistinga i gjeldande jordskiftelov § 35. I tillegg dekkjer formuleringane innhaldet i gjeldande jordskiftelov §§ 43, 44 og 52. Jordskifteretten har etter jordlova § 10 kompetanse til å halde bruksordning knytt til retten til å ta ut torv. Jordskifteretten har òg heimel til å avløyse slik uttaksrett. Kompetansen etter jordlova § 10 byggjer på reglane i lov 18. mars 1949 om jordøydelegging. Lova frå 1949 avgrensa retten til å ta ut torv. Dersom lova førte til at nokon leid tap, kunne dei etter jordøydeleggingslova § 5 reise sak for jordskifteretten for å få i stand anten ei bruksordning eller at mellomlegget skulle målast ut i pengar. Utforminga av lovforslaget § 3-8 dekkjer òg bruksordning etter denne føresegna. Departementet foreslår ei endring i jordlova § 10 slik at tilvisinga til ny jordskiftelov blir presis. Formuleringa i lovforslaget § 3-8 første ledd fjerde punktum dekkjer òg slik bruksordning som kan krevjast etter lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk mv. § 25 åttande ledd, slik dette leddet lyder etter lovendringa i 2012. Innlandsfiskelova § 25 inneheld reglar om organisering av fiskeforvaltinga i vassdrag. Etter innlandsfiskelova § 25 åttande ledd første punktum kan det krevjast bruksordning etter gjeldande jordskiftelov for å skipe felles organisering av fiskeforvaltinga. Etter andre punktum kan departementet krevje bruksordning etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c, når ingen av partane vil krevje det, eller resultatet av minneleg ordning ikkje er hensiktsmessig. Departementet foreslår å endre innlandsfiskelova § 25 åttande ledd første punktum slik at det blir vist til «jordskiftelova», som er det nye kortnamnet på lova. Departementet foreslår at andre punktum blir endra slik at det blir vist til lovforslaget § 3-8 som avløyser gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c.
For å gjere føresegna meir informativ for lesaren, foreslår departementet i lovforslaget § 3-8 andre ledd at det går fram at reglane om sambruken kan vere varige eller mellombelse.
Når jordskifteretten fastset reglar for sambruk etter lovforslaget § 3-8, må retten, som i dag, følgje dei rammene som er sett for sambruken i dei aktuelle lovene. Dette gjeld uavhengig av om sambruken gjeld fiskeforvalting, viltforvalting, grannegjerdelova, reindriftslova eller andre tema. Departementet er samd med jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme i at det er uheldig å bruke formuleringa «fritt skjønn». Departementet viser til prinsipiell drøfting av dette i kapittel 11. Lovforslaget § 3-8 inneheld ikkje formuleringa «fritt skjønn». Departementet er såleis samd med Justisdepartementet i at dei reglane jordskifteretten gir, skal vere i samsvar med føresegnene i grannegjerdelova.
8.13.6 Heimel for å gi reglar om sambruk for visse personlege sameige
8.13.6.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-11 første ledd bokstav d å føre vidare heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 4. Denne føresegna gir heimel til å gi reglar om bruken i personleg sameige i skog og for sambruk av eigedom som for storparten ligg over barskoggrensa. Arbeidsgruppa foreslår ikkje å føre vidare vilkåret om særlege grunnar.
8.13.6.2 Høyringsinstansane
Høyringsinstansane har ulike meiningar om endringsforslaget. Eit fleirtal i jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme går mot forslaget, og uttaler:
«Et flertall i Hålogaland foreslår at bestemmelsene i bokstav c) og d) om bruksordning i personlige sameier tas ut av loven. I praksis vil det være vanskelig å regulere bruken av en eiendom mellom de enkelte medeierne. Synet på bruken av en eiendom vil være subjektivt og variere fra person til person og det er mange steder interne konflikter. Eiersituasjonen vil også være av skiftende og kortvarig karakter. Eiere dør og nye og kanskje flere medeiere kommer til. Også for landbruksnæringen og for andre myndigheter er denne eierformen, som vi har svært mye av i landsdelen, uheldig. Det vil være mer fornuftig at jordskifteretten deler personlige sameier etter § 3-8 enn at det fastsettes bruksordningsregler.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme går òg mot forslaget, og skriv:
«Vi stiller spørsmål om første ledd bokstav c og d er nødvendige å vidareføre. Langt på veg tilsvarande regler har stått i dagens lov nokre år no, jf. § 2 bokstav c nr. 4, og vi er ikkje kjende med at det har vore gjennomført saker med bakgrunn i denne heimelen. Har det då noko for seg å vidareføre regelverket? I det heile bør det kunne stillast spørsmål ved om bruksordning i personlege sameige er noko som jordskiftedomstolane skal bruke ressursar på. Dette bør partane i utgangspunktet ha ansvar for å ordne opp i sjølv. Men dersom dette fortsatt skal vere ein sakstype i jordskiftelova, bør regelen mjukast opp og gjerast meir generell til å gjelde all utmark og kanskje også innmark. Lat oss seie at det skulle vere behov for å ordne jakta i ei personleg sameige. Jakt på storvilt kan føregå både på innmark og i utmark. Jordskifteretten kan då ordne bruken berre for delar av arealet (personleg sameige over barskoggrensa, ev. utmark) og ei heilskapleg løysing er utanfor rekkevidde.»
Sør-Trøndelag jordskifterett har eit anna syn:
«I første ledd bokstav c og d er bruksordning for personlige sameier avgrensa til skogeiendommer og eiendommer over barskoggrensa. Det blir dermed en avgrensing mot andre personlige sameier som for eksempel hytte- og huseiendommer. Men samtidig er jordskifteretten allerede langt inne på personlige enemerker i forbindelse med deling av personlige sameier. Sett ut fra det, kan det stilles spørsmål om skillet er nødvendig. Avgrensinga er kunstig også sett ut fra at det er andre eiendommer av landbrukskarakter som også kan være personlige sameier.»
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:
«Bokstavene c) og d) bør også forenkles. Vi foreslår å slå sammen disse og at regelen blir gjort generell for alt utmarksareal. Det er etterspørsel etter løsning av slike saker. Det er ingen god grunn for at hjemmelen bare skal omfatte skogarealer og arealer over barskoggrensa. Derimot er det viktig å avgrense hjemmelen slik at den ikke gjelder for bygninger.»
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme har skrive eit eige forslag til ny lovtekst. Der blir reglane i gjeldande jordskiftelov ført vidare. Desse jordskifterettane grunngir ikkje kvifor lovteksten deira er utforma slik.
8.13.6.3 Departementets vurderingar
Departementet har merka seg råda frå jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og frå jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme, og foreslår at jordskifteretten ikkje lenger skal ha heimel til å halde sak om bruksordning dersom saka gjeld bruken i personlege sameiger i skogeigedom og i fjellstrøk som for storparten ligg over grensa for barskog. Departementet legg vekt på at eigartilhøva i personlege sameiger til vanleg vil vere mindre stabile enn ved sambruk mellom eigedommar. Det er mindre grunn til å bruke offentlege ressursar på slike bruksordningar som kan få kort levetid. Departementet er elles samd i høyringsuttalen frå Sør-Trøndelag jordskifterett om at avgrensinga av heimelen er kunstig. Jordskifteretten vil elles med heimel i servituttlova §§ 5 og 6 kunne omskipe slike rettstilhøve. Departementet foreslår såleis ikkje å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 4 til å gi reglar om bruken i personleg sameige i skog og i fjellstrøk som for storparten ligg over grensa for barskog i ny jordskiftelov.
8.13.7 Reglar for sambruk av uteareala til eigarseksjonar
8.13.7.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår ingen regel om at jordskifteretten skal ha heimel til å gi reglar om sambruk av uteareala til eigarseksjonar.
8.13.7.2 Høyringsinstansane
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme foreslår at jordskifteretten skal ha slik heimel og uttaler om dette:
«…Vi ser at arbeidsgruppa har foreslått at jordskifteretten skal kunne gjennomføre rettsutgreiing i utomhusarealet i eierseksjonsameier. Vi mener det er vel så stort behov for at aktørene i denne typen sameier kan kreve en bruksordning. Denne eierformen har etter hvert blitt ganske utbredt, og vi får til tider henvendelser fra personer som har andeler i slike sameier, om at det er behov for regler om bruken av denne typen arealer. Vi mener difor at utomhusareal i eierseksjonssameier bør inn som en ny bokstav i forslag til nytt andre ledd.»
8.13.7.3 Departementets vurderingar
Etter lovforslaget kapittel 4 foreslår departementet at jordskifteretten skal ha heimel til å fastsetje eigedoms- og bruksrettshøve for uteareal til eigarseksjonar. Sjå lovforslaget § 4-1 bokstav e som gir jordskifteretten heimel til å halde sak om rettsutgreiing i område der det er sambruk av uteareala som ligg til eigarseksjonar, og lovforslaget § 4-2 første ledd bokstav c som gir heimel for å fastsetje grenser for uteareal som høyrer til ein eller fleire eigarseksjonar.
Departementet er samd med jordskifterettane i Agder jordskiftedømme i at det kan vere behov for å gi reglar om sambruk av uteareal til eigarseksjonar, og at jordskifteretten har kunnskap og erfaringar som gjer at han er eigna til å løyse slike saker. Departementet viser til at det ofte vil vere etter måten intensiv bruk av uteareal i slike område. Behovet for reglar mellom dei som skal utøve bruken, aukar når bruken av eit område er intensiv. Organiseringa av bruken i eit eigarseksjonsameige kan vere forskjellig frå eitt eigarseksjonsameige til eitt anna. I eitt sameige kan det vere fastsett vedtekter om dette, medan det i eit anna er meir tilfeldig kva for eigarseksjon som har gjort seg nytte av utomhusareala. Departementet kan ikkje sjå at innføring ein slik heimel vil vere å ta noka oppgåve frå andre organ. Departementet kan heller ikkje sjå andre høve som gjer at denne spesielle forma for faktisk sambruk ikkje bør kunne behandlast av jordskifteretten.
Departementet foreslår etter dette ei ny føresegn som gir jordskifteretten heimel for å gi reglar om sambruk av uteareal til eigarseksjonar. Sjå lovforslaget § 3-8 tredje ledd første punktum. Lovforslaget § 3-8 andre ledd andre punktum gir dessutan heimel for å skipe sambruk dersom det ligg føre særlege grunnar. Jordskifteretten kan ut over dette ordne tilhøva mellom bruksrettshavarane innbyrdes, og kan mellom anna avgrense feltet for utøving av ein bruksrett og gi reglar om bruksmåte og om gjerdehald.
8.14 Pålegg om felles tiltak, og pålegg om felles investeringar
8.14.1 Høyringsforslaget
Gjeldande jordskiftelov har fleire ulike reglar om etablering av felles tiltak (sams tiltak) og felles investeringar. Arbeidsgruppa foreslår i stort i høyringsforslaget § 3-13 å føre vidare løysinga i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav e. Høyringsforslaget inneheld likevel fleire endringar i reglane om felles tiltak og pålegg om felles investaringar.
I høyringsforslaget blir kompetansen til jordskifteretten utvida slik at fellesinvesteringar ikkje berre skal vere knytt til eigedommar slik regelen er i dag, men òg til rettar og anlegg av infrastruktur. Dei to paragrafane om fellestiltak (gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav e) og fellesinvesteringar (gjeldande jordskiftelov § 42) foreslår arbeidsgruppa innarbeidd i ein paragraf. Dei konkrete heimlane i gjeldande jordskiftelov §§ 43 første ledd (vegar), 43 tredje ledd (taubanar og løypestrengar), 44 første ledd (grøfter og kanalar) og 44 andre ledd (vassleidningar og kloakkleidningar) skal erstattast med det meir generelle omgrepet «infrastruktur». I tillegg skal plikta jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 42 til å ta med nødvendige investeringar i skifteplanen, erstattast med eit høve til å kunne gjere dette.
I høyringsforslaget § 3-13 tredje ledd foreslår arbeidsgruppa kva jordskifteretten skal leggje vekt på når han vurderer kva for fellestiltak han skal påleggje. Vurderingsmomenta er den framtidige utnyttinga av eigedommane og rettane, behovet for, og nytten av fellestiltaket, og den økonomiske evna partane har.
I høyringsforslaget § 3-13 fjerde og femte ledd om fellestiltak som kan innebere stor risiko, foreslår arbeidsgruppa i hovudtrekk innhaldet i § 34 b tredje og fjerde ledd i gjeldande jordskiftelov ført vidare med nokre endringar i ordlyden. Vesentleg i denne samanheng er at jordskifteretten kan skipe eit eigarlag som ikkje kan påleggjast å ta risiko knytt til fellestiltaket, og eit opplegg for frivillig etablering av eit driftsselskap som tek denne risikoen. Det er nytt i høyringsforslaget at jordskifteretten får heimel til å avgjere korleis storleiken på vederlaget frå driftsselskap til eigarlag, skal fastsetjast.
8.14.2 Høyringsinstansane
Miljøverndepartementet tek i samband med høyringsforslaget § 3-11 opp tilhøvet mellom fellestiltak, felles investeringar og plan. Departementet uttaler:
«Plan kan også brukes for å sikre fellesareal og opparbeidelse av forskjellig infrastruktur mv. Spørsmålet er i hvilken utstrekning det bør være alternative systemer for dette, og hvordan bruk av det ene virkemidlet påvirker og bør påvirke det andre. Blant annet reises her spørsmålet om jordskifte skal kunne brukes for å etablere fellestiltak som planmyndighetene etter en planpolitisk avveining har funnet at den ikke vil regulere eller stille krav om.»
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at høyringsforslaget § 3-13 tredje ledd andre punktum synest unødvendig fordi innhaldet er sjølvsagt. Dei rår til at setninga blir teken ut. I samband med femte ledd uttaler jordskifterettane:
«Vi mener siste punktum bør endres. Hvordan vederlaget fastsettes, er bruksordning. Det er ikke nødvendig å gjenta dette i siste punktum. Det vi har behov for er en avklaring av om vi kan fastsette vederlaget. I noen saker er det helt nødvendig, mens det i andre saker ikke er det.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme har òg merknader til tredje og femte ledd. Jordskiftedommarane foreslår at tredje ledd med unntak av siste punktum, bør gå ut. Om femte ledd uttaler dei at siste punktum er nytt, men at det i tillegg bør opnast for at jordskifteretten kan fastsetje vederlaget og ikkje berre fastsetje korleis vederlaget skal fastsetjast. I mange tilfelle er partane ute etter nettopp å få fastsett vederlaget. Jordskiftedommarane saknar elles ei setning om at kostnadene skal delast på partane etter den nytten den enkelte part har. Det fører vidare dagens regel.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme rår òg til at første og andre punktum i tredje ledd bør strykast. Dei foreslår òg å ta ut fjerde og femte ledd i lovteksten, og uttaler om dette:
«Det følger av § 3-3 at jordskifteretten ikke kan pålegge fellestiltak som kan innebære risiko for partene. Hvordan partene innretter seg etter at saken er avsluttet skal ikke jordskifteretten avgjøre. Innholdet kan eventuelt formidles til partene i den enkelte sak som informasjon om hvordan risikotiltak kan gjennomføres.»
Uttalen frå Sør-Trøndelag jordskifterett gjeld òg femte ledd. Jordskifteretten skriv mellom anna:
«Etter at jordskifteretten har vurdert at etableringa er uten ulemper og kostnader for de øvrige partene så lenge deltakelse er frivillig, bør det være tilstrekkelig at en av partene er villig til å etablere selskapet. Det synes noe søkt at driftsselskapet først kan bli etablert etter påfølgende flertallsvedtak i eierlaget.»
Sør-Trøndelag jordskifterett meiner òg at føresegna i staden for krav om fleirtal for å gjere tiltak (jf. gjeldande jordskiftelov § 34 b, tredje ledd, 2. og 3. punktum) bør leggje opp til at eigarlaget stadfestar eller registrerer krav frå ein eller fleire om å danne driftsselskap for den aktuelle utnyttingsforma, og det må setjast ein frist for alle medlemmene i eigarlaget til å melde frå om eventuelle krav om å delta i driftsselskapet. Jordskifteretten peiker på at ein i siste punktum i siste ledd må presisere om det er «storleiken» eller «korleis» vederlaget skal fastsetjast.
Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme ber om at reindrift må omfattast av regelen. Dei viser til at jordskifteretten òg bør kunne vedta fellestiltak som gjeld interne tilhøve i reindrifta, for eksempel for å få ført opp skillegjerde mellom reinbeitedistrikt. Dei meiner at fjerde og femte ledd kan gå ut, og viser til at det ikkje er nødvendig å ha slike reglar i lovteksten.
8.14.3 Departementets vurderingar
Gjeldande jordskiftelov har fleire ulike reglar om etablering av felles tiltak (sams tiltak) og felles investeringar. Sjå gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd e som viser til sams tiltak i samband med utnytting og bruk av eigedommar etter § 34 a, og til tørrleggingstiltak etter vannressurslova. Reglane i gjeldande jordskiftelov §§ 34 b fjerde og femte ledd, 41 andre ledd, 42, 43 første ledd, 43 tredje ledd, 44 første ledd og andre ledd, 52 første ledd og 54 første ledd gjeld òg felles tiltak. I gjeldande jordskiftelov § 42 andre ledd er det lagt til grunn at jordskifteretten ved vurderinga av om investeringane skal gjerast, skal leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommane, men òg ta omsyn til den økonomiske evna partane har.
Departementet foreslår å føre vidare verkemidla felles tiltak og felles investeringar, sjå lovforslaget § 3-9. Etablering av sams tiltak er ein heimel som er mykje brukt etter at han kom inn med gjeldande jordskiftelov i 1979.
Departementet gjer merksam på at reglane om etablering av felles tiltak (sams tiltak) og felles investeringar har nær samanheng med reglane om sambruk, sjå omtale av lovforslaget § 3-8 i kapittel 8.13. Begge delar er kjerneoppgåver for jordskifteretten i dag. Svært ofte vil felles tiltak byggje på at det anten er etablert, eller skal etablerast, sambruk. Mange felles tiltak er aktuelle der det ikkje er felles bruk frå før, sjå lovforslaget § 3-8 første ledd andre punktum som inneheld eit vilkår om at det må liggje føre særlege grunnar for å skipe slik sambruk. Sjølv om det er nær samanheng mellom sakstypane, meiner departementet det er grunn til å skilje klarare enn i gjeldande jordskiftelov mellom reglar for sambruk og felles tiltak. Dette fører til ei endring i heimelsgrunnlaget for eksempel ved fastsetjing av reglar om drift og vedlikehald av felles løysingar etter gjeldande jordskiftelov § 35 bokstav a. Med ny løysing vil slike reglar etter lovforslaget kunne falle inn under lovforslaget § 3-9 om fellestiltak, ikkje som i dag under regelen for sambruk.
Departementet er samd med Norges Bondelag som er referert under kapittel 8.13.3.2 i at konfliktnivået mellom partane vil vere eit tema når det gjeld å skipe felles tiltak, og å gjere felles investeringar. Departementet oppfattar uttalen slik at han særleg gjeld det å skipe ny sambruk, og departementet har i samsvar med uttalen lagt til grunn at det er ønskeleg å behalde vilkåret om særlege grunnar for å skipe slik ny sambruk. Sjå omtale av dette i kapittel 8.13.3.3. Departementet meiner likevel ikkje at høgt konfliktnivå skal bli ei sperre mot etablering av tiltak som gjeld fleire. Ofte er det slik at det er konflikt som gjer at partane går til jordskifteretten. Departementet meiner at det er vanskeleg å lovfeste noko om kor sterk ein konflikt skal vere for å unnlate å etablere tiltak som gjeld fleire. Departementet meiner vidare at det vil vere uheldig å ta inn i lova eit vurderingstema der ein part gjennom å påstå høgt konfliktnivå, kan hindre bruk av eit bestemt verkemiddel i eit jordskifte.
Miljøverndepartementet reiser spørsmål ved i kva for omfang det bør vere alternative system for å sikre fellesareal og opparbeiding av felles infrastruktur med meir. Landbruks- og matdepartementet vil peike på at formålet med jordskifte er å gi partane moglegheit til å løyse utenlege eigedomstilhøve, sjå lovforslaget §§ 3-1 og 3-2. Formålet med reglane i plan- og bygningslova er å ta vare på sentrale samfunnsmessige mål for arealbruken. Pålegg om felles tiltak etter lovforslaget § 3-9 fører til at partane i saka er bundne seg imellom. Før pålegget kan fastsetjast, må jordskifteretten sørgje for at nødvendige løyve er innhenta. Sjå lovforslaget § 3-17. Pålegg etter plan- og bygningslova §§ 11-8 eller 12-6 er pålegg knytt til kva kommunen som offentleg myndigheit kan påleggje private. Sjølv om både reglane i plan- og bygningslova og reglane i jordskiftelova tek sikte på å sikre fellesareal og felles infrastruktur, har pålegga etter dei to lovene såleis ulik funksjon, og ulikt formål. Det er ikkje tale om alternative system for å sikre fellesareal og opparbeiding av felles infrastruktur.
Departementet meiner på same vis som arbeidsgruppa, at det er ønskeleg å samle dei ulike reglane og gjere dei meir generelle. Når regelen skal gjelde for alle former for fast eigedom over heile landet, bør regelen vere generell, ikkje som i dag; splitta opp etter konkrete tiltak. Høyringsinstansane kommenterer ikkje forslaget om å samle reglane. Departementet legg til grunn at årsaka til dette må vere at dei ikkje har innvendingar mot dette. I praksis vil pålegg om felles tiltak, og pålegg om felles investeringar, kome opp i same sak. Departementet meiner difor at det vil vere ei forenkling av lova at desse føresegnene samlast i ein paragraf. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 3-9.
Departementets forslag til heimel er meir generell enn det som ligg i høyringsforslaget. Det går fram av merknadene til høyringsforslaget § 3-13 at det er meininga at den paragrafen skal erstatte gjeldande jordskiftelov §§ 43 første ledd (vegar), 43 tredje ledd (taubanar og løypestrengar), 44 første ledd (opne og lukka grøfter og kanalar) og 44 andre ledd (vassleidningar og kloakkleidningar). Etter lovforslaget § 3-9 skal heimelen òg omfatte gjeldande jordskiftelov §§ 41 andre ledd (realisering av infrastrukturtiltak i gjeldande plan etter plan- og bygningsloven), 52 første ledd (gjerde) og 54 første ledd (førebygging av skade som følgje av elvebrot, skred, sandfok og liknande – heretter kalla naturkatastrofe). Departementet viser til at dette òg er felles tiltak som det er behov for å ha reglar om i ny jordskiftelov, og departementet meiner det er ei forenkling av reglane at alle dei aktuelle heimlane blir samla i ein paragraf. Departementet ser ikkje at det er behov for ei ikkje uttømmande samling av eksempel i lova slik jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme har foreslått.
Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav e, kan jordskifteretten «skipe» sams tiltak. Etter gjeldande jordskiftelov § 42 første ledd skal jordskifteretten «ta med i skifteplanen nødvendige investeringar». Departementet meiner det er ønskeleg å få klarare fram at jordskifteretten gjer dette ved ei jordskifteavgjerd som er eit pålegg til partane. Pålegget vil binde partane seg imellom anten dette dreier seg om eit pålegg om tiltak, eller eit pålegg om felles investeringar. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 3-9 første ledd som bruker formuleringane «påleggje felles tiltak» og «påleggje felles investeringar». Departementet meiner elles at det bør gå klarare fram av lova at pålegg om tiltak er aktuelt når fleire går saman om eit tiltak. Heimelen gjeld noko anna enn lovforslaget § 3-8 som gjeld sambruk. For å få dette tydeleg fram har departementet valt formuleringa «felles tiltak» i lovforslaget § 3-9 i staden for omgrepet «sams tiltak» som er brukt i gjeldande jordskiftelov.
Departementet har merka seg at det ikkje er nokon som uttaler seg til forslaget om at reglane om felles tiltak òg skal gjelde for rettar. Departementet foreslår, i tråd med det som blei sendt på høyring, ei slik endring. Sjå lovforslaget § 3-9 første ledd. Lovforslaget gjeld «bruksrettar» ikkje «rettar» slik regelen er i høyringsforslaget. Eksempel kan vere vegrett, rett til bortleiing av skadeleg vatn og til framføring av vassforsyning og anna nødvendig infrastruktur.
I ei rekkje av spesialreglane om felles tiltak, er det lagt til grunn at jordskifteretten «skal» gi nødvendige reglar om bruken. Sjølv om departementet foreslår at jordskifteretten skal ha slik kompetanse, foreslår departementet at dette skal endrast slik at jordskifteretten «kan» gi pålegg, sjå ordlyden i lovforslaget § 3-9 første punktum.
Departementet foreslår ikkje å føre vidare vilkåret i gjeldande jordskiftelov § 42 om at investeringa skal vere «nødvendig» i lovforslaget § 3-9. Departementet meiner at dette vilkåret uansett går fram av lovforslaget § 3-16 der det er lagt til grunn at jordskifteløysinga ikkje skal gå lenger enn det som er nødvendig etter kravet.
I gjeldande reglar er det eit skilje mellom alminnelege tiltak og tiltak som kan føre med seg stor risiko. Kan tiltaket føre med seg stor risiko, kan det berre gjennomførast av eit driftsselskap. Skiljet mellom alminnelege tiltak og tiltak som kan føre med seg stor risiko blir ført vidare i høyringsforslaget § 3-13 fjerde og femte ledd. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme, jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett kommenterer skiljet mellom alminnelege tiltak og tiltak som kan gi stor risiko i høyringsuttalane sine. Spørsmåla dei tek opp, har òg samanheng med uttalen frå Norges Bondelag som er referert under kapittel 8.13.3.2. Høyringsinstansane har til dels ulik inngang til spørsmåla. Departementet foreslår å føre vidare reglane i gjeldande jordskiftelov § 34 b tredje og fjerde ledd, om skiping av driftsselskap. Grunngivinga for dette går fram av kapittel 8.15.3.3.
Departementet er samd med jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme i at det er grunnlag for å sjå nærare på om den samiske reindrifta kan omfattast av dette verkemiddelet. Sjå departementets forslag til oppfølging i kapittel 2.3.
Pålegg om tiltak og pålegg om investeringar kan ha mykje å seie for partane. Departementet foreslår difor at det på same måten som i gjeldande jordskiftelov § 42 andre ledd skal vere ein regel i ny jordskiftelov om at jordskifteretten ved vurdering av slike pålegg kan ta omsyn til den økonomiske evna partane har. Sjå lovforslaget § 3-27. Departementet foreslår ut over dette at jordskifteretten må leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommen.
Departementet meiner elles at det framleis bør vere ein regel om korleis felles investeringar skal delast mellom partane. I lovforslaget § 3-28 legg departementet til grunn at kvar part skal delta etter den nytten parten har av investeringa. Sjølv om ordlyden er noko annleis, er løysinga i samsvar med innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 42 tredje ledd. I dette leddet blir det fastsett at retten skal dele kostnadene ved investeringstiltaket etter nytten parten har av det.
8.15 Etablering av lag og fastsetjing av vedtekter
8.15.1 Høyringsforslaget
I stort fører høyringsforslaget § 3-14 vidare gjeldande jordskiftelov § 34 b første, andre og femte ledd. Høyringsforslaget inneheld likevel nokre endringar i høve til gjeldande jordskiftelov.
Arbeidsgruppa foreslår at det ikkje lenger skal vere eit vilkår for at jordskifteretten kan skipe lag, at det er nødvendig å skipe laget. Arbeidsgruppa foreslår dessutan å utvide heimelen slik at jordskifteretten òg skal kunne behandle ei sak der det i forkant er gjort ei privatrettsleg avtale om korleis ansvaret skal vere, men der det ikkje er etablert noko lag. Etter høyringsforslaget kan ei slik sak avgrensast til å skipe laget.
I høyringsforslaget § 3-13 fjerde og femte ledd om fellestiltak som kan innebere stor risiko, blir det vesentlege innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 34 b tredje og fjerde ledd ført vidare sjølv om det er nokre endringar i ordlyden. Etter høyringsforslaget skal jordskifteretten kunne skipe eit «eigarlag» som ikkje kan påleggjast å ta risiko knytt til fellestiltaket, og eit opplegg for frivillig etablering av eit driftsselskap som tek denne risikoen. Arbeidsgruppa foreslår noko nytt når ho i høyringsforslaget seier at jordskifteretten skal kunne fastsetje storleiken på vederlaget frå driftsselskap til «eigarlag».
Gjeldande jordskiftelov § 34 b femte ledd andre punktum blir ikkje ført vidare i høyringsforslaget. Med heimel i denne regelen kan departementet gi nærare føresegner om normalvedtekter.
Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare regelen om korleis ansvaret for medlemmane i lag etablert av jordskifterett, skal vere i høve til tredjemann. Høyringsforslaget § 3-14 andre ledd fører vidare gjeldande jordskiftelov § 34 b andre ledd som seier at kvar av deltakarane i laget svarer i høve til tredjemann etter sitt høvetal. Høyringsforslaget inneheld likevel ei endring da det opnast for at partane kan bestemme eit anna ansvarsregime. Høyringsforslaget fører ikkje vidare departementets heimel til å gi nærare føresegner om normalvedtekter.
8.15.2 Høyringsinstansane
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at siste delen av første ledd i høyringsforslaget § 3-14 er unødvendig. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at første ledd bør skrivast om. Dommarane skriv:
«Ordet «kan» gir inntrykk av at jordskifteretten kan velge om lag skal etablerast eller ikkje. Det viktige er imidlertid at når det er nødvendig, skal jordskifteretten etablere lag. Vi foreslår følgjande formulering: «Jordskifteretten skal etablere nødvendige lag osv. …», ev. «Jordskifteretten etablerer nødvendige lag og gir vedtekter osv. …»
Sør-Trøndelag jordskifterett foreslår følgjande tekst i første ledd:
«Jordskifteretten kan etablere lag og gi vedtekter for drift og vedlikehald av fellesløysingar.»
Sør-Trøndelag jordskifterett viser elles til at det bør gjerast tydeleg at føresegna er eit supplement til høyringsforslaget § 3-11 og § 3-13.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at første ledd i realiteten er ei endring i høve til gjeldande reglar, og foreslår å føre vidare ordlyden i gjeldande jordskiftelov. I andre ledd viser dei til at ansvarsdelinga bør behaldast slik ho er i gjeldande jordskiftelov. Jordskifterettane viser til uttale frå Justisdepartementet i samband med utarbeidinga av rapporten om organisering av lag ved jordskifte.
I samband med forslaga til reglar om driftsselskap, viser Domstoladministrasjonen (DA) til forslaget om at jordskifteretten skal få kompetanse til å fastsetje storleiken av det driftsselskapet skal betale til eigarselskapet. DA viser til at gjeldande jordskiftelov har manglar på dette punktet, og at det særleg har kome til uttrykk i saker som gjeld fallrettar. DA viser òg til at forslaget gjer det nødvendig at jordskifteretten både har kompetanse til fastsetje korleis storleiken på betalinga skal fastsetjast, og til å fastsetje sjølve beløpet. Dette bør gå fram direkte i lovteksten og presiserast i lovforarbeida.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler at korleis vederlaget skal fastsetjast, er ei bruksordning, og at det først etter dette er behov for ei avklaring av om vederlaget skal fastsetjast. I nokre saker er det nødvendig, i andre saker er det ikkje nødvendig.
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme peiker som DA på at endringa for driftsselskap er ny og nyttig. Jordskiftedommarane reiser likevel spørsmål ved om det bør opnast for at jordskifteretten òg bør kunne fastsetje sjølve vederlaget. I mange høve er det dette partane er ute etter. Jordskiftedommarane saknar elles ei setning om at kostnadene skal delast på partane etter den enkelte part sin nytte. Dette fører vidare dagens regel.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at jordskifteretten ikkje skal kunne påleggje fellestiltak som kan føre med seg risiko for partane. Korleis partane innrettar seg etter at saka er avslutta, er ikkje opp til jordskifteretten. Jordskifteretten bør i staden for å skipe driftsselskap, ha ei rettleiingsplikt om korleis slike tiltak kan gjennomførast.
Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme er òg opptekne av at heimelen for driftsselskap bør sløyfast.
Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler:
«Fjerde og femte ledd tilsvarer dagens § 34 b. Bestemmelsen i dagens jordskiftelov § 34 b synes å være en parallell til sameielovens bestemmelser om at flertallet kan gjøre vedtak om styring og utnytting av sameieteigen.
I enkelte jordskiftesaker hvor det skal etableres eierlag, er det en særskilt utnyttingsform som er grunnlaget for sakskravet. Det kan være at denne særskilte utnyttingsformen er risikoprega og krever etablering av et frivillig driftsselskap.
I slike tilfeller vil jordskifteretten kunne vurdere hele løsninga inkl. nødvendig selskapsdannelse i forhold til tapsgarantien. Etter at jordskifteretten har vurdert at etableringa er uten ulemper og kostnader for de øvrige partene så lenge deltakelse er frivillig, bør det være tilstrekkelig at en av partene er villig til å etablere selskapet. Det synes noe søkt at driftsselskapet først kan bli etablert etter påfølgende flertallsvedtak i eierlaget.
Et illustrerende eksempel er ei sak med utbygging av vasskraftverk. Rekvirenten av saka som ønsker utbygging, eier fallet på ene sida av elva. Men han har dermed kun 50 % av andelene. Dersom ikke minst en av de øvrige stemmer for, vil det ikke kunne bli utbygging sjøl om jordskifteretten har vurdert løsninga med eierlag/driftsselskap med tanke på kraftutbygging som tjenlig og uten at partene taper på det.
Spørsmålet er om det bør være en egen bestemmelse som omhandler tilfeller hvor jordskifteretten har vurdert etableringen av driftsselskap for en bestemt utnyttingsform. I bestemmelsen må det isteden for krav om flertall for å gjennomføre tiltak (jf. dagens § 34 b, 3.ledd, 2. og 3. setning), da være følgende:
Eierlaget stadfester/registrerer krav fra en eller flere om å danne driftsselskap for den aktuelle utnyttingsformen.
Det gis frist for alle medlemmene i eierlaget til å melde fra om evt. krav om å delta i driftsselskapet.
Siste setning i siste ledd må presisere om det er «storleiken» eller «korleis» vederlaget skal fastsettes.»
