Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

15 Ymse reglar, overgangsreglar og ikraftsetjing

15.1 Ymse reglar

15.1.1 Høyringsforslaget

Kapittel 9 i lovforslaget til arbeidsgruppa inneheld reglar som gruppa meinte ein kunne samle i eit kapittel med «ymse føresegner», sjå òg høyringsnotatet kapittel 5.13. Reglane er i det vesentlege henta frå kapittel 12 i gjeldande jordskiftelov. Høyringsforslaget § 9-1 har reglar om utbetaling av pengevederlag til eigaren av ein pantsett eigedom, og dessutan om deponering. Regelen erstatta gjeldande jordskiftelov § 90. Høyringsforslaget § 9-2 gjeld overføring av skyldnader knytt til eigedom eller grunnstykke som er med i jordskifte. Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov 92 første ledd. Høyringsforslaget § 9-3 gjeld den meldeplikta som offentlege organ har etter kulturminnelova. Meldeplikta gjeld òg for jordskifterettane. Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 92 andre ledd. Høyringsforslaget § 9-4 gjeld kompetansen jordskifteretten har til å ta nødvendige avgjerder etter skogbrukslova. Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 93. Høyringsforslaget § 9-5 gjeld straffeansvar for den som bryt reglar jordskifteretten gir om bruken av areal medan jordskiftesaka er under behandling eller fram til jordskifteavgjerda blir rettskraftig, jf. høyringsforslaget § 3-30. Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 95. Arbeidsgruppa fremjer ikkje forslag om konkrete iversetjings- eller overgangsreglar, men set av plass til slike reglar i §§ 9-6 og 9-7. I § 9-8 foreslår arbeidsgruppa endringar i andre lover.

15.1.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler til høyringsforslaget § 9-5, straffeføresegna:

«Vi legger til grunn at henvisningen i utkastet § 9-5 er til utkastet § 3-30 annet ledd. Justisdepartementets klare oppfatning er at straff for overtredelse av den type regler som jordskifteretten her er gitt hjemmel til å gi, ikke bør videreføres. Denne typen regelbrudd er ikke alvorlige nok til å sanksjoneres med straff. Det vises til redegjørelsen for kriminaliseringsprinsippene i Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) kapittel 7. For overtredelse av regler gitt i medhold av utkastet § 3-30 (annet ledd) antar vi at sivilrettslige sanksjoner, herunder erstatningssøksmål, vil være tilstrekkelig. Man kan også vurdere om krav som grunner seg på slike regler kan lovfestes som særlig tvangsgrunnlag, slik det er gjort for fravikelseskrav etter skjønnsprosessloven § 55.»

Justisdepartementet gjer elles merksam på at gjeldande lov § 95 tredje punktum er vedteken, men ikkje sett i kraft. § 95 tredje punktum seier at medverknad ikkje blir straffa. Regelen blei vedteken i samband med ny straffelov for å unngå ei utilsikta endring av dagens rettstilstand, som følgje av straffelova § 15.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler, til høyringsforslaget § 9-1 om utbetaling av pengevederlag, at framlegget fører vidare gjeldande jordskiftelov § 90. Det er likevel ein skilnad og det er at ein ikkje lenger kan betale inn pengar til politimeisteren, men skal deponere pengane i samsvar med reglane i deponeringslova. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme støttar endringsforlaget, som medfører at politimeisteren er bytta ut med Norges Bank. Dei uttaler elles at forslaget til § 9-4 om avgjerd etter skogbrukslova fører vidare gjeldande jordskiftelov § 93. Dei har ikkje merknader til dette ut over forslag om visse språklege endringar.

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme meiner høyringsforslaget § 9-3, om meldeplikt etter kulturminnelova er sjølvsagt og unødvendig, og kan takast ut av lova.