8.15.3 Departementets vurderingar
8.15.3.1 Innleiing
Etter gjeldande jordskiftelov § 34 b første ledd skipar jordskifteretten nødvendige lag. Deltakarane i laget kan ikkje sjølv velje å vere med, det er opp til jordskifteretten å fastsetje kven som skal vere med. Deltakarane i laget svarer i høve til tredjemann etter høvetal. Etter gjeldande jordskiftelov § 34 b tredje ledd kan tiltak som kan innebere stor risiko berre gjennomførast av eit driftsselskap. I slike tilfelle vel parten sjølv om han vil vere med i selskapet. Driftsselskap kan vere skipa før partane kjem til jordskifteretten. Driftsselskap kan òg skipast under saka, eller ettar at saka er avslutta.
Justisdepartementets lovavdeling viser i uttale frå 2002 til at det ikkje er mogleg å gi ei generell avklaring på kva for rettsleg status eit lag som er stifta etter gjeldande jordskiftelov § 34 b første ledd, kan ha. Laget kan for eksempel vere eit tingsrettsleg sameige, eit «beslekta samrettsforhold», eller eit ansvarleg selskap. Det avgjerande er ei konkret vurdering av kva verksemd laget driv. Drifta kan variere, og laget kan såleis skifte karakter. Landbruks- og matdepartementet har grunn til å tru at ein del lag òg kan oppfylle definisjonen i samvirkelova.
8.15.3.2 Etablere lag
Departementet foreslår i tråd med høyringsforslaget at jordskifteretten framleis skal kunne skipe lag og kunne fastsetje vedtekter for lag. Dei høyringsinstansane som uttaler seg om spørsmålet, er samde i det. Kompetansen for jordskifteretten må sjåast i samanheng med heimelen i lovforslaget § 3-8 om sambruk (bruksordning) og lovforslaget § 3-9 om pålegg om felles tiltak, og pålegg om felles investeringar. Forslaget til regel går fram av lovforslaget § 3-10.
Departementet foreslår at jordskifteretten skal ha kompetanse til å skipe lag for drift eller vedlikehald av felles bruk, sjå lovforslaget § 3-10 første ledd. Departementet er ikkje samd med jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme i at jordskifteretten skal ha plikt til å skipe lag. Departementet meiner likevel at det skal liggje til jordskifteretten å vurdere og avgjere om det skal opprettast lag, ikkje til partane. Departementet meiner at lag og vedtekter er viktige for varige og ordna tilhøve i fellesskapet. Det bør ikkje vere opp til partane å avgjere om skiping av lag skal vere ein del av den samla jordskifteløysinga. Dette gjeld særleg dersom det utenlege tilhøvet som er oppgitt i kravet eller i saksførebuinga, byggjer på at ein ikkje har ei brukbar fellesløysing.
Departementet er samd med Sør-Trøndelag jordskifterett i, at det ikkje er grunn til å føre vidare formuleringa «som er nødvendig» i gjeldande jordskiftelov. Departementet foreslår ei slik løysing i lovforslaget § 3-10. Løysinga fører likevel ikkje til eit anna resultat. Organisering av felles løysingar krev ofte ei organisatorisk overbygging. Etablering av lag vil normalt vere nødvendig for å sikre dette. Når jordskifteretten etter lovforslaget «kan» skipe laget, inneber dette ei vurdering av om det er nødvendig å stifte eit lag eller ikkje.
Etter departementets meining bør lovforslaget § 3-10 første ledd formulerast slik at det er klart at drift eller vedlikehald når fleire skal bruke eigedom eller bruksrett, kan danne grunnlag for eit lag. Departementet foreslår difor at ein skal bruke ordet «eller» i staden for ordet «og» som blir brukt i høyringsforslaget § 3-14. Med dette meiner departementet å slå fast at drift og vedlikehald ikkje er kumulative. Praktiske eksempel kan vere eit lag for drift av felles beite og eit lag for vedlikehald av eit felles gjerde.
Departementet legg til grunn at vurderinga av om det er behov for ei felles løysing skal gjerast i samband med bruken av verkemidla i lovforslaget §§ 3-5 første ledd (skiping av nytt jordsameige), 3-8 (gi reglar om sambruk)og 3-9 (pålegg om tiltak som gjeld fleire og pålegg om fellesinvesteringar).
I nokre høve er laget etablert før partane kjem til jordskifteretten. Krav om jordskifte kan likevel føre til at laget må utvidast, eller tilhøva mellom deltakarane i laget må endrast på annan måte. Det kan òg tenkjast at laget blir lagt ned, og at det blir stifta eit nytt lag. Heimelen i gjeldande jordskiftelov § 34 b dekkjer tilsynelatande berre situasjonen der jordskifteretten stiftar eit nytt lag. Departementet legg likevel til grunn at når jordskifteretten har heimel til å fastsetje for eksempel bruksendringar som får følgjer for etablerte lag, må jordskifteretten reknast for å ha heimel til både å stifte lag og til å endre laga utan omsyn til kva som er fastsett i vedtektene. Departementet meiner det er ønskeleg at dette går klarare fram av ordlyden i lova enn i dag, og har innarbeidd ei slik endring i lovforslaget § 3-10 første ledd andre punktum.
Departementet foreslår òg at det skal gå fram av ordlyden at jordskifteretten skal fastsetje vedtekter for lag som jordskifteretten skipar. Eksisterande vedtekter skal endrast i det omfang endringar i bruksreglar eller endringar i laget, tilseier det. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 3-10 andre ledd. Departementet meiner at jordskifteretten skal ha plikt til å fastsetje vedtekter for dei lag han stiftar. På same måte skal jordskifteretten ha plikt til å tilpasse eksisterande vedtekter når retten endrar noko i bruksreglane, i medlemstalet i laget eller på anna måte gjer noko som gjer det nødvendig å tilpasse eksisterande vedtekter. Om ikkje jordskifteretten gjer dette, er det risiko for å føre vidare unødig potensiale for konflikt. Departementet meiner at vedtekter er ein nødvendig reiskap for å kunne administrere eit lag.
Departementet er samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme i at det er viktig å føre vidare ansvarsdelinga mellom deltakarane i laget slik ho er i gjeldande jordskiftelov. Departementet viser til at høyringsforslaget § 3-14 andre ledd fører vidare essensen i gjeldande jordskiftelov på dette punktet. Departementet har merka seg at det ikkje er nokon høyringsinstans som går mot dette. Denne delinga av ansvar er i samsvar med prinsippet om at kostnader skal delast etter nytte. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 3-29 der det heiter at kvar av deltakarane i laget svarer overfor tredjemann etter partshøvet i laget.
8.15.3.3 Driftsselskap
Departementet foreslår at føresegnene om etablering av driftsselskap i gjeldande jordskiftelov § 34 b tredje og fjerde ledd skal førast vidare, sjå lovforslaget § 3-10 tredje og fjerde ledd.
Føresegnene i gjeldande jordskiftelov § 34 b tredje og fjerde ledd kom inn i lova i 1998, sjå Ot.prp. nr. 57 (1997-98) kapitel 26. Bakgrunnen for lovendringa var dei situasjonane der ein eller fleire grunneigarar ønskjer å utnytte ein ressurs som ligg til eigedommane, og der eigarane er avhengige av kvarandre for å få til ei tenleg utnytting. Investeringane og risikoen kan vere av ein slik storleik at det er ønskeleg og nødvendig å organisere drifta i form av eit driftsselskap. Denne situasjonen er regulert i gjeldande jordskiftelov § 34 tredje ledd og i lovforslaget § 3-10 tredje ledd. Aktuelle ressursar for utnytting kan vere fallrettar og sand, grus og stein. Føresegnene i gjeldande jordskiftelov §34 b tredje ledd og lovforslaget § 3-10 tredje ledd er meint å vere ei spesiell lovregulering i høve til selskapslovgivinga, spesielt av omsyn til «ikkje-taps» føresegna i gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a og lovforslaget § 3-18. Føresegnene i § 34 b tredje ledd og lovforslaget § 3-10 tredje ledd har særleg stor betydning i dei tilfella der dei ressursane som kan utnyttast, heilt eller delvis ligg i eineeige, og der utnyttinga krev samarbeid med andre for å få ei lønnsam drift.
Føresegnene i gjeldande jordskiftelov § 34 b tredje og fjerde ledd og lovforslaget § 3-10 tredje og fjerde ledd er ei «oppskrift» for korleis partane skal kome seg vidare når jordskifteretten har skipa eit eigarlag etter § 34 b første ledd, jf. lovforslaget § 3-10 første ledd. Føresegnene har vist seg å vere brukelege, mellom anna i dei fallrettssakene som jordskifterettane på Vestlandet har hatt til behandling, og der eigarlag er skipa. Føresegnene i gjeldande jordskiftelov § 34 tredje ledd og i lovforslaget § 3-10 tredje ledd gjer det mogleg for eit fleirtal, rekna etter høvetal, å kome vidare med ei utnytting av ressursane sjølv om eit mindretal er i mot, når tiltaket objektivt sett ikkje inneber tap for nokon part. Gjeldande lov § 34 b fjerde ledd og lovforslaget § 3-10 fjerde ledd gjeld etablering av driftsselskap når partane er samde om det, og tiltaket ikkje inneber stor risiko.
Etter gjeldande jordskiftelov § 34 b fjerde ledd kan jordskifteretten setje ein frist for partane til å leggje fram ein avtale mellom «eigarlaget» og driftsselskapet. Departementet meiner det ikkje er nødvendig med ein eigen regel om ein slik frist i lovforslaget. Departementet viser til at lovforslaget §§ 6-1andre ledd bokstav k og 6-6 til saman gir grunnlag for å setje dei fristar som er nødvendige for å få avvikla jordskiftet. Dette gjeld òg dersom det skal etablerast eit driftsselskap medan eit jordskifte er i gang, og driftsselskapet får status som part i saka.
Departementet er ikkje samd med arbeidsgruppa i at lovforslaget skal innehalde ein regel om at jordskifteretten skal kunne avgjere korleis storleiken på vederlaget frå driftsselskapet til «eigarlaget», skal fastsetjast. Departementet meiner at det må vere opp til «eigarlaget» og driftsselskapet å gjere avtale om dette. Oppgåva til jordskifteretten er å leggje eigedomsutforminga til rette for den aktuelle verksemda, og å skipe «eigarlaget». Departementet viser til at dette liknar på utleige av areal. Jordskifteretten har aldri hatt noko å gjere med å fastsetje korleis leiga skal fastsetjast.
Departementet går såleis òg mot forslaget frå DA om at jordskifteretten skal få heimel til å fastsetje vederlaget eit driftsselskap skal betale til eit «eigarselskap». Dette vederlaget vil vere ein fast kostnad for driftsselskapet. Da vil det verke inn på storleiken på risikoen til driftsselskapet. Er risikoen for driftsselskapet større enn det som kan aksepterast innanfor ramma av lovforslaget § 3-18, bør det liggje utanfor dei oppgåvene jordskifteretten bør ha.
8.15.3.4 Ansvarstilhøvet i lag etablert av jordskifteretten
Departementet foreslår å føre vidare føresegna i gjeldande jordskiftelov § 34 b andre ledd om at kvar deltakar i eit lag etablert av jordskifteretten, skal svare overfor tredjemann etter sin del i laget. Løysinga tilsvarar gjeldande jordskiftelov § 34 b andre ledd. Forslaget går fram av lovforslaget § 3-29.
8.15.3.5 Eksempelvedtekter for lag etablert av jordskifteretten
Departementet foreslår ikkje at det skal gå fram av lova at departementet kan lage eksempelvedtekter. Dette forslaget er ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 34 b femte ledd siste punktum som seier at departementet kan gi nærare føresegner om normalvedtekter. Departementet legg til grunn at departementet, DA eller den enkelte domstolen, uavhengig av om dette står i lova eller ikkje, kan utarbeide samlingar av gode eksempel til bruk for jordskifterettane. Jordskifteretten må sjølv i den konkrete saka sjå til at den konkrete vedtekta som er utarbeidd i jordskiftesaka, er tilpassa dei utenlege tilhøva som partane har vist til.
8.16 Bruksrettar og andre rettar som er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing
8.16.1 Innleiing
Departementet foreslår i kapittel 11.4., 11.5 og 11.6 at føresegnene i servituttlova §§ 5 og 8 om omskiping og avskiping ikkje skal flyttast ut av servituttlova og inn i jordskiftelova slik forslaget var i høyringsnotatet. Departementet foreslår samstundes at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere saker etter servituttlova om omskiping, avskiping og utvising, anten som eiga sak, eller i samband med sak etter jordskiftelova. Forslaga går fram av lovforslaget §§ 5-3 bokstav e og 5-4, og av forslaget til endring av servituttlova § 18.
Tilhøvet mellom servituttlova og jordskiftelova blir drøfta i kapittel 8.5. Departementet foreslår at om saka gjeld ein alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, kan bruksretten utformast på nytt etter lovforslaget § 3-4. Sjå kapittel 8.10.3. Kapitlet her gjeld den kompetansen jordskifteretten med heimel i jordskiftelova bør ha til å forme ut bruksrettar og andre rettar ut over dette. Kapitlet gjeld dessutan den kompetansen jordskifteretten bør ha til å avløyse bruksrettar og andre rettar etter jordskiftelova, og korleis jordskifteretten gjer slik avløysing.
8.16.2 Høyringsforslaget
Høyringsforslaget er prega av at ordninga med avskiping etter servituttlova § 7 er søkt innarbeidd i føresegnene om avløysing. Departementet foreslår ei anna løysing i høyringsbrevet. På grunn av innhaldet i innspela frå høyringsinstansane er det likevel nødvendig å gjere greie for forslaga frå arbeidsgruppa.
Høyringsforslaget § 3-6 byggjer på at kompetansen jordskifteretten skal ha til å forme ut eigedommar på nytt, skal gjelde for ombyting av grunn, rettar og tyngsler. I høve til gjeldande jordskiftelov er dette ei utviding til å gjelde omforming av alle typar rettar både bruksrettar og negative servituttar. Løysinga har samanheng med forslaget om å gjere omskiping etter servituttlova til omforming etter jordskiftelova.
Høyringsforslaget omfattar to paragrafar om avløysing. Høyringsforslaget § 3-9 første ledd gir jordskifteretten heimel til å avløyse bruksrettar. Forslaget fører vidare gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav d og gjeldande jordskiftelov § 36 for dei alltidvarande bruksrettane som er nemnde der. Høyringsforslaget § 3-9 første ledd utvidar heimelen til å gjelde alle typar bruksrettar, òg personlege og tidsavgrensa bruksrettar. Løysinga har samanheng med forslaget om å gjere avskiping etter servituttlova til avløysing etter jordskiftelova.
Høyringsforslaget § 3-9 andre ledd inneheld spesielle vilkår for avløysing etter første ledd.
Vilkåra kjem i tillegg til dei generelle vilkåra for jordskifte. Forslaget byggjer i hovudsak på vilkåra i § 37 i gjeldande jordskiftelov. Heimelen til å avgjere kva vederlaget skal vere ved avløysing, blir likevel utvida noko.
Høyringsforslaget § 3-9 tredje ledd gir heimel for avløysing dersom det ikkje er mogleg å leggje ut ein eigedomspart som vederlag for bruksretten med grunnlag i andre ledd, og bruksordning etter høyringsforslaget § 3-11 ikkje fører fram. I hovudsak fører forslaget vidare reglane i gjeldande jordskiftelov §§ 38 og 39.
Høyringsforslaget § 3-10 opnar for avløysing av negative servituttar. Forslaget er ein del av innarbeidinga av avskiping av servituttar henta frå servituttlova § 7. Moglegheita for å avløyse eller avskipe negative servituttar er nytt i høve til gjeldande jordskiftelov. Høyringsforslaget legg til grunn at jordskifteretten i slike høve skal fastsetje vederlaget i pengar eller andre verdiar.
Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare forbodet mot avløysing av den retten samane har til å drive reindrift i § 3-9 fjerde ledd.
8.16.3 Høyringsinstansane
Miljøverndepartementet uttaler til høyringsforslaget § 3-10:
«Jordskifteretten/parter bør ikke uten videre kunne avlyse eller endre (negative) servitutter som ivaretar forhold som er forankret i pbl-vedtak eller som er stiftet for å ivareta hensyn og interesser som ellers ville bli ivaretatt i slike vedtak. Eksempler på slike servitutter kan gjelde adkomstrett, rett til parkeringsplass, ferdselsrett for allmennhet, rett til vann og ledninger, eller vilkår som er satt for dispensasjoner av forskjellig slag, jf. pbl § 19-2 siste ledd.»
Fylkesmannen i Hordaland støttar forslaget om at jordskifte kan gå ut på å avskipe servituttar.
Sør-Trøndelag jordskifterett viser til at det skal vere like prinsipp for avløysing av alltidvarande, tidsavgrensa og personlege bruksrettar etter høyringsforslaget § 3-9. I praksis ser jordskifteretten for seg nokre utfordrande berekningar og skjønnsvurderingar dersom tidsavgrensa bruksrettar skal kunne avløysast i jord. Jordskifteretten peiker òg på at det kan vere nødvendig å gjere eit unntak i lova for forpakting og tomtefeste.
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme støttar forslaget om å utvide kompetansen for jordskifteretten i høyringsforslaget § 3-9. Jordskiftedommarane peiker på at avgrensinga i gjeldande jordskiftelov § 36 ikkje er heldig, og at ho skapar problem i enkelte situasjonar. Dommarane viser til at tidsavgrensa og personlege servituttar i mange tilfelle skapar like store hindringar for gode løysingar, som alltidvarande bruksrettar. Dommarane er såleis samde i forslaget frå arbeidsgruppa om å generalisere heimelen. Dommarane uttaler likevel:
«I første ledd har vi visse problem med å sjå grunnlaget for at formuleringa «under dette positive servituttar» er teke med. Dei fleste bruksrettar er nettopp «positive servituttar» og slik sett må presiseringa vere unødvendig. Om det derimot hadde stått «under dette personlege servituttar» ville det kanskje vore ei meining med det i og med at avløysing av personlege servituttar i dag ligg utanfor jordskifteretten sin kompetanse og formuleringa såleis vil peike på den kompetanseutvidinga som er foreslått innført. Men samstundes fell personlege servituttar inn under første delen av den setninga som utgjer første ledd. Såleis kan andre delen av setninga sløyfast, og det kan då heller presiserast i førearbeida at den generelle formuleringa også omfattar personlege servituttar.»
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler til § 3-9:
«Andre ledd, første punktum: Sett i forhold til en praktisk anvendelse av bestemmelsen om avløsning av bruksretter, er det positivt at det ikke lenger er knyttet et krav til at vederlaget skal tjene same formål som bruksretten, jf. § 37 i eksisterende lov. Det er nå tilstrekkelig at eiendomsparten har en verdi som bruksretten. Dette gjør bestemmelsen mer anvendbar. Andre punktum bør vurderes strøket, da vi har bestemmelsen i § 2-2. Vilkåret i § 3-3 bør være tilstrekkelig, og det er etter vår mening ikke behov for et tilleggsvilkår. Dette vil få liten praktisk betydning.»
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner òg det er nok at høyringsforslaget § 3-9 nemner anten bruksrett eller positiv servitutt. Jordskifterettane uttaler:
«Vi foreslår å bruke begrepet positiv servitutt i første ledd. Siden paragrafen gjelder positive servitutter, mener vi det ikke er nødvendig å benytte ordet positiv mer enn i første ledd. Vi er enige i at opplistingen i § 36 i gjeldende lov er tatt ut, og i begrunnelsen for dette. Jordskifterettens hjemmel blir utvidet til også gjelde avløsning av personlige servitutter. Vi mener det er nødvendig med en nærmere presisering. Blant annet gjelder vel regelen i andre ledd alltidvarende servitutter? Positive servitutter kan være alltidvarende, tidsavgrensede eller personlige. Personlige servitutter er tidsavgrensede. Det er uklart om tidsavgrensede servitutter kan avløses.»
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at siste punktum i høyringsforslaget § 3-10 der det går fram at vederlaget ikkje kan setjast lågare enn det er verd for rettshavaren, er unødvendig fordi det følgjer av garantien mot tap.
Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap meiner alle at det berre bør vere ein paragraf om kva jordskifteretten kan gjere med negative servituttar. Dei går inn for at høyringsforslaget §§ 3-10 og 3-12 bør slåast saman til ein paragraf.
8.16.4 Departementets vurderingar
8.16.4.1 Behov for reglar om omskiping og avskiping av rettar i jordskiftelova
Etter gjeldande jordskiftelov § 33 kan jordskifteretten ordne tilhøva mellom eigar og bruksrettshavar ved mellom anna å avgrense feltet for utøving av bruksrett, gi reglar om bruksmåten og flytte bruksretten frå ein stad til ein annan. Som nemnt i kapittel 8.5 er det lagt til grunn i Ot.prp. nr. 56 (1978–1979) side 85 at alle bruksrettar er omfatta, anten dei er tidsavgrensa, alltidvarande, reelle eller personlege. Jordskifteretten kan såleis etter gjeldande jordskiftelov omskipe ein bruksrett som del av eit jordskifte.
Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav d kan jordskifteretten avløyse visse bruksrettar som jordskifte. Dei konkrete reglane om avløysing går fram av gjeldande jordskiftelov §§ 36 og 39. Løysinga slik ho er i dag, kom inn i lova i 1979, og har vist seg å vere tenleg fordi bruksordning, byte av areal og avløysing da kan behandlast i same sak.
Departementet foreslår at avskiping av servituttar og omskiping av blant anna tidsavgrensa bruksrettar som eiga sak, skal skje etter servituttlova, og at slik sak kan behandlast i samband med jordskiftesak, jf. lovforslaget § 5-3 bokstav e, eller kravet om avskiping eller omskiping kan skiljast ut som eiga sak etter lovforslaget § 5-6. Dette gir likevel ikkje ei like god løysing som etter gjeldande jordskiftelov i alle saker. Opninga i gjeldande jordskiftelov for at jordskifteretten kan kombinere verkemidla, gir større fleksibilitet enn om jordskifteretten måtte avgjere jordskifteløysinga for seg og sak etter servituttlova for seg. Fleksibiliteten i gjeldande jordskiftelov opnar såleis for at jordskifteløysinga kan bli meir tenleg for partane i saka. Fell moglegheita for slik kombinasjon bort, kan løysinga i den eine saka ikkje verke inn på løysinga i den andre. Departementet meiner difor at jordskifteretten i nokre høve på same måte som etter gjeldande jordskiftelov, bør ha heimel for å avløyse retten som del av ei jordskiftesak, og kunne forme ut for eksempel tidsavgrensa bruksrettar på nytt som del av ei jordskiftesak. Det må vere ein føresetnad at partane i jordskiftesaka krev det, og at vilkåra for jordskifte elles er til stades.
8.16.4.2 Hovudinnhald i reglar om omskiping og avskiping av rettar etter jordskiftelova
Departementet foreslår med bakgrunn i behovet som er skissert i kapittel 8.16.4.1 i lovforslaget §§ 3-11 og 3-12, reglar som utvidar heimelen for jordskifteretten til å omforme, ordne bruken og avløyse ulike typar rettar ved behandlinga av ei jordskiftesak. Forslaget gjeld sjølv om rettane dette gjeld, ikkje kan gi grunnlag for sjølvstendig krav om jordskifte. Forslaga gjeld både bruksrettar, og negative servituttar. Rettane kan for eksempel vere alltidvarande bruksrettar som ikkje ligg til eigedom, negative servituttar, eller personlege eller tidsavgrensa bruksrettar over fast eigedom.
Departementet meiner likevel at jordskifteretten ikkje bør stå fritt til å omforme eller avløyse slike rettar i jordskiftesaka. Behovet for ei fleksibel løysing er berre til stades dersom rettane er til hinder for ei elles tenleg jordskifteløysing. I gjeldande jordskiftelov går dette vilkåret fram av § 39 som gjeld avløysing av visse bruksrettar. Departementet meiner at vilkåret òg er eigna for å avgrense kompetansen jordskifteretten bør ha når han skal forme ut bruksrettar på nytt, eller avløyse ein negativ servitutt. Departementet foreslår etter dette at vilkåret skal gå uttrykkeleg fram av den nye jordskiftelova, sjå formuleringane i lovforslaget §§ 3-11 og 3-12. Løysinga fører til at reglane blir harmoniserte på dette punktet.
Lovforslaget §§ 3-11 og 3-12 byggjer på ei generalisering av den heimelen jordskifteretten har i dag etter §§ 33 første ledd og 39 til å endre eller avløyse bruksrettar som del av eit jordskifte.
Om hindringa for ei tenleg jordskifteløysing er ein tidsavgrensa bruksrett, eller ein alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom, gir dei andre reglane om kompetanse i lovforslaget ikkje heimel for å forme ut eigedommen på nytt. Departementet meiner at jordskifteretten bør ha slik kompetanse på same måte som etter gjeldande jordskiftelov § 33. I forslaget har departementet valt å bruke formuleringa «omskiping». Omskiping omfattar både det å flytte retten, og å få bruken nærare fastlagt, eller få rettshøvet omskipa på annan måte. Omskiping omfattar òg ein rett til å få bruken endra til annan type bruk. Om omskiping ikkje fører fram, bør jordskifteretten kunne avløyse retten. Forslag til slik heimel går fram av lovforslaget § 3-11. Lovforslaget § 3-11 byggjer på at bruksretten må vere til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 2, kan bruksordning berre skje dersom det ligg føre særlege grunnar. Departementet legg til grunn at det i praksis vil bli same innhald i vilkåra for å halde bruksordning etter forslaget til ny føresegn.
Er hindringa ein alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, kan jordskifteretten etter lovforslaget § 3-4 forme ut bruksretten på nytt. Jordskifteretten kan òg gi eller endre reglar for sambruk som gjeld slik rett med heimel i lovforslaget § 3-8. Dei andre verkemidla i jordskifte i lovforslaget kapittel 3 del II er òg tilpassa at endring av slik bruksrett normalt er ein del av jordskifteløysinga. Behovet for å utvide kompetansen til jordskifteretten er difor etter departementets vurdering, avgrensa til ein heimel for å avløyse bruksrettane. Jordskifteretten har heimel i gjeldande jordskiftelov § 36 til å avløyse visse bruksrettar, for eksempel rett til veg, beite, hogst og så vidare. Departementet foreslår ein meir generelt utforma heimel, sjå lovforslaget § 3-12. Forslaget utvidar kompetansen jordskifteretten får, fordi heimelen er gjort meir generell enn gjeldande jordskiftelov § 36. Departementet meiner at denne løysinga gjer føresegna enklare å bruke enn den konkrete opplistinga i gjeldande jordskiftelov. Forslaget innskrenkar samstundes kompetansen jordskifteretten vil ha i høve til gjeldande jordskiftelov § 36 fordi forslaget byggjer på eit nytt vilkår. Etter lovforslaget kan jordskifteretten berre avløyse dei aktuelle bruksrettane dersom retten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing.
Ein negativ servitutt kan òg hindre eit tenleg jordskifte. Gjeldande jordskiftelov har ikkje reglar om omskiping eller avskiping av slike rettar. Det er grunn til å tru at omskiping av slik rett sjeldan vil vere aktuelt. Normalt må ein rekne med at negative servituttar vil bli avskipa mot vederlag i pengar. Utgangspunktet i jordskifteløysinga er at vederlag skal skje i areal og rettar, sjå lovforslaget § 3-21. Departementet meiner såleis at det ikkje er behov for nokon regel om omskiping av negativ servitutt i jordskiftelova. Der den negative servitutten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing, og vilkåra for jordskifteløysinga i lovforslaget kapittel 3 del IV er til stades, meiner departementet likevel at lova bør opne for at jordskifteretten som del av jordskiftet skal kunne avløyse ein negativ servitutt. I unntakstilfelle kan dette gi ei meir fleksibel løysing enn om jordskifteretten berre kunne avløyse retten med heimel i servituttlova, sjå lovforslaget § 3-12. Departementet legg til grunn at denne løysinga mellom anna løyser dei problema Miljøverndepartementet gir uttrykk for om at jordskifteretten som eiga jordskiftesak ikkje bør kunne avløyse negative servituttar som tek vare på tilhøve forankra i vedtak eller i plan- og bygningslova. I lovforslaget har departementet valt formuleringa «rett til å forby enkelte slag verksemd, bruk eller tilstand» for å få fram at føresegna gjeld negative servituttar. Formuleringa er henta frå servituttlova § 1.
8.16.4.3 Unntak frå kompetansen til å avløyse rettar
Departementet er samd med Sør-Trøndelag jordskifterett i at omsynet til forpaktaren tilseier at ei avtale om forpakting ikkje bør kunne avviklast gjennom avløysing etter lovforslaget § 3-11. Slike avtalar bør etter departementets syn regulerast gjennom forpaktingslova og avtalelova. For at det ikkje skal vere tvil om dette, foreslår departementet ein uttrykkeleg regel om det i lovforslaget § 3-11 andre ledd. Departementet viser til at det er eigne reglar for avvikling av forpakting i forpaktingslova.
Departementet er òg samd med Sør-Trøndelag jordskifterett i at jordskifteretten ikkje skal kunne avløyse eit tomtefeste. Departementet viser til at det er eigne reglar for innløysing og avvikling av tomtefeste i tomtefestelova, og at det ikkje er slike reglar i gjeldande jordskiftelov. Departementet meiner difor at jordskifteretten ikkje bør ha nokon heimel til å avvikle eit tomtefeste. Lovforslaget § 3-11 bør såleis ikkje gjelde tomtefeste. For at det ikkje skal vere tvil om dette, foreslår departementet ein uttrykkeleg regel i lovforslaget § 3-11 andre ledd første punktum.
Departementet foreslår òg å føre vidare avgrensinga i gjeldande jordskiftelov mot å avløyse retten samane har til å drive reindrift. Avgrensinga går fram av lovforslaget § 3-11 andre ledd andre punktum. Omtalen av dette er gitt i kapittel 8.6.3.2.
8.16.4.4 Vederlag ved avløysing av rettar
Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 38 at bruksrett etter § 36 som ein hovudregel kan avløysast til ein eigedomspart. Dersom dette ikkje let seg gjere, kan avløysinga skje ved vederlag i form av jord, pengar eller andre verdiar. Gjeld bruksretten ein rett som ikkje er omfatta av § 36, skal avløysingsmåten fastsetjast av jordskifteretten etter fritt skjønn til jord, pengar eller andre verdiar, sjå gjeldande jordskiftelov § 39.
Fordi høyringsforslaget byggjer på at alle servituttar, mellom anna negative servituttar, skal kunne avløysast som jordskifte, byggjer høyringsforslaget på at jordskifteretten skal ha ein utvida heimel til å gi vederlaget i andre verdiar enn eigedomspartar. Departementet har valt ei anna løysing enn arbeidsgruppa, sjå mellom anna omtale av dette i kapittel 8.5. Med denne løysinga er det mindre behov for å gi vederlag i anna enn ein eigedomspart. Det vil normalt vere mogleg, og truleg òg greitt, å gi ein eigedomspart som vederlag for ein alltidvarande servitutt. Behovet for å utvide gjeldande heimel for å gi eit oppgjer i pengar, er likevel til stades, og det bør som i dag vere mogleg å fastsetje oppgjeret i slike verdiar. Departementet meiner samstundes at reglane om dette i gjeldande jordskiftelov §§ 38 og 39 er unødig kompliserte. Departementet foreslår difor at vederlaget ved avløysing etter lovforslaget §§ 3-11 og 3-12 skal kunne vere areal, pengar eller andre verdiar. Løysinga går fram av lovforslaget § 3-26.
Departementet foreslår i lovforslaget § 3-26 at jordskifteretten ved avløysing etter lovforslaget §§ 3-11 første ledd andre punktum eller 3-12 skal ha eit val mellom alternative vederlag. Utgangspunktet er at rettshavaren skal få grunn eller ein bruksrett i staden for den bruksretten som blir avløyst. Vederlaget kan setjast til pengar eller andre verdiar dersom det er meir tenleg enn grunn eller bruksrettar. Forslaget er i tråd med løysinga i gjeldande jordskiftelov § 39. I lovforslaget er likevel pengar nemnt før areal. Årsaka er at pengar til vanleg vil vere best eigna som vederlag ved avløysing etter lovforslaget §§ 3-11 og 3-12. Departementet er samd med Sør-Trøndelag jordskifterett i at det kan by på utfordrande berekningar og skjønnsvurderingar om negative servituttar, eller personlege eller tidsavgrensa bruksrettar over fast eigedom, skal avløysast i fast eigedom.
Departementet foreslår ikkje noko krav om at vederlaget skal tene same formål som retten. Bortfall av dette vilkåret er ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 37 første punktum. Forslaget gjer regelen meir brukande enn gjeldande jordskiftelov.
8.17 Grunnlaget for jordskifteløysinga, lovforslaget kapittel 3 del III
Kapittel 3 del I og II i lovforslaget gjeld kompetansen jordskifteretten har når det blir kravd ei jordskiftesak. Departementet meiner at dei ulike føresegnene som gjeld grunnlaget for jordskifteløysinga, bør samlast i eit eige underkapittel i lova. Reglar om eigedomsrettstilhøva før jordskifte og reglar om verdsetjinga, er difor samla i kapittel 3 del III i lovforslaget.
Behovet for endring av desse reglane ligg i hovudsak i at reglane bør forenklast og tilpassast til ein situasjon der jordskifte ikkje berre går føre seg i landbruksområde. Departementet meiner som eit utgangspunkt, at det er grunn til å gå langt i å sløyfe detaljregulerande føresegner med mindre reglane er grunna i omsynet til rettstryggleiken. Det bør vere opp til jordskifteretten å vurdere dei argumenta partane set fram i saka. Vurderinga jordskifteretten skal gjere bør ikkje avgrensast i lova til berre å gjelde argument som særleg kan vere relevante ved saker som gjeld landbrukseigedom.
8.18 Eigedoms- og bruksrettstilhøva
8.18.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-16 å føre vidare at jordskifteretten skal ha heimel til å fastsetje grenser og andre eigedomstilhøve. Etter forslaget til arbeidsgruppa skal dette gjelde så langt det er nødvendig for å halde jordskifte.
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-18 òg ein generell regel om grunnlaget for jordskiftet. Grunnlaget skal vere den samla verdien som partane rår over. I andre ledd foreslår arbeidsgruppa at sameiger skal delast etter partshøva. Om ikkje særskilt høvetal er kjent, eller nokon eigedom har særrettar i sameiga, skal det delast etter den skatteskylda kvar eigedom hadde da sameigetilhøvet mellom dei kom opp. Er den skylda ukjent, skal skylda som gjaldt fram til lov 17. desember 1836 leggjast til grunn. Det skal ikkje takast omsyn til avtak i skatteskylda.
8.18.2 Høyringsinstansane
Justisdepartementet støttar den forenklinga høyringsforslaget § 3-16 fører til samanlikna med gjeldande jordskiftelov § 16. Departementet er òg samd med arbeidsgruppa i at om ei utenleg grense mot naboeigedom er eit problem, bør det gjerast til ein del av saka. Ei slik løysing er i tråd med at partane sjølv avgjer kva saka gjeld.
Domstoladministrasjonen (DA) meiner at paragrafen bør vise kva for avgjerdsform som skal brukast. Det same gjer Sør-Trøndelag jordskifterett som dessutan uttaler:
«For øvrig mener vi teksten i første ledd må endres til: «Før endringsarbeidet tar til, skal jordskifteretten fastsetje alle grenser, eigedoms- og rettsforhold så langt det er nødvendig for å gjennomføre jordskiftet slik det er avgrensa etter § 6-17.»
Statens kartverk etterlyser ein dialog om rutinar ved rapportering til matrikkelen, blant anna korleis ein får ein korrekt førsituasjon i matrikkelen før jordskiftet.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap meiner at høyringsforslaget § 3-26, 2 og 3 ledd høyrer inn under fastsetjinga av eigedomstilhøva før endringsarbeidet tek til. Instituttet foreslår difor å flytte føresegnene.
8.18.3 Departementets vurderingar
Jordskifteretten skal etter gjeldande jordskiftelov § 16 klarleggje grensene for skiftefeltet og mot naboeigedommar. Er det tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna innan skiftefeltet eller med utanforståande, skal jordskifteretten etter gjeldande jordskiftelov § 17 avgjere tvisten ved dom dersom det er nødvendig av omsyn til jordskiftet. Dersom det ikkje er tvist, skal retten etter gjeldande jordskiftelov § 17 a ta avgjerd om grenser, rettar eller plikter for ein eller fleire partar ved rettsfastsetjande vedtak. Jordskifteretten skal elles etter gjeldande jordskiftelov § 27 fastsetje partshøvet dersom saka gjeld oppløysing av sameige og partane ikkje er samde om partshøvet.
Dei refererte føresegnene er sentrale for å finne ut av kva som er grunnlaget for jordskiftet. Det vil seie kva for ressursar jordskiftet gjeld for, og kor stor del kvar eigar eller bruksrettshavar har av ressursane. Departementet meiner at føresegnene bør førast vidare i ny jordskiftelov. Departementet meiner likevel at dei kan forenklast. Dei bør òg tilpassast den strukturen som er valt i lovforslaget. I det ligg at kompetansen jordskifteretten elles har til å klarleggje og fastsetje grenser bør gå fram av lovforslaget kapittel 4. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 3-13 første ledd.
Departementet meiner at det ikkje er behov for eit skilje mellom tvist og ikkje-tvist i føresegna slik løysinga er i dag. Jordskifteretten må uansett finne ut av grunnlaget for jordskiftet med endeleg verknad før jordskifteløysinga kan formast ut. Departementet foreslår etter dette å slå saman klarlegging av grenser etter gjeldande jordskiftelov §§ 16 og 17 a og avgjerd i tvist etter gjeldande jordskiftelov § 17. Jordskifteretten skal etter lovforslaget § 3-13 første ledd første punktum «fastsetje eigedoms- og bruksrettstilhøva slik dei er». Forslaget gir heimel for at jordskifteretten i ei jordskiftesak kan ta stilling til dei same tilhøva som jordskifteretten kan avgjere som eiga sak etter lovforslaget kapittel 4. Når jordskifteretten fastset eigedoms- og bruksrettstilhøve, kan jordskifteretten òg ta stilling til underliggjande rettstilhøve, for eksempel tvist om kven som er eigar eller bruksrettshavar. Tvist om tilhøve som ikkje har sakleg samanheng med eigedomstilhøva eller brukstilhøva kan retten ikkje avgjere. Jordskifteretten har etter første punktum ein plikt til å fastsetje eigedoms- og bruksrettstilhøva.
Departementet er samd med Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap i at leigetilhøva i jordskifteområdet må registrerast. Departementet legg til grunn at formuleringa «eigedomstilhøva og bruksrettstilhøva» i lovforslaget § 3-13 første ledd femner om dette.
Departementet er samd med DA og Sør-Trøndelag jordskifterett i at ordlyden bør vise kva for avgjerdsform som er aktuell. Dette gir viktig informasjon til den som er part i ei jordskiftesak, mellom dei sjølvprosederande partar. Når jordskifteretten skal «fastsetje eigedoms- og bruksrettstilhøva», vil avgjerdsforma etter lovforslaget § 6-23 første ledd vere dom. Det er ikkje nødvendig at avgjerdsforma blir nemnt særskilt slik løysinga er i gjeldande jordskiftelov §§ 17 andre ledd eller 17 a første ledd. Det er likevel sagt uttrykkeleg i spesialmerknaden til lovforslaget § 3-13 at avgjerdsforma er dom.
Departementet foreslår at jordskifteretten framleis skal kunne byggje på skatteskylda for å finne fram til partshøvet. Departementet meiner likevel at dette ikkje behøver å vere eit påbod slik det er etter gjeldande jordskiftelov § 27, og det ikkje treng å stå i lova. Dersom jordskifteretten meiner at skatteskylda er best eigna til å få fastsett partshøvet, kan jordskifteretten byggje på skatteskylda. Er det andre tilhøve som er betre eigna til å få partshøvet fram, kan jordskifteretten byggje på dei.
I nokre høve er det klart korleis eigedoms- eller bruksrettstilhøvet er. I andre er dette ikkje klart. Sjølv om det ikkje er klart, kan partane heilt eller delvis vere samde om dette. Jordskifteretten bør kunne leggje ei semje mellom partane til grunn for avgjerda. Departementet meiner likevel at jordskifteretten ikkje bør ha plikt til å byggje på ei semje mellom partane. I nokre høve kan semja dekkje over ein handel med eigedom eller at ein «svak» part er pressa med på semje med urimelege pressmiddel. Departementet foreslår såleis i lovforslaget § 3-13 andre ledd at jordskifteretten ved den fastsetjinga som skal skje etter første ledd, «kan» byggje på ei semje om grunnlaget for jordskifteløysinga. Dette gir jordskifteretten eit val.
Statens kartverk er oppteken av at jordskifteretten bør rapportere til matrikkelstyresmakta om korleis eigedoms- og bruksrettstilhøva er før jordskiftet. Jordskifteretten har ikkje slik rapporteringsplikt i dag. Jordskifteretten skal likevel rapportere om at det er sett fram krav om jordskiftesak og om resultatet av jordskiftesaka. Denne plikta foreslår departementet å føre vidare. Sjå lovforslaget § 6-30. Matrikkelen skulle såleis til ei kvar tid vere oppdatert om kva for eigedommar som er involvert i sak for jordskifteretten, og om dei endelege eigedoms- og bruksrettstilhøva. Departementet ser ikkje behovet for at jordskifteretten i tillegg skal rapportere om grunnlaget for jordskiftet. Dette vil vere eigedoms- og bruksrettstilhøve som gjeld for ein liten periode fram til den endelege jordskifteløysinga blit fastsett. I denne perioden bør det vere nok at det går fram av matrikkelen at jordskifte er sett i gang.
8.19 Verdsetjing
8.19.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-7 første ledd første punktum at jordskifteretten som i dag, skal verdsetje det som går i byte ved eit jordskifte. Arbeidsgruppa foreslår dessutan ein ny regel i høyringsforslaget § 3-17 første ledd andre punktum om at jordskifteretten skal bruke verdimål som er eigna til å prøve vilkåret i høyringsforslaget § 3-3 første ledd. Høyringsforslaget § 3-3 første ledd seier at kostnadene og ulempene ikkje kan vere større enn nytten for kvar enkelt eigedom. Ut over dette foreslår arbeidsgruppa i høyringsforslaget § 3-17 andre ledd å gi jordskifteretten ein valfridom mellom aktuell og potensiell verdi.
Arbeidsgruppa legg til grunn at avgjerdsforma ved verdsetjing skal vere jordskifteavgjerd. Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-17 tredje ledd siste punktum at jordskifteretten framleis skulle kunne gjere om på verdsetjinga. Vilkåra skal vere dei same som etter gjeldande jordskiftelov § 17 a sjette ledd,
8.19.2 Høyringsinstansane
Justisdepartementet foreslår at høyringsforslaget § 3-17 andre ledd bør omformast. Justisdepartementet foreslår følgjande ordlyd:
«Verdien av det som går i byte skal bli sett til aktuell eller potensiell verdi. Blir verdsetjinga gjort i potensiell verdi, treff retten avgjerd om kven som skal bere investeringane og kor store dei skal vere.»
Domstoladministrasjonen (DA) peiker på at reglane om verdsetjing er viktige i ulike samanhengar, og viser til tapsfråværgarantien og areal som skal gå i byte, som eksempel på dette. I begge høve er spørsmålet kva for verdsetjingsprinsipp som skal leggjast til grunn. I samanheng med ekspropriasjon skal partane ha full erstatning, men i jordskiftesamanheng er det nok at dei relative verdiane mellom areala er dei same. Det er likevel nødvendig med reglar om korleis verdsetjinga skal gjennomførast. DA meiner at høyringsforslaget § 3-17 første ledd andre punktum er utforma slik at det kan stillast spørsmål ved om kravet betyr at ein må ha ein eigen metode for verdsetjing for å dokumentere skiftenytten. DA peiker på at det vil vere uheldig å ha slike krav, og meiner at det heller ikkje kan vere tilsikta i lovforslaget. DA foreslår difor å stryke punktumet.
DA peiker òg på at omgrepa aktuell verdi og potensiell verdi er brukte i høyringsnotatet. DA viser til at dette er ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 28 som i praksis byggjer på ein bruksverdi. DA oppfattar omgrepet aktuell verdi som den verdien arealet har slik det er i dag. Dette bør kome betre fram i forarbeida.
DA ber òg om at omgrepet potensiell verdi blir drøfta klarare i forarbeida, og spør blant anna om dette skal tolkast som ei form for teknisk verdi. DA peiker på at verdien på arealet kan vere høgare enn den aktuelle bruken av arealet i dag, for eksempel på grunn av framtidig utbygging av området. Verdsetjinga må blant anna byggje på kva for utnytting av areala som er sannsynleg i tida framover. DA meiner at omgrepet potensiell verdi er uklart. Potensiell bruk er ikkje definert gjennom rettspraksis, og heller ikkje definert nærare i høyringsnotatet. DA foreslår å erstatte omgrepet potensiell bruk med omgrepet pårekneleg bruk. Kva som er påregneleg bruk, har domstolane behandla i fleire samanhengar. Etter kvart har ein fått fastlagt kva for prinsipp som skal leggjast til grunn for å finne fram til kva som er pårekneleg.
DA peiker elles på at nye prinsipp for verdsetjing kan føre til mykje prosess for å fastleggje innhaldet i prinsippa nærare. Dette gjer det nødvendig å vere konsekvent i omgrepsbruken òg i andre paragrafar. DA viser til at «pårekneleg» blir brukt i høyringsforslaget § 3-24 første ledd første punktum. Det gjer det uklart om det er ulike prinsipp som skal leggjast til grunn etter høyringsforslaget §§ 3-17 og § 3-24.
DA meiner elles at høyringsforslaget § 3-18 òg gjeld verdsetjing. DA foreslår difor at regelen blir innarbeida i høyringsforslaget § 3-17.
Jordskifteoverdommarane og jordskifterettsleiarane i Frostating jordskiftedømme stiller som DA spørsmål ved om høyringsforslaget § 3-17 første ledd andre punktum kan bli forstått slik at ein må ha ein verdsetjingsmetode som dokumenterer skiftenytten. Det kjem ikkje klart fram om dette er nødvendig eller ikkje. Etter synet som overdommarane og jordskifterettsleiarane har er det ikkje nødvendig med eit slikt verktøy. Om verdsetjing etter bruksverdi skjer på tradisjonell måte, vil skifteregnskapet vise at eigedommen har same kroneverdi før og etter jordskiftet. Det vil ikkje kome fram nokon nytte av regnskapet, eller av det verdimålet som blir nytta. Det er jordskifteretten som vurderer om eigedommen utover dette er betre utforma og meir tenleg etter skiftet enn før. Overdommarane og jordskifterettsleiarane meiner at dette er nok. Dei viser elles til at løysinga i høyringsforslaget vil føre til ei verdsetjing i to omgangar. Det blir ei verdsetjing før og etter jordskiftet. Det er ressurskrevjande. Metoden blir ikkje brukt i praksis. Overdommarane og jordskifterettsleiarane foreslår at andre punktum må strykast. Det blir da opp til jordskifteretten å grunngi at vilkåret i høyringsforslaget § 3-3 er oppfylt ved jordskifteavgjerda.
Jordskifteoverdommarane og jordskifterettsleiarane foreslår elles at omgrepa aktuell og potensiell verdi ikkje må brukast, men at ein heller viser til den tekniske tilstanden arealet har. Dei peiker elles på at høyringsforslaget § 3-22 har ein liknande regel.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme foreslår òg å slette høyringsforslaget § 3-17 første ledd andre punktum. Jordskifterettane peiker på at tankegangen som forslaget byggjer på ikkje er ny, men at det ikkje er utvikla metodikk som løyser dette. Jordskifterettane uttaler seg òg om dette:
«Rettens vurdering av vilkåret i § 3-3 vil i stor grad være en verbal beskrivelse. Skifteregnskapet vil være en støtte for denne skjønnsmessige vurderingen, men kan ikke vise et eksakt tall. Første punktum er tilstrekkelig og en videreføring av gjeldende rett. Vi kjenner ikke til at det er behov for endring på dette punkt.»
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner òg at omgrepet potensiell verdi bør strykast. Jordskifterettane meiner at omgrepet pårekneleg verdi er meir dekkjande. Jordskifterettane reiser elles spørsmål om høyringsforslaget § 3-17 siste ledd siste punktum kan strykast.
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at verdsetjing ut frå aktuell verdi gir det sikraste resultatet. Pårekneleg eller potensiell verdi kan vere så mangt, og det er større eller mindre grad av uvisse ved ein slik verdi. Dette bør difor vere ein unntaksregel som kan brukast i særlege høve når retten finn at det gir eit betre resultat. Omgrepet potensiell verdi kan få partane til å tenkje «hypotetisk verdi», og er såleis ikkje brukande. Jordskiftedommarane meiner elles at verdsetjing er eit viktig tema som har fått liten plass i høyringsnotatet. Dei peiker på at det anten må gjerast grundigare arbeid på dei aktuelle reglane, eller så må jordskifteretten stå fritt til å velje korleis det skal verdsetjast. Korleis det er rett å verdsetje, kan variere mykje frå sakstype til sakstype.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser òg til at verdsetjinga er sentral. Det er eit mål å få ein meir konsekvent og bevisst omgrepsbruk, men dette målet blir ikkje oppfylt i høyringsnotatet. Jordskifterettane viser til omgrepa potensiell og aktuell verdi blir brukt i høyringsforslaget § 3-17, medan omgrepet arealverdi blir brukt i høyringsforslaget § 3-21 første ledd. Omgrepa grunnverdi og samla bruksverdi blir brukt i andre ledd i same paragrafen. Omgrepet arealverdi blir òg brukt i høyringsforslaget §§ 3-15 og 3-25, medan omgrepet samla verdi blir brukt i høyringsforslaget § 3-18, samla bruksverdi blir brukt i høyringsforslaget § 3-21 og omgrepet pårekneleg blir brukt i høyringsforslaget § 3-24.
Med omgrepet arealverdi fører ein inn eit nytt verdsetjingsomgrep. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner det er nødvendig å definere nærare kva som ligg i omgrepet. Jordskifterettane viser i denne samanhengen til andre omgrep som er nytta i økonomisk teori, for eksempel grunnverdi, bruksverdi, marginal bruksverdi og gjennomsnittleg bruksverdi, og peiker på at definisjonen av arealverdi bør knytast til slike innarbeidde omgrep. Jordskifterettane etterlyser ei drøfting og klargjering av omgrepa i lovteksten, og meiner at valet av verdsetjingsprinsipp og jordskiftegrunnlag til ulike formål må drøftast nærare, blant anna med bruk av aktuelle og praktiske eksempel både i rurale og urbane strok. Jordskifterettane viser elles til at det er ein stor mangel når valet av jordskiftegrunnlag i skog ikkje blir drøfta av arbeidsgruppa.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er positive til å føre inn generelle lovreglar om verdsetjinga og eit generelt omgrep som arealverdi. Endringa kan føre til at retten får eit meir fleksibelt utgangspunkt ved verdsetjing og val av jordskiftegrunnlag. Det har med tida blitt fleire unntak frå grunnverdi i gjeldande jordskiftelov. Det blir fleire saker med urban karakter der eit slikt jordskiftegrunnlag er uaktuelt. Jordskifterettane peiker på at ein annan måte å løyse dette på er å definere hovudreglar for ulike verdsetjingsformål. Jordskifterettane viser til at omsynet til lik praksis i like saker gjer at det bør utarbeidast nokre rammer, og foreslår ei slik løysing.
Ut over dette har jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme konkrete merknader til høyringsforslaget § 3-17, § 3-18 og 3-21. I samband med høyringsforslaget § 3-17 viser dei til at siste setning i første ledd bør sløyfast fordi det ikkje er klart kva ein meiner med tilvisinga til høyringsforslaget § 3-3. Andre ledd som innfører omgrepa aktuell og potensiell verdi, foreslår dei å stryke. Jordskifterettane foreslår å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd, men er usikre på om dette bør gjerast i høyringsforslaget § 3-17 eller ein annan stad. I samband med høyringsforslaget § 3-18 uttaler jordskifterettane at det ikkje bør innførast detaljerte reglar i lova, men at det bør definerast nokre rammer, for eksempel tilsvarande reglane i ekspropriasjonserstatningslova §§ 4, 5 og 6. I samband med høyringsforslaget § 3-21 er jordskifterettane kritiske til omgrepsbruken som gjeld verdsetjing.
Sør-Trøndelag jordskifterett er òg av den meining at høyringsforslaget § 3-17 første ledd andre punktum er unødvendig. Det følgjer av tapsgarantien, jf. høyringsforslaget § 3-2 og § 3-3 at det må skje ei verdsetjing som er forståeleg og eigna til å bli prøvd. Sør-Trøndelag jordskifterett peiker òg på at det er uklart kva som ligg i omgrepet potensiell verdi. Sør-Trøndelag jordskifterett foreslår å bruke omgrepet pårekneleg i staden. Dette vil vere i samsvar med ekspropriasjon og gjeldande jordskiftelov.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap etterlyser ei grundigare opprydding i reglane om verdsetjinga enn det høyringsforslaget legg opp til. Instituttet har avgrensa uttalen til dei tilhøva instituttet meiner er viktigast.
Instituttet peiker på at det er innført ein ny terminologi i høyringsforslaget, og at terminologien ikkje har fått eit klart definert innhald. Nokre stader blir han brukt på ein slik måte at ein får inntrykk av at meiningsinnhaldet er ulikt i ulike samanhengar. Som eksempel på dette blir det særleg vist til omgrepa «jordskiftegrunnlaget» og «arealverdi». Omgrepa må definerast klarare. Omgrepet «arealverdi» bør erstattast av eit omgrep som er meir presist. Instituttet foreslår å bruke omgrepet «varig verdi» i staden. Varig verdi bør ha ein noko annan funksjon. Det bør takast utgangspunkt i verdien eigedommen har for dei konkrete eigarane. Om ein held fast ved det «objektive» utgangspunktet ein har i dag, må lova leggje til rette for at eigarane kan uttale seg før forslag til jordskifteløysning blir lagt fram. Det bør òg gå fram av forarbeida at partsanalysen må tilleggjast vekt ved utforminga av jordskifteløysinga.
Instituttet foreslår ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov slik at det ikkje blir reglar om skiftegrunnlag i den nye lova. Reglane i gjeldande jordskiftelov er berre eit nominelt system som jordskifteretten følgjer så langt det passar. Den reelle framgangsmåten byggjer på at ein ikkje skal endre karakteren eigedommen har for mykje gjennom skiftet. Det er det som styrer jordskifteløysinga, ikkje at grunnverdien skal vere så lik som mogleg. Jordskifteretten har eit stort spekter av moglegheiter innanfor jordskiftegrunnlaget. Spekteret er meir eller mindre i tråd med ordlyden i gjeldande jordskiftelov. Instituttet viser dette med følgjande eksempel:
«Dyrka mark skiftes noen ganger etter potensiell verdi, andre ganger etter faktisk verdi. Det samme gjelder infrastruktur som for eksempel veier. Noen ganger trekkes bygninger med i skiftegrunnlaget, andre ganger ikke. Naturressurser på eiendommen trekkes noen ganger inn i skiftegrunnlaget, andre ganger ikke. Ved rene skogskifter trekkes noen ganger standskogen ikke med, andre ganger delvis med, og pr. i dag er det vanligst (målt i areal) at standskogen ikke er tatt med i sin helhet. På de høye boniteter i skog blir grunnverdi aldri brukt (selv om grunnverdi er det nominelle utgangspunktet), fordi man alltid ser bort fra alle eller store deler av skogkulturkostnadene.»
Instituttet foreslår å kodifisere dagens praksis. Det skal gjerast ved å fastsetje krav til jordskifteløysinga. I lova kan det visast til omsynet til den langsiktige avkastninga eigedommen kan gi, og verdien av eigedommen på lang sikt. Desse omsyna ligg i dag til grunn for reglane om skiftegrunnlaget. Krava til jordskifteløysinga må omfatte krav om kontantoppgjer for «arealverdi» (det vil seie langsiktig avkasting eller verdi) og krav knytt til endring av ulike eigedomstypar. I tillegg bør det vere ein heimel for å gå ut over hovudregelen dersom anten parten aksepterer det eller der ingen lir tap. I slike tilfelle bør det ikkje liggje føre særlege grunnar som taler mot å gjere unntak, jf. regelen i høyringsforslaget § 3-21, andre ledd, siste punktum. Sjølv om reglane om skiftegrunnlaget blir borte, vil jordskifteretten truleg framleis finne det tenleg å bruke skiftegrunnlag i det praktiske arbeidet med jordskifteløysinga. Retten kan da bruke den same framgangsmåten som før, utan at han er formelt bunden til å velje eit av dei skiftegrunnlaga som i dag er fastsett i lova.
Instituttet viser elles til at ein eigar ikkje deler verdien av eigedommen i «grunn» eller liknande og «verdiar som følgjer grunnen». Inndelinga ligg likevel til grunn for lovforslaget og for arbeidet i jordskifteretten. Lova eller forarbeida bør gjere dette klart. Reglane om eit eventuelt likvidoppgjer for naturressursar, infrastruktur, bygningar og anlegg og så vidare bør dessutan samlast i ein generelt utforma regel. Gjennom kommentarar til reglane kan det gjerast klart korleis tilhøvet til tidlegare reglar er.
Instituttet peiker i samband med høyringsforslaget § 3-17 på at det er viktig at retten får fleksibilitet når det gjeld val av verdimål. Instituttet uttaler om dette:
«Både avkastningsverdi (bruksverdi) og markedsverdi (salgsverdi) kan være aktuelle verdimål, både for verdien av jordskiftegrunnlaget og verdien av det samsvarende objektet etter skiftet (kan kalles «jordskifteresultatet»). Det er vanskelig å si noe generelt om når de ulike verdimålene bør brukes, jf. for eksempel Bærug (2007). Dette gjelder generelt, for alle typer eiendommer og saker. For eksempel kan markedsverdi være aktuelt i landbruksområder, og avkastningsverdi kan være aktuelt i utbyggingsområder.
Andre ledd bør tas bort. Det sier seg selv at man kan ta utgangspunkt i et objekts potensielle verdi ved verdsettingen av jordskiftegrunnlaget. Og hvis det er det man i dag kaller skiftegrunnlaget som bestemmelsen retter seg mot, så foreslår vi å legge alle bestemmelser om det til en mer generelt formulert skranke på skiftegrunnlaget.»
Jernbaneverket meiner at omgrepa bruksverdi og pårekneleg utnytting som er vel innarbeidde omgrep i ekspropriasjonsretten, bør nyttast i staden for aktuell og potensiell verdi. Jernbaneverket etterlyser konkret grunngiving for dei nye omgrepa, og ei drøfting av innhaldet i dei. Når grunngivinga manglar, er det rom for tolkingstvil, og det kan føre til fleire tvistar. Jernbaneverket meiner at høyringsforslaget § 3-22 er vanskeleg tilgjengeleg, og uttaler følgjande om bruken av aktuell og potensiell verdi:
«Gjeldende lovs § 51 er i praksis videreført, men «dyrka og udyrka mark» er skiftet ut med «opparbeidet og ikke opparbeidet areal». Det er uklart hvilke elementer verdsettingen skal baseres på. Hvordan de ulike elementene som påvirker eiendommens verdi skal vektlegges sies det i lovteksten og i kommentarene lite og ingenting om. Ved verdsetting av arealer vil en vektlegge og ta hensyn til ulike elementer avhengig av hvilket formål arealet benyttes eller skal benyttes til. Beliggenhet har eksempelvis stor vekt ved taksering av arealer til utbyggingsformål, men mindre vekt for arealer til bruk for eksempel skogbruksformål. For sistnevnte arealkategori vil eiendommens bonitet ha stor vekt. Hvorvidt et areal er opparbeidet eller ikke, og graden av opparbeidelse, har også betydning for verdsettelsen. Utfyllende beskrivelser og veiledning i kommentarene er følgelig påkrevet.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme viser til at høyringsforslaget § 3-18 første ledd må skrivast om slik at det er den verdien partane rår over innan den geografiske og saklege avgrensinga av skiftefeltet, som dannar grunnlaget. Jordskiftedommarane oppfattar tredje ledd som ein verdsetjingsregel snarare enn ein skiftegrunnlagsregel.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner det kan stå jordskiftegrunnlaget i § 3-18 første ledd fordi omgrepet er definert i § 1-3. Omgrepet skiftegrunnlaget bør endrast til jordskiftegrunnlaget slik at omgrepsbruken blir konsekvent. Jordskifterettane meiner at det ikkje er ønskeleg å innføre slike detaljerte reglar om verdsetjing i lova. Det bør definerast nokre rammer. Jordskifterettane stiller elles spørsmål ved om det er rett å nemne to konkrete reglar om utbyggingsformål og skog utan at det òg blir definert reglar for verdsetjing av andre utnyttingsformer.
8.19.3 Departementets vurderingar
8.19.3.1 Gjeldande reglar om verdsetjing ved byte av areal og rettar
Det er fastsett i gjeldande jordskiftelov § 19 andre ledd at det som går i byte, alltid skal verdsetjast. Verdsetjinga av areal og rettar, standsskog med meir som skiftar eigar, er ein sentral og viktig del av det arbeidet jordskifteretten gjer. Verdsetjinga skjer på grunnlag av arealbruken på skiftetidspunktet. Retten kan likevel ta omsyn til påreknelege endringar i arealbruken, dei investeringane dette fører med seg, og investeringar som er nødvendige for å halde jordskiftet. Verdsetjinga er viktig for vurderinga av om jordskiftet er tenleg, jf. gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a.
Sjølv om gjeldande jordskiftelov § 28 først og fremst er ei føresegn om verditilhøvet mellom eigedommane til partane før og etter jordskiftet, ligg det òg nokre føringar om verdsetjing i paragrafen. Hovudregelen i gjeldande jordskiftelov § 28 første ledd seier at kvar eigedom skal få att tilsvarande den grunnverdien den gir frå seg. Dette kravet om ekvivalering av grunnverdien seier ikkje noko om verdsetjinga i seg sjølv.
Gjeldande jordskiftelov § 28 andre ledd inneheld særreglar for jordskifte i skog. Her er det opna for at verdien av standskogen kan bli drege inn i skiftegrunnlaget. Da må standskogen verdsetjast slik at verdien av han kan supplere grunnverdien. Det er òg opna for å halde jordskifte for skog på grunnlag av samla bruksverdi. Da må fastsetjinga av samla bruksverdi gjerast på ein måte som kjem vilkåra for jordskifte i møte.
Ut over dette inneheld gjeldande jordskiftelov § 28 tredje og fjerde ledd reglar som har innverknad på verdsetjinga i saker etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstavane h og i. I slike tilfelle skal verdsetjinga skje slik at kvar eigedom får sin del av verdiauken. Fjerde ledd fastset at ved sak etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h skal verdsetjinga skje på bakgrunn av dei eigenskapane eigedommen har til utbyggingsformål. Ved byte etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i, skal verdsetjinga byggje på den verdiauken som bruken av verkemidla i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstavane a til g gir. Reglane i tredje og fjerde ledd er drøfta i samband med føresegnene om fordeling av planskapt netto verdiauke, sjå kapittel 8.29.3.3.
8.19.3.2 Behovet for endring
Jordskifte har tidlegare vore brukt på landbrukseigedom. Dei fleste eigedommane blei da brukte på omlag same måten, og eigarane hadde nokså samanfallande interesser for framtidig bruk. Dette har endra seg. I 2006 blei jordskiftelova endra slik at jordskifte kunne gjelde alle slag eigedommar om ikkje anna følgde av jordskiftelova eller andre lover, sjå ordlyden i gjeldande jordskiftelov § 1 a. Endringa i verkeområdet for lova gjer at eigarar og bruksrettshavarar truleg i mindre grad enn tidlegare vil ha samanfallande interesser for bruk av eigedommane. Dette gir utfordringar for verdsetjing i samband med jordskifte.
Gjeldande reglar om verdsetjing har blitt til i ei tid da jordskiftelova skulle løyse utenlege tilhøve i landbruket. Det er gjort endringar i reglane slik at dei inneheld detaljerte reglar for skog. Seinare er det gjort tilføyingar som er meint å fange opp behovet da jordskifte med lovendringa i 2006 skulle gjelde i heile landet.
Departementet meiner det er behov for å tilpasse reglane betre til saksområdet den nye jordskiftelova vil gjelde for. Dette kan sikre at verdsetjinga betre reflekterer verdien av eigedommen eller bruksretten anten saka gjeld tomter i bynære strok eller tradisjonelle landbruksareal. Det er samstundes behov for å gjere verdsetjingsreglane så enkle som råd. Etter departementets syn kan det gjerast endringar utan at dette fører til dårlegare rettstryggleik for partane i saka.
8.19.3.3 Oppbygging av reglar i ny jordskiftelov
Departementet foreslår to reglar om verdsetjing ved jordskifte. Den eine regelen tek for seg kva jordskifteretten skal verdsetje, sjå lovforslaget § 3-14. Den andre regelen gjeld korleis jordskifteretten skal verdsetje, jf. lovforslaget § 3-15.
8.19.3.4 Kva jordskifteretten skal verdsetje
Departementet meiner at utgangspunktet for lova bør vere at det er retten som bestemmer om grunn, bygningar eller rettar skal verdsetjast. Retten må meine at verdsetjing er nødvendig for å bøte på dei utenlege tilhøva som partane har teke opp i jordskiftet. Vurderinga har samanheng med det kravet som er reist, og den jordskifteløysinga jordskifteretten meiner er aktuell. Vurderinga må òg sjåast i lys av lovforslaget § 3-16 der det går fram at jordskifteløysinga ikkje skal gå lenger enn det som er nødvendig etter kravet.
Gjeldande jordskiftelov § 19 andre ledd seier at jordskifteretten alltid skal verdsetje det som går i byte. Departementet meiner at ny jordskiftelov òg bør ha ein slik regel. Dette går fram av lovforslaget § 3-14 første punktum.
Etter lovforslaget §§ 3-20 andre ledd, 3-21, 3-25 og 3-26 kan jordskifteretten fastsetje vederlag i pengar eller anna. I slike høve meiner departementet at jordskifteretten alltid må verdsetje vederlaget særskilt. Ved vederlag i pengar er det ikkje snakk om å byte relative verdiar slik DA peiker på i høyringsuttalen sin. Dette gjer det nødvendig med ei særskilt verdsetjing. Regelen går fram av lovforslaget § 3-14 andre ledd. Regelen i andre ledd er truleg ikkje heilt nødvendig å ta inn i lova. Jordskifterettane vil forstå at verdsetjing trengst i slike høve. Forslaget om å ta inn føresegna byggjer på at det av omsyn til dei interessene partane har, er ønskeleg at lova gir informasjon om at det skal verdsetjast. Departementet peiker på at det er mange sjølvprosederande partar i jordskiftesaker.
8.19.3.5 Korleis jordskifteretten skal verdsetje
Departementet er samd med DA i at det er nok at det relative verditilhøvet mellom verdiane som går i byte, blir rett i eit jordskifte. Formåla for verdsetjing er såleis ikkje dei same som ved verdsetjiing som skal føre fram til ein erstatningssum i samband med ekspropriasjon. Det sentrale er å verdsetje slik at byteareala kan samanliknast.
I gjeldande jordskiftelov og i høyringsnotatet er det brukt ei rekkje omgrep og tilnærmingar for å få fram korleis verdsetjinga skal gjerast ved jordskifte. I gjeldande jordskiftelov § 28 er omgrepa grunnverdi og bruksverdi brukt. Dette er omgrep som kan gi inntrykk av at jordskifteretten har ei oppgåveportefølje som berre er knytt til landbrukseigedom.
Ingen av høyringsinstansane som uttaler seg om forslaga til verdsetjing i høyringsnotatet sluttar seg til høyringsforslaga. Departementet har såleis merka seg mellom anna uttalane frå DA, Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Nokre høyringsinstansar foreslår å behalde den gjeldande verdsetjingsmåten, medan andre foreslår endringar. Departementet legg vekt på innvendingane, og er samd i at høyringsforslaget § 3-17 ikkje er brukande. Formuleringane «aktuell» og «potensiell» verdi har ikkje eit så klart innhald som nødvendig, noko som kan føre til unødig prosess om innhaldet i verdsetjinga. Det same gjeld omgrepet «arealverdi».