Norges Skogeierforbund uttaler til høyringsforslaget § 9-4 om kompetansen til jordskifteretten til å ta nødvendige avgjerder etter skogbrukslova:

«Dette er en videreføring av bestemmelsen i § 93 i gjeldende jordskiftelov. Fra en jordskifterett i innlandet har vi fått opplyst at denne bestemmelsen brukes ved deling av skogfond ved oppløsning av sameier, og ved overføring av skogfondsmidler ved bytte av grunn. Etter vår vurdering er det hensiktsmessig at jordskifteretten har anledning til å utføre slike disposisjoner. Vi har imidlertid også opplevd at det er stilt spørsmål ved om denne bestemmelsen gir jordskifteretten anledning til å behandle søknader om tillatelse til bygging av landbruksveier som er til behandling i jordskifteretten. Det bør det ikke være. Derfor mener vi at det i § 9-4 bør tas inn en presisering som begrenser jordskifterettens myndighet til avgjørelser etter Skogbrukslovens § 14 slik at ikke denne hjemmelen fremstår som generell.»

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har òg merka seg at jordskifteretten kan ta avgjerd etter skogbrukslova jf. § 9-4 i høyringsforslaget. Fylkesmannen uttaler:

«Skogbruksstyresmakten skal varsles ved «større» hogster og ved hogst i vernskog. Dette kan tolkes slik at myndigheten er avgrenset til hogst – «uthogst» for eksempel som del av et standsskogoppgjør. Fylkesmannen har i enkelte tilfelle erfart at rettsavgjørelser som har inkludert «uthogster» i liten grad har ivaretatt hensyn til viktige miljøhensyn. Tilsvarende at fordeling av foryngelsesplikten etter skogbrukslova, har vært uklar. Fylkesmannen forutsetter at jordskifterettens myndighet etter § 9-4 ikke bare skal medføre beslutninger om hogst, men også beslutning som klargjør skogbrukslovens øvrige bestemmelser angående skogeiers forvalteransvar – i hovedsak plikter i forhold til miljø og foryngelse etter hogst. I denne sammenhengen bør også retten beslutte størrelse på skogfondsavsetning og fordeling av skogfond som oppstår etter slik hogst. Skogbruksstyresmaktene skal varsles ved større hogster. Det er opp til skogstyresmakten å møte opp og uttale seg. Fylkesmannen håper at praktiseringen av denne konsultasjonen kan gå lenger enn en enkel varslingsplikt, slik at skogbruksstyresmaktene blir oppfordret til å uttale seg. Vurderinger av miljøtilpasninger, krav til tilfredsstillende foryngelse og nødvendig fondsavsetning, forsterker behovet for involvering av skogbruksstyresmakten og dens fagkompetanse.»

Jernbaneverket viser til at jordskifteretten både skal kunne ta avgjerder etter skogbrukslova, og samstundes ha domstolskompetanse innanfor same saksfelt. Dette reiser prinsipielle spørsmål som må drøftast. Jernbaneverket uttaler òg:

«Siste setning om at «skogbruksstyresmakta skal få høve til å seie si meining» skaper uklarhet. Kommentarene gir ingen føringer utover at skogbruksstyresmakta kun har rett til uttalelse og ingen plikt, status som part eller sakkyndig, ei heller mulighet for anke. Skal skogbruksmyndighetenes synspunkter tillegges vekt, må det konkretiseres hvilken betydning en slik uttalelse skal gis og hvilke konsekvenser en unnlatelse av å innhente slik uttalelse kan få. Dersom slik uttalelse ikke har noen funksjon eller reell innflytelse, kan bestemmelsen utelates.»

15.1.3 Departementets vurderingar

15.1.3.1 Innleiing

Kapittel 9 i lovforslaget har reglar om utbetaling av pengevederlag, om skyldnader til eigedommar som er med i jordskifte, meldeplikt etter kulturminnelova og avgjerd etter skogbrukslova. Kapitlet har òg overgangs- og iverksetjingsreglar. Dette er reglar som det passar å gi i eit avsluttande kapittel med namnet «ymse reglar». Reglane §§ 9-1 til 9-4 er i det vesentlege henta frå kapittel 12 i gjeldande jordskiftelov.