Etter departementets syn må ein da anten byggje på gjeldande jordskiftelov, finne nye betre verdsetjingsmåtar, eller gjere den nye lova meir open enn i dag slik at jordskifteretten sjølv etter ei konkret vurdering av det bytet saka gjeld, kan finne fram til verdimål og prinsipp som er eigna. Departementet er samd med jordskiftedommarane i Gulating i at verdsetjinga kan variere mykje frå sakstype til sakstype, truleg òg frå sak til sak. Departementet meiner som Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap at verdsetjinga bør ta utgangspunkt i dei interessene eigarane har slik eigedommen er, og slik eigedommen pårekneleg vil bli etter jordskifteløysinga. Departementet er dessutan samd i at eventuelle nye, betre verdsetjingsmåtar må utformast med grunnlag i eit mykje grundigare arbeid enn det som blei gjort i høyringsnotatet. Mandatet for arbeidsgruppa la ikkje til rette for ein slik gjennomgang.
Med dette som bakgrunn foreslår departementet at løysinga bør vere at den nye jordskiftelova som gjeldande jordskiftelov § 28 byggjer på at jordskifteretten skal verdsetje slik at kvar eigedom får att tilsvarande den grunnverdien som han gir frå seg. I lovforslaget § 3-15 første ledd er det såleis lagt til grunn at jordskifteretten skal verdsetje det som går i byte ut frå pårekneleg bruk. Dersom det for eksempel er pårekneleg at bruken vil endrast, må jordskifteretten ta omsyn til dette. Forslaget løyser ei rekkje innvendingar frå høyringsinstansane som gjeld bruk av forskjellige meir eller mindre vel definerte omgrep i høyringsforslaget § 3-17. Forslaget legg elles til rette for at jordskifterettane kan byggje på praksis etter gjeldande jordskiftelov.
Etablering av felles tiltak eller pålegg om felles investeringar krev ei anna tilnærming ved verdsetjinga. I slike høve meiner departementet at arealbruken som ligg til grunn for verdsetjinga, bør samsvare med føresetnaden om felles tiltak og felles investeringar. Dette vil òg vere omfatta av kva som kan reknast som pårekneleg bruk.
Jordskiftedommarane i Gulating, jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap er alle inne på at retten bør få eit meir fleksibelt utgangspunkt ved verdsetjing enn i gjeldande jordskiftelov. Departementet foreslår ikkje at avløysing og omskiping av servituttar etter servituttlova skal bli verkemiddel i jordskifte slik forslaget er i høyringsnotatet. I jordskifte vil det framleis vere hovudregelen at jordskifteløysinga går ut på å byte grunn mot grunn, bruksrett mot bruksrett og grunn mot bruksrett. Sjå lovforslaget § 3-20 første ledd. Behovet for å gjere opp jordskiftet i pengar er såleis ikkje større med dei løysingane departementet foreslår i ny lov enn behovet er etter gjeldande jordskiftelov.
Jordskifte kan etter gjeldande jordskiftelov og etter forslaget til ny jordskiftelov gjennomførast for alle typar eigedommar. Eigarar og bruksrettshavarar bruker ikkje nødvendigvis eigedommane sine på same måten, og dei har heller ikkje dei same interessene i kva eigedommen skal brukast til i framtida. I eit tilfelle vil for eksempel eigaren av landbrukseigedom bruke han til landbruksformål sjølv, ein annan eigar vil bruke eigedommen sin som buplass og leige ut jordbruksareala, medan ein tredje eigar vil bruke eigedommen til ferie- og fritidsformål. Verdien av eigedommen for den enkelte vil da variere sjølv om ressursgrunnlaga for eigedommane er nokonlunde like. Gjeld saka eigedommar i urbane strok, kan skilnadene vere enda større. Departementet ser at dette kan brukast som argument for ei anna tilnærming til verdsetjinga. Etter departementets syn vil det likevel vere uheldig dersom verdsetjingsprinsippa opnar for subjektive vurderingar som for eksempel tilknyting til eigedommen og slektskjensle. Ei slik løysing kan i større grad enn gjeldande løysing opne for prosessar knytt til verdsetjing. Departementet ser ikkje heilt at ei slik løysing har ein meirverdi for partane i høve til løysinga i dag. Etter departementets syn bør vurderinga av kva som er ei tenleg jordskifteløysing, ta høgde for at partane kan ha ulike interesser. Det er difor ei sentral oppgåve for jordskifteretten å få klart fram kva for interesser kvar enkelt part har i eigedommen. Dette bør ikkje gjerast til eit spørsmål om verdsetjing, men om kva som er ei tenleg jordskifteløysing. At jordskifteretten har ei plikt til å klargjere grunnlaget for avgjerda følgjer elles av lovforslaget § 3-13.
Departementet meiner at det ut frå omsynet til rettstryggleik er nødvendig å lovfeste andre generelle krav til verdsetjinga. Departementet foreslår ei plikt for jordskifteretten til å gjere greie for dei valde føresetnadene for verdsetjinga. Dette må gjerast på ein slik måte at partane kan forstå kva retten har lagt vekt på. Departementet meiner òg at det må vere mogleg å prøve verdsetjinga. Partane og ein eventuell ankeinstans skal kunne forstå kvifor retten har valt eit bestemt verdimål. Dei skal òg kunne forstå korleis retten har gjennomført verdsetjinga. Departementet foreslår difor i lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav b at verdsetjing er ei jordskifteavgjerd og at avgjerda må tilfredstille vilkåra i lovforslaget § 6-24. Departementet viser elles til merknadene til lovforslaget §§ 6-23 og 6-24. Departementet foreslår dessutan at verdsetjinga skal kunne etterprøvast, sjå lovforslaget § 8-1 tredje ledd.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap foreslår at lova eller forarbeida klargjer korleis jordskifteretten skal tenke ved byter. Med den løysinga departementet har kome fram til når det gjeld regel om verdsetjing, meiner departementet at det er betre å innarbeide slik rettleiing i informasjonsmateriell som jordskifteretten kan bruke overfor partane.
Høyringsforslaget byggjer på at verdsetjing er ei jordskifteavgjerd etter høyringsforslaget § 6-19. Etter høyringsforslaget § 3-17 kan avgjerda om verdsetjing difor omgjerast om det ligg føre særlege grunnar. Etter lovforslaget vil òg verdsetjinga vere ei jordskifteavgjerd. Sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav b. Verdsetjinga bør likevel kunne endrast undervegs i saka dersom det er behov for endringar. Det er såleis behov for ein eigen regel om at verdsetjinga kan endrast undervegs i saka. Ein slik regel går fram av lovforslaget § 6-25.
Lovforslaget § 3-15 fører vidare heimelen i gjeldande jordskiftelov § 28 andre ledd for å trekkje verdien av standskog inn i grunnlaget for jordskiftet, men departementet foreslår ei endring i heimelen. Gjeldande jordskiftelov § 28 andre ledd seier at ein anten kan trekkje standskogen inn i skiftegrunnlaget eller ein kan skifte på grunnlag av samla bruksverdi. I praksis er det oppfatta som noko uklart kva som er meint med alternativet «samla bruksverdi». Mange har oppfatta det som summen av grunn-, vente- og slakteverdi. Sett i lys av førearbeida er problemstillinga meir partiell verdsetjing og marginal bruksverdi kontra total bruksverdi basert på balansekvantum. Departementet meiner at det er grunn til å gjere heimelen klarare, og at heimelen for verdsetjing i skog dessutan bør vere meir open enn i gjeldande jordskiftelov. Departementet foreslår såleis å sløyfe alternativet «samla bruksverdi», men behalde alternativet som gir jordskifteretten heimel for å trekkje inn standskogen i skiftegrunnlaget.Vurderingane som må gjerast ved verdsetjing av skog er samansette. Departementet viser til at jordskifterettane har hatt ein eigen fagkonsulent på jordskifte i skog i om lag 50 år. På den måten er det utvikla spesialtilpassa opplegg, dataprogram og kompetanse. Regelen om verdsetjing må leggje til rette for at det er opp til jordskifteretten sjølv å vurdere om momenta er relevante, mellom anna i lys av det synet partane har på verdsetjinga. Løysinga går fram av lovforslaget § 3-15 andre ledd. Departementet meiner at løysinga er i samsvar med høyringsuttalane til jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Begge høyringsuttalane viser til at det er fleire moment som bør dragast inn i vurderingane knytt til byte av skogsareal, enn dei som går fram av lova i dag.
Nokre moment er vanlege å trekkje inn ved byte av skogareal. Storleiken på arealet er eit moment som òg kan ha verknad i høve til utmarksnæring. For skogeigarar kan det vere viktig å kunne halde eit jamt hogstvolum etter jordskiftet. Dette momentet inneber at aldersfordelinga på ståande skog (hogstklassefordelinga) ikkje må endrast på vesentleg måte ved byte av skogsareal. Vilkåret i lovforslaget §§ 3-18 og 3-19 om at ingen part eller tredjemann skal li tap, får verknad for endringar i bonitet og langsiktig økonomisk avkasting av eigedommane målt i for eksempel bruksverdi. Skogfaglege vurderingar vil kunne variere med kor stor del av skogsarealet til eigedommane som byter eigar ved eit jordskifte. Ved byte av etter måten små skogareal, vil vurderingar basert på marginale verdiar, kunne vere aktuelle. Ved byte av store skogareal, må vurderingane gå på dei samla verknadene av arealstorleik, hogstklassefordeling, bonitet og bruksverdi av grunnen. Dersom byte av skogareal fører til at det ikkje blir balanse i kor mykje skog (tre) som skiftar eigar, må dette gjerast opp. Etter gjeldande jordskiftelov kan det skje ved hogst, oppgjer i pengar eller ved at ståande skog blir trekt inn i verdien av grunnen. Det kan ut over dette vere aktuelt å byte skogareal mot anna areal. Da må retten finne fram til dei faktorane som er viktige for å sikre at vilkåra i lova er oppfylte, samtidig som bytet av skogareal mot anna areal bøter på dei utenlege eigedomstilhøva i jordskiftet.
8.20 Jordskifteløysinga, lovforslaget kapittel 3 del IV
Departementet har samla føresegner som gjeld korleis jordskifteløysinga skal vere, i del IV i lovforslaget kapittel 3. Sjølv om jordskifteretten står fritt til å velje bruk av verkemiddel i jordskifte etter lovforslaget kapittel 3 del II §§ 3-4 til 3-12, er det grenser for kva jordskifteløysinga kan gå ut på. Det er reglar om slike grenser som er samla i lovforslaget kapittel 3 del IV. Samlinga av paragrafar omfattar for eksempel sentrale vilkår for jordskifteløysinga og reglar om korleis jordskifteretten legg ut grunn og bruksrett. Samlinga omfattar nokre reglar som har meir karakter av å føre vidare ein del detaljar som finst i gjeldande jordskiftelov.
8.21 Kva jordskifteløysinga kan gå ut på
8.21.1 Høyringsforslaget
Høyringsforslaget inneheld ingen regel om at jordskifteløysinga ikkje kan gå ut over det som er nødvendig ut frå kravet.
8.21.2 Høyringsinstansane
Høyringsinstansane tek i liten grad opp problemstillinga. Sjå omtale i kapittel 8.8.2 knytt til utenlege eigedomstilhøve, og kapittel 8.4.2 som gjeld jordskifte og disposisjonsprinsippet.
8.21.3 Departementets vurderingar
Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 26 at jordskifteretten skal endre eigedoms- og brukstilhøva ved ny eigedomsutforming, sams tiltak, ordning av bruk og sambruk og avløysing eller ordning av bruksrettar, så langt han meiner det er nødvendig etter kravet.
Etter lovforslaget § 3-2 andre ledd kan jordskifteretten ikkje gjere endringar som byggjer på andre tilhøve enn dei utenlege eigedomstilhøva som partane har teke opp i jordskiftet. Sjå drøftinga av denne regelen i kapittel 8.8.3.
Det går samtidig fram av lovforslaget § 3-1 første ledd første punktum at jordskifteretten kan bruke verkemidla i lovforslaget §§ 3-4 til 3-10 for å bøte på det partane har teke opp som utenlege eigedomstilhøve slik det går fram av lovforslaget § 3-2. Jordskifteretten har såleis stor fridom til å fastsetje ei jordskifteløysing sjølv om partane ikkje konkret har sett for seg eit slikt resultat da kravet blei reist. Omsynet til rettstryggleiken taler difor for å føre vidare føresegna i gjeldande jordskiftelov § 26 om at jordskifteretten berre skal gjere endringar så langt han meiner det er nødvendig etter kravet i ei eller anna form. Dette er ikkje berre spørsmål om å halde seg til kravet partane har sett fram, jf. formuleringa i lovforslaget § 3-2 andre ledd. Det er dessutan slik at jordskifteløysinga heller ikkje på andre punkt bør gå lenger enn det som er nødvendig for å bøte på dei utenlege tilhøva som partane tek opp i jordskiftet. Forslaget til føresegn går fram av lovforslaget § 3-16.
8.22 Føresegner og løyve
8.22.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-19 tredje ledd at jordskifteløysinga ikkje skal kunne vere i strid med bindande føresegner om arealbruk i jordskifteområdet, og at nødvendige løyve må liggje føre. Forslaget er i hovudsak meint å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 20 a som har eit rekkefølgjekrav. Rekkjefølgjekravet inneber at når ein skifteplan må grunnast på offentlege vedtak, må slike vedtak liggje føre når retten treff avgjerd om skifteplanen. Forslaget gjer det samtidig tydeleg at jordskifteretten ikkje har kompetanse til å endre bindande føresegner om arealbruken.
8.22.2 Høyringsinstansane
Miljøverndepartementet sluttar seg til forslaget, men finn det likevel viktig å slå fast at areal(plan)vedtak og løyver frå forvaltinga må følgjast av jordskifteretten og partane i ei jordskiftesak. Miljøverndepartementet viser til at tilhøvet mellom forvalting og jordskifte ikkje skal endrast prinsipielt i høve til gjeldande jordskiftelov. Miljøverndepartementet uttaler at innhaldet i høyringsforslaget § 3-19 tredje ledd er uttrykk for eit grunnleggjande prinsipp om at arealforvaltingsvedtak må følgjast, og at (nødvendige) løyve må vere gitt før jordskiftet blir avgjort.
Domstoladministrasjonen (DA) viser til at høyringsforslaget § 3-19 er ein saksbehandlingsregel, som bør flyttast til kapittel 6.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme viser til at mange tiltak kan krevje både privatrettslege og offentlegrettslege avklaringar. Det bør ikkje vere ein bindande regel om at dei offentlegrettslege avklaringane skal vere til stades først eller sist i eit jordskifte. Det bør heller ikkje vere nokon regel om at dei privatrettslege avklaringane skal vere til stades først eller sist. Nokre gonger må avklaringane skje parallelt, andre gonger er det naturleg at jordskiftesaka blir avslutta først, men med eit atterhald om at det blir gitt nødvendige løyve. Atter nokre gonger vil det vere naturleg at forvaltingsvedtaket kjem før avsluttinga av jordskiftesaka. Jordskifterettane foreslår slik lovtekst i saksbehandlingskapitlet om dette:
«Løyve som er ein føresetnad for å oppfylle § 3-3 første ledd, må være gitt før saken blir avslutta.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme foreslår at tredje ledd siste punktum blir utforma slik at når offentleg løyve er ein føresetnad for jordskifteløysinga, skal løyvet liggje føre før jordskifteavgjerd kan takast.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme stiller spørsmål ved om ordet «jordskifteløysing» er det same som «jordskifteavgjerd». Jordskifterettane meiner at bruken av omgrep er uklar.
8.22.3 Departementets vurderingar
Regelen i gjeldande jordskiftelov § 20 a blei skilt ut frå § 20 i 1998. Før den tid var innhaldet i regelen ei plikt for jordskifterettane til å samrå seg med forvaltinga. I nokre tilfelle var jordskifteretten kompetent til å gjere endringar i eigedoms- og bruksrettshøve, men skifteplanen ville få konsekvensar for vedtak forvaltinga skulle gjere. I andre tilfelle var det forvaltinga som kunne bestemme noko som ville få følgjer for skifteplanen. Jordskifteretten skulle ta omsyn til uttale frå forvaltinga. Endringa i 1998 førte til at det i lova i dag i staden for denne samrådinga, er eit krav om rekkefølgje. Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 20 a at om ein skifteplan må grunnast på offentlege vedtak, må slike vedtak liggje føre når retten treff avgjerd om skifteplanen. I tillegg går det fram av gjeldande jordskiftelov § 41 at jordskifteretten framleis skal ta omsyn til plan etter plan- og bygningslova.
Departementet er samd med Miljøverndepartementet i at det ikkje er grunn til å endre gjeldande skilje mellom forvalting og jordskifte. Fleire høyringsuttalar tyder på at rollefordelinga mellom forvaltinga og jordskifteretten òg etter endringa i 1998 kan framstå som uklar for mange. Departementet meiner dette viser at det er behov for å gjere rollefordelinga i lova klarare enn i dag. Departementet foreslår difor, som arbeidsgruppa, ein regel om at jordskifteløysingar ikkje kan vere i strid med bindande føresegner om arealbruk i jordskifteområdet. Sjå lovforslaget § 3-17 første ledd. Departementet meiner at ein slik paragraf gjer rollefordelinga klarare. Departementet foreslår ikkje å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 41 om at jordskifteretten skal ta omsyn til plan etter plan- og bygningslova i ny jordskiftelov. Synet kommunen har på arealbruk og utbygging er sentrale faktiske tilhøve som skal leggjast til grunn når jordskifteretten tek stilling til jordskifteløysinga. Det bør ikkje vere oppgåva til jordskifteretten, etter eiga vurdering, å ta omsyn til ein plan etter plan- og bygningslova.
Regelen i gjeldande jordskiftelov § 20 a om at nødvendige løyve skal liggje føre når retten treff avgjerd om skifteplanen, kan reknast som ein saksbehandlingsregel, Dette har fleire høyringsinstansar vore inne på. Regelen har likevel òg eit materielt innhald som skranke for kva jordskifteløysinga kan gå ut på. Departementet meiner at tilhøvet mellom forvaltinga og jordskifteretten som domstol blir tydelegare dersom denne skranken blir ført vidare i ny jordskiftelov. Sjå lovforslaget § 3-17 andre ledd første punktum som fastsett at nødvendige offentlege løyve skal liggje føre når jordskifteretten treff avgjerd om den endelege jordskifteløysinga.
I denne samanhengen taler òg omsynet til rettstryggleik for ei rekkefølgje. Om ikkje løyvet ligg føre før jordskifteretten treff avgjerd om den endelege jordskifteløysinga, er det risiko for at jordskifteavgjerda blir ei privatrettsleg bindande avgjerd mellom partane om noko som ikkje kan setjast i verk. Departementet foreslår å halde fast på kravet om rekkefølgje som eit materielt krav til jordskifteløysinga. Departementet gjer dette sjølv om det kan vere nødvendig å avklare det privatrettslege og det offentlegrettslege samtidig i eit jordskifte, og sjølv om det kan vere praktisk for jordskifteretten å fjerne kravet om rekkefølje slik dette er teke opp i høyringsuttalen frå jordskifterettane i Agder jordskiftedømme. Departementet meiner at omsynet til rettstryggleiken taler for løysinga, og at det er mogleg for jordskifteretten å ta høgde for rekkefølgja i planen for framdrift i jordskiftesaka og ved den konkrete utforminga av jordskifteavgjerda.
Departementet er samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme i at ein kan bruke omgrep som er betre enn i høyringsforslaget. I lovforslaget § 3-17 andre ledd bruker departementet difor formuleringa «avgjerd om den endelege jordskifteløysinga».
Departementet foreslår ut over dette ein ny regel som gir jordskifteretten heimel for å søkje dei løyva som trengst for å setje i verk jordskiftet. Departementet meiner at utgangspunktet må vere at partane sjølv søkjer slike løyve. Der dette ikkje er tenleg, bør jordskifteretten likevel, som etter gjeldande praksis, ha ein heimel for å fremje slike søknader på vegner av partane, sjå lovforslaget § 3-17 andre ledd andre punktum. Departementet er merksam på at jordskifteretten ikkje har ansvarsrett etter plan- og bygningslova, slik at retten ikkje kan søkje alle slag løyve.
8.23 Vern mot tap
8.23.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-2 å innføre eit krav om at eit jordskifte skal føre til ein samla netto nytte. I tillegg foreslår arbeidsgruppa i høyringsforslaget § 3-3 første ledd at jordskiftet ikkje skal kunne gjennomførast dersom kostnadene og ulempene blir større enn nytten for kvar enkelt eigedom.
8.23.2 Høyringsinstansane
Synet høyringsinstansane har på forslaget om at eit jordskifte skal føre til samla netto nytte blir referert kapittel 8.9.2.
Sør-Trøndelag jordskifterett foreslår å samordne betre høyringsforslaget §§ 3-2 og 3-3. Dei uttaler:
«Som sjølstendig paragraf virker § 3-2 unødvendig siden det etter § 3-3 er krav om at hver eiendom skal ha netto nytte. Når kravet etter § 3-3 er oppfylt er også kravet etter § 3-2 oppfylt. Det kan også være uklart om § 3-2 mener at ulemper skal regnes med som kostnadspost. Ulemper er nevnt i § 3-3. Paragrafene bør difor omskrives og samordnes.» I § 3-1 og § 3-3 må uttrykket «bli gjennomført» endres til «gjennomførast». Konklusjon: – § 3-1, første ledd strykes. – § 3-2 og § 3-3 samordnes.»
Ingen av høyringsinstansane går mot å føre vidare garantien mot at ein eigedom ikkje skal reduserast i verdi. Det er likevel fleire høyringsinstansar som kommenterer høyringsforslaget § 3-3 første ledd.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler dette om formuleringa «nytte»:
«Det gis i utkastet inntrykk av at nytte kun er koblet til økonomisk nytte. Vi mener dette er uheldig, selv om nytten ofte vil være koblet opp mot økonomi. For eksempel vil nytten i en vegsak (organisering av vedlikehold) ofte gi marginale økonomiske gevinster i form av verdistigning for den enkelte eiendom. Nytten vil være å få klarlagt den enkeltes rettigheter og plikter. Utkastet er inne på dette på side 143 under bokstavpunkt e). Det vises til kommentarutgaven til Austenå/Øvstedal (2000) s 46 pkt. 2. Her beskrives økonomiske sider ved nytte, men også at nytten kan være av juridisk, sosial, estetisk og etisk karakter. Vi mener at det må tydeliggjøres at nytte ikke bare gjelder økonomisk nytte. Dette må stå klart i forarbeidene og det bør vurderes i forhold til ordlyden i lovteksten. Vi mener at andre ledd bør utgå. Det bør ikke stilles spesielle krav til fordeling av nytte i urbane områder. Dette må jordskifteretten vurdere skjønnsmessig som i alle andre jordskiftesaker. Det vil være arbeidskrevende og vanskelig å tallfeste nytten. Vi kan ikke se at det er grunner for å ha særregler for nyttefordelingen i urbane områder.»
Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og jordskifteoverdommarane peiker på at det i eit jordskifte kan vere vanskeleg å sikre at kvar part får eit lovsikra krav på ein matematisk del av nytten. Dei er òg opptekne av kva som er skjeringspunktet for denne vurderinga. Dei uttaler:
«Problemet med regelen som er foreslått i andre ledd er at kvar part får eit lovsikra krav på ein matematisk del av nytta. Det medførar at nytta må identifiserast og estimerast i kvart enkelt tilfelle, før ein kan føre rekneskap som viser fordelinga av den. Dette vil krevje ei vesentleg vidareutvikling av den metode ein så langt har nytta ved jordskifte. Vi kan heller ikkje sjå vekk frå at eit slikt krav vil føre til ein stor ressursbruk i å dokumentere nytta av eit jordskifte. I § 3-4 er det stilt krav til nyttevurderinga. Etter vårt syn er § 3-3 slik utforma at det utan vidare må vere klart at eit jordskifte ikkje kan avsluttast med ei jordskifteavgjerd som ikke fyller vilkåret i § 3-3. Spørsmålet er om ordet «gjennomført» i § 3-3 er presist nok. Enkelte kan nok tolke dette slik at avgjerder fastsett i jordskifte ikkje kan gjennomførast, t.d. nokre år etter at jordskiftet er avslutta. Vi foreslår «gjennomført» erstatta av t.d «avslutta» eller «vedteke». Det sentrale må likevel vere å etablere avslutningsdatoen for jordskiftesaka, som skjeringspunkt for vurdering av vilkåret i § 3-3.»
8.23.3 Departementets vurderingar
8.23.3.1 Gjeldande reglar
Gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a seier at jordskifte ikkje kan fremjast dersom kostnadene og ulempene blir større enn nytten for kvar enkelt eigedom. Regelen sikrar rettstryggleiken i eit jordskifte. Vurderinga er knytt til kvar enkelt eigedom som ei driftseining. Vurderinga er ikkje knytt til personen som eig driftseininga, ein tredjemann som har interesse av eigedommen, eller samfunnsinteressene generelt.
Regelen fører i praksis òg til at det er ei grense for kor det i eit jordskifte er mogleg å bruke vederlag i form av pengar eller andre verdiar. Dette blir omtala i ulike samanhengar. I RG 1988 side 488 går det for eksempel fram at rettsvernet i gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a vil miste meining om det vil vere mogleg å bruke pengar som vederlag for ulemper. Lagmannsretten uttaler om dette:
«Det vil alltid være mulig å gi vederlag i penger. Man er i så fall kommet over i en situasjon som ligger meget nær opp til ekspropriasjon og som det må kreves en uttrykkelig hjemmel for.»
Gjeldande jordskiftelov har ut over § 3 bokstav a ei rekkje andre, meir detaljerte, føresegner som set grenser for kva jordskifteløysinga kan gå ut på. Det går for eksempel fram av gjeldande jordskiftelov § 29 andre ledd andre punktum at ein eigar kan krevje at eigedommen hans må utformast for bortleigeformål i landbruksnæring. Meiner jordskifteretten at grunn og rettar i skiftefeltet kan få utnytting som gir stor verdiauke, bør eigedommen eller bruksretten etter gjeldande jordskiftelov § 31 første punktum ikkje skifte eigar utan at det er nødvendig for eit tenleg skifte. Det følgjer av gjeldande jordskiftelov § 51 andre ledd at jord ikkje må brukast som vederlag på ein slik måte at framgangsvilkåra for nokon eigedom minkar monaleg. Etter gjeldande jordskiftelov § 56 første ledd andre punktum er det lagt til grunn at jordskifteretten fastset utjamningsmåten i samband med overføring av brenntorv og strøtorv. Retten kan likevel ikkje påby at nokon skal gi frå seg meir torv enn han får att dersom skilnaden har noko avgjerande å seie for eigedommen hans.
8.23.3.2 Behovet for reglar om vern mot tap
I lovforslaget kapittel 3 del II (Verkemiddel) og III (Grunnlaget for jordskifteløysinga) foreslår departementet at kompetansen jordskifteretten skal ha etter ny lov skal forankrast i reglar som er meir generelle enn reglane er i dag. Departementet meiner at desse forslaga samla gjer at reglar som sikrar rettstryggleiken blir svært viktige i ny jordskiftelov. Forslaga til endringar i ankeordning og reglane om saksbehandling er eksempel på reglar som sikrar rettstryggleiken. Endringsforslaga er eksempel på at rettstryggleiken blir styrka gjennom lovforslaget.
Ut over dette meiner departementet det på same måten som i gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a må gå tydeleg fram av den nye jordskiftelova at den eigedommen som tek del i eit jordskifte ikkje kan dragast inn i ei jordskiftesak dersom kostnadene og ulempene er større enn nytten for nokon eigedom. Som det er peikt på i sitatet frå RG 1988 side 488 over, er dette ein regel som blant anna gjer at jordskifte ikkje kan samanliknast med ekspropriasjon. Departementet meiner at det ikkje er nok for å sikre rettstryggleiken i eit jordskifte at jordskifteløysinga etter lovforslaget § 3-3 skal føre til meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet. Ein slik regel tek ikkje på same måten omsyn til korleis jordskifteløysinga vil slå ut i høve til kvar enkelt eigedom eller bruksrett.
Departementet foreslår i kapittel 12.5 ikkje å føre vidare vedtaket om fremjing i gjeldande lov. Innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 3 a blir såleis ikkje ført vidare som eit vilkår for å fremje sak. Omsyna som ligg til grunn for gjeldande jordskiftelov § 3 a bør da innarbeidast som eit krav til jordskifteløysinga.
8.23.3.3 Vern mot tap gjeld for eigedom eller bruksrett
Departementet meiner at vernet bør byggje på regelen i gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a og gjelde eigedommen. Høyringsforslaget byggjer òg på denne tilnærminga. Forslaget har samanheng med formålet med ny jordskiftelov, sjå lovforslaget § 1-1. Formålet er at lova blant anna skal leggje til rette for effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom til beste for eigarane, rettshavarane og samfunnet. Lova tek såleis utgangspunkt i korleis den faste eigedommen skal brukast. Formålet tilseier at det, på same måten som etter gjeldande jordskiftelov, bør vere eigedommen eller bruksretten som skal ha eit vern, ikkje eigaren, bruksrettshavaren eller ein panthavar. Forslaget går fram av lovforslaget § 3-18.
Når det er eigedommen som skal givast eit vern etter lova, tek jordskifteretten ved vurderinga av om eigedommen «taper» utgangspunkt i kva eigedommen etter ei objektiv vurdering er eigna til, og kva han skal brukast til framover. Vurderinga kan blant anna ta omsyn til at partane kan ha ulike motiv for å eige, bruke og utvikle eigedommen eller bruksretten. Kva som er eit tap for eigedommen eller bruksretten, må sjåast i lys av kva som blir teke opp som utenlege eigedomstilhøve, og kva for interesser eigaren eller bruksrettshavaren undervegs i saka gir til kjenne for bruken av eigedommen.
Løysinga i gjeldande jordskiftelov, med ei rekkje detaljerte føresegner som vernar særlege interesser, er etter departementets syn ikkje eigna til å fange opp alle dei ulike tilhøva som kan gjere seg gjeldande. Departementet foreslår difor at dei detaljerte føresegnene skal avløysast av ein generell regel for jordskifteløysinga. Sjølv om lovforslaget byggjer på ein slik generell regel, er det ikkje meininga at dette skal føre til eit svakare vern mot tap. Dei ulike situasjonane som er nemnde i gjeldande føresegner, er blant anna av den grunn kommentert i spesialmerknadene som eksempel på kva regelen i lovforslaget går ut på. Omtalen går fram av spesialmerknaden til lovforslaget § 3-18.
Departementet foreslår at den generelle regelen skal byggje på ordlyden i gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a, og leggje til rette for å føre vidare praksis etter denne føresegna. Vernet bør såleis sikre at jordskifteløysinga ikkje fører til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Departementet er såleis samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme om at formuleringa «nytte» er meir enn økonomisk nytte. Departementet er òg samd med jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og jordskifteoverdommarane i at det i eit jordskifte ikkje er eit sjølvstendig mål at kvar part får eit lovsikra krav på ein matematisk del av nytten.
Tilhøvet til tredjemann krev ein eigen kommentar. Når lovforslaget gir eigedommen eller bruksretten eit vern, gir det òg vern for dei interessene som for eksempel ein panthavar eller ein leietakar har. Jordskifteretten må såleis vere merksam på at pantet eller bruksretten som eit utgangspunkt ikkje bør reduserast i verdi til skade for ein panthavar eller ein bruksrettshavar. I ein vanleg byteprosess for grunn eller bruksrett er faren for verdireduksjon for tredjemann sjeldan eit problem. For ein leigetakar kan det rett nok òg i slike situasjonar vere ulike moment som bør tilleggjast vekt ved avveginga av jordskifteløysinga. Departementet foreslår difor i lovforslaget § 3-24 å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 32 som seier at om jordskifte har noko å seie for leigar eller annan som har liknande rett, skal jordskifteretten ordne høvet mellom han og eigaren om det trengst. I utforminga av jordskifteløysinga bør jordskifteretten ta omsyn til leigetilhøva i jordskifteområdet.
8.23.3.4 Vern mot tap når jordskifteretten gir vederlag i pengar eller andre verdiar
Dersom vederlaget ved bytet heilt eller delvis blir fastsett i pengar eller andre verdiar, oppstår det særlege spørsmål knytt til om eigedommen eller bruksretten taper. Heimlane for oppgjer i pengar eller andre verdiar går fram av lovforslaget §§ 3-20 andre og tredje ledd (dersom det ikkje let seg gjere å byte om grunn mot grunn, eller dersom jordskifteretten bruker pengar for å kompensere opparbeidingsgrad), 3-21 (dersom jordskifteløysinga fører til overføring av anlegg til vassforsyning og så vidare.), 3-25 (utjamning i samband med overføring av standskog) og 3-26 (dersom jordskifteløysinga fører til avløysing av rettar). Det kan såleis dukke opp i svært ulike jordskiftesaker.
Arbeidsgruppa foreslår å utvide heimelen til å gi vederlag i pengar. Forslaget byggjer blant anna på at departementet foreslår omskiping og avskiping av servituttar som verkemiddel i jordskifte. Departementet har ikkje noko tilsvarande forslag. Heimlane for å gi vederlag i pengar eller andre verdiar er nokonlunde dei same i lovforslaget som i gjeldande jordskiftelov. Lovforslaget byggjer på reglane i gjeldande jordskiftelov både når det gjeld moglegheita til å gi vederlag i pengar eller andre verdiar, og i ordlyden i den generelle heimelen som gir vern mot tap. Departementet meiner at det ikkje er nødvendig å gå nærare inn på dei særlege spørsmåla som kan oppstå i slike høve.
Departementet legg likevel til grunn at jordskifteretten må sjå til at det går fram i saka kven som er panthavarar eller bruksrettshavarar, og at dei må få slik orientering som er nødvendig for å ta vare på interessene sine. Ein bruksrettshavar er part i saka, og vil få oppmoding til å komme med sitt syn etter lovforslaget § 6-5, rett til å uttale seg etter lovforslaget § 6-8, og få forslag til jordskifteløysing lagt fram for uttale etter lovforslaget § 6-21. Tryggleiken for panthavar er ivareteken ved at pengevederlag ikkje kan utbetalast utan samtykke frå alle det gjeld. Panthavar vil såleis kunne krevje at vederlaget deponerast, sjå lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve som etter lovforslaget § 9-1 gjeld tilsvarande. Forslaget om dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 90. Løysingane gir samla tryggleik for å ta vare på interessene for panthavarar og andre som har rettar knytt til eigedommen.
8.23.3.5 Skjeringstidspunkt
Departementet er samd med jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og jordskifteoverdommarane i at vurderinga av om nokon taper krev eit klart skjeringspunkt. I lovforslaget er skjeringspunktet knytt til jordskifteløysinga. Jordskifteretten må likevel vurdere spørsmålet om tap undervegs i saka dersom ein part tek opp spørsmålet, eller dersom jordskifteretten på annan måte blir merksam på at dei materielle vilkåra for å halde jordskifte ikkje er til stades. Drøftinga av å fjerne vedtaket om fremjing etter gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a går fram av kapittel 12.5.3.
8.24 Byte av grunn, rettar og andre verdiar i eit jordskifte
8.24.1 Innleiing
Arbeidsgruppa foreslår føresegner om ny utforming ved byte av grunn og alltidvarande bruksrettar. Forslaga er i tråd med gjeldande jordskiftelov. Føresegnene går fram av høyringsforslaget kapittel 3 del III Grunnlaget for og krav til utfallet av eit jordskifte. Dei mest sentrale paragrafane er § 3-21 Korleis areal og alltidvarande bruksrettar skal bytast, § 3-22 Byte av opparbeidd areal mot ikkje opparbeidd areal, § 3-23 Krav på bestemt areal, § 3-24 Avgrensing av byte og § 3-25 Oppgjer for det som ikkje er medrekna i arealverdien, og oppgjer når jordskifte utløyser ein auke i arealverdi.
Spørsmål om korleis areal, rettar og andre verdiar skal bytast ligg nær opp til spørsmål om verdsetjing – særleg spørsmål som gjeld korleis verdsetjinga skal skje. Det er mange høyringsuttalar som er knytt til detaljar i som gjeld dette, og det kan vere noko uklart kvar referata frå høyringsinstansane eigentleg høyrer heime. Sjå omtale av verdsetjinga i kapittel 8.19.
Reglane om byte av grunn og rettar i gjeldande jordskiftelov er detaljerte. Omgrep og avgrensingar i gjeldande jordskiftelov er i stor grad knytt til landbrukseigedom. Detaljgraden gjer reglane lite smidige når lova skal gjelde alle eigedomstypar, ikkje berre landbrukseigedom. Detaljeringsgraden kan såleis hindre at jordskifteløysinga blir tilpassa det partane har peikt på som utenleg. Departementet foreslår å gjere dei detaljerte reglane meir generelle. Forslaget gjeld òg når det gjeld byte av grunn og rettar.
Strukturen i framstillinga nedanfor byggjer på paragrafane i lovforslaget. Omtalen i kapittel 8.24 gjeld lovforslaget §§ 3-20, 3-21, 3-23, 3-24 og 3-26.
8.24.2 Korleis jordskifteretten legg ut grunn og bruksrett
8.24.2.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-21 ein hovudregel og to unntaksreglar for byte av varige verdiar. Hovudregelen i høyringsforslaget § 3-21 første ledd er at arealverdi skal bytast mot arealverdi, at alltidvarande bruksrettar skal bytast mot alltidvarande bruksrettar eller areal til full eigedom. Arbeidsgruppa foreslår òg at arealverdi skal kunne bytast mot alltidvarande bruksrettar. I høyringsforslaget § 3-21 andre ledd foreslår arbeidsgruppa eit unntak frå første ledd som fører vidare ein spesialregel frå gjeldande jordskiftelov § 28 andre ledd for skifte av skog som opnar for å trekkje verdien av ståande skog inn i skiftegrunnlaget på nærare bestemte vilkår. Høyringsforslaget § 3-21 tredje ledd er nytt i høve til gjeldande jordskiftelov. Forslaget er ein konsekvens av forslaget om å gjere om omskiping og avskiping etter servituttlova til verkemiddel i jordskifte. I tredje ledd foreslår arbeidsgruppa at jordskifteretten kan byte meir arealverdi mot pengar enn annan verdi enn det som følgjer av første ledd. Vilkåret er at det er mykje om å gjere for minst ein part. Vinninga for parten må òg bli monaleg større enn tapet for dei andre partane. I slike tilfelle skal jordskifteretten gi panthavar rett til ein høveleg del av vederlaget.
I høyringsforslaget § 3-22 foreslår arbeidsgruppa at jordskifteretten skal kunne byte opparbeidd areal mot ikkje opparbeidd areal under føresetnad av at den som gir frå seg ikkje opparbeidd areal står for opparbeidinga eller betaler for henne. Ved byte av dyrka jord mot udyrka jord eller jord som ikkje er så godt dyrka, fører forslaget vidare gjeldande jordskiftelov § 51 første ledd første punktum. Forslaget er likevel ei utviding fordi formuleringane «opparbeidd areal» og «ikkje opparbeidd areal» erstattar formuleringane «dyrka jord» og «udyrka jord».
8.24.2.2 Høyringsinstansane
Domstoladministrasjonen (DA) viser til at omgrepet arealverdi blir noko uklart når første og andre ledd blir lest i samanheng. DA peiker på at om omgrepet arealverdi skal brukast, må det klargjerast nærare, blant anna i høve til grunnverdi og bruksverdi. DA peiker elles på at det i den seinare tida har vore diskusjonar om kva som bør vere skiftegrunnlaget for skog. Etter DA sitt syn bør departementet vurdere om reglane for skog bør førast vidare, eller om dei bør endrast slik at dei tek høgde for at skogeigedommen endrar seg over tid med omsyn til utnytting. DA reiser spørsmål ved korleis panthavarar skal trekkjast inn i saka når jordskifteretten avskipar servituttar etter høyringsforslaget § 3-21 tredje ledd, og reiser òg spørsmål ved om ein ikkje kjem i strid med § 3-3, garantien mot at nokon skal lide tap.
Jordskifteoverdommarane og jordskifterettsleiarane i Frostating jordskiftedømme gir likelydande uttale. Dei viser òg til at bruken av omgrepet arealverdi er uklar. Dei peiker dessutan på at det kan stillast spørsmål ved om høyringsforslaget § 3-21 tredje ledd er litt for ope sett i høve til garantien partane har mot tap etter høyringsforslaget § 3-3. Det blir vist til at større bruk av pengevederlag enn i dag kan vere fornuftig, men det bør gjerast ei avgrensing slik at dette ikkje kan nyttast som ein tvangsmessig «salsparagraf».
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme peiker på at omgrepet arealverdi bør definerast. Dei peiker elles på at det viktigaste i første ledd ikkje står i lovteksten. Det viktigaste er at tidsavgrensa rettar berre som eit unntak kan endrast til noko som er alltidvarande. Slike rettar må såleis som ein hovudregel bli nye tidsavgrensa rettar, festetilhøve eller pengar, ikkje til alltidvarande rettar eller grunn. Jordskifterettane foreslår at omgrepet grunnverdi i andre ledd blir endra til arealverdi slik at det blir samanheng i omgrepsbruken. Jordskifterettane legg til grunn at arealverdi kan vere ein jordskiftevariant av grunnverdi. Det kan vere ein fordel med eit eige omgrep som er tilpassa bytteprosessen og som er annleis enn eit nesten samanfallande omgrep som er i bruk ved takstar og skjønn. Jordskifterettane meiner elles at det er såpass uklart kva som ligg i omgrepet «samla bruksverdi» at det må forklarast nærare.
Jordskifterettane peiker på at høyringsforslaget § 3-21 tredje ledd er nesten lik høyringsforslaget § 3-12 andre ledd. Dei viser til at garantien mot tap i høyringsforslaget § 3-3 fører til at det ikkje kan stå i lova at nokon vil tape på ei løysing. Gjeldande jordskiftelov § 30 har ein betre ordlyd på dette punktet. Jordskifterettane foreslår ei løysing i tråd med dette.
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme etterlyser òg det nærare innhaldet i omgrepet arealverdiar. Jordskiftedommarane ser fordelar med at det blir opna for utvida bruk av pengar, men er i tvil om det bør opnast opp i så stor grad at panthavarane må trekkjast inn. Dette vil i tilfelle føre til at panthavarane må få ei formell rolle i saka. Jordskiftedommarane spør korleis dette kan løysast.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til at store delar av høyringsforslaget § 3-21 er vanskeleg å forstå. Jordskifterettane meiner at høyringsforslaget §§ 3-6 og 3-17 er tilstrekkelege reglar for korleis bytet skal skje. Alternativt kan første ledd endrast slik at det blir ein regel om ekvivalering av verdiar før og etter endring (får igjen minst tilsvarande verdi som jordskiftegrunnlaget). Jordskifterettane viser til at bruken av omgrepa arealverdi og grunnverdi gjer det uklart kva som meinast. Jordskifterettane oppfattar at arealverdi både kan vere ein salsverdi og ein bruksverdi, avhengig av kva som er pårekneleg bruk av det aktuelle arealet. Alternativt kan arealverdi vere eit omgrep for dei samla verdiane av ulike arealutnyttingar som partane rår over, slik at grunnverdien som tidlegare er verdien av for eksempel snau skogsmark eller dyrka mark utan infrastruktur. Jordskifterettane peiker på at høyringsforslaget § 3-21 andre ledd tilsvarer gjeldande jordskiftelov § 28 andre ledd. Jordskifterettane er i tvil om arealverdi er det same som grunnverdi, og peiker på at det blir merkeleg å ta inn gjeldande unntaksregel om samla bruksverdi utan at hovudregelen er definert. Jordskifterettane meiner ut over dette at høyringsforslaget § 3-21 andre ledd siste punktum er ein meiningslaus regel. Ein kan ikkje både ta omsyn til avvik i grunnverdi før og etter dersom ein først trekkjer inn verdien av ståande skog i jordskiftegrunnlaget. Jordskifterettane har omskreve gjeldande unntaksregel for skifte i skog og flytt han inn i forslag til ny jordskiftelov. Forslaget lyder slik:
«Ved jordskifte i skog kan verdien av standskogen og andre verdiar som ligg til areala, heilt eller delvis dragast inn i jordskiftegrunnlaget. Vilkåret for dette er at det framtidige verdiforholdet mellom eigedommane ikkje blir endra på avgjerande måte.»
Jordskifterettane er positive til tredje ledd som gir større fleksibilitet til å bruke pengevederlag, men peiker på at ordlyden er uklar. Det bør definerast ei nærare avgrensing for bruken av pengevederlag, slik at ein unngår å opne opp for noko som liknar kjøp og sal av eigedom. Ut over dette må den prosessuelle stillinga til panthavar avklarast, anten ved tilvising til anna lovverk, eller i lovteksten. Panthavaren bør få partsstatus, eller i det minste ein lovfesta rett til å uttale seg.
Sør-Trøndelag jordskifterett viser til at første ledd ikkje fører vidare gjeldande jordskiftelov § 28 første ledd siste punktum. Jordskifteretten viser til at omgrepet arealverdi bør klargjerast nærare. Jordskifteretten stiller spørsmål ved om avløysing er nødvendig å ha med i høyringsforslaget § 3-21, eller om det ikkje er dekka tilstrekkeleg opp i høyringsforslaget § 3-9. Det er elles uklart når det i første ledd står at arealverdi skal bytast mot arealverdi, men samstundes at arealverdi kan bytast mot bruksrett.
Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme viser til at omgrepa arealverdi og grunnverdi er brukte om kvarandre.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap foreslår å flytte innhaldet i første ledd til høyringsforslaget § 3-19 (jordskifteløysinga). Dei vil òg at det skal ryddast i formuleringa sidan det neppe er meint at arealverdi skalbytast i arealverdi dersom han samstundes kan bytast i noko anna. Innhaldet i realiteten i andre og tredje ledd blir fanga opp når retten ikkje kan endre karakteren av eigedommen eller den varige avkastninga frå han utan at det ligg føre visse vilkår. Det er ei dårleg løysing å halde fast ved den dårleg strukturerte ordlyden i gjeldande føresegn. Elles stiller instituttet spørsmål ved om det ved ein feil er brukt ordet «skiftegrunnlaget» i forslaget. Instituttet foreslår å endre omgrepet arealverdi til «varig verdi».
Høyringsforslaget § 3-22 gjeld byte av opparbeidd areal mot ikkje opparbeidd areal. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at vilkåret «under føresetnad av» vil gi jordskifteretten for dårleg fleksibilitet. Opparbeidingsgraden er ein sentral faktor ved verdsetjinga, og regelen om kva som kan bytast mot kva er meir eit unntak frå denne hovudregelen slik at retten kan fastsetje eit pengevederlag eller påleggje opparbeiding. Jordskifterettane viser til at det ved jordskifte ikkje er snakk om å byte areal mot areal, men verdi mot verdi. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner òg at vilkåret «under føresetnad» bør strykast. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at heile paragrafen er unødvendig og bør strykast. Det same gjer Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Instituttet viser til at det av omsyn til partane i saka og til tredjepartar ikkje er klokt med ein slik heimel. Instituttet peiker på at om ein ønskjer å innføre ein slik heimel, er kriteria i regelen for strenge. I praksis blir det i stor utstrekning bytt dyrka mark mot udyrka mark utan at den som gir frå seg udyrka mark må betale for oppdyrkinga. Det same skjer når det gjeld byte av grøfta versus ikkje grøfta areal, område med vegdekking mot område utan vegdekking og så vidare.
Jernbaneverket peiker på at høyringsforslaget § 3-22 er vanskeleg tilgjengeleg. Det er uklart kva for element verdsetjinga skal byggje på, og korleis ein skal leggje vekt på dei ulike elementa som påverkar eigedomsverdien. Ved verdsetjinga legg ein vekt på ulike element avhengig av kva formål arealet skal brukast til. Skal arealet brukast til utbygging, har plasseringa stor vekt. Dette momentet har mindre vekt for areal som skal brukast til skogbruk. I det siste tilfellet vil boniteten ha stor vekt. Om arealet er opparbeidd eller ikkje og graden av opparbeiding har òg vekt ved verdsetjinga. Det er såleis nødvendig med utfyllande drøftingar og rettleiing.
8.24.2.3 Departementets vurderingar
Etter gjeldande jordskiftelov kan jordskifteretten byte grunn og rettar mellom eigedommar i eit jordskifte. Departementet viser til gjeldande jordskiftelov §§ 2 første ledd bokstav b, og 33 første ledd andre punktum. Av føregnene går det fram at retten kan avgrense feltet for ein bruksrett, gi reglar om bruksmåte og flytte bruksretten frå ein stad til ein annan eller frå ein eigedom til ein annan.
Heimelen til å byte grunn og rettar blir ført vidare i lovforslaget §§ 3-4 og 3-11.
Etter gjeldande jordskiftelov § 26 første ledd første punktum skal jordskifteretten halde jordskifte, mellom anna ved byte av grunn, så langt jordskifteretten meiner det er nødvendig ut frå kravet. Etter gjeldande jordskiftelov § 28 første ledd skal skiftet skje slik at kvart bruk får tilbake tilsvarande den grunnverdien som det gir frå seg. Dersom alle partane er samde om det, kan ein skifte på grunnlag av skylda i slike tilfelle. Andre ledd inneheld ein regel om skifte av skog. Innhaldet i reglane er referert i kapittel 8.19 som gjeld verdsetjing. Gjeldande jordskiftelov § 30 andre ledd andre punktum har ein regel om at dersom det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane på tenleg måte etter skiftegrunnlaget, kan jordskifteretten overføre jord mot vederlag i pengar eller anna. Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 51 at om dyrka jord blir skifta mot udyrka jord eller jord som ikkje er så godt dyrka, kan «mellomlaget setjast i pengar, jord eller anna så som arbeidshjelp eller mellombels bruksrett til jord». Gjeldande jordskiftelov § 57 seier at om grunn fri for bruksrett blir skifta mot grunn som det ligg bruksrett på, bør vederlaget ikkje setjast til anna enn grunn dersom bruksretten er alltidvarande og denne vederlagsmåten er tenleg etter tilhøva.
Departementet meiner at jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrettar på tenleg måte sett i lys av grunnlaget for jordskiftet. Dette er utgangspunktet for arbeidet til jordskifteretten, og departementet meiner det er så viktig at det bør gå fram av ein generell regel. Departementet foreslår ein slik regel i lovforslaget § 3-19 første ledd. Kva som er tenleg må byggje på kva partane peiker på som utenleg etter lovforslaget § 3-2, og dei eigedomsrettstilhøva og bruksrettstilhøva som skal klarleggjast etter lovforslaget kapittel 3 del III. Konkrete reglar om korleis jordskifteretten kan leggje ut eigedom og bruksrettar går elles fram av lovforslaget §§ 3-20 til 3-26.
Departementet meiner òg at det bør gå fram av hovudregelen at jordskifteretten skal sjå til at kvar eigedom får att tilsvarande den verdien som eigedommen gir frå seg. Ei slik presisering tryggjer rettstryggleiken for dei som tek del i eit jordskifte. Rett nok bør jordskifteretten òg i nokre tilfelle kunne måle ut vederlag i pengar eller anna, men dette bør berre vere aktuelt dersom andre løysingar ikkje strekk til. Departementet foreslår ein slik regel i lovforslaget § 3-19 andre ledd. Samla fører føresegnene i lovforslaget §§ 3-2, 3-3, 3-18 og 3-19 andre ledd til at eit jordskifte òg etter ny jordskiftelov ikkje kan reknast som ein ekspropriasjon eller ei ekspropriasjonsliknande avgjerd. Sjå omtale av dette i kapittel 8.10.3.3.
Departementet meiner at hovudregelen ved byte av grunn og rettar etter lovforslaget §§ 3-4 eller 3-11 bør vere at jordskifteretten kan byte grunn og bruksrettar. Reglane er slik i dag, dei blei ikkje foreslått endra i høyringsnotatet, og det er ingen høyringsinstans som tek opp spørsmål om å endre dette. Departementet foreslår difor i lovforslaget § 3-20 første ledd at jordskifteløysinga kan gå ut på å byte om grunn mot grunn, bruksrett mot bruksrett, grunn mot bruksrett og bruksrett mot grunn. Forslaget går ut på at jordskifteretten skal kunne flytte rettar som er omfatta av lovforslaget § 3-11 etter dei same reglane som gjeld ved byte av grunn eller bruksrettar. Forslaget lovfestar gjeldande rettspraksis.
Korleis jordskifteretten skal verdsetje det som går inn i bytet, er omtala i kapittel 8.19. Som det går fram av lovforslaget § 3-15 første ledd, foreslår departementet at verdsetjinga skal byggje på pårekneleg bruk. Er det pårekneleg at bruken vil endrast, skal jordskifteretten ta omsyn til dette.
Departementet meiner elles at jordskifteretten heller ikkje etter ny jordskiftelov kan vere bunden av det synet partane har på kva bytet skal gå ut på. Partane sine syn kan vere motstridande, og oppgåva for jordskifteretten er å ta stilling til kva som løyser det utenlege utan at nokon av partane taper på det. Jordskifteretten må såleis ha fridom til å velje den konkrete løysinga. Dette samsvarer òg med gjeldande reglar. Reglane blei ikkje foreslått endra i høyringsnotatet, og ingen høyringsinstans har teke opp spørsmål om å endre dette. Saksbehandlingsregelen i lovforslaget § 6-20 om at jordskifteretten skal leggje forslag til jordskifteløysing fram for partane slik at dei få uttale seg, fører uansett til at synet partane har kjem fram i saka.
Løysinga må blant anna sjåast i lys av forslaget om å føre vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 26 første ledd første punktum. Føresegna seier blant anna at jordskifteretten ved byte skal endre eigedoms- og brukstilhøva så langt han meiner det er tenleg ut frå kravet som er sett fram. Sjå lovforslaget § 3-16, og drøfting av dette i kapittel 8.21.
Som etter gjeldande jordskiftelov er det behov for reglar som gir unntak frå hovudregelen om at byte skal gjelde varige verdiar. I nokre tilfelle vil det ikkje vere mogleg å byte grunn eller rettar, men det vil likevel vere mykje å hente på endre eigedoms- eller bruksrettshøve. Dersom dette er tilfelle, kan det vere aktuelt å gi vederlag i pengar eller andre verdiar. Departementet foreslår såleis å føre vidare unntaksregelen i gjeldande jordskiftelov § 30 andre ledd, sjå lovforslaget § 3-20 andre ledd. På same måte som i gjeldande jordskiftelov, meiner departementet det bør vere ei rekkjefølgje slik at jordskifteretten først må kome fram til at det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane eller bruksrettane etter første ledd. Det bør gå fram av heimelen at unntaket både gjeld ved byte av grunn og bruksrettar. Dette er forskjellig frå ordlyden i gjeldande lov, men det er ei lovfesting av praksis. Når vederlag blir gitt i pengar eller andre verdiar, får vilkåret i lovforslaget § 3-18 særleg betyding. Sjå drøfting av dette i kapittel 8.23.
Departementet foreslår ingen generell utviding av regelen i gjeldande jordskiftelov § 51 i tilsvarande høyringsforslaget § 3-22 som gjeld byte av opparbeidd areal mot ikkje opparbeidd areal. Departementet meiner det er uklart kva som er opparbeidd areal og kva som ikkje er det. Jordskifteretten bør ikkje få ein generell heimel til å endre den karakteren eigedommen har vesentleg. Departementet sluttar seg til den grunngivinga Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap har gitt for dette. Ei slik endring ville blant anna opne for jordskifteløysingar som går på tvers av eigarane sine ønske.
Gjeldande jordskiftelov § 51 seier at når dyrka jord skal bytast med udyrka jord som skal dyrkast, kan den udyrka jorda verdsetjast som om ho var dyrka, og dyrkingskostnaden leggjast på den som gir frå seg den udyrka jorda. Kostnaden kan målast ut i pengar, arbeidshjelp, mellombels bruksrett eller anna. Om mellomlaget er sett til anna enn jord, skal pengeverdien alltid nemnast. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at denne heimelen til å bruke pengar kan vere like aktuell for andre former for opparbeiding enn dyrka og udyrka jord. Gjeld jordskiftesaka byggjetomter, kan for eksempel òg slike ha ulik opparbeidingsgrad. Departementet foreslår difor i lovforslaget § 3-20 tredje ledd ein generell heimel for jordskifteretten til å bruke pengar for å kompensere for ulik opparbeidingsgrad. Når det i heimelen er nytta ordet «kan» vil jordskifteretten ha eit val. Jordskifteretten kan såleis unnlate å trekkje inn eit slikt oppgjer. Dette opnar for å halde fram med den praksis Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap peiker på i uttalen sin.
Departementet foreslår ikkje at omskiping og avskiping etter servituttlova skal bli jordskifte, sjå drøfting av dette i kapittel 8.5. Lovforslaget inneheld difor inga føresegn som tilsvarer høyringsforslaget § 3-21 tredje ledd.
8.24.3 Utlegging av grunn til særskilte formål
8.24.3.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår at når ein tiltakshavar med heimel til å ekspropriere eig noko i jordskifteområdet, skal tiltakshavaren få utlagt som sin del det areal tiltakshavaren treng for å realisere eit lovleg vedteke tiltak. Det same gjeld ved regulering av eigarrådveldet. Forslaget fører vidare hovudinnhaldet i gjeldande jordskiftelov § 30 første ledd. Det er ei endring at forslaget gjeld ein tiltakshavar. Ei anna endring er at tiltakshavaren skal ha heimel til å ekspropriere. Ei tredje endring er vilkåret om at det skal vere tale om å realisere eit lovleg vedteke tiltak. I siste punktum foreslår arbeidsgruppa ei presisering av at krav på bestemt areal gjeld på same måten ved regulering av eigarrådvelde.
8.24.3.2 Høyringsinstansane
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme gir uttrykk for at dette er ein grei regel. Avinor peiker på at høyringsforslaget § 3-23 er ein regel som byggjer på at tiltakshavar har heimel til å ekspropriere. Intensjonen ser ut til å vere at regelen skal fastsetje at det ligg føre eit lovleg grunnlag for ekspropriasjon. Avinor foreslår ei endring i tråd med dette. Samferdselsdepartementet støttar dette synet.
8.24.3.3 Departementets vurderingar
Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 30 første ledd at om nokon part treng grunn til særskilte formål som vegar eller anna, kan han krevje dette utlagt av sin del. Det går fram av Ot.prp. nr. 56 (1978-1979) side 83 at det særleg er tenkt på offentlege vegar, men regelen er generell. Den eller dei som må gi frå seg jord til vegformål får tilbake jord frå den som har behov for vegen. Regelen må òg sjåast i samanheng med gjeldande jordskiftelov § 43 som fastset at nødvendige vegar skal leggjast ut og skriftleg forklaring givast om kvar dei går.
Gjeldande regel blei vurdert i NOU 2002: 9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner. Utvalet uttalte på side 90 at gjeldande jordskiftelov § 30 i realiteten opnar for ekspropriasjon samtidig som det tilsynelatande dreier seg om ordinært jordskifte. Utvalet viste til at dette var prinsipielt uheldig, men la likevel til grunn at regelen burde bestå. Utvalet uttalte på side 71 til 72:
«Det som er tatt opp, har ikke noen direkte betydning for jordskifterettens stilling som uavhengige domstoler. Ved avgjørelsen må jordskifteretten legge til grunn at bestemt areal skal utlegges til det offentlige på same måte som når det kreves kombinert jordskifte og skjønn til gjennomføring av et ekspropriasjonsinngrep. Det er i realiteten ikke noe annet enn også alminnelige domstoler må gjøre når det skal fastsettes erstatning i forbindelse med ekspropriasjonsinngrep – med den forskjell at de alminnelige domstolene ikke ved å trekke inn tilleggende areal helt eller delvis kan utmåle erstatning i form av naturalia.
Det har imidlertid betydning for andre konstitusjonelle prinsipp, jf. Grunnloven § 105, og også for enkelte andre spørsmål som tas opp i 7.3.4, særlig i tilknytning til bestemmelsen i jordskifteloven § 25 siste ledd om at jordskifteretten av eget tiltak kan beslutte å utvide jordskiftefeltet. En regel som gir jordskifteretten en viss, begrenset adgang til dette ut frå tradisjonelle jordskifterettslige prinsipp, framstår ikke uten videre som særskilt betenkelig. Noe annet vil det være dersom jordskifteretten skulle foreta en selvstendig vurdering av hvilke eiendommer det vil være gunstig å trekke inn med sikte på å komme fram til et hensiktsmessig erstatningsoppgjør.»
Departementet meiner at det er behov for ein regel som dette. Heimelen legg til rette for at jordskifte kan brukast for å setje i verk lovleg vedtekne tiltak eller vern ved byte av areal. Departementet oppfattar at korkje utvalet som utarbeidde NOU 2002: 9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner eller høyringsinstansane som har uttalt seg til høyringsforslaget no har hatt avgjerande innvendingar mot heimelen. Departementet foreslår med dette som bakgrunn at ny jordskiftelov skal ha ein regel som sikrar at den som treng grunn til slike samfunnsformål kan krevje å få arealet utlagt av sin del. Forslaget går fram av lovforslaget § 3-22.
Departementet er elles samd med Avinor som med støtte frå Samferdselsdepartementet viser til at det må vere tilstrekkeleg at det ligg føre eit vedtak som kan gjennomførast ved ekspropriasjon. Det er ikkje nødvendig at tiltakshavar sjølv har heimel til å ekspropriere. Det er heller ikkje nødvendig at nokon har vedteke ekspropriasjon. Det er likevel eit vilkår for jordskifte i slike høve at den som har krav på eit bestemt areal, har anna areal å byte bort.
Heimelen har òg samanheng med kven som kan krevje jordskifte, sjå omtale i kapittel 6.5.3. Departementet har der lagt til grunn at ei rekkje spesielle heimlar for at det offentlege kan setje fram krav om sak ikkje bør førast vidare i ny jordskiftelov.
8.24.4 Utlegging av grunn og bruksrett som kan endre verdi
8.24.4.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår at det òg i ny jordskiftelov skal vere visse avgrensingar i den fridomen jordskifteretten skal ha til å kunne byte om på areal og rettar ved eit jordskifte. I høyringsforslaget § 3-24 første ledd er forslaget at areal eller bruksrettar med pårekneleg og monaleg framtidig verdiendring ikkje bør skifte eigar. Det same skal gjelde for naturressursar, bygg, anlegg og ulemper som følgjer arealet. Det går fram av andre ledd at jordskifteretten i alle høve skal sjå til at mogleg framtidig verdiendring blir så lik som råd før og etter jordskiftet. I tredje ledd foreslår arbeidsgruppa ein regel om at jordskifteretten ikkje kan påby at nokon skal gi frå seg meir av ressursar som sand, grus og torv enn han får att dersom skilnaden har noko avgjerande å seie for eigedommen hans. Første til tredje ledd byggjer på reglar i gjeldande jordskiftelov.
I fjerde ledd foreslår arbeidsgruppa ein ny regel om at jordskifteretten ikkje kan påby nokon å ta imot areal som fører til meirulemper dersom skilnaden har noko avgjerande å seie for eigedommen hans.
I femte ledd foreslår arbeidsgruppa å føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 54 om at der det er fare for naturskade som for eksempel elvebrot, skred eller sandfok, skal jordskifteretten ta omsyn til dette i jordskifteløysinga. Jordskifteretten kan ta inn investeringar i førebyggingsarbeid eller andre tryggingstiltak som ein del av jordskifteavgjerda.
8.24.4.2 Høyringsinstansane
Domstoladministrasjonen (DA) viser til at første ledd kan tolkast slik at bygg og anlegg kan skifte eigar dersom det ikkje er fare for «monalege» verdiendringar. DA ber departementet sjå om det er rett tolking av gjeldande jordskiftelov.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme reiser spørsmål ved kva som skal reknast som meirulemper som ikkje kan omfattast av verdsetjing. Jordskifterettane meiner at gjeldande jordskiftelov § 31 er betre utforma enn forslaget i høyringsnotatet. Jordskifterettane foreslår at ein i ny lov held fast på gjeldande formulering. Dei foreslår òg å byte ut omgrepet verdiauke med verdiendring. Jordskifterettane foreslår følgjande regel:
«Meiner jordskifteretten at grunn og rettar i skiftefeltet kan få utnytting som gir stor verdiendring, bør slikt ikkje skifte eigar utan at det er nødvendig for eit tenleg skifte.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme foreslår å sløyfe tredje og fjerde ledd. Dommarane viser til at reglane gir unødvendig detaljstyring. Særleg fjerde ledd kan føre til unødvendig prosess om spørsmåla «meirulemper» og om «skilnaden har noko avgjerande å seie for eigedomen hans».
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til at omgrepet naturressursar i første ledd andre punktum er for generelt. Jordskifterettane foreslår at omgrepet «særlege» blir lagt til. Jordskifterettane foreslår ein endra ordlyd i andre ledd, og at tredje og fjerde ledd må strykast. Det er ikkje nødvendig å presisera nærare kva som er naturskade. Det er nok å vise til naturskadelova § 4.
Sør-Trøndelag jordskifterett viser til at første ledd andre punktum er uklar. Jordskifteretten legg til grunn at det som er meint er at dei ulike ressursane skal vurderast samla i høve til framtidig verdiendring. Jordskifteretten meiner at omgrepet naturressursar må presiserast.
Vidare viser jordskifteretten til at tredje og fjerde ledd langt på veg er unødvendige. Dersom tredje ledd fører vidare hovudinnhaldet i gjeldande jordskiftelov § 56, blir regelen mindre dynamisk enn det han bør vere. Eit jordskifte må kunne omdanne eigedommar i høve til kva den aktuelle brukaren har som formål. Ein fritidsbrukar vil såleis kunne vere meir interessert i jaktterreng, medan den fastbuande er meir interessert i dyrka mark.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap foreslår å sløyfe regelen fordi han er unødvendig detaljstyrande. Instituttet meiner at ein i staden bør ha ein regel om at jordskifteløysinga ikkje vesentleg skal kunne endre karakteren til eigedommen eller den varige verdien av han. Instituttet ser ikkje behov for ein eigen heimel for å trekkje inn investeringar som skal førebyggje naturskade som del av jordskiftesaka.
8.24.4.3 Departementets vurderingar
Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 31 første punktum at om jordskifteretten meiner at grunn og rettar i skiftefeltet kan få utnytting som gir stor verdiauke, bør slikt ikkje skifte eigar utan at det er nødvendig for eit tenleg skifte. Det går fram av andre punktum at jordskifteretten i alle høve skal leggje vekt på at mogleg framtidig verdiauke av eigedomane blir så lik som råd er før og etter skiftet. Etter gjeldande jordskiftelov § 56 første ledd andre punktum kan jordskifteretten ikkje påby at nokon skal gi frå seg meir torv enn han får att dersom skilnaden har noko avgjerande å seie for eigedommen hans, og i gjeldande jordskiftelov § 54 første ledd første punktum er det lagt til grunn at jordskifteretten skal ta omsyn til det i skifteplanen dersom det er fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande.
Departementet er samd med Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme i at reglane i gjeldande rett som er ført vidare i høyringsforslaget § 3-24 er unødig detaljerte. Departementet har elles merka seg at fleire av høyringsinstansane er kritiske til ulike delar av innhaldet i høyringsforslaget § 3-24. Departementet foreslår såleis ikkje å føre vidare dei detaljerte reglane.
Departementet har tillit til at jordskifterettane vil vere varsame med å byte grunn eller bruksrettar som vil endre verdi. Departementet meiner likevel at det er ønskeleg å ha ein generell ver-varsom-regel i lova for slike tilfelle. Det er omsynet til informasjon overfor sjølvprosederande partar som tilseier ein slik regel. Grunn eller bruksrettar som vil endre verdi bør ikkje skifte eigar utan at dette er nødvendig for eit tenleg jordskifte. Sjå lovforslaget § 3-23 første punktum.
Om jordskifteløysinga likevel fører til at grunnen skiftar eigar, pliktar jordskifteretten å sjå til at verdiendringa blir så lik som råd er før og etter jordskiftet. Grunnen til det er at ingen part skal li tap, jf. lovforslaget § 3-18. Sjå løysinga i lovforslaget § 3-23 andre punktum.