15.1.3.2 Utbetaling av pengevederlag i ei jordskiftesak

Lovforslaget § 9-1 omhandlar utbetaling av pengevederlag. Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 90. Eit jordskifte er bindande for alle som har rettar i dei eigedommane som er underlagt jordskifte. Det gjeld òg panthavarar og andre med sikkerheit i eigedommane. Ingen eigedom som er med i jordskiftet skal bli mindre verd etter skiftet. For å sikre panthavarar mot at eigaren skal bruke opp pengane slik at sikkerheita til panthavaren blir redusert, er det i gjeldande jordskiftelov § 90 første ledd sett eit forbod mot å betale ut eit pengevederlag til eigaren utan at rettshavaren samtykkjer. Regelen er ført vidare i lovforslaget § 9-1 første ledd.

Andre ledd i gjeldande jordskiftelov § 90 har ein regel om at han eller ho som skal betale pengar kan betale dei til politimeistaren som skal setje pengane på beste vilkår i «godkjend bank» til det er avgjort kven som skal ha dei. Arbeidsgruppa uttaler i høyringsnotatet at ein ikkje har funne ut kvifor ein i jordskiftelova har valt ei løysing med deponering hos politimeistaren, og ikkje deponering etter lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve (deponeringslova). Departementet meiner, som arbeidsgruppa og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, at ei løysing med deponering etter deponeringslova må kunne passe òg i jordskiftesamanheng. Det bør vere ein positiv regel om dette i jordskiftelova, for å unngå tvil om deponeringslova § 1 er dekkjande for den situasjonen som første ledd beskriv. Departementet foreslår ein slik regel i lovforslaget § 9-1 andre ledd.

15.1.3.3 Skyldnader knytte til eigedom som er med i jordskifte

Lovforslaget § 9-2 omhandlar skyldnader knytt til eigedom som er med i jordskifte. Paragrafen avløyser og er innhaldsmessig lik gjeldande jordskiftelov § 92 første ledd.

Regelen gjeld dei tilfella der ein eigedom er pålagt plikter eller grunnbyrder av ulike slag, gjerne knytt til avgrensa delar av eigedommen. Blir det overført eit grunnstykke til ein annan eigedom, skal pliktene følgje med så langt det lar seg gjere utan avgjerande ulempe for det som er formålet med jordskiftet. Pliktene blir fjerna frå den eine eigedommen, og tinglyst på den nye tenande eigedommen.

15.1.3.4 Meldeplikta jordskifteretten har etter kulturminnelova

Lovforslaget § 9-3 omhandlar meldeplikta som jordskifteretten har etter kulturminnelova. Paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 92 andre ledd.

Etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, skal offentlege organ som kjem i berøring med tiltak som fell inn under lova, melde frå til vedkommande kulturminnemyndigheit, jf. kulturminnelova § 25. Denne plikta gjeld etter gjeldande jordskiftelov, og etter lovforslaget òg for jordskifterettane for tiltak som blir planlagt eller sett i verk i samband med jordskifte. Meldeplikta for jordskifterettane gjeld «ved sida av eigar og brukar». Dette inneber at eigar og brukar òg har ei meldeplikt sjølv om saka er under jordskifte, sjå kulturminnelova § 8.

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme meiner ein slik regel er sjølvsagt og unødvendig, og kan takast ut av lova. Departementet meiner regelen høyrer heime i jordskiftelova, som ei påminning til jordskifterettane om meldeplikta. Regelen fjernar eventuell tvil om at plikta òg gjeld for jordskifterettane, som er domstolar og ikkje forvaltingsorgan. Meldeplikta kan etter ordlyden i kulturminnelova § 25, synest å retta seg berre mot forvaltingsorgan.