8.24.5 Utjamningsmåten i samband med overføring av standskog, brenntorv og strøtorv
8.24.5.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-25 ein generell regel om at jordskifteretten skal kunne fastsetje oppgjeret for det som ikkje er med i arealverdien til pengar eller annan verdi. Etter andre ledd pliktar jordskifteretten å foreta ei forsvarleg identifisering av skog som skal hoggast dersom hogst skal nyttast som oppgjer for skog som står på areal som skiftar eigar. Etter tredje ledd foreslår arbeidsgruppa at om jordskiftet fører til auka verdi av areal, kan det gjerast opp i pengar eller annan verdi så framt ingen part får redusert sin samla arealverdi.
8.24.5.2 Høyringsinstansane
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag viser til at enkelte rettsavgjerder i liten grad har teke vare på viktige miljøomsyn, og heller ikkje foryngingsplikta etter skogbrukslova. Når jordskifteretten i høyringsforslaget § 9-4 får heimel til av ta avgjerder om hogst, må jordskifteretten følgje reglane for slik hogst.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme peiker på at det må vere mogleg å overføre bygningar frå ein eigar til ein annan eigar utan omsyn til om ein bygning har låg eller høg verdi. Det same gjeld flytting av bygningar. Etter andre ledd må det vere nok å seie at trea eller flata er forsvarleg merka. Formålet med tredje ledd må vere at gevinsten skal kunne takast ut i pengar.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme legg til grunn at det med omgrepet arealverdi er meint jordskiftegrunnlaget. Jordskifterettane peiker på at andre ledd ikkje treng stå i lova, men at innhaldet bør gå fram av forarbeida. Dersom gjeldande jordskiftelov § 55 blir ført vidare vil hogst bli ei lovfesta mogleg oppgjersform. Siste ledd i paragrafen er òg uheldig og bør strykast. Auka arealverdi er ein skiftegevinst. Slike gevinstar skal normalt ikkje kunne gjerast om til pengar. Sør-Trøndelag jordskifterett meiner at siste ledd er vanskeleg å forstå.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap meiner at andre ledd kan sløyfast. Det bør halde å omtale behovet for presis identifikasjon i forarbeida. Dersom regelen skal førast vidare i ny lov bør han utformast generelt. Det er misvisande å presisere identifikasjonsbehovet berre for ein naturressurs (tre), men utelate andre aktuelle situasjonar. Kravet om forsvarleg identifisering gjeld generelt. Det gjeld òg meir enn berre avgrensing av ressursen, for eksempel når og korleis uttaket skal skje, fordeling av ansvar for opprydding og istandsetjing og så vidare. I tillegg kan det av praktiske årsaker vere meir tenleg at uttaket av naturressursar blir verande på areal som ikkje skiftar eigar. Tredje ledd bør flyttast til regelen om oppgjer i pengar for varig verdi.
8.24.5.3 Departementets vurderingar
Etter gjeldande jordskiftelov § 30 andre ledd kan jordskifteretten overføre jord mot vederlag i pengar eller anna. Det kan han gjere om det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane på tenleg måte etter skiftegrunnlaget. Overføring av jord må ikkje nyttast i slikt omfang at det blir til ulempe for dei eigedommane det gjeld. Etter gjeldande jordskiftelov § 56 første ledd kan jordskifteretten òg fastsetje utjamningsmåten i samband med overføring av brenntorv og strøtorv. Retten kan likevel ikkje påby at nokon skal gi frå seg meir torv enn han får att dersom skilnaden har noko avgjerande å seie for eigedommen hans. Etter gjeldande jordskiftelov § 55 fastset jordskifteretten ut over dette utjamningsmåten i samband med overføring av standskog. Dersom hogst blir nytta, skal jordskifteretten sørgje for forsvarleg merking av trea eller flata som skal hoggast om ikkje dette går klart fram på annan måte.
Departementet foreslår ikkje ein slik generell regel som høyringsforslaget § 3-25 første ledd. Departementet meiner at lovforslaget § 3-20 andre ledd som i visse tilfelle gir jordskifteretten heimel for å fastsetje vederlag i pengar eller andre verdiar er tilstrekkeleg heimel i langt dei fleste tilfella.
Departementet har elles vurdert om det er grunnlag for å føre vidare dei detaljerte reglane i gjeldande jordskiftelov som er nemnde ovanfor. Sjå innvendingane som er fremma av jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Departementet meiner likevel at både regelen som gjeld standskog og regelen om brenntorv og strøtorv er kompetanseheimlar som går ut over det jordskifteretten elles kan gjere i eit vanleg jordskifte. Sjølv om dette er sjeldne saker, meiner såleis departementet at det kan vere grunn til å behalde reglane.
Departementet meiner likevel det er ulik praktisk verdi ved dei to reglane i gjeldande jordskiftelov §§ 55 og 56 første punktum. Etter departementets syn kan det vere praktisk i dag òg å overføre standskog, og departementet meiner såleis at det er behov for ein regel om utjamning. Samstundes ser ein det ikkje som aktuelt å ha ein heimel om utjamning knytt til brenntorv og strøtorv. Torva vil ved verdsetjing truleg setjast til liten eller ingen verdi. Det er da ikkje behov for ein eigen heimel om utjamning.
Departementet foreslår såleis at gjeldande jordskiftelov § 55 skal førast vidare, sjå lovforslaget § 3-25. Departementet foreslår ikkje på tilsvarande måte å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 56 første punktum.
Kravet om forsvarleg identifisering vil gjelde generelt, og det følgjer for eksempel av lovforslaget § 6-24 sjette ledd andre punktum at jordskifteavgjerd med endeleg jordskifteløysing skal ha ei slutning som inneheld alt som er nødvendig for å gjere endringane som følgjer av jordskifteløysinga.
Departementet er samd med høyringsinstansane i at det er unødvendig og uheldig å føre inn ein regel om at jordskifteretten skal kunne fordele skiftegevinst, jf. høyringsforslaget § 3-24 tredje ledd. Etter gjeldande jordskiftelov kan skiftegevinst ikkje gjerast opp i pengar. Departementet viser i denne samanheng til lovforslaget § 7-6 første ledd som seier at hovudregelen er at sakskostnadene med jordskiftet skal delast etter nytten. Skiftegevinsten er ein del av denne nytten. På den måten medverkar kostnadsreglane til å jamne ut skeivdeling av skiftegevinsten. Lovforslaget inneheld såleis ingen regel om oppgjer for det som ikkje er medrekna i verdien til eit areal, eller om oppgjer når jordskifteløysinga utløyser ein auke i verdien for eit areal.
8.24.6 Vederlag ved overføring av ulike anlegg og småhus
8.24.6.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår å oppheve gjeldande jordskiftelov §§ 45 til 50. Ho viser til at føresegnene har sitt opphav frå ei tid da det var mykje om å gjere å avvikle klyngetun, og husa kunne takast ned og flyttast stokk for stokk. Arbeidsgruppa foreslår at reglane om utflytting skal gå ut av lova, og at det berre skal vere mogleg å flytte bygningar når partane er samde om det.
8.24.6.2 Høyringsinstansane
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme peiker på at det må vere mogleg å overføre bygningar frå ein eigar til ein annan eigar utan omsyn til om ein bygning har låg eller høg verdi.
8.24.6.3 Departementets vurderingar
Jordskifteretten kan etter gjeldande jordskiftelov § 48 gjere vedtak om at vassleidningar, damanlegg, kraftleidningar og liknande og småhus som for eksempel utløer skal overførast mot pengevederlag dersom slik overføring synest tenleg for dei partane det gjeld.
I lovforslaget § 3-4 andre ledd foreslår departementet at jordskifteretten skal ha kompetanse til å påby at slike anlegg og bygningar skal overførast til ny eigar. Departementet foreslår at kapitlet om jordskifteløysinga skal ha ein eigen regel om korleis vederlaget ved slikt påbod skal vere. Som etter gjeldande jordskiftelov § 48 bør vederlaget kunne setjast i pengar. Departementet meiner likevel at det kan vere grunn for å opne heimelen slik at òg andre typar vederlag er aktuelle. Sjå lovforslaget § 3-21.
8.25 Leigeareal
8.25.1 Høyringsforslaget
Høyringsforslaget § 3-26 andre og tredje ledd gjeld tilhøvet til leigetakar. Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 32. Det inneber at om jordskifte har noko å seie for leigar eller annan som har liknande rett, skal jordskifteretten ordne høvet mellom han og eigaren om det trengst. I utforminga av skifteplanen bør jordskifteretten ta omsyn til leigetilhøvet i skiftefeltet. Han kan og hjelpe til med å få i stand leigeavtalar og avtalar om kjøp og sal.
8.25.2 Høyringsinstansane
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifterettane i Agder jordskiftedømme og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at siste ledd bør takast ut. Det er ikkje ei oppgave for retten å vere med på kjøp og sal.
8.25.3 Departementets vurderingar
Departementet foreslår å føre gjeldande jordskiftelov § 32 vidare med den avgrensinga som er teken opp i høyringsomgangen. Departementet er samd med høyringsinstansane i at det ikkje bør vere ei oppgåve for jordskifteretten å få i stand leigeavtalar eller avtalar om kjøp og sal. Sjå lovforslaget § 3-24.
8.26 Vederlag ved avløysing av rettar
8.26.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår at avskiping og omskiping etter servituttlova skal bli verkemiddel i jordskifte. Som ein følgje av dette forslaget foreslår arbeidsgruppa ikkje særlege reglar om vederlag ved avløysing av rettar. Arbeidsgruppa foreslår mellom anna av den grunn å utvide heimelen til å gi vederlag i pengar i høve til gjeldande jordskiftelov. Sjå omtale av høyringsforslaget § 3-21 tredje ledd i kapittel 8.24.2.1.
8.26.2 Høyringsinstansane
Ingen høyringsinstansar tek opp spørsmålet om særlege reglar knytt til avløysing av rettar. Fleire er likevel opptekne av spørsmålet om å utvide heimelen for å gi vederlag i pengar. Sjå høyringsuttalane til høyringsforslaget § 3-21 tredje ledd i kapittel 8.24.2.2.
8.26.3 Departementets vurderingar
Gjeldande jordskiftelov § 37 gjeld visse alltidvarande bruksrettar. Paragrafen fastset at vilkåret for avløysing til vanleg er at det kan leggjast ut til bruksrettshavaren ein eigedomspart med ein verdi som svarer til bruksretten, og som gir noko så nær like laglege høve til ein bruk som fyller same behovet som bruksretten. Vederlaget må ikkje ha større verdi enn den verdiauken det fører med seg for eigedommen å bli kvitt bruksretten. Gjeldande jordskiftelov § 39 gjeld avløysing av andre bruksrettar. Det går fram av tredje punktum at avløysingsmåten skal fastsetjast av retten etter fritt skjønn til jord, pengar eller andre verdiar. Etter servituttlova § 7 andre ledd kan ein servitutt avskipast dersom eigaren svarer vederlag i jord, rettar eller pengar etter avgjerd i skjønn. Vederlaget kan ikkje setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren.
Departementet viser til drøftinga av tilhøvet mellom jordskiftelova og servituttlova i kapittel 8.5. Departementet viser òg til den løysinga som er lagt til grunn i lovforslaget §§ 3-11 og 3-12. Departementet foreslår difor at jordskifteretten på visse vilkår kan avløyse bruksrettar av alle slag, og avløyse negative servituttar.
Departementet meiner av omsynet til regelforenkling at reglane i jordskiftelova for avløysing av ulike servituttar bør vere like. Rett nok vil det truleg oftast vere meir aktuelt å avløyse ein negativ servitutt i pengar, og ein alltidvarande bruksrett i grunn. Det er likevel ikkje nødvendig å nedfelle dette i ein lovregel. Det bør etter departementets syn heller vere ein del av den vurderinga jordskifteretten skal gjere for å komme fram til ei tenleg jordskifteløysing.
Departementet meiner at det bør bli betre samsvar mellom reglane i jordskiftelova og servituttlova når det gjeld kva som kan vere vederlag ved avløysing. Når avløysinga er ein del av eit jordskifte, er det likevel ut frå dei grunnleggjande prinsippa som er nedfelte for jordskifteløysinga, ønskjeleg at lova fastset ei rekkefølgje slik at pengar eller andre verdiar berre er aktuelle dersom dette er meir tenleg enn byte av grunn eller bruksrettar. Departementet foreslår ei slik løysing i lovforslaget § 3-26 første ledd.
Departementet meiner ut over dette at det har informasjonsverdi dersom vilkåret i servituttlova om at vederlaget ikkje kan setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren går fram av jordskiftelova. Sjå lovforslaget § 3-26 andre ledd.
8.27 Omsyn ved pålegg om felles investeringar
8.27.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-13 tredje ledd at jordskifteretten skal leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommane og rettane. Retten skal òg leggje vekt på behovet for og nytten av tiltaket og infrastrukturen. Retten kan ta omsyn til den økonomiske evna til partane.
8.27.2 Høyringsinstansane
Synet til høyringsinstansane er referert i kapittel 8.14.2 i samband med forslaget til kompetanseheimel. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme foreslår at dei to første punktuma i høyringsforslaget § 3-13 tredje ledd bør takast ut. Forslaga til endring gjeld plikta jordskifteretten skal ha til å leggje vekt på framtidig utnytting av eigdommane og rettane, og plikta til å leggje vekt på behovet for og nytten av tiltaket og infrastrukturen.
8.27.3 Departementets vurderingar
Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 42 andre ledd at jordskifteretten under vurderinga av om partane skal påleggjast investeringar skal leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommane. Jordskifteretten kan òg ta omsyn til den økonomiske evna til til partane. Departementet meiner at det er behov for å føre regelen vidare i ny jordskiftelov, sjå lovforslaget § 3-27. Det gir betre informasjon til partane dersom dette går fram av lova.
8.28 Ansvar for gjeld i lag, og ansvar for kostnader og fordeling av inntekter ved felles tiltak
8.28.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-14 andre ledd at om ikkje anna er bestemt skal kvar deltakar i lag som jordskifteretten har stifta svare for utgifter og gjeld overfor tredjemenn etter sitt høvetal. Inntekter skal delast på sama måte.
8.28.2 Høyringsinstansane
Synet til høyringsinstansane er referert i kapittel 8.15.2 i samband med forslaget til kompetanseheimel. Jordskifteretane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at ansvarsdelinga i gjeldande jordskiftelov bør behaldast. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme saknar ei setning om at kostnadane skal delast på partane etter den nytte den enkelte part har, noko som fører vidare gjeldande regel.
8.28.3 Departementets vurderingar
Gjeldande jordskiftelov § 34 b andre ledd fastset at kvar av deltakarane i laget svarer i høve til tredjemann etter sitt høvetal, jf. §§ 27, 28 og 42 tredje ledd. Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 42 tredje ledd at kostnadene med det enkelte investeringstiltaket skal delast etter den nytten den enkelte parten har av det, og at retten elles skal ta dei avgjerdene som er nødvendige for gjennomføring og framtidig bruk.
Departementet er ikkje samd med arbeidsgruppa og høyringsinstansane i at det bør vere ein fellesregel i ny jordskiftelov om ansvarsdeling, kostnadsfordeling og fordeling av inntekter i lag som jordskifteretten har etablert. Det gjeld ulike tema, og departementet meiner dei er så ulike at dei bør behandlast i ulike reglar slik løysinga er i gjeldande jordskiftelov.
Departementet foreslår at kostnader ved investeringstiltak bør delast etter nytten kvar part har av tiltaket. Slik er regelen i dag, sjå gjeldande jordskiftelov § 42 tredje ledd. Forslaget går fram av lovforslaget § 3-28. Høyringsforslaget inneheld òg eit forslag om ein ny regel som inneber at inntekt skal delast etter nytte. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for ein bindande regel om korleis inntekt skal delast, og foreslår ingen slik regel.
Departementet foreslår vidare som gjeldande jordskiftelov § 34 b, at når jordskifteretten skipar lag etter lovforslaget § 3-10, svarer kvar av deltakarane i laget overfor tredjemann etter partshøvet i laget. Departementets forslag går fram av lovforslaget § 3-29.
8.29 Fordeling av planskapt netto verdiauke
8.29.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-15 å føre vidare reglane i jordskiftelova § 2 første ledd bokstav h og i om lag med det same innhaldet som i gjeldande jordskiftelov. Arbeidsgruppa foreslår likevel at gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i skal bli eit vanleg verkemiddel i jordskifte i høyringsforslaget § 3-6. Sjå drøfting av dette i kapittel 8.10.3. I tillegg til dette foreslår arbeidsgruppa å endre vilkåra for å reise sak. Sjå drøfting av dette i kapittel 6. Høyringsforslaget inneheld òg nokre endringsforslag knytt til reglane i jordskiftelova § 2 første ledd bokstav h som gjeld fordeling av planskapt netto verdiauke.
Arbeidsgruppa foreslår å oppheve vilkåret i gjeldande jordskiftelov § 28 tredje ledd om at kvar part skal få sin del av verdiauken.
I høyringsforslaget blir avgrensinga av reguleringsformål til å gjelde område for bygging og anlegg etter plan- og bygningslova §§ 11-7 nr. 1 og 12-5 nr. 1 ført vidare. Avgrensinga av kva for område fordeling av planskapt verdiauke kan skje innanfor, fører arbeidssgruppa også vidare. Fordelinga skal kunne gjerast innanfor reguleringsplanområdet. Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten i ny jordskiftelov skal ta utgangspunkt i dei eigenskapane eigedommen har til utbyggingsformål. Dette gjeld anten eigedommen er planlagt brukt til utbygging, eller til andre formål. Ut over dette foreslår arbeidsgruppa å føre vidare at netto verdiauke skapt av utbyggingsplanen primært skal leggjast ut som heile utbyggingsrettar (tomter).
Etter høyringsforslaget § 3-18 tredje ledd foreslår arbeidsgruppa at verdsetjinga i sak etter høyringsforslaget § 3-15 skal byggje på dei eigenskapane eigedommane har til utbyggingsformål.
8.29.2 Høyringsinstansane
I uttalane frå høyringsinstansane er langt på veg alle spørsmåla knytt til dei såkalla «urbane jordskifta» tekne opp samla. Det vil seie at uttalane gjeld vilkåra for å reise sak, kompetansen jordskifteretten bør ha anten etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstavane h eller i, verdsetjinga og fordelinga av sjølve verdiauken. Departementet har valt å trekkje omtalen av høyringsinnspela inn samla i kapitlet her. Departementet har valt dette mellom anna fordi ein del av spørsmåla som er tekne opp har samanheng med kvarandre. I den mon det er aktuelt å trekkje inn høyringsinnspela i andre kapittel, blir det vist til referata her.
Miljøverndepartementet gir uttrykk for at det vil vere behov for presiseringar og rettleiing, særleg overfor kommunane. Fylkesmannen i Rogaland viser til at det er positivt at det blir fokusert på å forenkle reglane om urbant jordskifte, jf. gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstavane h og i. Forenkling vil kunne føre til betre plan- og utbyggingsløysingar i urbane område. Fylkesmannen peiker samtidig på at det er ein føresetnad for å oppnå slike løysingar at det er ressursar og kapasitet nok i jordskifterettane til å behandle sakene innan rimeleg tid.
Domstoladministrasjonen (DA) uttaler til høyringsforslaget § 3-3:
«§ 3-3 skal sikre at ingen skal lide tap ved jordskifte, altså tapsfraværsgarantien. Dette er et grunnleggende prinsipp ved jordskifte. Samtidig er det et overordna mål at alle som er en del av jordskifte skal få en del av skiftegevinsten. DA stiller difor spørsmål om det er nødvendig med en slik presisering for saker etter § 3-15, jfr. utkastets andre ledd. Samtidig er andre ledd utformet slik at hver part skal få være sikret en matematisk del av nytten. Dette innebærer at nytten må identifiseres og estimeres for den enkelte, før en kan føre regnskap som viser fordelingen av nytten. Dette innebærer en vesentlig videreutvikling av den metoden som en i dag benytter ved jordskifte. Samtidig kan en heller ikke se bort fra at et slikt krav vil føre til stort ressursbruk i å dokumentere nytten ved jordskifte.»
Stavanger kommune deler synet til arbeidsgruppa på fordelane ved bruk av urbant jordskifte. Kommunen viser til at det er ønskeleg med reglar som gjer jordskifte praktisk for å iverksetje utbyggingsprosjekt etter godkjent reguleringsplan. Det kan blant anna føre til færre ekspropriasjonssaker, og kan forhåpentleg byggje på ein enkel, oversiktleg og rimeleg prosess for dei som er involverte. Kommunen ser det som positivt at reglane blir utforma slik at ein enkelt part som eig eit mindre areal ikkje kan stoppe jordskifte om eit fleirtal av dei andre grunneigarane er samde i. Det er ein føresetnad for dette at ein tek vare på rettstryggleiken for kvar enkelt og ser til at det er mogleg for dei å ta vare på interessene sine. Kommunen peiker på at jordskifte i urbane strok òg vil gjelde for utbyggjarar som ikkje er profesjonelle, og som i liten grad er kjente med rettsinstituttet. Kommunen konkluderer slik:
«Stavanger kommune stiller seg positiv til en forenkling av reglene om urbant jordskifte, inklusive en omfattende endring eller fjerning av minstekravene til enighet. Dette forutsetter at andre skranker sikrer tilstrekkelig rettssikkerhet. Spranget synes likevel stort når man fjerner alle skranker unntatt verdiregelen, samtidig som kretsen av rettssubjekter som kan kreve urbant jordskifte utvides betydelig. Vi går ut fra at konsekvensene av de foreslåtte endringene vil bli godt belyst i det videre lovarbeidet.»
Tekna støttar forslaget om å fjerne kravet til kvalifisert fleirtal for å krevje jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstavane i og h, og uttaler om dette:
«Sakstypen anses som et svært kraftfullt virkemiddel for å tilrettelegge for en rasjonell arealbruk og dermed verdiøkning for partene. Det at disse sakene kan kreves på vanlig måte, antas å kunne føre til at det vil kunne komme flere av disse sakstypene.»
Direktoratet for Naturforvaltning meiner òg det er ønskeleg å behalde reglar om jordskifte som kan sikre at verdiforskjellar eller eigedomsgrenser ikkje hindrar utvikling av grønnstruktur i byggjeområde.
Fylkesmannen i Hordaland er positiv til at høyringsforslaget legg opp til å fremje meir bruk av urbant jordskifte.
Frå jordskiftemiljøa er det fleire uttalar som gjeld høyringsforslaget § 3-3 andre ledd. Paragrafen gjeld fordelinga av verdiauken i jordskifteområdet. Uttalane kjem frå Domstoladministrasjonen (DA), jordskifteoverrettane, jordskifterettane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme. I fleire av uttalane blir det sagt at føresegna bør sløyfast i ny jordskiftelov.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme uttaler for eksempel i samband med høyringsforslaget § 3-3 andre ledd:
«Andre ledd bør slettes. Utbyggingsverdier som er fordelt i reguleringsplan, vil normalt ikke kunne omfordeles. Utbyggingsarealer kan byttes. Utbyggingsverdier kan normalt ikke omfordeles, men de medfører høyere verdi (innehav) før endring. Krav om sak etter § 3-15 må difor som hovedregel settes fram før reguleringsplanen blir vedtatt; før verdiene blir fordelt. Når verdiene er fordelt, vil det normalt være for seint og de aktuelle virkemidler blir sak etter §§ 3-6 til 3-14.
Jordskiftekravet kan settes fram etter at reguleringsplanen er vedtatt dersom det med hjemmel i § 12-7 (13) i plan- og bygningsloven er stilt vilkår om fordeling av utbyggingsverdier ved jordskifte.
Etter skifte skal eiendommen få igjen areal og retter som tilsvarer verdi før skifte. (Se nederst på side 126 og øverst på side 127 i høyringsnotat.) Ved fordeling av penger vil den enkelte få sin del. Det er areal, og kanskje rettigheter, som er vanskelig å fordele etter innehav. Ved omforming av eiendommer gjelder § 3-3 første ledd. Sikkerheten mht fordeling av utbyggingsverdier framgår av § 3-17 og eventuelt § 3-24 første ledd. Andre ledd tyder på at verdsettingen skjer i to omganger. Det er ikke utviklet metodikk for dette. Andre ledd kan snarere bli en matematisk øvelse – enn en garanti mot skjevdeling av gevinster. Andre ledd bør slettes.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme støttar forslaget om å fjerne dagens krav om 2/3 fleirtal, jf. § 5, 2. ledd. Dommarane etterlyser samstundes ei drøfting av konsekvensane av forslaget. Dei viser til at sak etter høyringsforslaget § 3-15 ikkje skal kunne gjennomførast utan at det i planen er teke inn vilkår om at verdiane skal fordelast av jordskifteretten. Dommarane peiker på at det i dag er politikarane som gjennom planvedtak fordeler arealverdiar. Dei saknar difor ei drøfting av konsekvensane av å fjerne vilkåra i § 5 i dagens lov. Dommarane meiner at sak etter høyringsforslaget § 3-15, jf. § 3-20, utan tilhøyrande vilkår om fordeling i planen, kan minne om ekspropriasjon. Medan eit ekspropriasjonsskjønn blir gjennomført på bakgrunn av eit vedtak om ekspropriasjon, vil ei sak etter høyringsforslaget § 3-15 bli gjennomført direkte på bakgrunn av ein lovregel. Dommarane stiller seg tvilande til at det er rett å innføre ei slik moglegheit.
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme har òg nokre merknader til detaljar i forslaget. Når det gjeld høyringsforslaget § 3-3 andre ledd saknar dei ei vidare drøfting av «sin del». Når det gjeld høyringsforslaget § 3-15 uttaler dei at formuleringa «I byggeområde» i overskrifta må fjernast fordi det er villeiande. For å hindre at jordskifteretten blir eit politisk organ, ønskjer dei at det skal vere eit klart vilkår i lova om at fordeling etter høyringsforslaget § 3-15 berre kan gjennomførast av jordskifteretten dersom det er sett vilkår om slik fordeling i planen. Dei foreslår slik lovtekst:
Ǥ 3-15 Fordeling av planskapte arealverdier og kostnader ved fellestiltak
Jordskifteretten kan fordele planskapte arealverdier og kostnader ved ulike felles tiltak i og for område for bebyggelse og anlegg etter § 11-7 nr. 1 og § 12-5 nr. 1 i plan- og bygningsloven, dersom det er satt vilkår om slik fordeling i planen, jfr. pbl § 12-7 nr. 13.»
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at høyringsforslaget § 3-3 andre ledd bør gå ut. Jordskifterettane uttaler om dette:
«Det bør ikke stilles spesielle krav til fordeling av nytte i urbane områder. Dette må jordskifteretten vurdere skjønnsmessig som i alle andre jordskiftesaker. Det vil være arbeidskrevende og vanskelig å tallfeste nytten. Vi kan ikke se at det er grunner for å ha særregler for nyttefordelingen i urbane områder.»
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser elles til at høyringsforslaget § 3-15 er i samsvar med «Veileder om jordskiftevirkemidler i byer, tettsteder og hytteområder» utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet, og reglane i ny plan- og bygningslov. Jordskifterettane foreslår at departementet set ned ei breitt samansett arbeidsgruppe for å gjere regelen brukeleg i praksis. Blant anna bør utbyggjarar og jordskiftedommarar vere med i ei slik arbeidsgruppe. Jordskifterettane peiker på at regelen har ein god intensjon, og at det er et stort behov for reglane, men dei lir av fleire svakheiter. Blant anna vil verdsetjinga skape store utfordringar. Reglene må utformast slik at dei blir enkle og forutbereknelege.
Jordskifterettane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme foreslår òg å ta ut andre ledd i høyringsforslaget § 3-3 andre ledd. Jordskifterettane og jordskifteoverdommaren viser til at det er eit mål for alle som arbeider med jordskifte å la flest mogleg ta del i skiftenytten. At ein bevisst skal la ein part få all nytte, høyrer ikkje med til det normale. Den regelen som er foreslått i andre ledd fører til at kvar part får eit lovsikra krav på ein matematisk del av nytten. Det fører til at nytten må identifiserast og estimerast i kvart enkelt tilfelle, før ein kan føre rekneskap som viser fordelinga av nytten. Det vil krevje ei vesentleg vidareutvikling av metoden ein så langt har nytta ved jordskifte. Jordskifterettane og jordskifteoverdommaren vil heller ikkje sjå vekk frå at eit slikt krav vil føre til ein stor ressursbruk i å dokumentere nytten ved eit jordskifte. Jordskifterettane og jordskifteoverdommaren peiker elles på at det er eit spørsmål om ordet «gjennomført» i høyringsforslaget § 3-3 er presist nok. Uttrykket kan tolkast slik at avgjerder fastsett i jordskifte ikkje kan gjennomførast, for eksempel nokre år etter at jordskiftet er avslutta. Ordet «gjennomført» bør erstattast med for eksempel «avslutta» eller «vedteke». Det sentrale må vere å fastsetje avsluttingsdatoen for jordskiftesaka, som skjeringspunktet for vurderinga av vilkåret i høyringsforslaget § 3-3.
Jordskifterettane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme stiller dessutan spørsmål ved om forslaget til å ta bort kravet til semje eller to tredjedels fleirtal er ei for radikal endring. Jordskifterettane og jordskiftedommaren uttaler om dette:
«Kravet om semje/totredjedels fleirtal er erstatta av at krav om jordskifte no kan krevjast av ein grunneigar åleine (§ 6-4) eller av tiltakshavar med heimel til ekspropriasjon til tiltak eller og anlegg (§ 6-5), typisk godkjend reguleringsplan. Lovforslaget er relativt radikalt på dette punktet og «forenklinga» må etter vårt syn medføre at desse sakene no kjem inn i saksmassen i større grad.
Vi finn grunn til å sette spørsmålsteikn om lovforslaget er meint å vere så radikalt som det kan lesast; at alle (grunneigarar/tiltakshavarar) kan krevje sak etter § 3-15 (alternativt «reparasjon» etter § 3-6) med basis i godkjent reguleringsplan. Eller om desse verkemidla berre er meint i dei tilfella kor kommunen har satt krav om fordeling av arealverdiar, jf pbl § 12-7 nr 13 (reguleringsbestemmelser).
Generelt meiner vi det er mange overordna samfunnsomsyn som talar for ei meir effektiv gjennomføring av offentleg godkjende planar enn dagens system kor ekspropriasjon sjeldan eller aldri blir teke i bruk. Jordskifte kan for mange grunneigarar oppfattast som eit sterkt inngrep, nesten på linje med ekspropriasjon. Arbeidsgruppa har vore innom skilnadane mellom verkemidla jordskifte kontra ekspropriasjon. Vi trur lova, partane og jordskifterettene vil vere tent med ei enda meir grundig rettspolitisk vurdering av desse forholda i forarbeida til ny lov. Konkret bør det då vurderast om ikkje saker etter § 3-15 burde ha den skranke at kommunen har satt krav om fordeling av arealverdiar, jf pbl § 12-7 nr 13.»
Ut over dette viser jordskifterettane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme til at høyringsforslaget §§ 3-6, jf. 3-4 kan tolkast slik at det vil mangle heimel for at jordskifte kan omfatte utenlege eigedoms- og bruksrettshøve som vil oppstå som følgje av godkjend reguleringsplan. Slik heimel finst i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i.
Sør-Trøndelag jordskifterett viser til at verdsetjing vil vere utfordrande i saker etter høyringsforslaget § 3-15.
Jordskifteoverrettane kjem med ein uttale som ordrett er lik uttalen frå jordskifterettane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme.
Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme uttaler at høyringsforslaget § 3-3 andre avsnitt bør fjernast. Jordskifterettane viser til at utbyggingsverdien kan vere fordelt i samband med reguleringsplanen slik at det ikkje er noko å fordele ved jordskifte, eller at ein eigedom er uendra før og etter jordskiftet. Ei føresegn om at eigedommen likevel skal få sin del av verdiauken vil da bli ein skranke som gjer at slike saker ikkje kan behandlast.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap etterlyser kommentarar til tilhøvet mellom høyringsforslaget §§ 3-15 og 3-4 andre ledd og plan- og bygningslova. Instituttet peiker elles på at forslaget om å fjerne kravet om semje eller kvalifisert fleirtal kan ha ein utilsikta verknad for avgrensinga av skiftefeltet, og stiller òg spørsmål ved om forslaget går for langt av andre grunnar. Instituttet uttaler om dette:
«Forslaget om også for urbant jordskifte å operere med de alminnelige vilkår for fremme av sak er fornuftig for de tilfeller hvor det i planen er gitt bestemmelser om jordskifte. Dette bidrar til sammenheng mellom plan og gjennomføring, og bidrar sannsynligvis til en hensiktsmessig avgrensing av skiftefeltet. Å fjerne vilkåret i dagens jordskiftel. § 5 om enstemmighet ved fremme av krav hvor det ikke er gitt bestemmelser om jordskifte i plan, anses ikke som en god løsning. Man får ingen klar avgrensning av skiftefeltet. Avgrensning basert på «område for bebyggelse og anlegg etter § 11-7 nr. 1 og § 12-5 nr. 1 i plan- og bygningsloven.», synes i så henseende utilstrekkelig. Et krav om enstemmighet, eller kvalifisert flertall, vil fungere avgrensende.
Arbeidsgruppa anfører videre at alle parter bør komme bedre ut ved realisering av godkjent plan ved et jordskifte. I motsetning til de øvrige jordskiftevirkemidler er det her tale om en fordeling av utbyggingsverdier «gitt» en eller flere grunneiere i planen. Hvis arbeidsgruppa har rett i at noen av partene kommer bedre ut ved jordskifte enn ekspropriasjon, er det kanskje grunn til å stille spørsmål ved om til eksempel tiltakshaveren(e) kan komme dårligere ut? Dette er et argument for å videreføre gjeldende ordning med krav om enstemmighet, i de tilfeller hvor kommunen ikke har stilt krav om fordeling.»
Ut over dette peiker Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap på at reglane om urbant jordskifte er kompliserte. Det er vanskeleg å sjå for eksempel korleis verdsetjing skal gjennomførast i slike saker. Instituttet anbefaler at det bør setjast ned eit utval for å greie ut reglane nærare.
I samband med høyringsforslaget § 3-4 viser Jernbaneverket til at sjølv om omgrepet «bebyggelsesplan» er oppheva i ny plan- og bygningslov, vil dei tidlegare vedtekne bebyggelsesplanane framleis gjelde fram til dei blir endra. Jernbaneverket etterlyser ein kommentar til dette i førearbeida til føresegna.