15.1.3.5 Avgjerd om fordeling av skogfondsmidlar

Lovforslaget § 9-4 omhandlar myndigheita jordskifteretten skal ha i høve til fordeling av skogfondsmidlar i eit jordskifte. Paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 93, som gir jordskifteretten myndigheit til å ta avgjerder etter lov 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova). Det vil seie avgjerder som eigentleg høyrer under skogbruksmyndigheitene. Departementet meiner, mellom anna på bakgrunn av høyringsuttalane frå Norges Skogeierforbund og Jernbaneverket, at verkeområdet for § 9-4 bør presiserast og avgrensast i den nye jordskiftelova. Som Skogeierforbundet er inne på, er det særleg i høve til fordeling av skogfond ved oppløysing av sameige og byte av grunn, at gjeldande føresegner blir brukt. Kompetansen til jordskifteretten må derfor kunne avgrensast i samsvar med dette. Det er ikkje nødvendig med ein så open heimel som i gjeldande jordskiftelov § 93. Myndigheit for jordskifteretten til å fordele skogfondsmidlar ved deling av eigedom følgjer òg av forskrift om skogfond 3. juli 2006 § 16.

Når det gjeld andre avgjerder som ligg under skogbruksmyndigheitene, foreslår departementet at ein følgjer det same prinsippet som elles i jordskiftesakene. Det inneber at nødvendige offentlege løyve må liggje føre frå vedkommande myndigheit, før jordskifteretten kan ta avgjerd om jordskifteløysinga, sjå lovforslaget § 3-17 andre ledd. Dette inneber at jordskifteretten må innhente nødvendige løyve frå skogbruksmyndigheitene der skogbrukslova, eller forskriftene til lova, set krav om slikt løyve. Eksempel kan vere bygging av vegar til skogbruksformål eller hogst i vernskog eller skogområde av særlig miljøverdi. Det er skogbruksmyndigheitene som har den beste faglege kompetansen til å vurdere om planlagte uthogstar er forsvarlege i høve til skogbrukslovgivinga.

Dette at jordskifteretten må ha myndigheit til å fordele inneståande skogfondmidlar ved deling av sameige, har samanheng med høvetalet i sameiget og skifteregnskapet. Er det for eksempel to sameigarar med en ideell ½ kvar, vil sameiget bli delt slik at kvar part får att skog med verdi = ½ bruksverdi av heile sameiget. Eit riktig økonomisk oppgjer tilseier i første omgang at òg inneståande skogfond for sameiget blir delt med ½ på kvar part. Ved fordelinga må retten sjå til at intensjonen i § 16 i forskrift om skogfond følgjast opp. Det er i første rekkje skogkulturbehovet på dei nye eigedommane som skal leggjast til grunn for fordelinga. Dersom part A får uplanta hogstflater, og part B ikkje, må part A få skogfondmidlane. Da oppstår det ein ubalanse i skifteoppgjeret, som må kompenserast i skifteregnskapet. Det kan gjerast ved at dei uplanta hogstflatene blir verdsette som nyplanta skog. Samanhengen mellom fordelinga av skogfondmidlane og sjølve skifteoppgjeret, gjer at jordskifteretten bør ha avgjerdsmyndigheita. Når det gjeld fordelinga av skogfond, meiner departementet det er ønskjeleg at skogbruksmyndigheitene får uttale seg. Dette er særleg aktuelt i høve til spørsmålet om behov for skeivdeling av inneståande skogfondmidlar.

Jordskifteretten bør òg ha myndigheit til å overføre skogfondmidlar mellom partane ved ny utforming av grunn. I samband med uthogst kan det vere aktuelt å overføre skogfondmidlar mellom partane. Til vanleg blir det likevel ikkje gjort. Det har samanheng med at snau skoggrunn blir verdsett til 0 kroner i standskogoppgjeret. Den nye eigaren får plikta til forynging etter uthogst. Dette går greitt der ny eigar har nok inneståande skogfondmidlar. Dersom dette ikkje er tilfelle, må jordskifteretten overføre skogfondmidlar, eller påleggje tidlegare eigar å plante etter gjennomført uthogst. I begge tilfella må ytinga frå gammal eigar få ein motpost i standskogoppgjeret. Skogbestandet må verdsetjast som nyplanta. Det vil seie at skogbestandet både får ein slakteverdi og ein venteverdi som nyplanta skog. Det blir ikkje økonomisk rett oppgjer om ny eigar får gratis skogkultur.

Ein føresetnad for kompetansen til å fordele og overføre skogfondmidlar, er at retten kan få innsyn i saldo i skogfondsregnskapet for dei aktuelle partane. Skogbruksmyndigheitene har så langt departementet er kjent med, alltid opplyst om dette på spørsmål frå jordskifteretten. Departementet meiner det likevel kan vere ei føremon å lovfeste dette i ei ny jordskiftelov.

15.1.3.6 Straff

Høyringsforslaget § 9-5 erstattar, og er innhaldsmessig nesten likelydande med, gjeldande jordskiftelov § 95. Forskjellen er at høyringsforslaget viser til dei relevante reglane som skal vere straffesanksjonerte i den nye jordskiftelova. Dette er høyringsforslaget § 3-30 andre ledd bokstav a og b, som gjeld reglar jordskifteretten gir om bruk av areala frå krav om jordskifte setjast fram, og bruk av areala i tida frå saka er avslutta og fram til jordskiftet trer i kraft.

På bakgrunn av høyringsuttalen frå Justisdepartementet, er departementet komen til at det ikkje er nødvendig med ein strafferegel i den nye jordskiftelova. Ein regel om medverkaransvar er derfor heller ikkje aktuell. Departementet foreslår i § 3-34 tilsvarande heimel for mellombelse reglar som dei arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 3-30, men departementet ser ikkje behov for å kriminalisere brot på slike reglar. Departementet viser til Justisdepartementets vurdering av at brot på denne typen reglar ikkje er alvorlege nok til å bli sanksjonert med straff, jf. utgreiinga om prinsippa for kriminalisering i Ot.prp. nr. 90 (2003–2004) kapittel 7, der det i kapittel 7.5.1. mellom anna står:

«Departementet slutter seg i det vesentlige til vurderingene i Straffelovkommisjonens delutredning VII og Sanksjonsutvalgets utredning NOU 2003: 15 Fra bot til bedring, som i hovedtrekk er gjengitt foran. Skadefølgeprinsippet bør være utgangspunkt og grunnvilkår for kriminalisering: Atferd bør bare gjøres straffbar dersom den fører til skade eller fare for skade på interesser som bør vernes av samfunnet. I tillegg må to andre kriterier vurderes for at loven skal sette straff for en bestemt atferd: (1) Straff bør bare brukes dersom andre reaksjoner og sanksjoner ikke finnes eller åpenbart ikke vil være tilstrekkelige. (2) Straff bør bare brukes dersom nyttevirkningene er klart større enn skadevirkningene.»

Og i kapittel 7.5.3.3:

« Som nevnt foran, bør det ikke være tilstrekkelig for å kriminalisere en handling at den medfører skade eller fare for skade og at tilstrekkelig etterlevelse bare kan oppnås ved bruk av straff. I tillegg til vilkåret om at andre sanksjoner ikke er tilstrekkelige, må det stilles som vilkår at bruk av straff er hensiktsmessig. I det ligger at en handling bare bør kriminaliseres dersom nyttevirkningene er klart større enn skadevirkningene.»

Departementet meiner som Justisdepartementet, at sivilrettslege sanksjonar vil vere tilstrekkelege. Aktuelle sivilrettslege sanksjonar vil vere søksmål om erstatning eller tvangsfullbyrding. Når det gjeld tvangsfullbyrding foreslår departementet ein generell regel om dette i § 6-28, som viser til tvistelova §§ 19-13 til 19-16. Mellombelse reglar vil bli fastsett som jordskifteavgjerder, jf. lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav e. Jordskifteavgjerda er ei avgjerd teken av ein norsk domstol og har tvangskraft etter tvangslova § 4-1, jf. tvistelova § 19-13.

15.2 Overgangs- og iverksetjingsreglar. Endringar i andre lover

15.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa fremjar ikkje forslag til overgangsreglar eller reglar om iverksetjing av lova.