8.29.3 Departementets vurderingar
8.29.3.1 Hovudgrep
I Meld. St. nr. 9 (2011–2012) Velkommen til bords er det lagt til grunn at arbeidet til jordskifterettane i urbane område bør effektiviserast, og at krava til å setje i gang sak bør forenklast. Departementet foreslår at jordskifteretten òg etter ny jordskiftelov skal kunne avgjere sak om fordeling av planskapt netto verdiauke, sjå gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h, og lovforslaget kapittel 3 del V. Det er omtale av slik planskapt netto verdiauke som i hovudsak er behandla i kapitlet her. Departementet foreslår òg at jordskifteretten skal kunne reparere ulemper som er skapt gjennom ein plan etter plan- og bygningslova. Slik sak er likevel å rekne som eit vanleg jordskifte, og forslag knytt til dette er behandla i kapittel 8.10.3. Drøftinga av korleis kravskompetansen bør vere i dei to sakstypane går fram av kapittel 6.5. I den grad det er nødvendig å sjå endringsforslaga i samanheng, er òg dette gjort i kapitlet her. Det er først og fremst aktuelt for å vise hovudgrepa som ligg i forslaga.
Gjeldande reglar blei innførte ved ei lovendring i 2006. Reglane blei justert noko i samband med ny planlov som blei vedteken i 2009. Reglane legg til rette for at kommunalt vedtekne planar kan setjast i verk. Dette er eit viktig samfunnsbehov. Endringsbehovet for reglane er knytt til at dei ikkje er enkle nok å bruke i dag. Lovforslaget og høyringsforslaget byggjer på at reglane må bli enklare slik at dei òg kan bli enklare å bruke. Fleire høyringsinstansar, mellom dei Fylkesmennene i Rogaland og Hordaland, Stavanger kommune, Tekna, jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap støttar høyringsforslaget som byggjer på at det er behov for forenkling. Departementet er elles samd med Fylkesmannen i Rogaland i at det òg vil vere viktig at det er ressursar og kapasitet nok i jordskifterettane rundt om i landet til å ta unna desse sakene innan rimeleg tid.
Departementet har merka seg at jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap meiner det er nødvendig at eit utval ser nærare på føresegnene om jordskifte etter dei aktuelle reglane før det kan gjerast lovendringar. Departementet er ikkje samd i dette. Reglane er relativt nye, og er blitt til etter omfattande utgreiingsarbeid med brei samansetjing slik desse høyringsinstansane no foreslår. Erfaringane frå konkrete saker, høyringsforslaget og høyringsuttalane utgjer etter departementets syn til saman eit godt grunnlag for å foreslå lovendringar òg på dette området.
Gjeldande reglar går fram av jordskiftelova § 2 første ledd bokstavane h og i (kompetansen til jordskifteretten), § 3 bokstav b (vilkår for fremje av jordskifte at kvar eigedom får sin del av verdauken), § 5 andre til femte ledd (kven som kan krevje sak), § 25 (avgrensinga av skiftefeltet), § 26 første ledd tredje punktum (korleis eit krav som er sett fram kan endrast), § 28 tredje og fjerde ledd (korleis verdiane skal skiftast mellom partane), § 29 a (at verdiauken skal leggjast ut anten som areal eller pengar). I tillegg til dette er det teke inn ein regel i plan- og bygningslova § 11-8 tredje ledd bokstav e som gir kommunen heimel til å fastsetje soner i kommuneplanen med krav til felles planlegging for fleire eigedommar blant anna med særlege samarbeids- eller eigarformer samt omforming og fornying. Det er òg teke inn ein heimel i plan- og bygningslova § 12-7 nr. 13 om at kommunen i reguleringsplan kan fastsetje at fordeling av arealverdiar og kostnader ved fellestiltak innanfor planområdet berre kan skje etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h.
Departementet foreslår fleire forenklingar av dei aktuelle føresegnene. Som eit hovudgrep i forenklinga foreslår departementet å oppheve dei fleste spesialreglane som gjeld for slike saker. Jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav i, går da inn som eit vanleg verkemiddel i jordskifte, sjå kapittel 8.10.3 . Det vil ikkje lenger vil vere spesialreglar i den nye jordskiftelova i slike saker. For gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h, meiner departementet at det framleis vil vere behov for spesielle reglar. Sjølv om departementet ikkje har følgt forslaga i høyringsforslaget fullt ut, byggjer hovudgrepet som er skissert her på det same utgangspunktet som i høyringsforslaget.
I lovforslaget § 1-5 foreslår departementet den same løysinga som i høyringsforslaget. Det inneber at ein tek bort dei særlege krava til kvalifisert fleirtal for å kunne krevje fordeling av planskapt netto verdiauke. Etter lovforslaget er det nok at ein krev slik fordeling, sjå drøfting i kapittel 6.5.
I forslag til endring i plan- og bygningslova § 12-7 nr. 13 foreslår departementet at planmyndigheita konkret må fastsetje kva for område fordelingsjordskiftet skal gjennomførast i, jf. lovforslaget § 3-30 tredje punktum. Planmyndigheita må i tillegg fastsetje at den planskapte verdiauken skal fordelast etter lovforslaget § 3-30 andre punktum.
Når fordeling av planskapt netto verdiauke ikkje skal reknast som eit vanleg jordskifte og er teken ut i ein eigen del i lovforslaget kapittel 3, betyr det blant anna at vilkåret i lovforslaget § 3-18 ikkje gjeld for fordeling av planskapt netto verdiauke. Konkret vil vilkåra for sak vere at planmyndigheita har stilt krav om slik sak, at området saka gjeld er fastsett av kommunen i reguleringsplan, og at fordelinga skjer mellom eigedommar som er omfatta av reguleringsplanen.
Departementet foreslår òg andre endringar. Departementet kjem nærare inn på dei forskjellige forslaga nedanfor.
8.29.3.2 Jordskifteretten sin kompetanse til å fordele planskapt netto verdiauke
Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h kan jordskifteretten fordele arealverdiar og kostnader ved ulike sams tiltak i og for område for bygging og anlegg etter plan- og bygningslova §§ 11-7 nr. 1 og 12-5 nr. 1.
Tilhøvet mellom jordskifte og fordeling av planskapt netto verdiauke
Kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov er knytt til at anten ein reguleringsplan eller kommuneplan gjer det aktuelt å setje i verk sams tiltak. I sak etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h er det planen som fastset kva eigedommane kan brukast til i framtida, og kva for tiltak som er aktuelle for å få dette til. Eigedommane er ikkje nødvendigvis vanskelege å bruke fordi dei som eit utgangspunkt kan brukast på same måten som før planen blei vedteken. Det følgjer likevel av gjeldande jordskiftelov § 5 at dersom alle eigarane er samde om det, eller dersom eigarane av minst 2/3 av eigedommane er samde og arealet deira utgjer 2/3 av totalarealet, kan dei krevje sak for jordskifteretten. Heimelen i gjeldande jordskiftelov gir da jordskifteretten kompetanse til å påleggje tiltaket, og til å fordele arealverdiar og kostnader ved tiltaket.
Departementet legg til grunn at jordskifteretten vil kunne behandle sak om planskapt netto verdiauke saman med andre krav som er sett fram. Det vil avhenge av krava som er sett fram i saka kva jordskifteretten kan behandle. Eksempel kan vere krav om ny utforming av eigedom etter lovforslaget § 3-4, krav om grensefastsetjing etter lovforslaget kapittel 4, eller krav om skjønn eller andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5.
I eit jordskifte kan jordskifteretten påleggje sams tiltak og felles investeringar, mellom anna med heimelen i jordskiftelova § 2 første ledd bokstav e for å bøte på det partane har teke opp som utenleg. Heimelen for jordskifteretten til å gjere dette er gjort generell og foreslått ført vidare i lovforslaget § 3-9 pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar. Etter departementets syn dekkjer denne heimelen behovet partane har for eit pålegg om å iverksetje tiltak etter plan- og bygningslova. Det er eit vilkår at det er pårekneleg at eigedommar som kommunen har regulert med krav om fordeling av arealverdiar og kostnader vil bli vanskeleg å bruke som følgje av det aktuelle tiltaket. Departementet foreslår såleis ingen eigen heimel for å påleggje sams tiltak eller felles investeringar i samband med planskapte framtidige tiltak.
Behovet for ein eigen heimel for kva jordskifteretten skal gjere i desse tilfella gjeld såleis oppgåva jordskifteretten har til å fordele verdiauke som planen har skapt. Dette er etter departementets syn ikkje eit ordinært jordskifte. Verdsetjings- og fordelingsspørsmåla som er aktuelle, er annleis enn ved andre jordskiftesaker. Vilkåra for jordskifteløysinga i lovforslaget kapittel 3 del IV er for eksempel ikkje aktuelle. Departementet har med dette som bakgrunn valt å trekkje sakstypen ut i ein eigen del, jf. lovforslaget kapittel 3 del V.
Fordeling av planskapt netto verdiauke
Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h skal jordskifteretten fordele arealverdiar og kostnader. Når heimelen for å påleggje felles tiltak og felles investeringar er å finne i lovforslaget § 3-9, er formuleringa «fordeling av planskapt netto verdiauke» ikkje heilt dekkjande. Det sakstypen gjeld er fordeling av planskapt netto verdiauke mellom eigedommar. Det vil seie overføring av framtidige verdiar frå eigedommar som har ein planskapt netto verdiauke til eigedommar som ikkje har slik verdiauke, men som har areal som går inn under planen. I mange tilfelle skal eigedom med liten eller ingen planskapt netto verdiauke nyttast til felles tiltak som må til for å iverksetje planen. Eksempel på tiltak kan vere veg, teknisk infrastruktur og liknande. Departementet foreslår at dette går tydeleg fram av overskrifta til lovforslaget kapittel 3 del V, og av lovforslaget § 3-30 første punktum som fastset at jordskifteretten kan fordele planskapt netto verdiauke mellom eigedommar.
Rollefordeling mellom planstyresmakt og jordskifterett
Departementet meiner det er behov for å klargjere rollefordelinga mellom planmyndigheitene og jordskifteretten betre enn i dag med sikte på at jordskifteretten skal kunne gjere oppgåva si som domstol.
Ein kommuneplan etter kapittel 11 i plan- og bygningslova kan innehalde omsynssoner etter plan- og bygningslova § 11-8 bokstav e. Da har kommunen pålagt felles planlegging for fleire eigedommar, til dette særlege samarbeids- eller eigarformer, samt omforming og fornying. Kommunen kan fastsetje at fleire eigedommar i eit område skal planleggjast felles, og at det skal brukast særlege verkemiddel ved iverksetjinga av planen. Ei slik omsynssone er likevel ikkje nødvendig, fordi det uansett må til ein reguleringsplan for å fastsetje krav om fordeling av arealverdiar og kostnader. Heimelen for dette er fastsett i plan- og bygningslova § 12-7 nr. 13 der det går fram at kommunen i nødvendig utstrekning kan fastsetje krav om fordeling av arealverdiar og kostnader ved ulike felles tiltak innanfor planområdet. Kommunen kan òg etter plan- og bygningslova § 12-7 nr. 14 i nødvendig utstrekning fastsetje kva for areal som skal vere til offentlege formål eller til fellesareal.
Reglane er ikkje enkle å forstå. Dei byggjer på ei rollefordeling der kommunen som planmyndigheit fastset kva areala kan brukast til i framtida. Kommunen fastset òg om det skal setjast vilkår for den framtidige bruken. Vilkåret er at verdiauken som er resultat av areal- eller reguleringsplanen skal fordelast mellom alle eigarane i planområdet. Vilkåret vil få noko å seie blant anna for eigarar eller andre rettshavarar som får sin eigedom utlagt som fellesareal. Dei vil få ein del av verdiauken frå andre eigedommar som kan utnyttast til formål som kastar meir av seg. Dersom kommunen har fastsett dette i planen, kan jordskifteretten etter krav frå eigarane halde jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h. Departementet meiner dette innhaldet bør gå klarare fram både av jordskiftelova og plan- og bygningslova. I den nye jordskiftelova bør det gå fram at vedtaket i kommunen avgrensar kva for eigedommar eller areal fordelingsjordskifte kan gjelde for. I plan- og bygningslova viser regelen kven som fastset dei eigedommane ei sak om fordeling kan gjelde for. Departementet foreslår at rollefordelinga skal gå fram ved at lovforslaget § 3-30 første punktum viser kva som er oppgåva til jordskifteretten. Oppgåva til jordskifteretten er å fordele planskapt netto verdiauke mellom eigedommar som er regulerte i reguleringsplan. I andre og tredje punktum går det fram kva planmyndigheita må ha teke stilling til for at jordskifteretten kan behandle saka. Kompetansen til planmyndigheita går fram av reglane i plan- og bygningslova, sjå forslaget til endring av plan- og bygningslova § 12-7 nr. 13.
Vilkår for kompetansen til jordskifteretten
Etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h kan jordskifteretten fordele arealverdiar og kostnader «i og for område for bebyggelse og anlegg» etter plan- og bygningslova §§ 11-7 nr. 1 og 12-5 nr. 1. Kva som er i og for område for bygging og anlegg kan framstå som noko uklart. Det blir da uklart kva for geografisk område jordskifteretten kan trekkje inn i ei sak. Jordskifteretten må i nokon mon sjølv gjere denne avgrensinga. I Ot.prp. nr. 32 (2007–2008) heiter det om tolkinga av uttrykket «sams tiltak innafor byggeområdet» i jordskiftelova at:
«Det må dreie seg om et formål som skal tjene byggeområdet. Normalt vil friluftsareal og offentlig friområde som park og turvei falle utenfor, fordi slike arealer som regel er begrunnet i andre og mer vidtfavnende hensyn enn primært å betjene det byggeområdet som planen omfatter. Dersom det av planen framgår av planpremissene at det dreier seg om et lokalt friområde, må likevel det lokale friområdet betraktes som et «sams tiltak» I et slikt tilfelle vil det likevel normalt være mer treffende og hensiktsmessig å angi arealet som «fellesområde «i planen. Også offentlig veg vil være et «sams tiltak «dersom det gjelder en veg som faller inn under opparbeidelseskravet i gjeldende plan- og bygningslov § 67. Det samme gjelder parkbelte i industriområde, samt arealkategorien «fellesområder» som nevnt i gjeldende lov § 25 første ledd nr. 7. Tjener infrastrukturen formål som er mer vidtfavnende, for eksempel samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur, faller den utenfor.»
I forarbeida til endringa i plan- og bygningslova § 12-7 nr. 13 heiter det i Ot.prp. nr. 32 (2007–2008) side 235:
«Fordeling av arealverdier og kostnader for tiltak innenfor planområdet skal etter jordskifteloven § 2 første ledd bokstav h skje innenfor område til bebyggelse og anlegg slik dette er definert i plan- og bygningsloven § 11-7 første ledd nr. 1 og § 12-5 andre ledd nr. 1. Dette området omfatter blant annet grønnstruktur og grøntområde i tilknytning til byggeareal. Uttrykket i jordskifteloven omfatter dermed på samme måte som uttrykket i denne loven, de arealer som skal bebygges, samt tilhørende infrastruktur. Er infrastrukturen lagt ut til andre formål, for eksempel samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur, faller den utenfor. Det vises til nærmere omtale i merknaden til § 35-1 Endring av andre lover nr. 7 om endring i jordskifteloven.»
Sett frå ståstaden til kommunen, dekkjer «kan-reglane» som er knytt til plan- og bygningslova §§ 11-8 bokstav e og 12-7 nr. 13 truleg behovet for å avgrense området saka gjeld reint geografisk. I praksis vil avgrensinga av dei partane som vil kunne vere med på jordskiftet etter gjeldande jordskiftelov skje ved avveginga av kven som har kravskompetanse etter gjeldande jordskiftelov § 5. Heller ikkje for jordskifterettane vil truleg avgrensinga av det geografiske området vere eit problem etter gjeldande reglar. I kapittel 6.5 foreslår departementet å fjerne krava om semje eller kvalifisert fleirtal. Kven som kan krevje sak går fram av lovforslaget § 1-5. Departementet er samd med Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap i at om krava blir fjerna, kan det føre til at det blir uklart kven som kan trekkjast med i ei sak om fordeling av planskapt netto verdiauke. Dette er uheldig, men kan avbøtast ved at planmyndigheita fullt ut har hand om avgrensinga av det geografiske området for saka. Ei slik løysing fører til at området saka gjeld kan avgrensast uavhengig av eigedomstilhøva i området, og planmyndigheita kan sjå til at planen oppfyller dei mål som gjeld for arealbruken. Planvedtaket har ofte stor innverknad på arealverdien i planområdet fordi vedtaket avgjer kva for delar av planområdet som blir byggetomt, og kva for delar som blir mindre intensivt utnytta med tilsvarande lågare salsprispotensiale. Forslaget til løysing fører til at det er planvedtaket som legg grunnlaget for verdiauken. Det vil ikkje lenger vere eit vilkår for avgrensinga av kompetansen jordskifteretten har at eigedommane som blir del av fordelingssaka skal «tene» eit byggjeområde. Det er nok at eigedommane ligg innanfor det regulerte området der kommunen har fastsett at det skal skje ei fordeling av verdiauken. Oppgåva til jordskifteretten blir da å fastsetje verdiauken og flytte delar av verdiauken frå eigedommar som har ein planskapt netto verdiauke til eigedommar som ikkje har planskapt netto verdiauke, men som har areal som går inn under planen. Sjå nærare om dette i spesialmerknaden til lovforslaget § 3-30.
Departementet er samd med det Direktoratet for Naturforvaltning uttaler om omsynssoner. Slik departementet forstår plan- og bygningslova § 12-5 første ledd, må planmyndigheita kunne fastsetje at omsynssoner skal trekkjast inn i det området fordelinga skal skje innanfor. Departementet meiner likevel at avgrensinga av området for fordeling vil bli klarare dersom avgrensinga skjer i reguleringsplanen. Departementet foreslår ei løysing som byggjer på dette.
Forslaget utvidar kompetansen jordskifteretten har i den grad kommunen som planmyndigheit vel å fastsetje at det skal skje ei fordeling i heile reguleringsområdet i samband med regulering til utbygging. Samstundes innskrenkar forslaget kompetansen slik at jordskifteretten ikkje lenger har slik kompetanse i ein kommuneplan, berre dersom arealet er regulert i ein reguleringsplan. Innskrenkinga har ikkje vore på høyring, og er heller ikkje kommentert i høyringsinnspela. Departementet meiner likevel at kommuneplanen vil vere ein så overordna plan at han ikkje er eigna for å avgrense området for sak om fordeling av planskapt netto verdiauke på ein tenleg måte. Sjå mellom anna omtalen i kapittel 8.29.3.3 av korleis jordskifteretten skal verdsetje planskapt netto verdiauke.
Departementet foreslår dessutan ein regel i jordskiftelova § 3-30 tredje punktum om at kommunen gjennom reguleringsplanen må ha fastsett den geografiske avgrensinga av området for fordeling. Med ny regel blir det kommunen som må vurdere den geografiske avgrensinga, ikkje jordskifteretten. Heimelen for sak om fordeling av planskapt netto verdiauke, går fram av forslaget til endring av plan- og bygningslova § 12-7 nr. 13.
8.29.3.3 Korleis jordskifteretten skal verdsetje planskapt netto verdiauke
Etter gjeldande jordskiftelov § 28 tredje ledd skal det i sak etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstavane h og i skiftast slik at kvar eigedom får sin del av verdiauken. Etter fjerde ledd skal skiftegrunnlaget fastsetjast på grunnlag av dei eigenskapane eigedommen har til utbyggingsformål. Gjeldande jordskiftelov har ikkje fleire spesialreglar om korleis jordskifteretten skal verdsetje arealverdiar. Arbeidsgruppa foreslår heller ikkje slike spesialreglar, men innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 28 fjerde ledd går fram av høyringsforslaget § 3-18 tredje ledd.
Planskapt netto verdiauke er differansen mellom planskapt verdiauke og kostnader knytt til eventuelle tiltak i jordskifteområdet som følgjer av planen. Denne differansen må vere positiv, han må vere meir enn null. Summen av verdiauken for eigedommane samla er totalbeløpet som skal fordelast. Departementet meiner at det ut frå informative omsyn bør gå fram av den nye jordskiftelova at jordskifteretten i sak om fordeling av planskapt netto verdiauke må fastsetje denne summen. Sjå lovforslaget § 3-31 første punktum der det går fram at jordskifteretten skal fastsetje verdiauken i området som er omfatta av saka. For nokre eigedommar kan verdiauken vere stor, for andre vil det ikkje vere snakk om nokon auke. Dette har likevel ikkje noko å seie for den samla summen av verdiauke.
Jordskifteretten må òg fastsetje ein brøk eller annan liknande fordelingsnøkkel til bruk for sjølve fordelinga av verdiauken. Departementet meiner at dette òg bør gå fram av den nye jordskiftelova av informasjonsomsyn. Departementet har valt ein nokon annan ordlyd enn at kvar eigedom skal få «sin del av verdauken». Det er peikt på mellom anna av jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme at gjeldande formulering kan virke forvirrande. Formuleringa opnar tilsynelatande ikkje for ei fordeling av verdien. Formuleringa kan like gjerne tolkast slik at kvar skal få sin matematiske del sett i lys av planen. Det som er sentralt å få fram i lovteksten er at jordskifteretten skal verdsetje dei delane som kvar enkelt skal ha av verdiauken. Sjå lovforslaget § 3-31 andre punktum som byggjer på dette.
Etter gjeldande jordskiftelov § 28 fjerde ledd utarbeider jordskifteretten brøken ved å verdsetje kvar enkelt eigedom som om alle eigedommane kunne brukast til utbyggingsformål, og uavhengig av kva som går fram av reguleringsplanen. Departementet foreslår å føre denne regelen vidare, sjå lovforslaget § 3-31 tredje punktum. Departementet er samd med DA i at gjeldande jordskiftelov § 28 fjerde ledd og høyringsforslaget § 3-18 tredje ledd er ein verdsetjingsregel, og at regelen er nokså detaljert. Departementet foreslår i kapittel 8.19.3 å ta bort ein del spesielle reglar om verdsetjing som kan redusere fridomen jordskifteretten har til å verdsetje. Departementet meiner likevel at det er tenleg å behalde denne regelen i samband med sak om fordeling av planskapt netto verdiauke. Departementet meiner dette fordi formålet med slik sak er annleis enn ved ei jordskiftesak etter lovforslaget kapittel 3 del II.
8.29.3.4 Korleis jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke
Ved sak etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h, skal kvar eigedom etter gjeldande jordskiftelov § 28 tredje ledd få sin del av verdiauken. Verdsetjinga skal etter § 28 fjerde ledd første punktum skje på grunnlag av dei eigenskapane eigedommen har til utbyggingsformål. Så langt råd er, skal netto verdiauke etter gjeldande jordskiftelov § 29 a første ledd leggjast ut som heile utbyggingsrettar på eller inntil eigen eigedom. Om verdiauken for ein eigedom berre utgjer ein del av ein utbyggingsrett er det ein regel om prioritet mellom eigedommane i andre ledd. Større delhavar skal i slike tilfelle gå framfor mindre når det gjeld retten til å få utlagt utbyggingsrett. Er partane samde kan jordskifteretten etter tredje ledd overføre areal mot vederlag i pengar i slike tilfelle. Høyringsforslaget § 3-20 byggjer på gjeldande reglar.
Departementet har ikkje registrert at høyringsinstansane har hatt innvendingar mot å føre vidare løysinga i gjeldande jordskiftelov. Departementet foreslår difor i hovudtrekk å føre reglane vidare, sjå lovforslaget § 3-32 som gjeld korleis jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke. Departementet foreslår likevel nokre justeringar i føresegna for at reglane skal gi betre informasjon til partane.
I lovforslaget § 3-32 første ledd foreslår departementet at jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke. Jordskifteretten skal fordele slik at kvar eigar får den delen av den planskapte netto verdiauken som følgjer av lovforslaget § 3-31 andre punktum. Departementet foreslår at dette av omsyn til informasjon skal gå uttrykkeleg fram av lova. Løysinga må sjåast i samanheng med endringa i gjeldande jordskiftelov § 28 slik at kvar eigedom ikkje lenger skal ha «sin del av verdiauken».
Lovforslaget § 3-32 andre ledd første punktum byggjer på gjeldande jordskiftelov § 29 a første ledd. Jordskifteretten skal ved fordeling av planskapt netto verdiauke tildele utbyggingsrettar på eller inntil eigen eigedom så langt råd er. Departementet foreslår i andre punktum eit tillegg til dette som gjeld dersom ein part får tildelt ein utbyggingsrett som ikkje ligg på eigen eigedom. Det vil vere uheldig om nokon skulle få ein utbyggingsrett på ei tomt som er eigd av ein annan. I slike høve foreslår departementet at eigedomsretten skal følgje den tomta som utbyggingsretten gjeld. Departementet meiner at denne løysinga følgjer av gjeldande jordskiftelov, sjølv om det ikkje er uttrykkeleg sagt, men at løysinga av informasjonsomsyn bør gå uttrykkeleg fram av den nye jordskiftelova.
Lovforslaget § 3-32 tredje ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 29 a andre og tredje ledd. Forslaget har likevel fått ein meir utførleg ordlyd. Målet er å gi partane i ei sak om fordeling av planskapt netto verdiauke betre informasjon om korleis reglane for fordelinga er. Planskapt netto verdiauke kan utgjere berre ein del av ein utbyggingsrett. Den delhavaren som har størst del av utbyggingsretten ha rett til å krevje utbyggingsretten tildelt til seg. Om ingen av delhavarane set fram slikt krav, blir tomta utbyggingsretten gjeld eit sameige mellom delhavarane.
Departementet foreslår òg ei endring i høve til gjeldande rett i lovforslaget § 3-32 tredje ledd tredje punktum. Regelen i gjeldande jordskiftelov § 29 a tredje ledd om at partane må vere samde om det for å gi oppgjer i pengar bør etter departementets syn endrast slik at om nokon delhavar gjer bruk av retten etter første punktum til å overta heile utbyggingsretten, skal andre delhavarar med mindre del av utbyggingsretten kunne få oppgjer i pengar. Om partane ikkje er samde, vil det ikkje vere heldig om dei skulle overta utbyggingsretten som eit sameige etter lovforslaget § 3-32 tredje ledd andre punktum. Formålet med forslaget til endring er å sikre at utbyggingsretten vil bli utnytta sjølv om delhavarane ikkje er samde om å byggje ut.
8.30 Fare for naturskade
8.30.1 Høyringsforslaget
I høyringsforslaget § 3-24 femte ledd foreslår arbeidsgruppa å føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 54 første ledd om at der det er fare for naturskade som for eksempel elvebrot, skred eller sandfok, skal jordskifteretten ta omsyn til dette i jordskifteløysinga. Jordskifteretten kan ta inn investeringar i førebyggingsarbeid eller andre tryggingstiltak som ein del av jordskifteavgjerda.
8.30.2 Høyringsinstansane
Jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme er samd i at det ikkje er nødvendig å presisere nærare kva som ligg i omgrepet naturskade. Tilvising til naturskadelova § 4 er tilstrekkeleg.
Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap tilrår at heile høyringsforslaget § 3-24 bør ut av lovforslaget fordi det er for detaljstyrande. I samband med femte ledd som gjeld naturskade, uttaler universitetet:
«Muligens bør innholdet i siste ledd/naturskade) beholdes, men vi ser ikke helt behovet for ha en egen hjemmel til å komme ta inn forebyggende investeringer som en del av jordskiftesaka? Og viss den hjemmelen skal beholdes, bør hjemmelen plasseres her?»
8.30.3 Departementets vurderingar
I gjeldande jordskiftelov § 54 er det fastsett at der det er fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande, skal jordskifteretten, om det ikkje er mogleg å ta omsyn til det i sjølve skifteplanen, fastsetje nødvendig forbyggingsarbeid eller andre tryggingstiltak. Jordskifteretten skal vidare gi reglar om korleis kostnadene med arbeidet og vedlikehaldet skal delast. Er det ikkje teke omsyn til faren i skifteplanen, skal retten gi reglar for det tilfellet det blir skade. Jordskifteretten skal først og fremst gi reglar om korleis tapet som følgje av skaden skal delast. Det går fram av andre ledd at om det er gitt reglar som nemnt i første ledd andre punktum, kan den som lir skade krevje hjelp av jordskifteretten til å få jamne ut skaden. Det kan skadelidne gjere om ikkje anna er fastsett, og partane ikkje blir samde. I slik sak gjeld reglane som for jordskifte så langt dei høver.
Departementet har grunn til å tru at heimelen sjeldan er brukt i dag. Normalt vil det nok heller vere snakk om jordskifte etter dei vanlege reglane i lovforslaget kapittel 3 del II til IV òg i slike høve. Etter departementets vurdering er det likevel behov for heimelen der slike situasjonar kan oppstå. Arbeidsgruppa foreslår ikkje å oppheve heimelen, og departementet foreslår å føre han vidare. I ei tid med klimaendringar, er det ikkje grunn til å fjerne heimlar som dette.
Gjeldande jordskiftelov § 54 første ledd andre punktum og andre ledd gir jordskifteretten kompetanse ut over det som til vanleg kan reknast som jordskifte. Retten skal gi reglar for det tilfelle det blir skade, og først og fremst om korleis skaden skal delast. Om naturskaden kjem, og partane ikkje er samde om delinga av tapet, skal jordskifteretten fastsetje tapet som følgjer av naturskaden, og fordele dette tapet mellom partane i den førre jordskiftesaka. Departementet er såleis samd med Institutt for landskapsplanlegging ved Universitetet for miljø- og biovitenskap i at plasseringa av denne delen av heimelen i høyringsforslaget § 3-24 ikkje er heldig.
Departementet meiner at det er tenleg å få fram i ny jordskiftelov at dette ikkje er ei jordskifteavgjerd som følgjer dei materielle reglane i lovforslaget kapittel 3 del I til IV. Regelen er difor teken inn i lovforslaget kapittel 3 del VI, § 3-33. For å få samanheng i regelen, foreslår departementet å føre vidare heile gjeldande jordskiftelov § 54 i denne paragrafen.
Departementet peiker på at gjeldande jordskiftelov § 54 første ledd òg inneheld nokre detaljerte reglar knytt til jordskifte. Departementet har plassert desse heimlane i lovforslaget § 3-33 for å få samanheng i regelen. Det er ikkje meininga at plasseringa skal føre til at avgjerd av slik sak ikkje kan reknast som jordskifte. Departementet meiner at lovforslaget § 3-23 om utlegging av grunn og bruksrett som kan endre verdi fører vidare dei omsyna som jordskifteretten må ta i jordskifteløysinga etter gjeldande jordskiftelov § 54 første ledd første punktum. Jordskifteretten kan vidare, med heimel i lovforslaget §§ 3-9, 3-27 og 3-28, påleggje forbyggingsarbeid eller andre tryggingstiltak og gi reglar om korleis kostnadene med arbeidet og vedlikehaldet skal delast.
8.31 Reglar for bruken av jordskifteområdet
8.31.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-30 andre og tredje ledd ein heimel for jordskifteretten til å gi reglar for bruken av areala frå kravet om jordskifte blir sett fram til saka sluttast. Jordskifteretten skal òg kunne gi reglar for bruken av areala i tida frå saka sluttast og fram til jordskiftet trer i kraft. Jordskifteretten skal tilpasse leige eller feste av grunn til eigartilhøvet etter jordskiftet når jordskiftet får noko å seie for leige eller feste. Om nokon taper som følgje av avgjerdene, skal jordskifteretten kunne fastsetje eit vederlag for å dekkje tapet, og fordele kostnadene med vederlaget etter høyringsforslaget kapittel 7 (nytte).
8.31.2 Høyringsinstansane
Sør-Trøndelag jordskifterett og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til at det i praksis vil vere lite sannsynleg at dommaren har grunnlag for å gi foreløpige reglar straks kravet har kome inn, og før partane har gitt uttale i saka. Jordskifteretten peiker òg på at heimelen for å tilpasse leige eller feste av grunn til eigartilhøvet etter jordskiftet òg går fram av høyringsforslaget § 3-26, og at det er behov for ei samordning.
Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme foreslår at heimelen for å fastsetje foreløpige reglar òg bør gjelde i rettsutgreiing og grensesaker. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler om dette:
«Som døme kan nemnast tvist om vegrett. I fleire tilfelle har krav om rettsutgreiing om vegrett kome etter at den eine parten fysisk har stengd vegen. I slike tilfelle bør jordskifteretten kunne gi reglar om bruken fram til tvisten er avklart, eventuelt og skjønn avheimla. Jordskifteretten har den naudsynte saklege kompetansen. Alternativt må partane setje fram krav om mellombels forføying hjå tingretten om same tvistegjenstand. …Vi meiner det kan vere hensiktsmessig også i rettsfastsettande saker å gi mellombelse bruksreglar fram til tvisten vert avklart. Typisk vil vere grensegang eller rettsutgreiing for private vegar, der til dømes ein av partane har sett opp sperring. Etter vårt syn har jordskifteretten god kompetanse på å lage praktiske reglar fram til dom i saka er rettskraftig avgjort. Vi trur også det vil vere lettare for partane å halde seg til berre ein rettsinstans når slike problem dukkar opp. Om slik mellombels ordning høyrer inn under § 3-30 er vi litt usikre på, men vår intensjon er å få denne oppgåva med i lovteksten.»
8.31.3 Departementets vurderingar
Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 23 at for den tida jordskiftet varer, kan jordskifteretten gi reglar for bruken eller leggje slike band på bruken av skiftefeltet som retten finn tenleg av omsyn til jordskiftet. Etter gjeldande jordskiftelov § 60 kan jordskifteretten frå tidspunktet da jordskiftet sluttast til det setjast i verk, gi reglar for bruken og fastsetje vederlag for bruken i samsvar med reglane i gjeldande jordskiftelov § 23. Jordskifteretten skal òg leggje slike band på partar og andre når det gjeld bruken i skiftefeltet som retten meiner er tenleg for å hindre at føresetnadene for skifte blir endra. Vederlag for tap som kjem av dette, fastset jordskifteretten etter gjeldande lov ved skjønn og utliknar vederlaget etter reglane i gjeldande jordskiftelov kapittel 8 (nytte).
Departementet meiner det er behov for å føre reglane vidare i ny jordskiftelov. Departementet foreslår å samle reglane i ei føresegn. Sjå lovforslaget § 3-34. Dette er i samsvar med høyringsforslaget.
Departementet er samd med Sør-Trøndelag jordskifterett og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme i at det i praksis vil vere lite sannsynleg at dommaren har grunnlag for å gi foreløpige reglar straks kravet har kome inn, og før partane har gitt uttale i saka. Departementet foreslår difor at jordskifteretten skal ha kompetanse til å fastsetje foreløpige reglar frå det tidspunktet saka etter lovforslaget § 6-19 første ledd ikkje lenger kan trekkjast utan samtykke frå jordskifteretten. Etter departementets syn bør heimelen gjelde fram til jordskiftet er gjennomført. Tidsramma som jordskifteretten kan gi foreløpige bruksreglar for går fram av lovforslaget § 3-34 første ledd.
Ut over dette meiner departementet at reglane bør bli meir opplysande. Informasjonsomsyn tilseier dette. Det bør gå fram av lova at ein som må avstå frå bruk som følgje av avgjerd etter første ledd har rett til vederlag. Sjå lovforslaget § 34 andre ledd første punktum. Denne retten har han òg etter gjeldande reglar, men det kjem ikkje så tydeleg fram av lova. Det bør, som i gjeldande jordskiftelov § 23 andre ledd òg gå fram av lova at jordskifteretten fastset vederlaget. Sjå lovforslaget § 3-34 andre ledd andre punktum. I tillegg bør det gå tydelegare fram enn i gjeldande jordskiftelov § 23 andre ledd at for avgjerd som gjeld reglar om bruk fram til jordskiftesaka blir avslutta, skal jordskifteretten leggje kostnadene som dette fører til på dei som har nytte av avgjerda, sjå lovforslaget § 3-34 tredje ledd.
8.32 Skiping og oppmåling av nye matrikkeleiningar
8.32.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-29 ei føresegn om at eigedomsdeling som gjeld areal eller rettar som inngår i sak for jordskifteretten skal utførast av jordskifteretten med mindre jordskifteretten bestemmer noko anna. Forslaget er ut over dette at jordskiftedommaren kan gi attest for samanslåing i samsvar med matrikkellova § 18.
8.32.2 Høyringsinstansane
Miljøverndepartementet foreslår å endre teksten i paragrafoverskrifta fordi det i plan- og bygningslova og matrikkellova ikkje lenger heiter deling, men skiping og endring av eigedom. Miljøverndepartementet uttaler òg:
«Det bør her også minnes om at «deling» etter jordskifteloven er et alternativt og subsidiært institutt i forhold til pbl/matrikkelsystemet – i hvert fall når det gjelder til annet enn landbruk.
Generelt bør det gjøres en presisering og gis en betre beskrivelse av forholdet mellom jordskiftedeling og pbl/matrikkeldeling.»
Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:
«Denne regelen legg til rette for at jordskifteretten skal ha kontroll med alle eigedomsdelingar på areal som inngår i sak for jordskifteretten. Dette er etter ordlyden ikkje avgrensa berre til jordskifte etter kapittel 3, men til alle saker. Behovet for regelen gjeld etter vårt syn først og fremst i saker etter kapittel 3 og bør avgrensast til dette. Det andre spørsmålet regelen reiser er om den er klart nok uttrykt. Det blir no eit krav om at berre jordskifteretten kan utføre eigedomsdeling. Det sentrale er likevel at einsøknad om deling ikkje blir handsama etter plan- og bygningslov eller jordlov, utan at jordskifteretten har kontroll med om det blir gjeve slikt delingsløyve. Spørsmålet er då om denne formuleringa som her er foreslått er god nok til å regulere dette.»
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme peiker på at det bør vurderast om det i første ledd bør stå ei tilvising til matrikkellova § 33 femte ledd. Dersom det er meininga at første ledd skal gjelde alle sakstypar for jordskifteretten, foreslår dei at regelen blir flytta til kapittel 6. Skal regelen berre gjelde i jordskiftesaker, bør ordlyden endrast. Jordskifterettane reiser òg spørsmål om ordlyden er tilstrekkeleg presis nok i høve til formålet som må vere at jordskifteretten har kontroll med at det er gitt delingssamtykke.
8.32.3 Departementets vurderingar
I gjeldande jordskiftelov § 86 er det fastsett at på bruk som ligg under offentleg jordskifte, kan ingen andre enn jordskifteretten skipe nye matrikkeleiningar utan samtykke frå retten. «Oppmålingsforretninga» som slik jordskiftesak fører med seg skal jordskifteretten alltid halde. Når partane i eit avtaleskjønn etter gjeldande jordskiftelov § 6 fjerde ledd er samde om det, gjer jordskifteretten òg oppmålingsforretning. Formålet med regelen i § 86 er å sikre at jordskifteretten har kontroll over dei areala som er til behandling i saka. Kommunen skal ikkje kunne gjere endringar i skiftefeltet utan at jordskifteretten er kjent med dette. Kommunen og jordskifteretten kan ikkje endre eigedomstilhøva samtidig.
Behovet for reglar om matrikkelføring og tinglysing må sjåast i lys av at departementet i lovforslaget § 6-30 foreslår at jordskifteretten skal ha plikt til å rapportere til matrikkelen både når det er sett fram krav om sak, og om resultatet av saka. Sjå omtale om rapportering og tinglysing i kapittel 12.3.5, og i merknader til lovforslaget §§ 6-30 og 6-31. Departementet legg såleis til grunn at det i forskrift med heimel i matrikkellova kan fastsetjast tekniske krav til kva jordskifteretten skal levere til matrikkelen.
Spørsmål om rekkefølgja mellom matrikkelføring og tinglysing er aktuell der jordskifteretten skipar ny matrikkeleining, slår saman matrikkeleiningar eller slettar matrikkeleining. I slike saker er det behov for ei tenleg rekkefølgje. I lovforslaget kan dette gjelde i sak etter både kapittel 3 og 4. Eit eksempel der det er aktuelt er lovforslaget § 3-35 som gir jordskifteretten kompetanse til å skipe nye matrikkeleiningar etter matrikkellova § 10 femte ledd, og slå saman matrikkeleiningar i samsvar med matrikkellova § 18 og forskrifter gitt med heimel i matrikkellova. Eit anna eksempel er lovforslaget § 4-1 bokstav c som gir jordskifteretten heimel til å registrere uregistrert jordsameige.
Matrikkellova § 24 sjette ledd byggjer i dag på at det er jordskiftelova som skal ha reglar om rekkefølgja. Regelen går fram av gjeldande jordskiftelov § 24 første ledd tredje punktum der det er fastsett at dersom det er oppretta nye matrikkeleiningar i saka, må dette vere ført inn i matrikkelen før utdraget blir sendt til tinglysing. Departementet meiner at det bør leggjast opp til enklare reglar og da slik at rekkjefølgja bør kunne regulerast gjennom ei forskrift etter matrikkellova. Løysinga gjer det unødvendig med eigne reglar om rekkefølgja i jordskiftelova.
Matrikkellova § 24 sjuande ledd har ein heimel for forskrift om rutinar som sikrar samsvar mellom matrikkel og grunnbok. Departementet meiner at denne forskriftsheimelen òg kan brukast for å regulere rekkefølgja når jordskifteretten opprettar ny matrikkeleining eller slår saman eller slettar matrikkeleining. Departementet har i samråd med Miljøverndepartementet lagt til grunn at gjeldande forskrift må utvidast innan ny jordskiftelov trer i kraft slik at forskrifta òg vil gjelde rutinar for krav og meldingar frå jordskifteretten. Endringar i forskrifta og føringsinstruks for matrikkelen må ta høgde for at jordskifteretten er ein domstol der disposisjonsprinsippet gjeld. Departementet foreslår med dette som bakgrunn å oppheve matrikkellova § 24 sjette ledd. Sjuande ledd blir nytt sjette ledd som vil gi heimel for forskrift. Sjå lovforslaget § 9-7 nr. 20.
Forslaga til endring av matrikkellova legg til rette for følgjande rutine: Har jordskifteretten fastsett at det skal skipast ny matrikkeleining, eller at matrikkeleiningar skal slåast saman eller slettast, set jordskifteretten fram krav om matrikkelføring i samsvar med matrikkellova og forskrifter til henne. Matrikkelføraren sender skjemaet «melding frå matrikkelen til grunnboken» til jordskifteretten. Jordskifteretten sender deretter saka eller utdrag av saka til tinglysing saman med meldinga frå matrikkelen. Dersom det er gjort feil som gjer at oppretting av ny matrikkeleining eller samanslåing eller sletting av matrikkeleining ikkje kan førast i matrikkelen, kan matrikkelføraren be jordskifteretten om å rette feilen.
Departementet foreslår ut over dette ein heimel som gir jordskifteretten kompetanse til å skipe og måle opp ny matrikkeleining som inngår i sak for jordskifteretten om ikkje jordskifteretten fastset noko anna. Sjå lovforslaget § 3-35 andre ledd. Departementet meiner at jordskifteretten i slike høve bør kunne gi kommunen løyve til å skipe nye einingar sjølv om det er ei sak for jordskifteretten. Løysinga er i samsvar med gjeldande jordskiftelov.
8.33 Frist for iverksetjing av avgjerd
8.33.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-30 første ledd at jordskifteavgjerda skal innehalde ein frist for overgang til nye eigedomstilhøve og andre fristar som vil vere nødvendige for å iverksetje endringane som følgjer av jordskifteløysinga. Forslaget inneber òg at det utan samtykke frå alle som var med i saka ikkje kan setjast kortare frist enn ein månad rekna frå forkynninga. Det skal heller ikkje kunne setjast lengre frist enn det som er nødvendig for å iverksetje avgjerdene. Berre i særlege tilfelle skal ein frist kunne setjast til meir enn fem år, og ikkje i noko tilfelle i lengre tid enn 10 år.
8.33.2 Høyringsinstansane
Høyringsinstansane har ikkje gitt kommentarar til første ledd i høyringsforslaget § 3-30.
8.33.3 Departementets vurderingar
I gjeldande jordskiftelov § 59 er det fastsett detaljerte reglar om fristar. Det går fram av første ledd i føresegna at jordskifteretten kan setje fristar for overtaking av eigedommane og andre fristar som trengst for iverksetjing av avgjerdene. Det går òg fram av andre ledd at utan samtykke frå alle som er med i skiftet, kan det ikkje setjast kortare frist enn to månader rekna frå forkynninga. Jordskifteretten kan ikkje setje lengre fristar enn det som trengst for å setje avgjerdene i verk, og berre i særlege høve setje fristar til meir enn fem år. Ikkje i noko høve kan jordskifteretten setje fristar til meir enn 10 år. Etter tredje ledd kan jordskifteoverdommaren gi utsetjing med flytting eller andre tiltak dersom det kan bevisast at det er uråd å gjere tiltaket til fastsett tid, og at vedkomande ikkje er skuld i dette eller har herredømme over det. Om slik utsetjing vil vere til skade for nokon av dei andre partane, skal jordskifteoverdommaren fastsetje vederlag for skaden. Fjerde ledd gjeld iverksetjing av felles tiltak. I slike høve kan jordskifteoverdommaren etter søknad forlenge fristen òg utan at vilkåra i tredje ledd første punktum ligg føre.
Departemente meiner det bør vere ein tilvisingsregel i kapittel 3 som viser til heimelen jordskifteretten har for å setje fristar for iverksetjing av jordskifteløysinga. Departementet foreslår ein slik regel, sjå lovforslaget § 3-36 som viser til lovforslaget § 6-27.
8.34 Sperretid for nytt jordskifte
8.34.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-5 første ledd at det som tidlegare har vore under jordskifte etter lova eller tidlegare jordskiftelov ikkje skal kunne takast opp til ny jordskiftebehandling før det har gått 10 år etter det førre jordskiftet. Av høyringsforslaget går det òg fram at det same skal gjelde dersom jordskifte blir nekta fordi vilkåra etter høyringsforslaget §§ 3-2 og 3-3 ikkje er til stades.
I høyringsforslaget § 3-5 andre ledd er det gjort eit unntak når naturskade, endringar som nemnde i høyringsforslaget § 3-4 andre ledd bokstavane a til c, handel med areal og liknande vil gjere at det ikkje lenger er naturleg å rekne området som tidlegare skifta.
8.34.2 Høyringsinstansane
Jordskifteoverrettane, jordskifterettane i Agder jordskiftedømme og jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler at det å føre vidare gjeldande regel om 10 års sperretid kan oppfattast noko upresist. Jordskifteretten og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler om dette:
«..vil vi vise til at dagens regel som her er foreslått vidareført kan oppfattast noko upresist. Den er nok skapt i ei tid då ein såg for seg at eit jordskifte tok for seg alt som var av problem innanfor eit geografisk område, og at ein ikkje kunne kome att med nytt jordskifte innan ein gitt frist. I dag kan eit jordskiftekrav gå ut på å avløyse vegrett, medan det kan kome nytt krav nokre år seinare med sikte på å ordne bruken av den same vegen. Spørsmålet blir i så fall om ti-årsfristen skal gjelde. Vi vil foreslå at tiårsfristen blir knytt til formuleringa i § 3-1, slik at eit problem løyst ved bruk av reglane i §§ 3-6 og 3-15 ikkje kan krevjast løyst på nytt som jordskiftesak før det er gått ti år frå avsluttinga av førre sak. Det kan og vere grunn til å gje regel om kva tidspunkt ein skal rekne fristen frå. Etter vårt syn bør dette vere frå den førre saka blir endeleg avslutta.»
Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at bruken av eigedommar kan endre seg vesentleg i løpet av 10 år. Jordskiftedommarane meiner at dette bør vere tilstrekkeleg til å ta saka opp att før det har gått 10 år. Sør-Trøndelag jordskifterett peiker òg på at høyringsforslaget § 3-5 andre ledd bør gjerast meir generell, og at jordskiftet bør kunne takast opp att før 10 årsfristen er ute dersom det ligg føre vesentleg endra føresetnader.
Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at sperretid ikkje er eit godt uttrykk, og foreslår overskrifta Nytt jordskifte. Jordskifterettane har ikkje merknader til å føre vidare gjeldande rett i høyringsforslaget § 3-5 første ledd. Dei foreslår likevel eit meir generelt unntak i siste ledd. Forslaget inneber at om føresetnadene som jordskiftet byggjer på fell bort, må det kunne krevjast jordskifte utan omsyn til om det er halde jordskifte på eigedommane tidlegare.
8.34.3 Departementets vurderingar
Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 4 første ledd at det som tidlegare har vore under offentleg jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 2 bokstavane a til f ikkje kan takast opp til ny jordskiftebehandling før 10 år etter at det førre skifte var slutt. Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 4 andre ledd at det same gjeld om jordskifte er nekta av materielle grunnar. Om grunnane til nektinga har falle bort, kan jordskifte fremjast utan omsyn til fristen på 10 år. I gjeldande jordskiftelov § 4 tredje ledd er det eit unntak frå 10 års fristen. Unntaket gjeld for det tilfellet at areal som har vore underlagt jordskifte blir drege inn i eit anna jordskifte med heimel i gjeldande jordskiftelov §§ 16 eller 25. Unntaket gjeld såleis der det er spørsmål om å regulere grense mot naboeigedom, eller utvide jordskifteområdet. I fjerde ledd er det fastsett at vedtak etter §§ 43, 44 og 52 kan takast opp til ny behandling i jordskifteretten når det er gått 10 år. I femte ledd er det eit unntak frå fristen når ras elvebrot, anlegg av offentleg veg, kjøp av tilleggsjord og liknande gjer at det ikkje lenger er naturleg å sjå området som tidlegare skifta.
Departementet foreslår å føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov om sperrefrist. Det er behov for ein slik regel for å sikre at jordskifteløysinga kan gjennomførast utan at dei som ikkje er fornøgde med resultatet kan reise ny sak og såleis halde saka i live. Forslaget går fram av lovforslaget § 3-37. Forslaget gjeld avgjerder etter lovforslaget §§ 3-4 til 3-12.
Departementet foreslår å føre vidare fristen på 10 år, og at det ut over dette bør vere nokre unntak frå sperrefristen. Unntaka i lovforslaget byggjer på unntaka i gjeldande jordskiftelov § 4, men er tilpassa løysingane og reglane i forslaget til ny jordskiftelov. Departementet foreslår såleis i lovforslaget § 3-37 andre ledd at sperrefrist òg skal gjelde om jordskifte er nekta fordi vilkåra i lovforslaget §§ 3-2, 3-18 eller 3-19 ikkje var oppfylte. Ein kan likevel ta opp til behandling nytt krav om jordskifte dersom vilkåra blir oppfylte på eit seinare tidspunkt. I lovforslaget § 3-37 tredje ledd foreslår departementet eit unntak frå sperrefristen som gjeld når jordskifteretten utvidar saka etter lovforslaget § 6-9 fjerde ledd. I lovforslaget § 3-37 fjerde ledd blir gjeldande jordskiftelov § 4 femte ledd ført vidare.
Departementet foreslår ikkje å føre vidare ein eigen regel som tilsvarer gjeldande jordskiftelov § 4 fjerde ledd som gjeld bruk, opparbeiding og vedlikehald av vegar, lukka grøfter og kanalar, og reglar om gjerdeplikt. Gjeldande regel er lite brukt. Formålet med regelen er å ordne på utvalte delar av ei sak utan å krevje fullt jordskifte. Departementet meiner at den generelle formuleringa i lovforslaget § 3-37 første ledd dekkjer behovet for nytt jordskifte. Når gjeldande jordskiftelov § 4 fjerde ledd er lite brukt, meiner departementet det er eit teikn på at det er lite behov for ein spesialregel som gir heimel for å ta avgrensa delar av saka oppatt før denne tida er ute. Omsynet til eit lett tilgjengeleg regelverk tilseier da at regelen ikkje skal førast vidare i ny jordskiftelov.
Departementet er samd med dei høyringsinstansane som viser til at eit jordskifte kan vere så mangt, og at regelen om sperrefrist ikkje bør vere til hinder for å behandle ei jordskiftesak om andre spørsmål på same område innanfor 10-årsfristen. Departementet meiner at ordlyden «det som tidlegare har vore under skifte» opnar for ei slik løysing. Departementet er òg samd i at ordlyden i den nye jordskiftelova bør gjere det klart når tidsfristen skal reknast frå. Departementet foreslår difor at fristen ikkje lenger skal reknast frå det tidspunktet jordskiftet var «slutt», men frå det tidspunktet det «førre jordskifte var rettskraftig avgjort». Endringane går fram av lovforslaget § 3-37 første ledd.
8.35 Endringar i andre lover
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget å endre Lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende i statsalmenningane (fjellova) § 16. Departementet foreslår eit nytt andre ledd. Grunngivinga for departementets forslag til endring går fram av kapittel 8.13.4.3.
Arbeidsgruppa foreslår å endre Lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenningar § 1-4 slik at paragrafen viser til ny jordskiftelov §§ 3-6 og 3-13 i høyringsforslaget. Arbeidsgruppa foreslår ikkje å endre bygdeallmenningslova § 6-3 andre ledd. I lovforslaget vel departementet ei anna løysing enn den ein finn i høyringsforslaget. Grunngivinga for departementets forslag til endring går fram av kapittel 8.7.3.3 og 8.13.4.3.
Arbeidsgruppa foreslår å endre Lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsalmenningene § 4-2 slik at paragrafen viser til ny jordskiftelov §§ 3-6 og 3-13. I lovforslaget vel departementet ei anna løysing enn i høyringsforslaget. Grunngivinga for departementets forslag til endring går fram av kapittel 8.7.3.3 og 8.12.3.5.
Arbeidsgruppa foreslår ikkje å endre Lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) §§ 10 og 12. Departementet foreslår likevel ei endring. Grunngivinga for departementets forslag til endring går fram av kapittel 8.13.5.3.
Arbeidsgruppa foreslår ikkje å endre Lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 12-7. Departementet foreslår likevel ei endring. Grunngiving for departementets forslag til endring går fram av kapittel 8.29.3.2.
8.36 Verkemiddel og andre reglar som ikkje blir ført vidare
8.36.1 Minneleg jordskifte og jordskifte ved valdgift
8.36.1.1 Høyringsforslaget
I høyringsforslaget går arbeidsgruppa inn for at minneleg jordskifte og jordskifte ved valdgift skal gå ut av lova.
8.36.1.2 Høyringsinstansane
Direktoratet for Naturforvaltning uttaler:
«I utkastet til ny jordskiftelov er reglene i kapittel 9 om frivillig jordskifte foreslått fjernet. Begrunnelsen for dette fremkommer på side 57-59 i høyringsnotatet.
Det legges vekt på at praktisk erfaring viser at det ikke er behov for minnelig jordskifte. Tallet på minnelige jordskiftesaker har gått ned, og det er få som har kompetanse til å utforme et minnelig jordskifte som oppfyller kravene til et offentlig jordskifte.
DN er en av de relativt få aktørene som fortsatt benytter seg av ordningen med frivillig jordskifte, i forbindelse med vernesaker. Ofte løses erstatningsoppgjøret med grunneiere enten som frivillig vern saker, eller ved for eksempel minnelig makeskifte.
Reglene om frivillig jordskifte og minnelig makeskifte finner vi i kapittel 9 som er foreslått fjernet. Selv om vilkårene i utkastets §§ 3-2 og 3-3 for offisielle jordskiftesaker på mange måter er like de vilkår som stilles til frivillig jordskifte i dagens lov § 82, 3. ledd, så ser DN fordelene ved at ordningen med frivillig jordskifte videreføres på enkelte områder.
DN er enig i at det i forhold til oppdatering av matrikkel og kartverk er en fordel at alle saker fra jordskifteretten blir rapportert på same måte. Reglene om «attest-jordskifte» bør difor ikke videreføres.
Men en vesentlig forskjell mellom privat jordskifte og offentlig jordskifte er partenes rådighet over saken. DN mener at de frivillige avtalene som inngås med grunneiere og tomtefestere av grunn og skog som vernes må være bindende også for jordskifteretten dersom saken skal gå som offentlig jordskiftesak. Det vil ikke være en heldig utvikling dersom jordskifteretten skal ha kompetanse til å se bort frå de avtalene DN inngår med private parter, kun fordi sakene må reises som offisielle jordskiftesaker.
DN synes det er noe uklart hvordan de private avtalene som inngås med brukere og grunneiere av vernede områder skal behandles i de offisielle jordskiftesakene, og stiller spørsmålstegn ved om det da er reglene om rettsforlik i utkastets § 6-23 som skal anvendes som substitutt.»
Norges Jordskiftekandidatforening, Faglig gruppe av Tekna uttaler:
«NJKF mener det er uheldig å fjerne bestemmelsene om minnelig jordskifte. Argumentene brukt av arbeidsgruppa for å fjerne bestemmelsene kan i vel så stor grad brukes for å forsvare ordningen. Det vises spesielt til merknadene på s. 58, avsnitt 3. Dersom partene i all hovedsak selv har klarlagt forholdene rundt eiendommen og med en standard som tilfredsstiller jordskiftelovens vilkår, hvorfor skal da saken kreves som ordinært jordskifte?
I en del tilfelle kan grunneiere bli enige seg i mellom om arealbytter. Det er i seg selv positivt at det kan inngås avtaler om slike endringer mer tilpasset dagens behov enn den opprinnelige eiendomsutformingen. Endring av eiendommenes areal berører panthavernes sikkerhet. Panthaver er ikke part i en slik avtale. Minnelig jordskifte med attest fra jordskiftedommeren sikrer deres krav samt at pantet skal hvile på den «nye» eiendommen, og at de nye grensene blir registrert som gjeldende framtidige grenser. Dette er en grei og enkel måte for grunneiere selv å omforme eiendommene slik de ønsker. Panthaveres sikkerhet blir ivaretatt samtidig som grenseopplysninger blir registrert slik lovverket krever.
Ved erverv av arealer til offentlig formål kan det også ligge til rette for bytte av arealer som en del av grunnervervet. Ordningen med minnelig jordskifte fungerer som en enkel og god registrering av avtalen, jf. det som er nevnt ovenfor om minnelig jordskifte.
En rekke saker der flytting av grenser eller bytte av arealer inngår, kan ved minnelig jordskifte enkelt og raskt løses av grunneierne selv, eventuelt med støtte fra fagpersoner til for eksempel oppmåling. Slik bør jordskifteretten avlastes, uten at saken medfører full domstolsbehandling for partene. NJKF mener at ordningen med minnelig jordskifte må opprettholdes og videreutvikles. En hensiktsmessig videreutvikling kan for eksempel være at Statens kartverk v/Tinglysingen kan tinglyse og matrikkelføre den type avtaler som minnelig jordskifte representerer, når dette er utført med attest fra fagpersoner (jordskiftekandidat) som er godkjent for dette, om at ingen eiendommer som er berørt får redusert verdi og at endringene ikke er i strid med offentlige reguleringer eller andre bestemmelser. NJKF viser i den sammenheng til det arbeidet som er gjort med å innføre en sertifiseringsordning i vår forening.»
8.36.1.3 Departementets vurderingar
Departementet foreslår at minneleg jordskifte og jordskifte ved valdgift skal takast ut av jordskiftelova. Reglane følgjer i dag av gjeldande jordskiftelov §§ 82 og 85. Begge dei to verkemidla er i fortsetjinga omtala med formuleringa minneleg jordskifte.
Departementet meiner at partane ikkje bør ha moglegheit til å avtale seg forbi vernet mot tap i lovforslaget § 3-18. Det er jordskifteretten, ikkje partane, som må ta stilling til om nokon part eller om ein tredjemann lir tap.
Partane bør heller ikkje kunne avtale at jordskifteretten skal ha kompetanse som jordskifteretten ikkje har etter jordskiftelova. Det praktiske behovet partane kan ha for å utvide kompetansen er dekt gjennom lovforslaget § 5-5 som gir heimel for avtaleskjønn.
Dersom poenget med den minnelege avtalen er å unngå anke, kan partane før avgjerda er fatta med heimel i tvistelova § 29-6 gjensidig avtale at dei vil godta resultatet frå jordskifteretten.
Jordskiftelova § 85 har frå starten i 1979 hatt ein eigen regel om valdgiftsjordskifte. Regelen blei utvida med eit nytt andre ledd i 2001. Reglane i § 85 andre ledd er begrunna ut frå eit ønske om å leggje betre til rette for større tiltaksjordskifte der ein for eksempel skal føre fram ein veg eller jernbane. I mange høve kjøper tiltakshavarar heile eigedommar som skal gå inn i jordskiftet og leggjast ut som areal til bruk for tiltakshavaren. Lovforslaget § 3-2 første ledd andre punktum gir generell heimel for å halde tiltaksjordskifte. I slike høve er vurderinga av kva som er tenleg for partane knytt til korleis situasjonen vil bli når tiltaket er gjennomført. Dette gjer at det ikkje lenger er behov for reglane som blei vedtekne i 2001.
Norges Jordskiftekandidatforening, Faglig gruppe av Tekna (NJKF) viser i sin uttale til at minnelege jordskifte ikkje er til hinder for at jordskifteløysinga tek vare på interessene til andre enn partane, for eksempel panthavarane. NJKF meiner òg at frivillige avtalar supplert med minneleg jordskifte vil krevje mindre tid enn offentleg jordskifte. Departementet oppfattar uttalane slik at dei meiner det ligg til rette for ei mellomløysing. Departementet er ikkje samd i det. Oppgåva jordskifteretten har i eit minneleg jordskifte i dag er å kontrollere jordskifteløysinga, for eksempel ved å kontrollere verdsetjing av areal som går i byte eller måle grensene. Jordskifteretten går da god for at jordskiftet fyller alle krav til eit offentleg jordskifte. Ei slik løysing er like arbeidskrevjande som eit vanleg jordskifte. Det blir lite å vinne i arbeid og sakskostnader ved eit minneleg jordskifte. Departementet foreslår difor å ta bort kompetansen jordskifteretten har til å halde minnelege jordskifte.
Endringa vil truleg ikkje føre til at sakskostnadene aukar. Hovudregelen om jordskiftedommaren som einedommar jf. lovforslaget § 2-6 første ledd vil ofte eigne seg når det er utstrakt semje mellom partane. Det er grunn til å tru at om partane er samde om ei løysing, vil løysinga normalt fylle vilkåra i jordskiftelova og difor oftast vere godt brukande òg i eit offentleg jordskifte. Endeleg viser departementet til at det er ei forenkling å berre ha eitt sett med reglar om jordskifte.
Direktoratet for Naturforvaltning (DN) peiker på at rådvelde som partane har over saka er ein vesentleg forskjell mellom minneleg og offentleg jordskifte. Departementet meiner det ikkje er noko slikt skilje når det gjeld innhaldet i saka. Partane må i begge tilfelle gjere greie for problemet dei ønskjer at jordskifteretten skal løyse. Sjå lovforslaget § 3-2. DN meiner ut over dette at jordskifteretten må vere bunden av dei friviljuge avtalane som DN inngår med grunneigarar og tomtefestarar av grunn som skal vernast. Departementet viser til at jordskifteretten må respektere desse avtalane så framt dei fell inn under «bindande offentlege føresegner om arealbruk» sjå lovforslaget § 3-17 første ledd. Når DN gjer avtale med grunneigarar knytt til vernejordskifte, går det ut over dette fram av lovforslaget § 3-22 at om ein part «treng grunn til særskilte formål som vegar eller anna, kan han krevje dette utlagt av sin del». Departementet har grunn til å rekne med at denne heimelen dekkjer det behovet DN har for at jordskifteløysinga ikkje bryt med dei aktuelle avtalane.
I samband med innføringa av reglane i gjeldande jordskiftelov § 85 andre ledd i 2001 blei det fastsett nye reglar i odelslova § 16 fjerde ledd andre og tredje punktum og i odelslova § 32 første ledd andre punktum. Etter odelslova § 16 går kvar teig inn under odel eller odling på den eigedommen teigen blir høyrande til dersom teigar eller jordstykke blir bytt. Det same gjeld ved jordskifte der jord blir overført frå ein eigedom til ein annan. Odelslova § 16 tredje ledd fastset at det same skal gjelde når ein teig eller eit jordstykke blir overført til den nye eigedommen som følgje av at jordskifteretten held valdgiftsjordskifte. Endringa i odelslova § 32 innebar at dersom jord blei bytt ved valdgiftsjordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 85 andre ledd, skulle eldre odelsrett falle bort på den eigedommen eigaren gir frå seg uavhengig av om det gjeld ein del av ein eigedom eller ein heil eigedom.
Når departementet no foreslår at valdgiftsjordskifte blir borte, må det takast stilling til korleis reglane i odelslova § 16 og 32 bør bli. Departementet kan ikkje sjå at det er eit sjølvstendig behov for dei reglane som blei innførte i samband med lovendringa i 2001, og foreslår at dei blir oppheva. Dersom valdgiftsjordskiftet er avslutta før ny lov trer i kraft, vil odelen anten vere overført etter § 16 eller eldre odelsrett har falt bort etter § 32.
8.36.2 Utflytting
8.36.2.1 Høyringsforslaget
I høyringsforslaget går arbeidsgruppa inn for at reglane om utflytting skal gå ut av lova.
8.36.2.2 Høyringsinstansane
Jordskifteoverdomarane uttaler at dei ikkje har merknader til forslaget. Det er ikkje andre som har uttalt seg om dette forslaget.
8.36.2.3 Departementets vurderingar
Departementet foreslår at reglane om utflytting i gjeldande jordskiftelov §§ 45 til 50 ikkje skal førast vidare i ny jordskiftelov. Arbeidsgruppa legg til grunn at dei ikkje er i bruk lenger. Ingen har kome med merknader til forslaget.
Reglane om utflytting har sitt opphav i ei tid da det var mykje om å gjere å avvikle klyngetun. Nå er fleire av dei attverande klyngetuna varig verna. I periodar var det eige statstilskott til utflytting. Statstilskotta er borte.
Departementet meiner elles at det i samband med eit jordskifte etter lovforslaget § 3-4 må vere mogleg å byte bygningar, og at det òg bør vere mogleg å overføre små bygningar mot vederlag i pengar slik regelen er i gjeldande jordskiftelov § 48. Departementet foreslår i lovforslaget § 3-4 andre ledd ein eigen heimel for dette. Sjå drøfting av dette i kapittel 8.10.3.1.
8.36.3 Reglar om bruken av vatn, vassdrag og sjø
8.36.3.1 Høyringsforslaget
Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-27 å føre vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 44 andre ledd som gjeld bruken av vatn og vassdrag med nokre mindre endringar i ordlyden som ikkje er meint å føre til realitetsendring. I tillegg foreslår arbeidsgruppa at heimelen skal utvidast til å gjelde bruken av sjø.
8.36.3.2 Høyringsinstansane
Miljøverndepartementet meiner det vil vere ein fordel om paragrafen gjer klart at det er råderettsreglane mellom partane paragrafen gjeld. Domstoladministrasjonen (DA) foreslår å stryke regelen, og i staden ta inn ei presisering av at føresegnene i jordskiftelova òg gjeld i vatn, vassdrag og sjø. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner òg at regelen er unødvendig. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme foreslår å flytte innhaldet til paragrafen om bruksordning, medan Sør-Trøndelag jordskifterett meiner at føresegna bør inn i høyringsforslaget § 1-2 som gjeld virkeområde.
8.36.3.3 Departementets vurderingar
Departementet foreslår at det ikkje skal vere ein eigen paragraf i ny jordskiftelov om kva jordskifteretten kan gjere med den private eigedomsretten til vatn, vassdrag og sjø. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som uttaler at denne føresegna ikkje er nødvendig fordi lovforslaget § 1-2 slår fast at virkeområdet til lova er fast eigedom, vassdrag og sjø.
Departementet er samd med Miljøverndepartementet i at oppgåvene til jordskifteretten gjeld den råderetten som ligg til eigarar og brukarar. Jordskifteretten er ikkje eit forvaltingsorgan. Landbruks- og matdepartementet viser til at jordskifteretten er ein domstol med domstolsoppgåver, og meiner det ikkje er nødvendig å presisere at jordskifteretten ikkje er eit forvaltingsorgan i lovteksten. Det må vere nok å omtale kva jordskifteretten har kompetanse til etter lovforslaget § 1-2. Departementet viser elles til lovforslaget § 3-17 første ledd der det heiter at jordskifteløysinga ikkje skal vere i strid med bindande offentlege føresegner om arealbruk.