15.2.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) viser til at det saksbehandlingssystemet jordskifterettane bruker i dag er utidsmessig, og uttaler om føresetnadene for iversetjing av ny lov:

«Dagens saksbehandlingssystem oppfyller ikke kravene til IT-standarder, til journalføring og arkivering i offentlig sektor. Videreutvikling av dagens systemer etter gjeldende arkitekturprinsipper samt økt behov for samhandling med eksterne databaser er ingen farbar vei.
En forutsetning for ikrafttredelse av ny jordskiftelov, er derfor at nytt saksbehandlingsverktøy for jordskiftedomstolene må på plass senest samtidig med at ny lov trer i kraft. Dette er avgjørende for at domstolene skal være i stand til å møte ny lov på en slik måte at domstolen kan ha en effektiv og forsvarlig saksbehandling.
For å kunne realisere et nytt saksbehandlingsverktøy, må det tilføres nye midler. Det vil ta to år å utvikle og å få på plass nytt saksbehandlingssystem i jordskiftedomstolene. Det ble ikke stilt midler til disposisjon for dette i 2010. Dette innebærer at loven tidligst kan tre i kraft i 2013 under forutsetning at det stilles nødvendige midler til disposisjon i 2011.»

DA meiner i høyringsuttalen frå 2010 at kostnadene med nytt saksbehandlingssystem vil vere 8 mill. kroner i to år, totalt 16 mill. kroner. Deretter vil det vere behov for 2 millionar kroner i to år knytt til testing og opplæring, totalt 4 millionar kroner.

DA kjem med ei tilsvarande vurdering i ei utgreiing om administrative og økonomiske konsekvensar ved høyringsforslaget til ny rettsmiddelordning.

15.2.3 Departementets vurderingar

15.2.3.1 Overgangsreglar

Saker til behandling i jordskifterettane

Saker som er til behandling i jordskifterettane når den nye jordskiftelova tek til å gjelde, skal behandlast ferdig etter reglane i gjeldande jordskiftelov (1979-lova), jf. lovforslaget § 9-6. Med «er til behandling» er meint saker der det er fatta vedtak om at saka skal fremjast, og realitetsbehandlinga har teke til, jf. gjeldande lov § 14. Det same gjeld dersom realitetsbehandlinga har teke til, utan at det er fatta fremjingsvedtak. Dersom saka ikkje er komen lenger enn til skriftleg saksførebuing, innhenting av tilsvar med vidare, har realitetsbehandlinga ikkje teke til. Saka er da ikkje «til behandling» i høve til overgangsreglane i § 9-6. Ein rekvirent som ikkje ønskjer kravet behandla etter den nye lova kan eventuelt trekkje kravet.

Fremmingsvedtaket er valt som skjeringspunkt fordi det vil innebere at overgangsperioden, der det blir behandla saker etter både ny og gammal lov, vil bli kortare. Saker der kravet har kome inn til retten før den nye lova tek til å gjelde, men saka ikkje er fremja, eller realitetsbehandlinga ikkje har teke til, skal altså behandlast etter ny lov. Gjeldande lov har ei tilsvarande ordning, jf. § 98: «Har saksbehandlinga tatt til før denne tid, skal likevel reglane i den gamle loven gjelde for saksbehandlinga i vedkomande instans». Etter denne føresegna blir saksbehandlinga rekna for å ha teke til når det er gjort vedtak om å fremje saka.

Saker som er anka til jordskifteoverretten

Departementet foreslår at ankeordninga skal tre i kraft utan overgangsperiode. Dette inneber at også anke som er innlevert før den nye lova tek til å gjelde, men som ikkje er ferdigbehandla og avgjort av jordskifteoverretten, skal behandlast ferdig av lagmannsretten som ankeinstans, og med lagmannsretten sett saman etter reglane i den nye jordskiftelova. Departementet meiner denne ordninga er nødvendig for å unngå å oppretthalde jordskifteoverrettane i fleire år etter at den nye lova er sett i verk. Reglane sikrar uansett overprøving av ein kompetent ankeinstans, både når det gjeld juridiske og jordskiftefaglege spørsmål. Forslaget inneber slik sett ikkje noko rettstryggleiksproblem for partane.

Ein føresetnad for ordninga er at jordskifteoverrettane planlegg overgangen godt, og gir informasjon og rettleiing til partane om kva overgangen til ny lov vil innebere. Jordskifteoverrettane bør så langt det er mogleg ha ferdigbehandla alle påbegynte saker før lova tek til å gjelde. Saker som ikkje er påbegynte kan utan problem overførast til lagmannsretten. Jordskifteoverretten bør ikkje starte realitetsbehandling av saker det ikkje er sannsynleg at han vil kunne sluttføre før ny lov tek til å gjelde. Det er viktig at jordskifteoverretten i desse sakene har god kontakt med partane om problemstillinga.

Dersom det skulle vere att saker i overrettane som er påbegynte, men som ikkje er ferdigbehandla, skal også dei overførast til lagmannsretten. Lagmannsretten blir i slike høve sett saman etter reglane i den nye lova. Lova er ikkje til hinder for at lagmannsretten blir sett med den same overdommaren som i jordskifteoverretten og dei same meddommarane, dersom dette let seg gjere. Det er likevel ikkje nokon automatikk i at retten blir sett med dei same dommarane som i jordskifteoverretten. Det kan derfor bli nødvendig med såkalla reassumering av nokre saker, jf. tvistelova § 9-17 andre ledd, som er gitt verknad gjennom føresegna i lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav d. Med god planlegging vil det truleg bli svært få saker, om nokon i det heile, som må reassumerast.

Departementet legg til grunn at saker som etter gjeldande lov skal ankast til lagmannsretten ikkje vil skape spesielle problem. Lovforslaget § 9-6 er ikkje til hinder for at samansetjinga av lagmannsretten blir som før, jf. lovforslaget § 8-7 første ledd.

I saker der det er anka til lagmannsretten og subsidiært til jordskifteoverretten, kan anke etter § 8-1 sjette ledd behandlast som ei sak for lagmannsretten. Dette blir avgjort av førstelagmannen. I slike høve skal førstelagmannen etter § 8-7 tredje ledd fastsetje samansetjinga av retten. Lova er såleis ikkje til hinder for at ny løysing med felles behandling av dei to ankane, men retten bør bruke mogelegheita med varsemd og høyre partane.

Når ny lov tek til å gjelde skal behandlinga av ankesakene følgje saksbehandlingsreglane i den nye lova, medan reglane i gjeldande lov (1979-lova) skal leggjast til grunn av lagmannsretten når han prøver saksbehandlingsfeil og materielle tilhøve som er påanka.

15.2.3.2 Iverksetjingsreglar

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen bestemmer. Den gamle jordskiftelova held opp å gjelde frå same tid, med atterhald for dei overgangsreglane som nemnde ovanfor.

Tida frå lovvedtak og fram til iverksetjinga må bli noko lenger enn det som er vanleg. Viktige administrative tilhøve må på plass før lova kan ta til å gjelde.

15.2.3.3 Endringar i andre lover

Frå den tida den nye jordskiftelova tek til å gjelde, tek det òg til å gjelde endringar i ei rekkje andre lover. Dette gjeld:

  • Domstollova

  • Oreigningslova

  • Lov om grannegjerde

  • Beitelova

  • Veglova

  • Forvaltningslova

  • Servituttlova

  • Odelslova

  • Fjellova

  • Dokumentsavgiftslova

  • Rettsgebyrlova

  • Lakse- og innlandsfiskelova

  • Bygdeallmenningslova

  • Statsallmenningslova

  • Jordlova

  • Skattelova

  • Vannressurslova

  • Straffelova

  • Finnmarkslova

  • Matrikkellova

  • Reindriftslova

  • Plan- og bygningslova

  • Vergemålslova

Innhaldet i endringane er omtalt på ulike plassar i proposisjonen, og i kapittel 17 Spesialmerknader til lovforslaget.

Til forsida